Informasjonsreglement
|
|
|
- Turid Sletten
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 ÅRDAL KOMMUNE Informasjonsreglement Vedteke av kommunestyret sak 057/10 Enhver har Ret til Indsyn i Statens og Kommunernes Akter og til at følge Forhandlingerne i Retsmøder og folkevalgte Organer. Det kan i Lov fastsættes Begrænsninger i denne Ret ud fra Hensyn til Personvern og af andre tungtveiende Grunde. Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale. (Grunnlova 100)
2 1. Målsetjing Årdal kommune si informasjonsverksemd skal vere slik innretta at innbyggjarane til ei kvar tid og på ein lettfatteleg måte får best mogleg informasjon om den kommunale verksemda, tilbod og tenester. 2. Prinsipp For å styrkje folkestyret, befolkninga si aktive deltaking, kontroll og rettstryggleiken til den einskilde, skal alle tilsette og folkevalde i Årdal kommune vere mest mogleg opne i spørsmål om den kommunale verksemda. Innbyggjarane er oppdragsgjevarane våre og har krav på mest mogleg informasjon om korleis vi løyser oppgåvene våre. Årdal kommune ynskjer at synspunkt på verksemda frå tilsette og folkevalde vert sette fram i det offentlege rommet. Årdal kommune skal sjå til at det vert gjeve naudsynt opplæring til tilsette og folkevalde. 3. Informasjonsansvar på vegne av kommunen Årdal kommune skal leggje til rette for at innbyggjarane skal få mest mogleg utfyllande informasjon om den kommunale verksemda. Alle tilsette kan gje faktaopplysningar om eige arbeidsfelt så lenge ikkje opplysningane er underlagde teieplikt. Rådmannen kan gje tenesteleiarar rett til å gje opplysningar og uttale på vegne av vedkomande si teneste. Ordførar og rådmann har generell fullmakt til å gje opplysningar og uttale om heile arbeidsfeltet til kommunen. 4. Tilsette sin ytringsfridom Alle tilsette bør gå tenesteveg med kritikk, problemstillingar og saker som dei ynskjer vert tekne opp. Alternativet til dette er å bruke vernetenesta og/eller tillitsvalde. Dersom den tilsette nyttar andre kanalar, bør overordna informerast om dette. Innanfor grensene av lovbestemt teieplikt har tilsette full rett til å kunne uttale seg til media også i spørsmål som er omstridde internt i kommunen. Så lenge det ikkje har skjedd brot på lovbestemt teieplikt vil ikkje kommunen etterforske eller melde tilsette si kontakt med media. Den enkelte tilsette skal i kontakt med media gjere merksam på at det dreiar seg om personlege ytringar og ikkje ytringar eller uttale på vegne av kommunen. Kommunal stillingstittel, brev, telefaks eller e-post skal ikkje brukast. 5. Opne møte Alle har rett til å vere til stades på møte i folkevalde organ. Møta skal berre lukkast når dette kan skje med heimel i lov. Avrøysting i spørsmål om å lukke møte skal skje for opne dører. Vedtaket skal protokollerast og det skal opplysast om lovheimel. Personalsaker og saker som er underlagde teieplikt, skal handsamast i lukka møte
3 6. Offentleg innsyn Spørsmål om innsyn i kommunale dokument vert regulert av offentleglova, forvaltningslova, kommunelova og arkivlova. Innanfor rammene av desse lovene skal følgjande prinsipp leggjast til grunn: Vi skal praktisere meirinnsyn og føre elektronisk journal som vert gjort tilgjengeleg på Internet. Berre når det ligg føre sterke og saklege grunnar, skal dokument som er utarbeidde for eiga saksførebuing, unnatakast frå offentleg innsyn. Svar på førespurnad om innsyn skal gjevast utan ugrunna opphald. Den som ber om innsyn, skal normalt få svar innan neste arbeidsdag. Berre unntaksvis kan svar gjevast først innan tredje påfølgjande arbeidsdag. Dersom svar ikkje kan gjevast 5 dagar etter at førespurnad