Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling 24.-25.10.2013 ved Dagleg leiar Leiv Vambheim
Regionrådet i Hardanger
Kommunestrukturprosessen i Hardangewr To løp: 1.Drøfting i Regionrådsmøta i Hardangerrådet 2013/2014 - Arbeidsgruppe Vil eg gjennomgå kort her. 2.Hardangerkonferansen 13.-14.11.2013 Sjå invitasjon og program. www.hardangerraadet.no VELKOMMEN
Arbeidet har vore drøfta i Hardangerrådet slik: Konklusjon i Strategimøte 21.03.2013 Oppstartdrøfting i Rådsmøte 25.04.2013 Mandatdrøfting i Rådsmøtet 20.06.2013 Prosessdrøfting i Rådsmøtet 12.09.2013 Eige Arbeidsgruppemøte 10.10.2013 (Fyldig omtala i Hordaland Folkeblad 11.10.13)
Konklusjon i Stategimøte 21.03.2013 Hardanger må setja eg saman og drøfta kva er hindringane/barrierane for å få til effektive samhandling i Hardanger. Hardingtinget er eit naturleg organ for drøfting av dette i Hardanger. Ein nøkkel for å styrkja Hardangerrådet sin rolle som utviklingsaktør er å få hand om ein del av Fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar frå Hardanger. Hardanger Utvikling bør ein sjå nærmare på for å få gode effektive kommunetenester i Hardanger. Det er sikkert at det kjem diskusjon om kommune- og fylkesgrensen. Hardanger bør i arbeidet framover ha i bakhovudet at dette kjem. Styreleiar tilrår å setja ned ei arbeidsgruppa på nokre personar til å ta vidare spørsmålet om eit utvida samarbeid i Hardanger og gjerne i dialog med Voss for ei framtid for Hardangerregionen.
Vedtak i Rådsmøtet 25.04.2013: Hardangerrådet er ei naturleg fora for drøfting av kommunestruktur. Dagleg leiar utformar eit framlegg til framdrift, arbeidsgruppe og mandat til neste møte.
Arbeidsgruppe: Vedtak i Rådsmøtet 20.06.2013: Arbeidsgruppa vert ordførarkollegiet. Arbeidsgruppa leiger inn konsulent. Dagleg leiar tiltrer gruppa. Framdrift/ Milepælar: Hardangerkonferansen 13.-14.november 2013 Hardingtinget januar 2014. Drøftingsnotat til sommaren 2014. Vegen vidare kan avklarast då, alt etter korleis kommunestyra ser på kommunestrukturen i Hardanger.
Vedtak i Rådsmøtet 12.09.2013: Hardangerrådet legg opp til å ha arbeidsgruppemøta i utanom dei ordinære rådsmøta. MANDAT: Arbeidsgruppa skal arbeida fram forslag til ein hensiktsmessig kommunestruktur for Hardanger. Arbeidsgruppa skal finna fram til aktuelle tema til i drøfting i Hardangerrådsfora og i kommune-/heradsstyra. Arbeidsgruppa skal i sitt arbeid finna ut om ein endra kommunestruktur vil gje innbyggjarane betre tenester og næringslivet betre rammevilkår i Hardanger. Konkret skal arbeidsgruppa: 1.Få fram gode drøftingstema til Hardingtinget 2.Utarbeida eit drøftingsnotat til kommunestyra våren 2014.
Arbeidsgruppemøte 10.10.2013: Generell drøfting av problemstillinga med nokre tydelege signal: 1.Regjeringa vil gjennomføra ei kommunereform med Stortingsvedtak i denne Stortingsperioden. 2.Nedlegging av Fylkeskommunen har i nok ikkje fleirtal i Stortinget. 3.Det er uaktuelt å splitta Hardanger. 4.Me må vera rause med kvarande. 5.Me må sjølve fortelja korleis me vil ha det. 6.Viss Hardanger kan visa fram ein modell for seg som robuste kommunar, kan dette verta resultatet.
