Tekstbehandling - enkel innføring. Office 2013, Mål: 1. Vite kva tekstbehandling er 2. Kunne bruke dei grunnleggjande funksjonane i MS Word

Like dokumenter
NB! Dersom bandet er minimert slik at berre meny-fanene viser, kan du dobbelt-klikke på aktuell fane og heile bandet.vil vise.

Sette inn topptekst/botntekst, m.m. i Word-dokument

Opprydding i mapper og filer

NY PÅ NETT. Enkel tekstbehandling

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

Bruk av OpenOffice.org 3 Writer

Fasit teorioppgaver. Kapittel 1: Bli kjent med Word. Oppstart. Maksimering. Hva skjer ved oppstart av Word?

Sigbjørn Hals. Øving i bruk av GeoGebra på eksamensoppgåver for 10. Klasse. Eksamensoppgåve, Utdanningsdirektoratet V-2011

Store dokument i Word

Brukarrettleiing E-post lesar

Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Lingspeak Lingit AS

MS Word. Del 1. AVkurs

Dere klarer kanskje ikke å komme gjennom hele heftet, men gjør så godt dere kan.

Bilete og figurar i Word

Filbehandling og grunnleggende tekstbehandling

Brukarrettleiing for FolkeWeb

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Brukarrettleiing (v. 1.5) i OpenOffice.org v Brukarrettleiing. Kvam herad Tore A. Tellevik, Kvam herad 1 av 36

NY PÅ NETT. Bli kjent med pcen din!

Kom i gang med LibreOffice. Kapittel 14 Tilpass LibreOffice

Gå til sida Klikk Esc. Skriv inn brukarnamn og passord.

Kurs i MS Word 2003 Kurset bygger på fagplan for Datakortet

Gjeldende fra trinn. Mål / elevene skal kunne:

It for Medisinsk sekretærer Av Kai Hagali

Brukarmanual.

GeoGebra. brukt på eksamensoppgåver i 10. kl. Sigbjørn Hals

Word 2010 Lange dokumenter

Datakunnskap: - utskrift: finne rett skriver skrive ut. Tekstbehandling: - endre tekstutseende: skrifttype og skriftfarge - stavekontroll.

Gro Bøthun Bjørkum. Det fyrste de må gjera er å gå til Her skriv de sognekart i søkeruta. No vil denne adressa koma opp:

Lag imponerende punktlister En såkalt punktmerket liste får tekstene dine til å se mer over Finn en flott punktliste til Word på CD siktlige ut og hvi

KVELD 4. IT for Medisinsk sekretær. Kai Hagali

Windows 7. Nedlasting av program (appar) på PC

Windows XP. Skrivebord

Kjenner du alle funksjonene på tastaturet?

Grunnleggende. Excel

Brukarrettleiing. epolitiker

Klare mål hyppig rettleiing

Du er nå klar til å sette inn bilde, tekst og ev. ulike julemotiv på kortet.

WordPress. Brukerveiledning. Kjære kunde. Innlogging:

Nedlasting av SCRIBUS og installasjon av programmet

Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Bytte til PowerPoint 2010

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Framlegg til kva ein bør kunne på kvart trinn. Høyringsutkast 2011

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Kom i gang med EndNote

Elektronisk palliativ plan innføring og bruk i Acos CosDoc

Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon

Kom i gang med Zotero

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Hurtigstartveiledning

EndNote Online. Kom i gang (Windows)

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Brukarmanual for RefLex

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :


Skrive reiserekning i Visma Expense

SIDETITTEL HURTIGSTASTERPÅ TASTATURET

De viktigste tastatursnarveiene på Mac

Sør-Aurdal kommune Internt notat. Deres ref.: ArkivsakID: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: 13/739 KLEING - 13/5564 A20,

Brukerveiledning WordPress. Innlogging:

Kurs i MS Powerpoint. Kurset bygger på fagplan for Datakortet

Landbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Bruksanvisning hjemmesiden

Visma reiserekning. Brukarrettleiing for Fjaler kommune. Elektronisk føring av reiserekningar i Visma Expense

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

Datakortet a.s

Microsoft. fra Word 2003

SymWriter: R6 Innstillinger, preferanser og verktøylinjer

osbergetcms Brukarmanual

Word 2007 Store dokumenter

UiS-IKT Kompetanse Word Tips og triks for å jobbe smart og effektivt

Lage silhuetter i Excel

Veiledning til OpenOffice. Tekstbehandling 2

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Brukerhåndbok. Braillex Live/Live+ Bojo as. Akersbakken 12, 0172 OSLO. Utgave 0514

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

HURTIGTASTER PÅ TASTATURET

Følgende illustrasjon viser hvordan disse tastene er ordnet på et vanlig tastatur. Din tastaturutforming kan være annerledes.

