RAUDTS PRINSIPPROGRAM

Like dokumenter
RØDTS PRINSIPPROGRAM

Innstilling fra medlemene Ronny Kjelsberg, Ingeborg Steinholt, Reza Rezaee og Marielle Leraand

Rødts 3. Landsmøte mai SAK 6 PRINSIPPROGRAM

Konklusjon for 4 grupper

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Prinsipielt Raudt Versjon 2 GAD sjå for andre versjonar

Prinsipielt Raudt Versjon GAD

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

8 Det politiske systemet i Noreg

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Samfunnsfag TRINN: 10.trinn

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

. Ø-.._! `..._..,...,...

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

10Velstand og velferd

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Lokal læreplan i samfunnsfag 8

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 10

Forslagstiller: Paul Magnus Gamlemshaug, medlem i Aust-Agder lokallag

Sandnes kommune Kjennetegn på måloppnåelse ved utgangen av 10.trinn. Fag: Samfunnsfag. Hovedområde: Historie. Kompetansemål

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Kommunedelplan for oppvekst

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Frakkagjerd ungdomsskole Årsplan 10.trinn FAG: Samfunnsfag utkast

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Grunnlovsforslag ( )

Stortinget.no Regjeringa.no Ulike massemedia. Stortings- og sametingsvalet Historie: Kap 1. Kald krig ei todelt verd

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Kosmos 9 Geografikapittel 1: Landskapa våre, s Kosmos 9 Dei livsviktige naturressursane s

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 9 Klasse/steg: 9A Skuleår: Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Øystein Jarle Wangen

Program OSTERØY HØGRE

Tabu er årets tema, og tabu er saker vi ikkje snakkar om anten fordi vi er redde, fordi det er forbode, eller fordi det er skammeleg.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Samfunnsfag 10.kl / 2017

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Du må tru det for å sjå det

VURDERINGSKRITERIER HAVLIMYRA SKOLE FAG: Samfunnsfag

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Læreplan i klima- og miljøfag

FASTSATT LÆREPLAN JUNI 2013, Kompetansemål etter Vg1/ Vg2

Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen

RENDALEN KOMMUNE Fagertun skole. Årsplan i samfunnsfag for 10. trinn 2014/15

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Fridom med ansvar. Manifest om den kristendemokratiske forståinga av fridom

VURDERINGSKRITERIER HAVLIMYRA SKOLE FAG: Samfunnsfag

Atlanten ungdomsskole kjennetegn på måloppnåelse i samfunnsfag revidert nov 2014

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Fridom med ansvar. Manifest om den kristendemokratiske forståinga av fridom. Førsteutkast

Årsplan i samfunnsfag 9.klasse

FRIHET OG FELLESSKAP RØD UNGDOMS PRINSIPPROGRAM

Til deg som bur i fosterheim år

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Program for Masfjorden Venstre

CP IT-COMENIUS-C3PP

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Vurdering: * Munnleg karakter i faget * Munnleg eksamensfag. Sidan læringsmåla er så omfattande, legg eg ved kopi av dei tre hovudområda i læreplanen.

[2016] FAGRAPPORT. FAG: Samfunnsfag 2015/2016 KODE: KLASSE/GRUPPE:10A/10B TALET PÅ ELEVAR:45. SKULE:Lye Ungdomsskule.

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Staten og Den norske kirke - Spørsmål til høringsinstansene. Ør.Q,

Høyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

11 Eg i arbeidslivet

Ål Venstre. Ål Venstre

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.


ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Transkript:

RAUDTS PRINSIPPROGRAM Vedtatt på Raudts 3. landsmøte mai 2010. Revidert på Raudts 5. landsmøte mai 2014.

Bli medlem i Raudt Send sms med kodeord Rødt + navn og adresse til 2434 eller sjå rødt.no/innmelding Følg Raudt i sosiale medier Følg Raudt i sosiale medier for å oppdage meir om Raudt, få svar på det du lurer på og dele med venene dine. fb.me/roedt @raudt

Prinsipprogram Vedtatt på Raudts 3. landsmøte mai 2010. Revidert på Raudts 5. landsmøte mai 2014. Utgjeve av: Raudt Dronningens gate 22 0154 Oslo Tel: 22 98 90 50 E-post: roedt@roedt.no Web: raudt.no Facebook: fb.me/roedt Twitter: @Raudt Trykk: Flisa trykkeri A/S Opplag: 800 Layout: Ole Mjelstad

Innhald Kapittel 1. Kvifor vil vi ha ei ny verd... s. 6 Kapittel 2. Kvifor sosialisme?... s. 8 Kapittel 3. Kapitalismen må avskaffast... s. 18 Kapittel 4. Kreftene for forandring... s. 27

1. KVIFOR VIL VI HA EI NY VERD? 6

Opp gjennom historia har makthavarane sett på samfunnssystemet sitt som det endelege, det menneska skal leve med til evig tid. I dag framstiller dei kapitalismen som det avsluttande høgdepunktet i menneska si utvikling. For Raudt er kapitalismen berre ein bestemt epoke i menneska si historie. Då kapitalismen feia føydalsamfunnet til side, representerte den ei progressiv kraft som har ført menneskesamfunnet eit langt steg framover. Den har ført til ei enorm utvikling av menneska sine produktive evner, og den har, spesielt i enkelte deler av verda, ført til store materielle og sosiale framsteg. Men no blir det stadig tydelegare at kapitalismen som system har blitt ein trussel mot menneska og naturen. Vi kan ikkje lenger leve med at eit lite mindretal eig produksjonsmidla, utbytar dei som skaper verdiane og øydelegg livsgrunnlaget for framtidige generasjonar for å byggje opp sin eigen rikdom og makt. Det er ein meiningslaus kontrast mellom den kolossale produksjonsevna og det faktum at forskjellen mellom fattige og rike i verda er større enn nokon gong. Kapitalismen har overlevd seg sjølv. No hastar det å bli kvitt den. Det tener interessene til eit stort fleirtal av befolkninga i verda. Arbeidarklassen, -kvinner og menn - som gjennom sitt arbeid skaper dei verdiane som kapitalen utnyttar, må vere den drivande og avgjerande krafta i det opprøret som skal føre menneska ut av kapitalismen og inn i det nye samfunnet: sosialismen. Den må stå i spissen for organiseringa og styringa av dette nye samfunnet. Vi lever i ei tid der mykje forandrar seg fort og overraskande. Vi ønskjer å bidra til at dei store omveltingane går i rett retning: At dei fører til likeverd, frigjering av menneska og bevaring av naturgrunnlaget for menneska, slik at våre etterkomarar kan oppleve eit samfunn utan naud og fattigdom. 7

