Informasjon frå Valstyret ved Høgskulen i Volda. Nr. 2/06. Dato: 14. november 2006. Anne Øie. Lidveig Bøe.



Like dokumenter
STRATEGISK PLAN

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategiplan for FoU

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Strategiplan for FoU

Vurdering av allianse og alternativ

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Ny strategiplan for Høgskulen

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Strategi Forord

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Rådgjevarkonferansen 2009

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

En utvikling på høgskolenes premisser?

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Strategisk plan Institutt for framandspråk

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Kommunedelplan for oppvekst

Tiltaksplan

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kven er vi, og kva gjer vi? Statleg økonomistyring

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HANDLINGSPLAN FOR INTERNASJONALISERING HØGSKULEN I VOLDA

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Den nye seksjon for applikasjonar

Lønnsundersøkinga for 2014

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

INTERNASJONAL STRATEGI

Eit lærande utdanningssystem?

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Kommunikasjonsstrategi

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Utdanningsdagane. Rektor Jørgen Amdam HVO

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE

Strategifrukost/lunsj

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Slik skal Lindås kommune arbeide med tiltakene i Strategisk næringsplan. Astrid Aarhus Byrknes, ordfører Lindås kommune, KrF

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Transkript:

VALNYTT Informasjon frå Valstyret ved Høgskulen i Volda. Nr. 2/06. Dato: 14. november 2006 Rektorvalet 2006 I dette nummeret av Valnytt presenterer vi dei to rektorata som stiller til val hausten 2006: rektorkandidat Jørgen Amdam (ASF) med prorektorkandidat Anne Øie (ALU) og rektorkandidat Sverre Liestøl (AMF) med prorektorkandidat Lidveig Bøe (ALU). Vi har også stilt dei nokre spørsmål som dei svarar på her. Jørgen Amdam. Anne Øie. Sverre Liestøl. Foto: Mats Lillesund. Lidveig Bøe. Spørsmåla er er ei blanding av innkomne forslag frå HVO-tilsette og STIV samt nokre spørsmål vi har formulert med utgangspunkt i følgjande frå strategiplanen for Høgskulen i Volda: I Høgskulen i Volda (HVO) sin strategiplan står det at måla for planperioden 2006-2010 er at HVO skal vere ein attraktiv høgskule tilby eit breitt fagtilbod ha kvalitet og vise omstillingsevne styrkje forskings- og utviklingsarbeidet vere ein god og utviklande arbeidsplass styrkje samarbeidet med samfunns- og arbeidslivet Høgskulen i Volda skal vere respektert for formidling av kunnskap og kultur av høg kvalitet. Internasjonalisering skal vere integrert i all verksemd ved høgskulen, og er såleis viktig i realisering av hovudmåla.

