Ein født optimist! Tekst og bilete: Geir Daasvatn

Like dokumenter
Multitalent og anleggsbyggjar. Av Geir Daasvatn

Evje stadion. Av Geir Daasvatn

ALTERNATIVE LØYSINGAR FOR ANLEGG TIL FOTBALL OG FRIIDRETT

Om søknad om førehandssamtykke for bruksendring og omlegging frå naturgras til kunstgras på Kvåle stadion - Sogndal kommune

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Eit prosjekt utført av:- Nasjonalforeininga for folkehelsa Hosanger Helselag

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Norsk friidrett Aust og Vest Agder

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Plan- og miljøleder hadde først en kort presentasjon om hva en kommuneplan er, og litt om hvordan klassen skulle komme med innspill til den.

HBB prosjektet til NorSahel gir svært gode resultat i Mali.

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Hardanger UngdomsTING i Granvin

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Anleggsplan. Hafslo IL

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

buss ferje syklar tog bur bil går langt fortare Nokre elever har lang skuleveg. Dei tek eller til skulen.

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Presentasjon Møteplassen Arve Hatløy Dimna IL. Into

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Idrettskonferansen Ås IR.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Frå dikt til teikneserie

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

IL Valder Ein liten introduksjon for deg som er ny i klubben eller vil melde deg inn IL VALDER SKAL GJERE VALDERØYA TIL EIN BETRE PLASS Å BU

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Til deg som bur i fosterheim år

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Ordførar SP Veronika Alstadsæter

Referat fra styremøte i fotballgruppa tirsdag 25. juni 2013 kl. 1830

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Orstad Idrettslag. Barnas Turnfestival mai 2014

Oppsummering frå styreleiar

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kjerstin Boge Solås. Fjaler Idrettsråd. Dale Idrettslag

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Søknadsinfo:

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

Referat frå møte i Voss idrottsråd 4.desember 2014

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SØKJE ARBEID I VESTNES KOMMUNE Informasjon og brukarrettleiing

Austevoll kommune. Møteprotokoll Tenesteutvalet

Rådmannen - Kultur og fritid Vår ref: 2009/ Dato:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Husnes idrettspark - opprusting friidrettsanlegg/drenering av grasbane/bygging av turveg.

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Rehabilitering / nybygg Jondal skule. Presentasjon av plannemnda sine forslag Kommunestyret

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

ØKONOMI, PROSJEKTER, AKSJESELSKAPER HOVEDSTYRET OTRA IL 2012

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Elevundersøkinga 2016

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Framlegg til: Kvinnherad Kommune. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Årsmelding 2010 Fotballgruppa

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

VOLDA KOMMUNE Lauvstad barnehage

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Godkjenning av to prosjektrekneskap

FRISTAFETTEN 2014 ESPELAND IDRETTSPLASS ONSDAG 2. APRIL KL. 18:00

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Fleirbrukshall på Husnes. Kartlegging av brukarbehovet. Resultat av spørjeundersøkinga. Spørjeundersøkinga >

IL Valder Ein liten introduksjon for deg som er ny i klubben eller vil melde deg inn IL VALDER SKAL GJERE VALDERØYA TIL EIN BETRE PLASS Å BU

Invitasjon. Veteran-VM i hopp og kombinert 2016 Knyken skisenter Norge. Knyken skisenter

MØTEINNKALLING Kopi: Ordførar, rådmann, kommunerevisjon

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

HANDLINGSPROGRAM ORDINÆRE ANLEGG

Interesselaget for farga spælsau

Transkript:

Ein født optimist! Tekst og bilete: Geir Daasvatn Odd Harald under åpninga av det nye fleirbruksanlegget ved Otrahallen i 2009: Eg er ein optimist! Det store høgdepunktet under jubileumsfesten til Otra IL i Otrahallen laurdag 21. august kom heilt til slutt: Odd Harald Robstad og Sigbjørn Kjetså blei begge tildelt H. M. Kongens fortenestemedalje i sylv. For dei som ikkje var til stades og fekk høyre ordførar Bjørn A. Ropstad i Evje og Hornnes kommune lese grunngjevinga for tildelinga, har me laga dette lille samandraget av Odd Haralds store innsats innan idrettsarbeidet i bygda gjennom nær på 50 år. Sigbjørn Kjetså vil me kome attende til ved eit seinare høve.

Odd Harald Robstad saman med Sigbjørn Kjetså i Otrahallen 21. august 2010 Odd Harald Robstad vaks opp på Syrtveit i Evje. På 1960-talet var han ein dugande friidrettsutøvar i Otra IL. Han vann fleire krinsmeisterskap og sørlandsmeisterskap i baneløp og terrengløp, og var stundom innom det gode stafettlaget Otra hadde på denne tida. Odd Harald var óg fotballspelar på gutelaga til Otra IL i si tid, ei fortid den ihuga friidrettsmannen i dag kanskje helst vil gløyme. Etter å ha teke utdanning, kom han attende til bygda i 1975. Han byrja då som kroppsøvingslærer ved Hornnes gymnas, eller Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes som det heiter i dag. Odd Harald blei verande som lærar ved gymnaset i mest 35 år, heilt fram til 2009. Frå fyrste stund etter at han var tilbake i heimbygda, engasjerte Odd Harald seg i det lokale idrettsarbeidet. Han tok på seg store oppgåver som trenar og leiar i

