HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201209940-3 Arkivnr. 025 Saksh. Arnesen, Arthur K. Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 22.01.2013 22.01.2013 23.01.2013 31.01.2013 REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM 2013 SAMANDRAG Regionalt Utviklingsprogram 2013 er ein vidareføring av programmet for 2012. Dette har dels å gjere med at det i 2012 var ein større revisjon av Regionalt utviklingsprogram og dels at det vil vere behov for ein ny revisjon når den nye regionale næringsplanen ligg føre. Det er gjort nokre mindre endringar og oppdateringar for å tilpasse det til 2013. Også i 2013 er Regionalt utviklingsprogram er utarbeidd i nært samarbeid med Regionalt næringsforum og etter innspel frå sentrale nærings- og utviklingsaktørar, særleg frå IN og FMLA. Programmet byggjer på visjon, mål og strategiar i fylkesplan for Hordaland. I saka er det foreslått korleis midlane til regional næringsutvikling på 77,884 mill kr skal disponerast i 2013. Hovuddelen av midlane er overføringar frå Kommunal- og regionaldepartementet (71,13 mill kr). I tillegg inngår 2,981 mill kr frå fylkeskommunen sitt eige budsjett og 2,773 mill i udisponerte renter. Det er lagt opp til ein framdrift kor ny regional næringsplan blir fremma for fylkestinget i juni 2013 (sjå eiga sak om utkast til høyring). Når ny regional næringsplan ligg føre vil Regionalt utviklingsprogram bli eit handlingsprogram for næringsplanen. Når saka om godkjenning av næringsplanen blir fremma, vil det bli vurdert om det er behov for ein revisjon av Regionalt utviklingsprogram for 2013 i år eller om det kan vente til utarbeidinga av Regionalt utviklingsprogram for 2014. FORSLAG TIL INNSTILLING 1 Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2013. 2 Når sak om godkjenning av ny regional næringsplan blir fremma skal det gjerast ei vurdering av behovet for revisjon av Regionalt Utviklingsprogram for 2013. Johnny E. Stiansen Vedlegg: Utkast til Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2013. Matti Torgersen
FYLKESRÅDMANNEN, 11.01.13: 1. Bakgrunn Regionalt utviklingsprogram (RUP) er fylkeskommunen sitt handlingsprogram for regional næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Inntil ny regional næringsplan ligg føre er programmet forankra i Fylkesplan for Hordaland 2005-2008. Søknadshandsaming og forvalting av dei økonomiske verkemidla som er lagt direkte inn i Regionalt utviklingsprogram, RUP midlane (sjå omtale avsnitt 5 under), er delt mellom Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge (IN) og dei regionale næringsfonda. Fylkeskommunen handsamar prosjekt og søknader av tilretteleggande karakter, medan søknadar om støtte til bedrifter blir handsama av IN. Dei regionale næringsfonda handsamar mindre og meir lokalt forankra søknader. Prioriteringane og innsatsområda i Regionalt utviklingsprogram er styrande for bruken av RUP midlane. Dei er også retningsgjevande for andre verkemiddel til næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling som fylkeskommunen rår over. I tillegg gir Regionalt utviklingsprogram føringar for andre offentlege aktørar sitt arbeid innan næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i fylket. I denne saka fremmer fylkesrådmannen Regionalt utviklingsprogram 2013 (RUP 2013) til godkjenning. Sjølve programmet ligg som vedlegg til saka. 2. Tidlegare handsaming Regionalt utviklingsprogram for 2012 blei handsama av fylkesutvalet som Sak 51/12 den 23.02.12 kor det blei gjort slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet vedtar Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2012. 2. Fylkesutvalet meiner at Kommunal- og regionaldepartementet legg for sterke føringar på bruken av tilskotta til fylkeskommunane til regional næringsutvikling. Særleg gjeld dette øyremerking av midlar til kommunale/regionale næringsfond. 