Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Like dokumenter
Kvalitetsplan for SFO

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Kvalitetsplan for SFO i Porsgrunn kommune

Kvalitetsplan for SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Plan for innhold i skolefritidsordningene i Halden kommune

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Sammen om positiv lek og læring

Årsmelding for Urhei barnehage

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

LEKENDE LÆRING KVALITETSPLAN FOR SFO I BÆRUM

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Handlingsplan Lye SFO

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

EIN LEIKANDE OG TRYGG OVERGANG BARNEHAGE - SKULE

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Bjørnefaret 9, 3320 Vestfossen Skole: SFO: Barnehage:

Bærekraftig utvikling

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Saman om Ørstabarnehagen

Plan for overgangar. for barn og unge

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Informasjon og kvalitetsplan

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Rammeplan for SFO i Enebakk

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Samspel og livsmeistring

Sandeid skule SFO Årsplan

Du må tru det for å sjå det

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE

I tillegg til opplæringsloven, gjelder også forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler for skolefritidsordningen.

Kvalitetsplan for SFO NANNESTAD KOMMUNE

Prosjekteigar: Flora kommune.

Skjema for eigenvurdering

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Bjørnehiet SFO - informasjon

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Frå barnehagebarn til skuleelev

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

«Glød og go fot Hele dagen!»

Føringer for innhold i SFO

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Øystese barneskule April - 08

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Vaksenopplæringa i Sula

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Kommunedelplan for oppvekst

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Transkript:

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE 2016 2019

Innleiing Barn er undervegs og det er mykje å lære på vegen. Som vaksen i SFO har du jobben som barnerettleiar. Men kvalitetsutvikling tyder også at vi vaksne må være undervegs. Kvalitetsplanen for SFO i Bø kommune har difor fått namnet sitt, og skal såleis vere ei rettesnor for kvar vi skal saman. Formål og bakgrunn Denne planen skal være ein felles overordna plan for skulefritidsordningane i Bø kommune. Den skal gje føringar for SFO sine oppgåver og innhald og være utgangspunkt for det daglege arbeidet og lokal planlegging. Den er samstundes eit reiskap for evaluering og kvalitetsutvikling. Planen byggjer på dokumentet «Kvalitetsutvikling i SFO» med rettleiande mål og retningsliner frå Utdanningsdirektoratet. Udir framhevar følgjande fire faktorar for kvalitetsutvikling: Innhaldet i SFO Samanheng og samhandling mellom skule og SFO Leiing, bemanning og kompetanse hos dei tilsette Forventningsavklaring, informasjon og dialog med heimen Bø kommune vedtok i 2016 målsettingar for 1) tryggleik og trivsel, 2) samarbeid skule-heim og 3) aktivitetar, gjennom «Måleskjema 2016-2019». Dette ligg også til grunn for denne planen. Til sist må vi også nemne at Bærum kommune sin kvalitetsplan for 2013 2016, «Lekende læring», har vore sterk inspirasjon for både innhald og utforming av «Undervegs». Utdrag frå denne planen er nytta med tillating. Mål og verdigrunnlag Verdigrunnlag SFO sine grunnverdiar skal være dei same som skulane sine. Det skal være felles normar og reglar i skule og SFO slik at barna møter tydelege vaksne leiarar og førebilete. SFO skal formidle grunnleggjande verdiar som byggjer opp sosiale dugleikar og respekt for at vi er forskjellige. SFO skal leggje vekt på mestring og ha eit positivt syn på barn som bidrar til tryggleik og god sjølvkjensle. Verdigrunnlag handlar ikkje berre om korleis vi møter barna, men og korleis SFO-tilsette forholder seg til kvarandre, foreldra og skulen sitt øvrige personale. Overordna mål: Alle barn i SFO skal møte omsorgsfulle vaksne i trygge omgjevnader med leik og aktivitetar som gjer at dei trivas og utviklar seg positivt. Samstundes skal føresette være trygge på at barna deira blir tekne i vare på ein god måte. For å arbeide mot dette målet er følgjande kvalitetskriteriar og fokusområder valde ut: 1. Tryggleik og trivsel Barna i SFO skal føle seg trygge, trivast og oppleve tilsyn og omsorg i trygge omgjevnader. 2. Aktivitetar SFO skal ta i vare barnegruppa sine behov for variert og tilpassa leik og aktivitetar. SFO bør aktivt fremme fysisk aktivitet og gode matvaner.

