Side 2 av 11 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 11.08.2015 2014/1869-14622/2015 / 504 Saksbehandlar: Linda Djuvik 53423156 linda.djuvik@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 127/15 Utval for areal og samferdsel 02.09.2015 65/15 Kommunestyret 28.09.2015 PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN SVARTABROTET NAUSTOMRÅDE MED TILHØYRANDE TRAFRIKKAREAL, KAI OG SMÅBÅTANLEGG 14/38 GRINDHEIMSVÅG PLANID 201414 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova 12-3 privat detaljreguleringsplan for naustområde Svartabrotet gnr. 14, bnr. 38 i Grindheimsvåg revidert 16.06.2015 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 17.06.2015. 2. Føresegner 3.2.3 vert endra til: a. «Innan området kan det etablerast flytebryggar m/landgang/utliggar. b. I området S1 kan det etablerast ei felles flytebrygge med maks storleik på 2,4m x 8,0m. c. I området S2 er maks storleik 15m2 og maks breidd er 2,5m. Flytebryggar skal ikkje hindre fri ferdsel». 3. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt. Saksprotokoll i Utval for areal og samferdsel - 02.09.2015 Framlegg om eit nytt pkt. 2 frå Jan Petter Olsen (V): Føresegner 3.2.3 vert endra til: «Innan området kan det etablerast flytebryggjer m/landgang/utliggar med storleik 15 m2 og maks bredd er 2,5 m. Flytebryggjer skal ikkje hindre fri ferdsel. Framlegget vart røysta over punktvis: Pkt. 1 Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. Pkt. 2 Framlegget frå rådmannen vart mot to røyster, (Jan Petter Olsen (V) og Tone Stavland (V) vedteke. Pkt. 3 Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke.
Side 3 av 11 Innstilling: Utval for areal og samferdsel innstiller overfor kommunestyret i samsvar med rådmannen sitt framlegg. Saksprotokoll i Kommunestyret - 28.09.2015 Vedtak: Kommunestyret gjorde samrøystes vedtak i samsvar med rådmannen si innstilling. Dokument i saka: Reguleringsplankart revidert dato 16.06.2015 Reguleringsføresegner revidert dato 17.06.2015 Brev frå Fylkesmannen i Hordaland dato 24.04.2015 Brev frå Kystverket dato 29.04.2015 Brev frå Odvar Grindheim (14/38) dato 29.04.2015 Brev frå Statens Vegvesen region Vest dato 05.05.2015 Brev frå Bømlo kommune v/brannsjef Sortland dato 15.05.2015 Brev frå Bergens Sjøfartsmuseum dato 03.06.2015 Brev frå Hordaland Fylkeskommune dato 09.06.2015 Bakgrunn for saka: Utval for areal og samferdsel har i møte 15.04.2015 sak PS 61/15 vedteke at framlegg til privat detaljreguleringsplan for naustområde Svartabrotet gnr. 14, bnr. 38 i Grindheimsvåg vart utlagt til offentleg handsaming. Denne reguleringsplanen har vore på høyring frå 25.04.2015 til 10.06.2015 og er no klar for politisk handsaming. Gøtz AS v/martin Gøtz har på vegne av Odvar og Gro Grindheim sendt framlegg til privat detaljreguleringsplan for deler av gnr. 14, bnr. 38. Frå planleggjar sin omtale tek me med: PLANSTATUS: Kommuneplan I gjeldande kommuneplan er området vist som naust med krav til regulering. Tilkomstveg og parkering ligg i LNF-område. Det vart sendt inn prinsippsøknad for å melda oppstart av planarbeid 26.11.2014som vart godkjent 21.01.2015. Oppstart av planarbeided vart meld 11.02.2015. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer totalt ca. 3,2 daa. Reguleringsplan Området er ikkje regulert frå før. Planforslaget Forslagsstiller er Odvar og Gro Grindheim. Planområdet er totalt ca. 3,2 daa.
