FYLKESREVISJONEN. Møre og Romsdal fylke ein tydeleg medspelar

Like dokumenter
HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Rutiner for samarbeid om oppfølging av ungdom med lovfestet rett til videregående utdanning

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

2014/

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Når bekymringen melder seg, muligheter i videregående opplæring

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

Orientering om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Orientering om søking til vidaregåande opplæring skoleåret 2016/2017

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Plan for forvaltningsrevisjon

Forvaltningsrevisjonsrapport FR 4/2017: Ressursstyring av lærarar og bruken av overtid i Fagskolen

Kartlegging av rammevilkår

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Plan for forvaltningsrevisjon

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet Fylkestinget

Inntaksmøte

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Plan forvaltningsrevisjon

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Lønnsundersøkinga for 2014

TILSYNSRAPPORT. Bjerkreim kommune. system knytt til tilsynstemaet «Skulane sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø» Forsvarleg

INTERNASJONAL STRATEGI

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

MINORITETSSPRÅKLEGE ELEVAR LOVEN, INNSØKING OG RUTINAR

tapte årsverk i 2011

PLAN OPPFØLGINGSTJENESTEN FOR VIDEREGÅENDE OPPLÆ RING I VEST-A GDER

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Fylkesrevisjonen. Møre og Romsdal fylke ein tydeleg medspelar. Oppfølging og evaluering av ulike økonomiske overføringar og tilskotsordningar

Elev- og lærlingombod i HFK

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Kommunedelplan for oppvekst

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Tilbakemelding til NOKUT sin tilsynsrapport - Tilsyn ved Fagskolen i Ålesund

Forvaltningsrevisjonsrapport FR 1/2018 "Svart økonomi, arbeidslivskriminalitet og sosial dumping"

Transkript:

FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylke ein tydeleg medspelar Oppfølgingstenesta forventningar og resultat Forvaltningsrevisjonsrapport 5/2007

Innhald 1. Innleiing... 1 1.1. Bakgrunn og formål for prosjektet...1 1.2. Problemstillingar...1 1.3. Revisjonskriterium...1 1.4. Metode...2 1.5. Avgrensning...2 2. Faktagrunnlag og revisjonens vurderingar... 3 2.1. Organisering av oppfølgingstenesta...4 2.2. Nærare om arbeidet i oppfølgingstenesta...6 3. Høyringsprosess... 11 3.1. Samandrag av innkomne høyringssvar... 11 3.2. Høyringssvaras verknad for utforming av endeleg rapport... 12 4. Konklusjonar og anbefalingar... 13 Vedleggsoversyn... 14 Vedlegg 1 Bestilling frå kontrollutvalet... 14 Vedlegg 2: Opplæringslova med forskrift... 15 Vedlegg 3: Regioninndeling... 17 Vedlegg 4: Høyringssvar frå utdanningsavdelinga... 18 Vedlegg 5: Høyringssvar frå OT Ålesund... 20

1. Innleiing 1.1. Bakgrunn og formål for prosjektet I sak T-69/06 slutta fylkestinget seg til kontrollutvalet sine framlegg til forvaltningsrevisjonsprosjekt for 2007. Den konkrete bestillinga av prosjektet Oppfølgingstenesta og PPT m.fl forventningar og resultat blei vedteke i sak Ko-22/07 (jf. vedlegg 1). Oppfølgingstenesta i den vidaregåande skolen skal både kvantitativt og kvalitativt vere i stand til å kunne gi råd og tilbod til ei gruppe som i aukande grad er påverka av negative tendensar som skoletrøttleik, skoletapskjensle, mobbing, rusmisbruk, psykiske vanskar og sosial tilkortkoming, men og til dei som ønskjer seg noko anna enn vanleg vidaregåande opplæring. Det blir dermed ei utfordring å utnytte mangfaldet og fleksibiliteten innafor opplæringssystemet, og kunne samhandle med lokalt arbeids- og næringsliv, samstundes som tenesta må tilpassast det faktiske behovet. Prosjektet skal undersøke i kva grad fylket si oppfølgingsteneste evt. i samarbeid med PPT o.a. instansar har klart å fange opp og gi eit tilbod til elevar i den vidaregåande skolen som av ulike grunnar som ikkje søkjer eller tar imot opplæringsplass, fell ut av skolen ( drop outs ) eller har andre ønske. Prosjektet skal vidare gjennom omtale av ulike tilbod gi ei vurdering av kva resultat som er oppnådd, og på kva måte tenesta og tilboda evt. kan utviklast vidare. 1.2. Problemstillingar Kontrollutvalet har ved bestilling av prosjektet fastsett følgjande problemstillingar for prosjektet: 1a I kva grad har oppfølgingstenesta evt. i samarbeid med PPT o.a. klart å fange opp og gi eit tilbod til elevar som ikkje søkjer eller tar imot opplæringsplass, fell ut av den vidaregåande skolen ( drop outs ) eller har andre ønske? b Gjennom omtalen av dei ulike tilboda gi ei vurdering av kva resultat som er oppnådd, og på kva måte tenesta og tilboda evt. kan utviklast vidare. Problemstillinga er todelt i si form, men vi vil likevel behandle dei samla i den vidare framstillinga, då problemstilling b er nært knytt til det som kjem fram i problemstiling 1a. 1.3. Revisjonskriterium Med revisjonskriterium meiner ein krav eller standardar som resultata i prosjektet er vurderte mot. I dette prosjektet er det nytta følgjande revisjonskriterium: o Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). o Forskrift til opplæringslova Reglane om oppfølgingstenesta finn vi opplæringslovas 3-6 og forskriftas kapitel 13. 1

