STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKING AV BRANNÅSTAD Kriminalteknikk: Modul 3D 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 Revidert 17. oktober 2012
Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innleiing Politiet pliktar å etterforske alle brannar for å avklare om det er gjort ei straffbar handling. For å førebyggje brannar er det viktig å vite kvar og korleis ein brann oppstår, og ein har difor innført utvida plikt til å etterforske brannar. Kunnskap om brannårsaker, brannspreiing og sløkkearbeid kan dessutan medverke til betre branntryggleik. Politiet er ansvarleg for etterforskinga, og brannteknisk etterforsking er eit krevjande og metodisk arbeid som gjer det naudsynt med kunnskapar og ferdigheiter innanfor fleire fagfelt. Etterforskinga må soleis byggje på røynslebasert kompetanse, og stiller høge krav til lokalt og tverrfagleg samarbeid mellom politiet, brannvesenet og det lokale elektrisitetstilsynet (DLE). Politihøgskolen medverkar til dette gjennom vidareutdanningar i brannetterforsking. Utdanninga gir 5 studiepoeng og inngår i ei lengre utdanning innanfor kriminalteknikk etter denne modellen: vurdering av blodspor, modul 3A (5 stp.) etterforsking av sprengingsåstad, modul 3B (5 stp.) åstadleiing og koordinering, modul 3C (10 stp.) dokumentasjon og vurdering, modul 2C (10 stp.) etterforsking av vald og dødsfall, modul 2A (15 stp.) fotografering, modul 1B (5 stp.) etterforsking av ulukker og ekstraordinære hendingar, modul 2B (10 stp.) etterforsking av åstad, modul 1A (15 stp.) etterforsking av brannåstad, modul 3D (5 stp.) Brannetterforsking (10 stp.) Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 1
Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 2
2. Føremål Utdanninga skal medverke til at den tekniske etterforskinga av brannar vert utført med høg kvalitet og god tverrfagleg breidde når det gjeld å finne ut kvar brannen starta, moglege årsaker og hendingsgang. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er tilsette i politiet som har kriminalteknisk etterforsking som primæroppgåve, og som har eller kjem til å få oppgåver innanfor brannetterforsking. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Studiet er òg ope for tilsette i brannvesenet og el-tilsynet som er med i lokale eller regionale branngrupper. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskolen/politihøgskolen eller tilsvarande utdanning frå nordiske land, Noregs brannskole eller relevant teknisk utdanning på minst bachelornivå vere tilsette i politiet i Noreg eller eit anna nordisk land, i Brann- og redningsetaten eller i det lokale elektrisitetstilsynet ha minst 3 års relevant praksis Norske politiutdanna må ha bestått vidareutdanning i brannetterforsking eller etterutdanning i brannetterforsking (brann modul 1, gammal studiemodell). Dokumentert lang og brei røynsle kan erstatte det formelle kravet til teknisk utdanning. Studieplassane vert fordelte med inntil 4 plassar for søkjarar frå dei andre nordiske landa. Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 3
Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå kravet om tre års praksis. 4. Læringsutbyte 4.1 Ålmenn kompetanse Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: vise utdjupa innsikt og tryggleik i yrkesrolla identifisere og vurdere etiske dilemma vise utdjupa innsikt i korleis den branntekniske etterforskinga er forankra i forskings- og røynslebasert kunnskap ta sjølvstendig ansvar for oppgåver i den branntekniske etterforskinga vise utdjupa innsikt i den kriminaltekniske etterforskinga av brannåstadar for å sikre rettstryggleiken 4.2 Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utdjupande kunnskap om: Føremålet med brannetterforskinga pluss regulering og kvalitetskrav. Fenomenet brann: o brannkjemi o brannfysikk o brannårsak og startstad o konsekvensar for HMS Organisering og praktisk gjennomføring av kriminalteknisk etterforsking av brannåstadar: o fasar i den branntekniske etterforskinga o metodikk og systematikk o kriminaltekniske spor i brannen o vurdering av brannskadebiletet o vurdering av bevisverdi o sakkunne Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 4
o o tverrfagleg samarbeid brannteknisk rapportering og dokumentasjon 4.3 Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: førebu, gjennomføre og evaluere kriminalteknisk etterforsking av ein brannåstad forankra i forskings- og røynslebasert kunnskap identifisere og grunngi valet av relevante metodar i alle fasane av ei brannteknisk etterforsking identifisere og vurdere behovet for bistand og sakkunne i ulike fasar av etterforskinga samarbeide for å medverke til framdrift og kvalitet i etterforskinga 5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på fire månader. Utdanninga tar om lag 140 timar. Det omfattar undervising, øvingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 70 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Under den siste samlinga vert det gjennomført ei fullskalaøving som skal vise heilskapen i etterforskinga av ein brannåstad. Denne skal danne grunnlag for eksamen. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 5
Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: ei individuell oppgåve der studentane viser innsikt i pensumlitteraturen og korleis denne kan nyttast i eigen praksis (inntil 1000 ord) 6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein individuell skriftleg heimeeksamen over tre timar med utgangspunkt i praksis. Svaret skal leverast elektronisk. Karakterane er bestått / ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum (251 sider) National Fire Protection Association. (2011). NFPA 921: Guide for fire and explosion investigations (2011 Ed.). Quincy, MA: National Fire Protection Association. Pensum: alt unntatt kap. 21, 23 og 27 (251 sider) 7.2 Skal vere kjent Pensum frå vidareutdanning i brannetterforsking, modul 2D (2012 ) ved Politihøgskolen i Oslo 7.3 Tilrådd litteratur Petterson, J. og Widlund, D. (Hoi Förlag 2012) Gryningspyromanen Studieplan for kriminalteknisk etterforsking av brannåstad, modul 3D 2012 Side 6