Side 4 av 11 Av det er: 1. Bygningar og anlegg Naust Småbåtanlegg 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Køyreveg Gangveg Annan veggrunn - grøntareal Kai Parkeringsplassar 3. Grøntstruktur Naturområde - grønnstruktur 4. Omsynssoner Frisikt 0,5 daa 0,7 daa 0,5 daa 0,1 daa 0,8 daa 0,1 daa 0,2 daa 0,2 daa 0,1 daa Bilete av strandlina sett frå sør - her ligg fjellhylla det N1 er lokalisert BYGNINGAR OG ANLEGG Naust Området kan byggast ut med naust eller sjøbod. Nausta vil bli utforma etter best mogleg tilpassing til terreng og landskap. Bygga skal plasserast på minimum kote +2,5 og skal byggjast i tråd med kommuneplanen. I føresegner har ein sett maks. tillat bruksareal per eining BRA=40m2 og maks. mønehøgd 5,0 m. Det er lagt opp til 1 parkeringsplass per nausteining i felles parkeringsplass. I området N1skal det byggjast 1 naust og ein sjøbod. Tiltakshavar er svært oppteke av å bevare landskapet og ynskjer minst mogeleg inngrep i skog og terreng i samband med utbygginga. Difor skal også naustet N1A byggjast på ei fjellhylle som ligg litt tilbaketrekt frå sjølina, og ca. på kote +6,5moh. I samband med etablering av naustet skal det også etablerast ein natursteinsmur mot sjø for å utvide/få planert litt meir areal på fjellhylla. Muren skal
Side 5 av 11 tilpassast terrenget og vil få ei maksimal høgd på ca. 1,5m. Sjølve naustet er plassert parallell med terrenget slik at den glir fint inn i landskapet og blir lite synleg frå sjøen. Langveggane på naustet er tenkt som murvegg påkledd med stein, mens gavlveggane skal utførast med liggjande kledning. Taktekking skal vere av stålplater med steinfarge (grå, sort) og med taksteinsprofil. Illustrasjon - fasadar naust Sør for naustet ynskjer ein å etablere trekai med flytebrygge og ei trapp opp til naustet. Kaien skal boltast fast i fjell for å unngå sprenging eller fylling i strandkanten. På grunn av at naustet vert liggjande ein del i bakkant, er det også planlagt ei tilhøyrande sjøbod (N1B) nærare strandlina. Sjøboden skal byggast med ein storleik på ca. 15m2 ved austlege enden av kaien. Den skal også plassert parallell med terrenget og tilpassat fjellet i bakkant, slik at den glir fin inn i Landskapet. For å få båt opp til naustet skal det også settes opp ein båtkran, som synt på situasjonsplan. I området N2 skal eksisterande sjøbod rivast og erstattast med 1 naustbygg på ca 6x6m og 2 brukseiningar. Småbåtanlegg Området kan nyttast som småbåtanlegg for småbåtar. Ein ynskjer å etablere 2 stk flytebrygger med båtplassar, pluss nokre båtplassar ved kaien. I området S1 kan det etablerast ei felles flytebrygge med maks storleik på 2,4m x 8,0m. Dette er eit lit avvik frå kommuneplanen, som vi meiner bør vere akseptabelt. Tiltakshavaren har ein eksisterande flytebrygge på 2,4mx8,0m, som han ynskje å bruke i dette området. Han har ikkje mogleik å bruke den andre plassar og det er heller ikkje mogeleg å kappe ned lengda utan å øydeleggja flytebrygga. Tiltakshavaren har også ein båt på 8 meter, som skal liggje ved denne flytebrygga. Elles kan det også nemnast at det er fleire eksisterande og godkjende flytebryggar med storleik 2,4mx8,0m og større i Grindheimsvågen. I området S2 kan det etablerast ei flytebrygge med maks storleik på 15m2 i tråd med gjeldande kommuneplanen. Flytebryggene skal ikkje vere til hinder for fri ferdsel. SAMFERDSLEANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR Køyreveg Veg 1 er ein eksisterande skogsveg på omlag 3,5m breidd og er opparbeidd med grus. Veg 2 er ein forlenging av eksisterande stikkveg frå skogsvegen (veg1) og ned til parkeringsplassen. Vegen vil vere godt tilpassa terrenget og inngrep vil vere minimalt (ca +/- 1,5m). Vegen vil blir om lag 3 m i breidd og opparbeida med grus. Etter vegnormalen blir dette adkomstveg A1, med fartsgrense 30km/t og siktkrav i kryss på 4x20m.