1.4. Metode Som metode har vi i hovudsak nytta dokumentanalyse. Vi har studert regelverk, rapportar om temaet, politiske dokument frå Møre og Romsdal fylke m.m. Vi har tillegg innhenta opplysningar frå utdanningsavdelinga og eit utval skolar og tilsette i oppfølgingstenesta. 1.5. Avgrensning Fokus i denne rapporten er oppfølgingstenesta i vidaregåande opplæring. Vi har tatt utgangspunkt i lov og forskrift når vi har sett på tenesta, og i den samanheng vil vi i liten grad sjå til forhold som ligg utafor dette området. Dette inneber m.a. at vi ikkje vil behandle ulike tiltak/prosjekt knytt fråfallsproblematikken. Dette er spørsmål som i stor grad heng saman med arbeidet til oppfølgingstenesta, men det ville blitt for omfattande om vi skulle gått inn å vurdert tiltak på dette området. 2

2. Faktagrunnlag og revisjonens vurderingar Vi skal under sjå nærare på problemstillingane for prosjektet. Etter opplæringslovas 3-6 er fylket pliktig til å ha ei oppfølgingsteneste. Vidare får vi i den same bestemminga informasjon om kven som er målgruppa til oppfølgingstenesta: Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter 3-8 eller 4-6. Vi må sjå vidare til forskrifta for å finne ut kva meir oppfølgingstenesta skal gjere. Formålet 1 med oppfølgingstenesta er at ungdom i målgruppa skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetjing. Vidare skal ein ha som mål at dei tilboda som formidlast skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på eit lågare nivå innanfor vidaregåande opplæring. Det er sidan oppstarten også kome inn ei formulering om at oppfølgingstenesta kan arbeide for å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring. Målgruppa 2 oppfølgingstenesta skal arbeide mot er ungdom som er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring, og er presisert i forskrifta som dei som: a) ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass, eller b) avbryt slik opplæring, eller c) ikkje er i arbeid, eller d) har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt i samsvar med opplæringslova 4-6. Oppgåvene 3 til oppfølgingstenesta er og nærare skildra i forskrifta, og er: a) å ha oversikt over målgruppa som er definert i 13-2 b) at det blir teke kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa c) at alle i målgruppa får tilbod om rettleiing d) at alle i målgruppa får tilbod i samsvar med 13-1 e) å ha oversikt over aktuelle tilbod for målgruppa og f) å følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta. Ungdom som er i målgruppa skal kvart år bli kontakta av oppfølgingstenesta så lenge dei er omfatta av retten til vidaregåande opplæring. Oppfølgingstenesta har også ansvar for å sikre tverretatleg samarbeid 4 mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for ungdom i målgruppa. Vi har valt å ta utgangspunkt i forskrifta då den er ganske konkret i forhold til kva oppfølgingstenesta skal gjere, sjølv om også lova vil ligge til grunn her. Først vil vi starte 1 Forskriftas 13-1. 2 Forskriftas 13-2. 3 Forskriftas 13-3. 4 Forskriftas 13-4. 3

