SKULESTRUKTUR: Rapport frå arbeidsgruppa ved

Like dokumenter
Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

6-åringar på skuleveg

Foreldremøte 19. september 2018

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Bjørnehiet SFO - informasjon

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Høyringsrapport - skulestruktur


KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Skulestruktur: Rapport frå arbeidsgruppa ved Sunnylven skule

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Vedlagt ligg det nye reglementet, samt nokre kartbilete der farlege vegar er markert. På Sagvåg skule vert ikkje dette iverksett før hausten 2018.

Informasjon til elevane

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Elevundersøkinga 2016

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Plan for Liabygda SFO

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

«Det er ei ære for oss å få låna det kjæraste de har»

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Sandeid skule SFO Årsplan

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Modulskule Stanghelle

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

REFERAT SU/SMU 6. DESEMBER 2017 SAND SKULE

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Draumeskulen Mo og Øyrane vgs. Regelverksamling Skei 2/11-17, Tove Nedrebø

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET MÅNDAG 5. NOV KL PÅ NORDBYGDO UNGDOMSSKULE, BIBLIOTEKET

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Transkript:

SKULESTRUKTUR: Rapport frå arbeidsgruppa ved GEIRANGER SKULE Innleiing: Arbeidsgruppa har fått i oppgåve å gjennomføre ei utgreiing vedr skulestruktur i Geiranger Gruppa er samansett av: 2 foreldre: Ragnhild Frøysa og Kenneth Løken 2 elevar : Victoria Mossberg Hjelle og Lisa Mjelva 1 lærar : Anne Mari Westerås Rektor : Tove Gjerde Vi er sett til å vurdere ulike punkt knytt til skulestruktur i 4 alternativ. Alternativ 1 er å vere som i dag: ein eigen 1-10 skule. Dei 3 andre alternativa er ulike variantar av Samarbeid med Norddal. Vi har valgt å oppfatte begrepet Samarbeid med Norddal som eit samarbeid/ei samanslåing med Eidsdal skule. Dei 3 alternativa til samarbeid/samanslåing er -samarbeid om ungdomstrinn -samarbeid om ungdomstrinn+ mellomtrinn - samarbeid om alle trinn Vi har i vårt arbeid gått ut i frå at Eidsdal skule også i framtida skal eksistere som 1-10 skule. Vår skule har ikkje kapasitet til å ta i mot elevar frå Eidsdal. Vi ser det difor som realistisk å tenke ein slik felles skule enten på noverande Eidsdal skule, eller som ein ny framtidig skule med ei plassering som ivaretek interesser og behov frå begge bygdelaga. Vi har valgt å utarbeide vår rapport etter dei punkta som står i vedtaket frå formannskapet. Til kvart punkt har vi presentert fordeler og ulemper ved det å vere som i dag og det å ha eit samarbeid med Norddal (Eidsdal skule) ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 1. Elevtalsutvikling: * Vere som i dag 1-10 skule Slik ser elevtalet ved Geiranger skule ut fram til haust 2022 Skuleår 1-4 kl 5-7 kl 8-10 kl Totalt 2016/2017 10 6 6 22 2017/2018 7 7 7 21 2018/2019 11 7 3 21 2019/2020 12 5 6 23 2020/2021 10 7 7 24 2021/2022 13 7 7 27 2022/2023 10 9 5 24

* Samarbeid med Norddal: Slik vil elevtalet for Eidsdal + Geiranger sjå ut fram til haust 2022 Skuleår 1-4 kl 5-7 kl 8-10 kl Totalt 2016/2017 32 21 22 75 2017/2018 28 25 19 72 2018/2019 31 24 16 71 2019/2020 29 23 21 73 2020/2021 27 22 25 74 2021/2022 24 23 24 71 2022/2023 22 23 23 68 2. Fagleg og sosialt miljø: *Vere som i dag 1-10 skule: Fordel: Få elevar gjer at kvar elev får mykje støtte og hjelp frå lærar. Alle blir sett. Elevar med faglege problem blir fanga opp tidleg. Eit lite miljø er oversiktleg, det er lettare å avdekke uønska adferd, mobbing osv. Foreldra kjenner alle lærarane. Foreldra har «nærheit» til skulen. Elevane kjenner alle lærarane, dette gir tryggheit. Alle elevane kjenner kvarandre, aldersblanding gir læring og vennskap. Alle må samarbeide med alle når gruppene er små. Dette kan fremme toleranse. Alle må delta når gruppene er små. Dette kan fremme ansvar for fellesskapet Små grupper gjer at det er lettare å oppretthalde arbeidsro i timane. God tilgang til symjebasseng. Samlokalisering med barnehage gjer overgangen barnehage-skule tryggare. Kort skuleveg gjer at mange elevar kan gå til skulen. Aktivitetar knytt til skulen som td 17 mai, Solfest blir i bygda. Fordelane med å vere som i dag vil nok vere størst for 1-4 klasse og minke med stigande alder Ulempe: Nokre elevar vil oppleve å vere åleine på sitt klassesteg. Ein har då ingen å samarbeide med/samanlikne seg med i dei klassedelte faga. Få elevar i ei gruppe kan gi lavt læringstrykk. I ei lita gruppe vil nokre arbeidsmåtar vere vanskeleg å få til (gruppearbeid, diskusjonar, prosjektarbeid osv) Eit fag som kroppsøving vil vere vanskeleg dersom gruppa er svært lita. Elevane har få medelevar å velje i. Ikkje alle finn nokon med same interesser. Elevane kan gå litt lei kvarandre. I små grupper blir det mykje fokus på den enkelte. Kan gjere det vanskeleg for enkelte elevar å fungere som ein del av gruppe. Det kan vere vanskeleg å skilje sak og person i ei lita bygd. Ulempene med å vere som i dag vil nok vere minst i 1-4 klasse og auke med stigande alder Fordel: Elevane vil kome i klasser med fleire elevar. Det vil gi eit større læringsfellesskap. Elevane vil oppleve eit breiare sosialt fellesskap i friminutta, fleire aktivitetar å velje mellom i friminutta.

Elevane vil ha større muligheiter for å finne andre med same interesser. Elevane lærer å forholde seg til fleire medelevar, og opptre som del av ei gruppe. Overgang til vidaregåande kan bli enklare for ungdomstrinnet. Lettare tilgang til kulturnisteaktivitetar. Tilgang til friidrettsbane og stor fotballbane. Fordelane med eit samarbeid vil nok vere minst i 1-4 klasse og auke med stigande alder Ulempe: Større klasser gir mindre tid til den enkelte. Større klasser kan gi mindre oversiktlege forhold. Ikkje så lett å avdekke uønska adferd og faglege problem. I større klasser kan det lett bli mindre arbeidsro i timane. Større overgang barnehage-skule. Foreldra vil lett kunne oppleve meir «avstand» til skulen. Skifte av skule underveis i skuleløpet, dersom berre delar av skulen blir flytta. Dersom berre deler av skulen blir flytta vil miljøet bli enda mindre for dei som bli att. Lang skuleveg gjer at alle elevane er avhengig av skyss. Aktivitetar knytt til skulen blir i anna bygdelag. Ulempene med eit samarbeid vil nok vere størst i 1-4 klasse og minke med aukande alder 3. Fagmiljø: Fordel: Nært og tett fellesskap med mykje kontakt gjennom dagen. Lett å samarbeide i samla kollegie. Barne-og ungdomstrinn gir den enkelte brei erfaring med klasser og fag over heile skuleløpet. Lærarane involverte i fleire klasser. Derfor heiter det «våre» elevar, ikkje «mine og dine» elevar. Skule og barnehage kan samarbeide om personale. Ulempe: Dei nye kompetansekrava er ikkje mulig å gjennomføre i eit så lite kollegie. Lærarar må ta fag dei ikkje har utdanning i, erfaring med. Spesielt fag som tysk, musikk, Kunst & Handverk vil då vere utfordrande. Den enkelte lærar har ingen å samarbeide med som har same fag og klasse. Fordel: Kvar lærar har truleg nokon å samarbeide med som har same fag innanfor same hovudtrinn. Fleire lærarar har godkjent kompetanse i sine fag. Større sjanse for å få undervise i dei faga du har utdanning i. Større sjanse for å ha dekning også i dei vanskelegaste faga. Større kollegie. Ulempe: Usikkerheit for dei tilsette i overgangsfase. Pendling for dei som blir overfødige her. Lang reiseveg. Ulempene vi har i dag knytt til kompetansekrav, samarbeid osv blir enda tydelegare for dei som blir att her dersom berre deler av skulen skal flytte.

Tungvint med møter/aktivitetar på kveldstid. 4. Driftsutgifter: Gruppa har diskutert punktet om driftsutgifter og evt innsparing. Vi har valgt å berre seie følgande om dette punktet: Skulen, barnehagen og SFO ligg på same budsjettansvar, med ei netto budsjettramme knytt til 5 tenesteområde. Å skilje heilt kva som er driftsutgifter skule og kva som er barnehage/sfo er vanskeleg. Netto budsjettramme for 2016 er 6 814 000. Det aller meste av dette er lønn. Skulen har i 2017 ca 6 lærarstillingar og elevtalsprognosen viser at dette vil vere behovet framover om ikkje uforutsette ting skjer. Kva eit samarbeid med Norddal vil bety for driftsutgifter er umulig å seie på dette tidspunkt. Til det er her for mange usikre faktorar. Vi nemner: -Der ligg føre 3 alternativ til samanslåing (ung.trinn-ung.trinn+ mellomtrinn- alle) -Det er usikkerheit knytt til om samanslåing betyr Eidsdal skule der den ligg i dag, eller om det betyr ein ny skule med ukjent plassering. -Lærarar som er fast tilsette i Stranda Kommune skal ha tilbod om anna arbeid dersom dei vert overflødige her. -Stranda kommune er ansvarleg for kostnadar knytt til våre elevar dersom Geiranger og Eidsdal fortsatt høyrer til i to ulike kommuner. -Skuleskyss -Kostnadar knytt til bygningane ved å vere som i dag og kostnadar knytt til bygningane dersom heile eller delar av skulen blir flytta. 5. SFO: Skulen har tilbod om SFO etter skuletid kvar dag. (13.30-16.45) Alle elevane i 1-4 kl har plass i SFO 3-5 dagar pr. veke. Det er tradisjon ved skulen at alle elevane har SFO-plass til dei er ferdig med 4 klasse. Leksehjelp er lagt inn i SFO-tida to av dagane. Alle elevane i 1-4 kl er med på leksehjelpordninga. Fordel at det er kort veg til henting, og at det er lett å kombinere henting for dei med søsken i barnehagen. Ulempe at SFO må bruke same lokale som skulen. Elevane som er på SFO har ikkje rett til skuleskyss heim. Foreldre må hente, eller elevar må gå heim. Eit SFO-tilbod på ein skule lenger unna heim/arbeidsplass, vil vere meir krevande for foreldra m.o.t. henting. Ein kan kanskje sjå for seg ei løysing der elevane får SFO-tilbod i regi av Geiranger Barnehage.