Side 6 av 11 Vegane er privatvegar og kan brukast etter nærmare avtale med veglaget / grunneigar. Gangveg Gangvegen skal opparbeidast som grusveg på 2m breidd og tilpassast terrenget på best mogeleg måte. Vegen skal byggast slik at den også kan nyttast av grunneigars ATV eller traktor dersom det vert behov for å transportere tungt utstyr. Anna veggrunn grøntareal Langs vegane er det lagt inn eit 1,5 m breitt areal for anna veggrunn. Området kan nyttast til snølagring, vegutviding, avkjørsler, grøfter, skråningar og skjeringar. Kai Området kan nyttast til kai og båtfeste for småbåtar. Kaien framfor naustområdet N1 og N2 er tenkt med avtrappa front i tre. Kai mellom dei 2 områda vil fungere som tilkomstveg/gangveg til N2. Denne kaien skal vere utforma med rett front i tre og boltast fast i fjell for å unngå sprening eller fylling i strandkanten. Endeleg plassering og utforming vert fastsett av kommunen i samband med byggjemelding for tiltaket. Illustrasjon kai/gangveg (Kilde: www.brygge.com) Parkeringsplassar, P Det er lagt opp til 8 parkeringsplassar som vil bli felles for alle nausteiningane og brukare av båtplassar på gnr. 14 bnr. 38. OMSYNSSONER Frisikt Innanfor denne sona skal det vere tilfredsstillande frisikt i alle kryss og avkøyrsler.
Side 7 av 11 Vurderingar: I samband med at reguleringsplanen har vore på høyring i tida 25.04.2015 til 10.06.2015 kom det inn desse merknadane: Fylkesmannen i Hordaland Er framleis kritisk til opparbeiding av parkeringsplass i strandsona. Fylkesmannen har elles ingen merknader til planen. Ingen kommentar. Kystverket Varslet planområde går ut i sjø. Ved planlegging i sjø må det tas hensyn til sjøvertsferdsel, og det er derfor viktig at det ikke planlegges tiltak/aktiviteter som kan komme i konflikt med fremkommeligheten i farvannet. De tiltak som planlegges etablert må dimensjoneres slik at de kan motstå blant annet drag og bølgeslag i fra påregnelig båttrafikk m.v. i området. Det må tas med i reguleringsbestemmelsene at tiltak som faller inn under havne og farvannslovens bestemmelser skal godkjennes av havnemyndighet. Dette er teke med i reguleringsføresegner 2.4 Odvar Grindheim (14/38) Med dette vil vi komme med ein merknad som gjeld storleik på flytebryggar. Vi har per i dag ei flyttebrygge på 2,4m x 8,0m, som vi ynskjer å bruke i området S1, som felles flytebrygge for to nausteiningar. Dette er eit lite avvik frå kommuneplanen, som vi meiner bør vere akseptabelt. Vi har ikkje mogleik å bruke den andre plassar og det er heller ikkje mogeleg å kappe ned lengda utan å øydeleggja flytebrygga. Det kan også nemnast at det er fleire eksisterande og godkjende flytebryggar med storleik 2,4m x 8,0m og større i Grindheimsvågen. Ei felles flytebrygge i området S1 vil og medføre ein meir ryddig strandline og ein vil også avgrense fortøyingar for å imøtegå Fiskarlaget sin kommentar om at fortøyingar til småbåtanlegg må avgrensast mest mogeleg. Dette er berre eit lite avvik frå kommuneplanen og gjeld kun ei flytebrygge. Vi ynskjer ein litt større felles flytebrygge i staden for 1 flytebrygge for kvart av dei to nausta i dette området. Det er kun i området S1 vi ynskjer felles brygge. I området S2 vil vi ha flytebryggje i høve til kommuneplan på 15m2. Vi ber difor at føresegnene vert endra slik: 3.2.3 Innan området kan det etablerast flytebryggar m/landgang/utliggar. I området S1 kan det etablerast ei felles flytebrygge med maks storleik på 2,4m x 8,0m. I området S2 er maks storleik 15m2 og maks breidd er 2,5m. Flytebryggar skal ikkje hindre fri ferdsel. Føresegner 3.2.3 er justert i samsvar med merknaden. Statens Vegvesen region Vest Statens Vegvesen har ikkje merknader til planforslaget.
Side 8 av 11 Bømlo kommune v/brannsjef Sortland Det må sytast for at krava i veiledning til forskrav om tekniske krav til byggverk, 11 17 om krav til kjørbar atkomst for brannvernet vert ivareteke. På grunn av terrengforholda vil det ikkje vere mogleg med tilkomst for brannbilar til sjø. Sjøen kan difor ikkje nyttast for å henta sløkkjevatn. Det vil vere mogleg å komme seg fram til planområdet med tankbil, men det vil heller ikkje vere kjørbar tilkomst heilt fram til nausta. På grunn av terrengforholda og landskapstilpassing vil delar av tilkomstvegen vere for bratt for å kunne kjøre med tankbil. Avstanden til nausta vil difor ligge mellom ca. 100m (N1) og 160m (N2). Dette betyr at brannmannskapet måtte bruka fleire slangelengder eller at ein må aksepterer at nausta brenner ned ved evt. brann. Ein har vurdert disse forholda i samband med planarbeidet og konkludert med at ein tilrettelegging for brannbilar ville føre til alt for store terrenginngrep, som ikkje er ynskjeleg. Ein har også vurdert branntryggleiken sett i høve til kva type bygg som skal førast opp innanfor planområdet, antal bygg, materielle verdiar, brannsmitte m.m.. Innan planområdet er det berre 3 stk. naust. Naust er mindre bygningar med lagerfunksjon, som ikkje vert brukt til opphald. Slike bygg har ingen brannklasse eller ligg i Brannklasse 1. Brannfare og spreiingsfare er svært liten og det er ingen store materielle verdiar som ville gått tapt ved evt. brann. Konklusjonen er at brann- og spreiingsfare er svært liten og eit evt. tap av materielle verdiar er akseptabelt. Etablering av kjørbar veg til nausta hadde vert fordelaktig med tanke på tilkomst, men hadde også ført til store inngrep i strandsona og til negative konsekvensar for terreng og landskap. Det kan også nemnast at det er fleire slike områder i Bømlo kommune, som ikkje har kjørbar tilkomst og der dette er akseptert. Bergens Sjøfartsmuseum Museet kjenner ikkje til kulturminne ved Grindheimsvåg gbnr. 14-38 i Bømlo kommune som kan bli direkte råka av reguleringa. Me har heller ingen indikasjonar på at området har vore nytta som ankringsstad eller hamn i eldre tid. Museet har derfor ingen merknader til reguleringa. Det er likevel mogleg at det ligg kulturminne i det aktuelle området. Me gjer derfor merksam på at tiltakshavaren pliktar å gje melding til museet dersom ein under arbeid i sjøområda finn skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminne. Dersom kulturminne på sjøbotnen kan bli råka av tiltaket, må arbeidet under vatn straks stoppast. Verksemda må i så fall ikkje takast opp att før museet har undersøkt og eventuelt frigjeve området. Eventuelle brot på desse vilkåra vil være i strid med føresegnene i Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne. Krav om meldeplikt er teke med i reguleringsføresegner 2.3. Hordaland Fylkeskommune Føremål med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av 3 stk naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygge og båtplassar. Planframlegget med plankart, føresegner og planomtale er oversiktleg og syner på ein god måte konsekvensane for tiltaka for natur, kultur og miljø.