Å laga bildeserie med Windows Movie Maker Windows 2003 xp

KURSGUIDE. «Over det digitale gjerdet»: Innføringskurs i PC-bruk MODUL 2: TEKSTBEHANDLING. Arendal bibliotek våren/høsten 2014

Huskeliste De viktigste tastatursnarveiene for alle med Mac Innhold:

Vindu og dør. Kapittel 3 - Vindu og dør... 3

Hurtigstartveiledning

MathType. En innføring

Illustrasjoner. Illustrasjoner ILLUSTRASJONER... 1

KOMME I GANG 2. Logge på 2. I redigeringsvinduet 3 OVERSIKT OVER KNAPPENE SOM LIGGER ØVERST I REDIGERINGSVINDUET 5

Kjenner du funksjonene på tastaturet?

GlitreTid versjon 6.1, endringar

SOLUND KOMMUNE Skrive reiserekning i Visma

Hurtigtaster på tastaturet

Kom i gang 1: Lage en enkel tavle for å skrive

Kvinnherad kommune-lønsavdelinga. Visma.net Expense. Evelyn Tveito 1

Kapittel 3. - Vindu og dør Vindu og dør Kapittel 3

Transkript:

Tekstbehandling - enkel innføring (nybegynnarversjon) (Grunnkurs for dummies) Office 2013, 2016 Mål: 1. Vite kva tekstbehandling er 2. Kunne bruke dei grunnleggjande funksjonane i MS Word Tekstbehandling er det vi gjer når vi skriv brev, notat, artiklar, og alle andre typer dokument med tekst. Eit tekstbehandlingsprogram gjer det enkelt å skrive tekst på PC. Dersom du tidlegare har brukt skrivemaskin vil du sjå at å skrive tekst på PC er mykje enklare enn å skrive på skrivemaskin. Og største fordelen samanlikna med skrivemaskin er at det er så enkelt å rette skrivefeil, eller å redigere (forandre) på den teksta du har skrive. Med tekstbehandling på ei datamaskin kan vi skrive i veg akkurat kva vi vil, og etterpå flytte på tekst, korrigere feil, og manipulere tekst stort sett akkurat slik vi vil heilt til vi er fornøgde. Først da kan vi skrive ut det vi har laga på papir, eller sende det per e-post, publisere på internet osv. Grunnleggjande funksjonar i MS Word (Word 2010-2016) Etter nokre veker (eller fleire semester) med Monrads datainnføring på Brunosten, kjenner du sikkert dei grunnleggjande funksjonane for dokumentbehandling, m.a. korleis opne nytt dokument, lagre dokument, osv. Men tekstbehandlingsprogrammet MS Word inneheld veldig mange andre funksjonar, og du bør bli kjent med det aller viktigast: Bruke aktuelle menyar på Bandet og dei ulike kommandoane i kvar meny. Bandet ligg øvst på skjermen når du opnar MS Word (gjeld også andre Office-program). MS Word har 8-9 ulike menyar, som er vist med faner med namn på, eks. Hjem, Sett inn, Oppsett osv. Du opnar ein meny ved å klikke på fana for vedkommande meny. Kvar meny er inndelt i delar (felt) der du finn ei gruppe kommandoar som naturleg høyrer saman. For å skrive (og redigere) tekst er Hjem -menyen viktigast, og her finn du mesteparten av dei kommandoane du treng samla i menyfeltet Skrift. (Skrifttype, skriftstorleik, feit skrift, skriftfarge, osv.) Kommandoane er for det meste vist med sjølvforklarande symbol. Legg merke til at i dei fleste menyfelt er det ei lita pil nede i høgre hjørne. Ved å klikke på den vil du få fram enda fleire kommandoar enn dei du ser i sjølve menyfeltet. «Bandet» NB! Dersom bandet er minimert slik at berre meny-fanene viser, kan du dobbelt-klikke på aktuell fane og heile bandet.vil vise. Dobbelt-klikk for å vise heile bandet «minimert» vising side 1

