KAPITTEL 13 NATUR, MAT OG HELSE 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i skogen. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i hagen. Skriv fem fakta om sopp elg fisk tran Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 1
2 NATURFAG Les teksten og veg rett ord. Set strek over ordet som ikkje er rett. Naturfaglæraren på skolen til Suppatra synest/trur han er heldigare enn dei andre lærarane på skolen. Han kan alltid gå på turar i skogen med klassane sine, og han elskar det! Han synest/trur at ungdommane liker det også. Han synest/trur dei blir glade ute i skogen. Han synest/trur han veit kvifor: Ungdommane slappar av og kosar seg på tur. Naturfaglæraren synest/trur skogsturar er best seint på sommaren og om hausten. Han elskar å plukke sopp. Han kan ALT om sopp. Mange soppar kan vi ete, men mange soppar er giftige og må ikkje etast. Kantarell blir kalla «skogens gull». Kantarellane er lette å kjenne att, og det er trygt for elevane å plukke dei og lage god mat. Dei kan finne annan sopp også, men da må dei ha med seg ei oversikt over giftige og ikkje-giftige soppar. Det er veldig viktig å ikkje plukke giftig sopp. Det er ikkje nok å tru/å synast at ein sopp kan etast. Ein må VITE det! Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 2
3 PSYKISK OG FYSISK HELSE Naturfaglæraren underviser også om kropp og helse. Han trur at dersom vi lærer om sunn mat når vi er unge, blir vi sunne resten av livet. Vi har oppgåver der vi skal finne ut kva som veks i hagen, og kva som er godt å ete og kva for vitamin vi får av grønsaker, frukt og bær. Dersom ein et mat med mykje vitamin, blir kroppen sunn og sterk. Det er viktig å lære å ta vare på den fysiske helsa si gjennom sunn mat og fysisk aktivitet. Vi skal også lære om kva som veks i skogen, og kva vi kan få frå sjøen. Denne veka skal heile klassen ut i skogen. Vi skal leite etter sunne ting å ete mens vi går på tur. Og i neste veke skal vi dra til sjøen og ta med fiskestenger for å fiske. Vi skal tenne bål og steikje fisken på bålet. Naturfaglæraren blir glad når han ser at vi kosar oss og trivst på turar ut i naturen. «Det er viktig å ta vare på både den psykiske og den fysiske helsa», seier han. «Ein får god psykisk og fysisk helse av å vere ute i naturen.» Og å trivast i kvardagen er også viktig for den psykiske helsa vår for korleis vi har det. Læraren vår fortel at han gleder seg kvar dag han skal på jobb. Han seier at han er heldig som har ein jobb som er bra for den psykiske helsa hans. Les teksten Psykisk og fysisk helse og sett kryss for riktig eller galt rett gale 1 Naturfaglæraren er ikkje så glad i å undervise om sunn mat og fysisk aktivitet. X 2 Å ete sunt er bra for den fysiske helsa. 3 Dersom dei får fisk på turen, skal dei ete han ute i naturen. 4 Den psykiske og den fysiske helsa er like viktig, seier læraren. 5 Å like det du gjer, er bra for den psykiske helsa. 6 Naturfaglæraren liker jobben sin. 7 Fysisk aktivitet er ikkje viktig for den fysiske helsa. 8 I hagen og i skogen kan ein finne mat med mykje vitamin. 9 I sjøen finn dei mykje frukt. 10 Elevane liker ikkje å gå på tur. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 3
4 KVAR HØYRER ORDA HEIME? Skriv orda i rett kolonne. Nokre ord høyrer heime i fleire kolonnar. jeger mus elg reker krabber blåbær jordbær fisk makrell elefantar slangar hoggorm apekattar å gå på jakt sopp poteter mose gras hare rådyr rev ekorn hjort rein ulv fiskestong båt skaldyr laks aure blåskjel kantarellar tyttebær solbær rips eple buskar tre I HAGEN I SKOGEN VED OG I SJØEN solbær båt 5 KVA FOR EIT ORD SKAL UT? raud blå- blyant grøn sopp radio elg blåbær vitamin mineral protein jordbær tryggleik sjølvrespekt tørst sjølvrealisering psykisk helse fly fysisk helse livskvalitet svolten mett tørst søvnig glad nervøs trist sjuk lykkeleg frisk stressa glad fisk elg reker krabber rev fisk ekorn mus Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 4
