Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene?



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon til elevane

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årets nysgjerrigper 2010

Brukarrettleiing E-post lesar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

IKT-kompetanse for øvingsskular

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«Mestringsforventningar»

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

OK, seier Hilde og låser.

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Vintervèr i Eksingedalen

Psykologisk førstehjelp i skulen

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Brukarrettleiing. epolitiker

Teknikk og konsentrasjon viktigast

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Elevundersøkinga 2016

Nysgjerrig på det meste

Samansette tekster og Sjanger og stil

Jon Fosse. For seint. Libretto

«Ny Giv» med gjetarhund

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Refleksjon og skriving

Brannsår, rus eller friheit?

Om å høyre meir enn dei fleste

FANTASTISK FORTELJING

Brødsbrytelsen - Nattverden

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Lønnsundersøkinga for 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Årets nysgjerrigper 2010

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vi lærer om respekt og likestilling

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Frå novelle til teikneserie

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Transkript:

Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene? Eit forskingsprosjekt frå 13 elevar på 6. og 7. trinn ved Bruvik skule Mars/april 2012

Innhald 1. Dette lurar me på 3 2. Kvifor er det slik? Hypotesar 5 3. Plan for undersøkinga... 6 4. Ut for å hente opplysningar...7 5. Dette har me funne ut 18 6. Fortel til andre 21 Namn på deltakarar frå Bruvik skule i Osterøy kommune, Hordaland: Arve, Caroline, Emma, Evelyn, Idar, Krister, Kristoffer, Mathias, Rose Isabell, Sebastian, Tina Iren, Tomine og Vilde. Ansvarleg rettleiar: Robert Flatås Vårglimt frå Bruvik mars 2012 Biletet er teke av Kristoffer (12) som er elev på 6. trinn.

1. Dette lurar me på Dette lyt me nok tyggja litt på I haust sette læraren vår opp ei Nysgjerrigperflaske i klasserommet der me i heile haust kunne leggje skriftlege forslag på ting som me lurte på. Samstundes som dette gjekk føre seg, så arbeidde me med eit anna Nysgjerrigperprosjekt knytt til omgrepet framsnakking som er eit anna bidrag frå oss i årets Nysgjerrigper 2012. Me synes det er kjempekjekt å forske på saker og ting, så me var alle einige om at me ville jobbe med eit prosjekt til dette skuleåret. I januar månad opna me Nysgjerrigperflaska vår, og her var det kome inn nesten 100 ulike spørsmål. Her var det mange gode forslag over ting som me lurte på, og me enda til slutt opp med tre ulike spørsmål som me skulle stemme over i klassen. Spørsmålet som fekk flest stemmer handla om tyggisbruk og konsentrasjon. Læraren vår plar av og til å ta bussen heim frå skulen, og ein dag tok han bussen saman med nokre gutar i klassen. Me oppdaga at me alle hadde tyggis i munnane våre, og læraren vår sa at han plar å tygge tyggis på veg heim etter ein lang arbeidsdag. Dette gjer han visstnok for å halde konsentrasjonen sin oppe. Ein gut i klassen fann ut i samråd med læraren at dette kunne det vere spennande å forska meir på, og skreiv ein lapp med følgjande spørsmål: Kan me verta endå meir konsentrerte på skulen viss me tygg tyggis? Me snakka deretter i klassen om korleis me skulle forske på dette på skulen vår. Me har vanlegvis ikkje lov til å tyggje tyggis på skulen i det heile tatt, og me lurte då på korleis skulle me teste dette ut i praksis. Me fann raskt ut at fleire skuleklassar har forska på tyggjegummi i Nysgjerrigper tidlegare, men få har forska på samanhengen mellom tyggisbruk og konsentrasjon. Det som me bestemte oss for då var å forske på tyggisbruk i eit bestemt fag for slik å kunne avgrensa forskinga vår noko. Etter ei stund vart me einige om at me skulle teste dette i samanheng med matematikk.