Svar frå kandidatane Jørgen Amdam og Anne Øie Generelt om rammer og utfordringar: Med tanke på målformuleringane over og eksterne og interne faktorar: Kva er dei største utfordringane og truslane? I lys av desse: Kva ser de som HVO sine sterkaste og svakaste sider? Utfordringar og truslar: - Lokalisering vi er ein del av utkant-noreg og må handle og utvikle oss deretter - Rekruttering av studentar både til grunnutdanningar, profesjonsutdanningar og etter-/vidareutdanning - Rekruttering av fagfolk - Samhandling mellom fag, fagadministrasjon og administrasjon - organisering - Fagleg samarbeid på tvers av fag og program - Fagleg utvikling profil behov - kompetansebygging - Internasjonalisering - Forsking og forskingsformidling - Samfunnsutvikling og kontakt - Økonomi Sterke sider: Vi er ein velfungerande høgskule med høg kompetanse, godt renomé mellom studentar, fagfeller og i samfunnet og vi samarbeider godt med samfunnet vi er ein del av. Vi har god infrastruktur, internasjonal innsats, økonomi, administrasjon, søkning, stor omstillingsog innovasjonsevne m.m. spesielt samanlikna med andre høgskular i tilsvarande situasjon er i det heile ein veldreven høgskule som vi vil utvikle vidare. Svake sider: Bortsett frå dei som er knytt til lokalisering er vi komen kort med omsyn til: - samarbeid på tvers vi framstår ofte som fleire høgskular i staden for ein, organisatorisk og fagleg - vi er komen kort i å aktivisere alle i fagleg utviklingsarbeid og forsking, sjølv om vi er betre enn mange andre høgskular - vi er komen kort i å omstille heile organisasjonen til endringar i studiesituasjonar spesielt knytt til utdanning av modne studentar på heiltid og deltid. - vi har lav ekstern inntening Ein attraktiv høgskule Konkurransen om studentane, spesielt heiltidsstudentane, er hard. Mange trekkjer til dei store byane. Korleis skal HVO møte denne konkurransen? Vi ønskjer oss aktive, sjølvgåande og kritiske studentar, vi har sterk fokus på studiekvalitet og vi skal tilby det beste av undervisning, IT tilbod, bibliotek m.m. Vi vil arbeide for å betre undervisningskvaliteten gjennom fokus på universitets- og høgskulepedagogiske tiltak og ved å satse vidare på studiekvalitet og samfunnskvalitet. Vi må take omsyn til at ulike grupper av studentar har ulik situasjon og utfordringar og må utvikle fag, fagadministrasjon og administrasjon deretter studentane må stå i sentrum for oss alle. Aktivt i samarbeid med kommune, frivillige lag og organisasjonar og næringslivet må vi utvikle Volda og regionen til den beste studiecampus i Skandinavia. Korleis vil de arbeide for å trekkje velkvalifiserte tilsette til høgskulen? Dei fleste av fagfolka våre har røter på Nordvestlandet. Dette må vi take utgangspunkt i og systematisk få velkvalifiserte kvinner og menn herifrå til å arbeide ved høgskulen og i miljøet. Vi må også systematisk utdanne våre eigne toppfolk både innan førstelektor/dosent- og professorløyper mest alle professorane våre har fått kompetanse ved å arbeide her. Studietilbod og fagprofil Ser de fagområde som bør utviklast i breidde eller djupne og ser de område som må byggjast ned? Dei demografiske endringane i Noreg gjer at vi vil slite med å halde talet heiltidsstudentar på noverande nivå, noko som er eit mål for oss. Vi har alt omfattande verksemd innan etter- og vidareutdanning, masterutdanning og innan nettutdanning mange av desse er modne studentar. Vi må rekne med at vidare vekst må skje innan desse felta, spesielt masterutdanningar retta inn mot yrkesutøvarar som har våre grunnutdanningar. I planperioden skal høgskulen ha etablert ei doktorgradsutdanning. Korleis og innanfor kva fagområde skal dette målet realiserast? Vi vil prioritere etableringa av doktorgradsutdanning innan kjerneområdet til høgskulen samfunnsutviklingsarbeid knytt til utdanning og læring, sosialt arbeid, organisasjonsutvikling og leiing. Kvalitet og omstillingsevne Auka konkurranse, interne og eksterne evalueringar m. m. set fokus på kvalitet i alle ledd og delar av verksemda. Kva blir den viktigaste jobben her og kvifor? Den raske samfunnsendringa gjer at ein organisasjon som HVO må løpe fort for å «stå stille», vi må rekne med kontinuerleg omstilling og organisasjonsutvikling. Stor dynamikk i sektoren krev evne til omstilling. Kva vil bidra best til auka beredskap og omstillingsevne? Høg kompetanse og kvalitet i alle delar av høgskulen sin organisasjon og verksemd er det beste bidraget. Dette krev systematisk opplæring og kompetanseheving av alle tilsette. Forskings- og utviklingsarbeid Høgskulen i Volda skal fremje forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid knytt til dei utdanningane høgskulen tilbyr, og etablere spisskompetanse på utvalde område. Den profesjonsretta forskinga skal styrkjast. Kva grep blir viktigast her? Forsking, fagutvikling og formidling er heilt sentralt for å halde på og vidareutvikle kompetanse. Høgskulen har svært vellukka innsats innan profesjonsforsking, kulturarbeid og samfunnshistorie/utvikling. Denne innsatsen vil vi styrke og i tillegg styrke medieforskinga. Kunstnarlege og kulturelle uttrykk er også ein del av dette biletet. Kva vil kandidatane gjere for å ivareta og vidareutvikle det unike musikkmiljøet ein finn ved Høgskulen i Volda? Høgskulen sin kunstnariske og kulturelle innsats er vesentleg for oss for å vere ein attraktiv høgskule i eit attraktivt samfunn vi vil så langt det er mogleg stimulere slik verksemd vidare i tett samarbeid med regionen. Vi vil gi stor tyngde til arbeidet med å få eit kultursenter med produksjon i Volda. Ein god og utviklande arbeidsplass Er det ting innanfor personalpolitikken ved HVO de vil arbeide spesielt med. Stikkord: kompetanseheving, seniorpolitikk, nytilsette osv. Ved høgskular og universitet er det ofte i ei større eller mindre grad ei uheldig spenning mellom fag og administrasjon. Ser de behov for særskilde tiltak her? Kva slag tilsetjingsvilkår for stipendiatar vil de gå inn for, og i kva grad vil t.d.