om innsyn vart motteken, skal vedkomande kontaktast. Avslag på krav om innsyn skal vere skriftleg og vise til aktuell lovheimel. I avslaget skal det opplysast om klagerett. Dersom eit dokument inneheld opplysningar som er underlagt lovbestemt teieplikt, skal dokumentet likevel utleverast dersom opplysningane som er underlagt teieplikt kan takast ut / sladdast, eller ved at namn og andre identifiserande kjenneteikn vert fjerna. Sakliste til folkevalde organ skal setjast opp i god tid og offentleggjerast med alle saker som skal handsamast, samstundes med utsending til dei folkevalde. Ved utlysing av stillingar på avdelingsleiarnivå eller over, skal vi opplyse om at namn på søkjarar vert offentleggjorde. Berre unntaksvis vil ynskje om å ikkje føre opp namn på den offentlege søkjarlista bli imøtekomne. Ved innhenting av tilbod skal det snarast etter at tilbodsfristen er ute, setjast opp ei samanliknbar liste over innlevert tilbod. Tilbodsoversikten er offentleg. 7. Evaluering Reglementet skal evaluerast 2 år etter at det er vedteke. Vedlegg: Saksutgreiing Råd om kontakt med media
4 Saksutgreiing Presse- og informasjonsreglement for Årdal kommune vart vedteke i Mellom anna på grunn av ny offentleglov er det naudsynt å utarbeide nytt reglement. I kommunelova 4 heiter det: Kommuner og fylkeskommuner skal drive aktiv informasjon om sin virksomhet. Forholdene skal legges best mulig til rette for offentlig innsyn i den kommunale og fylkeskommunale forvaltning. Dette er grunnlaget for framlegget til Informasjonsreglement for Årdal kommune. Informasjonsreglementet må sjåast på som eit overordna reglement som dreg opp målsetjing for informasjonsarbeidet i kommunen. Reglementet er ikkje meint å skulle vere ei detaljoversikt over korleis kommunen kan / skal bygge opp informasjonsstrategien sin. Punkt 2 Prinsipp: I framlegg til Informasjonsreglement vert det lagt opp til at kommunen til ei kvar tid skal arbeide i samsvar med 1 i offentleglova der det heiter: Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon. Når alle tilsette og folkevalde i Årdal skal vere mest mogleg opne i spørsmål om den kommunale verksemda, må vi til ei kvar tid praktisere meirinnsyn jamfør 11 i lova som omhandlar dette: Når det er høve til å gjere unntak frå innsyn, skal organet likevel vurdere å gi heilt eller delvis innsyn. Organet bør gi innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak. Punkt 2 Informasjonsansvar på vegne av kommunen I dette punktet er det gjeve reglar for kven som kan uttale seg på vegne av kommunen. Det viktige er at det til ei kvar tid vert gjeve mest mogleg utfyllande informasjon om den kommunale verksemda. Punkt 3 Tilsette sin ytringsfridom Kommunen korkje vil eller kan leggje avgrensingar på tilsette sin ytringsfridom. Tilsette skal kunne uttale seg til media også i spørsmål som er omstridde internt i kommunen. Det sentrale er at det må kome tydeleg fram at vedkomande uttalar seg som privatperson og ikkje på vegne av kommunen. Kommunalt tilsette vil til ei kvar tid ha plikt til å sikre at ikkje opplysningar som er underlagde teiplikt, vert gjort kjende for ålmenta. Alle tilsette kan uttale seg om saker innanfor eige fagområde og har alle eit ansvar for å gje korrekte og fullstendige opplysningar. Ein hovudregel skal vere at på direkte spørsmål frå media, skal den uttale seg som har best innsikt i saka og som best kan gje ei heilskapleg framstilling. Punkt 4 Opne møte I reglementet er det teke inn eit eige punkt om opne møte. Det bør drøftast om ikkje dette punktet kan takast ut og innarbeidast i reglement for kommunestyre, formannskap og politiske utval.