Forskinga vår var i gong! Neste steg var å stille gode spørsmål til samanhengen mellom tyggisbruk, konsentrasjon og matematikk. Me lurte altså på om det å tyggje tyggis vil føre til at me blir endå betre i matematikk ved at me då klarar å konsentrere oss betre når vi skal rekne og jobbe med emna brøk og divisjon i kommande testperiode. Vil me også bli flinkare i faget? I vår skal me altså forske på: KAN ME BLI FLINKARE I MATEMATIKK VISS ME FÅR LOV TIL Å TYGGJE TYGGIS I MATTETIMANE PÅ SKULEN OG NÅR ME GJER MATTELEKSENE? Me vart einige om at før me sette for alvor i gong med prosjektet måtte me definere kva konsentrasjon eigentleg er for noko. Me har valt i dette prosjektet å sjå på dette med god konsentrasjon i samanheng med det å bli flink i matematikk då me må konsentrere oss godt i timane for å bli flink i faget. Her er noko av det som me fann ut knytt til omgrepet konsentrasjon etter at elevane har spurt ein vaksen heime, leita litt på Internett og gjennom felles klassesamtale: * Når du har dårleg konsentrasjon, så klarar du ikkje å følgje med i timen. * Konsentrasjon betyr å fokusere på ein ting som du skal gjere. * Konsentrasjon er å samla tankane om ei oppgåve eller eit arbeid sik at ein kan få eit godt resultat ut i frå dei føresetnadane me har. * Konsentrasjon sit til sjuande og sist i ditt eige hovud evne til merksemd, samling av interesse. * Det som er viktig for læring er evna til å konsentrere seg. * Konsentrasjon kjem ikkje automatisk, men krev både ei grad av trivsel og motivasjon. Me vart einige om at god konsentrasjon er å vere så fokusert på noko slik at alt anna går vekk.

Vi sette opp følgjande hypotesar knytt til problemstillinga vår: Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene? Hypotese 1: Ja, me kan bli flinkare i matematikk viss me brukar tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene. Hypotese 2: 2. Kvifor er det slik? Me trur at effekten av tyggegummibruk når ein arbeider med matematikk kan variere noko frå person til person i klassen (høg/middels/låg effekt), men me trur likevel at det vil vere ein positiv effekt å spore hjå alle dei som brukar tyggis når dei jobbar med matematikken. Bilete t.v.: Før me sette for alvor i gong med forskinga laga me tøffe tyggispakker av papir (prismer) der me designa vår eigen tyggjegummi som Hausvik tyggjegummi, Strilatyggis m.m. Det er mykje geometri som kan knyttast opp til tyggjegummi. Bilete t.h.: Tyggisen er på plass i klasserommet der me skulle snart starta å forske på oss sjølve.

3. Plan for undersøkinga Me la følgjande plan for forskinga vår etter me hadde fått i lekse å skrive opp forslag til plan for undersøkinga: a) Me vil forske på oss sjølve der me vil bruke tyggis i alle matematikktimane på skulen samt tyggje tyggis når me gjer matteleksene våre i to veker, for slik å kunne undersøkje om me vert flinkare i matematikk. Dette trur me kan bli morosamt, og det vil gje oss høve til å få eit førstepersonperspektiv på forskinga vår. Denne forskinga må me gjere nøye og korrekt, og etter tips frå forskar Bjørnar Alseth bestemte me oss for mellom anna å gjennomføre ein case-control studie. Me vil og gjennomføre eit memoryforsøk i klassen. b) Internett som kjelde. Me bestemmer oss for å søkje på Internett etter faktaopplysningar om tyggis, og prøve her å finne ut om det har vore gjort undersøkingar knytt til tyggisbruk og matematikk i verda. c) Me vil ta kontakt personar som jobbar og har jobba mykje med samanhengen matematikk og læring. d) Me vil ta kontakt med hjerneforskarar som kanskje kan fortelje oss noko om samanhengen mellom hjernen, tyggisbruk, konsentrasjon og matematikk. e) Nysgjerrigperfondet. Med hypotesane våre i bakhovudet søkte vi Nysgjerrigperfondet i februar om pengestøtte til å forske for, og me fekk innvilga 600 kroner til prosjektet vårt. Det var kjempebra! f) Me vil laga tyggis på skulen, for slik å sjå kva tyggjegummi eigentleg er laga for. Kanskje me vil kome på nye tankar til forskinga vår gjennom å arbeide praktisk med tyggis? g) Me vil intervjue vaksne i nærmiljøet vårt kva dei tenkjer om problemstillinga vår. Kva tenkjer dei om tyggisbruk, matematikk og konsentrasjon? h) Me vil ta kontakt med åttandeklassingar på tre ulike ungdomsskular. På ungdomsskulen har ein lov til å tyggje tyggis, og vert ein då betre i matte?

