SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK

Like dokumenter
Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet /55 Kommunestyret /54

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Høyring - intensjonsplan for etablering av Vestlandsregion

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Høyring nye oppgåver til større kommunar

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Økonomiplan

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Høyringsuttale - endringar i lov og forskrift om reservasjonsmoglegheit for fastlegar

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

SAKSPAPIR. *Økonomiplan *Notat konsolidering av økonomiplanane

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 17/31-5 / P50/ &13 Aina Tjosås

Framlegg til utbyggingsavtale for Leiknes vest bustadfelt - offentleg ettersyn

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Linda Nyvoll Antonsen

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

SAKSPAPIR. Rådmannen får fullmakt til å fordele sentralt avsett lønsauke og sentralt budsjettert innsparing til tenesteområda.

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Tertialrapport 2 tertial 2015

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Melding om vedtak - Framlegg om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksnr. Utval Møtedato 028/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Møteprotokoll SKODJE KOMMUNE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: OFFENTLEG SPØRJETID / TEMAMØTE

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

BUDSJETTFRAMLEGG 2018

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret

Saksnr. Arkivkode Saksh. Dykkar ref. Dato 16/309-3 / U43/ Aina Tjosås ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Høyringssvar på endringar i byggeteknisk forskrift, hausten 2014.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

? Foto: Simen Soltvedt?

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Maud Sleire Holmaas Høyringsuttale på forslag om å statleggjere den kommunale skatteoppkrevjaren

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Saksframlegg Valle kommune

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2016 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2016 Kommunestyret PS

Radøy kommune Saksframlegg

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Transkript:

SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS 03.09.2015 Saksbehandlar Hogne Haugsdal 15/4 ArkivsakID HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK Vedlegg: Høyringsuttalelse til forslag om å fjerne eiendomsskatt på verk og brukhøyringsuttale frå NPK Rådmannen sitt framlegg til vedtak Kommunestyret stillar seg bak uttalen til Nettverk av Petroleumskommunar (NPK). Kommunestyret ser at dei føreslåtte endringane for eigedomskatt på verk og bruk vil ha store negative konsekvensar for Lindås kommune, og krev at endringane ikkje vert sett i verk. Formannskapet - 064/15 FO - behandling: Framlegg frå B.Vatnøy-Frp: Lindås kommune stettar endringsframlegget: eigedomsskatt på verk ogbruk. For Lindås og nokre andre kommunar slår dette mykje ut økonomisk. Av den grunn ynskjer vi at kommunar som vert særskilt ramma får ein overgangsordning på t.d. 4 år med nedtrapping som gjer det mogleg å gjennomføra endringa i drift på ein god måte. Framlegget fekk 2 røyster (B.Vatnøy-Frp og N.Øvreås-Frp) og fall. Rådmannen sitt framlegg vart vedteke med 9 røyster. FO - vedtak: Kommunestyret stillar seg bak uttalen til Nettverk av Petroleumskommunar (NPK). Kommunestyret ser at dei føreslåtte endringane for eigedomskatt på verk og bruk vil ha store negative konsekvensar for Lindås kommune, og krev at endringane ikkje vert sett i verk.

