Gjeld NOU 2009:18: Rett til læring uttale frå Statped Vest

Like dokumenter
Nasjonalt råd for lærarutdanning. Omlegging av. samarbeid med U/H-institusjonane. Steinar Sandstad

Kva. Statped Vest. kan tilby regionen? Steinar Sandstad. Statped Vest. 6. februar 2009

HØRING NOU 2009:18 RETT TIL LÆRING.

Meld. St. 18 ( ) Læring og fellesskap. Regionale konferanser. Seniorrådgiver Jens Rydland

Høringsuttale NOU 2009: 18 Rett til læring

Til Kunnskapsdepartementet

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Høringsuttalelse fra Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga

Statped. - informasjon ved etterutdanningskurs for lærere og ledere i voksenopplæringen i Møre og Romsdal Geiranger, 19.

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste


Statped fra Statped sørøst. synlig - tilgjengelig - forutsigbar. Morgedal 7. desember Steinar Sandstad regiondirektør

Delrapport 2 Modell 2

PPT no og i framtida.

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

INTERNASJONAL STRATEGI

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

Høringsuttalelse fra Lillegården kompetansesenter vedrørende

Uttale frå Ulstein og Hareid PPT i høve NOU 2009:18 Rett til læring

I høringsuttalelsen fremgår alle forslagene fra Midtlyngutvalget og Hedmark SVs innspill er således knyttet opp mot de enkelte forslag.

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

SPESIALUNDERVISNING PRESISERING AV OPPLÆRINGSLOVA 5-1 TIL 5-6 OG 4A-2, GJELDANDE RUTINAR OG ANSVARSFORHOLD

elevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og

Verksemdsplan 2013 for Vest-Telemark PP-teneste

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Nemninga ASK innbefattar heile innsatsen som trengst for å erstatte eller støtte ein mangelfull tale i kommunikasjon mellom menneske.

Hvorfor finnes Statped?

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Spesialundervisning-haldningar, rammer

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Bakgrunn for omstilling av Statped

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Samhandling mellom opplæring og helse Statped Vest sitt bidrag

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Elev- og lærlingombod i HFK

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

PSU. Fredag

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Kommunedelplan for oppvekst

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Møller kompetansesenter

Ungdomstrinnsatsinga

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Ullensaker kommune Pedagogisk psykologisk tjeneste

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: B20 &40 Arkivsaksnr.: 14/248-18

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Vi viser til NOU 2009: Rett til læring og Stortingsvedtak 349 og 350 datert

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Pasientens helseteneste

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Transkript:

Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep. N-0032 Oslo Gjeld NOU 2009:18: Rett til læring uttale frå Statped Vest Tilsette og leiarar ved Statped Vest har hausten 2009 sett seg inn i innhaldet i NOU 2009:18 Rett til læring. Med bakgrunn i drøftingar internt ved senteret, vil Statped Vest gje desse merknadene til innhaldet i NOU 2009:18 og dei framlegga som utvalet kjem med. Til kapittel 7 Voksenopplæring Statped Vest viser til omtalen av vaksenopplæringsområdet i kapittel 7. Statped Vest stør utvalet sitt framlegg om at det vert lagt fram ei eiga utgreiing om vaksne sine behov for spesialundervisning og om rettar etter opplæringslova. Statped Vest vil understreke at spesialpedagogiske behov innanfor vaksensegmentet ikkje berre må avgrensast til dugleik innan lesing, skriving, talforståing og digitale dugleikar. Til kapittel 13 Tidlig innsats og forebygging Med nokre merknader sluttar Statped Vest seg til dei seks framlegga som utvalet kjem med i kapittel 13: Når det gjeld framlegget om at det skal utviklast ein ressursbank med varierte verkty som ein støtte for barnehagar og skolar, tillet Statped Vest seg å peike på at ein innanfor eit framtidig regionalisert Statpedsystem kan leggje ansvaret for å utvikle ein slik ressursbank til dette nasjonale støttesystemet, etter føringar frå departement og direktorat og i samarbeid med andre aktuelle fagmiljø. I høve framlegget om kommunane sin plikt til å sikre språkkartlegging av barn ved fylte tre, fire og fem år, tillet Statped Vest seg å tilrå eit noko mindre intensivt kartleggingstempo, og at ein i staden vurderer å supplere kartlegging av andre sider ved utviklinga, som merksemd, sosial kompetanse og åtferd, slik utvalet sjølv peikar på. 1