Uttrykk, tastar og kommandoar du må kjenne Musepeikar merke som flytter seg over skjermen når du bevegar musa. Kan ha ulik utsjånad. Inne på Word-arket ser han ut som ein stor I, over linjalen og oppe i Bandet som ein pilespiss. Skrivemerke den blinkande loddrette streken som viser kvar du er på arket etter klikk med musa. Marg avstanden frå sida (el. toppen) av arket og inn (el. ned) til der skrifta startar. På linjalen vil margane vise som eit grått felt. Verktøylinje for hurtigtilgang Margar Skrivemerke Linjal Linjal - kan du bruke til å justere tekst, grafikk, tabellar og andre element i eit dokument. Kommando for å vise eller skjule «Linjal» finn du på «Visning»-menyen. Ved å klikke i boksen framfor «Linjal» kan du velje å vise eller skjule linjalen. Linjal er veldig nyttig, og du bør la denne vise heile tida. Linjeskift høgre ende på linja der skrivemerket hoppar ned til venstre marg på ny linje. Vi lagar også linjeskift ved å trykke på Enter-tasten, f.eks. sette høveleg avstand frå adresse-feltet og ned til sjølve teksta i eit brev. Klikkar du på symbolet i «Avsnitt»-feltet kan du sjå kvar det er lagt inn (ekstra) linjeskift i dokumentet. Venstrejustert (høgrejustert, midtstilt) tekst korleis teksta blir ordna på arket. Vist med sjølvforklarande symbol i feltet Avsnitt. Symbol for tekstjustering Symbol for linjeavstand Linjeavstand avstand (mellomrom) mellom kvar linje i teksta. Symbol i feltet Avsnitt. Linjeavstanden kan endrast både før og etter skriving av tekst. Enter-tasten stor tast til høgre for bokstavtastane, vanlegvis merkt med symbolet Blir i tekstbehandling brukt til å sette inn (ekstra) linjeskift, og til å flytte tekst nedover på sida. Shift-tast(ane) både på venstre og høgre side av bokstavtastane. Gjerne merkt med symbolet Shift-tasten held vi nede når vi skal skrive STORE BOKSTAVAR, eller dei øvre teikna på talltastane. Tilbake-tasten, finn du til høgre for talltastane. Gjerne merkt med symbolet Med denne slettar vi tekst mot venstre for skrivemerket, og/eller linjeskift lagt inn med Enter-tasten (tekst til høgre for og nedafor skrivemerket blir lyfta oppover på sida). Slette-tasten som regel merkt med Del. Kan vera plassert litt ulikt på tastaturet, men vanlegvis oppe til høgre. Denne slettar tekst til høgre for skrivemerket, og/eller linjeskift nedafor skrivemerket (Teksta blir lyfta oppover på sida). side 2

Angre-tasten gjer om (siste) inntasting vi har gjort, og med fleire trykk kan vi gå langt tilbake. Dette er redningsplanken vi kan bruke dersom vi greier å tukle til masse rot på skjermen. Denne tasten finn vi på Verktøylinje for hurtigtilgang over bandet lengst oppe til venstre på skjermen. Mellomroms-tast (Ordskiljar) lang tast lengst nede på tastaturet. Eitt trykk på denne lagar eit mellomrom mellom to ord (tekst til høgre for skrivemerket blir flytt ei bokstavbreidde mot høgre) Tab-tasten lengst til venstre på tastaturet på øvre rekke for bokstavtastane, merkt med Trykk på denne flytter skrivemerket (eller tekst) stegvis mot høgre. Standard lengde på kvart steg (tabulatoravstanden) er 1,25 cm. Vi kan stille tabulatorar sjølve ved å klikke med musepeikaren på linjalen (jf. Sette tabulator på skrivemaskin). Når vi set tabulator(ane) på denne måten kjem det fram eit vinkelmerke på linjalen som viser tabulatorposisjon(ane). Tabulatoravstanden kan også stillast ved å klikke på den vesle pila nede i høgre hjørnet i Avsnitt -feltet og bruke menyane vi da får opp. Tips for tekstbehandling ikkje trykk Enter (vognretur på skrivemaskin) for ny linje, tekstbehandleren ordnar linjeskift for deg skriv eit dokument med innhald først utan å bry deg særleg om korleis dokumentet ser ut før du er ferdig med innhaldet lagre ofte! Datamaskiner kan kræsje, eller du kan uforvarande gjera ein feil så det du har skrive forsvinn. Sjølv om det berre er eitt avsnitt du må skrive om igjen, er det utruleg irriterande når det oppstår Redigere og formatere tekst Redigere tekst: Retting av skrivefeil eller flytting, kopiering og sletting av tekstområde. Tastar, symbol og kommandoar du har mest bruk for ved redigering av tekst er: Enter-tasten Tilbake-tasten Slette-tasten Symbola for venstre- og høgrejustert tekst Ordskiljaren Piltastane (nede til høgre på tastaturet) Du må elles kunne å flytte innsettingspunktet (musepeikaren) til aktuell plass i teksta (dokumentet). Vidare må du kunne å merke tekst dersom du skal flytte, kopiere eller slette tekstområde. side 3

