Strategisk kompetanseplan

Like dokumenter
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Kommunikasjonsstrategi

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Strategi Forord

Strategisk kompetanseplan

Strategisk plan for kompetanse og rekruttering

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Best sammen - også om kompetanse og rekruttering. Hanne Børrestuen, KS og Kristen Dalby, Ressursgruppa for hovedsammenslutningene

Kompetanse er nøkkelen til kvalitet

Strategisk kompetanseplan HO «Faglig omstilling og bredere kompetanse»

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Innovasjonsmetoden vår

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Best sammen - også om kompetanse og rekruttering. Hanne Børrestuen, KS og Anne K Grimsrud, Ressursgruppa for hovedsammenslutningene

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Kompetanse Rådmannens innstilling 26. februar 2015

Kompetansestrategi for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

STRATEGISK KOMPETANSEPLAN

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Strategisk kompetanseplanlegging

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Om kartlegging og analyse av kompetansebehov Målrettede kompetanseplaner og evaluering av dis. Praktiske verktøy og eksempler

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Strategisk kompetanseplanlegging hvorfor er det viktig for kommunene? Med spesiell fokus på kompetansemobilisering og egenmotivasjon

Finnøy og Rennesøy kommunar

Strategi for kompetanseutvikling

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Nettverkssamling Strategisk kompetanseplanlegging mai 2012 Rica Seilet hotel, Molde

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Arbeidsgiverstrategi mot 2020

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

STRATEGI FOR KOMPETANSE FOR RESULTATOMRÅDET BARNEHAGE I TYSVÆR KOMMUNE

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Kompetanse som begrep og ressurs

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Fra kompetanseplanlegging til verdiskaping - Drivere for å hente ut kompetansegevinsten.

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

STRATEGISK KOMPETANSEPLANLEGGING KOMPETANSEBEGREPET. VESTNES 15. OG 17. oktober Ann Sissel Misund Nedberg, prosjektleder KS M&R

INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSSTRATEGI.

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

STRATEGISK KOMPETANSEPLAN GENERELL DEL

Transkript:

Strategisk kompetanseplan Jølster kommune 2017-2020

2 INNHALD Innhald FØREORD... 3 MÅL... 4 KVA ER KOMPETANSE?... 4 KOMPETANSE LEIING... 4 KOMPETANSEANALYSE... 4 LÆRINGSSTRATEGI... 4 EVALUERING... 4 KOMPETANSESTRATEGIAR... 4 TILTAKSPLANAR... 4

3 FØREORD Strategisk kompetanseplan er Jølster kommune sitt styringsdokument for kompetansearbeidet i kommunen. Planen skal òg bidra til at kommunen brukar, utviklar og rekrutterer kompetanse på prioriterte område. Slik sikrar vi kvalitet i tenestene, effektiv ressursbruk og godt omdømme som ein attraktiv arbeidsplass. Ei systematisk satsing på kompetanse er viktig for at kommunen skal lukkast både som samfunnsutviklar og som velferdsprodusent. Kompetanse direkte i tenestene er Jølster kommune sin viktigaste ressurs! Kompetanse bidrar til verdiskapning når den blir brukt og kjem innbyggjarane til gode. Krav til kommunen som tenesteleverandør er i stadig forandring og utvikling. Kommunen treng kompetanse som til ei kvar tid står til vårt samfunnsoppdrag. Kompetansedeling er alle tilsette sitt ansvar. Det er forventa at leiar mobiliserer medarbeidarane sin kompetanse, engasjement og prestasjonar. Kvart tenesteområde vil gjennomføre eigne analysar og utarbeide tiltaksplan. Dette skal sikre kvaliteten i kompetansearbeidet til kommunen. Rådmann, Ellen Jensen

MÅL Kompetansemål «Jølster kommune vil bruke kompetansen som er i organisasjonen for å bidra til auka verdiskaping. Medarbeidarane sitt kompetansepotensial skal mobiliserast gjennom relevante oppgåver og utfordringar for å sikre kvalitet i teneste, effektiv ressursutnytting og godt omdøme som ein attraktiv arbeidsplass.» Arbeidsgjevarstrategi, Jølster kommune 2015-2020 4 Mål med satsing på kompetanse: Auka verdiskaping og kvalitet i tenestene Auke medarbeidarane sin motivasjon og engasjement Utvikle og behalde medarbeidarar Rekruttere kompetente medarbeidarar Styrke fagmiljø Skape eit helsefremmjande arbeidsmiljø Auke jobbnærveret Skape eit godt omdømme av Jølster kommune Auke kollegial hjelpeadferd og fleksibilitet Styrke lojaliteten til arbeidsplassen