2. KVIFOR SOSIALISME? 8

Kapittel 2 ble revidert og vedtatt på Rødts landsmøte 9. - 11. mai 2014. Raudt jobbar for eit meir demokratisk samfunn, eit samfunn der dei store avgjerdene blir tekne i fellesskap. Spørsmålet er korleis samfunnet kan styrast av dei mange. Kven er dei mange? I Noreg i dag har vi ein stor klasse av arbeidarar i handel, transport og tenesteyting, i helsevesen, skule og barnehage, i industri av alle slag, på kontor og i lagerhallar, på småbruk og i fiskeskøyter, blant kulturarbeidarar og pensjonistar. Etter kvart som kapitalistisk organisering breier om seg, blir det stadig fleire arbeidarar. Store grupper som tidlegare hadde ein uklar plass i klassesamfunnet, får meir og meir preg av å vere i ei underordna stilling. Alle desse har interesse av eit samfunn der dei mange styrer i fellesskap. Vi kallar dette eit sosialistisk samfunn. Eit slikt system byggjer på oppslutnad frå dette folkefleirtalet. For Raudt er ein sosialisme utan demokrati i det heile ingen sosialisme. Poenget med sosialisme er å avskaffe utbytinga, slik at hovudmålet med den enkelte sitt arbeid ikkje er å auke kapitalen til eigarane. På denne måten kan det skapast eit friare og betre samfunn for folk flest. For at vi skal komme dit, må dei store linjene i produksjonen styrast av planar som har eit langsiktig perspektiv. I eit sosialistisk samfunn er privat eige av dei viktigaste produksjonsmidla avskaffa. Både privat eige av produksjonsmiddel og marknader vil kunne eksistere på mindre prioriterte område. Dei siste århundra er det innført demokratiske institusjonar, allmenn stemmerett og avgrensa velferdsstatar. Kapitalistane har likevel sytt for at økonomien i all hovudsak har blitt verande ei demokrati-fri sone. I eit sosialistisk samfunn vil det vere demokratisk styre over alle viktige samfunnsfelt, også økonomien. Makt skal ikkje vere konsentrert hos nokre få, og profitt skal ikkje vere hovudmålet. Arbeidarklassen, den største samfunnsklassen, som før var utan makt over produksjonen, vil vere i ein helt annan og sterkare politisk posisjon. Saman med sine allierte, vil arbeiderklassen utgjere det store fleirtalet, og ha makta over alle viktige samfunnsområde. 9

Grøn sosialisme Raudt jobbar for ein sosialistisk økonomi som er miljømessig berekraftig og som ikkje øydelegg livsgrunnlaget for kommande generasjonar. Det økonomiske systemet vi har i dag byggjer på ein stadig aukande vekst. Dette har ført til rovdrift på naturen gjennom auka uttak av naturressursar og ei mengde avfall og utslepp. Jorda har avgrensa med naturressursar og det er avgrensa kor mykje naturen og miljøet kan ta mot av menneskeskapte utslepp og avfall før dei blir skadde. Skal vi unngå dette, må vi halde oss innanfor dei grensene naturen set og hindre at økonomien trakkar over desse. På stadig fleire område nærmar vi oss tålegrensene til jorda sine økosystem. Det mest alvorlege eksemplet er dei menneskeskapte klimaendringane, som skyldast forbruk og forbrenning av fossilt brensel. Dei auka utsleppa er eit resultat av kapitalismen sin logikk profitten som blir oppnådd, må reinvesterast for å vekse. Fleire varer må produserast og fleire varer må forbrukast. Naturen og miljøet på jorda set gjennom si avgrensa bereevne strenge rammer også for framtidige sosialistiske land. Når desse rammene skal haldast, betyr det at vi ikkje kan halde fram med dagens system av auka produksjon og forbruk. 10

Dei goda vi har, må rettferdig omfordelast, og produksjonen må vriast mot varer og tenester som ikkje overbelastar naturen si tåleevne og som reparerer naturøydeleggingar. Til dette treng vi ein demokratisk styrt sosialistisk økonomi, som sikrar at omfordelinga skjer på ein rettferdig måte. Dei som har lite, må kunne auke sitt materielle forbruk på kostnad av dei som har mykje. I framtida vil klimaomsyn, forvalting av jorda sine ressursar og bereevne - saman med teknologi og folk sine behov - avgjere innhaldet og takten i økonomisk utvikling. Når vi ikkje lenger skal produsere meir og meir, kan vi i staden redusere arbeidstida vår og få meir fritid til å vere saman med familie, kjærast og vener, meir tid til å delta i demokratiske fora og frivillige organisasjonar og meir tid til å utvikle oss som allsidige menneske. Sosialisme inneber at folket sjølv kan avgjere at overskotet frå produksjonen kan nyttast berekraftig. Men sjølv om sosialisme gir høve til dette, er ikkje sosialisme nokon garanti for ein grøn og berekraftig politikk. Derfor trengst det aktive miljørørsler, slik at fornybarsamfunnet kan realiserast. Menneska sin verdi Under kapitalismen har menneska ulik verdi. I eit sosialistisk samfunn vil arbeidarklassen overta makta, og slik vil ulikskapen mellom samfunnsklassane bli gradvis redusert. Skiljet mellom mann og kvinne inneber at den eine halvparten av folket generelt er lågare verdsett enn den andre. For å skape fridom for alle, trengst det eit systematisk arbeid for å avskaffe all kvinneundertrykking. Alle deler av samfunnet må arbeide målbevisst for at kvinner skal ha like stor makt og verdi som menn. Samtidig trengst det ei særeigen og sjølvstendig kvinneorganisering som kontinuerleg pressar på for vidare forbetringar. Kapitalismen set arbeidsfolk opp mot kvarandre basert på hudfarge, heimstad 11