3. Budsjettet er retningsgjevande og må nyttast fleksibelt for å gi rom for nyskapande og innovative prosjekt med stor ringverknad. 4. Regionalt Utviklingsprogram for Hordaland 2012 får slike endringar: - Hordaland fylkeskommune vil støtte Osterøy vidaregåande skule i arbeidet med ei landsline for CNC og Robot. - Under kap 5. Avsnitt om arbeidskraft Tillegg: Det er spesielt stor mangel på fagarbeidarar, eit område som fylkeskommunen har direkte ansvar for. - Under kap 7.3 maritim Tillegg innsatsområde: Etablere eit pilotprosjekt for utprøving av batteriferje. - Under kap 7.5 kulturnæringar Tilegg innsatsområde: Etablere Mediabyen på Nøstet Styrke designkompetansen i næringslivet Endringane blei innarbeidd i det endelege dokumentet. Etter at det i 2011 blei sendt eit brev til Kommunal- og regionaldepartementet kor det blei gjort greie for punkt 2 i fylkesutvalet sitt vedtak er det ikkje sendt eit nytt slikt brev i 2012. Saka er likevel tatt opp med KRD i andre høve. 2
Rutinen med å sende regelmessige meldingar til fylkesutvalet med oversyn over tilsegn som har blitt løyvd frå Regionalt utviklingsprogram blei vidareført i 2012 og det blei sendt 3 slike orienteringar i 2012. Endringane vedtatt av fylkesutvalet under punkt 4 blei innarbeidd i den endelege versjonen av Regionalt utviklingsprogram 2012 og dei er også vidareført i Regionalt utviklingsprogram for 2013. Nokre kommentarar til desse punkta: - Kompetansesenter for CNC og robot blir delfinansiert med midlar frå RUP og fylkeskommunen deltek i styringsgruppa. Det er nå utarbeidd ein søknad om landsline som vil bli diskutert med sentrale aktørar i slutten av januar i år. - Spørsmålet om batterifergedrift har vore handsama som samferdselsaker at Samferdselsutvalet og fylkesutvalet (mellom anna Valestrand Breistein sambandet), men det har ikkje kome konkrete prosjektforslag som det har vore naturleg å handsame i forhold til RUP midlane. - Det er vore god framdrift i prosessen knytt til utvikling av ei medieklynge i Bergen i 2012. I denne prosessen har dei sentrale aktørane vedtatt å ta ut Nøstet som ein aktuell lokalisering. Nettverksprosjektet MediArena, som er sentral i denne prosessen blir støtta via RUP. - Design Region Bergen har i 2012 fått støtte til eit kompetansehevingsprosjekt knytt til design. Vidare har dei også fått støtte til eit forprosjekt for å utarbeide ein søknad om eit nettverksprosjekt til Arenaprogrammet. 3. Prosess og arbeid med Regionalt Utviklingsprogram 2013 Regionalt Utviklingsprogram er utarbeidd i nært samarbeid med den regionale partnarskapen for næringsutvikling, Regionalt næringsforum. Regionalt næringsforum har gjeve føringar og innspel til arbeidet med revisjon av Regionalt utviklingsprogram. Det har vidare vore interne faglege prosessar og kontakt med ulike utviklingsaktørar i samband med revisjon og oppdatering av Kap. 7, Kap. 8 og Kap. 9. Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Innovasjon Noreg, Fylkesmannen si Landbruksavdeling og Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune har så gjennomgått eit første utkast. Det endelege utkastet til Regionalt utviklingsprogram 2013 blei handsama av Regionalt næringsforum 18. desember 2012 kor det blei gjort slikt vedtak: 1. «RNF tilrår fylkesutvalet å vedta Regionalt utviklingsprogram 2013 med dei merknadane som kom fram i møtet. 2. RNF tilrår at ei eventuell avgjerd om justering av RUP 2013 blir tatt i samband med at den regionale næringsplanen blir vedtatt politisk.» Protokollmerknad: «NHO, LO og NAV slutter seg ikkje til punkt E Forvalting på kr 1 250 000 i budsjettet for 2013. Forvaltingsmidlane vil redusere bedriftsretta virkemidlar og tilrettelegging for næringsutvikling.» Merknadane frå RNF er innarbeidd i utkastet som ligg ved denne saka. Protokollmerknaden er omtalt under avsnitt 5 og 6 i denne saka. 4. Kort omtale av Regionalt utviklingsprogram 2013 I 2012 blei Regionalt utviklingsprogram omarbeidd og utvida i høve til tidlegare versjonar. Dei viktigaste endringane var at programmet blei utvida for å gje ein breiare omtale av næringsutviklingsarbeidet, fylkeskommunen sitt arbeid i ulike partnarskap og arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Regionalt Utviklingsprogram 2013 er ein vidareføring av programmet for 2012 og det er ikkje gjort større endringar eller omarbeidingar. Dette har dels å gjere med revisjonen av Regionalt utviklingsprogram i 2012 og dels at det vil vere behov for ein ny revisjon når den nye regionale 3