Saksopplysningar: Politisk handsaming Saka skal avgjerast i formannskapet. Saksopplysningar: Bakgrunn Finansdepartementet har i brev 18. juni 2015 sendt på høring forslag om å endre eigedomsskatt på verk og bruk. Høringsfristen er 18. september 2015. Finansdepartementet legg fram to alternative forslag, som begge foreslår å fjerne «produksjonsutstyr og installasjonar» frå eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk. I alternativ 2 blir det foreslått at «verk og bruk» blir fjerna som eigen kategori. I 2014 var det 343 kommunar som hadde eigedomsskatt på verk og bruk, og alle kommunane vil bli råka av forslaget til endringane. Vurdering konsekvensar for Lindås kommune Begge alternativa som er foreslått betyr i realiteten ei avskaffing av eigedomskatt på verk og bruk, og ein står igjen med eigedomskatt på bygning og tomt. Forslaget vil ha særlig negativ effekt på kommunar med store industrianlegg, og spesielt kommunar med prosessanlegg, som til dømes raffineri. Det er gjort vurderingar på at takstane vil bli redusert med 80 90%. Lindås kommune er med i Nettverk for Petroleumskommunar (NPK), og desse kommunane har sendt inn eiga felles høyringsuttale som ligg vedlagt saka. Lindås kommune stillar seg bak høyringsuttale frå NPK-kommunane. I den vidare vurderinga legg rådmannen vekt på dei konkrete konsekvensane for Lindås kommune med forslaget til å endre eigedomskatt på verk og bruk. Store konsekvensar for kommuneøkonomien. Dersom forslaget som kjem fram i høyringa blir vedtatt, vil dei direkte konsekvensane for Lindås kommune bli kr 155,8 mill. lågare inntekt enn dagens nivå. Av desse inntektene går i dag kr 124 mill. direkte til å finansiera drifta i Lindås kommune, noko som utgjer om lag 210 årsverk. Ei reduksjon i eigedomsskatteinntektene vil i hovudsak råke sektorane skule og pleie og omsorg. Ved same prioritering som kommunen har i dag, vil det tilsvare: Ein reduksjon på 42 pedagogar innan skule/oppvekst. Det er i dag tilsett 133 pedagogar i Lindås kommune, mao. ein reduksjon på 31% opp mot dagens nivå.

Ein reduksjon på 20 tilsette i kommunale og private barnehagar Ein reduksjon på 73 årsverk innan pleie og omsorg og helse og sosial, som er knytt direkte opp mot brukarar og tenesteyting. Ein reduksjon på 75 årsverk knytt til eigedomsforvaltning byggvedlikehald, vegvedlikehald, samfunnsutvikling, administrativ styring og støttefunksjonar. Lindås kommune har eit omfattande investeringsprogram i den komande økonomiplanperioden (2016 2019), mellom anna er det lagt inn bygging av tre nye skuler. Ein reduksjon av inntektsgrunnlaget, slik det er føreslått i høyringa, vil kunne føre til total investeringsstopp i Lindås kommune. Offentlege investeringar og eigedomsskatt i Lindås kommune Eigedomsskatt på verk og bruk har eksistert i over 100 år, og integrerte maskineri og tilbehør har i alle år inngått i skattegrunnlaget. Eigedomsskatt var ein føresetnad for Lindås kommune sitt samtykke til etablering av ilandføringsanlegg på Mongstad på 1970-tallet, og nye etableringar og utvidingar seinare. Før industrien kom var Mongstad jomfrueleg terreng, og både hus, hytter og bønder har måtte vika for industrien. I dag har kommunane satt av cirka 10.000 dekar til næringsareal i Mongstad-området. Ved etableringa av Mongstad som industriområde, hadde kommunen store kostnadar med tilrettelegging, m.a. store bustadfelt og ny senterdanning i Lindås-området. Kommunen vart beden om å førebu seg, og industrien var tydeleg på at kommunen måtte byggje opp heile nordre-delen av regionen, med skular, barnehagar og andre offentlege tilbod. Kommunen investerte tungt på fleire område og la til rette bustadtomter, delvis tilrettelagt med infrastruktur. Kommunen tok opp store lån for å setje i verk dei offentlege investeringane. Fleire av områda er ikkje tatt i bruk før i nyare tid. Slik kan sei at både kommunar og næringsliv kanskje var i overkant forventningsfulle. Kommunen hadde altså gjennomført store investeringar, hadde tatt opp store lån og tok stor risiko, og satt sjølv inne med lite omsettelege bustadtomter. I ein lang periode subsidierte kommunen også vassforsyninga, då dette var før regelverket om sjølvfinansierande tenester kom. Kommunen måtte innføra eigedomsskatt i 1987, for å handtere sine forpliktingar. Industrien avlar vidare mykje tungtransport, som også er med på å slite ned vegnettet i kommunen. Det vert også slept ut radioaktivt avfall i Fensfjorden. Industrivekst krev nye investeringar frå kommunen Mongstad-området er i sterkt vekst, m.a. på grunn av at Johan Sverdrup-olja skal bli ilandført til Mongstad. Vidare har Statoil endra seglingsmønsteret sitt for forsyningsaktiviteten i Nordsjøen, noko som gjer at Mongstad får auka volum og enno fleire felt å forsyna. Mongstad er i ferd med å ta ein posisjon som verdas største offshore forsyningsbase. Vi veit også at Statoil arbeidar for å sjå på moglegheitene for å få raffinert olja som kjem frå Johan-