og tru. Mot dette set vi eit samfunn der eit menneske er eit menneske der folk ikkje er like, men der dei er like mykje verdt. Ei gruppe er ikkje fri dersom den er med på undertrykkinga av ei anna gruppe. Det er nødvendig at flest muleg blir bevisste på og kjempar mot undertrykking, også den dei sjølv deltek i. Dei undertrykte må sjølve organisere seg og ta leiinga i frigjeringskampen. Noreg må gjere slutt på undertrykkinga av det samiske folket og avvikle den imperialistiske utbytinga av land rundt om på kloden. Eit sosialistisk økonomisk system vil sjølvsagt framleis ha behov for rutineprega, manuelt eller belastande arbeid. Det er eit mål at slikt arbeid skal bli jamnare fordelt i befolkninga, noko som er langt meir rettferdig enn at ein fordeler belastande arbeid gjennom konkurranse på ein arbeidsmarknad, der dei svakast stilte både får dårleg betalt og nokre av dei tyngste arbeidsoppgåvene. Sosialistiske modellar Sosialisme er langt meir enn ei ny regjering og litt meir statleg regulering. Det finst ikkje ein ferdig definert og fastlagd sosialisme, men eit mangfald av sosialistiske idear og modellar i kontinuerleg samspel og konflikt med kvarandre. Mange av desse kan bidra til å utvikle eit framtidig sosialistisk Noreg, og må 12

bygge på ei utviding av demokratiet. Allmenn stemmerett og val til politiske organ er ein sjølvsagd ting. Kimen til eit slikt framtidig fellesskap finst i dag. Allemannsretten med blant anna fri rett til ferdsel og ulike naturopplevingar er eit eksempel på dette. Velferdsstaten, som er eit resultat av arbeidarrørsla sin kamp gjennom over hundre år, har i utgangspunktet stilt ei rekkje tenester, som skule, helsevesen og vegar, til gratis disposisjon for befolkninga. Raudt vil at stadig fleire varer og tenester skal takast ut av marknaden og gjerast om til gratis velferdstilbod. Eksempel på dette er offentleg kollektivtransport, tannlegetenester, advokathjelp og kunst- og kulturopplevingar. I første omgang vil dette framleis bli finansiert av fellesskapet gjennom eit rettferdig skattesystem der alle bidreg etter evne. Eit av sosialismen sine kjennemerke er at arbeidarane har makta på jobben og sjølve kan avgjere korleis arbeidet skal organiserast. Verksemder som er så store at dei er sentrale for heile landet sin økonomi, må eigast av samfunnet og underleggast demokratisk styring og kontroll. Eksempel på dette er store bankar og finansinstitusjonar og store industriføretak som er knytte til utnyttinga av norske energi- og naturressursar. Det er dessutan nødvendig med sentralt vedtekne miljøreguleringar for å sikre felles naturverdiar og miljøkvalitetar som har betydning for heile landet eller for ein større region, og for å hindre urettferdig geografisk fordeling av fordelar og ulemper. Raudt går også inn for internasjonale miljøreguleringar for å sikre globale og internasjonale miljøomsyn, for eksempel grenser for klimagassutslepp, og for å bidra til ei meir rettferdig internasjonal fordeling. I andre tilfelle kan ressursane styrast best lokalt. Raudt vil for eksempel føre eigarskapen til fiskerinæringa tilbake til kystbefolkninga ved å gjere slutt på kjøp og sal av kvotar, føre kvotar over til kystfiskeflåten, og regulere oppdrettsnæringa til fordel for lokale produsentar. Konsesjonar og kvotar skal fordelast etter distrikt. 13

Raudt ønskjer også å bidra til å utvikle eit mangfald av sosialistiske organisasjonsformer, gjennom arbeidarstyrte bedrifter, auka makt og innverknad for arbeidarar også i andre bedriftstypar, deltakande budsjettering og andre element frå deltakarøkonomi. Saman med andre former, som for eksempel forhandlingsmodellar, kooperativ og planelement, kan dette danne grunnlaget for ein tilpassingsdyktig økonomi som set folk sine behov først, og som opererer innanfor naturen si bereevne. Ein demokratisk revolusjon er nødvendig Sjølv om folk i Noreg har oppnådd ei rekkje viktige demokratiske rettar, står sjølve kapitalismen i motsetning til eit reelt demokrati. Det må skje ei radikal endring av maktforholda. Dette vil innebere ein demokratirevolusjon. Denne vil vere ei vidareføring av arbeidarrørsla sin kamp for å gje vanlege kvinner og menn auka innverknad gjennom allmenn stemmerett og større sosial og økonomisk tryggleik gjennom oppbygginga av velferdsstaten. Når arbeidarklassen og klassen sine allierte har reell og formell makt, blir det lagt grunnlag for heilt andre direkte demokratiske prosessar enn i dagens samfunn. Arbeidarklassen kan ikkje styre innanfor kapitalismen og den private eigedomsretten sine råmer og med utgangspunkt i det borgarlege statsapparatet. Det må i staden byggast ein reelt folkestyrt stat. Det må også skje grunnleggande endringar av det økonomiske systemet ein revolusjon der det store fleirtalet, overtek samfunnsmakta og styringa. Raudt vil at ein slik revolusjon skal vere demokratisk forankra og fredeleg. Dette krev at fleirtalet av befolkninga stiller seg bak ei slik endring, og at fagrørsla og andre store folkelege organisasjonar set spørsmålet på dagsorden. Slike rørsler i folket vil sjølvsagt komme til uttrykk i politiske aksjonar og kampar, i val og på annan måte før ei slik omvelting og vil endre den politiske samansetninga av folkevalde organ. Denne prosessen kan også føre til oppretting av nye demokratiske styringsorgan. Fordi demokratisk forankring er avgjerande, må flertalet sin oppslutnad stadfestast, gjennom demokratiske folkerøystingar eller frie val. Ein demokratisk 14