næringsplanen ligg føre. Regionalt utviklingsprogram vil då bli eit årleg handlingsprogram for regional næringsplan. I prosessen omtalt over er gjort nokre mindre endringar og oppdateringar. Kapittelinndelinga i Regionalt utviklingsprogram 2013 er den same som i 2012. Under er dei einskilde kapitla i Regionalt utviklingsprogram 2013 kort omtalt (Regionalt utviklingsprogram 2013 ligg som vedlegg til saka): Kap 1 Kort om regionalt utviklingsprogram gir ein innføring i kva Regionalt utviklingsprogram er, korleis midlane blir forvalta og korleis prosessen med å utvikle Regionalt utviklingsprogram 2013 har vore. Kap 2 Regionalt næringsforum er ein kort presentasjon av RNF. I den trykte versjonen blir det med bilde. Kap 3 Andre aktuelle partnarskap omtaler dei viktigaste partnarskapa knytt til næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling. Desse partnarskapa er viktige for gjennomføring av tiltak innafor dei prioriterte satsingane i Regionalt utviklingsprogram. Kap 4 Forankring i høve til regionale planar og prosessar gir ein oversikt over korleis Regionalt utviklingsprogram er forankra i, og heng saman med andre regionale planar og strategiar. Kap 5 Moglegheiter og utfordringar i det regionale næringsutviklingsarbeidet er ei punktvis opplisting av nokre av dei viktigaste kortsiktige utfordringane og moglegheitene. Kap 6 Visjon, mål og strategiar for regional næringsutvikling i Hordaland er henta frå gjeldande fylkesplan. Dette er i tråd med vedtak i gjeldande Regional planstrategi. Kap 7 Sektorar/næringar med særskilt fokus har ei innleiing kor nokre sentrale nøkkeltall for dei prioriterte næringane er kommentert. Deretter føljer ein kort omtale av dei prioriterte sektorane med fokus på særlege innsatsområde for 2013. Sektorane er dei same som tidlegare år. Omtalen av kvar sektor er forsøkt gjort så kort og poengtert som mogleg. I Kap 8 Bransjeuavhengige satsingar er inndelinga i innovasjon, entreprenørskap, næringsretta kompetanse og internasjonalisering/marknadsorientering vidareført. Verktøy som NCE programmet, Arena programmet, inkubatorordninga, næringshageprogrammet, Kommuneprosjektet og Ungt entreprenørskap er omtalt som viktige verktøy for regional næringsutvikling. Kap 9 Satsing på lokal samfunnsutvikling omtaler den særskilte satsinga på dette området inkludert porsjekt og tiltak som LUK, LivOGlyst og Kom-an.no. Særleg har det vore eit poeng å få fram tettstadsatsinga tydlegare. Satsinga på landskapsparkar er også lagt hit. I Kap 10 Budsjett for RUP 2012 er sjølve RUP budsjettet omtalt. Her er nokre sentrale nasjonale og regionale føringar omtalt saman med ein kort omtale av postane i RUP budsjettet. Budsjettoppsettet er det same som for 2012. Nærare om disponeringa av midlane i avsnitt 5 under. Kap 11 Andre næringsretta utviklingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune gir ein kort oversikt over slike midlar for å gje eit fullstendig bilde av fylkeskommunen sin innsats på dette området. Kapitlet vil bli gjort ferdig når vi har fått alle tilsegn. Kap 12 Regionale partnarar sine verktøy og verkemiddel for næringsutvikling gjer ein omtale av partnarane sine verktøy og virkemidlar. Dette avsnittet vil bli fullført når partnarane har klar tal og tekst for 2013. Vedlegg vil i hovudsak omfatte dei aktuelle karta over soneinndelingane for dei distriktspolitiske virkemidlane og for differensiert arbeidsgivaravgift samt eit kart over Hordland. 5. Disponering av økonomiske verkemidlar i 2013 Retningsliner for disponering av midlane Forvaltingsansvar og økonomisk støtte til prosjekt frå Regionalt utviklingsprogram, blir tildelt ut frå fastlagde retningsliner: Fylkesutvalet fordelar verkemidlane til dei ulike hovudområda i programmet slik det går fram av budsjettet i dette saksframlegget. 4