Til kapittel 14 Rett til ekstra tilrettelegging i opplæringa Statped Vest ser mykje positivt ved dei åtte framlegga som utvalet kjem med i kapittel 14, til dømes understrekinga av samarbeidet mellom PPT og barnehage / skole, relevant kompetanse hos dei som skal ha ansvar for ekstra tilrettelegging i opplæringa, samt endring i barnehagelova. Når det gjeld namneendringa av kapittel 5 i opplæringslova finn Statped Vest argument både for og i mot dette. Sjølv om intensjonen er ein noko vidare rett til tilrettelegging, kan framlegget samstundes innebere ei usynleggjering av trongen for spesialpedagogisk kompetanse, noko som tvillaust ikkje vil tene dei elevane det gjeld. Statped Vest er vidare ikkje samd i den nedtoning av trongen for det eksterne blikket som ligg i ei sakkunnig vurdering. Dei sakshandsamingsreglane som gjeld for spesialundervisninga, representerer, slik Statped Vest ser det, ei kvalitetssikring av opplæringa. Vår erfaring er at det ikkje nødvendigvis er dei skolane med minst kompetanse som bed om fagleg bistand, og den ordninga som her vert skissert vil difor kunne auke kvalitetsskilnadene mellom skolane. Det vil heller ikkje vere rett, slik Statped Vest ser det, å leggje ansvaret for å avgjere om ei sakkunnig vurdering er naudsynt, på dei føresette. Ein slik måte å løyse kapasitetsutfordringane i PP-tenesta, vil kunne ha særs uheldige konsekvensar. Til kapittel 15 Tilpassede og fleksible opplæringsløp Når det gjeld dei åtte framlegga som utvalet kjem med i kapittel 15, sluttar Statped Vest seg til desse. I tillegg har vi to merknader med tanke på betre gjennomføring i vidaregåande opplæring: Det er naudsynt med andre og meir praktiske arbeidsformer innanfor alle studieløpa, slik at ein kan nå kompetansemåla gjennom tileigning av praktisk kunnskap. Ein god del ungdommar med til dømes nevrobiologiske vanskar vil kunne gjennomføre vidaregåande opplæring med god måloppnåing, dersom dei kan bruke lenger tid, og gjerne få høve til avbrekk i opplæringa. Til kapittel 16 PP-tjenesten og Statped tettere på Når det gjeld dei 13 framlegga i kapittel 16, sluttar Statped Vest til desse framlegga: PPtjenesten skal være tettere på barnehager og skoler, og videreutvikle kompetanse på læringsmiljø, problematferd og sammensatte lærevansker. og Det tas inn en bestemmelse om PP-tjenesten i barnehageloven. Når det gjeld punktet om Det etableres et nasjonalt utviklingssenter for PP-tjenesten, underlagt Utdanningsdirektoratet, med faglig tilknytning til et universitet eller en høgskole. Sentret gis en økonomisk ramme på ca. seks fagårsverk 8 mill. kroner. går Statped Vest mot dette framlegget. Dette av fleire grunnar. For det første er det ikkje ynskjeleg å overføre ressursar frå det arbeidet som Statped gjer, innanfor dagens oppdrag, til eit slikt senter. Framlegget vert heller ikkje støtta ut frå at det så langt ikkje ligg klåre tilrådingar om kva eit slikt senter skal ha for ansvarsområde og oppgåver. Så lenge det ikkje er klårare nasjonale føringar for korleis den kommunale PP-tenesta skal arbeide, eller korleis den skal organiserast, ser ikkje Statped Vest for seg at eit slikt nasjonalt senter med ei ramme på seks fagårsverk kan ha naudsynleg 2