revolusjon skil seg fundamentalt frå statskupp. Raudt meiner at det er mange erfaringar som tilseier at motkreftene ikkje vil akseptere ei folkeleg og demokratisk maktovertaking, og at dei vil bruke uakseptable middel for å hindre denne. Dette vil gjere det nødvendig å forsvare folkeviljen. Arbeidarklassen er tryggast på eit godt resultat dersom klassen er velorganisert og har sett seg klare mål. Vi bør derfor alt no arbeide for eit mangfald av sterke og reelt medlemsstyrte folkelege organisasjonar, der fagrørsla er den viktigaste. Sosialistisk samfunnsstyring I eit sosialistisk samfunn må representative folkevalde forsamlingar ha overordna kontroll med økonomien og statsapparatet. Folk må samtidig ta stadig meir direkte makt på arbeidsplassar og i lokalsamfunn, og blant anna gjennom bruk av ny teknologi få høve til å delta i dei store avgjerdene. Dersom folk skal få reell makt, så må det etter Raudt sitt syn satsast meir på mindre samfunnseiningar og lokalsamfunn. 15

Raudt meiner at ytringsfridom, organisasjonsfridom, frie val, frie media, streikerett, religionsfridom og uavhengige domstolar som garanterer for rettstryggleiken for det enkelte individ, er grunnleggande for eit sosialistisk samfunn. Retten til å kritisere og til å vere ueinig med styresmaktene må gjelde for alle, også for motstandarar av sosialisme. Alle må sikrast mot overgrep frå staten, og ei demokratisk, sosialistisk framtid er avhengig av at interessemotsetningar blir debatterte ope og at ulike politiske syn organiserer seg. Sosialisme føreset oppslutning frå folkefleirtalet. Sosialisme er ikkje eit idealsamfunn. Der vil framleis vere problem i eit sosialistisk samfunn, men i motsetning til i dag, der kapitalinteresser avgjer rammene for samfunnsutviklinga, vil moglegheitene til å styre samfunn og økonomi i ei retning som kjem miljøet og fellesskapen til gode, både nasjonalt og internasjonalt, vere større. Dersom den reelle makta blir liggjande hos nokre få, tek det ikkje lang tid før dei vil bruke denne makta til å ivareta eigne interesser. Det må etablerast gode system for maktfordeling og maktkontroll, for eksempel med rotasjon i verv og rett til å tilbakekalle representantar. Det som endrar maktforhold, er aktive menneske som organiserer seg. Eit sosialistisk land treng ei aktiv fagrørsle, miljørørsle, kvinneorganisasjonar, lokale interessegrupper og antirasistiske organisasjonar. Eit verkeleg demokrati betyr at alle får samle styrke til å snakke og bli høyrde. Internasjonal solidaritet er ein sentral del av sosialismen, og eit sosialistisk Noreg må knyte band til og støtte folkelege og framtidsvenlege rørsler i andre land. Utanrikspolitisk byggjer sosialisme på respekt, gjensidigheit og likerett. Det er viktig at vi samarbeider med parti, fora og organisasjonar som jobbar for eit sosialistisk samfunn i andre land. Ei sosialistisk regjering må støtte andre folk og nasjonar som kjempar for å lausrive seg frå imperialismen og prøver å byggje sosialistiske samfunn utifrå eigne føresetnader. Men ei slik solidarisk haldning skal vere kritisk. 16

Å hindre ein ny, øydeleggjande krig mellom stormaktene er nødvendig for å vidareutvikle den menneskelege sivilisasjonen. Å sikre freden er ein føresetnad for å kunne byggje sosialisme. Sosialisme for det 21. hundreåret Dei revolusjonære kreftene som i dag prøver å utvikle ein strategi for sosialisme for det 21. hundreåret, trekkjer lærdom av dei feila som har vore gjorde tidlegare. Raudt ser seg som ein del av denne rørsla, men held fast på at ein norsk sosialisme ikkje kan vere ein kopi av andre land sin sosialisme. Den må byggje vidare på tradisjonane frå vår eiga historie med klassekamp og politisk kamp, som blant anna førte til samvirketanken og krava om ein godt utbygd velferdsstat. Den må vidareutvikle dei demokratiske rettane som arbeidarklassen har kjempa fram gjennom meir enn hundre år, slike som organisasjonsfridom, stemmerett, ytringsfridom og rettstryggleik. Internasjonalt er det også i ferd med å utvikle seg ei øko-sosialistisk rørsle som peikar på avskaffing av kapitalismen som ein avgjerande føresetnad for å ta vare på livsgrunnlaget og unngå klimakatastrofe. Raudt ser seg også som ein del av denne rørsla, og vil samarbeide med antikapitalistiske parti og organisasjonar i andre land innanfor dette nettverket. Veien videre Eit sosialistisk samfunn vil i den første perioden bere preg av det samfunnet det oppstod på grunnlag av. Gjennom klassekamp og kvinnekamp, må sosialisme utviklast i retning av eit samfunn utan klasser, utan undertrykking og der skiljet mellom dei styrande og dei styrte er oppheva. Raudt sitt mål er eit klasselaust samfunn. Det er dette Karl Marx kalla kommunisme. 17