finansieringsgrunnlaget for prosjektet kunne innverke på fastsetting av den samla perioden? Skal høgskulen løyse oppgåvene sine framover må skiljeliner mellom fag, fagadministrasjon og administrasjon reduserast og med utgangspunkt i dei oppgåvene vi skal løyse i lag; undervisning, forsking og samfunnsutvikling. Vi må alle saman fokusere på å gi best moglege tenester til brukarane våre. Det er vi som må tilpasse oss deira behov, om ikkje misser vi dei. Vi har ei stor utfordring i at ein høg del av staben blei rekruttert på 1970 og -80-talet, noko som gjer at vi må satse systematisk og kraftig på rekruttering så mange stipendiatstillingar som det er mogleg å få tak i, systematisk oppfølging av dei og eige doktorandprogram. Den organisatoriske basen HVO-styret har gjort fleire vedtak om omorganisering og styring av høgskulen i det siste året. Er det noko av desse vedtaka de er/har vore usamde i? I tilfelle: kvifor og kva har de tenkt å gjere med det? Vi er sterkt tilhengarar av prinsippet om lavaste tenlege organisasjonsnivå og at oppgåver må løysast nærast mogleg brukarane nærleiksprinsippet. Vi vil arbeide for å etablere ein tenleg instituttstruktur knytt til studieprogram og fag, gi institutta i samarbeid med avdelingane og sentraladministrasjonen ansvar for fagutvikling og fagadministrasjon. Om vi får institutta til å fungere godt og samarbeide med kvarandre, er avdelingsinndeling eit mindre vesentleg punkt bortsett frå fysisk fellesskap, dei som må og skal samarbeide må ha tettast mogleg fysisk fellesskap. HVO har delt leiing. Kva meiner de er rektor si viktigaste faglege oppgåver og korleis har de tenkt å møte dei? Rektor, prorektor, dekanar og instituttleiarar må først og fremst vere faglege og fagadministrative leiarar i tett samarbeid med administrasjonen. Vi må vere ei synleg leiing ved å setje klare mål og systematisk arbeide for å oppfylle dei, vi må arbeide som eit team men vi må også utvikle ein organisatorisk fellesskap og samarbeid som utviklar høgskulen og samfunnet. Dette krev aktiv kommunikasjon og samarbeid mellom dei personar som bør og må samarbeide. Kva vil de gjere for å stimulere dei ulike HVO-miljøa til å forstå seg som, og agere, som ein samla høgskule? Vi vil utvikle eigne læringsretta forum på tvers knytt til profesjonsutdanning, masterutdanning m.m. og lage faglege og administrative strukturar som høver for og som samordnar lærarutdanningane våre og forankrar dei i leiinga. Vi meinar at nye avdeling 1 har spesielle utfordringar og vil støtte avdelinga i arbeidet med utviding til 5 bachelorstudiar som også er sentrale i lærarutdanninga, kultursatsinga, for rekruttering, studentmiljøet og lokalsamfunnet. Vi vil forenkle og forbetre kvalitetssystemet vårt, slik at det vert eit tenleg verkty både for studentar, tilsette og leiing. Økonomi Leiinga arbeider med ny budsjettmodell. Kva bør endrast og kvifor? HVO har hatt ein stor vekst talet på studietilbod og studentar. Veksten har ikkje gjeve den økonomiske utteljinga ein kunne håpe på, og løyvingane per student går ned. Kva bør gjerast? Bør HVO bli tøffare med omsyn til å legge ned studietilbod? HVO skal spare 4,5 mill i 2007. Korleis skal det gjerast? Vi ønskjer ein budsjettmodell som blir oppfatta som rimeleg og rettferdig, som tek omsyn til dei mål vi har som høgskule og som også må tilpassast dei rammevilkår vi har. Vi går ut frå at tilbakeslaget for 2007 er midlertidig og vil møte det ved «bufring». Rammevilkåra frå staten kan gjere det vanskeleg å oppretthalde studietilbod som ikkje blir prioritert av studentar og av samfunnet (betaling). Om ein ikkje greier omstilling kan nedlegging vere aktuelt. Vi vil fortsetje og legge endå større tyngde i det gode samarbeidet som lærarutdanninga og andre profesjonsutdanningar har med fylkesmannen, fylkeskommunen, interkommunale samarbeid og kommunane og som gir oss både velvilje og inntekter. Samarbeid med samfunns- og arbeidslivet Korleis vil de prioritere arbeidet mot interessentar og samarbeidspartnarar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå? Vil de arbeide for ei samanslåing (skipe eit universitet) av høgskulane i fylket? Utan samarbeid dør høgskulen vi lever og må leve i symbiose med samfunnet. Vi som rektorat vil legge stor vekt på at høgskulen er både samfunnstenarar og samfunnsutviklarar. Partnarskapen om nytt kulturhus er eit typisk døme på samarbeid ut frå sams interesser. Senter for nynorsk i opplæringa er viktig for oss, det er ei vesentleg teneste til vårt distrikt og kultur. Vi har her førebels kome for kort i å utnytte det store potensialet ved høgskulen her - profilering, FoU-aktivitet og undervisning. Verdiar høgskulen for samfunnet Mange universitet og høgskular brukar gjerne godt med plass på formuleringar om kva slags verdiar som skal prege verksemda. Kva grunnleggjande verdiar bør gjennomsyre HVO som organisasjon, arbeidsmiljøet, undervisninga og FoU-verksemda? Studentane i sentrum Nærleik mellom studentar, tilsette og samfunnet Eit mangfald av studium Samfunnstenar, men også samfunnskritikar Kvalitet, men også krav og omsut vi har alle rettar og plikter Rektor kandidat Jørgen Einar Amdam (f: 1945) er professor ved Avdeling for samfunnsfag. Utdanning: 1974: Lisensiatgraden i landbruksvitskap (Lic. agric) NLH. 1980: Dr. scient NLH. Arbeidserfaring: 1973: Amanuensis ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda (MRDHV) 1989: Høgskuledosent MRDHV 93/94: University College Galway, Irland 1993: Professor MRDHV 94-97: Prorektor ved Høgskulen i Volda (HVO) 2002: Professor i kommunalfag ved HVO Prorektorkandidat 1.lektor Anne Øie (f. 1951) er i dag dekan ved avdeling for lærarutdanning Utdanning: 1976: Førskulelærarutdanning, Barnevernsakademiet 1986: Cand.ped.spec. Statens spesiallærarhøgskule Arbeidserfaring: 1976-1983: Lærar, Oslo komm.spesialpedagog ved Statens senter for barne og ungdomsspsykiatri 1986-1991: Leiar i pedagogisk fagteam/pedagogisk rettleiar Oslo komm. 1991-1994: Forskar, Møreforsking, Volda 1994-2000: 1.lektor i pedagogikkseksjonen. Avd. for lærarutdanning HVO. Seksjonsleiar, pedagogikkseksjonen 1997-2000: Prodekan ved Avd. for lærarutdanning 2000-2006. Dekan ved Avd.for lærarutdanning

Svar frå kandidatane Sverre Liestøl og Lidveig Bøe Generelt om rammer og utfordringar Med tanke på målformuleringane over og eksterne og interne faktorar: Kva er dei største utfordringane og truslane? I lys av desse: Kva ser de som HVO sine sterkaste og svakaste sider? Utfordringa er å vere ein attraktiv høgskule. Er vi det, får vi mange og gode studentar, og vil også vere ein interessant arbeidsplass for gode søkarar til ledige stillingar. Trusselen er at vi er så lite attraktive at vi ikkje greier å rekruttere dei beste. Sterke sider er at vi er gode på mange område, og veikskapen er at vi har for liten etterspurnad etter noko av det vi er gode på. Det er også problematisk at vi har låg basisløyving frå departementet. At vi har få betalingsstudium og andre eksternt finansierte prosjekt er med på å svekke det økonomiske grunnlaget ytterlegare. Ein attraktiv høgskule Konkurransen om studentane, spesielt heiltidsstudentane, er hard. Mange trekkjer til dei store byane. Korleis skal HVO møte denne konkurransen? Den einaste måten å vinne ein konkurranse på, er å vere betre enn dei vi konkurrerer med. Vi må difor finne nisjer som vi kan bli gode på, og styrke desse områda. Generelt: Å vere ein høgskule med solid fagleg kvalitet, og å vere ein studiestad med gode velferdsordningar og eit mangfald av sosiale og kulturelle tumleplassar. Korleis vil de arbeide for å trekkje velkvalifiserte tilsette til høgskulen? Ved å vere ein arbeidsplass med eit godt omdøme. Det kan vi gjere ved å tilby spennande fagmiljø og gode arbeidsmiljø. Vi må sørge for at vi i alle ledd i organisasjonen framstår slik at omverda opplever oss som ein imøtekomande, smidig og løysingsorientert organisasjon. Her ynskjer eg å arbeide. Studietilbodet og fagprofil Ser de fagområde som bør utviklast i breidde eller djupne og ser de område som må byggjast ned? Vi legg ikkje opp til større breidde enn det som er nedfelt i strategiplanen. Vi skal derimot satse på djupnearbeid: mastertilbod i mediefag og sentrale skulefag, og ikkje minst ei doktorgradsutdanning. På sikt vil vi ha ein grundig gjennomgang med alle fagmiljø for å analysere det vi driv med. Denne analysen vil vere viktig for vidare vegval. Truleg bør vi sanere noko av tilbodet for å bli betre på det som er igjen. I planperioden skal høgskulen ha etablert ei doktorgradsutdanning. Korleis og innanfor kva fagområde skal dette målet realiserast? Det naturlege er å bygge vidare på og utvikle ei felles overbygning på dei fem etablerte mastergradene. Dette må vere eit fellesprosjekt for HVO. Sentrale føresetnader for å realisere dette er god prosjektleiing, kompetanseutvikling og eit økonomisk grunnlag. Kvalitet og omstillingsevne Auka konkurranse, interne og eksterne evalueringar m. m. set fokus på kvalitet i alle ledd og delar av verksemda. Kva blir den viktigaste jobben her og kvifor? Viktigast er at leiarar og tilsette arbeider systematisk og utviklingsretta med kvalitetsspørsmål som ein naturleg del av kvardagen. Vi må også ha eit potent kvalitetssystem, og dagens system treng justering og forenkling i så måte. Målet er å kome godt ut av alle evalueringar på sikt. Der evalueringane gir oss dårleg skussmål, må vi gå inn med ekstra energi. Leiinga, saman med dei involverte, studentar og tilsette, må løyse problema. Truleg kan mykje løysast ved dialog og omdisponering av ressursar. Stor dynamikk i sektoren krev evne til omstilling. Kva vil bidra best til auka beredskap og omstillingsevne? At leiinga er i forkant av utviklingstrekk som gjer eventuell omstilling nødvendig, og grip inn i tide. Det er også viktig å informere grundig og skape mest mogleg forståing for situasjonen. Å legge til rette for opne medverknadsprosessar høyrer også med. Men leiarar må i slike situasjonar også kunne leie i tydinga å styre. Forsking og utviklingsarbeid Høgskulen i Volda skal fremje forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid knytt til dei utdanningane høgskulen tilbyr, og etablere spisskompetanse på utvalde område. Den profesjonsretta forskinga skal styrkjast. Kva grep blir viktigast her? Å spisse tiltaka; primært ved at fou-stipend og stipendiat blir nytta til kompetanseheving i tråd med satsingsområda i strategiplanen og ikkje etter den enkeltes personlege ønske. Å vere aktive i å søkje eksternt finansierte prosjekt. Det er generelt viktig å satse på større forskingsprosjekt der fleire tilsette deltek; gjerne frå ulike fagmiljø internt og eksternt. Vi har eit klart behov for forskingsprosjektleiarar. Kunstnarlege og kulturelle uttrykk er også ein del av dette biletet. Kva vil kandidatane gjere for å ivareta og vidareutvikle det unike musikkmiljøet ein finn ved Høgskulen i Volda? Musikk, til liks med dei andre fagmiljøa i den nye avdeling 4, er verdifulle for HVO. Vi støttar arbeidet med å få til eit senter for kulturproduksjon, og trur at ei realisering av dette vil gi nytt potensial for utvikling både på utdannings- og fou-sida. HVO har etablert eit godt foupoengsystem som krediterer også kunstnarlege og kulturelle uttrykk: td konsertproduksjon, teaterførestillingar, utstillingar m.m. Ein god og utviklande arbeidsplass Er det ting innanfor personalpolitikken ved HVO de vil arbeide spesielt med. Stikkord: kompetanseheving, seniorpolitikk, nytilsette osv. Når det gjeld kompetanseheving, sluttar vi opp om strategiplanen for FoU.Vi vil særleg framheve behovet for nyrekruttering og vekst i professorgruppa. Det er nødvendig med ein konkret handlingsplan for å oppnå dette. Generelt vil altså kompetansehevinga bli meir målretta, noko som også kan gi oss lettare tilgang til forskingsmidlar. Seniorar og nytilsette er viktige ressursgrupper, og vi ser gjerne nærmare på om det er behov for konkrete tiltak. Gruppa av nytilsette har eit sjølvsagt krav på god oppfølging. Kanskje er det ikkje så mykje som skal til kanskje er det mest eit spørsmål om omtanke og hjelp med å tilrettelegge arbeidsdagen i den fasen og situasjonen ulike grupper er i? Gode arbeidsmiljø er alfa og omega. Ved høgskular og universitet er det ofte i ei større eller mindre grad ei uheldig spenning mellom fag og administrasjon. Ser de behov for særskilde tiltak her? Vårt inntrykk er at fag og administrasjon ved HVO framleis har eit ubrukt potensial når det gjeld å forstå kvarandre sine utfordringar, oppgåver og roller. I takt med aukande aktivitetsnivå, eksterne krav og kompleksitet i det studieadministrative apparatet, og aukande press på dei fagtilsette, er det ekstra behov for informasjon og dialog i hopehavet mellom gruppene. Vi treng altså betre kommunikasjon, og det er leiinga sitt ansvar å ta tak i dette på ein analytisk og konstruktiv måte.