Då må elevane fraktast med buss frå skule til SFO. Fordel at det blir eit større miljø. 6. Bygningar/uteområde: Fordel: Tilstrekkeleg plass på klasserom. Gymsal i same bygg. Bibliotek i same bygg. Ballbinge og leikeapparat. Ulempe:Gamle bygningar (hovuddel frå 1970, gymsal+personalavd frå 1996) Forsømt vedlikehald, behov for renovering. Plassering i flodbølgesone (Åkneset). Avgrensa uteområde. Enkelte foreldre føler at elevane er «på utstilling» for turistar. Stor slitasje og mykje søppel på uteområdet i sommarhalvåret. Vanskeleg å oppnå stabil og passe innetemperatur grunna manglande isolasjon og dårlege vindu. Bygningane ikkje tilpassa dagens moderne skule, med grupperom, spesialrom osv. * Samarbeid med Norddal: Fordel: Nyare bygningar 1986/1997. Meir spesialrom. Tryggare i forhold til flodbølge. Stor fotballbane og friidrettsanlegg. Kapasitet til å ta i mot fleire elevar. Ulempe: Bygget er klart for rehabilitering. Forprosjektet som skulle starta før jul, vart utsett til 2018 pga. vedtak i budsjettmøtet i desember. Leikeapparat må erstattast pga rote. 7. Anna: Reisetid: Dei fleste elevane bur innanfor 2 km frå skulen og kan gå til og frå. Skulebuss går frå Ørjasæter kl. 08.00. Elevane er framme på skulen 10-15 min før skulestart. * Samarbeid med Norddal: Elevane i Eidsdal har skulestart kl. 08.35 Bussen som køyrer elevane til Eidsdal skule i dag, er samtidig rutebuss frå Geiranger. Denne startar 07.35 frå Union. Dersom ein tenkjer seg eit samarbeid med Norddal på noverande Eidsdal skule, vil bussen måtte starte frå Ørjasæter ca 07.15 for å vere framme til skulestart. Elevane får reisetid på 60-75 minutt kvar veg. I tillegg kjem ein uoversiktleg trafikksituasjon på sommarstid som gjer at reisetida, spesielt på ettermiddag, ofte blir lengre enn berekna. Det kan bli ein lavare terskel for å halde barn heime når det er tvil om sjukdom.

Rasfare: I dag har elevane ved skulen her ein trygg skuleveg. Pr i dag er ikkje vegen frå Geiranger til Eidsdal rassikra. Eit samarbeid med Norddal kommune på Eidsdal skule vil medføre skuleskyss gjennom rasfarleg område. Dette kombinert med trafikksituasjon/reisetid kan medføre ei belastning for elevane og foreldra, som strir i mot retten til eit godt psykososialt skulemiljø. Fritidsaktivitetar: I dag har elevane kulturskuletilbod på skulen i skuletid/sfo-tid eller rett etterpå. Elevane har nokre fritidstilbod i Geiranger (kor, barnetrim) og nokre fritidstilbod i Eidsdal(fotball, ski, korps.) Elevane kan gå heim, ete middag og evt gjere litt lekse før dei fer til Eidsdal på fritidstilboda der. Dersom elevane skal gå på skule i Eidsdal vil det kunne bli meir komplisert å delta på fritidsaktivitetar der. Fritidsaktivitet rett etter skuletid vil gjere skuledagen svært lang. Å reise heim med skulebuss for så å reise utatt på nytt vil også vere krevande. Skulen si rolle i bygda: *Vere som i dag 1-10 skule: Skulen har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Arrangement i skulen sin regi betyr mykje for trivsel og samhold i bygda. (17 mai, Solfest, musikkskule-arrangement osv) Skulen er også ein viktig samarbeidspartnar for ungdomslag, idrettslag og andre organisasjonar i bygda. Geiranger treng arbeidskraft og ønskjer at fleire familier skal bosette seg her. Skule er viktig for at ei bygd skal vere attraktiv å flytte til. * Samarbeid med Norddal: Aktivitetar i skulen sin regi blir flytta ut av bygda. Truleg at færre vil bosette seg i bygda når her ikkje er skule. Kan bli ei «sesongbygd» Det kan vere fare for verdsarvstatusen sidan Unesco-avtalen forutset «ei levande bygd»