Kartskisser Dei strekningane som kan vere aktuelle for bygging av gs-veg er presentert på kart. Dette er berre eit første steg mot ei prioriteringsliste. Det må i tillegg takast omsyn til lokale tilhøve, som ikkje er lagt inn i datamodellen. Det kan vere busetnad, skredfare, inndeling av skulekrinsar, skuleskyss og alternative ruter for gåande og syklande. Fleire stader finst det kommunale og private vegar eller gangstiar som ikkje er lagt inn i vegdatabanken som ruter for gåande og syklande. Det må god lokalkunnskap til for å kunne ta omsyn til alle relevante moment. Før endeleg prioriteringsliste blir laga, bør difor Vegavdelinga gå gjennom lista. Det kan også vere nytting med ei høyringsrunde til aktuelle kommunar. Merk at dei raude strekane på karta berre indikerer eit behov. Dei seier ikkje noko om kva side av køyrevegen ein eventuell gs-veg bør ligge på. Figur 1 - Fv. 55, Kvamsviki - Lotesnesbrui Årsdøgntrafikken (ÅDT) på fv. 55 langs Barsnesfjorden er 2700. Fartsgrensa er 60 og 80 km/t. Ved Kvam ligg det eit klatrefelt som er mykje nytta av studentar i Sogndal. Det kan vurderast om gs-veg bør byggast heile vegen inn Nagløyri/Årøy. Det gir sykkelveg til eit flott turområde.
Figur 2 - Fv. 60, Loen Rake ÅDT på strekninga er 2500. Fartsgrens er 60 og 80 km/t. Ved bygging av ny E39 vil trafikken truleg bli redusert. I Loen er det potensiale for at både lokale og tilreisande kan ha stor glede av gs-veg. Våren 2017 opnar det gondolbane til fjellet Hoven. Startpunktet er rett ved fv. 60, litt nordvest for hotell Aleksandra. Bygging av gs-veg på denne korte strekninga bør vurderast uavhengig av resten. Figur 3 - Fv. 55 ved Geitaneset Fv. 55 frå Marifjøra til Geitaneset har ÅDT 2250. Fartsrensa er 80 km/t. Gjennom Marheimsgilet er det tungt terreng for bygging av gs-veg. Vidare mot Hafslo er det lite busetnad langs fv. 55, og dei fleste kan bruke fv. 339 som skuleveg. På kartet er det difor vist berre ein kort strekning med gs-veg som bind saman kommunal veg på austsida av elva med fv. 339 på vestsida. Eventuelt kan det byggast ny bru som kryssar både elva og fv. 55.
Figur 4 - Fv. 700 og fv. 615 på Sandane ÅDT på fv. 700 er 2100. Fartsgrens er 50 km/t. Det er trongt med bygningar tett i vegen, og dermed er det krevjande å utvide med fortau. Bør kanskje dele på det arealet som er! Fv. 615 har ÅDT 1800 nærast sentrum og 1350 vest for Gloppeelva. Brua over Gloppeelva er smal. Sandane har ikkje riksvegar gjennom sentrum, men fylkesvegar med relativt stor trafikk. Dette gjer at Sandane er eit av dei stadene i fylket der fylkeskommunal satsing på sykkeltiltak har størst potensiale for å gi auka sykkelbruk. Figur 5 - Fv. 614 ved Breivika vest for Svelgen sentrum ÅDT er 2050. Fartsggrensa er 50 km/t. Det er godkjent reguleringsplan for gs-veg på strekninga.
Figur 6 - Fv. 608, Ringstad - Stømsbrua - Askvoll skule Strekninga fraå Strømsbra til Askvoll skule har ÅDT 1800. Fartgrensa er 60 km/t. Denne strekninga er viktigare enn strekninga mellom Ringstad og Strømsbrua, som har ÅDT 1100. Figur 7 - Fv. 60, Skogstad - Hilde i Innvik ÅDT på strekninga er 1400 ved Skogstad og 1700 frå Innvik mot Hilde. Fartsgrensa er 50 og 60 km/t. Det pågår arbeid med reguleringsplan for gs-veg frå Innvik til Hilde. Det er sett i gang arbeid med kommunedelplan for ny E39 mellom Byrkjelo og Grodås. Denne vegen ligg kanskje fleire tiår fram i tid. Om vegen blir bygd med kryss mot fv. 60 i Innvik, vil fv. 60 framleis få stor trafikk frå nytt kryss og mot Olden, Loen og Stryn.
