Referat frå årsmøtet 2017 NORSK FORFATTERSENTRUM Laurdag 22. april, Litteraturhuset, Oslo Det var 105 medlemmer med røysterett til stades. DAGSORDEN 1) Styreleiars opningstale Styreleiar Mikkel Bugge opna årsmøtet 2017 med å takke alle som har formidla litteratur i året som gjekk. Han takka også spesielt administrasjonen og våre gode samarbeidspartnarar folkebiblioteka. Vidare var Bugge innom fleire område som vil vere viktige for Forfattersentrum framover, som til dømes arbeidet med å få på plass ei skulebiblioteklov og kampen for kunstnarøkonomien, der vårt bidrag blant anna kan kome til å bli ei omfattande levekårsundersøking blant Forfattersentrum sine medlemmer. Styreleiar uttrykte også glede over at det endeleg har kome på plass ein overordna administrasjon som kan ta seg av heilskapen i Den Kulturelle Skolesekken, men er samstundes bekymra over einsretting av kompetansen i den nye Kulturtanken: «[D]en litterære kompetansen er enn så lenge en parentes, i form av en varaplass i et faglig råd.» Bugge avslutta talen sin med å minne om at Norsk Forfattersentrum fyller 50 år i 2018, samt å love at organisasjonen skal arbeide hardt fram mot den kommande kulturmeldinga og haustens stortingsval med å løfte vilkåra for formidling av både poesien, skjønnlitteraturen og sakprosaen. Heile talen er tilgjengeleg ved førespurnad til administrasjonen. 2) Val av ordstyrar, referent og tellekorps Ordstyrar: Liv Gulbrandsen. Referent: Atle Berge. Tellekorps: Bjørn Ingvaldsen, Mette Karlsvik, Siv Wyller og Neha Naveen.
3) Godkjenning av dagsorden og innkalling Ordstyrar ønska gjester frå andre foreiningar spesielt velkommen til årsmøtet, før ho presenterte årsmøtesakene. Det var éi endring til dagsorden: Fordi styret ønska å vedta ein resolusjon om skulebibliotek, var eit nytt punkt «7.8 Resolusjoner» lagt til. Innkalling og revidert dagsorden vart godkjent. 4) Årsmelding Dagleg leiar Ingvild Herzog innleia gjennomgangen av årsmeldinga. Ho ønska velkommen og introduserte dei tilsette som var til stades, før ho understreka kor bra det går med organisasjonen: Utbetalingane til medlemmene held fram med å auke, omsetninga held fram med å auke, og aldri før har like mange forfattarar vore ute på oppdrag. Er det noko å bekymre seg over, må det vere at veksten fører til stor belastning på administrasjonen. Herzog understreka også at vi er den største skribentorganisasjonen: Sakprosaforfattarar og skjønnlitterære forfattarar «alle» er med. Det gir gjennomslagskraft, men for å få brukt gjennomslagskrafta er administrasjonen avhengig av at medlemmene seier frå både om det som fungerer og det som ikkje fungerer ute i feltet. Ho understreka også at eit av Forfattersentrum sine viktigaste oppdrag er å sikre at publikum møter flest muleg arrangement av høg kvalitet, og at årsmeldinga viser at medlemmene er ekstremt flinke. Sjølve årsmeldinga blei gjennomgått av ordstyrar. Ved punktet «Styret» blei styret presentert for årsmøtelyden, og nye medlemmer som var til stades på møtet blei ønska velkommen med applaus. Ved punktet «Medlemmer og medlemsarbeid» viste vi respekt for medlemene som har gått bort det siste året med eit stille minutt. Ved overskrifta «Administrasjonen» vart det peika på at Ingvild Holvik ved Nord-Norge-kontoret ikkje er presentert i årsmeldinga, noko dagleg leiar orsaka på det sterkaste. Under «Økonomi» fortalde økonomiansvarleg Håkon Eikanger om dei nye spesifiserte utbetalingsslippane Forfattersentrum har tatt i bruk. Får du utbetalt honorar frå fleire oppdragsgjevarar samstundes, kjem det no tydeleg fram kva oppdrag du får pengar for. Ved punktet «Den Kulturelle Skolesekken» var fleire frå salen på talarstolen. Ingvild Herzog orienterte først om den manglande lønnsauka i DKS. Kunstnernettverket jobbar med saka, men har til no ikkje vore ved forhandlingsbordet. Dagleg leiar understreka også at Forfattersentrum ser på det framtidige arbeidet med Kulturtanken med begeistring, samt ei viss bekymring for korleis det kunstnariske skal bli ivaretatt i Den Kulturelle Skolesekken. Ho ba alle medlemmer om å registrere oppdraga sine hos Forfattersentrum for å sikre seg når det oppstår usikkerheit rundt eit oppdrag.