Kva slag tilsetjingsvilkår for stipendiatar vil de gå inn for, og i kva grad vil t.d. finansieringsgrunnlaget for prosjektet kunne innverke på fastsetting av den samla perioden? Vi tolkar det slik at spørsmålet om tilsetjing gjeld tre eller fire år; jfr utkast til forskrift som er på høyring no.vi ynskjer at HVO skal vere ein ettertrakta stipendiatstad, og legg difor vekt fleksible ordningar mest mogleg i tråd med ynskja til den enkelte stipendiat. Den organisatoriske basen HVO-styret har gjort fleire vedtak om omorganisering og styring av høgskulen i det siste året. Er det noko av desse vedtaka de er/har vore usamde i? I tilfelle: kvifor og kva har de tenkt å gjere med det? Dette «teamet» har hatt dels ulike syn i prosessen. No er vedtaka fatta, og vi er klare til lojalt og energisk å starte gjennomføringa av vedtaka. Vi har hatt gode og grundige drøftingar på kva det vil seie å vere eit «team» og korleis ein handterer eventuelle ulike synspunkt i viktige saker. Når det gjeld omorganiseringa og leiingsformene, skal dette evaluerast etter fire år. Først då er tida inne for å gjere eventuelle endringar. HVO har delt leiing. Kva meiner de er rektor si viktigaste faglege oppgåver og korleis har de tenkt å møte dei? Rektor skal, etter grundige drøftingar i organisasjonen, peike ut den retninga vi skal gå. Retninga blir nedfelt i strategiplan /styringsdokument for HVO, og rektor skal arbeide internt og eksternt for å nå måla i desse dokumenta. Internt må dette skje ved å skape forståing og entusiasme for måla, og eksternt ved å marknadsføre det vi held på med for å skaffe oss eit godt omdøme. Slik kan ein truleg gjere det lettare å få gjennomslag for at omverda finn det attraktivt å støtte prosjekta våre. Som øvste leiar for dei fagtilsette, ser vi det også som viktig at rektor er open, kommunikativ og tydeleg i møte med fagmiljøa. Kva vil de gjere for å stimulere dei ulike HVO-miljøa til å forstå seg som, og agere, som ein samla høgskule? At leiinga kommuniserer jamnt og godt med miljøa er eit viktig grunnlag for å skape ei vi-kjensle ved HVO. Vi vil legge til rette for felles møtestader med tidvis fagleg, tidvis festleg og tidvis kombinert innhald. Vi trur at ei eventuell kontorrokkering kan føre til at fleire får nye kollegaer og venner. Kanskje bør ulike fagmiljø men også fag og administrasjon dra på seminar i lag. Sentralt er også å skape mest mogleg like arbeidsvilkår og økonomiske vilkår i dei ulike institutta og avdelingane. Dette «teamet» bruker konsekvent vi-forma når vi snakkar om HVO, og vi ynskjer at alle skal oppleve det som både naturleg og ei ære å seie: Eg arbeider ved HVO. Økonomi Leiinga arbeider med ny budsjettmodell. Kva bør endrast og kvifor? Den resultatbaserte delen i dagens modell bør reduserast monaleg; dette for at vi kan ha sterkare fokus på kvalitet. HVO har hatt ein stor vekst talet på studietilbod og studentar. Veksten har ikkje gjeve den økonomiske utteljinga ein kunne håpe på, og løyvingane per student går ned. Kva bør gjerast? HVO bør produsere dei