Statens vegvesen Notat Til: Frå: Kopi: Rune Dvergsdal Geo- og skredseksjonen v/jens Tveit Sakshandsamar/innvalsnr: Jens Tveit - 57655949 Oppdrag: Vurdering av skredfare ved Fodnes fergekai Dok. nr. i Sveis: 2013/055378-008 Oppdragsgivar: Vegseksjon Sogn v/rune Dvergsdal Dato: 19.02.2015 Planfase: Drift Arkivkode: 460 Ant. vedlegg: Kommune: Lærdal Vegnr.: Rv 5 HP: 3 Km: 8,630 UTM 33 ref.: 6780497 413283 EUREF 89 Geoteknisk kategori: Utarbeida av: Jens Tveit Kontrollert av: Arnstein Ommedal Rv 5, Hp 3, Km 8,630 8,940. Fodnes fergekai. Vurdering av skredfare mot kaianlegget. Innleiing Måndag 9. februar vart området ved Fodnes fergekai synfara av Rune Dvergsdal, byggeleiar for Indre Sogn og Jens Tveit, Geolog ved Geo- og skredseksjonen. Bakgrunnen for synfaringa var steinspranget som gjekk 20. januar i år, og dei føregåande problema med steinsprang ned mot venteområdet på fergekaia. Skildring av situasjonen For å få plass til venteområde og fergekai på Fodnes er det sprengt ut ei skjering som er mellom 15 og 20 m høg. I området over skjeringa er det eit tynt lag med lausmasse over svaberg. Terrenget har ei stigning på mellom 30 og 50 grader. Dette varierer noko. Kart er vist i figur 1. Eksisterande sikring Det er gjort ein del boltesikring i skjeringa, men sjølv om det er ein del problem med is i løpet av vinteren er det ikkje hengt opp isnett. Isen kan hamne i vegen både i akselrasjonsfeltet og ved parkeringsplassen inn mot den private vegen. For å stabilisere lausmassane og hindre utglidning frå skjeringstoppen er det lagt steinsprangnett over lausmassane. Dette fungerer bra, og det har begynt å komme kraftigare vegetasjon på plass, noko som stabiliserar det tynne lausmassedekket. Kjeldeområde for steinsprang Eit stykke oppe i skråninga, varierande mellom 50 og 100 meter frå skjeringstoppen er det ein steil berghammar. Denne er tydeleg oppsprukke og er eit kjeldeområde for gjentatte steinsprang ned mot venteområdet på fergekaia. Kjeldeområdet er markert i kartet i figur 1 og i bildet i figur 5. Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Regnskap Askedalen 4 Båtsfjordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
Registrerte hendingar I Vegvesenet sitt skredregister er det registrert 9 hendingar med nedfall på vegen i området ved Fodnes fergekai frå 2007 og fram til i dag. Sjå kartet i figur 2 for visualisering av kor nedfalla har kome. Figur 3 og 4 viser tidlegare hendingar mot fergekaia. Aktuelle forskrifter Vegvesenet har utarbeidd akseptkriteriar for nedfall på veg. Fergekai og venteområde ligg ikkje under desse akseptkriteria, men går inn under plan- og bygningslova. Der er hamneanlegg sett til å vere i sikkerheitsklasse S2, og det er akseptert ein årleg nominell sannsynlegheit for skred på 1/1000, det vil seie 0,1%. Dei siste åra har det i snitt vore over eit nedfall i året i området med fergekaia. Sjølv om ikkje alle har nådd venteområdet, så blir det likevel rekna som eit nedfall på hamneanlegget. Med dei hyppige nedfalla som er registrert mot anlegget, ligg sikringsnivået langt under det kravet som er gitt i plan- og bygningslova. Vurdering og tilråding Det er vurdert som særs viktig å heve sikringsnivået på Fodnes fergekai. Sambandet er tett trafikkert, og som situasjonen er i dag er det berre eit spørsmål om tid før ventande blir treft av eit steinsprang. For å sikre området er eit fanggjerde vurdert som det klart beste alternativet. Før steinspranga når skjeringstoppen har dei begrensa med rørsleenergi og spretthøgde. Utfall frå dei tidlegare omtala berghamrane er vurdert som fullt mogleg å fange opp med eit fanggjerde plassert på skjeringstopp. I tillegg til å montere eit fanggjerde for å fange opp steinsprang er det vurdert som naudsynt å montere issikringsnett på utsette stader i skjeringa, sjå figurane 6-8. Det kan vere behov for nokre mindre felt med isnett i tillegg til dei større områda som er beskrive. Noko reinsk og boltesikring i skjeringa er også vurdert som naudsynt. Omtrenteleg plassering for isnett er gitt i figurane 6-8. Omtrenteleg plassering for fanggjerde er gitt på kartet i figur 1. Endeleg plassering må markerast i felt i samråd med geolog før sikringsjobben blir lyst ut. Det er naudsynt å flytte kraftlinja for å montere fanggjerdet. Når sikring er utført som skildra over er sikringsnivået for kaianlegget vurdert til å vere innafor sikringsklasse S2. Mengdar Tabell 1 viser antatte mengdar som er naudsynt for å sikre Fodnes fergekai mot skred så anlegget hamnar innanfor rett sikringsklasse i høve til plan- og bygningslova. Tabell 1 - Antatte mengdar for sikring av området Sikringsmiddel Eining Mengde Fanggjerde lm 300 Isnett m 2 1200 Fjellboltar i skjering stk 100
Figur 1 - Kart over området. Kjeldeområdet og omtrentleg plassering av 300 meter fanggjerde er teikna inn Figur 2 - Kartutsnitt frå NVDB. Grå runding er punkt med steinsprang, grå strek er strekke med steinsprang, grøn runding er isnedfall, grøn og kvit strek er strekke med isnedfall
Figur 3 - Steinsprang januar 2015 Figur 4 - Steinsprang 2012
Figur 5 - Skjering, skjeringstopp og kjeldeområde for steinsprang Figur 6 - Tilrådd plassering av isnett
Figur 7 - Tilrådd plassering av isnett Figur 8 - Tilrådd plassering av isnett