EcoPreneurship: lokalt og internasjonalt utviklingsarbeid

Like dokumenter
Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Stadbasert entreprenørskap og læring

Psykologisk førstehjelp i skulen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Psykologisk førstehjelp i skulen

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

INNHALD STADBASERT LÆ RING FORTELJINGA OM AURLANDSMODELLEN

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Pedagogisk plattform

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Frå novelle til teikneserie

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Samansette tekster og Sjanger og stil


Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Informasjonshefte Tuv barnehage

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Sandeid skule SFO Årsplan

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Den nye seksjon for applikasjonar

Eit lærande utdanningssystem?

Månadsbrev for Rosa september 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innovasjonsmetoden vår

Metodiske verktøy ved kursleiing

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Trygg og framtidsretta

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering


Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Klepp kommune Tu skule

Brukarrettleiing. epolitiker

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Vi lærer om respekt og likestilling

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Kva er økologisk matproduksjon?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Transkript:

EcoPreneurship: lokalt og internasjonalt utviklingsarbeid Utgangspunktet vårt for å vera med i EU prosjektet «Leonardo Life longe Learning» frå 2012 til 2015 er dei siste 20 års arbeid med stadbasert læring i Nærøyfjordområdet. Vi vart invitert til å delta etter initiativ frå Nederland. Andre deltakarland er Sveits, Portugal og Austerrike. Prosjektet er finansiert som eit 3-årig prosjekt (2012-2015) gjennom EU-midlar, med 5 deltakarland. Prosjektet har som målsetting å utvikle ny kunnskap og ny praksis for å knyte saman arbeid med utvikling av stad (samfunn) og menneske (læring). Ein kan og seie at prosjektet har som mål å gje omgrepet EcoPreneurship eit metodisk innhald som fundament for ein ny type utdanning. Staden som læringsarena Vår bakgrunn for å delta var at vi i Aurland og Indre Sogn har utvikla og førebudd pedagogiske opplegg for læring og stadutvikling der heile kommunen er læringsarena. Det starta i det små med hagen som vekstrom for dei minste. Dette blei utvikla til garden og arbeidsrommet etter kvart som elevane vaks til. I seinare tid har elva som økosystemet komme med, kulturlandskapet dalen og historia vår og øvst oppe fjellet med sine ressursane og friluftslivet for helse, vandringar og oppleving. Gjennom stadbasert aktivitetar viser vi korleis læreplanane kan bli lagt ut i terrenget frå fjell til fjord der bruk av lokale ressursar samt utvikling av glede, respekt og kunnskap for naturgrunnlaget står i fokus. Tenkje globalt Sirkelen som ligg heilt yttarst i modellen vår er den store verda og spørsmålet er kvifor skal ein arbeide internasjonalt og utvikle global tenking? Med utgangspunkt i Jacobsen (2005, s.218) må vi læra oss å sjå vår plass i verda og bevisstgjera oss de faktum at vi bur på planeten jorda. Den større historia må plassera folk tilbake i relasjon med naturen og dermed også til seg sjølve. Dette er eit ledd i forståinga av oss sjølve og den økologiske krisa vi står inne i, seier han vidare. Arne Næss som arbeida fram djupøkologien kalla det for det utvida «sjølvet» vi må lære oss å forstå vår plass i verda, utvida vårt «sjølv». Utvikle samspel og dialogen med naturen og andre fordi det som vi er forbunde med vil vi også ta vare på. I eit globalt perspektiv er verda avhengig av ein ny type kunnskap som fokusera på heilskapen i samfunnet og naturen. Kloden er ein samanhengande menneskeleg sivilisasjon, vi flyt saman i ein felles skjebne, de kan ha mange fordelar. Men kvar trussel vert og ein 1

global trussel, det angår oss. Konfrontera vi barn og unge med verdas elende er det vår plikt å ansvar å leggja til rette og bidra til handling. Utprøving av metode i praktisk verkstadbasert læring Førebuing : rettleiande spørsmål Førebuing av den internasjonale veka i Aurland var ein langsiktig prosess, vi byrja eit år på førehand med å ta kontakt med nøkkelpersonar i England som skulle komma over å leia verkstadane. Korleis utvikle felles forståing og spørsmål? Korleis skulle forankrings prosessen føre gå i dei ulike institusjonane? I tillegg skulle programmet forankrast og utviklast der fagfolk og verkstad leiarar lokalt skulle jobbe saman og ha kontakt med dei i England. Nokre var usikre på språket å skulle snakke engelsk for ikkje å snakke om å skulle skrive. I tilretteleggingsprosessen var første steg det å identifisere spørsmåla individuelt og felles. I gjennomføringsprosessen var første steg å forbinde seg til folk og staden. I førebuinga var arbeidet å finne spørsmåla som alle deltakarar skulle arbeide med. Det vi enda opp med var å føye saman tre ulike spørsmål. Det eine var retta mot England og var korleis deira metode kan integrerast i ei ny samanhengar på ein ny stad. Det andre spørsmålet snudde om på dette og var rette mot korleis denne spesialpedagogiske metoden kan finne sin plass innafor den metoden som har vore utvikla i Aurlandsregionen. Det tredje samanfattande spørsmålet var om og eventuelt korleis desse metodane saman kunne utviklast under tittelen EcoPreneurship? Gjennomføring Men korleis leggje til rette for at deltakarane skal forbinda seg bli kjende med staden etter ei lang reise? Vi planla ein introduksjon med eit overblikk over regionen deretter ein «storywalk» for å aktivt komma inn og byrja å forstå området både dalen og regionen. Korleis få folk til å forbinda å komma i aktivitet når dei kjem slik at dei ikkje berre forventa ferdig opplegg med fakta som de berre var å føya seg inn i? Dei fleste av oss er vane med å konsumera både kunnskap og det materielle. Nei, saken er at vi må få deltakarane aktive og med på å skapa de som skal bli til, vi har ikkje svara på førehand, vi skal utvikle framtida ilag med bidrag frå dei ulike nasjonalitetane. Vi forventar at deltakarane er med skapande og vi har tru på at dei har deler av svaret eller sannheita som kan føyast inn i ein heilskap og bidra til felles forståing. Vi treng deira metode innspel og kunnskap, slik at vi kan skapa noko ilag, noko nytt, som vi ikkje veit kva er enda, dette er ein kreativ prosess som krev openheit, tillit, tryggleik, forbunden heit og interesse av deltakarane. Vi må våga bruka vår eigen kunnskap og forståing, snakka innanfrå forbinda oss til oss sjølve og staden, tru og vita at vi har noko å bidra med. Dette er risiko sport og utfordrande for mange før ein har byrja fordi ein ikkje kan vera sikker på utfallet. Rammene rundt opplegget og førebuinga vert derfor enda viktigare for å gjera folk trygge de må vera god pust og rytme i opplegget. På den eine sida til å opna seg kunne lytte og ta imot det som kjem ein i møte, på den andre sida kunne involvere seg bidra og gje ut frå sin individualitet og innsikt. Då vert «siestaen» og pausane like viktige der ein 2

får tid til å forbinde seg, rom til å fordøye og gjera opplegget til sitt, delta innanfrå, på den måten kan ein skapa rom for de nye som kan komma ein i møte. Rettleiande spørsmål var utvikla med hjelp av modell utvikla med bakgrunn i tidlegare erfaringar av kurs i stadbasert læring og entreprenørskap. Fylgjande fire spørsmål utgjer metodiske steg i ein prosess. 1. Kva eksistera allereie? 2. Kva er vår kunnskap og kapasitet? 3. Kva vil vi, kva bilete har vi av framtida? 4. Korleis gjennomføra det vi vil? 3

CASE 1: Aurland juni 2014 Korleis verkstadene vart bygd opp og planlagt No er det eingong slik at de er lett å sjå seg blind på eigen stad og det vi har rundt oss til dagleg. Vi vil gjerne bli betre på de vi kan frå før, utfordringa kan ofte vera å sjå sitt eige med nytt blikk utanfrå. Derfor inviterte vi verkstadleiarar frå Ruskin Mill Education Trust til utprøvingsveke i juni 2014. Dei arbeidar med praktisk terapeutisk utdanning og tilrettelagt undervisning for ungdom som fell utanfor vanleg vidaregåande i England. Gjennom ei heil veke arbeida vi ilag med spørsmålet, korleis kan deira metodar og verktøy bli overført til vår stad med vår identitet, kultur, geografi og lokale ressursar? Vi var 30 deltakara frå 7 forskjellege nasjonalitetar pluss 8 lokale som tok imot og var verta. Felles førebudd spørsmålet som var: Korleis kan metoden og verktøy som Ruskin Mill nytta, kombinerast og integrerast i dei stadbaserte planane lokalt og brukast i ein større internasjonal samanheng undre tittelen Økoprenørskap? Første dag: Gjennomføring i praksis Den første dagen starta vi med ein introduksjon om prosessen og strukturen veka gjennom og ein presentasjon av Nærøyfjorden Verdsarvpark. Der etter hadde vi lagt opp til vi ein felles forteljar vandring for at deltakarane skulle bli kjende me kvarandre, få de første inntrykket av staden og forbinda seg til området og setja seg inn i samanhengen. Vi vandra rundt Onstad og fortalte historia (om kultur, natur og mytar ) både den ytre og indre historia, på utvalte stader. Deltakarane gjorde også eigne øvingar med å sjå føre seg korleis vatnet i elva renn frå bre til fjord På kvelden besøkte vi rekkjetunet Otternes der vi fekk komma inn i varmen, servert lokal mat og høyra om korleis dei arbeidar med å bringa denne staden frå fortida inn i framtida. 4

Figur 1, Forteljar vandring med øvingar rundt Onstad og besøk på Otternes bygdetun Refleksjon over eigne erfaringar Refleksjonen etterpå kring første steg: var kor viktig det er å komma på innsida, snakka ut frå seg sjølv, det enklaste er å stå på utsida å kritisere å ikkje setja seg sjølv inn i samanhengen. Vi er så opptatte av å få ferdig svar, innputt og fakta utanfrå. Kva er sant for meg korleis setja meg sjølv inn i samanhengen ta ansvar for eigne handlingar i utvikling av framtida. I den felles refleksjonen merka ein fort kven som strevar med det og vil ha svar helst fort utanfrå, dei vert usikre. Poenget er at folk må byggja på eigne erfaringa tru på dei og stola på seg sjølve. Men folk har ulik tilgang til sted og læring nokre treng også fakta ovanfrå og ned, korleis balansera det ytre og indre? Har alltid ein tendens til å bli for mykje i det ytre, vi er oppdratt til å ha ferdige svar, elles blir vi frustrert. Korleis setja meg sjølv inn i samanhengen og dermed ta ansvar for eigne handlingar i utvikling av framtida. Vi må bli bevisste på korleis vi kan på virka omgjevnadane og skape rom framtida. Enkelte delakarane hadde ynskje om å få teori tilsendt på førehand. Teoretisk refleksjon: Materialet som læremeister Etter lunsj var det teoretiske refleksjon og bakgrunn for verkstad arbeidet vi skulle gjennomføra. Presentasjon av skjema til læringsanalyse og det omvendte læreplanarbeidet der vi analysera både den ytre prosessen og det som skjer på innsida av den lærande gjennom spørsmål og refleksjon. Vi arbeida med kva slags felles verdiar og forståing kan utviklast gjennom å arbeida praktisk med ulike typar materiale som Ull og filting, stell og saling av Hest, fangst og bruk av fjellfisk, eller i ein fellesaktivitet i kunsten å laga bål/eld utan fyrstikker. 5

Gjennomføring i verkstader andre dag. Figur 2, Leiing av hest, sløying av fisk, toving av ull og samling av tørt virke til bål. Korleis utforske både møte og samspelet mellom studenten, materiale, rettleiaren og staden? Blir dette påverka av staden og kulturen ein er og korleis på verkar førebuinga og rammene dette? Under oppsummeringa kom det fram døme på både ytre og indre læringmål i forhold til aktiviteten på dei ulike verkastadane: Dei indre læringsmåla gjekk meir på: du må ha sjølvtillit, å ha kontroll, bevisst kroppsspråk, kontakt med deg sjølv, tålmodigheit, må våga ta ansvar, leda seg sjølv, ein må læra å gje å ta i mot, sammarbeida, ikkje gje opp Frå Ruskin Mill var komentaraen at ein må stilla handverket inn i relasjon til staden ein er på. Det betyr at du må finna den rette relasjonen til både staden og kulturen der du er, og skape pånytt de du kan frå før ilag med andre. Kai: «eg eg vant med å lede og kommunisere med arbeidshesten bakfra med tømmar no måtte eg leia heste bak meg ned dalen, eg gjekk foran hesten. Derfor måtte eg vera veldig forsiktig ned stien og leia hesten som om eg kjente vegen og stien frå før» Aaron: «på Ruskin Mill er eg van med fish-farming i kontrolerte former i fiskedammane, her måtte vi tenkje og tilretteleggje i den ville naturen i fjellet» Richard: «for meg var de veldig spessielt å fortelje dei norrøne forteljingane i deira opprinnelege landskap» Sue: «å arbeida med ull er ei universell erfaring, uansett kva stad du er på» 6

Etter aktiviteten vart de lagt inn tid til refleksjon både enkeltvis og felles, der spørsmåla var kva er den pedagogiske verdien av å ardeida med ull, hest osv. Skjema som deltakarane fekk til refleksjon: EXAMINING OWN PRACTICE, workshop reflections sheets Name of workshop: 30 minutes individual reflections 30 minutes conversation A. INDIVIDUAL REFLECTION (10 minutes) 1, Sequence of OUTER learning tasks Write down the sequence of the workshop process as you recall it (key words) 2, Significant INNER learning experiences (BETYDNINGFULLE HENDELSER) Write down signinficant events in your learner journey (key words) 3, WHAT DOES THE TASK DEMAND, and WHAT DOES IT GIVE BACK TO YOU? What does the task demand from you? In you, what is arising (kva oppstår?) (15 minutes) 4. B, PEDAGOGICAL RELEVANCE (5 minutes) How could you use this in your pedagogical context and place D. GROUP-CONVERSATION (30 minutes)participants from workshop gather around the same table. 1. Reports from each participant (A 2, A3) 15 minutes 2. Group conversation on pedagogical relevande (A 4) 15 minutes Essence of conversation 2 is reported (and recorded) and brought back to plenary. Choose one person (or more) to report to the plenary. 7

Etter aktivitetane var de lagt inn tid til refleksjon både enkeltvis og felles, der spørsmåla var kva den pedagogiske verdien av arbeidet var som vi kalla læringsanalyse: Først deltaking, aktivitet Individuell refleksjon Felles framlegging og diskusjon Figur 3, Oppsummering og refleksjon verkstadarbeid på tavla. Denne kvelden var de kulturaften med lokal mat, dans og song ilag med studentar frå Uni Kassel, Wittsenhausen med felles bevissheit om at bygda og skulen vil stå sterkare og treng stå i ein større samanheng og utveksling glokalt for å møta framtida. Den tredje dagen vandra vi opp Aurlandsdalen med førebudde spørsmål å gå spørsmåla ilag med kløvhestar. Først forteljing, både den indre og ytre om korleis naturen arbeidar, det nye raset, korleis kjenner du de, kva vil dette steinraste fortelja oss, nye byrjing korleis også landskapet heile tida er rørsle og forvandling, enkeltvis og individuelle spørsmål. Då vi kom opp var de førebudd mat og felles spørsmål, korleis kan desse metodane utviklast vidare under navnet ØkoPrenørskap? Og samtidig spørsmålet om verdiskaping i møte her og no og dalen si oppgåve i framtida. Vi arbeida med: Jordevolusjonen geologiske prosessar som er synlege i dag (til dømes ras og skred) Økosystema kulturlandskapet og samspelet med mennesket Landskapet sitt biletspråk Førestillingsevne, sjå føre seg framtida på garden Sinjarheim 8

CASE 2: Coimbra november 2014 Ecopreneurship møte i Portugal, 26. til 29. oktober, 2014 Målet med møte var også utprøving av verkstad pedagogikk og erfaringa ved landbruksuniversitetet Escola Superior Agraria i universitetsbyen Coimbra to timar med tog frå Lisboa. Vi var 12 deltakara til saman frå Nederland, Austerrike og Norge og 18 frå Portugal både studentar, til rette leggjarar og verkstad leiarar. Spørsmåla i programmet var: Kvifor tar folk del i eit økoprenørskaps kurs? Kva er de som motivera til Ecopreneurship og kva for delar oppfattar dei? Vi skulle bruke same utgangspunkt og mal som på verkstadane var bygd opp i Norge. Figur 4, Tun treet på skulen ei steineik og studentar, Jose Gasbar underviser oss om dei ulike verkstadane. På ettermiddag første dag var det presentasjon av dei ulike verkstadane av dei fagleg involverte. Dette tok tid fordi ingen av dei kunne engelsk og alt vart over satt frå portugisisk av ein tolk, det vart lita tid til oppsummering og refleksjonar denne dagen. Her er bilete av dei flotte plakatane dei hadde laga med bilete av heile prosessen og læringsmåla, med fokus på læring i bedriftene det fleste med tilrettelagt undervisning. Figur 5, Plakat over prosessen i aktiviteten med stell av hest og riding, og planting av medisin og aromatiske planter med læringsmål. Hestestell Dagen etter byrja vi aktiviteten i dei ulike i parallelle seksjonar, over ser vi hestestell og riding. I ei gruppe på 4 fekk vi vera med å fora, møkka ut, stelle og sale dei flott elegante portugisiske hestane 9

(andalusiar og lusi tanar). Her var de klare rammer rundt aktiviteten profesjonelt både med sikkerheit og ikkje minst kunnskap. Som elev/student måtte vi overvinna oss sjølve og vår redsel for desse store dyra. Vi klara til å med til slutt å gjera reint hovane på hestane, fordi leiaren hadde tru på oss, endå om vi ikkje hadde det sjølve. Det handlar om å komma i dialog med dette store dyret forstå hestens språk, å vera ein tydeleg leiar for den., ein måtte stola på prosessen og situasjonen. Steg for steg vart vi leda inn i prosessen, roa oss ned, lytta og prøve komme inn i dansen (kommunikasjon) med hesten. Oppgåva kravde av oss at vi tok leiinga, hadde tillit, tok ein risk og måtte sleppe kontrollen, aktiviteten var proft bygd opp. Heile økta var utfordrande for oss men likevel trygg. Den kravde sjølvdisiplin og at alt gjekk i rettefylgje. Kvaliteten både på førebuinga, kunnskapen til verkstad leiaren og dei veltrena hestane var maksismal. Dette var eit veldig godt eksempel på korleis det kan fungera. Etter kvart som vi tok til med riding i volteringen, både trav, gange, galopp osv, kom der ein skuleklasse på 20 elevar inn som hadde gjort dette før. Dei brukar å ri ein gong her i veka og denne stallen hadde over 20 hestar. Vi fekk diplom og u middelbar respons på gjennomført deltaking etterpå. Skulen vil også synleggjera entreprenørskap for elevane ved at dei sel campion hestar til inntekt for bedrifta, så den står på eigne bein. Dei 20 elevane som kom inn gjorde alt sjølve, berre med eit nikk eller smil frå leiaren, alle var stille ingen som snakka høgt, ungdommane leia seg sjølv, fritt inn i opplegget som allede var i gang dei hadde ikkje bruk for noko lærar men trygge og veldig tydelege og klare rammer. Vi arbeida med refleksjonar etter aktiviteten både individuelt og i gruppa men fekk lite tid til framlegging felles. Figur 6, Plakatar med bilete over prosessen og læringsmål som var førebudde til verkstadane. 10

Ysteriet Laging av ferskost var ilag med to elevar (14 år) som hadde tilrettelagt undervisning, då fekk vi ikkje delta men berre sjå på, slik at det vart ein heilt annan setting, vi vart litt skuffa. Hadde plastforklede og lue, det var ganske varm, lukta var sterk og vi hadde tolk som snakka ikkje alltid like godt engelsk, det var ei krevjande økt, ein vart varm tung å sliten i hovudet av for mykje informasjon. Tilbakemeldinga frå ein av deltakarane var at dette er døme på slik de ikkje skal vera. Elevane var stolte av produktet dei laga for dei fungera det godt også fordi produktet var fort laga og konkret og dei fekk tilbakemelding der og då på kva dei kunne. Hagebruk Hagebruksøvinga starta ved at vi reiste ut til gartneriet på ESAC. I gruppe vår var Ecopreneurship deltakarar og lærar pluss fleire brukerar frå APCC. Målet med øvinga var for Ecopreneurship deltakarar å få innsikt om og praksis i korleis oppgåver i hagebruk kan brukas i terapeutiske samanheng. Gartnaren som møtt oss hadde med seg to «special needs brukarar» som har avtale med ESAC. Vi ble engasjerte i lag med dei til å gjøre klar så jord og så brett til oppal av småplanter. Læraren ledet oss gjennom tillaginga av så jorda, der brukarane viste oss korleis det skal gjøras. Vi siktet sand og blanda den saman med torvblandinga og deretter med nok vatn til at jorda var «passa fuktig» til oppfylling av så brett. «Brukarane» var nøye med å passe på at vi gjorde jobben på rett måte. Dei viste oss metoden for påfylling av bretta og deretter korleis å så frø i kvar plugg. Læraren forklarte underveis korleis dei ulike oppgåvene fungerer på ein terapeutisk måte, enten at dei krev fokus, konsentrasjon eller handlag. Han understrekt viktigheten med å tilpasse oppgåvene til brukaren sine føresetnader, som f. eks. å bruke store frø med kontrast i farge til så jorda slik at det er lett for den som jobbar å sjå kor frøa ligg. Spirane når dei kjem fangar oppmerksamheit og stell fram til utplanting er ei oppgåve som gir muligheit for å gi omsorg. Ved gartneriet er ei stor «sansehage» med ca. 100 felt med aromatiske urter. Dyrking og innhausting av urtene er nokre av oppgåvene som brukarane blir med på gjennom vekstsesongen. Vi vandra gjennom sansehagen, saman med læraren og hans «elevar» og dei var entusiastisk å finne og vise fram urtene som dei var spesielt glad i. Det var tydeleg at læraren hadde ein fin måte å møte og forholda seg til sine elevar på. Etter vi ble ferdig med øvingsopplegget satt vi oss ned for å analysere opplegget, fyrst kvar for oss med individuelle refleksjonar og signifikante læringsopplevingar og etter i plenum. Som refleksjonsrettleiar hadde vi et skjema med fleire punkt å følgje etter. Same skjema ble brukt til alle øvingar, både i Coimbra og sist juni i Aurland. Sopp produksjon Denne øvinga var ganske spesiell. Vi var to deltakarar som skulle lære å førebu eit dyrkingsmedium for østerssopp. Denne arten er vanskeleg å finna i naturen, men har særs gode eigenskapar som matsopp, og eignar seg til å dyrke under kontrollerte tilhøve. 11

Våre rettleiarar var to ungdommar 14 og 15 år, den eine hadde vore med på dette i over eit år, den andre var i opplæring. 15-åringen arbeidde konsentrert og presist. Lærarane forklarte heile prosessen steg for steg, etter som vi utførte oppgåvene. Føresetnaden var god reinsemd, det gjaldt heile tida å skjerme soppmycelet frå skadelege bakteriar, og legge til rette for at dei skulle trivast i rette medium. For å kunne ta oppgåvene på alvor, måtte vi førestille oss korleis sopp lever og veks, utan at vi eigentleg kan sjå så mykje før resultatet kjem i form av nye soppar, som er frukta over bakken av nettverket av celletrådar som ligg skjult i jorda. Første oppgåve var å formeire mycel ved å hente eit lite flak frå ein fram dyrka koloni, og legge det over i ei ny petriskål. Deretter skulle vi ta mycel og blande med opp bløtt korn i ei plastflaske. Dette skulle setjast i varmeskap i nokre døgn for å formeire soppmaterialet. Neste steg var å ta den soppdekte kornmassen, som no var turka, og blande det med kaffigrut og opp bløyta små pappbitar, og leggje det lagvis i e større plastflaske ca 1,5 liter. Dette skulle stappast passe hardt og flaska skulle fyllast heilt opp til korken. Deretter vart det teipa att, og skore eit lite snitt høgt på flaska. No skulle dette setjast bort, og etter ein månads tid ville ein sjå dei første soppane vekse ut frå holet. Når desse var fullvokse, så vart dei hausta og nye hol kunne skjerast nedover flaska. Å gjere klar desse flaskane var ei fin oppgåve, og vi kommuniserte godt med ungdomane, sjølv om vi ikkje snakka same språk. Dei likte og å vise oss små teknikkar for at blandinga skulle bli best mogleg i flaska. Dei fekk vise at dei beherska dette. Ein interessant refleksjon etterpå var opplevinga av å fram bringa eit ettertrakta høg kvalitetsprodukt i eit medium (flaska) som eigentleg var sett saman av avfall; kaffigrut, pappbitar frå kasserte øskjer, og brukte plastflaskar. Oppgåvene i heile denne prosessen krev konsentrasjon og ro, men ikkje meir enn at ungdomar i løpet av ikkje så lang tid vil kunne kjenne at dei får det greitt til. Sluttmerknad P.g:a. flystreik måtte vi reise ein dag tidlegare tilbake vi fekk ikkje vera med på utflykta opp i ein fjell landsby neste dag og dermed ikkje satt verkstadane vi var med på ut i ein større samanheng. Det vart også lite tid til refleksjonar og felles samanfatning av aktivitetane og spørsmåla i programmet. Som sagt var de 18 deltakara med frå skulen og andre bedrifter i Portugal for oss såg de ut til at lokal forankring av prosjektet var eit av hovudmåla med dette møte, i og med at så mange vart involvert. Vi avslutta også med felles mat og vin i den nye entreprenørskap huset dei var stolte av. Det metodiske og pedagogiske opplegget vart utvikla i samband med veka i Aurland i juni, de same opplegget og skjema vart nytta. Det tok utgangspunkt i å synleggjere dei lokale 12

ressursane knytt til landskap, kunnskap om bruken av det, stadens sin historie og potensial for kombinert læring og stadutvikling. Integret i prosessen gjennom dei fire dagane er og at det heile er tilrettelagt som ein møtestad for personar og fagfolk med ulike bakgrunnar og kompetansar. Det skjer heile tida ei læring på tvers mellom deltakarane, fordi mykje må forklarast, spørjast om og reflekterast over i mindre grupper og i fellesskap. Heile veka blir på den måten ein verdiskapingsprosess som både gjev noko til dei tilreisande, til dei lokale vertane og ikkje minst til staden sjølve. I Aurland vart det synleg gjennom dei sosiale møta på Aurlandsvangen, i Aurlandsdalen og på Jordbruksskulen, kvelden på Otternes og ikkje minst møte med studentar og lærarar frå Uni Kassel.På landbrukshøgskulen i Coimbra vart same prosessen planlagd og gjennomført. Her var andre rammer, både når det gjaldt landskap, aktivitetar og samansetjinga av deltakargruppa. Men også her fungerte opplegget integrerande. Det vart og tydeleg i Coimbra at eit slikt opplegg er eit høve til å samle og skape fellesskap mellom dei lokale deltakarane. Dei får opplevingar og læringserfaringar som kan delast i ettertid, når kvardagen er tilbake. Jose som ansvarleg for «workshoppen» i Portugal verka vere særs medviten denne sida av saken. Utprøvinga i Aurland og i Coimbra vart gjennomført av ei kjernegruppe av deltakarar som var med både plassane. I tillegg var det deltakarar som berre deltok i ei av samlingane. Dei felles referansane og erfaringane til kjernegruppa gjev grunnlag for å vidareutvikle og formidle ein prinsipp modell for stadbaserte lærings- og entreprenørskapsprosessar, særskild retta mot ungdom med spesielle behov, men og som ein allmenn modell til bruk både i skule, lokalsamfunn og i næringslivet. Dette betyr at vi treng ein eller fleire metodar som utforskar møte mellom både studenten, materiale, rettleiaren og staden. EcoPrenurship møte i Sveits, 1. til 5. februar 2015 Denne gangen var det Züricher Hochschule für Angewandte Wissenschaften (ZHAW) ved Hans Wydler i samarbeid med prosjekt leiar Wourter Joop som arrangerete møte i Sveits. Universitetet låg ein halv time med tog langs Zürich sjøen i Wädenswil. Vi var 22 deltakarar totalt frå Portugal, Nederland, Austerriket, og Sveits frå Norge deltok to elvar og to tilsette ved Sogn Jord og Hagebrukskule. Vi starta med introduksjon til dagane og laga ein felles evalueringsplan med spørsmål til siste dag. Etter lunsj delta gruppa seg i to arbeidsgrupper, der 5 deltakara starta skriveprosessen med rapportar og resten av gruppa reise på ekskursjon til Hof Oberdorf, http://institut-stmichael.ch/betriebe/oberdorf. Oberdorf er ein biodynamisk gard med bu og arbeidsplass 13

for 12 handikappa brukarar. Her arbeida dei med landbruk, gartneri, hushald og gardsbutikk. Vi fekk omvising av bonden på garden som visa oss rundt i dei ulike avdelingane. Utsegn frå deltakar: I høve til eiget arbeid på SJH så var besøket på Hof Oberdorf veldig nyttig. Det er eit heilskapleg tilbod for psykisk utviklingshemma. Vi finn liknande plassar i Noreg, til dømes Vidaråsen landsby, Hogganvik, Vallersund gard og Helgeseter gard i Bergen. Dette er antroposofiske plassar som driv på mange måtar likt til det dei gjer i Sveits. Om det nyttig til Eco- Preneurprosjektet er det jo tilhøvet til dei som bur og jobbar på desse plassane som er i fokus, som er entreprenørane. At veldig handikappa menneske er med å bygge opp og drive sin eigen arbeidsplass er spesielt unikt. På ein gard får ein mange forskjellige arbeidsoppgåver og blir del av eit fellesskap og årstidene følgjer arbeidet. Dei som jobbar på desse plassane for utvikle seg psykisk, fysisk og sosialt. Etter kaffipausen med refleksjonar drog vi vidare til Sennerei Bachtel /Damalis A/S, http://www.sennerei-bachtel.ch/kontakt.html. Ystaren her hadde før arbeida på garden Oberdorf no starta han eiga bedrift og tok imot mjølk frå den biodynamiske garden alle dagar i året. Han levera både fersk produkt av mjølk, ulike ostar, yoghurt, smør med Demeter kvalitet. I tillegg hadde han også tilrettelagde arbeidspassar for tre brukarar. Etter omvising fekk vi servering og smak av «raclette» fondy og yoghurt i trivelege omgjevnadar. Det går an å tenkje EcoPrenuership også i bedrifter. Berre ein finn match mellom brukaren og arbeidsoppgåvene. Entreprenørar kan også utvikle modeller for tilrettelagt arbeid i sin daglege verksemd akkurat slik dei gjorde på Senneri Bachtel. Eksklusjon til Fintan Prosjektet ved Martin Ott, http://www.fintan.ch/ den største økologiske garden i Sveits med ca. 1400 dekar, allsidig drift ca. 60 mjølkekyr og 30 kviger. Garden ligg vakker til ved Rhinen med vinproduksjon, barnehagen, slakteri, landbrukskule, bufellesskap for handikappa og er eit stort kultursenter med turstiar langs Rhinen for både tilreisande og dei som bur der. Vi fekk servert lunsj og hadde omvising og føredrag med Martin Ott. (160 an-sette). Fintan project var ein imponerande prosjekt! For Sogn jord og hagebruksskule sin del går det også an å tenkje utvikling i form av nye produksjonar og avdelingar for folk med spesielle behov. Frå deltakar: Skrivegruppa hadde arbeide godt og grundig med rapporten. Kan hende det er litt ambisiøst og skulle lage ein nettstad. Kven skal drive den når prosjektet er ferdig. Litt lite informasjon om kva som skal gjerast på neste møte i mai. 14

Partenership møte i Nederland, 25 til 28 mai, 2015 Fem elevar og to ansatte ved Sogn Jord og hagebrukskule reiser på siste samling i Leonardo prosjektet. I Bergen Am See får vi leige oss syklar for å dra på ekskursjon til De Noorderhoeve. Her i byen er alt lagt opp til sykkeltransport. Vi er 17 deltakar frå Portugal, Østerike, Nederland og Norge stemingen er på topp. Figur 7, I Nederland, Bergen am See leier vi sykler når vi skal på ut flykt Demeter gården Noorderhoeve har både grønnsaksdyrking, mjølkeproduksjon og meieri og i alt 12 elev med spesielle behov som arbeida på garden: http://www.noorderhoeve.nl/ Figur 8, På Scorlewald institusjonen i ei av verkstadane der brukarane lagar musikk instrument, Figur 9, Kompost undervisning på Noorderhoeve. Vidare går sykkelturen til Scorlewald https://www.raphaelstichting.nl/scorlewald/ som er ein stor institusjon med bebuarar som har ulike behov. Dei arbeidar i ulike verkstader lagar musikk instrument, har veve og keramikk verkstad, felles kantine alt i vakre omgjevnader. Neste dag går ferda vidare til eit ny starta prosjekt i Andelslandbruk der omsetninga og dialog føregår direkte mellom garder og forbrukarane i området. Dette er sosialt entreprenørskap på sitt beste her vert vi inspirerte. Vi får oppleva korleis dei eldre på gamleheimen, praktikantar og naboar i fellesskap får delta i hagestell og meiningsfullt 15

arbeid. Erik som er bonden syner oss korleis landbruket kan ha nye oppgåver i samfunnet ved at ein skapar møteplassar for både utvikling, læring og produksjon. Figur 10, Erik fortel om Andelslandbruk ved De Nieuwe Akkers. Figur 11, Her sorterer og vaskar vi egg til levering Ved garden De Marsen får vi delta i ulike oppgåver på garden ilag med elevane. Vi får høyra å sjå korleis Wouter og Benjamin på kort tid har utvikla sin sosiale besøks gard utanfor Amstredam. Her bur de mange folk i område og det er stort behov for rekreasjon meiningsfulle oppgåver og nærleik til dyr og natur. Det siste besøket var ved landbrukskulen Warmondrehof. http://warmonderhof.nl/ der dei har 4 årig allsidig utdanning i biodynamisk landbruk. Her møtte vi også studentar som har gått på SJH og vi fekk servert 3 retters Demeter middag med råvarer frå garden. Alt dette til inspirasjon og vidare arbeid. Figur 12, Ved landbrukskulen Warmonderhof, Arjon viser oss rundt og fortel om drift og undrevisning Utfordringar knytt til omgrepet EcoPreneurship Kva vil vi med samfunnet og kva rolle skal skulen ha i den samanheng, korleis kan ungdom kjenna seg med skapande og innafor? Korleis utvikle ei verdibasert berekraftig læring i dialog og samspel med omverda? Korleis snu bevisstheita frå fortid å opne og førebu for framtida? 16

I EcoPreneurship skil ikkje mellom utvikling av menneske og utvikling av omgjevnadane og staden. Vi må derfor utvikle innsikt og metodar som kan forbinde og forstå både menneskets økologi, transformasjon og utvikling og samtidig staden si utvikling. Vi må kombinere metodar, verktøy og kunnskap som ser på staden sine ressursar eigenart, utvikling og dei menneskelege verdiane. Gjennom EcoPreneurship ynskjer ein å synleggjera ein øvingsvei og ein raud tråd for ungdomar og andre som dei kan fylgja, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, der utgangspunktet er transformasjon og utvikling av dei sjølve, staden og omgjevnadane. Det krev at ein klarar å kjenne att og skilje mellom den indre og ytre dialogen og samspelet både i forhold til menneske og stad, ein må leggja til rette for å utvikle transformativ læring og bruk av det omvendte læreplanarbeidet. Resultat og vegen vidare Korleis kan skulen forbinde seg med rolla som lokal utviklingsaktør? Svaret er at det skulen gjer når den utviklar aktivitet og identitet gjennom lokale læreplanar, så er det lokal stadutvikling. Å utforme stadbaserte læreplanar kan samanliknast med innovasjonsprosessar i kulturliv og næringsliv. Det krev ein open og utforskande haldning til korleis ein indre ide og visjon kan realiserast i det ytre. Visjonen vil måtte byggje på eit verdigrunnlag som må gjerast tydeleg og som samstundes kunne delast av eit større fellesskap. Verdiforankra læring, dvs. læring som er forankra både i indre utvikling av dei som lærer og i ytre utvikling av den staden dei høyrer til, er, som vi vil sjå, sjølve grunnlaget for berekraftig lokalsamfunnsutvikling. Spørsmål som er drøfta er: - Kva kunnskap har vi om staden og regionen skulen er ein del av? - Kva ressursar har vi lokalt som læreplanarbeidet kan bygge på? - Korleis utviklar ein relasjonar til gode lokale læringsarenaer? - Korleis kan ein forankra slik læring i lokalt læreplanarbeid? - Gjennom å vise korleis ein kan identifisera lokale ressursar og visa døme på prosjekt som er utvikla i lokalt og regionalt samarbeid ynskjer vi å gje inspirasjon og metodiske haldepunkt for å kunne utvikle stadbaserte læreplanar på eigen skule. Frå erfaringane vi har gjort i kurs og lærarutdanning gjev vi og prinsipp og metodisk rettleiing for lokale læreplanprosessar. Avslutningsvis samlar vi trådane i ein modell for utviklingsarbeid innan lokalt og regionalt samarbeid mellom skule og nærmiljø. 17

Steg i lokalt utviklingsarbeid Utdanning for berekraftig utvikling byrjar i det øye blikk læraren og skuleleiinga ser seg sjølve og skulen som aktørar. Første steg i å ta ein slik aktørrolle er interesse og kunnskap om staden og regionen skulen er ein del av. Eit verktøy i denne samanheng er stadressursanalyse, som avkler kva som finnes av kulturelle, sosiale, næringsmessige og naturbaserte ressursar å knytte an til. Eit neste steg er å utvikle forpliktande relasjonar i dette landskapet. Skulens kropp utvidas når læringsarenaer omfattar fenomen og verksomheter i det verkelege livet. Allereie her er det avgjerande å ha i tankane i kva samanheng disse relasjonane vil stå til i både danning og læring altså kva de bety både opp i mot generell del av læreplanen og mot faglige mål på ulike alderstrinn. Samspelet trenger tid til å vokse. Det er i dialogen med staden og verksomheita at det oppstår gode svar på kva type lærings oppgåver det heile endar opp med. Ein overser ofte det viktige forarbeidet som ligger i å modne relasjonane som kan bli til partnarskap. Å utvikle gode læringsarenaer skapast gjennom å pleie gode relasjonar til ressurspersonar i skulens nærmiljø. Dette arbeidet er gjerne usynlig, men helt avgjerande. Når læreplanane formast lokalt kan elevane si dannings reise bli satt i sentrum. Alle dimensjonane som den generelle læreplanen vil vi skal ha auge for i forhold til progresjon i type oppgåver og spørsmål som ein stiller kan trekkjast inn. Som vi har sett i del 2 føyas indre og ytre samen i stadbaserte lokale lærings oppgåver: det indre mål om danning og det ytre aktørmålet om utdanning for bærekraftig utvikling. Når elevene opplever å bli del av verden der de er, når skulen knyter læring an til de nære oppgåvene i livet, da skjer det noko i forholdet mellom skule og stad. Det skjer noko heilt nytt, nemlig at skulen og læring blir stadutvikling. Omgrepet økoprenørskap i skulen Korleis snu bevisstheita frå fortid å opne og førebu for framtida? Skulen må forandre seg for å kunne utvikle god, framtidsretta, læring. Slik forandring skjer i kontakt med samfunnet, ikkje gjennom å fokusere på teoretiske læreplanar. Kva for allmenne prinsipp er det mogleg å trekkje ut av forteljinga frå Aurland og Indre Sogn? Den raude tråden i forteljinga har vore at stad og læring, etter lang tid å ha skilt lag i skule historia, finn saman igjen i eit nytt verdigrunnlag for skulen. Det slår fast at vi lever i ein tid der skulen og alle dei som arbeider i og omkring den, har ei dobbel oppgåve. Den eine har å gjere med individet og menneskeleg indre vekst - den andre med staden, miljøet og lokalsamfunnet skulen er del av. Forandringa som krevs i framtidas skule er tydeleg og klår; å forstå kvifor og kva det inneber at dei to oppgåvene ikkje lengre kan haldast i frå kvarandre. 18

Med omgrepet økoprenørskap i skulen, slik det her vert gjeve meining, forstår ein både denne omlegginga av skulen sin intensjon og evna til å omsetja intensjonen i pedagogisk teori og praksis. Aurlandsmodellen viser korleis læring kan veksa som indre og ytre prosess i ringar frå det nære og heilt ut i regionen, vert her kunn eit døme på ein slik praksis. Dei metodiske og teoretiske reiskapane som vi har gjeve lesaren er på same vis kunn døme og fragment til ein slik teori. Det interessante er at vi ikkje kan utvikla teoriar innafor eksisterande faggrenser, sidan teori for pedagogikk og læring og teoriar for stadutvikling framleis tilhøyr åtskilte fagdisiplinar.. Også innanfor praksisfeltet i ein kommune eller ein region vil det være slik at dei om arbeider med eit blikk for omsorg, helse og oppvekst (venstre side i figuren) vil væra i eigne av lukka arbeidsmiljø og etatar frå dei som arbeider med stadutvikling, nærmiljø og natur og forvaltningsoppgåver i lokalsamfunnet. Å kople desse miljøa vil være ei oppgåve for framtida, på same vis som det vil være ei oppgåve å kopla teori og tenking frå dei to ulike sidene til ny og grenseoverskridande praksisteoriar for ein fornya skule innafor eit fornya lokaldemokrati der fornyinga av natur- og kulturhistoria også får sin stemme. I omgrepet «Økoprenørskap» skil vi ikkje mellom utvikling av menneske og utvikling av omgjevnadane og staden. Vi må derfor utvikle innsikt og metodar som kan forbinde og forstå både menneskets økologi, transformasjon og utvikling og samtidig staden si utvikling. Vi må kombinere metodar, verktøy og kunnskap som ser på staden sine ressursar eigenart og utvikling og dei menneskelege verdiane. Nøkkeleigenskapar i framtidsretta verdiskaping «Økoprenørskap» handlar om ulike formar for framtidsretta og verdiskapande handlingar. Vi kan knyte det til omgrepet «brei verdiskaping» der målet er å oppnå berekraftig utvikling i eit balansert samspel mellom sosial, kulturell, miljø messig (økologisk) og økonomisk verdiskaping. Transformativ læring gjennom å gjere nye erfaringar vil heile tida stå sentralt. Kva kjenneteikn kan vi identifisere i ein slik utviklingsprosess? På de internasjonalt seminaret om økoprenørskap, vi gjennomførde våren 2014 vart fylgjande eigenskapar identifisert. Dette er eigenskapar som både eleven og læraren må utvikle; 19

Forankring (stadkjensle) Utvikle evna til dialog med omverda, der materialet sjølv er læremeisteren lære samhandlinga dialog og skape relasjonar til læringsaktiviteten, rettleiaren, omgjevnadane og med studentar. Forteljing: Styrke krafta metaforisk, komme inn i seg sjølv, inn i landskapet, forstå korleis vatnet, naturen arbeidar, snakke innanfrå, byggje på eigne erfaringa «alt starta med ein konkret stad» Økoprenørskap separere ikkje utvikling av menneske frå utvikling av staden men igjen skapar denne forbindelsen kontinuerlig. Identitet Samhandlingskompetanse der ein styrkjer den indre økologien og identiteten. Leda ungdommar og andre til seg sjølv synleggjera ein øvingsveg, ut av institusjonane i framtida, i aktivitet og i relasjon til noko, relasjonell erfaringslæring styrka den enkelte innanfrå, verdibasert, ungdom treng gløyma seg sjølv ei stakke stund og gå inn i dialogen med hesten eller landskapet, prøve sjå seg sjølv utanfrå. Verdiar Arbeida med verdigrunnlaget til den enkelte, menneskets økologi, kva er mine verdiar? Kva skal til for å kjenna seg vel (wellbeing) i verda, korleis bringe dette inn i ein samanheng med kollegar og andre, korleis setja de ut i praksis? På den andre sida arbeid med å finna staden sine ressursar og eigenart, når vi grip om formande inn i verda gjennom skapande arbeid ved t.d. å pleiar og dyrkar det som vi har omkring oss står vi i ein dobbel transformasjon. Vi veks inn i verda i både tanke ord og gjerning, samtidig som vi fornyar og skapar verda omkring oss, så skapar vi eit nytt rom i oss sjølve. Transformativ læring definisjon: «omfattar all læring som fører til endring i den lærande sin identitet:» Illeris (2013, s.17) det krev både indre og ytre deltaking. Handlekraft Skapa og førebu utvida reelle læringsrom på staden der kunnskapen lever, bruke verkstadlærarar som kan sitt fag, og er forbundne med sitt i lokalsamfunnet Først få prøva ut ulike marerialer deretter velja seg sitt emne/tema til fordjuping «Your business is you» korleis ta vare på seg sjølv, handtera stress, rettleiing. Student profil, vera i samanheng stå i samanheng, ikkje dette ut på ut sida av samfunnet, leda den enkelte, synleggjer ein veg, raud tråd, leda ungdommar til seg sjølve Gjennom Økoprenørskap i skulen kan ein synleggjera og utvikla ein øvingsvei ein raud tråd for ungdomar og andre som dei kan fylgja - fyrst lokalt og regionalt, og om dei vil nasjonalt 20

og internasjonalt, der utgangspunktet er transformasjon og utvikling av dei sjølve og staden. Det krev at ein klarar å kjenne att og skilje mellom den indre og ytre dialogen og samspelet både i forhold til menneske og staden. Ein må leggja til rette for transformativ læring og bruk av omvendt læreplanarbeid. Der spørsmåla er: Kva vil vi med samfunnet og kva rolle skal skulen ha i den samanheng, korleis kan ungdom kjenna seg med skapande og innafor? Slik kan skulen steg for steg utvikle ei verdibasert berekraftig læring i dialog og samspel med omverda. På Sogn Jord og Hagebrukskule (SJH) i Aurland vill dette bli implementert i bygdeutviklingsfaget og Inn på tunet i VG 3. Og no innarbeida som eit nytt fagskuletilbod ved skulen. Viser for vidare lesing til boka Kunnskap for ei felles framtid, Lokal forankring av læreplanen som kom ut på fagbokforlaget i Bergen juli 2015. ref: Jorunn Barane 21