4. Ut for å hente opplysningar 4.1 Me intervjuar vaksne om tyggis og konsentrasjon Me intervjua til saman 48 vaksne på Bruvik om dei vert meir konsentrerte når dei tygg tyggis, til dømes når dei køyrer bil, studerer, på jobb, ser på TV m.m. Me valte ikkje å spørje dei om samanhengen mellom matematikk og konsentrasjon, for det er ikkje alle vaksne som reknar matematikk til dagleg. Me laga eit intervjuskjema som kvar av oss fekk med oss heim. Forskinga vår var i gong. Her ser du eit av våre 12 intervjuskjema som er fylt ut: Resultatet vart som følgjer: Ja, eg vert meir konsentrert når eg tygg tyggis: 20 % Kanskje, eg er litt usikker her: 29 % Nei, eg vert ikkje meir konsentrert når eg tygg tyggis: 51 % Me fann ut at litt over halvparten av dei spurde vert ikkje meir konsentrert når dei tygg tyggis, medan litt under ein tredjedel er usikker på samanhengen her. Ein femdel av dei spurde meiner at dei vert meir konsentrert når dei tygg tyggis. Vår delkonklusjon etter å ha sett desse resultata i byrjinga av forskinga vår er at dette må me forska meir på, for her er tenkjer folk tydelegvis ulikt. *****************************************************************************************

4.2 Me lagar PowerPointpresentasjonar frå det me har funne på Internett 4 elevar i klassen vår presenterte flotte PowerPointpresentasjonar frå det dei har funne på Internett knytt til tyggisbruk og matematikkprestasjonar. Her er det som me har funne ut og lese oss opp på: Tyggjegummi hjelper både mot stress, aukar årvåkenheit og skjerper hjernen, i følgje ei undersøking frå 2008. Undersøkinga viste at dei som tygga tyggis når dei gjorde matematikkoppgåver fekk 109 % betre score enn dei som ikkje tygga tyggis under mildt stress og 67 % betre score ved moderat stress. Kjelde: http://www.forskning.no/artikler/2008/september/194428 I den same artikkelen som ovanfor vert det og vist til tidlegare forsking av ein professor Scholey (2002) som har funne teikn på at tyggjegummi hjelper på hjernevinningane. Personar som tygga i veg under testar scora 75 % betre enn kontrollgruppa på å hugse ord med det same, og 36 % betre på å hugse ord med betenkningstid. Ei av forklaringane her er i følgje artikkelen auka blodsirkulasjon. Tygginga aukar hjartetakta og dermed oksygentilføringa til hjernen. Men tyggarane scora ikkje betre enn ikkje-tyggarane i alle ulike hukommelsestestar. Det er dermed ikkje avklart om det er noko tyggjegummifaktor for hjernen som artikkelen uttrykkjer det. Kjelde: Scholey, Andrew. An investigation into the effects of gum chewing on mood and cortisol levels during psychological stress. 10th International Congress of Behavioral Medicine. Tokyo, Japan. August 2008. Bilete til venstre: Gut på 6. trinn presenterer sin PP-presentasjon med overskrifta tyggis.

