saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 03.05.2017 55387/2017 Anders Ellingseter Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 07.06.2017 Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2017 Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år spelemidlar til idrettsanlegg. Etter vedtak i statsråd 28. april 2017 vart det avsett 1 320 505 000 kroner av spelemidlane til idrettsanlegg i kommunane i heile landet. Departementet har gitt fylkeskommunane myndigheit til å foreta detaljfordelinga av dei midlane som stilles til disposisjon for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Departementet informerer fylkeskommunane om kva beløp som er stilt til disposisjon for kvar fylkeskommune, normalt innan 1. mai, jf. V-0732 pkt. 6.2.2. Departementet stiller midlar til disposisjon basert på ein fordelingsmodell som vektar kvart fylke sin del etter søknadssum, anleggsdekning og innbyggjartal. Det er opp til fylkeskommunen å avgjere kor mykje av midlane ein skal fordele til nærmiljøanlegg og til ordinære anlegg. Måla med kriteria og vektinga av desse er å oppnå ei fordeling som sikrar at tilskotsordninga er behovsbasert og har ein utjamnande effekt på anleggsdekning mellom fylkeskommunane. Fordelinga mellom ordinære anlegg og nærmiljøanlegg vart vedteke i sak KF-16/17: Minimum 10 prosent av tildelte spelemidlar skal gå til nærmiljøanlegg Alle kommunar som har søknader på nærmiljøanlegg skal få på 1. prioriteten sin. Departementet sine føringar for fylkeskommunane sin detaljfordeling 1. Søknader som har fått deltildeling tidligare (gjentekne søknader) skal tildeles restbeløp. Sjå også pkt. 4. 2. Anlegg spesielt tilrettelagt for personer med nedsett funksjonsevne skal prioriterast. 3. Søknader som gjeld rehabilitering av lysanlegg med PCB-holdige armaturar, jf. føresegner i V-0732, pkt. 2.6.4, prioriterast. Ein gjer merksam på at gjeldande søknadsperiode er siste anledning til å tildele midlar under gjeldande føresegner for PCB-holdige armaturar, som medfører tilskot på inntil 50 % av kostnad. 4. Om oppdeling av tilskot: a) For søknader med godkjent søknadssum lik eller under 1 000 000 kroner (ekskl. særlige tilskotssatsar), skal ikkje tilskotet delast. b) Søknader med godkjent søknadssum over 1 000 000 kroner kan få tilskotet fordelt over to år, med ein halvdel kvart år.
c) Søknader med godkjent søknadssum lik eller over 6 000 000 kroner kan få tilskotet fordelt over tre år, med ein tredjedel kvart år. d) Ved betydeleg høgare godkjente søknadssummar enn omtalt i pkt. 6 kan tilskot delast over 4 år etter avtale med Kulturdepartementet. 5. Søknader som ikkje får midlar i år kan fremmast på nytt, og bli vurdert ved neste års fordeling, på linje med andre søknader og etter dei gjeldande føresegnene. 6. Det er berre prosjekt som inngår i ei vedteken kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet som har rett til tilskot (om nærmiljøanlegg, sjå nærmare føresegn i V-0732, pkt. 3.3.4). Midlar til fordeling for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal I 2017 skal i alt 74 945 204 kroner fordelast til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Beløpet er i hovudsak tildeling frå Kulturdepartementet, men òg overførte midlar frå 2016. Beløpet er sett saman slik; Tildelte spelemidlar frå Kulturdepartementet, 72 721 000 kroner Rentemidlar, 735 204 kroner Inndregne midlar, 1 489 000 kroner Rentemidlar er renter av overførte spelemidlar frå Kulturdepartementet før dei vert utbetalt til dei anlegga som har fått tilsegn. Inndregne midlar er midlar som det er gitt tilsegn på, men som ikkje er utbetalt. I årets spelemiddeltildeling frå Kulturdepartementet ser vi ein auke på omlag 5 millionar kroner frå 2016. Møre og Romsdal har den 7. høgste tilskotsramma blant fylkeskommunane. Tildelinga til