Tips: Merking av eitt ord dobbeltklikk på ordet Merking av ei setning hald Ctrl-tasten nede og klikk med musepeikaren på eit ord i setninga. Merking av heile dokumentet - hald Ctrl-tasten nede og trykk bokstaven A. Slette tekst: Bruk Tilbake-tasten for å slette teikn (tekst) til venstre for skrivemerket, og Slettetasten for å slette teikn (tekst) til høgre for skrivemerket. Større tekstområde slettar du slik: Merk aktuell tekst og trykk på Slette-tasten eller Tilbake-tasten. Flytte tekst: Merk aktuell tekst, klikk med høgre musetast (høgreklikk) og velg Klipp ut i menyen du får opp. Plasser innsettingspunktet dit du vil flytte teksta, høgreklikk og velg Lim inn. Kopiere tekst: Same framgangsmåte som for å flytte tekst og dette kan du frå før. Formatere tekst: Med formatering endrar du utsjånaden på teksta (skrifttype, skriftstorleik, skriftstil, farge, osv.) Sette inn eller endre avsnitt og inndelingar i eit dokument er også formatering. Teiknformatering bestemmer korleis teikna skal sjå ut (type, storleik, stil) Endring av skrifttype, storleik (og farge): Figuren til venstre viser eit utklipp av menyen i Word med ulike valg av skrifttyper. Dette eksempelet viser at brukaren har valt Times New Roman sidan denne er merka blå. Tallet 12 viser skriftstorleiken på teksta. Denne endrar vi ved å trykke på pila til høgre på tallet. Da kjem det fram ein nedtrekkbar meny med ulike tallverdiar. Større tall = større skrift. Feit skrift, kursiv eller understreka tekst får du ved å klikke med musepeikaren på bokstavane F, K eller U. NB! Tekst som du vil endre må vera merkt! Avsnittsformatering påverkar korleis informasjonen blir presentert for lesaren, dvs. å strukturere, framheve og justere tekstavsnitt slik at dokumentet blir meir interessant og lettlese. Avsnittsformatering Avsnitt er tekstområdet mellom to linjeskift. Eit stort dokument med mykje tekst blir lettare å lese dersom teksta blir oppdelt i avsnitt, jf. eksempel nedafor (henta frå NRK/Sogn og Fjordane): A: Utan formatering Hopperstad stavkyrkje i Vik er bygd kring 1130 og er ei av dei fem bevarte stavkyrkjene i Sogn.Det er Bergens Tidende som skriv at kommunestyret i Vik har avgjort å leggje til rette for eit servicesenter like ved den 900 år gamle stavkyrkja. Der skal folk kunne kjøpe billettar til kyrkja, suvenirar og mat. I tillegg skal det vere toalett der. Riksantikvaren har godkjent plasseringa. Men fortidsminneforeininga, som eig kyrkja, nektar å setje opp eit slikt bygg. Det vil svekke samspelet og heilskapen av kulturminnet og landskapsrommet i vesentleg grad, skriv foreininga i eit brev til Fylkesmannen side 4

B: Formatert (med avsnitt og utheva skrift) NB! Tekst som du vil endre må vera merkt! Hopperstad stavkyrkje i Vik er bygd kring 1130 og er ei av dei fem bevarte stavkyrkjene i Sogn. Det er Bergens Tidende som skriv at kommunestyret i Vik har avgjort å leggje til rette for eit servicesenter like ved den 900 år gamle stavkyrkja. Der skal folk kunne kjøpe billettar til kyrkja, suvenirar og mat. I tillegg skal det vere toalett der. Riksantikvaren har godkjent plasseringa. Men fortidsminneforeininga, som eig kyrkja, nektar å setje opp eit slikt bygg. «Det vil svekke samspelet og heilskapen av kulturminnet og landskapsrommet i vesentleg grad», skriv foreininga i eit brev til Fylkesmannen I tillegg til avsnitt kan vi formatere ved å bruke punktmerkt liste på ein del av dokumentet (punktmerkt liste er godt eigna ved oppramsing av noko i stikkordsform, jf. punktmerk liste under Redigere tekst på side 3.) Andre formateringsvalg er å bruke tabulator, innrykk m.m. (men dette høyrer inn under Vidaregåande avdeling for dei som passerer nålauget i dette enkle grunnkurset) side 5