Oppfordringa fekk støtte av medlem Rolf Losnegård som i 2016 opplevde problem å få refundert reiserekninga etter ein turné som ikkje var registrert hos NF. Medlem Ingrid Wiese var på talarstolen og skrytte av Oslo-turnéen Forfattersentrum organiserer for 9. klassane i hovudstaden, og ville vite kvifor ordninga ikkje eksisterer i andre delar av landet. Ingvild Herzog orienterte om det unike samarbeidet med Oslo kommune, og minna om at fylka elles har sine eigne opplegg for DKS. Ho understreka at Forfattersentrum samarbeider tett med DKSaktørane, sjølv om vi ikkje har direkte ansvar for å planlegge turnéar andre stader i landet. Nestleiar i NBU Mari Moen Holsve har vore med i forhandlingsutvalet med Kulturtanken og informerte om at Kunsternettverket skal møte den nye DKS-administrasjonen. Resten av årsmeldinga blei gjennomgått utan andre merknader enn at Forfattarlandslaget i fotball bør døypast om til Forfattarlandslaget i fotball for herrar. Årsmøtet tok årsmeldinga til etterretning. 5) Årsmelding frå Medlemsfondet Leiar i fondsstyret, Simon Stranger, presenterte arbeidet til fondet og gjekk gjennom årsmeldinga. Han nemnde også døme på prosjekt som fekk støtte frå Medlemsfondet i 2016, og viste fram den Forfattersentrum-relevante t-skjorta si med meldinga «Artists are like wizards. They don't need money, because they use magic to pay their bills.» Ingvild Herzog orienterte om resultatrekneskapen til Medlemsfondet, som frå og med årsmeldinga for 2016 syner tala for siste kalenderår, i staden for frå årsmøte til årsmøte. Skulle nokon stusse over at tala i 2016-rekneskapen er mykje høgare for 2016 enn 2015, kjem det altså av at dei dekker ein periode på 1,75 år. I tillegg fann det i 2016 stad ei feilutbetaling av styrehonorar til fondsstyret på litt over 20000 kroner. Dette beklaga Herzog på det sterkaste: «Dette er en feil som ligger hos oss, og som må tas på vår kappe. Det er beklagelig, og vi har innført rutiner som sikrer at det ikke skjer igjen.» Årsmeldinga til medlemsfondet blei tatt til etterretning. 6) Revidert rekneskap, revisjonsmelding Ingvild Herzog viste til at Norsk Forfattersentrum hadde eit overskot på 324 628 kroner i 2016. Det er eit avvik frå «nullvisjonen» administrasjonen tar på alvor, men som først og fremst kjem av høgt sjukefråvær med store refunderte summar hausten 2016. I 2017 vil det bli lagt opp til eit underskot for å få brukt fjorårets overskot på ein best mogleg måte.
Revisor Per-Arne Auster las revisjonsmeldinga og understreka at Forfattersentrum går godt. Årsmøtet godkjente rekneskapen ved akklamasjon. 7) Årsmøtesaker 7.1 Fastsetting av godtgjering til styremedlemmer og styreleiar Framlegg til vedtak: «Styremedlemmene mottar honorar i henhold til statens satser for møter. Styreleder mottar et eget honorar med indeksøking fra 2016, nestleder mottar 10 000 i tillegg til møtehonoraret.» Framlegget vart samrøystes vedtatt. 7.2 Fastsetting av godtgjering til Medlemsfondets styreleiar og styremedlemmer Framlegg til vedtak: «Medlemsfondets styrelederhonorar økes med indeksøking. Medlemsfondets styremedlemmer mottar honorar i henhold til statens satser for møter.» Framlegget vart samrøystes vedtatt. 7.3 Fastsetting av honorar til revisor Framlegg til vedtak: «Revisor honoreres etter regning.» Framlegget vart samrøystes vedtatt. 7.4 Dei tilsette sine representantar til styret blir godkjente av årsmøtet Årsmøtet godkjente Ingvild Holvik som dei tilsette sin representant til styret og Hanne Bru Gabrielsen som vararepresentant. 7.5 Eksterne styremedlemmer blir godkjente av årsmøtet. Framlegg til vedtak: «Årsmøtet godkjenner Mads Breckan Claudi fra undervisningssektoren og Cathrine Strøm fra biblioteksektoren som eksterne styremedlemmer for en ny toårsperiode.» Framlegget vart samrøystes vedtatt.