fylka varierer frå 25 473 000 kroner (Finnmark) til 127 738 000 kroner (Akershus). Sjå vedlegg 2. Innkomne søknader Det har kome inn i alt 271 søknader frå alle kommunane i Møre og Romsdal, fordelt på 90 nærmiljøanleggssøknader og 181 søknader på ordinære anlegg. Godkjent samla anleggskostnad er 1 526 597 540 kroner. Godkjent total søknadssum er 290 009 000 kroner. Krav til søknaden Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016 publikasjonsnummer V-0732 fastset kva krav som er sett for å få ein godkjent søknad. Ein søknad skal ha følgjande vedlegg: Vedlegg 1: Idrettsfunksjonelle førehandsgodkjende planar for anlegget, med behovsoppgåve Vedlegg 2: Detaljert kostnadsoverslag Vedlegg 3: Finansieringsplan med dokumentasjon Vedlegg 4: Plan for drift av anlegget Vedlegg 5: Dokumentasjon på rett til bruk av grunn Reglar for fastsetting av tilskot og tilskotssatsar Hovudregelen for ordinære anlegg er stønad på 1 mill. kroner. På større og meir kostnadskrevjande anlegg er det mogleg å oppnå større summar. På ordinære nærmiljøanlegg er hovudregelen halvparten av godkjent kostnad inntil 300 000 kroner. I tillegg ligg det òg generelle merknader i tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet
Rutinar for saksbehandling og prioritering Fylkeskommunen ser det som ei viktig regional utviklingsoppgåve å gje faglege råd for utvikling av gode anlegg til beste for innbyggarane i fylket. Det blir nytta mykje tid til dialog og rettleiing av kommunar og søkjarar i utviklingsfasen for mange av anlegga. Det er dessutan fylkeskommunen sin oppgåve å kontrollere/ vurdere, og eventuelt innhente ytterlegare vedlegg frå søkjaren. Fram til 15. mars vurderer administrasjonen om vedlegga er i orden. Det blir innhenta nødvendig tilleggsinformasjon, slik at flest mogleg søknader kan godkjennast. Oversikt over desse vert sendt til Kulturdepartementet innan fristen 15. mars. I denne perioden er det gjennomført samarbeidsmøte med anleggsrådet, som representerer dei ulike idrettane og friluftslivsorganisasjonane. I 2017 var 24 søknader ikkje formelt i orden innan frist for innsending til Kulturdepartementet (vedlegg 1). I årets sakshandsaming er følgjande lagt til grunn for fylkesrådmannen sitt framlegg til fordeling av spelemidlar: Meld. St. 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen Meld. St. 19 (2014 2015) Folkehelsemeldinga Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 Regional delplan for folkehelse 2014-2017 Handlingsprogram for Kultur 2017 Sak KF-6/13 Handlingsprogram for fysisk aktivitet 2013-2016 Sak KF-16/17 Spelemidlar 2017 generelle prioriteringar Generelle merknader i oversendingsbrevet frå Kulturdepartementet Kommunal prioritering Prioriteringar frå særidrettskretsane Folketal i den enkelte kommune Tildeling av spelemidlar dei siste fem år Tildeling av spelemidlar dei siste ti år Søknadssum og tal på søknader frå den enkelte kommune Vurdering I sak KF-16/17 Spelemidlar 2017 - generelle prioriteringar - vart følgjande vedtak gjort: 1. Friluftsliv og rehabilitering av idrettsanlegg blir prioritert. 2. Anlegg som utjamnar sosiale skilnader for aktivitet og helse skal prioriterast. 3. Interkommunale anlegg skal prioriterast. 4. Samlokaliserte anlegg blir prioritert. 5. Regionale konkurranseanlegg som dekker framtidige behov skal prioriterast. 6. Fylkeskommunen skal vere merksam på, og eventuelt prioritere, anlegg som treff nye målgrupper. 7. Minimum 10 prosent av tildelte spelemidlar skal gå til nærmiljøanlegg, og alle kommunar som har søknader på nærmiljøanlegg skal få tilskot til sin 1. prioritet. 8. Tilsegn til kostnadskrevjande anlegg fordelast på inntil 3 år. 9. Retningslinjer og satsingsområde lagt i gjeldande fylkesplan og sak KF-6/13, Fysisk aktivitet i Møre og Romsdal 2013-2016, skal følgjast så langt som råd.
