REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 23 mars 2009 Stad: Bykle rådhus Desse møtte: Hans Blattmann 4755 HOVDEN Kay A. Jeiskelid 4754 BYKLE Olav Mandt 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 28.03. 2009 Agenda: 11/09 Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 12/09 Referatsaker/orientering 13/09 Drøfting av utviklingstankar 14/09 Møter med bedrifter i kommunen forslag til oppfølging 15/09 Ekstraordinære generalforsamlingar i HovdenFerie AS og Hovden Booking AS 16/09 Søknad om støtte til marknadsføring og drift av destinasjonsselskap 17/09 Søknad om støtte til nyetablering 18/09 Søknad om støtte til festival 19/09 Rullering av retningsliner for tilskott frå BHV 20/09 Eventuelle andre saker 1
Styremøtet starta med at Bykle Breiband orienterte om arbeid med strategiske vurderingar for selskapet. Styret gav tilbakemeldingar og tok gjennomgangen til orientering. SAK 11/09. GODKJENNING AV REFERAT Referat frå styremøte 02.02.2009 blei lagt fram for godkjenning. Forslag til vedtak: Styret godkjente referat frå møtet 02.02.2009, og underskreiv dette. SAK 12/09. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Hovden Løypekøyring AS HMS opplegg for Hovden Løypekøyring er på plass. Alle tilsette har fått nye tilsettingsavtalar og stillingsomtalar. Det er problem knytt til innkjøp av dei nye løypemaskinene. Den andre maskina blei levert for seint, og begge maskinene har hatt mykje feil ved leveransetidspunkt. Det vil bli kravd prisavslag og kompensasjon for ekstra arbeid og ulemper. Styret godkjente at Håkon Sæter blir tilsett i heilårleg stilling. B. Verna område som potensial for reiselivsnæringa Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland har saman laga ei prosjektskisse som søknad om eit felles prosjekt med utgangspunkt i SVR. På landsbasis blir det plukka ut 10 prosjekt som får støtte gjennom programmet Naturarven som verdiskapar. SVR har kome med i andre søknadsrunde. C. Oppfølging av løypeplan Anne Senum orienterte om oppfølgingsarbeidet avløypeplan. Det er halde grunneigarmøte, og arbeidet med å kome fram til kompensasjonsløysingar er godt i gang. D. Hovden vurdering av utviklingsprosjekt Det blei orientert om innspel til prosjekt for utvikling av fjellandsbyar. Det blei også teke opp at kommunen skal i gang med å vurdere trafikkmønsteret i Hovden sentrum. BHV skal spele inn dei opplegga som Ecosign har skissert. E. Setesdal vidaregåande skule avd Hovden Hovden Skigymnas AS Kommunen har gjort vedtak om å sette i gang ein prosjekt knytt til utvikling av den vidaregåande skulen på Hovden. Det er meininga å trekke inn Hovden Skigymnas AS, fylkeskommunen og kommunen i prosjektet. BHV er bedt om å ta prosjektleiinga. 2
F. Prosjektering / utvikling av verksemd Unnateke offentlegheit. SAK 13/09. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Det blei ikkje drøfta eigne moment under denne saka. SAK 14/09. MØTER MED BEDRIFTER I KOMMUNEN FORSLAG TIL OPPFØLGING Det blei gitt orientering om resultata av møta med overnattingsbedriftene i kommunen. Styret drøfta vidare oppfølging av bedriftsmøta. Bykle og Hovden Vekst AS meiner det har kome viktige tilbakemeldingar og nyttige innspel gjennom dei bedriftsmøta som er haldne, og vil bruke underlaget i vidare arbeid med næringsutvikling. BHV vil fortsette med å gi støtte både til fellestiltak og enkeltbedrifter, og vil i ein periode på eit par år framover opne for