Tyggegummi hjelper i matte (kjelde: http://www.helsenett.no/index.php?option=com_content&view=article&id=15586:tyg gegummi-hjelper-i-matte&catid=152&itemid=72 ) Denne artikkelen viser til amerikanske forskarar som hevder at det å tyggje tyggegummi i mattetimane og medan ein gjer lekser, kan forbetra karakterane. Her viser ein til ulike studiar der dei som hadde tygga sukkerfri tyggis hadde auka score med 3 % samanlikna med dei som ikkje hadde tygga tyggis (kontrollgruppa). Også då karakterane vart sett, såg ein at tyggisgruppa gjorde det betre. Leiar av studia, professor Craig Johnson meiner at dette har betyding. Han meiner at det å tyggje tyggjegummi kan redusere stress og engstelse, samt verke oppkvikkande. Ein antar at det er stressnivået som fører til betre konsentrasjon, seier Johnson. Ei gruppe britiske forskarar ved eit universitet i Newcastle meiner at viss du tygg tyggis så vert du smartare. Ein studie her viser at folk som tygg tyggis får betre minne og større hjernekapasitet. Langtidsminnet og spesielt korttidsminnet vart forbetra hjå dei som togg tyggis. Forskarane har inga god forklaring på kvifor hjernekapasiteten vert auka hjå tyggistyggjarar, men dei meiner at ein grunn kan vere at tygging aukar hjerterytmen. Auka hjerterytme fører til auka oksygen- og næringsopptak i hjernen. Ein annan teori er at tyggistygging aukar produksjonen av insulin som stimulerer ein del av hjernen som er involvert i minnet. Når du tygg, aukar produksjonen av insulin i kroppen, fordi kroppen truleg førebur seg på eit måltid mat. Delen av hjernen som er viktig for minnet, er tettpakka av reseptorer for insulin, seier forskar Andrew Scoley - som leiar studien. Kjelde: http://www.vg.no/helse/artikkel.php?artid=4357530 Bilete ovanfor: Jente på 6. trinn presenterer sin PP-presentasjon der ho fortel frå britisk og amerikansk forsking.

4.3 Kven veit noko om det me lurer på? Me bestemte oss for å ta kontakt personar som jobbar og har jobba mykje med samanhengen knytt til matematikk og læring. Me var litt usikre på kven me kunne kontakte, men så etter litt grubling bestemte me oss for å ta kontakt med ein av forfattarane til matematikkboka vår Multi 6/7. Ho heiter Mona Røsseland. I tillegg valte me å ta kontakt med professor Marit Johnsen Høines som arbeider ved matematikkseksjonen ved Høgskolen i Bergen. I tillegg tok me kontakt med Ingvill Stedøy Johansen som har vore litt på NRK knytt til matematikkundervisning i skuleserien Klasse 10 B Me valte og å ta kontakt med hjerneforskar Ann Knudsen i Danmark som har hjerneforsking som sin spesialitet. Til slutt tok me kontakt med ærnæringsfysiolog Cathrine Borchsenius. To elevar i klassen vår (den eine eleven ser du på biletet) sendte e-postar til desse fagpersonane der dei fortalde om prosjektet vårt, og stilte prosjektspørsmålet vårt til desse personane. Me fekk svar i frå alle, og dette svara dei: Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene? a) Mona Røsseland skriv at ho har høyrt at det fins andre som har forska på dette, men ho trur ikkje at dei er kome fram til noko tydeleg svar. Ho skriv at det er viktig at me gjer fleire forsøk med dette. Røsseland har og vidaresendt e-posten vår til Bjørnar Alseth som er forskar og medforfattar til matematikkverket Multi. Han skriv til oss at me bør gjennomføre ein case-control studie. Dette kjem me tilbake til i punkt 4.5 der me mellom anna gjennomfører ein case-control studie når me forskar på oss sjølv.