Arbeidsgruppemøte 10.10.2013: Utdrag frå debatten: I utgangspunktet må me tenkja stort og at Hardanger ikkje vert splitta halda Hardanger samla. Etter at ein ser statlege føringar, kan ein sjå på kommunegrensene. Det er uaktuelt å dela opp Hardanger. Nedlegging av Fylkeskommunen har i nok ikkje fleirtal i Stortinget. Me har framleis bygdene våre sjølv om me vert del av ein stor kommune, og kan sjølvsagt halda fram å arbeida til beste for dei slik me gjer idag.
Regjeringa vil gjennomføra ei kommunereform med Stortingsvedtak i denne Stortingsperioden. Det vert etablert prøveordningar. Hardanger kan vera del av ei prøveordning. NIVI undersøkelsen 2013 og Østandsforsking rapport 1/2012 Scenarier for kommunesektoren 2012 2037 er sentrale grunnlagsdokument. Odda kommune sin erfaring er at Røldal ikkje har blitt nedbygd etter 1964 og framleis er eit livskraftig lokalmiljø. Har tru på folkestyret vil gje gode løysingar. Må sjølvsagt sjå på geografien. Samferdselsmønsteret i Hardanger har endra seg etter 1964-reforma
Me må sjølve fortelja korleis me vil ha det. Me må stå samla ved på stå fast på at me vil ha ein Hardangerregion. Me må fortelja kva me vil til sentrale styresmakter. Me bør få på bordet kva me ønskjer skal liggja fast og kva som kan endrast. Døme: Konsesjonskrafta og Fjellstyra. Etter denne generelle runden, kan me byrja drøfta konkrete forventningar. Eg er open og me må vera opne for å vurdera argument og standpunkt. Rausheit er viktig i slike spørsmål. Regjeringsplattforma antydet tvangsamanslåing. Dei mange samarbeidstema er primært faglege argumenterte. Politisk vil dette gje avstand mellom innbyggjarane og leiinga. Våre diskusjonar må bygga på frivilligheit som fruktbart samarbeid.
Paradoks: Debatten er spesiell ved at først får kommunane beskjed om at partia sentralt kjem med signal om at ein ny kommunestruktur vil koma; Så byrja kommunane å drøfta dette; Deretter så seier dei sentralt at så mange kommunar drøftar dette at ei reform må koma. Sjølvforsterkande prosess.
Konklusjon: Regionrådet i Hardangerrådet har ikkje noko mandat frå dei 7 herads- /kommunestyre om å drøfta kommunestrukturen, men har på eige initiativ starta ein debatt og vil jobba med rammer for denne i Hardanger. Regionrådet i Hardangerrådet iks viser til dei punkta til debattgrunnlag som dagleg leiar la fram til dette Arbeidsgruppemøtet og vil sjå nærmare på dei i seinare møte. Ordførarane går kvar for seg gjennom desse og spelar skriftleg inn moment til dagleg leiar. Nokre moment som kom fram: Det er viktig å sjå på mogeleg motsentralisering. Vidaregåande skular må styrast storkommunalt. Konsesjonskrafta til Fylkeskommunen må tilfalla kommunane. Fylkesvegane kan verta delt mellom kommunale og statlege ansvar. Regionalutviklingsmidlane må tilfalla kommunane til disponerer. Fleire oppgåver må tilførast fleire ressursar.
HARDANGERKONFERANSEN 2013
HARDANGERKONFERANSEN 2013 VIL HA FOKUS PÅ KORLEIS HARDINGANE SJØLVE VIL SETJA DEI NYE KOMMUNEGRENSENE. Kultur og næringsliv ser ikkje kommunegrenser. Skal Hardanger i framtida vera ein kommune eller fleire? Kven skal bestemma dette? SJÅ INVITASJON UTLAGT.
VELKOMEN TIL KVAM 13.-14. NOVEMBER 2013
TAKK FOR AT DE LYTTA. ME FØL MED I PROSESSEN VIDARE