med å sjå på organiseringa av tenesta i Møre og Romsdal, før vi går over til å sjå nærare på det arbeidet som blir gjort. 2.1. Organisering av oppfølgingstenesta Opplæringslova eller forskrifta seier ikkje noko om korleis oppfølgingstenesta konkret skal organiserast. Den seier berre at fylket skal ha ei oppfølgingsteneste. Går vi vidare til forskrifta, finn vi der ei bestemming om at oppfølgingstenesta (OT) skal sikre tverretatleg samarbeid. 5 Den seier ikkje korleis dette skal gjerast, anna enn at dei som har ansvar for ungdom i målgruppa skal vere med i samarbeidet. Møre og Romsdal fylke har ein modell for OT der fylket er delt i 13 regionar, med kvar sin koordinator. Oppdelinga i 13 regionar har samanheng med oppbygginga til Aetat/NAV slik den var i 1994. Det er totalt seks heile årsverk knytt til OT ved skolane i fylket. Det varierar frå 70-prosentstillingar og ned til 10-prosentstillingar for dei enkelte tilsette. I gjennomsnitt tilsvarar dette 30-prosentstillingar for dei totalt tjue tilsette i OT. Av desse er det 13 OT-koordinatorar, og 7 OT-rettleiarar. Dei tilsette er fordelt på dei 13 regionane, og vi finn tilsette ved 16 av dei 24 skolane i fylket. Den totale stillingsprosenten ved dei ulike regionane varierar frå 130 prosent og ned til 20 prosent. 6 Fordelinga av ressursar har samanheng med storleik på region og elevgrunnlag slik den var i 1994. Som det går fram av oversikten over stillingar knytt til OT, er det ingen som er tilsett i 100-prosentstilling. Dette inneber at alle OT-tilsette har andre stillingar ved skolane, slik at dei må fordele arbeidstida si på dei ulike oppgåvene. Det varierar kva type stilling dei kombinerer OT-stillinga med. I økonomirapporten for 2. tertial 2007 går det fram at ein reknar med eit mindreforbruk på 1,4 mill. kroner i 2007 for OT. 7 Dette blir i hovudsak forklara med mangel på personale til desse oppgåvene i rapporten. Frå utdanningsavdelinga har vi fått opplyst at det i hovudsak har samanheng med ein tilleggsløyving 8, og at det ikkje har vore kapasitet ved avdelinga eller hos OT til å gjere nytte av denne løyvinga. OT hadde i 2006 eit samla mindreforbruk på nesten 1,5 millionar kroner. Det er per oktober 2007 full dekning for stillingane knytt til OT. Vi finn at det er ulik organisering innan de ulike regionane med omsyn til kor dei tilsette er lokalisert, og kor stort område dei har ansvar for. I nokre regionar er det berre ein vidaregåande skole, og det er ved den aktuelle skolen vi finn OT-koordinatoren lokalisert. I dei regionane som har fleire vidaregåande skolar finn vi i nokon tilfelle tilsette i OT ved berre ein av skolane, medan andre har tilsette i OT ved fleire skolar i regionen (sjå vedlegg 3 for oversikt). Ansvarsområde til dei ulike koordinatorane er knytt til heimkommunane til ungdommane. Ved at ungdommane har moglegheit til fritt å velje skole, inneber dette at dei kan gå på skole i ein annan region enn den regionen deira koordinator er lokalisert. Dette kan medføre utfordringar i forhold til det å få tidlig nok kunnskap om elevar som er i ferd med avbryte opplæringa. Vi har m.a. fått peika på at informasjon om elevar gjerne kjem tidlegare i dei små regionane, og at i dei større regionane kjem informasjonen som oftast i samanheng med at elevane har avbrote opplæringa. Dette har ofte samanheng med at elevane det 5 Jf. forskriftas 13-4. 6 Sjå vedlegg 3 for oversyn over regionar og fordeling av ressursar. 7 Sak T-62/07. 8 I fylkesutvalssak U-31/06 går det fram ei styrking av ramma til OT med ein million kroner for 2007. Vedtatt i fylkestingssak T-07/07. Den opphavlege løyvinga finn vi i budsjettet for 2003, jf sak T-82/02. 4

gjeld går på ein annen skole enn den OT er lokalisert ved. Vi har fått opplysningar om at dei tilsette i OT, i den grad det er mogeleg, prøver å hjelpe kvarandre når dei blir merksame på elevar som står i fare for å avbryte opplæringa, men som i utgangspunktet tilhøyrer ein annan region enn det skolen er lokalisert. Vi finn variasjonar i høve til korleis OT er organisert i andre fylke. Det er fylke som ikkje har OT lokalisert ved skolane i det heile tatt, medan andre har OT lokalisert ved kvar skole i fylket. Fleire har og valt same løysing som Møre og Romsdal med OT lokalisert ved enkelte skolar definert ut frå regionar. Vi ser og at nokon har valt å organisere OT og PPT i felles regionale einingar. Vi har fått opplyst at det er ein OT-ansvarleg ved utdanningsavdelinga frå 1.august 2007. Dette er ein stilling som har eksistert sidan oppstarten av OT, men utdanningsavdelinga opplyser at den ikkje har vore i funksjon dei seinaste åra. Dette har dei no retta opp, slik at det er ein tilsett som no har OT som arbeidsområde. Tidlegare har denne stillinga vore lagt til seksjonen for inntak, men er no overført til seksjon for fagopplæring etter ei intern omorganisering i utdanningsavdelinga. Dette har samanheng med at det er mest fråfall blant elevane som går på yrkesfag. Utdanningsavdelinga ønskjer og med denne plasseringa av stillinga å ha eit sterkare fokus mot å sjå arbeidet i OT i samanheng med karriererettleiing m.a.. I tillegg til ein eigen OT-ansvarleg, er det og ein tilsett ved utdanningsavdelinga som har fagleg ansvar for it-registreringssystemet til OT. Som nemnt, var det tidlegare ein sentral OT-koordinator ved utdanningsavdelinga. Denne stillinga hadde eit meir overordna ansvar for dei tilsette i OT, og på den tida var rektorane ved skolane mindre involvert i arbeidet med OT. Utdanningsavdelinga har sett at samarbeid med skolane er veldig viktig, slik at den som i dag er OT-ansvarleg ved utdanningsavdelinga vil ikkje få ein tilsvarande overordna stilling som tidlegare. OT-ansvarleg vil likevel ha eit overordna ansvar for å koordinere verksemda til OT. Aktiviteten skjer ute på skolane, og dette er det viktig å oppretthalde ved å forankre OT lokalt. Utdanningsavdelinga har og organisert eit internt OT-team med representantar frå dei ulike seksjonane i avdelinga. Dei manglar per i dag ein representant frå PPT, men tek sikte på å få inn dette. PPT i Møre og Romsdal har nyleg vore gjennom ei omorganisering. Utdanningsavdelinga opplyser at dei nye avtalene med kravspesifikasjon, førebels handlingsplan og rapporteringsmal er ferdigstilte. Ein vil kjøpe tenester frå i alt 14 PPT-kontor, og dette er i samsvar med tidlegare ordning. Det er tilsett koordinator for den fylkeskommunale PPtenesta ved utdanningsavdelinga, og denne får koordinerings- og rådgjevingsfunksjonar til tenesta. Etter forskrifta til opplæringsloven skal fylket og OT sikre tverretatleg samarbeid. Det er tidlegare inngått ei samarbeidsavtale mellom Møre og Romsdal fylke v/fylkesutdanningssjefen og arbeidsmarknadsetaten v/fylkesarbeidssjefen. Arbeidsmarknadsetaten er no ein del av NAV, og det er behov for å inngå ny avtale på dette området. Vi har fått opplyst at fylket no er i ferd med å inngå ny avtale med NAV. Avtalen med arbeidsmarknadsetaten seier m.a. kva ansvar avtalepartane har i samanheng med arbeidet til OT, og det blir vist til det då gjeldande rundskrivet 9. Det er og inngått avtale med dei ulike arbeidskontora, kommunane og fylket. Det blir arrangert møte mellom samarbeidspartane i dei ulike regionane, der kommunar, etatar og i ein del tilfelle grunnskolane deltek. PPT deltek også på slike møte. I tillegg er det ein del uformell kontakt gjennom året mellom dei ulike OT-tilsette og samarbeidspartane. 9 Rundskriv F-73-95. 5