7.6 Saker frå medlemmer og/eller styret Årsmøtet handsama Helga Gunerius Eriksen sitt forslag om at styret bør utgreie ei namneendring frå Norsk Forfattersentrum til Norsk Forfatterformidling, for så å presentere ei innstilling til neste årsmøte. Gunerius Eriksen si grunngiving var at Norsk Forfatterformidling vil vere eit namn som fortel kva vi er og gjer, og at vi er til for publikum, medan Norsk Forfattarsentrum fortel at vi er eit sentrum for forfattarar. Styret ved styreleiar Mikkel Bugge takka for forslaget. Han peika på at Norsk Forfattersentrum er eit namn vi har hatt lenge og som definerer oss, men understreka at styret på ingen måte har konkludert. Styret meinte likevel at vi bør gå breitt ut når vi først skal utgreie ei namneendring. Bugge la derfor fram eit nytt forslag til vedtak basert på forslaget til Helga Gunerius Eriksen, men med opning for å utgreie fleire namn enn Norsk Forfatterformidling. Fleire medlemmer var på talarstolen: Bjørn Ingvaldsen meinte forslaget frå styret var «godt nok», at ei utgreiing er okei, men ikkje nødvendig. Han meinte dagens namn fortel kor vi står plassert, og at Forfattersentrum skal arbeide med meir enn formidling. Berre eitt namn ville i følge Ingvaldsen vere betre enn dagens: Kraftsentrum. Suresh Chandra Shukla var også på talarstolen og gav si støtte til vidare diskusjon av namneendring, medan Fartein Horgar viste til at særleg biblioteka er godt kjente med kor dei skal henvende seg, noko som kan bli eit problem dersom vi skiftar namn. Espen Haavardsholm: «Ålreit» innspel. Sidan vi skal fylle 50 i 2018 er det passande med eit nytt slagkraftig namn. Han vedgjekk likevel at han var noko emosjonelt bunde til namnet etter å ha vore sentral i organisasjonen frå starten av. Svein Nyhus: «Kjempegøy, fint forslag!» Nyhus meinte det er viktig å ha eit namn som kommuniserer godt til dei som ikkje kjenner oss frå før, blant anna lærarar. Han peika også på at Forfattersentrum ikkje driv med sentralisering, men «forfatterspredning». Ellisiv Lindkvist innvende at det tar tid å lære seg eit nytt namn, og brukte NRK som døme: «Er det noe NRK har gjort så er det å skifte namn på programmene sine så ofte at vi ikke aner hvor vi skal finne det vi vil høre på.» Frå perspektivet til eit nytt medlem meinte Anne Synnøve Simensen at å utgreie ei namneendring var ein god idé: For debutantar som ikkje kjenner det litterære miljøet frå før, er det ikkje openbart kva Forfattersentrum er for noko.