b) Marit Johnsen Høines Høines skriv at ho trur at me kan bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene. Høines skriv vidare at me kanskje tykkjer det er kjekt å ha lov til å tyggje tyggis, og at det kan gjere at me har lyst til å arbeide meir konsentrert med skulearbeidet? Viss me går inn for det, så trur ho at dette vil verka. Høines trur altså at me kjem til å vere meir konsentrerte viss me tygg tyggis, men ho er ikkje sikker på om det er sjølve tygginga som gjer det. c) Ingvill Stedøy-Johansen Stedøy-Johansen skriv til oss der ho trur ikkje at me klarar å konsentrere oss meir i matematikktimane viss me tygg tyggjegummi. Snarare tvert i mot, skriv Stedøy-Johansen. Ho tenkjer at me må då bruke energi på å tyggje, og kanskje nokon byrjar å dra i tyggjegummien, blåse bobler osv. Det vil verke forstyrrande. Med andre ord: Stedøy-Johansen trur at me vil prestere dårlegare viss me tygg tyggjegummi når me arbeider med matematikk. d) Cathrine Borchsenius Ernæringsfysiolog Borchsenius skriv at reint ernæringsmessig kan ho ikkje tenkje seg at tyggis vil gjere det lettare for oss å konsentrere oss når me gjer matte. Hadde det vore ein tyggis med sukker så kan ein tenkje seg at me får ein liten blodsukkerstigning akkurat når sukkeret frå tyggisen går over i blodet, og det vil kunne gje ein skjerpa konsentrasjon. Ho skriv vidare at dette ville høgst sannsynleg vere minimal, og tyggis med sukker er ikkje heller særleg heldig for tenna. Ho skriv til slutt i e-posten at det å tyggje kan gjere noko med konsentrasjonen, men det har ho ikkje høyrt noko om. e) Hjerneforskar Ann Knudsen skriv til oss i ein e-post at ho ikkje har tiltru til at det å tyggje tyggegummi vil medvirke til å halde stammeaktiviteten oppe slik at me kan konsentrere oss betre.

4.4 Kva tenkjer 8. klassingar om tyggisbruk i matematikktimane? Me bestemte oss for å ta kontakt med tre ulike ungdomsskular (her kalla ungdomsskule A, B, C) som ligg nærast oss. Me var interesserte i å få høyre korleis 8. klassingar tenkjer knytt til problemstillinga vår. På ungdomsskulen får dei lov til å tyggje tyggis, og det er noko nytt for desse elevane då dei gjekk på barneskulen førre skuleår. Brukar dei tyggis i mattetimane? Viss dei gjer det, merkar dei nokon skilnad på konsentrasjonen no og før? Er dei blitt flinkare i matematikk? Ungdomsskule A gav oss ikkje noko tilbakemelding i det heile tatt, medan ungdomsskule B gav oss tilbakemelding om at dei hadde ikkje tid til å diskutere dette med elevane sine. Heldigvis fekk me napp hjå ungdomsskule C som sende oss ein fyldig e-post. Mattelæraren til 8. trinnet skriv at 56 % av elevane på 8. trinnet tygg tyggis i mattetimane. Mange av elevane har ikkje tenkt noko på samanhengen mellom tyggisbruk og auka konsentrasjon. Åttandeklassingane meinar at dei vert ikkje flinkare i matematikk, men dei klarar kanskje å konsentrere seg betre. Dei er samde om at dersom ein konsentrerar seg betre, så lærer ein meir. I tillegg skriv dei at dei vert kanskje rolegare av tyggisbruk, og ein vert meir konsentrert for då har ein noko å gjere på (sit ikkje og masar). Matematikklæraren på 8. trinnet skriv vidare at ho sjølv tenkjer at det kan hjelpe nokre av elevane å tyggje tyggis i matematikken dersom dei kan konsentrere seg betre av dette. Ho trur at kvar elev er eineståande her, slik at det kan vere at nokre konsentrerer seg godt medan andre konsentrerar seg dårleg av å tyggje tyggis. Ho stillar og spørsmål om ein kan lære meir når smakssansen vert stimulert?