Vi kan sjå av møteprotokollane for utdanningsutvalet at det blei rapportert årleg om OT tidlegare, men at dette tok slut etter skoleåret 2001/2002. 10 Det har etter dette ikkje blitt rapportert om verksemda i OT til politisk nivå. Det har heller ikkje blitt rapportert systematisk frå OT til utdanningsavdelinga i denne perioden. OT har heller ikkje hatt gode nok it-verkty som har gjort det mogleg å rapportere systematisk. Med nytt it-system 11 på plass er no moglegheitene for rapportering og uttak av statistikk betre. Vår vurdering Vi har sett at det varierar mellom fylka korleis dei har organisert OT, og vi har ikkje funne noko som peiker i retning av at ein modell er å føretrekke framfor andre. Det er argument for og i mot ei løysing med å ha OT lokalisert ved enkelte skolar. Med totalt seks heile årsverk til det operative arbeidet til OT fordelt på tjue stillingar blir det ei utfordring m.a. til å sikre at dei tilsette har tilstrekkeleg kompetanse på bruk av it, samtidig som dei skal arbeide opp mot målgruppa. Vi har sett at OT ligg an til eit mindreforbruk i 2007 på nærare 1,4 millionar kroner. Dette skuldast i hovudsak at dei ikkje har nytta ei overføring av tidlegare mindreforbruk som igjen har samanheng med ei styrking av denne ramma tilbake i 2003. Vi ser det som positivt at fylket no har fått på plass ein sentralt ansvarleg for OT, og at dei samtidig har ein som er ansvarleg for it-systema til OT. Vi ser det som naturleg at dei som arbeider med PPT i utdanningsavdelinga, og blir involvert i arbeidet med OT, slik utdanningsavdelinga peiker på. Gjennom avtalane får ein formalisert samarbeidet slik det er krav om i lov/forskrift. Vi reknar med at fylket får på plass nye avtalar med NAV så snart som mogleg. 2.2. Nærare om arbeidet i oppfølgingstenesta Oppgåvene til OT er definert i forskriftas 13-3, og inneber at tenesta m.a. skal ha oversikt over målgruppa, ta kontakt med dei, tilby rettleiing og følgje opp dei som har teke i mot tilbod. Arbeidet med å få oversikt over målgruppa går gjennom heile året. Allereie ved søking til vidaregåande opplæring får fylket ein oversikt over dei som ikkje søkjer. Desse blir overført frå inntakssystemet, og over til OT sitt system. Ungdommane i denne gruppa får så tilbod om rettleiing frå OT. Når inntaket er klart får fylket ein oversikt over dei som ikkje har fått tilbod om opplæring, eller har takka nei til plass, og denne informasjonen blir så formidla til OT. I frå skolestart skjer det ein kontinuerlig oppfølging av elevar/lærekandidatar som sluttar i vidaregåande opplæring. Det blir m.a. arrangert eit formidlingsmøte i okt/nov kvart skoleår der dei som ikkje har fått tilbod om læreplass blir meldt inn til OT. Elles får OT også sluttmeldingar på elevar som avbryt opplæringa, slik at dei kan følgje opp desse etter som dei kjem inn i målgruppa. Det kan variere i kva grad OT er involvert i arbeidet før eleven sluttar i vidaregåande opplæring. Ved dei skolane dei er lokalisert er det større sjanse for at dei kjem inn tidlig i prosessen og kan tilby rettleiing. Medan ved dei skolane som ikkje har OT sjølv, kan det vere at OT først får melding når eleven sluttar. I desse tilfella er det som regel rådgjevingsapparatet ved dei aktuelle skolane som er inne for å rettleie elevane. Vi har fått 10 Med unntak av skoleåret 2000/2001, blei det utarbeida rapporter frå 1995/1996. 11 Sjå under i kapittel 2.2 om systemet, OTTO. 6