Midlane avsett til hovudpost A «Bedriftsretta virkemidlar» blir forvalta av Innovasjon Noreg og overført etterskotsvis på kvartalsbasis og i tråd med eit eige oppdragsbrev. Midlane avsett til hovudpost B «Tilrettelegging for næringsutvikling» blir forvalta av fylkeskommunen sjølve. Søknadar om slike midlar blir i hovudsak handsama administrativt i tråd med prioriteringane i Kap. 7, Kap 8 og Kap 9. Særleg viktige og prinsipielle einskildsaker blir handsama av fylkesutvalet. Midlane avsett til hovudpost C Regionale næringsfond blir fordelt i eiga sak i fylkesutvalet i samsvar med politisk vedtekne retningsliner og deretter overført regionråda for vidare handsaming i tråd med eit eige oppdragsbrev. Midlane til hovudpost D Omstilling og nyskaping blir fordelte i eiga sak til fylkesutvalet. Midlane avsett til hovudpost E «Forvalting» blir handsama av fylkeskommunen. Økonomiske rammer for Regionalt utviklingsprogram 2013 Midlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram 2013 er i hovudsak statlege overføringar. Bruken av dei statlege midlane er bunden opp i regelverk som set rimeleg klare grenser for korleis pengane kan nyttast. Dei fylkeskommunale midlane kan nyttast noko friare. Fylkeskommunen disponerer i 2013 til saman kr 77 884 000 for å nå dei næringspolitiske målsettingane i Regionalt utviklingsprogram. Dette er ein nedgang på 3,2 % samanlikna med året før. Det er andre året det er ein nedgang i budsjettet. Nedgangen i 2012 var på 3,6 %. Råma frå Kommunal- og regionaldepartementet gikk ned frå 73,95 mill kr i 2011 til 72,13 mill kr i 2012, ein tilbakegang på 2,5 %. Det er særleg Omstillingsmidlane (- 2 mill kr) som går attende. Midlane til regionale næringsfond blir vidareført på same nivå som i 2012 medan dei det er ein liten auke (+ 0,18 mill kr) i dei «frie» midlane. Løyvinga over fylkesbudsjettet for 2012 på 2,981 mill. kr er ein auke på 1,5 % frå 2012. Etter ei endring i dei nasjonale retningslinene, blei fylkeskommunane i 2009 pålagt å sette ikkje utbetalte statlege midlar på ein eigen renteberande konto kor renteinntektene skal nyttast til same føremål som dei statlege midlane. For å sikre eit forutsigbart system for handsaming av desse renteinntektene som sikrar at dei blir forvalta på same vis som dei årlege tildelingane blei det i 2012 innført ein praksis kor opptente renter frå tidlegare år blir lagt til ramma for neste år. For 2012 var desse rentene på kr 2,773 mill kr, ein nedgang på 21,9 % frå 2012. Dette skuldast i hovudsak at utbetalingane har gått noko raskare i 2012. Etter føresetnadene som er gitt av Kommunal- og regionaldepartementet skal Regionalt Næringsforum gje tilråding om disponering av dei økonomiske verkemidlane knytt til iverksetting av Regionalt Utviklingsprogram. RNF sitt framlegg til fordeling av verkemidlane for 2013 er vist på neste side saman med den faktiske fordelinga av verkemidlane i 2012. A. Bedriftsretta verkemidlar Fylkeskommunen overfører til Innovasjon Noreg den delen av verkemidlane som er øyremerka for bedriftsretta tiltak. Midlane går til einskildbedrifter, nettverkstiltak og andre formar for bedriftsretta støtte i form av lån og ulike former for tilskott. Avtalen mellom Innovasjon Noreg og Hordaland fylkeskommune som regulerer pengebruk, rapportering og samarbeidet mellom partane blir vidareført. Det er foreslått ei løyving for 2013 på kr 35,0 mill kr. Overføringa av bedriftsretta midlar til Innovasjon Noreg utgjer 48,5 % av dei statlege overføringane for 2013. Dette er om lag same nivået som tidlegare år. 5
