Tilgangen til og vidarebruken av informasjon kva seier regelverket Ole Knut Løstegaard Lovrådgjevar, Lovavdelinga i JD 15. juni 2017
Tilgangen til informasjon overordna reglar Grunnlova 100 fjerde ledd rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingar i rettsmøte og i folkevalde organ Grunnlova 100 femte ledd styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte EMK art. 10 nr. 1 andre setning. Omfattar òg retten til å få informasjon SP art. 19 nr. 2
Tilgangen til informasjon meir konkretiserte reglar Offentleglova rett til innsyn i dokument i forvaltninga og offentleg kontrollerte sjølvstendige rettssubjekt i form av kopi - innsyn skal normalt vera gratis, unntak i forskrifta 4 Innsyn i dokument i rettsvesenet: Tvistelova kapittel 14, straffeprosesslova 28, forskrift om offentlegheit i rettsvesenet 7 (tiltaleslutningar, gjeld for pressa) 8 (straffesaker) og 9 flg. (gjennomføring), påtaleinstruksen kap. 16, politiregisterforskrifta kap. 27 Forvaltningslova rett til orientering om regelverk m.m. ( 11) og til innsyn i eiga sak ( 18 flg.) i form av kopi Miljøinformasjonslova rett til innsyn i miljøinformasjon til dels òg frå private
Tilgangen til informasjon meir konkretiserte reglar (2) Grunnlova 84: Stortinget blir halde for opne dørar og dokumenta er offentlege Kommunelova 31 og 31 a: rett til å vera til stades i møte i folkevalde organ Kommunelova 32 nr. 3: rett til tilgang til saklister og andre dokument til møte i folkevalde organ og plikt til å kunngjera slike møte på ein høveleg måte Domstollova 124: rettsmøte er offentlege. Unntak og presiseringar i 125 til 134 Personopplysningslova - Rett til innsyn i opplysningar om kva som blir handsama som gjeld ein sjølv ( 18) og til informasjon om automatiserte avgjerder ( 22) - Informasjonsplikt: 19, 20 og 21 Andre innsynsordningar
Tilgangen til informasjon utan reglar? Kva med informasjonstilgangen der det ikkje ligg føre nokon rett til innsyn eller å få vera til stades? Det er ikkje noko vilkår for å kunne gje ut informasjon at det ligg føre ei plikt til å gjera det organ står i utgangspunktet fritt til å gje ut informasjon som ikkje er omfatta av teieplikt Folkerettslege reglar (avtaler og sedvane) vil i praksis kunne utgjera eit forbod mot å dele informasjon
Vidarebruk av informasjon regelverket Vidarebruksdirektivet direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU gjennomført gjennom offentleglova Inga plikt etter direktivet til å leggje ut informasjon eller gjera informasjon tilgjengeleg, men det er reglar for korleis dette skal gjerast om ein fyrst vel å gjera det
Vidarebruk av informasjon regelverket Offentleglova 1 andre punktum: lova skal leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon Offentleglova 6 fyrste ledd - ikkje høve til forskjellshandsaming av samanliknbare tilfelle - ikkje høve til å avtala at nokon skal ha einerett på tilgang til informasjon (likevel med eit visst unntak frå dette i andre ledd) - Sivilombodsmannen si uttale 2015/803 spørsmålet vart ikkje omtala nærare
Vidarebruk av informasjon regelverket Offentleglova 7 fyrste ledd: informasjon som det er gjeve tilgang til etter offentleglova eller anna lov som gjev rett til innsyn, kan i utgangspunktet brukast til kva som helst - ikkje om det er i strid med anna lov (eller forskrift) - ikkje om det er i strid med rettane til tredjepersonar - gjeld ikkje dersom ein får informasjon utan å ha rett til det, men må vel gjelde der ein får meirinnsyn etter offentleglova eller anna lov
Vidarebruk av informasjon regelverket Korleis skal ein få innsyn? Offentleglova 30 fyrste ledd andre punktum: rett til papirkopi eller elektronisk kopi. Retten til kopi omfattar alle eksisterande format og versjonar, og i tillegg kjem retten til samanstilingar etter 9 inn Ved tilgjengeleggjering av eige tiltak: Offentleglova 30 tredje ledd (innført ved lov 28. april 2017): «Dersom verksemder som nemnde i andre ledd gjer dokument med tilhøyrande metadata allment tilgjengelege, skal tilgjengeleggjeringa skje i alle eksisterande format og språkversjonar, så langt slik tilgjengeleggjering er i samsvar med lova her og tilhøyrande forskrift.»
Bruk av informasjon avgrensingar Offentlegforskrifta 7 andre ledd: visse opplysningar kan ikkje gjerast tilgjengeleg på nettet - omsyn til personvern - opplysningar offentlege organ ikkje bør spreia - inneber ikkje unntak frå innsyn Offentlegforskrifta 5: visse avgrensingar i retten til kopi - elektronisk kopi av materiale som nokon av immaterielle rettar til, og som kan bli misbrukt i kommersiell samanheng - dokument som ikkje toler handtering