å bruke lån som eit virkemiddel, i større grad enn tidlegare praksis. Dette vil også bli drøfta i samband med rullering av retningslinene for tilskott. BHV ber om å gi orientering til kommunestyret om bedriftsmøta, der vi gir ein grov oversikt og presenterer forslag til tiltak. BHV ønskjer å delta i oppfølging og tilrettelegging i samband med idear og forslag som har kome fram. BHV ønsker å stimulere sentrumsutviklinga på Hovden, og vil delta i etablering av eventuell ny sentrumsforeining. BHV skal arrangere 4-5 frukostmøter i året og auke innsatsen i forhold til kompetanseheving for næringslivet. SAK 15/09. EKSTRAORDINÆRE GENERALFORSAMLINGAR I HOVDEN FERIE AS OG HOVDEN BOOKING AS Styret drøfta saka. Interimstyret for Destinasjon Hovden skal halde fram med sitt arbeid. Styret stadfestar at aktiviteten i Hovden Booking AS er overført til Hovden Ferie AS frå 01.01.09. Vedtektene skal endrast, slik at det er nok med eitt styremedlem i Hovden Booking AS. 3
Det blir oppnemnt nytt styre i Hovden Ferie AS, straks kommunen har hatt gjennomgang av framtidig eigarstruktur i selskapet. SAK 16/09. SØKNAD OM STØTTE TIL MARKNADSFØRING OG DRIFT AV DESTINASJONSSELSKAP Styret drøfta saka, og vurderte dei endringane som var gjort etter førre gongs handsaming. Bykle og Hovden Vekst tilrår at det blir løyvd kr 3.547.000 til marknadsføringstiltak og drift av organisasjonane for booking og marknadsføring for 2009. Det er eit vilkår at bedriftene finansierer minimum kr 1.850.000 til aktiv marknadsføring. Styret set som føresetnad at løyving skjer i samsvar med aktuelle lover og forskrifter. Det skal etablerast ein avtale, der bedriftene i løpet av 5 år gradvis må auke sitt engasjement, slik at dei sjølve står for 70% av total marknadsføring. Bykle og Hovden Vekst ber om å få disponere 3 mill som er avsett i samband med finanskrisa, som ein del av næringsramma. SAK 17/09. SØKNAD OM STØTTE TIL ETABLERING Avslag unnateke offentlegheit. SAK 18/09. SØKNAD OM STØTTE TIL FESTIVAL Styret drøfta korleis det er naturleg å stille seg til søknader om støtte til arrangement/festivalar. Det kan vere vanskeleg å vurdere verdien av slike tiltak, opp mot støtte til etablering av nye bedrifter i kommunen. Bykle og Hovden Vekst gjev Rekordfestivalen eit tilskot på kr 100 000,- Tilskottet bygger på eit kostnadsoverslag på kr 456.000,- Det er eit vilkår at det vert lagt fram eit detaljert budsjett. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 19/09. RULLERING AV RETNINGSLINER FOR TILSKOTT FRÅ BHV 4
Styret drøfta ulike moment som er sentrale i samband med utforming av retningsliner for tilskott. Det kom fram synspunkt om at Bykle har oppnådd mykje innanfor næringsutvikling, og har god forvaltning av retningslinene for tilskott I samband med rullering av retningsliner for tilskott frå BHV, meiner styret at det ver viktig å ha resultatfokus. Det bør visast klarare prioritering av dei bedriftene som er etablerte, særleg dei med mange tilsette. Summane som blir gitt til etablering, bør aukast og vere meir differensierte. Meir avgjerd bør delegerast. I samband med utforming av retningslinene skal det leggast vekt på kva synergiar tilskota vil ha. SAK 20/09. EVENTUELLE ANDRE SAKER Styremøtet som var planlagt 26.06 blir flytta til tysdag 30.06 kl 10.00 i Kristiansand. Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid Tore Wiese-Hansen Reidar Fuglestad Anne E. Senum Olav Mandt Magne Kvaslerud 5