Budsjett Regionalt utviklingsprogram 2013 (RUP budsjett 2013). Hovudpost Delpost Budsjett 2012 Budsjett 2013 A: Bedriftsretta A-1: Frie søkbare midlar forvalta av Innovasjon Norge 35 000 000 35 000 000 virkemidlar Sum bedriftsretta midlar 35 000 000 35 000 000 B: Tilrettelegging for næringsutvikling, inkl. øyremerkte midlar C. Regionale næringsfond D: Omstilling og nyskaping Delvis søkbare midlar B-1: Bransjeretta tiltak, 11 000 000 10 000 000 B-2: Bransjeuavhengige satsingar: - Næringshagar og inkubatorar 9 437 000 9 384 000 - Andre tiltak og prosjekt B-3: Støtte til tiltak og prosjekt innanfor lokal samfunnsutvikling, - søkbare midlar 3 000 000 2 000 000 B-4: Klimaretta tiltak: 2 000 000 2 000 000 Sum delvis søkbare midlar 25 437 000 23 384 000 Øyremerkte midlar til konkrete tiltak B-5: NCE Subsea 500 000 500 000 B-6: VRI programmet 1 150 000 1 150 000 B-7: Kulturelt utviklingsprogram 1 000 000 1 000 000 B-8: UPTIME- Centre of Competence 0 250 000 B-9: Entreprenørskapssatsing IN. 900 000 900 000 B-10: Filmfondet FUZZ 650 000 650 000 Sum øyremerkte midlar 4 200 000 4 450 000 Totalt til tilrettelegging: 29 637 000 Avsette midlar som fordelast gjennom eige vedtak i fylkesutvalet 10 800 000 10 800 000 Sum Regionale næringsfond: 10 800 000 10 800 000 Avsette midlar som fordelast gjennom eige vedtak i fylkesutvalet 5 000 000 3 000 000 Sum Omstilling og nyskaping 5 000 000 3 000 000 E: Forvalting Delvis dekking av forvaltingkostnader hos Hordaland fylkeskommune 1 250 000 Sum forvalting 1 250 000 SUM: TOTAL RAMME RUP 80 437 000 77 884 000 B. Tilrettelegging for næringsutvikling Midlane under denne posten er delt på dei tre hovudområda Bransjeretta tiltak (B-1), tiltak knytt til Bransjeuavhengige satsingar (B-2) og tiltak knytt til Lokal samfunnsutvikling (B-3). Dette er tråd med inndelinga i Kap 7, Kap 8 og Kap 9 i Regionalt utviklingsprogram for 2013. Inndelinga er meint å gje betre oversikt over virkemiddelbruken. I tillegg er det sett av 2 mill kr til klimaretta tiltak på ein eigen budsjettpost (B-4) i tråd med vedtak fylkeskommunen sitt budsjett for 2013. I tråd med tidlegare praksis legg fylkesrådmannen til grunn at ein administrativt kan omfordele mellom desse postane (B-1 til B-4) avhengig av behov og søknadstilgang, likevel slik at satsinga på klimaretta tiltak blir på minst 2 mill kr. 6
Postane B-5 til B-10 omhandlar tiltak og prosjekt kor det er gjort eigne vedtak i fylkesutvalet om støtte, mellom anna 1,0 mill kr til Kulturelt utviklingsprogram og 1,150 mill kr til VRI programmet. I 2012 blei det vedteke å inngå ein partnarskapsavtale med UPTIME Centre of Competence for perioden 2012 til 2015 med ein årleg ramme på kr 250 000. Dei andre tiltaka er ein vidareføring frå tidlegare år. For oversikten sin skuld er alle vedtak om øyremerka midlar ført opp på eigne postar. C. Regionale næringsfond Ramma er på same nivå som i 2012, og samsvarer med dei statleg øyremerka midlane til dette. Midlane skal forvaltast lokalt og medverke til å løyse ut verdiskapingspotensialet i regionane og kommunane. Midlane skal nyttast i tråd med mål og strategiar i Regionalt utviklingsprogram Hordaland 2013. Det ligg stor eigenverdi i at kommunar, gjennom regionråd, samarbeider om utviklingsprosjekt. Dette gir synergiar i relasjon til kompetanseutvikling og erfaringsutveksling, og med tanke på å bli utfordra på å tenke vidare enn sin eigen kommune. Det legg også eit godt grunnlag for større, og meir kapitalkrevjande tiltak og prosjekt om fleire kommunar står saman. Fylkesutvalet vedtok nye retningsliner til fordeling av midlar til regionale næringsfond i Hordaland i møte 24.05.07. Vidare blei spørsmålet om regionale eller kommunale næringsfond på nytt handsama av fylkesutvalet i Sak 287/08 kor det blei gjort slikt vedtak: Fylkesutvalet vil vidareføre ordninga med