Statens vegvesen Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Linn Kathrin Bakke / 99427240 1 6/1 25991-4 01.02.201 7 Fv.61 4 - Forslag om etablering av fartshumpar - Øvre Langeneset, Svelgen - Bremanger kommune Viser til søknad motteke 1 7.08.201 6 frå Jonvald Naustdal. I søknaden skriv søkjar at det er ynskje om fartshumpar vert etablert på fv.61 4 på Øvre Langeneset, samt at farta vert redusert til 40 km/t. Søkjar viser blant anna til at det er tre vegkryss i omr ådet som fører til bustadfelt, området er uoversiktleg og at mjuke trafikantar frå Orrevegen, Tiurvegen og Lunden må krysse vegbana for å nytte gang - og sykkelvegen. Fartsmålingar I samband med søknaden vart det gjennomført fartsm ålingar. Det vart gjort f artsmålingar på to punkt, ein rett etter at ein kjem inn i 50 - sona frå Eikeland (Svelgen vest, fv.61 4 HP 4 km 0,500) og ein ved rett etter busslomma på nordsida av vegen og avkøyring til Trostevegen (Svelgen aust, fv.61 4 HP 4 km 0,860) som vist i figur 1. Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Sanderplassen 6 Statens vegvesen Region vest firmapost - vest@vegvesen.no 6800 FØRDE Landsdekkende regnskap Askedalen 4 6863 LEIKANGER Org.nr: 971 032081 981 5 Vadsø
2 Figur 1 Dei to punkta fartsmålingane vart gjennomført på. Resultata farts målinga r Svelgen vest Fv.61 4 H P 4 km 0,500 Dato: Frå 19.09.201 6 kl. 14.32 Til 26.09.201 6 kl.1 6.09 Frå Eikeland 301 5 Frå Svelgen 3096 Totalt 61 14 85% frå Eikeland 65 km/t 85% frå Svelgen 60 km/t 85% totalt 62 km/t Gjennomsnittsfart frå Eikeland 54,9 km/ Gjennomsnittsfart frå Svelgen 53,2 km/t Gjennomsnittsfart totalt 54,0 km/t
3 Svelgen aust Fv.61 4 HP 4 km 0,860 Dato: Frå 19.09.201 6 kl. 13. 41 Til 25.09.201 6 kl. 23.55 Frå Eikeland 4033 Frå Svelgen 4028 Totalt 8061 85% frå Eikeland 56,0 km/t 85% frå Svelgen 53, 0 km/t 85% totalt 55,0 km/t Gjennomsnittsfart frå Eikeland 49,7 km/t Gjennomsnittsfart frå Svelgen 45,3 km/t Gjennomsnittsfart totalt 46,0 km/t Målingane viser at både gjenn omsnittsfarta og 85 - fraktilen ligg over fartsgrensa. Slik vi ser det, kan resultata ha ein samanheng med at målinga vart gjennomført i starten/slutten av ei lengre 50 - sone. Saksvurdering Søknader om lågare fartsgrense på riks - og fylkesvegar vert handsama i tråd med retningsliner fastsett av Vegdirektoratet. Utanfor tettbygd strøk gjev retningslinene høve til å vurdere farta dersom aktiviteten langs vegen er stor. Det kan til dømes vere strekningar med mange avkøyrsler og høg aktivitet langs vegen, der det ikkje er tilrettelagt særskilt for dette. Strekningar ved skular og strekningar med mange trafikkulukker kan og vurderast særskilt. Området det er søkt om fartshumpar og redusert fartsgrense i, har avkøyrsler til bustadfelt på begge sider av fv.61 4. Området er noko uoversiktleg, då det er kort sikt i nokre av avkøyringane og vegen er utforma som ein sving gjennom heile området. Det er etablert gang og sykkelveg på nordsid a av fv.61 4, samt at vegen er belyst. Fartsgrensa forbi her er i dag 50 km/t, og har frå avkøyrsla til Kringomvegen og austover mot Svelgen ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 2050. 8% av desse er lange køyretøy. Etter informasjon henta frå vegkart, er registrert tre ulukker på strekninga. Ei av ulukkene involverte fotgjengar som kryssa køyrebana ved avkøyrsla til Lunden, medan dei to andre var einslege køyretøy som køyrde utfor vegen. Ei av desse utforkøyringa enda med dødsfall, medan det i dei to andre ulukkene v ar personar som vart lettare skadd. Ulukkene er skjedde i tidsrommet 1977-1991. Med bakgrunn i at det er søkt om redusert fartsgrense til 40 km/t, har vi gjort vurd ering av fartsgrensa i området. Fv.61 4 gjennom Langeneset ligg relativ godt skjerma frå bus etnaden, og kan difor reknast å liggje utanfor tettbygd strøk i veglova sin forstand. Med utgangspunkt i blant anna busetnad og aktivitet langs vegen, stettar ikkje veg e n gjennom L angeneset kriteria til 40 km/t.