KVA ER KOMPETANSE? Kompetanseomgrep Det er avgjerande å ha god forståing av kva kompetanse eigentlig er for å lukkast med kompetanseplanlegging. 5 Kompetanse er meir enn den formelle kunnskapen som er dokument gjennom utdanningssystem. Kompetanse er kunnskap, ferdigheit, haldning og evne som gjer det mulig å utføre aktuelle oppgåver i tråd med definerte krav og mål. Linda Lai, Strategisk kompetanseledelse Kunnskap Haldning Handlar om det å vite: kjenne fakta, å kunne sjå samanhengar og å kjenne til metodikk/framgangsmåtar Handlar om meiningar, oppfatningar, verdiar som påverkar korleis vi brukar kunnskap og ferdigheter i arbeidet. Evne Ferdigheit Er eit individ sitt potensial i form av stabile eigenskapar, kvalitetar, talent, helse og andre trekk som påverkar moglegheitene til å utføre ei oppgåve og for å tileigne seg og nytte ny kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Er knytt til handling og evna til å handle på ein bestemt måte. Ferdigheiter handlar om det vi kan gjere i praksis, anten manuelt eller analytisk. Kompetanse har først verdi når den vert brukt

Samarbeidskompetanse Eg skapar tillit og samarbeider med kollega. Eg forsøker å forstå årsak. Eg delar min kunnskap. Leiarkompetanse Eg legg Jølster kommune sin arbeidsgjevarstrategi til grunn for mi leiing. Eg motiverer mine tilsette til innsats og stimulerer til kompetansemobilisering og fleksibilitet. 6 Refleksjonskompetanse Eg reflekterer over handlingane og utviklinga mi og bidreg med refleksjon i arbeidsfelleskapet. Organisasjonskompetanse Eg kjenner Jølster kommune og offentleg sektor. Eg kjenner kommunen sine verdiar og mål. Eg nyttar denne kunnskapen til å handle hensiktsmessig. Eg har forståing for og aksepterer mi og andre sine roller. Evner Haldning Ferdighet Kunnskap Meistringskompetanse Eg ønskjer å gjere ein så god jobb som mogeleg ut i frå eigne ferdigheiter. Eg tek i mot utfordringane leiaren min gjev meg. Eg har fokus på sjølvkontroll, personleg utvikling og sørgjer for god helse og eigenomsorg. Digital- og teknisk kompetanse Eg tileignar meg, nyttiggjer meg og delar kunnskap om verktøy og metodar. KOMPETANSE I JØLSTER KOMMUNE Fagkompetanse Eg tek ansvar for å utvikle fagkunnskapen min, og omset den til nyttiggjort kunnskap. Brukarkompetanse Eg har fokus på oppgåve og måloppnåing for å sikre gode tenester. Eg veit kven eg leverer tenester til og kjenner deira utfordringar og behov. Forbetringskompetanse Eg tek initiativ og delar aktivt for å finne betre måtar å løyse oppgåver på. Eg handterar uforutsette situasjonar og bidrar til nyttegjering av innovasjon. Arbeidstakar og arbeidsgjevar har eit felles ansvar for å sikre bruk og utvikling av kompetanse

KOMPETANSE - LEIING Strategisk kompetanseleiing inneber planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at kommunen har og brukar nødvendig kompetanse for å nå definerte mål. 7 Jølster kommune sin plan byggjer på professor i organisasjonspsykologi Linda Lai si forsking. Modellen viser kompetanseleiing som ein kontinuerlig prosess. Kompetanseplanlegging Implementering av tiltak Evaluering og oppfølging Kompetanseanalyse Innhenting av kompetanse eksternt Jølster kommune sine mål og strategiar Kompetansestrategi Tiltaksplanar Tiltak for å oppnå læring og utvikling Tilrettelegging for bruk av kompetanse Endring av kompetansebehov Resultat og effekt Nytte og kostandar

KOMPETANSE- ANALYSE Korleis vi skal arbeid med kompetanse er påverka frå mange hald. Endringar i samfunnsoppdraget, endring i tenestetilbodet, krav til tverrfagleg samhandling, demografi, alderssamansetning blant tilsette, vakanse, økonomisk handlingsrom og er nokre av faktorane når vi skal planlegge framtidig kompetansebehov. 8 Kommunesektoren sin arbeidsgjevarmonitor syner årleg utvikling og tilstand på sentrale arbeidsgjevarrelaterte område. Kompetansekrav Vi må sikre at vi har kunnskap om innbyggjarane sine behov og at det er samsvar mellom kompetanse og oppgåvene som skal løysast. Tydeleg skildring av tenesteområda og avdelingane sine oppgåver er nødvendig for å nå kommunen sine mål. Stillingsomtale viser kva for kompetanse som er nødvendig i dei ulike stillingane for at vi skal nå våre mål. Oversikt over kompetanse Formalkompetansen til medarbeidarar i Jølster kommune blir registrert i nytt rekneskapssystem frå 2017. Leiar har oversikt over medarbeidarane i avdelinga sin kompetanse og forvaltinga av den. Leiar og medarbeidar blir einige om korleis kompetansen skal nyttast og vurdere om det er behov for kompetanseheving på kort eller lengre sikt. Kompetansebehov Eininga må vurdere: Mobilisering: Kan kompetansen i eininga nyttast betre gjennom betre leiing og organisering? Læring: Kva kan og bør utviklast gjennom interne/eksterne opplærings- og utviklingstiltak? Rekruttering: Kva kompetanse er det behov for å rekruttere? Endring: Vurdere om det er kompetanse som er overflødig eller som er på feil stad/nivå.