innverknad på det arbeidet som ei kommunal styrd PP-teneste, med mange små kontor med fragmentert kompetanse, utfører. Dersom det likevel vert oppretta eit slikt nasjonalt utviklingssenter for PP-tenesta, underlagt Utdanningsdirektoratet, vil Statped Vest tilrå at dette senteret vert lagt til eit universitetsmiljø som i dag har ansvar for utdanning, forsking og formidling knytt til eit breitt spekter av dei fagfelta som tilsette i PP-tenesta arbeider innanfor. Det inneber at ein bør finne fram til eit fagmiljø som kan samle kompetanse frå fagfelt som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi og andre tilgrensa fagfelt. I tillegg bør dette universitetsmiljøet ha etablert gode faglege relasjonar til eit tverrfagleg Statpedmiljø. Statped Vest vil for sin del framheve det gode samarbeidet som i dag er etablert med Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og UH-nett Vest. Når det gjeld framlegget om at Det etableres et femårig kompetanseutviklingsprogram for PPtjenesten og tjenestens samarbeidspartnere med en økonomisk ramme på ca. 50 mill. kroner per år., vil Statped Vest gå i mot framlegget om at dette skal finansierast av midlar som i dag går til å drive verksemdene innanfor Statped-systemet. I utvikling og gjennomføring av eit slikt program må ein ta med seg dei mange og sterkt kritiske innvendingane som kom fram under evalueringa av gjennomføringa av det seinaste nasjonale programmet som kan samanliknast med framlegget; SAMTAK tidleg på 2000-talet. Som eit alternativ til framlegget bør det vurderast om departement og direktorat i samband med utforminga av eit reorganisert Statped-system bør leggje klårare føringar for Statped sitt ansvar og oppdrag i høve kompetanseheving for tilsette i PPT, i eit styrt og avtalefesta samarbeid med sentrale fagmiljø i U/H-sektoren og delar av fagmiljøa i spesialisthelsetenesta. Dette vil på ein betre måte kunne møte det kontinuerlige kompetanseutviklingsbehovet som er til stades i ei PP-teneste som mange stader er prega av relativt stor personalmessig gjennomtrekk. Statped Vest ser framlegget om at Statped organiseres i fire samorganiserte og samlokaliserte spesialpedagogiske regionsentre (Sørøst, Vest, Midt og Nord). Regionsentrene lovfestes. som ein naturleg konsekvens av den utviklinga som har gått føre seg innanfor det statlege spesialpedagogiske støttesystemet, sidan dette vart oppretta i 1992. Med dei røynslene som Statped Vest har, som langt på veg i dag er eit slikt regionalisert fleirfagleg kompetansesenter, vil Statped Vest tilrå at det i den søraustre delen av landet vert vurdert å etablere to, og ikkje eitt, regionaliserte kompetansesentra. Dette ut frå dei avstandane og ikkje minst den folkemengda det er i dette geografiske området. Statped Vest har så langt erfart at ein region med tre til fire fylke har vore eit høveleg arbeidsområde ut frå talet på kommunar, pp-tilsette, brukarar og samla ressursar til å oppretthalde eitt breitt fagleg miljø med topp nasjonal kompetanse på dei ulike spesialpedagogiske fagfelta. Om ein likevel vil halde på fire regionar kan eit alternativ til den regionsinndelinga som NOU 2009:18 legg opp til, vere at eit framtidig Statped Vest har ansvar for å gje tenester til fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og dei to Agderfylka. Likeeins at ein vurderer om Statped Midt, i tillegg til å yte tenester til Møre og Romsdal og dei to Trøndelagsfylka, kan yte tenester også sør for Dovre, slik at eit Statped Aust får eit meir handterleg tenesteområde enn det føreslegne Statped Søraust. 3

Ut frå dei røynslene Statped Vest har med samarbeid med spesialisthelsetenesta, er det ein føremon med samanfallande tenesteområde som helseregionane. Denne føremona er likevel ikkje så stor at ho veg opp trongen for å ha eit høveleg tenesteområde. Samhandlinga med helseregionen på regionsnivå har for Statped Vest sin del stort sett handla om overordna intensjonsavtalar, årlege møteplassar og forankring av operativ samhandling. Det viktigaste samarbeidet går føre seg mellom Statped Vest og ulike operative avdelingar knytt til dei einskilde helseforetaka, og ikkje med det regionale føretaket som slikt. At dei framtidige regionaliserte kompetansesentra også skal inneha kompetanse på feltet synshemming vert helsa med glede, då dette har vore eit stort sakn for Statped Vest til no. Dette gjeld ikkje minst av omsyn til brukarane. Statped Vest vil her vise til den meir detaljerte framstillinga som Fagråd syn i Helse Bergen vil gje i høve NOU 2009:18. Statped Vest sluttar seg til framlegget om å lovfeste Statped. Når det gjeld utvalet sitt framlegg om at "Regionsentrenes oppgaveportefølje skal innbefatte spisskompetanse på fagområdene syn, hørsel, språk/tale/kommunikasjon, ervervet hjerneskade og omfattende og sammensatte lærevansker., sluttar Statped Vest seg til at dei regionale sentra må ha spisskompetanse på alle desse fagområda. Korleis samansettinga og dimensjoneringa av fagkompetansen ved det einskilde regionale kompetansesenteret bør vere, må dette, etter Statped Vest sitt syn, vere opp til leiinga ved det einskilde kompetansesenteret til ei kvar tid å vurdere og fastsette. Den viktigaste premissen for samansetting av fagkompetansen ved kvart senter må vere kva tenester dei opplæringsansvarlege i kommunane, i samarbeid med PPtenesta, melder inn at dei har trong om å få frå Statped. Statped Vest føreset vidare at det til ei kvar tid vil vere opp til leiinga ved det einskilde kompetansesenteret å avgjere den fysiske lokaliseringa av medarbeidarane i kvar region. Dette vil til ei kvar tid vere ei vurdering av ulemper og føremoner knytt til naudsynleg storleik på faglege miljø og geografiske tilhøve i regionen, som til dømes reiseavstandar og kostnader for brukarar og fagfolk i kommunane og ved kompetansesentra. Når det gjeld dei to framlegga om De midler som frigjøres i form av reduserte fellesutgifter og redusert husleie ved samorganisering og samlokalisering av sentrene, avsettes midlertidig som omstillingsmidler slik at de nye regionsentrene kan utvikle sin nye rolle. og Sentrene / avdelingene for sammensatte lærevansker avvikles i sin nåværende form. 30 av 145 årsverk overføres til de regionale spesialpedagogiske sentrene for å ivareta behovet for kompetanse innenfor områder med lav forekomst knyttet til omfattende og sammensatte lærevansker. vil Statped Vest på det sterkaste frarå at desse tilrådingane vert følgde. Dette er grunna i at omgrepet samansette lærevanskar er nytta som eit samla omgrep på ei stor mengd vansketypar, og difor er eit samleomgrep som omfattar mange og til dels særs ulike vansketilstandar. Dette er vansketilstandar som kvar for seg kan vere langt meir lågfrekvente enn synsvanskar eller hørselsvanskar, og i tillegg kan opptre i mange kompliserte kombinasjonar. Sjølv om lokal PPteneste handterer mykje av det som fell inn under samleomgrepet samansette lærevanskar, er det difor ikkje meir realistisk at kommunane kan ha kompetanse på alle desse problemstillingane, enn det dei kan når det gjeld sanserelaterte vanskar. 4