opplyst at det blir arbeidd med å utvikle rutinar for tidlegare involvering av OT ved dei skolane som ikkje har eigne OT-tilsette. Dei som er i målgruppa blir i hovudsak kontakta per telefon eller brev ved første gongs kontakt. Det er ikkje alle som svarar på desse breva, og det kan det vere ei utfordring å komme i kontakt med alle. OT prøver så langt det er mogleg å oppnå kontakt gjennom andre kanalar, som t.d. telefon, sms eller e-post. FAFO har i ein rapport peika på at sjansen for negativ respons aukar med bruk av standardbrev ved førstegongs kontakt. 12 For 2007 har vi fått tal frå utdanningsavdelinga. Tidlegare har det vore vanskeleg å få ut nøyaktige tal då oppfølgingstenesta har mangla gode nok dataverkty for registrering. Frå 2006 ble det tatt i bruk eit system som er utvikla for oppfølgingstenesta, OTTO, og som m.a. kommuniserer med inntakssystemet, VIGO. I samanheng med innkjøp av datasystemet OTTO, har dei som er tilsett i OT fått dataopplæring. Utdanningsavdelinga opplyser at det framleis vil bli gitt opplæring, då dei ser at det er utfordringar knytt til det å bruke systemet. Dette blir og stadfesta frå OT sjølv, og har m.a. ein samanheng med at OTTO er eit system som dei tilsette ikkje nyttar i like stor grad som andre system i det daglege arbeidet. Som nemnt over har også utdanningsavdelinga ein eigen systemansvarleg for OTTO, og som hjelper dei OT-tilsette ved behov. Dei konkrete tala for OT, har vi henta frå sommaren 2007, og vil såleis gjelde for skoleåret 2006/2007. Vi har valt å konsentrere oss om desse tala, då det for tidlegare år har vore vanskar med å få ut gode nok tal som følgje av manglande registreringsverkty. Men vi har og sett til tidlegare rapportar for OT, for å sjå til den overordna utviklinga for OT. Tal som er henta frå OTTO sommaren 2007 viser at det var 2940 elevar registrert av OT etter ulike tilmeldingsgrunner. Av dette finn vi at over 732 er tilbake i vidaregåande opplæring eller har fått læreplass. Med desse, og nokon andre justeringar, står OT att med ei total målgruppe på 2147 elevar. Dette tilsvarar 17,6 prosent av det totale talet på ungdomar med rett til vidaregåande opplæring. Vi kan sjå av årsrapporten for OT frå skoleåret 2001/2002 at OT var i kontakt med 15 prosent av elevane, eller totalt 1478 elevar. Dette var ein auke frå skoleåret 1999/2000 då OT var i kontakt med 1230 elevar. Det har heile tida vore knytt seks heile stillingar til OT ved skolane i denne perioden. Noko av auken i målgruppa skuldast m.a. at retten til vidaregåande opplæring er utvida, slik at OT har fått eitt årskull til som er omfatta av ordninga. 13 Av evalueringssaka i 2001 14 kan vi lese at OT opphavleg vart dimensjonert ut frå ei målgruppe på 8 prosent av den totale elevgruppa. På det tidpunktet evalueringssaka blei lagt fram vart målgruppa oppe i 11-12 prosent av den totale elevgruppa. Det har tidlegare blitt rapportert 15 at OT ikkje når om lag 10% av dei som er registrert i målgruppa. Av tall som vi har fått frå utdanningsavdelinga for skoleåret 2006/2007 viser det at 733 ungdommar har kode Ukjent sysselsetting. Dette er den første koden dei får, og denne skal stå inntil OT kommer i kontakt med ungdommen, eller på anna måte får kjennskap til kva ungdommen driv med. I denne gruppa vil vi m.a. finne dei som OT ikkje får kontakt med. Vi har ikkje eksakte tal på kor mange dette faktisk gjeld, men får opplyst at det er ungdom OT ikkje får svar frå. I tillegg til å sende brev prøver OT å kome i kontakt ved bruk av telefon, e-post og sms, slik at dei fleste moglegheitene for kontakt blir prøvd. 12 FAFO-rapport 263: Evaluering av Oppfølgingstjenesten i Reform 94 (1999) 13 I hovudsak gjeld retten til det året ungdommane fyller 21 år, men det er og tilfelle der retten kan gjelde lenger. 14 Sjå sak Ud-46/01. 15 Sjå sak Ud-18/04. 7