LÆRINGS- STRATEGI Jølster kommune vil ha systematisk kompetanseutvikling der fokus er på kontinuerlig læring og god mobilisering av kompetansen som alt er i kommunen. 9 Læring gjennom erfaring/arbeid LÆRINGSMETODAR Arbeidsplassen er den viktigaste læringsarena for læring, då forsking viser at vi lærer mest gjennom eigne erfaringar. Jølster kommune vil derfor ha hovudfokus på læring gjennom arbeid. Interne møter/kurs Bruk av eigne instruktørar Læringspartnar Jobbrotasjon Hospitering Erfaringsutveksling Refleksjonsgrupper Praksisforteljingar Dilemmatrening Etikklunsj/fagkafe Rollespel Introduksjonsprogram Samhandling med brukarar Kompetanseoverføring frå senior Læring ved samspel med kollega Coaching Sparring med leiar eller kollega Mentorordning Fadderordning Nettverk Rettleiingsgrupper Ekstern rettleiar Kollegarettleiing Læring gjennom kurs/utdanning Kurs Vidareutdanning Etterutdanning Temamøter Fagbøker, artiklar o.l Nokre aktuelle metodar

EVALUERING 10 Jølster kommune integrerer evaluering som del av arbeidet med kompetanseutvikling. Systematisk evaluering vil gje oss grunnlag for å vurdere effekt av ulike tiltak. Ulike tiltak vil ha ulik evalueringsform. I kompetanseplanane til dei ulike einingane er evaluering av tiltak ein del av tiltaket. Evalueringsmetode blir spesifisert der. Effekt av læring kan vere krevjande å evaluere, då effektane ofte viser seg på lengre sikt. Vi ønskjer likevel å ha med oss evaluering som ein del av arbeidet med kompetanseutvikling. Kirkpatrick sin evalueringsmodell er mykje brukt, og kan vere ein aktuell modell for einingane. NIVÅ SPØRSMÅL DØME PÅ METODE REAKSJONAR LÆRING Kor fornøgd var medarbeidarane med tiltaket? Kva kompetanse har medarbeidarane tileigna seg som følgje av tiltaket? Utviklingsamtale Observasjon Oppfølgingssamtale ADFERD NYTTE I kva grad blir ny kompetanse brukt i praksis? I kva grad har tiltaket gjeve organisatorisk nytte i høve overordnamål? Måling av praksis før og etter tiltak Måloppnåing Brukartilfredsheit Kvalitet i teneste Skriftleg evaluering av eit konkret tiltak 10Faktor medarbeidarundersøking

KOMPETANSE- STRATEGIAR Kompetansestrategi skal bidra til at vi brukar rett kompetanse, utviklar, rekrutterer og tilpassa oss endra kompetansebehov. Kompetansetiltaka er forankra i vår arbeidsgjevarstrategi. 11 HOVUDAKTIVITET STRATEGIAR REKRUTTERING Profilere kommune som attraktiv arbeidsgjevar Bygge godt omdøme (sjå kommunikasjonsstrategi) Likestilling MEDARBEIDAR- UTVIKLING Aktivt bruke strategisk kompetanseplan Informasjonsflyt, openheit, involvering og tillit. Følgje opp utviklingssamtalar LEIING God oppfølging av leiarar i kommunen Fokus på leiarutvikling FOKUS FOR JØLSTER KOMMUNE Kompetanseutvikling - skal bidra til resultat og måloppnåing. Bruk av kompetanse ta i bruk potensialet som bur i kvar medarbeidar slik at det bidreg til måloppnåing.

TILTAKS- PLANAR 12 Einingane utarbeidar eigen plan for sitt kompetansearbeid. For å sikre samla innsats i kompetansearbeidet må tiltaksplanane frå einingane følgje overordna mål og strategiar. Kommuneplanar Arbeidsgjevarstrategi Strategiskkompetanseplan Kompetanseplan for eninga Tiltak i einga Ansvar Rådmann: Kommunalsjef: Tenesteleiarar: Medarbeidarar: Overordna strategi og plan Samordning og oversyn over fagområdet/sektor Kompetanseanalyse i tenesta, mål med tiltak Følgje opp tiltak og bidra til læring

VEDLEGG 1: SKJEMA KOMPETANSEANALYSE 13 Teneste: Ansvar: Framtidig krav til kompetanse i tenesta Krav til teneste Demografi, teknologi, mm Fagområder som skal vere dekka Lovverk, regelverk, mm Krav til utdanning Lovverk, regelverk, mm Oversikt - kompetanse i tenesta i dag (sjå Visma for detaljert oversikt) Assistentar Fagarbeidarar Høgare utdanning Kompetansebehov for tenesta Mobilisering Leiing og organisering Læring Utvikle gjennom interne/eksterne tiltak Rekruttering Kva kompetanse er det behov å rekruttere? Endring Endra kompetansebehov

14 Kompetansemål i eininga VEDLEGG 2: SKJEMA SPESIFISERING AV TILTAK Læringsmetode Tiltak Målgruppe ing Effekt/ nytte/ deling Kostnad Evaluer- Tid Ansvar

15