6 BEHOVA TIL MENNESKA Kva treng menneska kvar dag for å ha god fysisk og psykisk helse? 7 GRAMMATIKK Fyll ut med å synast og å tru Suppatra og Camilla leiter etter kantarellar Suppatra: du det er gøy å gå i skogen, Camilla? Camilla: Eg likte det ikkje før, men no eg det er kjempegøy. du vi finn kantarellar, Suppatra? Suppatra: Ja, eg det! Kva er det vi ser mellom trea der borte? Eg det er kantarellar. Det er heilt gult der! Camilla: Å, eg dette er spennande. Nesten som ei skattejakt! Suppatra: Ja, det eg også. Camilla: Eg vi kjem til å finne mest kantarellar av alle i klassen. Suppatra: Ja, det eg også. Sjå på alle kantarellane! Eg dei er så vakre. Kom, så plukkar vi alle saman! Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 5
Psykisk og fysisk helse Naturfaglæraren underviser også om kropp og helse. Han trur at dersom vi lærer om sunn mat når vi er unge, blir vi sunne resten av livet. Vi har oppgåver der vi skal finne ut kva som veks i hagen, og kva som er godt å ete og kva for vitamin vi får av grønsaker, frukt og bær. Dersom ein et mat med mykje vitamin, blir kroppen sunn og sterk. Det er viktig å lære å ta vare på den fysiske helsa si gjennom sunn mat og fysisk aktivitet. Vi skal også lære om kva som veks i skogen, og kva vi kan få frå sjøen. Denne veka skal heile klassen ut i skogen. Vi skal leite etter sunne ting å ete mens vi går på tur. Og i neste veke skal vi dra til sjøen og ta med fiskestenger for å fiske. Vi skal tenne bål og steikje fisken på bålet. Naturfaglæraren blir glad når han ser at vi kosar oss og trivst på turar ut i naturen. «Det er viktig å ta vare på både den psykiske og den fysiske helsa», seier han. «Ein får god psykisk og fysisk helse av å vere ute i naturen.» Og å trivast i kvardagen er også viktig for den psykiske helsa vår for korleis vi har det. Læraren vår fortel at han gleder seg kvar dag han skal på jobb. Han seier at han er heldig som har ein jobb som er bra for den psykiske helsa hans. 8 SET RING OG STREK a) Les teksten i Psykisk og fysisk helse. Teikn ring rundt ubestemte pronomen i teksten. b) Skriv tre setningar der du bruker ubestemt pronomen. c) Lag seks adverbiale leddsetningar med orda da, når, mens, fordi, dersom, sjølv om. Da vi var på fisketur, fekk eg ein torsk. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 6
d) Gjer setningane til adverbiale leddsetningar, som i eksempelet. Eg er tørst. Eg treng noko å drikke. Når eg er tørst, treng eg noko å drikke. Eg et sunn mat. Eg tek vare på den fysiske helsa mi. Eg er redd for giftige soppar. Eg liker å plukke sopp. Han er naturfaglærar. Han underviser i kropp og helse. 9 RYDD SETNINGANE a) slags Kva fisk? det er b) ein veit Eg men trur ikkje, det makrell. er c) forelska Eg den trur er i deg. jenta d) og plukke Eg det er koseleg i skogen synest bær. å gå e) Sjølv om ikkje liker eg å stå opp synest tidleg, eg skolen en gøy. f) mykje du et Dersom grønsaker, du sunn blir og sterk. g) kantarellar. Mens laga bål, fann de eg mange h) Da vi blåbær og sopp. var skogtur, fann vi mykje på Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 7
10 VEL OG FORTEL På tur i skogen eller Naturen i heimlandet mitt Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 8
Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 13 / 9