Av det totale talet på elevar i målgruppa er det 42 som uttrykkeleg har takka nei til oppfølging frå OT. Dette tilsvarar i underkant av 2 prosent av målgruppa til OT (2147). Sjølv om dei har takka nei til oppfølging, så vil OT kvart år så lenge dei har rett på vidaregåande opplæring ta kontakt med dei med førespurnad om oppfølging. Det går ikkje fram av tala kva desse ungdommane gjer. Tal vi har fått frå utdanningsavdelinga for skoleåret 06/07 viser at det var 181 elevar med tilmeldingskoder i frå VIGO som ikkje hadde fått tiltakskoder i OTTO. Dette er då elevar som det kan sjå ut til at ikkje vil få oppfølging frå OT. I 2007 var 60 elevar registrert i OT ved ein feil. Dette er elevar som er tilmeldt OT, men som ikkje er ein del av målgruppa. Totalt utgjer desse feilregistreringane vel 2 prosent av det totale talet på elevar som blir tilmeldt OT (2940). Det er registrert 84 ungdomar som i juni 2007 var heilt ledig. Dette tilsvarar om lag 2,8 prosent av det totale talet på elevar som er registrert av OT. Dette er ungdom som OT ikkje har makta å gje eit tilbod til enten fordi ungdommen sjølv ikkje har tatt i mot tilbodet, eller at det ikkje har vore mogleg å finne eit eigna tilbod. Vi har fått opplysningar om at det er eit ønskje å få etablert tilbod for ungdom som ein ikkje finn plass til innan ordinær opplæring eller andre tiltak. Det er for tidleg å seie noko om dette vil bli ein realitet. Alle personar under 21 år har som eit utgangspunkt rett til vidaregåande opplæring. Om ein ikkje ønskjer å bruke denne retten, kan NAV og OT samarbeide om å gje eit tilbod som kombinerer skole og praksis/arbeid. Ungdom som ikkje vil følgje ordinær vidaregåande opplæring kan m.a. få tilbod som kombinerar skole og praksis/arbeid. NAV har og moglegheit til å tilby tiltaksplass, for dei som ikkje får vanleg arbeid. Av dei som er inne på tiltak utafor ordinær opplæring finn vi at 9 elevar får opplæring og praksis i regi av fylket, medan 162 personar frå målgruppa er inne på tiltak i regi av Aetat/NAV. Den største gruppa finn vi blant dei i målgruppa som er i arbeid, med totalt 537. Dette tilsvarar om lag 25 prosent av målgruppa til OT (2147). Om lag 85 prosent av ungdommane i denne kategorien er frå 18 år og oppover. I frå aldersgruppa 17 til 18 år er det over dobbelt så mange som er i arbeid. 16 Vi finn at det er 47 ungdommar blant dei som deltek i ikkje-kompetansegivande utdanning. Dette er m.a. ungdommar som går på folkehøgskole eller deltek på kurs som ikkje er kompetansegivande på linje med vidaregåande opplæring. Av målgruppa til OT på 2147 ungdommar tilsvarar dette om lag 2 prosent. Vi har ikkje data på i kva grad desse ungdommane etterkvart kjem tilbake til kompetansegivande opplæring. Opplysningar frå dei tilsette i OT viser at det varierar i kva grad ungdommar kjem tilbake i kompetansegivande opplæring etter å ha vore ute. Ein del ungdommar finn seg arbeid, og ønskjer seg ikkje tilbake i skolen. Andre finn ut at dei har valt feil, og dermed sluttar for så å søkje på nytt året etter. OT kan og arbeide førebyggjande slik forskrifta no har ei bestemming om. Av rapporteringa til OT kan vi sjå at 1 elev er inne på såkalla førebyggjande tiltak. Vi må og sjå på arbeidet som OT gjer under året med å kontakte og rettleie ungdom undervegs. Dette vil i praksis vere førebyggjande. Stillingsprosentane som er til rådigheit innan tenesta set grenser for kva grad OT kan arbeide førebyggjande utan at det går ut over dei konkrete arbeidsoppgåvene som lov og forskrift stiller krav om. 17 Det blir og stadfesta frå tilsette i OT at dei i mindre grad har ressursar til å arbeide førebyggjande. Når det gjeld førebyggjande 16 Blant 17-åringane finn vi 54 i arbeid, medan 137 18-åringar er i arbeid. 17 Jf oversikten over stillingar i kapitel 2.1. 8