friidrettsgruppa i Otra IL i mange år. Men den største innsatsen og den merkesteinen som for alltid vil stå igjen etter Odd Harald er den store innsatsen han har gjort for å få bygd opp gode idrettsanlegg i bygda. Det heile byrja i 1975. Odd Harald sat saman med Sigurd Haugom i stedsstyret for Hornnes, ei slags undergruppe i Otra IL på den tida, og såg at den gamle grusbanen og friidrettsbanen ved Hornnes gymnas burde moderniserast. Både gymnasungdomen og bygdeungdomen fortente det. Dei fekk dåverande rektor ved gymnaset, Alf Gudbrandsen, med på laget. Bygdefolket stilte opp og gjorde ein eineståande dugnadsinnsats. Odd Harald leia mykje av dugnadsarbeidet. I 1978 stod nye Hornnes stadion ferdig, med ny grasbane for fotball, 400 m løpebane med moderne rødstubb, kastsektor og hoppegrop. I 1976 byrja Odd Harald, saman med fleire andre i Otra IL, å sysle med tankar om ein idrettshall i bygda. Etter fleire rundar med Evje og Hornnes kommune, der det synte seg at kommunen ikkje såg seg råd til ei slik storsatsing, stilte Otra IL med Odd Harald i framste rekke seg i spissen for arbeidet med å få reist hallen. Aksjeselskapet Otrahallen AS vart stifta i 1982. Odd Harald blei formann i byggjekomitéen for den nye hallen. Mykje av arbeidet med å reise hallen skjedde på dugnad, med Odd Harald som ein sentral dugnadsleiar. Otrahallen stod ferdig sommaren 1985. Frå 1985 og til dags dato i heile 25 år har Odd Harald vore styreformann i Otrahallen AS, eit verv han ikkje har motteke ei einaste krone i godtgjersle for. I 1989 blei Otrahallen utvida med tilbygget på baksida, med lagerrom og styrkerom i 1. etasje og det me i dag ofte omtaler som Miljørommet i 2. etasje. Odd Harald var som styreformann sentral i arbeidet, sjølv om det var ein annan anleggsbyggjar i bygda, Sigbjørn Kjetså, som gjorde den største dugnadsinnsatsen for å få dette tilbygget på plass. På byrjinga av 2000-talet såg Odd Harald med fleire kor viktig det var å utvikle treningstilbodet i Otrahallen vidare, slik at ein kunne imøtekome dei nye behova som heile tida utviklar seg i bygda og samfunnet som heilskap. Tanken var at ein måtte leggje til rette for at dei som ikkje søkte seg til organisert trening, også kunne kome til Otrahallen og der finne sitt individuelle treningsopplegg. I 2006 stod Otrahallen Helse- og treningssenter, det store tilbygget mot aust, ferdig.

Odd Harald gav seg ikkje med dette. I 2008 fekk han realisert det nye men lenge planlagte fleirbruksanlegget mellom Otrahallen og den vidaregåande skulen. Her vart det lagt nytt polytan dekke på den gamle asfaltbanen. Anlegget er nå blitt eit moderne friidrettsanlegg, med fire løpebanar for 60 m, anlegg for lengdehopp og tresteg, plass for høgdehopp og tilløp til spydkast og diskos. Det er óg banar for mellom anna tennis, basketball, volleyball, handball og badminton. Anlegget er kostnadsrekna til meir enn 1 million kroner, og er eigd av Otrahallen AS. Fleirbruksflata er høgtideleg døypt Odd Haralds Plass. Odd Harald på Odd Haralds Plass i 2008 Det er mange som engasjerer seg i frivillig arbeid, men ofte med sterkt avgrensa oppgåver og i ein kortare tidsperiode. Det er ganske naturleg, for familie og arbeid krev for mange det meste av tida. Odd Harald har gjennom 35 år engasjert seg i oppgåver som har vore omfattande og som har krevd særs

mykje tid og krefter. Han har vore ein sann visjonær i dette arbeidet, samstundes som han har vore svært så løysingsorientert. Problema som har dukka opp har han gått laus på og løyst med si ukuelege optimistiske livshaldning. Idrettsanlegga som ligg på Hornnes i dag vitnar om ein 35 år lang og eineståande trufast innsats for idretten, den vidaregåande skulen og bygda vår. Me har mykje å takke den framsynte idrettsleiaren Odd Harald Robstad for. Tildelinga av Kongens fortenestemedalje var ei ærleg fortent heidersutmerking som me alle i Otra IL helsar med stor glede. Odd Harald helsar på H. M. Kronprins Haakon då kronprinsparet vitja Mineralparken og Evje og Hornnes kommune 31. august 2010 (Foto: Irene Falck Jensen)

Kjelder: - Otra IL sin søknad om Kongens fortenestemedalje til Odd Harald - Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år, jubileumsbok - Ordførar Bjørn A. Ropstad, talemanuskript ved utdeling av Kongens fortenestemedalje til Odd Harald