5 Eit moment som talar for ei slik løysing, er at regjeringa i juni la fram Prop. 152 L om endringar i kommunelova (møteoffentlegheit). Proposisjonen er ikkje handsama av Stortinget, men det er vel rimeleg å tru at regjeringa sine framlegg til lovendringar vert vedtekne. På eitt område føreslår regjeringa ei monaleg innstramming når det gjeld høvet til å lukke møte. Regjeringa føreslår å oppheve retten som kommunestyret har til å lukke møte i andre organ når organet sjølv ikkje skal gjere vedtak i saka. Dette vil medverke til større openheit om den førebuande handsaminga i viktige saker i kommunen. Særleg gjeld dette når formannskapet skal handsame innstilling til årsbudsjett. Punkt 5 Offentleg innsyn Punkt 5 i framlegget slær fast korleis den kommunale praksisen skal vere ved førespurnader om innsyn i kommunale dokument. Særleg viktig er kravet om at vi skal praktisere meirinnsyn. Det vil til ei kvar til ligge til rådmann og ordførar å skipe til ulike typar møte med media og pressekonferansar. Det er ikkje trong for å reglementsfeste dette. Ein ting er å få på plass eit informasjonsreglement, minst like viktig er det å få etablert ein god praksis i samsvar med føremålsparagrafen i offentleglova ( 1). Opplæring av tilsette og folkevalde vil vere eit viktig tiltak for å få dette til. Derfor vart det halde kurs i offentleglova for leiarar og sakshandsamarar. Formannskapet hadde ei eiga samling der temaet var opne / lukka møte. Ei bevisst og open haldning til meirinnsyn skal ikkje berre gjere seg gjeldande ved førespurnader om innsyn. Dette må også prege den kommunale verksemda ved utarbeiding av ulike typar dokument. Rådmannen meiner at det grunn til å endre praksis og redusere tal X-dokument. Dette er interne dokument som ikkje kjem på den offentlege postlista.
6 1. KONTAKT FRÅ MEDIA Media interesserer seg for arbeidet som vert utført av kommunalt tilsette og politikarane og det er viktig å sjå positivt på dette engasjementet. Media er ein av dei viktigaste kanalane for kommunikasjon med innbyggjarane. Sakshandsamaren har størst kunnskap om sitt fagfelt, men han/ho må likevel ta omsyn til media sine behov når saka vert presentert. 2. GODE RÅD Når du vert kontakta av ein journalist, bør du følgje desse råda: Sei aldri berre: "Ingen kommentar" sjekk ut: namnet på journalisten kva media han/ho arbeider for kva samanheng din uttale skal nyttast Du kan be om: tid til å hente inn opplysningar og konferere med andre i kommunen å få vurdere om du vil praktisere meirinnsyn og gje svar i saka sjølv om saka/deler av den fell inn under reglane om unntak frå offentleggjering i offentleglova tid til å vurdere om du i det heile vil svare, fordi saka er under arbeid og det difor ikkje er sikkert at det er nokon avklåra bodskap å gje ut at dei vender seg til andre, dersom den/dei andre er rette vedkomande Under intervjuet må du hugse på: bruk eit klårt språk slik at du unngår mistydingar ikkje lat deg presse til å svare på noko du ikkje har greie på be journalisten om å gjenta spørsmålet, dersom det er uklårt konsentrer svara dine om å få fram det viktigaste i bodskapen din kom aldri med uformelle tilleggskommentarar under intervju Før eit intervju har du rett til å be om: å få godkjenne direkte sitat - du eig sjølv det du sjølv har uttalt å få lese gjennom manuskriptet, dersom også journalisten finn at det er greitt å setje frist for når du eventuelt vil ha manuskriptet til godkjenning Ver merksam på at du ikkje har rett til å krevje endringar i overskrifta, i ingressen eller i mellomtitlar om du ikkje der vert sitert direkte feil, i den delen av teksten som er sitat frå andre eller i den teksten som står for journalisten si eiga rekning. Du har rett til å trekke tilbake heile intervjuet, men bør nytte ein slik rett særs restriktivt. Når ein representant for media kontaktar deg om ei bestemt sak, har han eksklusiv rett til å få svaret. Andre media skal ikkje få vite om førespurnaden og svaret.
TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER
TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1
REGLEMENT FOR Utval for Levekår
REGLEMENT FOR Utval for Levekår 1. SAMANSETJING OG VAL Utvalet skal ha 7 medlemar inklusiv leiar og nestleiar. Medlemane og varamedlemane skal veljast blant medlemane i kommunestyret i samsvar med prinsipp
Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova
Sakshandsamar: Ove Midtbø Vår dato Vår referanse Telefon: 57643176 03.07.2012 2012/1917-326.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Foreldrearbeidsutvalet Lærdalsøyri skule v/hadle
Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune
Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.
L nr. 16 Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
L19.05.2006 nr. 16 Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova). Kapittel 1. Innleiande føresegner 1. Formål Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd
TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE
TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. desember 2007 Revidert i Tysnes kommunestyre 16. desember 2010 UGGDAL, 03.01.2011 Saksnr. Dok.nr
Evaluering av offentleglova Har den virket etter hensikten? Kontaktseminar 2016
Evaluering av offentleglova Har den virket etter hensikten? Kontaktseminar 2016 Evaluering av offentleglova Lov 19. mai 2006 nr 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd Trådte i kraft 1.
Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune
for tilsette og folkevalde i Radøy kommune Vedteke av Radøy kommunestyre 2009 Føremålet med reglementet er å skapa medvit om haldningar og etiske verdiar og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til
TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE
TYSNES KOMMUNE Rådhuset Uggdalsvegen 301 5685 UGGDAL Telefon 53437014 TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE INNHALD 1 FØREMÅL... 3 2 OMFANG... 3 3 DEFINISJONAR... 3
Offentlighetsloven kapittel 3 unntakskapitlet. Fagforbundets fagdager 3.-4. september 2014
Offentlighetsloven kapittel 3 unntakskapitlet Fagforbundets fagdager 3.-4. september 2014 Om meg, Trine Nesland Kvalitetsrådgiver, Diakonhjemmet sykehus. Tidl. fagsjef for arkiv og dokumentasjon i Ruter
Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:
Luster kommune Handsama: Rådmannen sitt framlegg Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: [email protected] Org.nr: 964 968 241 Innhold Innleiing...
SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar
SKODJE KOMMUNE Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar Vedtatt i kommunestyret 24.05.2016 Innhald 1. Føremål... 2 2. Etikk... 2 3. Val og samansetjing...
Politisk reglement For Innsyn. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15
Politisk reglement For Innsyn Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Kommunestyret og andre folkevalde organ sin rett til innsyn i saksdokument (innsynsreglementet) 1 Rett til innsyn i samsvar med dette reglementet
Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:
Godt samspel På dialogmøte 19. juni 2014 gjekk ein gjennom kva som skal vera grunnlaget for Godt samspel i Fusa kommune. Det var 3 grupper med politikarar, tillitsvalde og administrasjon utgjorde kvar
Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.