I samband med dette vil Statped Vest også peike på den oppmodinga som Stortinget kom med om å gjennomgå Statpedsystemet med sikte på å styrke og videreutvikle kompetansen om alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK). Ein stor del av den kompetansen omkring ASK som i dag finst i Statped-systemet er knytt til området samansette lærevanskar. Framlegget om Med bakgrunn i reduserte behov avvikles etter hvert de statlige hørselsskolene på grunnskolens nivå. vert støtta. Statped Vest er oppteken av at det som er viktig er å sikre eit fleksibelt og robust opplæringstilbod for teiknspråklege elevar som over kortare eller lengre tid, etter sakkunnig tilråding, har trong om eit teiknspråkleg opplæringsmiljø. Staten bør i ein overgangsperiode framleis ha eit ansvar for å sikre dette. Dette kan gjerast på ulikt vis. Statped Vest vil her vise til det samarbeidet som er inngått med Bergen kommune om å etablere eit teiknspråkleg opplæringsmiljø ved Nattland skole i Bergen, i eit fagleg samarbeid med Statped Vest. Dersom Bergen kommune etter kvart skulle ynskje å ta over det fulle ansvaret for den opplæringa som i dag går føre seg ved Hunstad skole, men som frå hausten 2012 vil liggje ved Nattland skole, stiller Statped Vest seg positiv til dette. Ein føresetnad er at det vert lagt opp til ein planmessig prosess mellom partane, der ein sikrar at den faglege kompetansen ein i dag har ved Hunstad skole vert teken vare på. Ein annan føresetnad er at det vert etablert ordningar som gjer at Nattland skole, etter avtale mellom Bergen kommune og andre aktuelle kommunar, kan ta i mot elevar også frå andre kommunar i Vest-Noreg. Dette gjeld både for elevar som vil ta ut eit heiltids opplæringstilbod ved Nattland skole, og ikkje minst for elevar som har trong om å ta ut delar av opplæringstilbodet sitt i eit teiknspråkleg miljø. Den teknologien som i dag finst på marknaden, burde i langt sterkare grad nyttast i samband med ei framtidig organisering av opplæringstilbodet for teiknspråklege elevar. Dette kan gjerast ved at elevane generelt får ein større del av opplæringstilbodet sitt lagt til den lokale barnehagen eller skolen, og at eit nasjonalt miljø med høg kompetanse knytt til opplæring av hørselshemma barn i langt sterkare grad enn i dag nyttar distanseovergripande kommunikasjonsteknologi. Her kan ein kort berre vise til korleis ein ved utanlandske skolar for norske elevar, eller ved fleire skolar i Noreg, nyttar tenester frå både kommersielle og ikkjekommersielle aktørar når ein legg opp til undervisnings- eller rettleiingsøkter der lærar og elevar er lokaliserte på høgst ulike geografiske stader. Uavhengig av korleis det framtidige ansvaret for opplæring av teiknspråklege barn og unge vert lagt, bør Utdanningsdirektoratet så snart råd er, ta initiativ til eit nasjonalt utviklingsarbeid på dette feltet. Statped Vest vil gjerne ta del i eit slikt arbeid. Framlegget om at Skoledriften ved Briskeby skole og kompetansesenter og Andebu kompetanseog skolesenter søkes godkjent i privatskoleloven da behovet synes å være stabilt. vert støtta. Statped Vest kan ikkje utan vidare slutte seg til framlegget om at Lillegården kompetansesenter med nåværende økonomiske ressursramme tas ut av Statpeds portefølje og legges under Utdanningsdirektoratet som et nasjonalt senter for læringsmiljø og problematferd. Senteret knyttes faglig til et universitet eller en høgskole. Utvalget er delt i hvorvidt plasseringen gjøres varig eller for en prosjektperiode på fem år, hvoretter man vurderer videre tilknytning. I tillegg til Lillegården kompetansesenter har ein i dag Senter for Atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger og Atferdssenteret ved Universitetet i Oslo. Statped Vest tilrår at ein i første omgang ser på trongen for å ha eitt eller fleire nasjonale sentra med topp nasjonal og internasjonal kompetanse på områda læringsmiljø, problemåtferd og sosiale og emosjonelle vanskar, knytt til 5