4 Statens vegvesen er opptekne av å ha eit heilskapleg fartsgrensesystem som gjeld for heile landet, og det er viktig for oss at fart s grense vert fastsett på ein konsekvent måte som gjer at trafikantane har fortsåing og respekt for fartsgrensa. E tter ei vurd ering av saka og det som er nemnd ovanfor, kan vi ikkje gå inn for å endre fartsgrensa slik de søkjer om. Vi gjer merksam på at regionvegkontoret avgjerder om fartsgrense vert, ikkje kan påklagast. sine saker som vert handsama etter forskrift, slik Vurde ring av fartsdempande tiltak Fartsmålingane frå dei to målepunkta våre viser at 85% av dei køyrande helde ei fart på høvesvis 55 og 62 km/t eller høgre. Vi har difor gjort ei vurdering av fartsdempande tiltak i området, og kome fram t il eit forslag om å et ablere to fartshumpar i området. I samsvar med handbok V1 28 vil desse verte utforma som modifiserte sirkelhumpar, som er betre tilpassa større køyretøy. Dei vil verte plassert med ein avstand på opp mot 150 meter, og markert i vegbana med oppmerking 1027 «fartshump». Vi gjer merksame på at fartshumpar kan gje ei oppleving av meir støy. Figur 2 Forslag til plassering av to fartshumpar (markert med blått i vegen) og tilhøyrande varsling.
5 Posisjon Hp Km Med/mot Skilt Skilnummer 1 4 0,495 Med 1 09 1 4 0,495 Med 1 5 0 3 0 0 m 804 2 4 0,650 Med/mot Modifisert sirkelhump 3 4 0,788 Med/mot Modifisert sirkelhump 4 4 0,925 Mot 1 09 - - 4 4 0,925 Mot 1 5 0 3 0 0 m 804 Andre forhold Lite sikt i ei avkøyrsle /kryss er ikkje i seg sjølv eit argument for å setje ned fartsgre nsa. Her må ein ta tak i sjølve siktproblematikken og fjerne eventuelle fysiske sikthindringar eller vurdere å fly tte avkøyringa. Ved avkøyringane til bustadfelta i området er det i hovudsak fast fjell som hindrar sikt, og her må ein pigge eller sprenge vekk fjell for å betre sikta. Dette har vi per dags dato ikkje midlar til å gjennomføre. Statens vegvesen har òg sett p å busshaldeplassane i området, og vurdert om desse kan flyttast. Etter informasjon frå busselskapet stoppar ofte bussen på andre stadar enn i busslommene, for at passasjerane skal sleppe å gå langs fv.61 4. Dette gjeld i avkøyrsla til Tiur - / Orrevegen og ved sti til Kringomvegen rett aust for starten på 50 - sona. På begge desse plassane er det i forhold til krava i normal N1 00 Veg - og gateutforming for kort sikt til å kunne etablere busslommer. For kort sikt er særs uheldig og kan føre til trafikkfarlege situa sjonar, og vi ynskjer difor ikkje å etablere busslommer her så leng e vi ikkje klarar å stette krava til sikt. Når det gjeld busslomma som er plassert på høgre side av vegen med ein gong ein kjem inn i 50 - sona frå vest, vil vi oppmode Bremanger kommune om å sjå på moglegheitene til å etablere ein sti/gangveg gjennom skogen til bustadfelta i Lunden, Tiur - og Orrevegen. På denne måten kan busspassasjerar sleppe å gå langs fv.61 4 for å kome til Lunden, Tiur - og Orrevegen, og bussen kan nytte busslomma i staden for å stoppe i avkøyrsla. Ved den same busslomma står det eit einsleg tre nært vegen. Dette vil verte fjerna, då det står i sikkerheitssona og vert rekna som eit farleg sidehinder. Om de har merknadar til etablering av fartshumpa ne, ber vi om ei tilbak emelding på dette innan 23.02.201 7. Dersom det er spørsmål til saka, kan sakshandsamar kontaktast.
6 Vegavdeling Sogn og Fjordane Med helsing Vigdis Lobenz Seksjonsleiar Linn Kathrin Bakke Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar. Likelydande brev sendt til Bremanger kommune, Postboks 1 04, 6721 SVELGEN Jonvald Naustdal