3. Samarbeid skule / heim SFO skal samarbeide med skulen og foreldra om god informasjonsflyt som sikrar heilskap i barna sin kvardag og gjev føresette tryggleik for at barna blir tekne i vare på ein god måte. 4. Fokusområder SFO skal i støtte barna si utvikling og generelle læring blant anna gjennom fokus på sosial kompetanse og mestring. Barna skal få mogelegheit for medverknad i eigen SFO-kvardag. SFO skal samarbeide aktivt med skulen, foreldra og andre relevante aktørar for å nå desse måla. 1) Tryggleik og trivsel Tryggleik og trivsel handlar både om praktiske rammer, vaksenrolla, aktivitetar og eit godt sosialt miljø. Barn som finn seg til rette i leik og aktivitet kjenner seg inkludert, sett og høyrd, og har rom for å være seg sjølve i mangfaldet. Med dette lagar vi eit grunnlag for trivsel og tryggleik, og denne opplevinga rommar mange sider av SFO. Dette vil også seie mykje om kor godt vi lukkast med andre delmål. Mål: Barna i SFO skal føle seg trygge, trives og oppleve tilsyn og omsorg i trygge omgjevnader. Felles rutinar og reglar som både barn og vaksne er kjende med, praktiserer og forstår. Varierte aktivitetar tilrettelagde for barna sine ulike funksjonsnivå Omgjevnader som er tilpassa barna sine behov Barna motiverast og hjelpast til å følgje reglar og rutiner for god samhandling Personalet jobbar aktivt for at alle skal han noko å gjere eller nokon å være med Barna opplever omsorg og tilsyn ved å bli sett, høyrd og anerkjende for den dei er. SFO personalet jobbar metodisk med sosial kompetanse. Personalet jobbar aktivt for å førebyggje mobbing, og følgjer kommunen sin plan for eit godt psykososialt miljø Personalet er gode vaksenmodellar, reflekterer og utviklar eigne verdiar og vurderer eigen praksis. 2) Aktivitetar I SFO skal det både være frileik og organiserte, vaksenstyrte aktivitetar Variasjon i aktivitetane er viktig for kvaliteten på SFO-tilbodet og trivselen hos barna. Barn er ulike individ med ulike styrker og behov. Dei bør få dyrke sine interesser og oppleve mestring samstundes som dei blir utfordra til nye ting som fører til utvikling. Mål: SFO skal ivareta barnegruppas behov for variert og tilpassa lek og aktivitet. Leik SFO er barna si fritid. Difor får frileiken ofte dominere. Leik er ein viktig læringsarena for barn. SFO skal i større grad enn skulen være ein arena der barn kan leike uforstyrra under tilsyn av vaksne, men utan unødig innblanding. Dei vaksne skal bidra til at alle vert inkludert og leggje til rette når barn ikkje klarer aktivere seg sjølv eller inviterast inn i andre barn sin leik Leggje til rette for frileik og organisert leik La leiken ta utgangspunkt i det enkelte barn eller barna sine felles interesser Engasjere seg i leken, eventuelt sjølv ta del, og vurdere støtte og hjelp undervegs

Skape mogelegheiter til å lære og trene på reglar og sosiale dugleikar gjennom leiken Barna opplever ei positiv fritid med varierte aktivitetar der alle vert gjevne mogelegheit for å føle mestring Aktivitetsområder Fysisk aktivitet, kultur og kreativitet, samt mat og helse er aktivitetsområder som kan vektleggast i ulik grad. Aktivitetane vert utforma i samsvar med SFO sine lokale forhold, kompetanse, tradisjonar og behov. Fysisk aktivitet Rørsle og aktivitet er viktig for barna si fysiske og psykiske helse, deira utvikling og læring. Fysisk leik og aktivitet bør vere ein vesentleg del av barna si SFO-tid Tilpasse aktivitetar til aldersgrupper og funksjonsnivå Instruksjon i ulike reglar og dugleikar Aktiv motivering til deltaking, både som gruppe og enkelt barn Formidle kunnskap og haldningar om fair play og lagspel La barna komme med innspel og forslag til aktivitetar Dra nytte av lokale forhold og ressursar som til dømes høgskulen og idrettslinja på vidaregåande skule Kultur- og handtverksaktivitetar SFO bør legge til rette for ulike kulturelle aktivitetar som utviklar barna sine sosiale og kreative dugleikar. Kulturelle aktiviteter kan til dømes vere song og musikk, teikning, maling, kunsthandverk, dans og teater. Kommunen og SFO bør samarbeide med lokale aktørar som Kulturskulen når det er aktuelt. Utnytte den kultur- og handverksfaglige kompetansen som finst personalet Syte for at barna har tilgang til for eksempel bøker, bilete og materialar for kreativ utfolding Samarbeide med musikk- og kulturskulen Bruke lokalhistorie, kulturminner og kulturlandskap i nærmiljøet Måltider / mat og helse Mål: Måltidet i SFO-tida skal ha gode rutiner og brukast som arena for etablering av god hygiene og læring om helse og godt kosthold. God hygiene og gode rutiner rundt måltida Følgje faglege retningsliner for mat og måltider i skule og SFO i prosjektet «Liv og røre» frå 2017 Barna er med å planleggje og forberede enkle måltider eller frukt Barna deltar i etterarbeid og rydding etter måltider Samtale og opplysning gjennom små input i kvardagen Kjenneteikn på måloppnåing: Barna får leike fritt, prøve ut og utforske via leiken Personalet motiverer for utvikling og meistring i dagleg leik og i aktivitet Personalet legg til rette for deltaking i varierte fysiske aktivitetar ute og inne Nærmiljøet, natur og skogsområder blir nytta til ulike aktiviteter Kreativitet og fantasi får utløp gjennom deltaking i handverks- og kulturaktivitetar