Terje Skulstad minna årsmøtet om alle dei forkorta organisasjonsnamna som ikkje fortel noko om kva organisasjonen driv med, men som vi likevel har lært oss. Igjen vart NRK nemnd som døme. Skulstad meinte også at dei som jobbar med litteratur veit kven vi er, men stilte spørsmål ved kor distrikta er i namnet Norsk Forfattersentrum. Frøydis Alvær fortalde at ho var med då ULF skifta namn til NBU. Ho var mot namneendringa den gongen, men ser i ettertid at det var vellukka. Innspela frå salen vart avslutta med at Helga Gunerius Eriksen presiserte at det viktigaste for henne er at diskusjonen held fram, ikkje å døype om organisasjonen til «Norsk Forfatterformidling». Ho trakk så forslaget sitt og stilte seg bak forslaget frå styret. Før røystinga presiserte styreleiar Mikkel Bugge den nøyaktige ordlyden i framlegget: «Styret utgreier ei eventuell namneendring for Norsk Forfattersentrum og kjem med ei innstilling til neste årsmøte.» 74 stemte for, 26 stemte mot og 5 var avhaldne. Framlegget vart dermed vedtatt. 7.7 Lovendringsframlegg frå medlemmer og/eller styret Styret hadde eitt framlegg til endring av Norsk Forfattersentrum sine lover: Å stryke setninga «Styret velger i tillegg en representant uten stemmerett til valgkomiteen» frå paragrafen om valkomiteen. Styret si grunngjeving vart framført ved styreleiar Mikkel Bugge. Han la vekt på at valkomiteen skal sikre breidde og variasjon i samansetninga av organisasjonen sine styre og utval. For å oppretthalde mangfald og demokrati i organisasjonen er det derfor viktig å legge til rette for at komiteen kan fungere som eit fritt og sjølvstendig organ, utan bindingar til styret. Framlegg til ny paragraf: «10 Valgkomiteen. Valgkomiteen består av tre medlemmer som blir valgt på årsmøtet etter innstilling fra styret. Medlemmene velges for ett år av gangen. Valgkomiteen velger selv sin leder og sekretær. Komiteens medlemmer kan ikke innstilles til verv i styret eller i styret for Medlemsfondet. Komiteen fører protokoll. Valgkomiteen sender sin innstilling til styret senest 1 måned før årsmøtet.» Opprinneleg lovtekst: «10 Valgkomiteen
Valgkomiteen består av tre medlemmer som blir valgt på årsmøtet etter innstilling fra styret. Styret velger i tillegg en representant uten stemmerett til valgkomiteen. Alle velges for ett år av gangen. Valgkomiteen velger selv sin leder og sekretær. Komiteens medlemmer kan ikke innstilles til verv i styret eller i styret for Medlemsfondet. Komiteen fører protokoll. Valgkomiteen sender sin innstilling til styret senest 1 måned før årsmøtet.» Forslaget vart samrøystes vedtatt. 7.8. Resolusjon. Maria Parr la fram styret sitt forslag om resolusjon om skulebiblioteklov, og minna om at fleire andre skribentorganisasjonar har gjort det same. Forslag til resolusjon: Gode og velfungerende skolebibliotek er viktige i utviklingen av leseferdigheter og leselyst blant elever. Dette gjelder uavhengig av bosted og foreldrenes utdanning og yrke. Gode skolebibliotek bidrar til at elever har tilgjengelig litteratur innen skjønnlitteratur og sakprosa, og til at de møter kompetent personell som kan bidra med formidling, informasjonsinnhenting og kildekritikk. Skolebibliotek er også sentral i arbeidet med å utjevne sosiale og digitale forskjeller blant elever med ulik bakgrunn, og en viktig arena for læring og lesing i alle fag. Norsk Forfattersentrums årsmøte 2017 oppfordrer alle partiene på Stortinget til å utarbeide og innføre en egen lov om skolebibliotek. Resolusjonen fekk applaus, og vart vedtatt mot 1 stemme, samt 1 avhalden. 8) Val Valkomité i 2016 har vore A. Audhild Solberg (leiar), Birger Emanuelsen, Odveig Klyve og Kari Saanum (styrets representant). Solberg presenterte valkomiteen sine kandidatar for årsmøtet: Alfred Fidjestøl (gjenval som nestleiar), Espen Haavardsholm (gjenval), Maria Parr (gjenval) og Bjørn Arild Ersland (ny). Ho fortalde at komiteen har lagt spesielt vekt på georgrafi og litterær sjanger, og understreka at dei ønska å gi eit signal om at styret kan bli meir representativt. I dag er styret med eitt unntak busett i Oslo. 8.1 Revisor Per-Arne Auster frå Vekst revisjon AS blei samrøystes vald til revisor.
8.2 Val av nestleiar Alfred Fidjestøl vart samrøystes gjenvald som nestleiar. 8.3 Val av styremedlemmer og 8.4 Val av varamedlemmer Espen Haavardsholm og Maria Parr vart samrøystes gjenvald som styremedlemmer ved akklamasjon. Bjørn Arild Ersland vart vald inn som nytt styremedlem, også han ved akklamasjon. 8.5 Val av valkomité Etter forslag frå styret vart Marie Aubert, Per Olav Kaldestad og Asieh Amini valde under eitt ved ved akklamasjon. Styreleiar Mikkel Bugge avslutta årsmøte med å takke for eit fint og spenstig møte. Han takka også avtroppande styrerepresentant Helga Flatland og avtroppande tilsettrepresentant Irene Gressli Haugen for arbeidet dei har lagt ned for Norsk Forfattersentrum, samt ordstyrar Liv Gulbrandsen. Ref. Atle Berge