Side 9 av 11 Naustområde N1 er plassert i høve til terreng og med tanke på å minimere inngrep samt sjenanse til omgivnadane. Naustet (N1A) skal byggjast på ei fjellhylle som ligg heilt aust på eigedommen, og ca. på kote +6,5moh. På grunn av at naustet vert liggjande ein del i bakkant, er det også planlagt ei tilhøyrande sjøbod (N1B) nærare strandlina. Fylkeskommunen deler kommunen sin innstilling med omsyn til at plassering av naust tilbaketrekt frå strandlina ikkje utan vidare er ei god løysing, og at det avvik frå tradisjonell lokalisering og mogleg bruk, av naustføremålet. Vi stør opp om kommunen si vurdering om at ein bør unngå slike plasseringar i framtidige saker. Det er positivt at det er fokus på god landskapstilpassing i planframlegget, og at det er føringar for minst mogleg terrenginngrep knytt til vegframføring, naust og brygger. Dette gjer at konsekvensane av slik utbygging i strandsoneområde vert noko meir avgrensa. I planen er småbåthamn nytta som føremål. Føremålet småbåthamn er, i følgje kart- og planforskrifta, tenkt nytta til allmenne anlegg for småbåtar der bruken ikkje er avgrensa til nærare fastsette eigedommar. Småbåthamner vil som regel ha eit eige driftsselskap, noko småbåtanlegg ofte ikkje har. Ei småbåthamn vil som regel generere meir båttrafikk og trafikk på land enn småbåtanlegg. Småbåtanlegg er mindre anlegg knytt til nærare fastsette eigedomar, til dømes eit konkret bustad- eller hyttefelt. I reguleringsplan skal føremålet andre typar bygningar og anlegg småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone nyttast. Me rår kommunen om å vurdere føremålet i sjø i planen med omsyn til denne kommentaren. Kulturminne og kulturmiljø Fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune har vurdert saka som regional sektorstyresmakt innan kulturminnevern. Ut frå våre arkiv har vi ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i det aktuelle planområdet. Arealet blir vurdert til å ha lågt potensiale for funn av uregistrerte kulturminne i marka. Saka har også blitt vurdert av Bergen Sjøfartsmuseum. I høve e-post datert 20.03.2015, kjenner dei ikkje til marine kulturminne som kan bli råka av reguleringa, og har ingen indikasjonar på at området har vore nytta som ankringsstad eller hamn i eldre tid. Bergen Sjøfartsmuseum har ingen merknader til reguleringsplanen. Elles gjer vi merksam på meldeplikta etter kulturminnelova 8, 2. ledd. Dersom automatisk freda kulturminne som gjenstandsfunn, flekkar med trekol eller konstruksjonar blir avdekt under gjennomføring av tiltaket, må dette straks meldast til Fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune, og alt arbeid stansast til rette forvaltningstyresmakt har vurdert funnet. Slik gransking vil bli utført mindre enn tre dagar etter at vi har fått melding om mogelege funn. Dette gjeld også dersom ein under arbeid i sjøområda finn skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminne. Fylkeskonservatoren har ingen vidare merknader til planen. Konklusjon Hordaland fylkeskommune har ingen vesentlege merknader til planforslaget. Føremålet i sjø er endra frå småbåthamn til småbåtanlegg. Plankartet og føresegner 3.2 er justert på dette punktet