SFO samarbeider og drar nytte av lokale ressursar Barna blir kjende med forskjellige kulturar SFO-barna får kunnskap om måltid og helse i samband med gode måltidsrutinar og faglege råd om sunn kost 3) Samarbeid SFO - heim Mål: SFO skal samarbeide med skulen og foreldra om god informasjonsflyt som sikrar heilskap i barna sin kvardag og gjev føresette trygghet for at barna vert ivaretatt på ei god måte. Samarbeid og samhandling Samanheng og samarbeid mellom skule og SFO er ein viktig kvalitetsfaktor. Rektor og SFO-leiar er ansvarleg for at skulefritidsordninga fungerar best mogeleg ut frå gitte rammer. Det handlar mellom anna om leiing, god informasjonsflyt, organisering og planlegging, ressursutnytting på tvers, kompetanseheving og samarbeid om barna. Skulen og SFO har felles verdigrunnlag og reglar Skulen og SFO legg gjensidig til rette for god informasjonsflyt Skulen si leiing og tilsette legg til rette for felles bruk av lokalar og utstyr Det settast av tid til jamlege møter mellom skuleleiinga og SFO-leiar Skuleleiinga prioriterer rekruttering av stabile og kompetente medarbeidarar, mellom anna ved felles stillingar i SFO og skule Skulen samarbeider om gode overgangar for barna, både frå barnehage til SFO og frå skulen til SFO SFO sine tilsette samarbeider med resten av skulen sitt personale, foreldre, PPT, skulehelsetenesta og andre instansar SFO sine tilsette deltek i møter om enkeltbarn eller saker når det er naudsynt SFO sine tilsette jobbar forankra i pedagogiske prinsipp og formell kunnskap om barn si læring og utvikling Det settast av regelmessig tid til planleggingsmøter for SFO-personalet SFO sine tilsette får rettleiing og kompetanseheving gjennom jamlege kurstilbod SFO-leiar tek del i SFO-nettverk med regelmessige møter SFO-leiar innhentar, oppdaterer og gjev ut informasjon som er relevant for daglig drift Samarbeid mellom SFO og heim Foreldre er ein viktig medspelar for SFO. Dei skal få den informasjonen dei treng, og skal sjølv kunne bidra med innspel som kan påverke og utvikle SFO. Dei føresette har sjølvsagt også avgjerande betyding for å sikre tryggleik og trivsel for det enkelte barn. Forventningsavklaring, dialog og Informasjon til heimen, spesielt i overgangen skule-barnehage Informasjonsmøte for foreldre med nye førsteklassingar God gjensidig informasjonsflyt SFO-heim Gode rutiner for å ta i mot og dele informasjon som kjem frå foreldre Arenaer for medverknad på det som skjer i SFO Foreldre får jamleg informasjon om SFO-tilbodet og planar for verksemda Foreldre blir gjort godt kjende med overordna målsettingar og planar for SFO Kvardagen på SFO vert dokumentert med informasjon, bilete og utstillingar