3. KAPITALISMEN MÅ AVSKAFFAST 18

Kapitalismen er eit klassesamfunn der ein økonomisk og politisk elite kontrollerer statsapparatet og eig og styrer bedrifter og selskap. Dette relativt låge talet på menneske borgarskapet har makt og rikdom som hevar dei skyhøgt over vanlege folk. På motsett side står arbeidarklassen. Raudt meiner motsetninga mellom borgarskap og arbeidarklasse er den grunnleggjande motsetninga i det norske samfunnet. Vår tids kapitalisme er internasjonal. Kapitalen sine behov for kontinuerleg vekst fører til at dei nasjonale marknadene korkje klarer å ta unna alle varene som blir produserte eller å tilføre nok råvarer. Kapitaleigarane må derfor ut i den internasjonale marknaden. I tillegg til varehandel kjem kapitaltransaksjonar, som gjer at finanskapitalen blir dominerande i dette kapitalistiske verdssystemet vi kallar imperialismen. Det internasjonale borgarskapet eig dei store fleirnasjonale selskapa. Dei har stor innverknad over både statar og internasjonale institusjonar. Lovverk og regelverk blir brukt til å kontrollere det meste av verdshandelen. Borgarskapet har delt verda mellom seg, samtidig som dei konkurrerer om å vekse på kostnad av kvarandre. Utbyttinga av dei som skapar verdiane aukar. Rikdomen blir samla på få hender, mens milliardar av fattige må nøye seg med smulane. Dette økonomiske systemet, som utbyter menneska og driv rovdrift på naturressursane, inneber eit kontinuerleg press for å underleggje alle delar av 19

samfunnet og naturressursane same marknadslogikk: alt frå helsetenester og utdanning, til drikkevatn og genetisk arvemateriale alt skal bli varer selskapa kan tene pengar på. Menneska si framtid er truga Jakta på profitt trugar no livet på jorda. Gjennom uhemma bruk av fossile brennstoff er vi i ferd med å endre klimaet på kloden. Naturen og miljøet blir rasert Dette fører til alvorlege kriser som trugar livsgrunnlaget for mange menneske, ikkje minst i fattige land. Vi driv rovfiske på hava, vi øydelegg store mengder matjord og jakta etter tømmer og beitemarker raserer regnskogen og artsmangfaldet, samtidig som det fører til matvarekrise og svolt. Raudt ser på menneska som ein del av naturen. Dette gjer at vi må organisere samfunnet etter berekraftige prinsipp. Vi kan ikkje påføre naturen større belastningar enn den er i stand til å bere, anten det dreier seg om bruk av naturressursar eller inngrep i urørte område. Skal menneska overleve, må derfor kapitalismen fjernast. Etter at kapitalismen er borte, må vi jobbe for å reparere skadane på miljøet og etablere eit heilt anna forhold mellom menneske og natur. Staten tener eigarinteressene Staten blir gjerne framstilt som ein nøytral instans, men under kapitalismen er den kontrollert av borgarskapet (overklassen) og har ulike former: parlamentarisme, korporativt samarbeid mellom stat og næringsorganisasjonar eller autoritært diktatur og fascisme. Dei fleste rike og politisk stabile kapitalistiske landa har i dag allmenn stemmerett og val til representative forsamlingar. Store delar av samfunnsøkonomien er likevel unntatt den folkevalde styringa, og lovverket er utforma med den private eigedomsretten som grunnlag. For å hindre opprør og klassekamp har eitkvart klassesamfunn etablert overvakings- og kontrollsystem som arbeider både ope og i det skjulte. Kontrollsystema aukar i dag dramatisk under dekke av krigen mot terror. 20

Formålet er å gjere opposisjonelt arbeid vanskelegare, og førebu tiltak i tilfelle større samfunnsmessige kriser skulle oppstå. I bakre linje har staten eit politi og militærapparat, som ved behov kan setjast inn også mot dei makta ser på som sine indre fiendar. Kvinneundertrykking er vevd inn i kapitalismen Kapitalismen har overtatt kvinneundertrykkinga frå tidlegare samfunnssystem og vevd den inn i økonomien, i samfunnet sine institusjonar og organisasjonar, og i det daglege forholdet mellom kvinner og menn. Under kapitalismen er den ein del av dei herskande tankane. Borgarskapet tener på dette, men undertrykkinga gir også mennene ei rekkje materielle, sosiale og psykologiske fordeler. Samtidig fører kjønnsrollemønsteret vi blir sosialiserte inn i til at heller ikkje menn får vere heile menneske og leve ut sine ulike sider. Kvinner har lågare lønn og inntekt enn menn, mange jobbar deltid og mange lever på låge trygder. Grunnlaget for den låge kvinnelønna er kapitalismen sitt forsørgjarsystem, der familien ikkje berre er ei samlivsform, men ei økonomisk eining med privat ansvar for forsørging og omsorg. Slik blir det oppretthalde at menn har forsørgjarlønn. Kvinner blir låste fast i deltid og ulikelønn, samtidig som det ulønna omsorgsarbeidet sparer utgifter for kapitalistane. Kvinner som lever åleine, med eller utan barn, blir dei fattigaste. Forsørgjarsystemet styrkar 21