Rådmannen 2014/499-1 19.02.2014 og målsetjing. 1.0 1.1 Overordna kommunikasjonsstrategi sin kommunikasjonsstrategi skal vera tufta på kommunen sin overgripande målsetjing. I vedteken kommuneplan lyder
ETISKE PRINSIPP FOR POLITIKARAR OG TILSETTE I HERØY KOMMUNE
ETISKE PRINSIPP FOR POLITIKARAR OG TILSETTE I HERØY KOMMUNE Side 1 av 7 INNHALDSLISTE A Prinsipp s. 3 1. Lojalitet s. 3 2. Objektivitet s. 3 3. Redelegheit og ærligheit s. 4 4. Ansvarlegheit og respekt
Lovlegkontroll av formannskapet si avgjerd om lukking av møte den
Sakshandsamar, innvalstelefon Hugo Morken, 55 57 21 17 Vår dato 19.04.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1635 323 Dykkar referanse 16/197 Ullensvang herad Heradshuset 5780 Kinsarvik Lovlegkontroll av
www.forde.kommune.no Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god
Offentleglova. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd. Ikrafttredelse
Offentleglova Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd Ikrafttredelse 01.01.2009 Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd 1 Formål Formålet med lova er å leggje til rette for
Allmennoffentlighet. Av Marius Stub
Allmennoffentlighet Av Marius Stub 1. Innledning Reglene i offentleglova gir enhver krav på innsyn i forvaltningens saksdokumenter mv. En part kan i tillegg kreve innsyn etter forvaltningslovens regler
JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT
Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale
Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune
Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Gjeldande frå 25. april 2018 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Kven kan opprette ei side?... 3 3. Bruk av sosiale media i kommunen
Arbeidsmiljølova gjev arbeidstakarar rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve i eiga verksemd:
Varsling: Rettleiing for deg som mottek eit varsel Rutine og sakshandsamingsprinsipp 1. Innleiing Fedje kommune ønskjer at kritikkverdige tilhøve i kommunen vert avdekka og rydda opp i. Tilsette og andre
Sakliste: Saknr. Sak 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste
Bømlo kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 21.04.10 Kl.: 09.00 13.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/10 21/10 MØTELEIAR Georg Lønning (FrP) DESSE MØTTE Kåre Habbestad (SP) Sonja Hellen Sele (
Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)
Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune
Vedtak i klagesak etter offentleglova
Sakshandsamar: Turid Måseide Vår dato Vår referanse Telefon: 57643164 22.12.2017 2017/4085-326.1 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse porten.no [email protected] Vedtak
Etiske retningslinjer Jølster kommune
Foto: Laila Ommedal Etiske retningslinjer Jølster kommune 2018-2020 Visjon Skaparkraft i verdas vakraste ramme Verdiar: Raus Inkluderande Modig Løfte til omverda: Reindyrka Ekte Innhaldsrik - Skapande
Offentleglova og teieplikt. Politikardag
Offentleglova og teieplikt Politikardag 29.05.17 Bakgrunn for opplæringa FT-sak 29/16 «Selskapskontroll 2016 Eigarskapskontroll Fjord1»: Fylkestinget bad m.a. om at «det vert gjeve tilstrekkeleg opplæring
Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008
Rutine for varsling FORORD Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutinar for varsling skal vere ein beredskap når lovstridige, uetiske eller uforsvarlege forhold vert oppdaga og må stoppast. Masfjorden
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
OM OPPDRAGET EVALUERING AV OFFENTLEGLOVA
OM OPPDRAGET EVALUERING AV OFFENTLEGLOVA 1. BAKGRUNN OG GENERELLE RAMMER Justis- og beredskapsdepartementet ynskjer tilbod på ei forskingsbasert evaluering som skal frambringe fakta om korleis offentleglova
Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN
Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 Org.nr.: 00864969682 Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/3004-12 297/13 033 &00 SEN/SEN/WBD REGLEMENT - FORMANNSKAP
Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE
Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker
Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll
Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll Utvalg: Kontrollutvalet i Fusa kommune Møtestad: Loftet, Kommunehuset i Fusa Dato: 19.02.2015 Tidspunkt: 11:00 13:00 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon
Bergen kommune, Fagavdeling barnehage og skole Postboks Bergen. Vedtak i klagesak - Bergen kommune - innsyn
Sakshandsamar, innvalstelefon Jannicke Haaland Haarr, 5557 2272 Vår dato 02.09.2016 Dykkar dato 11.05.2016 Vår referanse 2016/6414 632.9 Dykkar referanse 16/511 Bergen kommune, Fagavdeling barnehage og
OFFENTLIGHETSLOVEN. - intensjoner, historie og forankring PARTNERFORUMS HØSTKONFERANSE 2012
PARTNERFORUMS HØSTKONFERANSE 2012 OFFENTLIGHETSLOVEN - intensjoner, historie og forankring Jan Erik Grindheim, PhD, seniorrådgiver Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo Ansvarlig redaktør
Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune
Kommunikasjonsplan Nye Øygarden kommune Fase 3: Fellesnemnda - oktober 2017 desember 2019 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma
Folkevalde sin rett til innsyn
Aukra kommune Folkevalde sin rett til innsyn Reglement om kommunestyret og andre folkevalde organ sin rett til innsyn i saksdokument 2016-2019 Vedteke i K-sak 6/06, 1. mars 2006 Revidert i K-sak 69/16
Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT
Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/2046-26014/2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: 24.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Høyringsuttale
ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT
ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT Vedteke av prosjektrådmann 28. MAI 2019 VOSS HERAD 1. BAKGRUNN For å sikra og utvikla eit funksjonsdyktig og levande lokaldemokrati, ei rasjonell og effektiv forvaltning,
RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold
RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE Vedtekne i Granvin Heradsstyre 15.04.2015 Retningslinene er bygde på reglane i Kommunelova, Forvaltningslova og Offentlegheitslova. Innhold 1. Heradsstyret si samansetjing
Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte
FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Dato: 15.08.2017 Saksframlegg Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte FELLES KOMMUNESTYREMØTE for kommunane Norddal og Stordal
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE
POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner
Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
Offentleglov med forskrifter. Turid Holen, rådgiver Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS (IKAVA)
Offentleglov med forskrifter Turid Holen, rådgiver Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS (IKAVA) Offentleglov med forskrifter Gjeld frå 01.01.2009 Hovudpunkt Formålsparagraf Mykje likt, men styrka rett
Tilgangen til og vidarebruken av informasjon kva seier regelverket. Ole Knut Løstegaard Lovrådgjevar, Lovavdelinga i JD 15.
Tilgangen til og vidarebruken av informasjon kva seier regelverket Ole Knut Løstegaard Lovrådgjevar, Lovavdelinga i JD 15. juni 2017 Tilgangen til informasjon overordna reglar Grunnlova 100 fjerde ledd
REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN
Dok. ref. 16/591-2/FE-047, TI-&00, Histsak- 13/270//BEH Dato: 02.01.2017 REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN Reglementet gjeld for folkevalde organ så langt kommunestyret ikkje har vedteke
Kommunikasjonsstrategi
Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er
Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011
Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar
INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSSTRATEGI.
Notat Fra : RÅDMANNEN Saksbehandler : OJK-ADML-ADML Arkivref. : 2004/000094-031-&20 Dato : 07.06.2006 Til Saksbehandler : Formannskapet : Moltu/ SkarsteinOJKADMLADML INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSSTRATEGI.
Offentleglova - kapittel 2. advokatfullmektig Jorun Bjerke, Fagforbundet
Offentleglova - kapittel 2 advokatfullmektig Jorun Bjerke, Fagforbundet [email protected] Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd Kap. 1 Innleiande føresegner Kap. 2 Hovudreglane
Innsyn og offentlighet
Innsyn og offentlighet Avklaringer Innsyn: (ekstern) forespørsel om å få tilgang til saksdokumenter Sikkerhet Gradering Tilgangsstyring Hindre innsyn for andre (utenforstående) Fire lover: Grunnloven offentleglova
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL
REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL Vedteke i Kommunestyret Dato : 18.2.2004 Sak : 04/2004 15.11.03 - Reglement for politiske utval 2003 2007 K-sak? - side 1 1. KOMMUNESTYRET OG ANDRE FOLKEVALDE ORGAN SIN RETT
SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå
SAMNANGER KOMMUNE IKT-reglement for tilsette i Samnanger kommune Vedteke av rådmannen 27.01.2010. Gjeld frå 01.02.2010. Innhaldsliste 1 Området for dette reglementet organisering 2 Føremålet med IKT-anlegget
Fagforbundet 4. september 2012. Gunnar Bodahl-Johansen, Institutt for Journalistikk
Fagforbundet 4. september 2012 Gunnar Bodahl-Johansen, Institutt for Journalistikk En viktig rettskilde Fra syndefallet til 140 tegn Adam og Eva Ordet Gutenberg Ytringsfriheten demokratiet Offentlighetsloven
Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog
Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre
Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune
Kommunikasjonsplan Sunnfjord kommune Innleiing I løpet av dei neste to åra skal Sunnfjord kommune etablerast. Dette er ein prosess som involverer innbyggjarar, tilsette, folkevalde og andre aktørar i dei
PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Fitjar kommune 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune. Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering
