Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design

Like dokumenter
Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

OK, seier Hilde og låser.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Alt det lyse og alt det mørke

2016 Det Norske Samlaget

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

men kva veit vi om barna

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Karin Moe. Virkeligheten. Roman. Oslo

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Trude Teige. Havet syng. Roman

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

KVA BETYDNING HAR BALANSEN FOR TALEOPPFATNING HOS DEN ELDRE? Inger Anita Herheim Spesialist i psykomotorisk fysioterapi Landskonferanse NSF FGD 19.

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

6-åringar på skuleveg

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Rom ved havet, rom i byen

Til venstre, der hjartet er

Hanne Ørstavik Hakk. Entropi

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Det Norske Samlaget Kart: Mikkel Grüner. Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Utlysning: vi søker fire ungdommer til å sitte i nominasjonsjuryen

Det Norske Samlaget Omslag: Nora Brech og Torill Stranger Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Omslag: Johanne Hjorthol Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Arco A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Va ren 2014

Ulsteinvik Bibelen

2 Sei tre ting du vil handle i matbutikken

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Månadsbrev for Februar

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Omslag: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg Exil Design

LAURA DJUPVIK Kvitt Roman

ANNE KARIN FONNELAND: Marmormjølk. Dikt. Samlaget 1996 Når dei vakne ser. Dikt. Samlaget 1999 KVIT, og som vind. Dikt. Wigestrand 2004 Stemma mi er

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Line Nyborg. Det andre barnet. Roman

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Jørgen Brekke. kabinett. Kriminalroman

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Lars Fiske Omslagsdesign: Øystein Vidnes

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Sofies hemmelegheit.

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Geir Nummedal FÅ BARN. Noveller FORLAGET OKTOBER 2016

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

VILDE HEGGEM. Kan han si: bli. Roman FORLAGET OKTOBER 2017

Dikt og andre tekstar

Brannsår, rus eller friheit?

Indre «korrespondance»

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

Å løyse kvadratiske likningar

Tor Arve Røssland. Svarte-Mathilda II

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg exil design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8733-5 I novella «Att döda ett barn, to forteljingar» har Rakel Solstad skrive i direkte dialog med novella «Att döda ett barn» av Stig Dagerman (henta frå Vårt behov av tröst, P. A. Norstedt & Söners Förlag, 1955). Takk til forvaltarane av Stig Dagermans forfattarskap for løyve til å trykkje teksten.

Om denne boka Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene sine. Falle er ei samling noveller om det å miste; om å ikkje vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje over ein levande, om forboden sorg. Men kva veit vi om barna (2013): «I et sterkt og effektivt, samtidig stille språk, skriver debutanten med stor innsikt om barns verden. [ ] et strålende debutarbeid.» Fartein Horgar, Adresseavisen «stilreine, spennande tekstar» Odd W. Surén, Dag og Tid «Forfatteren beskriver på en sober måte hvordan presset blir for stort og katastrofen til slutt et faktum.» Guri Hjulstad, Trønderavisa

Rakel Solstad FALLE Noveller Oslo 2015

Tileigna Y.

Innhald I Falle II Bonjour, Madame Att döda ett barn, to forteljingar III Jon Eg tek kontakt Korintarane Torefuglen Byssan lull IV

I

Lyden av motorsag. Eg går inn på soverommet som vender mot baksida av huset. Eg ser det første treet falle. Det er ei gran. Dei skjer henne i to. Med sprikande og villfarne greiner blir dei to delane køyrde vekk på traktoren.

Falle Med eit plask landa urna i havet, blei liggjande uverdig på sida og duppe, før ho sokk under dei kvite rosene som fall frå hendene våre. Urna ville løyse seg opp, hadde vi fått vite, og oska ville flyte ut i havet, det ville skje ganske raskt. Kor lang tid, nøyaktig, ville det ta, før ho var blitt hav? Slikt skal ein aldri få vite. Eg hang over båtripa, ville sjå så langt eg kunne ned i vatnet. Men urna forsvann så fort. Så altfor fort! Utanfor kyrkjegarden, langt vekk frå havet, veks selje, or og bjørk. Eit einsleg rognetre fullt av raude bær. Eg tek av meg hansken og strekkjer ut handa, kjenner på eit av bæra, lèt tommel og peikefinger gli over det glatte, spente skinnet. Eg løftar blikket og ser dei store lauvtrea inne på kyrkjegarden. Dei lyser mot meg med gule og raude lauv. Pipa på krematoriet stikk opp på andre sida av kyrkjegarden. Eg opnar grinda, går bort til den store lønna. Stiller meg innunder greinene. Rører henne ikkje. Det før så tette lauvverket er no meir gjennomskinleg. Teppet av lauv når meg til anklane. Eg ser ned på det. Det lyser. Eg tek nokre steg til sides, blir ståande under ei hengebjørk, lèt dei tynne greinene gøyme meg. Går tilbake til lønnetreet, står på det mjuke lauvteppet.

Legg eine handa på den mørke stammen, merkar korleis kroppen min vil lene seg inn mot han, vil leggje seg ned. Vil skjule seg i lauv. Bli borte, i lauv. Ho som er borte, blei borte i hav. Eg kjenner lauvhavet om føtene, lèt kroppen sige ned. Lèt han falle. Lèt lauvet skjule føtene, leggene, knea, låra. Legg meg bakover, får lauv i håret, det er nok lauv til at eg kan fylle på rundt heile kroppen. Eg auser lauvet opp frå bakken, lèt det dekkje magen og brystet, snart er det berre armane og ansiktet som ikkje er dekt av lauv. Mellom greinene på treet ser eg den sterkt blå himmelen. Eg lukkar auga, auser lauv over hovud og ansikt, gøymer armane. Er eg heilt dekt no? Det raslar. Det er vinden, det er insekt, det er små skapningar som held til innimellom og under lauvet. Dei skal kome, dei skal krabbe og krype oppå meg, rundt meg, inni meg, gjere meg til ein av dei. Dei femten trea bak huset blei merkte med raude kryss. Eit vindkast blæs bort lauv over brystet og magen. Eg held armane i ro langs sidene av kroppen. Eit barn ler. Gøymer du deg? Eg svarar ikkje. Lette skritt nærmar seg, stansar tett ved meg. Kvifor gøymer du deg? Eg set meg opp, sopar vekk lauv frå hår og ansikt, reiser meg, børstar av meg. Dei er to. Eg leika berre, seier eg. Eg leika at eg låg under snøen. Og så kom de og fann meg! Dei ser på meg, smiler usikkert, eg smiler tilbake, ristar av meg resten av lauvblada. No skal eg gå heim, seier eg.