vidare menn sin makt over kvinner. Å arbeide for at familien ikkje lenger skal vere ei økonomisk eining er derfor ein føresetnad for kvinnefrigjering. Dette krev blant anna likelønn og økonomisk sjølvstende for kvinner, kortare normalarbeidsdag og gode og gratis offentlege tenester for barn og eldre. Utvikling av kollektive løysingar for husarbeid og omsorgsoppgåver, gir rom for nye og ulike former for organisering av forpliktande fellesskap, og dermed betre vilkår for personleg vekst og utvikling, ulike samlivsformer og et fritt kjærleiksliv basert på respekt og likeverd. Menn sin vald mot kvinner i dagens samfunn er ei følgje av kvinneundertrykking og kvinneforakt. Prostitusjon, kvinnehandel og pornografi er ekstreme uttrykk for korleis kvinnekroppen blir gjort til ei vare som kapitaleigarar kan tene store pengar på. Mannsrolla må vidareutviklast slik at vald ikkje er akseptert i samfunnet. Imperialismen fører til krig og undertrykking I førre hundreåret førte imperialistiske statar sin rivalisering og trong til å utvide sine interesseområde til to verdskrigar. På lengre sikt er faren for nye storkrigar mellom imperialistiske stormakter ein vedvarande trussel mot folk i heile verda. Etter andre verdskrig, har rivalisering mellom stormaktene oftast tatt form av 22

indirekte krigar, gjennom alliansepartnarar, i og mot fattige land for å halde kontrollen over dei eller for å utvide angriparen sin innflytelsessfære. Dette har øydelagt fleire samfunn og skapt ufattelege lidingar for befolkninga. Raudt støttar folk og nasjonar som slåst mot okkupasjon og undertrykking og anerkjenner nasjonane sin sjølvråderett. Samtidig tar vi avstand frå overgrep mot sivile, innskrenking av demokratiske rettar og undertrykking, uansett kor i verda det skjer eller kven som står bak. Imperialismen skaper rasisme og sjåvinisme Dei fleste av dagens flyktningar beveger seg innanfor eigne landegrenser eller til naboland i den fattige delen av verda. Dei flyktar blant anna frå problem skapt av kapitalismen: klimakrise, fattigdom, krig og undertrykking. Ein liten del av flyktningar i verda greier å komme seg til rike, vestlege land. Her går dei fleste inn i arbeidskraftreserven som billeg arbeidskraft og blir utsett for grov diskriminering og krav om assimilering. I dag er rasisme og sjåvinisme retta mot ulike minoritetsgrupper ein veksande tendens i landa i nord. Ei hovudårsak til auken av rasismen er den såkalla «krigen mot terror». Ikkje-vestlege innvandrarar og særleg muslimar blir forsøkt avhumanisert for å legitimere dei imperialistiske krigane. Rasismen splittar arbeidarklassen. Med vår visjon om solidaritet over landegrensene, og i neste omgang ei verd fri for utbytting, arbeider vi for å skape einskap og gjensidig respekt mellom arbeidarar frå alle land. Ein slik einskap er ein føresetnad for å skape eit solidarisk og klasselaust samfunn. Det kapitalistiske Noreg Den norske velferdsstaten har vakse fram gjennom ein langvarig politisk og sosial kamp. Staten har også stått for utbygginga av infrastrukturen i Noreg. Det er ein historisk tradisjon for at våre rike råvareressursar blir brukte til å byggje ut 23

landet. Heimfall, råfisklov, industrikraftkontraktane og den tidlege oljealderen er eksempel på dette. I tillegg står samvirkerørsla sterkt, spesielt blant bønder og fiskarar. Framveksten av velferdsstatane både i Noreg og andre land er eit resultat av eit kompromiss mellom arbeidarklassen og borgarskapet. På tvers av grunnleggande interessemotsetningar har velferdsauke blitt bytta mot arbeidsfred. Toppane i LO og Arbeidarpartiet (og etter kvart andre organisasjonar) har vore garantistar for dette, og dei har veksla mellom statsrådspostar og styreverv i dei store selskapa. Heilt fram til slutten av førre hundreåret, har staten og kommunane spelt ei sentral rolle i utviklinga av økonomien, både som eigarar og gjennom politisk styring. Frå 1980-tallet begynte oljeinvesteringane å hope opp profitt. Dette førte til ei rask utvikling der kapitalen blei sentralisert og eksportert, og næringsverksemd flagga ut. Frå 1980-tallet og utover fekk marknadsliberalismen stadig sterkare fotfeste. Privatisering, konkurranseutsetting og oppsplitting av statlege monopol som Posten, NSB og Vegvesenet auka innslaget av marknadsøkonomi i offentleg sektor. Dette er likevel ikkje uttrykk for at staten spelar ei mindre rolle. Staten blir i stor grad brukt for å sikre utvidinga av marknadsøkonomien og opptrer også sjølv som aktør i marknaden. I Noreg kontrollerer framleis staten langt meir av næringsverksemda enn i dei fleste andre vesteuropeiske land. Ein stor del av borgarskapet sit i posisjonar i statsapparatet. I Noreg dominerer borgarskapet media, delar av kulturlivet og mange interesseorganisasjonar. Deler av pampeveldet i fagrørsla og andre masseorganisasjonar høyrer også til borgarskapet. Leiarane i Arbeidarpartiet og SV arbeider i kraft av sin posisjon for å få kapitalismen til å bestå. Dei gir krisepakkar til kapitalistane som har spekulert seg inn i eit uføre, investerer Noregs olje og gull på børsen, privatiserer og angrip fagforeiningane sin posisjon. Dei bruker partia som reiskap for å halde arbeidarklassen i ro. Fleirtalet av medlemmane og veljarane til desse partia ønskjer 24