regionale næringsfond innafor dei retningslinene som blei vedteke i 2007. Forslag til fordeling av Regionale næringsfond 2013 vil byggja på desse vedtaka, og vil bli lagt fram som eiga sak for fylkesutvalet. D. Omstilling Avsett sum er i tråd med øyremerka midlar i den statlege overføringa. Midlane skal nyttast til tiltak i område som står framfor omfattande utfordringar knytt til sysselsetting og omstilling i næringslivet. Den ekstraordinære innsatsen som desse midlane gjev rom for, skal forvaltast ut frå omfang på utfordringane og kva for problem kommunen eller regionen står overfor. Den totale ramma på denne posten har gått attende kvart år dei seinare åra og er i 2013 på 3,0 mill kr. Fylkeskommunen står noko friare i å bruka desse midlane enn det som har vore tilfellet med tidlegare ordningar, men det ligg til grunn at nokre særlege område med særskilte omstillingsutfordringar vil stå i fokus. Forslag til bruk av omstillingsmidlane for 2013 vil bli fremma som eiga sak for fylkesutvalet. E. Forvalting Som en del av gjennomføringa av Handlefridom II er det vedteke årleg å overføre 1 mill kr frå RUP til å dekke delar av forvaltingskostnadane i fylkeskommunen. I tillegg er det frå tidlegare gjort vedtak om å nytte kr 250 000 av RUP midlane og kr 750 000 av kompensasjonsmidlane til å dekke direkte forvaltingskostnader inkludert kostnader knytt til Regionalt næringsforum og til ei ekstra stilling som i hovudsak går til forvalting av kompensasjonsmidlane. Dei nasjonale retningslinene opnar for å kunne nytte inntil 5 % av ramma til å dekke kostnadar med forvalting. 6. Forhold til nærare avklaring Det har i aukande grad vore eit press om bruk av regionale utviklingsmidlar til å drifte utviklingsprosjekt av meir eller mindre permanent karakter. Konkrete eksempel på dette i RUP 2013 er midlar avsett til NCE Subsea, VRI programmet, inkubatorar og næringshagar. Dette innskrenkar handlingsrommet når det gjeld å støtte nye tiltak og prosjekt. Det ligg også føringar og avgrensingar i 7
retningslinene frå Kommunal- og regionaldepartementet i kva grad midlane kan nyttast til drift. I eiga sak til fylkesutvalet blir desse utfordringane drøfta nærare. Bruk 1,250 mill kr til å dekke delar av forvaltingskostnadene som fylkeskommunen har, er i tråd med dei statlege retningslinene som gjer rom for å nytte inntil 5 % av ramma til dette. Dette er også eit av tiltaka i gjennomføringa av Handlefridom II og er lagt inn i budsjettet for 2013. Fylkesrådmannen finn difor ikkje grunnlag for å tilrå at ein kan ta protokollmerknaden frå NHO, LO og NAV i siste møte i Regionalt næringsforum til følgje. Eit høyringsutkast til ny regional næringsplan blir fremma som eiga sak i dette møtet. Som det går fram av denne saka tar eg sikte på å fremme planen for endeleg godkjenning til fylkestinget i juni. I den samanheng vil det bli vurdert om det er behov for å omarbeide RUP 2013 for resten av året. Det vil i alle tilfelle bli utarbeidd eit nytt regionalt utviklingsprogram for 2014. 7. Iverksetting Som styringsgruppe for Regionalt utviklingsprogram, har Regionalt Næringsforum eit særleg ansvar for iverksetting av programmet. I praksis er det fylkeskommunen som har regien på dette arbeidet. Vi vil vidareføre arbeidet med ei meir proaktiv holdning ved å ta initiativ til program, prosjekt og satsingar innanfor dei ulike prioriterte områda med konkrete utviklingsaktørar i fylket. Dette skal likevel ikkje vere til hinder for at ulike aktørar framleis kan utvikle prosjektidear og søkje finansiering over RUP-midlane, slik dei til no har gjort. For å sikre best mogleg tilgang på gode prosjektsøknader vil vi auke marknadsføringa av midlane. På området kultur og næring er iverksetting av Regionalt utviklingsprogram avhengig av eit tett samarbeid mellom Regionalutviklingsavdelinga og Kultur- og idrettsavdelinga. Vi vil arbeide vidare med å utvikle dette samarbeidet i 2013. 8