studentekvivalentane som vi får basisløyving for frå departementet. Produksjon ut over det bør skje ved betalingsstudiar eller andre eksterne prosjektinntekter. Dette handlar om studiekvalitet og arbeidsmiljø. Bør HVO bli tøffare med omsyn til å legge ned studietilbod? Ja, dersom dei ikkje har strategisk eller økonomisk verdi. HVO skal spare 4,5 mill i 2007. Korleis skal det gjerast? Vi støttar direktørens framlegg. Samarbeid med samfunns- og arbeidslivet Korleis vil de prioritere arbeidet mot interessentar og samarbeidspartnarar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå? Klart vi må delta i verda utanom HVO, men eksternt virke må avvegast mot intern røkt, utvikling og leiing. Vi vil prioritere eksternt arbeid og samarbeid på dei profesjons- og fagområda vi utdannar kandidatar til; det vere seg lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Vi vil også arbeide for å profilere HVO i media og politikk. Vil de arbeide for ei samanslåing (skipe eit universitet) av høgskulane i fylket? Nei, i dag er dette urealistisk av fleire grunnar. Vi prioriterer å bygge nedanfrå: først få på plass ei doktorgradsutdanning ved HVO. Samstundes må vi vurdere kva som kan vere fruktbare samarbeids-/samanslåingsformer på sikt. Verdiar Mange universitet og høgskular brukar gjerne godt med plass på formuleringar om kva slags verdiar som skal prege verksemda. Kva grunnleggjande verdiar bør gjennomsyre HVO som organisasjon, arbeidsmiljøet, undervisninga og FoU-verksemda? HVO skal ha eit godt omdøme. Det vil først og fremst seie: Å ha høg kvalitet på forsking, undervisning og administrasjon. Dessutan: Å formidle til omverda på ein god måte det vi driv med. Og: Å vere imøtekomande med alle som vender seg til oss, gi raske og klare svar, og at vi er løysingsorienterte i alle ledd i organisasjonen. Rektorkandidat Sverre Liestøl (f: 1949) er dekan ved Avdeling for mediefag Utdanning: 1968-1970: NRK fjernsynsteknikerkurs Arbeidserfaring: 1970: Ulike posisjonar i NRK 1980: Amanuensis ved MRDHV 1982: Overingeniør ved MRDHV 92/93: Teknisk sjef i VisCom/Nordisk film, Bergen 2000: Dekanus ved Avdeling for mediefag, HVO Prorektorkandidat Lidveig Bøe (f. 1953) er i dag prorektor ved HVO. Utdanning: Nordisk grunnfag 1975 Allmennlærarutdanning 1983 Historie grunnfag 1984 Cand. paed. 1988 Dr.polit. 1996 Arbeidserfaringar: Grunnskulelærar i fire år Forskingsassistent og forskar 1986-1993, Møreforsking Volda Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Avd. for lærarutdanning frå 1993 Seksjonsleiar for pedagogikkseksjonen 2000-2003 Prorektor frå 2003

Paneldebatt i BK-kantina kl.12.00-14.00 torsdag 16. november 2007 Medverkande Programleiar: Arnfinn Kjelland Bisittar Cecilie Wilhelmsen Dei to rektorata med: rektorkandidat Sverre Liestøl prorektorkandidat Lidveig Bøe rektorkandidat Jørgen Amdam rrorektorkandidat Anne Øie Eit panel med: Lars Jørgen Vik (ASF) Erling Sivertsen (AMF) Geir Hjorthol (AHF) Repr. frå ALU ikkje klar før deadline Oddbjørn Nes (adm) Lars Vegard Bachmann (STIV) Spørsmål frå salen

GODT VAL!