4.5 Case-control studie + + - me forskar på oss sjølve! Me bestemte oss for å gjennomføre ein to vekers periode der me skulle teste ut tyggisbruk i matematikktimane og då me gjorde matteleksene. Me hadde fått pengar frå Nysgjerrigperfondet slik at me kunne kjøpe inn ulike typar sukkerfri tyggjegummi. Me valte å dele forsøksperioden vår i to delar som me kalla: Veke 1 Tyggis i matematikktimane og til matteleksene. Konsentrasjon. Veke 2 Case-control studie ei gruppe som tygg tyggis og ei gruppe som ikkje gjer det. Likheiter/ulikheiter mellom gruppene. 4.5.1 FORSØKSVEKE 1 TYGGIS I MATEMATIKKTIMANE PÅ SKULEN Me ville i veke 1 testa ut korleis tyggis kan påverka konsentrasjonen vår, og ville dette då føre til betre resultat? Me systematiserte forskinga vår slik: MÅNDAG: 60 minutt med tyggis: GONGETABELLTEST MED TYGGIS + REKNE BRØKOPPGÅVER TYSDAG: 60 minutt med tyggis: PRAKTISKE BRØKOPPGÅVER + DIVISJONSTEST UTAN TYGGIS ONSDAG: 60 minutt med tyggis: BRØKREKNING + DIVISJONSTEST MED TYGGIS TORSDAG: 30 minutt med tyggis: VEKETEST

I tillegg skulle me tyggje tyggis heime når me gjorde matteleksene denne veka. All tyggjegummi skulle vere sukkerfri. Me arrangerte også ein sjakk-klubb klokka åtte om morgonen to tysdagar der me skulle testa ut full konsentrasjon knytt til tyggisbruk. Dette for å få den gode konsentrasjonskjensla då sjakk kan vere anstrengande og krev konsentrasjon. Men akkurat det gjer spelet spesielt... RESULTAT: Me har valt å dele opp resultata av denne veka i ulike punkt då me snakka litt om dette kvar dag i forsøksveke 1. Gongetabelltesten på måndag med tyggis gjekk ganske bra. Her skulle me rekne så mange gongeoppgåver som me kunne klare på 5 minutt (max 100 oppgåver). 9 av 13 elevar ( opplevde at dei klarte å gonge mykje betre enn dei gjorde sist me hadde prøva utan tyggis), altså 69 % av klassen meinte at dei scora betre. Men me syntes ikkje at me vart flinkare i gongetabellen, men me klarte å konsentrere oss betre slik at me klarte å rekne og tenkje fortare. Med andre ord: Betre fokus m/tyggis Me merka ingen forskjell når me jobba praktisk med matematikken under aktivitetsstasjonar, men me følte oss meir uthaldande. Me merka større forskjell når me skulle arbeide konsentrert, spesielt når me gjennomførte ein divisjonstest med tyggis og ein utan tyggis. Resultatet her vart at 65 % av oss fekk gjort fleire av oppgåvene med tyggis enn utan tyggis. Men feilprosenten var den same. Dei aller fleste av oss likte godt å tyggje tyggis når me skulle rekne individuelt, men det var nokre av oss som meinte at dei sjølve vart litt forstyrra av sin eigen tyggisbruk. Ei anna jente sa: Det vart gøyare med tyggis eg vart meir motivert til å rekne lenge?.

Loop kort: matematiske omgrep Elektronisk brøkspel Me spelar Brøklotto 4.5.2 FORSØKSVEKE 2 CASE-CONTROL STUDIE Me snakka ein del i klassen om at forsøksveke 1 ikkje heilt gav oss svara på problemstillinga vår. Me måtte testa dette meir ut slik at me verkeleg kunne sjå korleis tyggisbruk i mattetimane kan føre til at me vert flinkare i matematikk. Til no hadde me hatt ein del ukontrollerte testar knytt til konsentrasjon. Medan me diskuterte dette, så kom det ein e-post til oss frå Bjørnar Alseth via Mona Røsseland. Han føreslo at me skulle gjennomføre ein case-control studie. Då måtte me ha ei gruppe som tygga tyggis, og ein anna gruppe som ikkje gjorde det. Læraren vår delte oss i to grupper der halvparten fekk tyggis. Deretter tok me ei prøve utan tygging i eit emne som var ganske nytt for oss: utviding og forkorting av brøk. Etter å ha jobba med dette emnet tok me ein ny prøve. Her fekk tyggisgruppa bruke tyggis medan den andre gruppa tok endå ei ny prøve utan å bruke tyggis. Prøvane innheld nesten dei same oppgåvene, men var ikkje identiske. På denne måten kunne me sjekke om dei med tyggis gjorde det betre eller dårlegare eller like bra, samanlikna med den andre gruppa. Me måtte ta ein før-test, fordi det held ikkje kun å sjå på ettertesten. Viss tyggisgruppa gjorde det betre der, kan det kanskje skuldast at dei var flinkare i utgangspunktet. Før-testen ville i så fall vise det.

Læraren vår retta prøvene, og me gjekk gjennom resultatet i slutten av forsøksveke 2. Me valte å lage eit scoringsskjema som såg slik ut: RESULTAT: RUNDE 1 UTAN TYGGIS (TYGGISGRUPPA) Snittscore i gruppa: 79,2 % rette svar på brøkprøva RUNDE 2 MED TYGGIS (TYGGISGRUPPA) Snittscore i gruppa: 96 % rette svar på brøkprøva KOMMENTAR Me ser her at tyggisgruppa sin snittscore gjekk fram med + 16,8 %. Det var lite variasjon å spore for den enkelte av oss. 2 av 13 elevar hadde ein merkbar auke frå runde 1 til 2 elles var det ganske likt. Det gjaldt og for resultata under: RUNDE 1 UTAN TYGGIS (KONTROLLGRUPPA) Snittscore i gruppa: 82,3 % rette svar på brøkprøva RUNDE 2 UTAN TYGGIS (KONTROLLGRUPPA) Snittscore i gruppa: 93 % rette svar på brøkprøva KOMMENTAR Me ser her at dei som ikkje brukte tyggis i runde 2 gjekk fram med + 10,7 %. Alle i klassen hadde fått same undervisning i emnet som dei vart testa i. Ut i frå vår forsking så viser dette at tyggisgruppa fekk størst framgang frå runde 1 til runde 2. Det var ikkje store skilnaden, men det som er verd å merka seg her er at tyggisgruppa kom dårlegast ut etter runde 1 men vart best i runde 2.

4.5.3 MEMORYTEST KIMS LEIK Me bestemte oss også for å sjå om minnet vert betre dersom me tygg tyggis. Læraren vår sette i gong ein omgang med Kims leik. Det er ei enkel øving i minnetrening der ein legg eit antal gjenstandar på eit bord eller eit brett dekka av eit klede. Kledet vert fjerna etter ei tilmålt tid, og så lagt på plass att. Spelarane skal så liste opp kva dei har sett. Me testa dette ut med 8 elevar i klassen vår der 4 skulle prøve spelet utan å tyggje tyggis medan dei resterande 4 skulle prøve spelet samstundes som dei tygga tyggis. Her resultatet: Prosentscore i snitt for dei som tygga tyggis: 100 % score Prosentscore i snitt for dei som ikkje tygga tyggis: 100 % score Alle greidde seg bra uavhengig av om ein nytta tyggis eller ikkje. Når det gjeld tidsbruk så observerte lærar at dei som tygga tyggis tok seg mindre rundt munnen enn dei som ikkje tygga tyggis. Dette snakka me ein del om i klassen der det kanskje ligg noko i det som vaksne ofte seier: Vent litt, eg må tyggje på saka. Når ein skal konsentrere seg ekstra hardt, er det kanskje slik at me då stimulerer munnpartiet litt ekstra. Sjå berre på skulpturen under. The Thinker (tenkjaren) er ein kjend skulptur. Ser du korleis handa hans er plassert i berøring med munnen? Sit du ofte slik med handa di når du skal konsentrere deg?