Denne prioriteringa og føringar i tidlegare nemnte nasjonale og regionale dokument har vore styrande for forslaget til fordeling. For den einskilde kommune har vi prøvd å følgje den kommunale prioriteringa, så sant summen av andre vedtekne føringar ikkje kjem i konflikt med prioriteringa til kommunen. Godkjent søknadssum Nærmiljøanlegg Ordinære anlegg Begge anl.kat. Tal Tal godkjente tal sum tilskot Dekning i prosent 90 78 19 045 000 35 8 853 000 46,5% 181 169 270 964 000 71 66 092 000 24,1% 271 247 290 009 000 106 74 945 000 25,5% Under tilrådd sum på ordinære anlegg ligg og ein tilleggssøknad. Dette gjeld lysanlegg til Heid turløype i Herøy som har vore godkjend tidlegare. Denne søknaden får kroner 56 000 kroner av rentemidlane Forslag til fordeling av midlar til særskilte anleggskategoriar innafor ordinære anlegg: Godkjent søknadssum sum tilskot Dekning i prosent av søknadssum for anleggskategori Dekning i prosent av tot. tildelt Fotballanlegg 54 804 350 17 018 000 31% 25,8% Fleirbrukshallar 95 120 000 21 305 000 22,4% 32,3% Idrettshus 16 827 000 6 081 000 36,1% 9,2% Skianlegg 13 588 000 3 645 000 26,8% 5,5% Friidrettsanlegg 4 594 000 1 000 000 21,8% 1,5% Skyteanlegg 3 929 000 1 496 000 38% 2,3% Friluftslivsanlegg 12 559 000 6 999 000 55,7% 10,6% Aktivitetsanlegg 1 088 000 185 000 17% 0,3% Aktivitetssal 6 500 000 1 500 000 23% 2,3% Luftsportanlegg 1 400 000 700 000 50% 1,1% Hestesportsanlegg 4 449 350 2 417 000 54,3% 3,7% Svømmeanlegg 44 641 000 1 659 000 3,7% 2,5% Golfanlegg 1 000 000 1 000 000 100% 1,5% Kart 274 000 31 000 11,3% 0,05% Forslag til prioritering av tilsegn til anlegga går fram av vedlegg 3 og 4.
Forslag til vedtak: 1. Spelemidlane 2017 til Møre og Romsdal, i alt 72 721 000 kroner + 2 224 204 kroner (rente og inndregne midlar) vert tildelt søkjarane som vist i vedlagte prioriteringslister, vedlegg 3 og 4. A Ordinære anlegg Tidlegare tilsegn 13 søknader 24 297 000 kroner Nye tilsegn 59 søknader 41 795 000 kroner Samla sum 72 søknader 66 092 000 kroner I denne summen ligg også 56 000 kroner til lysanlegg ved Heid Turløype i Herøy kommune B Nærmiljøanlegg Samla sum 35 nye tilsegn 8 853 000 kroner 2. Ikkje godkjente søknader I alt 24 søknader som ikkje er formelt i orden, får avslag med grunngjeving gjeve i vedlegg 1. 3. Fordeling av inndregne midlar og rentemidlar Rentemidlar (735 204 kroner), inndregne midlar (1 489 000 kroner) er ført inn i spelemiddelfordelinga 2017. Endeleg tilsegn vil bli gitt etter eventuell klagehandsaming. Ved imøtekomen klage vil desse bli vurdert på nytt. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Grunngjeving for ikkje godkjente søknader 2 Fylkesvis fordeling 2017 3 Ordinære anlegg 2017 4 Nærmiljøanlegg 2017