universitets- og høgskolesektoren, og med avtalar om samarbeid med Utdanningsdirektoratet og eit framtidig regionalisert Statped. Frå Statped Vest si side, som operativ aktør og støttespelar for opplæringsansvarlege instansar i kommune-noreg, opplever vi til tider at det er lite samhandling og dialog mellom dei nasjonale miljøa vi har på desse områda i dag. Statped Vest er tilhengjar av at ulike program skal prøvast ut, for å vinne ny kunnskap på fagfeltet, men slik det er i dag kan det til tider opplevast som om det er etablert eit unødig konkurranseklima mellom ulike program og institusjonar, i staden for ein sams vilje til å finne fram til ny kunnskap i eit samarbeid. Av grunnar som er nemnde tidlegare kan Statped Vest ikkje støtte framlegget om Etter at de foreslåtte tidsbegrensede tiltakene er avsluttet, brukes de frigjorte midlene til å styrke PPtjenesten i kommuner og fylkeskommuner. Partene avtaler nærmere hvordan dette skal skje. Til kapittel 17 Helhet krever tverrfaglig og tverretatlig samarbeid Når det gjeld dei elleve framlegga som utvalet kjem med i kapittel 17, sluttar Statped Vest seg til alle desse. Statped Vest ser det i tillegg som tenleg at det vert gjort ein analyse av mandat, ansvar, oppgåver, tenesteyting og operativ samhandling mellom Statped og relevante delar av den statlege spesialisthelsetenesta. Dette for å kunne utvikle ei klårare arbeidsdeling dert dette er naturleg og ei sterkare operativ samhandling der dette vil vere ressurseffektivt og tene brukargruppene på ein betre måte enn i dag. Til kapittel 18 Kompetanse på alle nivåer Når det gjeld dei tolv framlegga som utvalet kjem med i kapittel 18, sluttar Statped Vest seg til alle desse, under føresetnad av at dette ikkje reduserer Statped sitt økonomiske handlingsrom. Statped Vest vil i tillegg peike på at det ser ut til at ein ikkje kan avvente ei heilskapleg oppfølging av NOU 2009:18, dersom ein skal sikre realisering av utvalet sine framlegg om spesialpedagogiske emne inn i lærarutdanninga. Dette grunna i at innhaldet i det nye faget Pedagogikk og elevkunnskap i den nye grunnskolelærarutdanninga vert fastlagd like over årsskiftet. Samarbeidsrådet ved Statped Vest har laga ein eigen uttale om framlegga i NOU 2009:18. Denne er lagt ved denne uttalen. Bergen, Sandane, Stavanger, 24. november 2009 Steinar Sandstad direktør 6

Til Statped Vest Samarbeidsrådet sin høyringsuttale om Rett til læring Vi ber om at uttalen vert lagt ved Statped Vest sin uttale om Rett til læring Samarbeidsrådet vil peike på at oppgåva i mandatet Midtlyngutvalet fekk var vid og dermed svært krevjande å gi eit eintydig svar på. Og når utvalet i tillegg skulle løyse kostnadene med eventuelle endringsframlegg utan å gå ut over eksisterande rammer, måtte dei løysingar utvalet la fram vere der etter. Vi har lite å innvende mot den framstilling utvalet har av målgrupper og system i Del II av Rett til læring Etter vår meining er dette ei framstilling som både er sakleg i samsvar med realitetane og dekkande framført i utgreiinga. I del III av utgreiinga kjem utvalet med ein del endringsframlegg som vi kort vil kommentere: Vi er samd med utvalet sitt framlegg om regionlisering av Statped sine tenester og ser svært positivt på framlegget om å lovfeste regionssentra. Når det gjeld avvikling av grunnskolar for hørselshemma (døme: avdeling Hunstad under Statped Vest) vil vi hevde at staten må ta eit ansvar for at skolar med teiknspråkmiljø vert oppehaldne, t. d. i samarbeidsavtalar med primærkommunar. Vi ynskjer at sentra for samansette lærevanskar skal halde fram. Statped jobbar med elevar som har store utfrodringar, ikkje berre ein diagnose, men fleire. Dermed treng PPT / skule / barnehage råd frå fagfolk med spisskompetanse for å kunne gje rett hjelp i barnehage og skole. Samstundes bør Statped sjå nærare på kva organisering som er tenleg i framtida. Samarbeidsrådet ved Statped Vest meiner at ein god skole må ha kompetente lærarar med god utdanning gjerne 5 år - og vi ser positivt på det potensiale som ligg i framlegget til forpliktende samarbeidsavtaler mellom regionsentrene og universitet og høyskoler Kpt. 18, s.198 For Samarbeidsrådet ved Statped Vest Håkon Askeland Leiar i samarbeidsrådet