Figur 8 - Fv. 60, Byrkjelo - Øvresetsvingen. ÅDT er 1500 frå Byrkjelo til Støyva (krysset med fv. 693 mot Myklebustdalen). Vidare er ÅDT 1300. Fartsgrensa er 50 og 80 km/t. Ikkje kartlagt om andre lokale vegar blir brukt som skuleveg. Ved eventuell realisering av ny E39 mellom Byrkjelo og Grodås det bli kraftig reduksjon i trafikken over Utvikfjellet. Figur 9 - Fv. 185, Njøs - Røysum ÅDT 1450 frå Njøs til Hagane. Vidare ÅDT 1150. Fartsgrense 40 og 50 km/t. Statens vegvesen har sett krav om bygging av gs-veg i samband med plan for bustadbygging ved Njøs.
Figur 10 - FV. 512, Jonstad Hove bru ÅDT på vegen er 1400. fartsgrens er 70 km/t. Figur 11 - fv. 55 gjennom Luster Rv. 55 gjennom Luster har ÅDT 1350. fartsgrensa er 60, 70 og 80 km/t. Det er bygd gs-veg mellom Døsen og Luster oppvekstsenter. Denne er ikkje lagt inn i NVDB.
Figur 12 - Fv. 609. Gravdal Kvernbergvika ÅDT på strekninga er 1300. Fartsgrensa er 60 og 80 km/t. ER usikker på kva tilbod som finst for mjuke trafikantar på utsida av Kvernbergtunnelen. Figur 13 - Fv. 57, Håland - Dingemoen ÅDT er 1300. Fartsgrensa er 50 og 60 km/t. Avstanden Mellom Dale og Flekke er mindre enn 10 km. Dermed kan samanhengande gs-veg langs heile strekninga potensiale til å gi auka sykkelbruk i området.
Figur 14 - Fv. 243 ved Sogn jord- og hagebruksskule Fv. 243 har ÅDT 1250. Fartsgrensa er 60 km/t. I retning mot Aurlandsvangen har fv. 243 fortau eller gs-veg på høgre side, med unnatak av strekninga forbi skulane. GS-vegen som finst, er ikkje lagt inn i NVDB. Figur 15 - Fv. 60, Tomasgard - Gausemel Haugen ÅDT er 1200 mellom Tomasgard og Gausemel, 1050 aust for Gausemel. Fartsgrensa er 70 km/t. Mellom Tomasgard og skulen er det eit tilbod til gåande og syklande på kommunal veg og gs-veg langs E39. Dersom det blir bygd nu fv. 60 frå Tomasgard til Røyrhus, minkar trafikken på noverande fv. 60 slik at gs-veg fell langt nedover prioriteringslista.
Figur 16 - Fv. 60, Sletteneset - Skarstein ÅDT på strekninga er 1200. Fartsgrensa er 60 km/t. Det er i gang bygging av ny fv. 60 på strekninga, utan gs-veg. Dermed er det truleg langt fram før denne strekninga blir prioritert. Figur 17 - Fv. 600, Raudeberg - Raudeberg skule ÅDT er 1200 og fartsgrensa er 50 km/t. Det vart starta arbeid med reguleringsplan for fortau langs denne strekninga. Fylkesvegen er bratt, og det er vanskeleg å finne gode løysingar. Planarbeidet er avslutta.
Figur 18 - Fv. 621, Måløy Holvik ÅDT er 1150 og fartsgrensa er 50 og 70 km/t. Kort avstand mellom Holvik og Måløy gjer at ein gs-veg ville ha vore eit nyttig tilbod. Trongt mellom bygningar i begge endar og vanskeleg treng elles. Figur 19 - Fv. 57 ved Flekke ÅDT er 1100 og fartsgrensa 80 km/t. Lite busetnad langs strekninga.
Figur 20 - Fv. 542, Eikefjord Sunnarvik ÅDT er 1100 og fartsgrensa er 50 og 80 km/t. Figur 21 - Fv. 571, Kanalen Hauge ÅDT er 1100. Fartsgrensa er 60 km/t.
Figur 22 - Fv. 662, Eid sentrum Os ÅDT er 1100, Fartsgrensa er 50 km/t. Smal bru utan skikkeleg fortau over Eidselva. Figur 23 - Fv. 271 Lærdal sjukehus Sviggum ÅDT er 1050. Fartsgrensa er 50 km/t. Smal bru utan fortau over Lærdalselvi. Potensiale for auka sykkelbru blant tilsette på sjukehuset.
Figur 24 - Fv. 303, Årdalstangen Seimsdalen ÅDT er 1000 og fartsgrensa er 30 og 80 km/t. Problem knytt til smal tunnel som ikkje er eigna for sykling. Figur 25 - Fv. 607, Heggebø Leirvik ÅDT er 600 og fartsgrensa er 50 km/t. Det er bygd gs-veg på deler av strekninga, men den er stykkevis og delt, og dei vanskelege parti står att. Ser halvgjort ut, og kan vere trafikkfarleg. Bør fullførast sjølv om Leirvik ikkje har skule, og trafikken er låg. Planarbeid er i gang.