arbeid, er det på den andre sida viktig å sjå til det arbeidet som elles blir gjort i forhold til det å forhindre fråfall frå vidaregåande opplæring. 18 Fråfallsprosenten i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal har vore fallande frå skoleåret 2005/2006 til 2006/2007. Tal frå utdanningsavdelinga viser ein nedgang på om lag eitt prosentpoeng frå 4,99 prosent til 3,97 prosent. Talet inneber eit fråfall på 399 elevar i denne perioden, av totalt 10012 elevar i vidaregåande opplæring. Det er for tidlig å seie noko om utviklinga då dette er første året med nedgang, og det i tida før har vore stigande. Det har i dei seinare åra vore retta fokus mot det å forhindre fråfall frå vidaregåande opplæring i frå utdanningsavdelinga si side, og det har vore prøvd ut fleire tiltak. Vi skal ikkje gå inn i detaljar kring dette arbeidet her. Vi har fått opplyst at det blir arrangert møte med grunnskolar som eit ledd i det førebyggjande arbeidet til OT. På desse møta kan OT få opplysningar om elever som dei frå grunnskolen meiner kan stå i fare for å droppe ut frå vidaregåande opplæring. På denne måten er mogleg å kunne å kome i kontakt med ungdomane på eit tidleg tidspunkt og tilby rettleiing. FAFO peikar på at tidlig involvering i fråfallsprosessen frå OT si side kan vere avgjerande for i kva grad ein oppnår kontakt seinare, sjølv om det ikkje er ein nødvendig føresetnad for suksess. Vår vurdering På bakgrunn av dei tala som er presentert så meiner vi at oppfølgingstenesta har ei god oversikt over målgruppa, og at dei gjer det dei er pålagt i forhold til målgruppa. Likevel har vi sett at det er ungdom dei ikkje får kontakt med, og ungdom som ikkje får eit tilbod. OT må heile tida arbeide med ei målsetting om at dei skal nå alle ungdommane og gje dei eit tilbod, men det er og slik at ungdommen ikkje er pliktige til å ta i mot noko tilbod frå OT. Målgruppa til OT har auka frå om lag 1200 elevar i 1999/2000 til om lag 2100 i 2006/2007, medan den totale stillingsprosenten knytt til OT har vore konstant heile tida. Allereie i 2002 blei det peika på at bemanninga var pressa. Vi ser det som positivt at fylket har fått på plass gode system for registrering av ungdom i målgruppa. Det blir viktig å fortsette opplæringa av dei tilsette i bruken av OTTO. Dette vil vere med å sørgje for at dei tilsette kan gjere arbeidet sitt mest mulig effektivt, samtidig som ein får god oversikt over målgruppa. Med den organiseringa som er valt, er det viktig å utarbeide gode rutinar for å utveksle informasjon med dei skolane som ikkje har OT-tilsette. Vi ser at ein stor del ungdommar vel arbeid framfor utdanning. Det er gode tider, og arbeidsmarknaden for dei over 18 er betre enn for dei under. For elevar som har nådd myndigalder kan det sjå ut til å vere ein lågare terskel for å avbryte utdanninga. Vi har sett at 60 elevar har blitt registrert av OT ved ein feil. Vi meiner OT og utdanningsavdelinga her må sjå på systema sine for å redusere moglegheitene for slike feil. Det er i denne samanheng viktig å sikre kvaliteten på opplysningane slik ein unngår slike feil. 18 Vi går ikkje nærare inn på tiltak til desse problemstillingane då det ligg utafor dette prosjektet. 9

Vi har sett at det er til dels vanskeleg for OT å arbeide førebyggjande, og forskrifta stiller heller ikkje dette opp som eit krav. Det er uansett viktig å sjå arbeidet til OT i samanheng med anna førebyggjande arbeid, t.d. med god karriererettleiing frå grunnskolen allereie. 10

3. Høyringsprosess Rapporten vart sendt på høyring den 1. november, med svarfrist 14. november. Høyringsutkastet vart sendt fylkesdirektøren, utdanningsavdelinga, dei vidaregåande skolane og OT-koordinatorane for uttale. I høyringsfasen for rapportutkastet er det halde eit høyringsmøte med utdanningsavdelinga. I høyringsmøtet er rapportutkastet blitt drøfta. Det er gjort mindre endringar i rapporten på bakgrunn av dette møtet. Særleg vil vi nemne det som gjeld mindreforbruket innan OT, som blei forklara med mangel på personell. Dette har vi endra til å blir forklara med at det har vore i styrking av ramma og at ein ikkje har hatt kapasitet til å nytte denne løyvinga. Samtidig har vi endra på konklusjonen i forhold til dette punktet. 3.1. Samandrag av innkomne høyringssvar Ved utgangen av høyringsfristen hadde vi motteke høyringssvar frå utdanningsavdelinga og OT i Ålesund. I korte trekk kan vi oppsummere høyringssvara slik: Utdanningsavdelinga 19 meiner rapporten gir ei god beskriving av problemstillingar i OT, og område som dei ønskjer å forbetre. Dei viser til utfordringane ved å ha små stillingar, m.a. at det kan vere vanskeleg for dei tilsette å ha tilstrekkeleg kompetanse i bruken av itverktøya. Vidare viser dei til at det og er ei utfordring å arbeide tverrfaglig, og peiker på at det er viktig å få til tverretatleg samarbeid for å kunne fange opp ungdommane på eit tidleg tidspunkt. Utdanningsavdelinga viser til at OT har lite ressursar i forhold til at målgruppa har dobla seg dei siste 6 åra, og at dei berre kan prioritere dei lovpålagde oppgåvene. Til slutt viser utdanningsavdelinga til konkrete tiltak dei er i gang med i forhold til OT. Vi nemner m.a. mål- og tiltaksplan, kvalitetshandbok og OT-brosjyre til ungdom. OT i Ålesund 20 er i hovudsak einige i det som kjem fram i rapporten. Dei peiker på at mandatet til OT er omfattande og viser til at slik situasjonen er vil det krevje ei omprioritering av ressursbruken eller ei utviding av tenesta. OT i Ålesund viser til at tverretatleg samarbeid er viktig, og dei etterlyser ein klar struktur som tydeleg viser kven som representerer OT på eit overordna plan. Dei peiker på at Møre og Romsdal fylke i liten grad driv eigne tiltak retta mot målgruppa, og at dei saknar eit tiltakssystem. Dei viser til at dette er lite problematisert i rapporten. Dei skriv vidare at rapporten viser at OT har lav bemanning. Dei viser til at rapporten ikkje seier noko om kven som er ansvarleg for at bemanninga ikkje har auka. At bemanninga ikkje har auka meiner dei skuldast at det enten ikkje er reist ei sak om det, eller at det er avslått av politisk nivå. Vidare skriv OT Ålesund i sitt svar at datasystemet OTTO har sine svakheitar, og at systemet ikkje alltid gir eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere arbeidet til OT. Dei nemner t.d. at det går fram av statistikken at OT berre har ein sak av forbyggjande karakter, men at dette ikkje gir eit riktig bilete av den faktiske situasjonen. OT Ålesund peiker på at det er eit stort tal på ungdom med kode ukjent sysselsetting og at i ein del tilfelle så har det samanheng med at dei ikkje får ein offisiell stadfesting på kva dei 19 Sjå vedlegg 4 for høyringssvaret. 20 Sjå vedlegg 5 for høyringssvaret. 11