4) Fokusområder Mål: SFO skal i støtte barnas utvikling og generelle læring blant anna gjennom fokus på sosial kompetanse og meistring. Sosial kompetanse Det skal vere eit godt sosialt miljø i SFO. Alle barna skal inkluderast, og målet er å styrke barna si uformelle læring og utvikling. Sosial læring og utvikling skjer i samhandling med både barn og vaksne. For småskulebarn er leik ein grunnleggjande læringsform og ein føresetnad for arbeid med sosial kompetanse. Sosial kompetanse er definert som evne til sjølvstende, empati, samarbeid, sjølvkontroll, sjølvhevding, problemløysning og humor. Forsking har vist at bevisst trening på sosiale dugleikar aukar barna sin sosiale kompetanse. Det betyr at vaksne i SFO må jobbe bevisst med metodar og innspel som styrker barna sin sosiale kompetanse gjennom leiken og det som skjer daglig. Medverknad Innhaldet i SFO skal planleggast slik at det gjev mogelegheit for medverknad av barna. Barn sin medverknad handlar ikkje berre om praktisk medverknad gjennom barnemøter og gjeremål, men også om at barna blir sett og høyrde med sine innspel og intensjonar i det daglige samspelet med dei vaksne. Mål: Barn og skal få mogelegheiter for medverknad i egen SFO-kvardag. SFO-tilsette jobbar planlagt og bevisst saman med sosial kompetanse Vaksne grip inn og støttar barna når det trengst, slik at samspelet fungerer godt og gir kjensle av sosial meistring. SFO bidrar til å knytte vennskap SFO har fokus på meistringsopplevingar og positiv feedback SFO-tilsette observerer og evaluerer eige arbeid i barnegruppa Barna har reel medverknad i form av til dømes barnemøter Dei vaksne har ei nysgjerrig haldning til barn sine innspel og intensjonar i det daglege Kvalitetsutvikling og evaluering Kvalitetsplanen for skulefritidsordningane i Bø kommune skal bidra til utvikling og forbetring av kompetanse og kvalitet i SFO-tilbodet. Brukarundersøkinga og årleg eigenvurdering for SFO-tilsette er reiskapar i utviklingsprosessen. Refleksjon, dialog og drøfting på fleire nivå legg grunnlaget for vidare satsing, tiltak og utvikling. Vi skal: kjenne til og bruke tiltak som inngår i overordna mål for SFO og kvalitetsplanen gjennomføre brukarundersøking på kommunenivå annakvart år evaluere arbeidet på den enkelte SFO kvart år reflektere over eigen praksis på bakgrunn av målsettingar, tiltak og brukarundersøkinga revidere årlege målplanar for arbeidet i den enkelte SFO korrigere tiltak og praksis når det trengst ha ei leiing som legg til rette for auka kompetanse, utviklingsarbeid og kvalitetssikring

Kvalitetskriterier / utgangspunkt for eigenvurdering DELMÅL 1 2 3 4 5 6 TRYGGLEIK OG TRIVSEL sosialkompetanse og medbestemming Vår SFO arbeider aktivt for å skape trivsel og tryggleik Vår SFO formidlar rutinar og reglar tydeleg til barna Vår SFO har omgjevnader tilpassa barna sine behov Vår SFO jobbar aktivt for at alle skal ha noko å gjere eller nokon å være med Vår SFO har vaksne som reflekterer over praksis og er trygge, positive rollemodellar Vår SFO støttar, legg til rette og rettleiar trening av barna sine sosiale dugleikar Vår SFO gir barna rom for medbestemming Vår SFO har engasjerte vaksne med eit positivt og nysgjerrig syn på barn AKTIVITETER Vår SFO bidreg til at barna opplever ei positiv fritid Vår SFO gir barn følelse av meistring og utvikling gjennom lek, ute og inne Vår SFO gir barn følelse av meistring og utvikling i varierte aktiviteter ute og inne. Vår SFO legg til rette for allsidig fysiske aktivitetar inne Vår SFO legg til rette for allsidig fysiske aktivitetar ute Vår SFO bidrar til at barna blir kjende med mogelegheitene for aktivitetar i nærområdet Vår SFO bidrar til kreativitet og fantasi gjennom handtverks- og kulturaktivitetar Vår SFO samarbeider med lokale ressursar Vår SFO bidrar til gode vaner rundt måltida SKOLE/HJEM SAMARBEID Vår SFO samarbeider godt med skulen og har god informasjonsflyt Vår SFO gir god informasjon om tilbod og aktivitetar Vår SFO har oppdatert og tilgjengelig generell informasjon om SFO Vår SFO dokumenterer kva barna gjør på SFO KVALITETSUTVIKLING og evaluering Vår SFO har gjennomgått og revidert lokale tiltak og målplan årlig JA NEI Vår SFO har gjort ei eigenvurdering. JA NEI Dato: Sign: