Morfologioppgåva om klassisk gresk

Like dokumenter
Morfologioppgåva om Kongo-swahili

/ʃop/ /ʃop-ə/ drenched /kəzad/ /kəzad-ə/ married. /tot/ /tot-ə/ all /orb/ /orb-ə/ blind. /pɔk/ /pɔk-ə/ little /seɡ/ /seɡ-ə/ blind

Morfologioppgåva om tarahumara

Å løyse kvadratiske likningar

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Du kan endre språk i Inspera ved å klikke på tannhjulet øverst til høyre.

Oppgave 2 Hvilke av følgende norske ord inneholder ingen sonorante konsonanter? snar potet kjøpte stav kritt taktstokk himmel ballett ski bade

Refleksjon og skriving

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Fonetikk og fonologi Oppgåver

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Biletbruk på nettet 1 2

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Fonemoppfatting hos cochleaimplanterte vaksne. Arne Rødvik

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Brukarrettleiing E-post lesar

Jon Fosse. For seint. Libretto

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse Første runde

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

UNIVERSITETET I OSLO

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Eksamen 1T våren 2016 løysing

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Fonetikk og fonologi Fasit

Til deg som bur i fosterheim år

Tore Oldervoll Odd Orskaug Audhild Vaaje Finn Hanisch. Sinus 2P. Lærebok i matematikk for vg2. Studieførebuande program.

Brukarrettleiing. epolitiker

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Øvinger september Wiebke Ramm, Kjetil Rå Hauge

S1 eksamen våren 2016 løysingsforslag

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo

LING1101 Fonetikk, fonologi og morfologi. Hausten 2008 / Høsten 2008

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Løysingsforslag Eksamen MAT111 Grunnkurs i Matematikk I Universitetet i Bergen, Hausten 2016

1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS

Eksamen i emnet INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering I)

Språkstatistikk for departementa for 2009

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

FY1006/TFY Løysing øving 7 1 LØYSING ØVING 7

Eksamen 1T hausten 2015 løysing

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Kalkulator, lærebok og formelsamling er lov. Handskrivne notat i lærebok og formelsamling er lov. Lause ark, med unntak av bokmerke, er ikkje lov.

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Svar på alle de åtte oppgavene. Oppgaveteksten er nummerert fra side 2 til side 7: sidene 2-4 er bokmål og sidene 5-7 er nynorsk.

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

Elevundersøkinga 2016

EKSAMEN I LOGIKK OG RESONNERANDE SYSTEM (TDT4136)

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

S1-eksamen hausten 2017

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

mmm...med SMAK på timeplanen

Språkstatistikk for departementa i 2011

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Hausten 2013

Lys. Bølger. Partiklar Atom

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar

Språkstatistikk for departementa i 2012

TUSEN TAKK! BUTIKKEN MIN! ...alt jeg ber om er.. Maren Finn dette og mer i. ... finn meg på nett! Grafiske lisenser.

)*+!,*- ".%! /01 & 2 01 &!

Vel nynorsk for barnet ditt!

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Transkript:

Morfologioppgåva om klassisk gresk Aronoff & Fudeman: What is Morphology? Ch. 3, oppgåve 1. Merknader skrivne av Rolf Theil 1. Innleiing Vi skal analysere nominativ og genitiv eintal av ni klassisk greske substantivleksem. Hovudoppgåva er å avgjere kva som er grunnforma (the basic form) av stamma til kvart leksem. 1.1 Litt om grunnformer Oppgåva tek utgangspunkt i ein teori om at kvart morfem med nokre naudsynte unntak som eg kjem attende til nedanfor har éin leksikalsk representasjon, og det er denne som her er kalla grunnform (GF). Grunnformer for ulike morfem kan setjast i hop til heile ord, og vi skal nytte namnet underliggjande representasjon (UR) om eit ord som bygt opp av grunnformer. Vi kan ta eit engelsk døme. Lat oss tenkje oss at morfemet bush har grunnforma /»bus/ og at morfemet FLEIRTAL har grunnforma /z/, slik vi har snakka om i timane. Då blir /»bus z/ den underliggjande representasjonen til bushes. Den faktiske uttalen, [»bus z], skal vi kalle overflaterepresentasjonen (OR) til bushes. Allomorfisk veksling oppstår primært når morfofonologiske reglar (MR) "reparerer" brot på fonotaksen som oppstår når grunnformer blir sette saman til ord. Den underliggjande representasjonen /»bus z/ har eit fonotaks-brot: Engelsk godtek ikkje at to vislelydar fylgjer rett er kvarandre. Ved å setje inn [ ] mellom /S/ og /z/ fjernar vi brotet. 1.1.1 Suppletivisme Som eg nemnde tidlegare i avsnittet, finst det unntak frå prinsippet om at morfem har éi grunnform. Unntaket kallar vi suppletivisme, og handlar om tilfelle der eit morfem har allomorfar som er så forskjellige frå kvarandre at skilnadene ikkje kan forklarast på grunnlag av morfofonologiske reglar. Eit døme er morfemet god, som mellom anna har allomorfane [ 1 gu ] og [ 1 bet], som i gradbøyinga god betre [ 1 gu ] [ 1 bet RE]. Desse to allomorfane kan ikkje kome av same grunnforma. 2. Segmentering Det fyrste steget er å segmentere kvar ordform, for å finne fram til stamme og suffiks. Det har eg gjort i (1). Transkripsjonen er fonemisk (og praktisk tala i samsvar med ortografien, sjølv om alfabetet er eit anna), bortsett frå at aksent ikkje er markert. Segmenteringa er grei, om vi føreset at nominativ eintal har suffikset [s] og genitiv eintal har suffikset [os].

(1) Stamme og suffiks AITHIOPS aithiop s aithiop os etiopar PHLEPS phlep s phleb os blodåre PHULAKS phulak s phulak os vaktmann AIKS aik s aig os geit THÆS the s thet os liveigen ELPIS elpi s elpid os håp ORNIS orni s ornith os fugl GIGAS giga s gigant os kjempe HRIS hri s hrin os nase 3. AITHIOPS og PHLEPS Vi får vite at AITHIOPS og PHLEPS har høvesvis grunnformene /aithiop/ og /phleb/. AITHIOPS har ikkje allomorfisk veksling, så her finst ingen problem. PHLEPS har to allomorfar, [phlep] og [phleb]. Lat oss sjå korleis vi kan argumentere for at det er ein rimeleg analyse å hevde at grunnforma er /phleb/. Vi kan setje opp to prinsipp, som overlappar kvarandre. 4. Fyrste prinsipp Det fyrste prinsippet ser slik ut: Fyrste prinsipp for å finne grunnformer Grunnforma er den allomorfen som står i den omgjevnaden der alle allomorfane kan stå utan å bryte fonotaksen. Vi har her to ulike omgjevnader, (i) føre s og (ii) føre os. I (2) har eg plassert begge allomorfane av PHLEPS i begge omgjevnadene og laga to alternative underliggjande representasjonar for kvar bøyingsform. Det eg oppfattar som ei fonotaktisk forboden form har ei stjerne framfor seg, og står dessutan på grå bakgrunn. (2) Begge allomorfane av PHLEPS i begge omgjevnadene PHLEPS */phleb s/ /phleb os/ blodåre /phlep s/ /phlep os/ Vi ser at berre /phlep/ kan stå føre /s/, medan både /phlep/ og /phleb/ kan stå føre /os/. Kvifor kan eg hevde at det er slik? For det fyrste viser genitiv-formene [aithiopos] og [phlebos] at både p og b kan stå føre /os/. Difor er det godt grunnlag for å hevde at korkje /phleb os/ eller /phlep os/ bryt med nokon fonotaktisk regel. For det andre finst det ikkje i materialet vårt nokon døme på at ein stemd plosiv kan stå føre s. Difor er det grunn til å rekne med at */phleb s/ bryt ein fonotaktisk regel, som vi kan formulere slik: 2

FYRSTE FONOTAKTISKE REGEL FOR KLASSISK GRESK Ein plosiv er ustemd føre s. På grunnlag av Fyrste prinsipp for å finne grunnformer må /phleb/ vere grunnforma for PHLEPS, sidan denne allomorfen står der begge allomorfane kan stå utan å bryte nokon fonotaktisk regel. Grunnformene for heile orda ser då ut som i (3). (3) Underliggjande representasjonar av to bøyingsformer av PHLEPS PHLEPS /phleb s/ /phleb os/ blodåre På dette grunnlaget må vi postulere ein morfofonologisk regel (MR) for klassisk gresk, ein regel som gjer plosivar ustemde (= [ stemd]) føre s: MR-1 [plosiv] Æ [ stemd] / _ [s] Regelen verkar slik eg har vist i (4), der eg har kalla dei formene vi faktisk finn for fonemiske former. (4) Bruk av MR-1 UR /phleb s/ /phleb os/ blodåre MR-1 phlep s OR [phlep s] [phleb os] 5. Andre prinsipp Det andre prinsippet for å finne grunnformer kan vi formulere slik: Andre prinsipp for å finne grunnformer Grunnforma er den allomorfen som tillèt oss å formulere morfofonologiske reglar som er fonetisk plausible og mest mogeleg generelle. MR-1 er ein fonetisk plausibel regel for di assimilasjon er eit vanleg fenomen. Regelen er generell for di han ikkje ser ut til å ha unntak. Lat oss tenkje oss at vi ikkje hadde valt grunnformene i (3) men i staden dei i (5), med p i staden for b. (5) To bøyingsformer av PHLEPS i alternative underliggjande representasjonar PHLEPS /phlep s/ /phlep os/ blodåre Då måtte vi i staden for MR-1 rekne med den alternative MR-1, som gjer plosivar stemde mellom to vokalar: 3

MR-1 [plosiv] Æ [+stemd] / V _ V Regelen verkar slik eg har vist i (6). (6) Bruk av MR-1 på alternative URar av PHLEPS UR /phlep s/ /phlep os/ blodåre MR-1 phleb os OR [phlep s] [phleb os] Dette verkar jo heilt greitt. Regelen er plausibel, for også dette er ein heilt vanleg type assimiasjon. Men problemet viser seg når vi går tilbake til AITHIOPS, som har grunnforma /aithiop/. Då verkar MR-1 slik som vist i (7). Vi får eit gale resultat, og merkt med stjerne og sett på grå bakgrunn: (7) Bruk av MR-1 på URar av AITHIOPS Grunnformer /aithiop s/ /aithiop os/ etiopar MR-1 *aithiob os Fonemiske former [aithiop s] [*aithiob os] Vi ser at genitiv av AITHIOPS blir *[aithiob os], med ein ukorrekt b. Poenget er at dei morfofonologiske reglane verkar over alt der dei kan, og då oppstår denne feilen. Vi kan ikkje late MR-1 verke like generelt som MR-1, for MR-1 skaper då ukorrekte former. Vi må no kunne slutte at den fyrste analysen vår, med grunnforma /phleb/ og MR-1, fungerer best. då går vi vidare til PHULAKS og AIKS. 6. PHULAKS og AIKS Vi må rekne med /phulak/ som grunnform for stamma til PHULAKS, for [phulak] er den einaste allomorfen. Derimot har AIKS to allomorfar, [aik] og [aig]. Resonnementa blir heilt parallelle med dei vi brukte ved AITHIOPS og PHLEPS, slik at vi kan setje opp dei underliggjande representasjonane i (8). (8) UR for to bøyingsformer av PHULAKS og AIKS PHULAKS /phulak s/ /phulak os/ vaktmann AIKS /aig s/ /aig os/ geit Då verkar MR-1 som vist i (9) og (10). 4

(9) Bruk av MR-1 på PHULAKS UR /phulak s/ / phulak os/ vaktmann OR [phulak s] [phulak os] (10) Bruk av MR-1 på AIKS UR /aig s/ / aig os/ geit MR-1 aik s OR [aik s] [aik os] Dette gjev korrekte overflaterepresentasjonar. Igjen ser vi at MR-1 ikkje berre er fonetiske plausibel, men også generell. 6.1 Alternativ analyse av PHULAKS og AIKS Hadde vi i staden rekna med at AIKS hadde grunnforma /aik/, så måtte vi ha nytta MR-1 for å få allomorfen [aig], men då hadde vi igjen fått problem med dei stammene som berre har k, slik som PHULAKS. MR-1 hadde nemleg gjort om UR /phulak os/ til OR *[phulag os]. 7. THÆS Så har vi kome til THÆS liveigen, der stamma har allomorfane [the] og [thet], jamfør nominativ [the s] og genitiv [thet os]. Her kjem vi ikkje utanom analysen i (11), som føreset MR-2, som er sett opp under (11). MR-2 seier at [t] fell bort (= blir til null) framfor [s]. (11) Analyse av THÆS UR /thet s/ /thet os/ liveigen MR-2 the s OR [the s] [thet os] MR-2 [t] Æ Ø / _ [s] Analysen byggjer på den føresetnaden at klassisk gresk ikkje har konsonantgruppa [ts], slik at når ei grunnform sluttar på [t] og den neste byrjar med [s], så må det skje ein "reparasjon", ved at [t] blir borte. 7.1 Ein alternativ analyse Ein kunne tenkje seg ein alternativ analyse, der stamma til THÆS har grunnforma /the/ og der vi reknar med ein MR-2, som set inn [t] mellom vokalar som vist nedanfor. 5