å styre kapitalkreftene gjennom statlege reguleringar og styring av marknaden og ein økonomisk omfordelingspolitikk. Trua på at folk flest kan halde oppe og betre sin levestandard og livskvalitet innanfor dagens klassesamfunn er stor. Dei økonomiske krisene som no rir kapitalismen, vil svekke denne trua. Velferdsordningar og kollektive løysingar blir sett under press for nedbygging og privatisering. Sosial dumping skaper nye sjikt av fattige arbeidsfolk. Tiltrua til sosialdemokratiske parti er eit viktig hinder for at arbeidarklassen skal søke politisk makt over samfunnsutviklinga. Den norske imperialismen Imperialisme føregår ikkje berre som på 1800-tallet med våpen, okkupasjon og kolonisering. Imperialisme kan også føregå gjennom at ein med økonomiske maktmiddel skaffar seg kontroll og dominans over andre land. Dei store olje- og gassressursane gjer at Noreg opptrer som ein stor kapitaleksportør med tunge investeringar i den internasjonale finansmarknaden. Store statlege fond og statskontrollerte selskap som Statoil og Telenor er viktige reiskapar for norsk imperialisme. 25

Det er ei viktig oppgåve for revolusjonære å motarbeide all norsk imperialisme. Raudt godtar ikkje at Noregs rikdom skal byggast på utbytting og undertrykking av andre folk. Det norske militærapparatet blir sterkare knytt til dei imperialistiske stormaktene i takt med den økonomiske satsinga i utlandet. Forsvar av norsk territorium er blitt ei underordna sak. Det har blitt stadig viktigare å sikre borgarskapet sine investeringar i utlandet og forsvare imperialismen ved å opptre som leigesoldatar i USA og NATO sine krigar. Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to nasjonar, den samiske og den norske. Koloniseringa har delt den samiske nasjonen mellom fire statar. Den norske staten har systematisk rana til seg samisk land og undertrykt samisk økonomi, kultur og språk. Raudt meiner samisk sjølvråderett i samiske område må garanterast, i tråd med ILO-konvensjon 169 og FNs urfolksdeklarasjon. Også det norske storsamfunnet si undertrykking av kvenar, romfolk, romanifolk, jødar og skogfinnar har lange historiske tradisjonar. Dette har ført til ein inngrodd rasisme med djupe røter i det norske samfunnet. 26

4. KREFTENE FOR FORANDRING 27

Arbeidarklassen Arbeidarklassen består av dei som ikkje eig eller har kontroll over produksjonsmiddel, men som er avhengige av å selje arbeidskrafta si. Dei har ikkje slike posisjonar i produksjons- eller samfunnshierarkiet som gir dei avgjerande makt over andre menneske. Det er det store fleirtalet av lønnsarbeidarar og andre som lever av sitt eige arbeid som skaper og vidareutviklar samfunnet vi lever i. På denne måten skaffar dei seg erfaringar og kunnskapar på mange område. Samtidig blir arbeidarklassen heile tida tvinga til å gjere motstand mot arbeidskjøparane sine framstøyt, på den enkelte arbeidsplass og i samfunnet som heilskap. Dei utviklar derfor idear om alternative måtar å organisere arbeidet og samfunnet på. Arbeidarane har dermed ikkje berre interesse av revolusjon og sosialisme, dei har erfaringane, kunnskapane og ideane som trengst til å styre samfunnet til beste for fleirtalet. Arbeidarklassen utgjer fleirtalet i den norske befolkninga og klassen aukar i omfang. Blant dei yrkesaktive utgjer dei 1,5 millionar, og 10-15 % av dei har innvandrarbakgrunn. Stadig fleire av dei som tidlegare blei rekna som sjølvstendige mellomlag, akademikarar, kulturarbeidarar, rådgjevarar og så 28

vidare, får ei stilling i samfunnet som nærmar seg arbeidarklassen. Fleirtalet av arbeidarklassen er kvinner. Rundt ein million arbeidarar jobbar i privat sektor, det vil seie i industri, bygg/ anlegg og transport eller i privat tenesteyting, varehandel, hotell/restaurant, reingjering, bankvesen og så vidare. Medan fleirtalet i privat sektor er menn, er meir enn 70 % av dei tilsette i stat og kommune kvinner. Dei fleste av desse arbeider innanfor helse, omsorg og utdanning. Til arbeidarklassen må vi også rekne alle dei trygda som er avhengige av som oftast dårlege offentlege stønadar. Dette er dei arbeidslause, fleirtalet av pensjonistane og dei som lever av uføretrygd og sosialhjelp. Arbeidarklassen er samansett og mangfaldig og treng eit felles klassemedvit på tvers av kulturelle og faglege skilje. Einskap og felles klassemedvit er avhengig av at ulike stemmer får rom, og at undertrykkingsforhold innetter i arbeidarklassen kan takast ope opp. Menn må kjempe mot si rolle som undertrykkande kjønn for at arbeidarklassen skal kunne vinne fram i kampen for frigjering. Arbeidarar med norsk bakgrunn må kjempe mot undertrykking og marginalisering av arbeidsfolk med minoritetsbakgrunn. Fagrørsla må bli ei kraft i kampen mot rasisme. Kvinnene i arbeidarklassen kan på si side opptre som eiga kraft fordi dei har erfaringar både som kvinner og arbeidarar. Derfor treng kvinnene i arbeidarklassen både klassemedvit og kvinnemedvit, både fagorganisering og kvinneorganisering. Utover stemmerett og medlemskap i fagforeiningar og andre interesseorganisasjonar, har arbeidsfolk flest liten makt over sin eigen situasjon. Enkeltpersonar kan rettnok foreta klassereiser, men føresetnaden for dette er at fleirtalet blir verande der dei er. Derfor har arbeidarklassen størst interesse av eit sosialistisk samfunn der fridomen og demokratiet blir utvida til å omfatte alle. Arbeidarklassen må alliere seg med alle grupper og enkeltpersonar som har 29

interesse av revolusjon og sosialisme. I norsk historie har særleg alliansen med fleirtalet av bøndene og fiskarane spelt ei viktig rolle i arbeidarklassen sin kamp. Vi såg dette tydeleg under kampen mot norsk EU-medlemskap. Då arbeidarklassen var på offensiven, og klassemedvitet var høgt, hjelpte arbeidarkulturen fram ei solidarisk haldning og klasseidentitet. I dag er denne kulturen kraftig svekka. Det er strategisk viktig å bruke arbeidarrørsla sine erfaringar på dette området, og utvikle ein arbeidarkultur for vår tid som ei sjølvstendig og mangfaldig kulturell kraft. Fagrørsla Fagrørsla er i dag den viktigaste organisasjonsforma for arbeidarklassen sin kamp. Det er gjennom fagrørsla arbeidarklassen kjempar for betre lønns- og arbeidsvilkår og betre velferdsordningar. Men fagrørsla er også ein arena der toppleiinga i Arbeidarpartiet og eit hierarkisk maktapparat tradisjonelt har utøvd si passiviserande rolle. Fagrørsla har vore prega av lite grunnplansaktivitet 30

utover dei tillitsvalde. Raudt ønskjer å arbeide for auka aktivisering av vanlege medlemmar i fagorganisasjonane. Fagrørsla spelar ei viktig politisk rolle. Sidan Arbeidarpartiet har blitt stadig meir marknadsliberalistisk så har LO blitt tvinga til å køyre ei meir sjølvstendig linje. Raudt kjempar for ei ytterlegare politisk sjølvstendiggjering av fagrørsla som ein viktig strategisk aktør i arbeidarklassen sin kamp for eit anna samfunn. Kapitalen sin offensiv har skapt stor uro i arbeidarklassen og auka motstand i fagrørsla. Dei tillitsvalde som framleis ønskjer å vere sosialdemokratar og kjempe for sine medlemmar sine interesser, blir tvinga inn i ein situasjon der dei må gå til venstre. Dette har skapt grunnlaget for ei ny aksjonseining i fagrørsla. Det medfører at Raudt kan samarbeide med grunnplanet i dei sosialdemokratiske partia. Samtidig som vi står saman mot offensiven frå kapitalen og høgrekreftene, arbeider Raudt for å reise rørsla for eit sosialistisk samfunn. Eit mangfald av sosiale krefter Det finst mange former for undertrykking som forsterkar den økonomiske utbyttinga under kapitalismen. Krig, rasisme, miljørasering, kvinneundertrykking og diskriminering av lesbiske og homofile er eksempel på dette. Raudt støttar mangfaldet av rørsler som kjempar mot dette. Raudt ser på kvinnekampen som ei revolusjonær kraft. Full kvinnefrigjering er ikkje mogleg under kapitalismen, og kampen mot kvinneundertrykking vil derfor måtte rette seg både mot den kapitalistiske økonomien og mot samfunnet sine institusjonar og herskande tankar. Samtidig vil revolusjon og sosialisme ikkje vere mogleg utan at kvinner organiserer seg og reiser kamp mot kvinneundertrykkinga. Eigne, uavhengige kvinneorganisasjonar er avgjerande for å utforme strategi både for kampen i dag og for kampen for eit anna samfunn. Alle desse undertrykkingsformene og konfliktane utløyser forskjellige rørsler som kan bidra til å spele ei rolle i arbeidet for eit anna samfunn. Oppgåva må vere å skape ei rørsle som samlar kreftene på ein måte som lar dei behalde sin eigenart, 31

samtidig som ein står saman i den felles kampen. Internasjonal solidaritet Arbeidet for revolusjon og sosialisme i Noreg heng saman med den internasjonale kampen for sosial og nasjonal frigjering. I dag er det folki sør som ber dei tyngste børene og fører dei hardaste kampane mot det imperialistiske verdssystemet, sjølv om dei fleste i dag ikkje står på terskelen til å gjennomføre sosialistiske revolusjonar i sine land. Raudt vil utvikle kontakt med arbeidarklassen og revolusjonære i andre land og støtte forsøka på revolusjon og sosialismebygging som blir gjort ut frå deira lokale føresetnadar, utan at vi dermed ukritisk omfamnar alle som kallar seg revolusjonære eller sosialistar. 32

Raudt si rolle Raudt avviser alle idear om at arbeidarane kan frigjerast ovanfrå av ein sosialistisk elite. Arbeidarklassen må frigjere seg sjølv. Sosialismen er umogleg utan at fleirtalet i arbeidarklassen går inn for revolusjonære endringar av samfunnet. Eit revolusjonært parti sitt formål og oppgåve er å fungere som reiskap i arbeidarklassen sin kamp. Raudt tar mål av seg til å bli eit slikt parti. Sjølve grunnlaget for partiet vårt er arbeidet for å oppheve dagens kapitalforhold utbyttinga av arbeidarklassen. For å få politisk oppslutning må Raudt merkast på arbeidsplassane som eit parti som skaper diskusjonar, utviklar demokratiet og tar opp kampen mot urett og undertrykking. Vi treng eit parti som jobbar både i dei folkevalde organa, i folkelege rørsler og på heile den politiske arenaen i det norske samfunnet. Ikkje minst trengst det eit parti som jobbar for og organiserer folk for ei nødvendig sosialistisk omvelting. Raudt baserer si forståing av samfunnet på marxistisk teori. Vår ideologi og politikk blir utvikla med bakgrunn i denne forståinga og våre eigne politiske erfaringar. Som andre teoriar må marxismen alltid prøvast mot praksis, slik at den blir eit stadig betre verktøy i den politiske kampen. Marxistisk teori må heile tida kritiserast og byggast ut i tråd med korleis samfunnet endrar seg. Kunnskapen om verda vil alltid vere i utvikling. Derfor vil studiar med diskusjon og usemje ikkje vere eit problem, men ei kjelde til utvikling og ny erkjenning som trengst i kampen for ei betre verd.

raudt.no