Side 10 av 11 Samla vurdering: Føresegner til kommuneplan 4.4.1 seier dette om flytebryggje: «Innafor føremålet sett av til naust kan det byggjast naust, landfast flytebryggje m/landgang, utliggar og kai. Naust og tilhøyrande kai kan ikkje byggjast lengre ut enn 3 m frå kystkonturen. Flytebryggja kjem i tillegg til dette og kan ha maks storleik på inntil 15m² og maks breidde 2,5m. Den skal ikkje hindre fri ferdsel». Innan området S1 er ei flytebryggje som skal vere felles for 2 naust. Ei felles flytebryggje vil bidra til at det vert betre plass langs strandlina og me meiner såleis at ei flytebryggje på 20 m² (2,4m x 8m) dermed kan tillatast i område S1. Reguleringsplankart er endra litt i høve til plankart som har vore på offentleg høyring. Føremålet i sjø er no endra frå småbåthamn til småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhørende strandsone. Planomriss er uendra. Dette er små justeringar og får ikkje noko innverknad på plan. Me rår til at reguleringsplanen vert godkjent slik han no ligg føre. Rådmannen sin merknad til 3.2.3 Ein tilrår at føresegner 3.2.3 vert endra slik at det står at innan området kan det etablerast flytebryggar m/landgang/utliggar. I området S1 kan det etablerast ei felles flytebrygge med maks storleik på 2,4m x 8,0m. I området S2 er maks storleik 15m2 og maks breidd er 2,5m. Flytebryggar skal ikkje hindre fri ferdsel». Økonomiske konsekvensar: Utbyggjar skal dekka alle kostnadane med utbygginga. Miljømessige konsekvensar: Omsøkt naustområde ligg i kanten av eit svært viktig viltområde. I viltkartlegginga frå 2003 er område Rutsøy-Totlandsjøen avsett som eit svært viktig viltområde. Her står det: Fragmentert kystlandskap med mange mindre skogkledde øyar, skjer og nes. Dei grunne sjøområda er viktig vinterbeiteområde for andefugl. I dei skogkledde områda finn ein og storfugl og hønsehauk. Det er og enkelte mindre bestandar av store grove ospetre som er viktige for spettefugl. Det er m.a. observert kvitryggspett i området( M.J. Steinsvåg). Sidan dette området allereie er utbygd med naust og Grindheimsvågen ligg heilt i kanten av det viktige viltområde, meiner me at denne reguleringsplanen ikkje får nokon miljømessige konsekvensar. Det er ikkje registrert viktige naturtypar i planområdet. Beredskap- og samfunnstryggleik: Fagkunnig har gjennomført ROS analyse. Det er ingen tiltak i raudt felt, dvs. Ingen tiltak er naudsynt. Me vil gjer merksam på at det i samband med utarbeiding av byggeplanar, kvalitets-/hms-planar skal gjennomførast ei meir detaljert risikovurdering i forkant av anleggsarbeid for å unngå eventuell fare for grunnbrot, utgliding av lausmassar, skade på leidningsnett og sikringstiltak for gåande/køyrande gjennom anleggsområdet. Dokumentasjon på at dette er utført skal leggjast ved byggemeldingar i samband med søknad om tiltak innafor planområdet. Dette er teke med i reguleringsføresegner 2.0. Folkehelse: Planen legg til rette for at området skal kunne nyttast til fritidsaktivitetar og maritim rekreasjon. Auka friluftsaktivitetar er generelt positivt for folkehelsa. Etter utbygginga vil området verta meir tilgjengeleg og truleg blir meir brukt enn før. Etablering av veg/sti til sjøen er også positivt i eit folkehelseperspektiv.
Side 11 av 11 Oppsummering og konklusjon: Rådmannen viser til kommentarar og vurderingar som er gjort i saksframlegget og vil rå til at privat detaljreguleringsplan for naustområde Svartabrotet gnr. 14, bnr. 38 i Grindheimsvåg vert godkjent slik han no ligg føre. Det ligg ikkje føre motsegn frå offentlege instansar slik at vilkåra for eigengodkjenning av detaljreguleringsplanen ligg føre.