(12) Alternativ analyse av THÆS UR /the s/ /the os/ liveigen MR-2 thet os OR [the s] [thet os] MR-2 Ø Æ [t] / V _ V Denne alternative analysen føreset at klassisk gresk ikkje godtek at to vokalar fylgjer rett etter kvarandre, og at vi set inn ein [t] mellom dei for å bøte på fonotaks-brotet. Men denne analysen fungerer ikkje, av to grunnar. For det fyrste viser forma [aithiops] at to vokalar kan fylgje kvarandre, slik at ein av føresetnadene for analysen ikkje held. For det andre skaper ELPIS, ORNIS, GIGAS og HRIS uoverstigelege vanskar for denne analysen. Det kjem eg tilbake til. 8. ELPIS Stamma til ELPIS håp har to allomorfar, [elpi] og [elpid]. jamfør nominativ [elpi s] og genitiv [elpid os]. Her fungerer analysen i (13) best, og vi får bruk for både (13) Analyse av ELPIS UR /elpid s/ /elpid os/ håp MR-1 elpit s MR-2 elpi s OR [elpi s] [elpid os] Fyrst gjer MR-1 [d] ustemd føre [s], og deretter fjernar MR-2 [t] føre [s]. Framfor suffikset [os] skjer det ingenting. 8.1 Alternativ analyse Kunne ein ha tenkt seg ein alternativ analyse, der stamma til ELPIS har grunnforma /elpi/? Då ville vi trenge ein ekstra regel, som eg har kalla MR-2, og som set inn [d] mellom to vokalar. (14) Alternativ analyse av ELPIS UR /elpi s/ /elpi os/ håp MR-2 elpid os OR [elpi s] [elpid os] MR-2 Ø Æ [d] / V _ V 6

Det er ikkje vanskeleg å sjå at denne analysen ikkje fungerer. For det fyrste føreset han den galne hypotesen at klassisk gresk ikkje kan ha to vokalar rett etter kvarandre, og at det difor må setjast inn ein konsonant mellom dei. Men kva for konsonant? Vi hugsar at MR-2 set inn [t] mellom vokalar, og no hevdar vi at MR-2 set inn [d] mellom vokalar. Det er umogeleg å avgjere når MR-2 skal verke og når MR-2 skal verke, og då bryt analysen saman. Betre blir det ikkje når vi kjem til ORNIS, GIGAS og HRIS. 9. ORNIS Stamma til ORNIS fugl har to allomorfar, [orni] og [ornith]. Her må vi rekne med at grunnforma er /ornith/, slik at analysen blir som i (15). (15) Analyse av ORNIS UR /ornith s/ /ornith os/ fugl MR-1 ornit s MR-2 orni s OR [orni s] [ornith os] Her har eg tolka MR-1 på ein måte som gjer at vi ikkje treng nokon ny morfofonologisk regel for å gjere [th] til [t]. Vi hugsar korleis MR-1 ser ut: MR-1 [plosiv] Æ [ stemd] / _ [s] Lat oss sjå på det klassisk greske konsonantfonemsystemet, på grunnlag av dei data vi har. Eg har sett opp systemet i (16); eg har teke med i parentes dei to fonema som ikkje finst i dataa våre, for å vise kor mykje informasjon som faktisk kan hentast i dei orda som er oppgjevne. (For moro skuld har eg òg teke med dei greske bokstavane.) (16) Klassisk greske konsonantfonem i våre data Labial Koronal Dorsal Laryngal Plosiv Ustemt p / p t / t k / k Plosiv Stemt b / B d / d g / g Plosiv Aspirert ph / j th / q (kh / c) h / Nasal (m / m) n / n Frikativ s / s, V Lateral l / l Rotikon r / r Termane ustemt : stemt : aspirert viser til tre typar larynxstilling, og MR-1 seier at den einaste larynxstillinga som er tillaten føre [s] er ustemt. Med andre ord kan vi bruke MR-1 til å endre både [d] og [th] til [t] føre [s]. 7

9.1 Alternativ analyse som innfører [th]? At ein alternativ analyse som innfører [th] mellom vokalar ikkje kan gjennomførast, vonar eg er klart no. Eg skriv ikkje meir, og reknar med at du tenkjer gjennom saka! 10. GIGAS Stamma til GIGAS kjempe har to allomorfar, [giga] og [gigant]. Grunnforma kan ikkje vere noko anna enn /gigant/, og analysen blir som i (17). Eg har innført ein ny morfofonologisk regel, MR-3, som fjernar [n] føre [s]. (17) Analyse av GIGAS UR /gigant s/ /gigant os/ kjempe MR-2 gigan s MR-3 giga s OR [giga s] [gigant os] MR-3 [koronal, nasal] Æ Ø / _ [s] I staden for å innføre MR-3 kunne vi ha revidert MR-2 og fått MR-2a i staden: MR-2a [koronal, lukkelyd] Æ Ø / _ [s] Medan [t d th] er orale lukkelydar, er [n] ein nasal lukkelyd, slik at [t d th n] alle er lukkelydar. Då måtte vi tenkje oss at MR-2a verka to gonger, ved fyrst å endre /gigant s/ til [gigan s] og så endre [gigan s] til [giga s], som vist i (18). (18) Alternativ analyse av GIGAS UR /gigant s/ /gigant os/ kjempe MR-2a gigan s MR-2a giga s OR [giga s] [gigant os] 11. HRIS Analysen av HRIS nase inneheld no ikkje noko nytt, som vist i (19). (19) Analyse av HRIS UR /hrin s/ /hrin os/ nase MR-2a hri s OR [hri s] [hrin os] 8