gjer. Sjølv om dei via andre kanalar kan vite kva ungdommane gjer så vil dei ikkje endre på registreringa då det ikkje er verifisert informasjon. Dei skriv vidare at Ålesund er ein stor region, og at dei har særskilte utfordringar m.a. ved at dei har fleire vidaregåande skolar og kommunar og forholda seg til. Dei meiner likevel at dette ikkje er einsidig negativt, men at det og gir økt rutine og erfaring for dei tilsette. Til slutt skriv dei at det er viktig å fortsetje samarbeidet med NAV. 3.2. Høyringssvaras verknad for utforming av endeleg rapport Vi viser til det som kom fram i samanheng med høyringsmøtet om mindreforbruket innan OT. Det har elles ikkje kome fram opplysningar som har gitt grunnlag for endringar av innhald eller konklusjonane i rapporten. 12

4. Konklusjonar og anbefalingar Vi har i denne rapporten sett på oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal, og i kva grad tenesta har klart å nå målgruppa og gje dei tilbod i tråd med lov og forskrift. Det er eit krav i opplæringslova at det skal vere ei oppfølgingsteneste i fylket, og dette kravet oppfyller Møre og Romsdal. Vi har sett at det er valt ein regionmodell der OT ikkje er lokalisert ved kvar enkelt skole. Det er og andre måtar å organisere arbeidet på, men det har ikkje vore mogleg å finne eit eintydig svar på kva modell som er best. Ein regionmodell, med lokalisering av OT på utvalde skolar kan vere eit problem i forhold til det å arbeide førebyggjande. Med dei låge stillingsprosentane som kvar tilsett i OT har, blir det ei utfordring å ha oversikt ved fleire skolar samtidig, då dei tilsette har sin arbeidsplass på ein skole. Det har så langt i 2007 vore eit mindreforbruk ved OT. Dette skuldast i hovudsak at ein ikkje har hatt kapasitet til å nytte dei ressursane som har blitt stilt til disposisjon, og at ein også tidlegare har hatt tilsvarande mindreforbruk. Løyvinga blei gitt allereie i 2003 som ei styrking til OT, og med dei utfordringane OT har bør det vere mogleg å finne bruk for desse midlane. OT har i ein periode ikkje vore tilstrekkeleg prioritert ved utdanningsavdelinga, og vi ser det som positivt at dei no har fått på plass ein OT-ansvarleg ved utdanningsavdelinga. Det har dei seinaste åra ikkje blitt rapportert på området. Siste årsrapport var for skuleåret 2001/2002. Vi ser det som naturleg at ein i framtida utarbeidar rutinar for rapportering på området, og at rapporteringa blir lagt fram i ei sak for politisk nivå for kvart år. Vi har sett at OT i all hovudsak har god oversikt over målgruppa, og at dei ved hjelp av moderne it-verkty no kan presentere omfattande datamateriale knytt til arbeidet sitt. Vi har sett at det er ungdom dei ikkje får kontakt med, og ungdom som ikkje får eit tilbod. OT må heile tida arbeide med ei målsetting om at dei skal nå alle ungdommane og gje dei eit tilbod, men det er og slik at ungdommen ikkje er pliktige til å ta i mot noko tilbod frå OT. På bakgrunn av dei funna vi har gjort kan det sjå ut til at OT i dag har for lite stillingsressursar i forhold til målgruppa. Det har ikkje vore nokon endring i stilingsressursane til OT sidan dei starta opp, medan målgruppa har vakse til det dobbelte av kva tenesta opphavleg vart dimensjonert for. Vi vil difor anbefale at det blir gjennomført ei vurdering av organiseringa av OT, der m.a. storleik og organisatorisk oppbygging blir drøfta. Saman med denne vurderinga av OT er det viktig å sjå arbeidet til OT i samanheng andre tiltak retta mot fråfallsproblematikk, PPT, tilrettelagt opplæring o.a. innan vidaregåande opplæring. 13