Sverdrup-feltet, noko som vil kunne forlenge produksjonen på raffineriet. Lindås kommune har ei sentral rolle med å leggje til rette infrastruktur som støttar opp om veksten i dette området, og det er naudsynt med investeringar på fleire 100 millionar dei neste åra. Dette gjeld direkte kommunale investeringar og sjølvkostinvesteringar. Sentral infrastruktur for å støtte veksten er straum, vegar, mobil, breiband, vatn, skular, barnehagar og tilrettelegging for næringsareal. Eigedomskatt på verk og bruk har vore eit grunnlag for Lindås kommune til å vere ein god vertkommune for næringslivet, og det var ein føresetnad for å etablere industrianlegg i distriktet. Lindås kommune meiner at forslaget om endring av eigedomskatt for verk og bruk vil bryte med samfunnskontrakten, som seier at vertskommunane skal ha noko igjen for etablere store industrianlegg. Lindås kommune er opptatt av å leggje til rette for ny vekst og utvikling, men dette kan bli utfordrande når store delar inntektsgrunnlaget fell bort. Det kviler ei forplikting for industrien å bidra tilbake til samfunnet. Staten er den store vinnaren ikkje næringslivet I forslaget frå departementet blir det hevda at endringane vil gje betydeleg skattelette til næringslivet. Slik Lindås kommune ser det, vil det vere staten som vil få betydeleg skattelette. Begge alternativa i høyringsforslaget vil først og fremst gje skattelette til store industrianlegg og til halv- og heiloffentlege selskap, som til dømes Statoil, Norske Shell, Gassco, Statnett og Statkraft. Dette bidrar til at inntekter blir flytta frå kommunane til staten. Lindås kommune har berre eigedomskatt på verk og bruk, og det er mange andre kommunar som praktiserer det same. Når desse kommunane, inkludert Lindås, mister ein stor del av inntektsgrunnlaget, vil det truleg vere naturleg søke andre inntektsmuligheiter. Konsekvensen kan vere at mange kommunar må innføre eigedomskatt på næring, hus og hytter. Det kan gå utover ein større del av næringslivet, enn om ein berre har eigedomskatt på verk og bruk. Lindås kommune er også spørjande til argumentasjonen om kvifor kraftanlegg ikkje skal vere inkludert i endringane for verk og bruk. Ein argumenterer med at kraftanlegg bidrar til store naturinngrep. Lindås kommune vil gjerne understreke at eit ilandføringsanlegg også bidrar til betydelege naturinngrep. Stopp for kommunereformarbeidet Kommunereforma er eit sentralt arbeid som pågår rundtom i heile landet. Lindås kommune er i gang med reelle forhandlingar med fleire andre kommunar, med mål om ei avklaring

våren 2016. Forslaget frå departementet om endringar i eigedomskatt vil ha så store negative konsekvensar for Lindås kommune, at heile kommunereformarbeidet må setjast på vent. I høyringsforslaget frå departementet legg ein opp til at endringane skal skje frå 01.01.2017, det betyr at Lindås kommune må gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Det vil ikkje vere mulig å gjennomføre både omstillingsprosess og kommunereformarbeid samtidig, det vil bli for stor belastning på organisasjonen. Konklusjon: Forslaget til endringar i eigedomsskatt for verk og bruk vil få dramatiske konsekvensar for Lindås kommune og store delar av kommunane i landet. Lindås kommune krev derfor at dei føreslåtte endringane ikkje blir sett i verk.