4.6 Kva består tyggis av? Me lagar tyggis på skulen Ei jente i klassen vår har funne ut kva tyggis består av. Ho har funne dette på Wikipedia: Tyggegummi er en type godteri som tygges, men ikke svelges. Sukkerfri tyggegummi stimulerer spyttproduksjonen og hjelper med å rense tannoverflatene. Mange moderne tyggegummier er laget av plast basert på råolje og søtes med xylitol. Før var det vanligere med latexbaserttyggegummi søtet med sukker. Me bestemte oss for å lage tyggis etter denne oppskrifta som me har funne i ei oppskriftsbok. Me brukte desse ingrediensane: 1/2 dl sirup, 4 ss sukker, 2 ss potetmjøl, 1/2 dl vann, 1/2 ts bakepulver, 4 ss ublanda saft, 2 eggeplommer, 1 dl kveitemjøl, 2 ss margarin. Me syntes det smakte litt rart, og det var ikkje heilt enkelt å lage dette. Tyggjegummien stivna ganske fort. Me lærte ut av dette eksperimentet at tyggjegummi kan bli svært seigt ja det er faktisk gummi berre med smak

5. Dette har me funne ut Kan me bli flinkare i matematikk viss me får lov til å tyggje tyggis i mattetimane på skulen og når me gjer matteleksene? Då me starta dette prosjektet var me ganske sikre på at me alle kunne bli flinkare i matematikk viss me togg tyggis i mattetimane på skulen og når me gjorde matteleksene. Dette bar også hypotesane våre preg av. Me trudde og at effekten av tyggjegummibruk når ein arbeider med matematikk kan variere noko frå person til person, men me trudde likevel at det ville vere ein positiv effekt å spore hjå alle dei som tygg tyggis når dei jobbar med matematikk. Alle våre undersøkingar er gjort med sukkerfri tyggis. 5.1. Dette har me funne ut Me har funne ut at det å tyggje tyggis i matematikktimane på skulen og når me gjorde mattelekser heime gjev ikkje noko spesielt stor auke i resultat og derav høgare konsentrasjon. Men vår case-control studie viser ei lita auke, og det kan tyde på tyggisbruk kan ha ein viss effekt på ein person sitt matteresultat. Me har vidare funne at når me arbeider praktisk i matematikktimane, så gjer me det like godt utan tyggis som med tyggis. Hypotesen vår stemte altså ikkje heilt med våre funn. Men me har funne ut at når ein til dømes skal ha ei matematikkprøve eller matematikktentamen som varar over lengre tid, så kan det vere lurt å tyggje ein tyggis når ein merkar at konsentrasjonen vert dårlegare. Det same gjeld når ein arbeider med drilloppgåver i faget over lengre tid. Så det å tyggje ein tyggis når ein skal konsentrere seg over noko i lengre tid (til dømes under ein mattetentamen), kan faktisk betre uthaldsevna, motverke engstelse og auke motivasjonen til ein person. Dette handlar også om stress. Viss ein er stressa til dømes på ein prøve, så kan tyggis vere med på å stresse ned ein person (bli mindre anspent). Me har ikkje opplevd i klassen vår at det å tyggje tyggis har ført til noko meir uro ved at me har brukt meir energi til å tyggje enn til å rekne. Tvert imot kan sukkerfri tyggis gjere det enklare for enkelte skuleelevar å halde rett fokus, men dette vil variere frå person til person har me funne ut.

5.2 Vidareperspektiv til forskinga vår Me tenkjer vidare at det må vere ein samanheng mellom det å tyggje, smakssansen vår og hjernen vår. Me har testa dette ut med tyggis, men kanskje det hadde blitt same resultat viss det hadde vore drops? Eller har det noko med sjølve tygginga å gjere? Me har funne ut at det enno ikkje er avklart i forskinga verda over om det er nokon samanheng her. Kan det vere at tyggis aukar hjarterytma vår og dermed fører meir oksygen til hjernen? Me vil og minne om at tidlegare forsking har nettopp vist at tyggjegummi kan ha ein positiv verknad på konsentrasjonen. Men her er ikkje alle forskarar heilt einige. I følgje hjerneforskar Ann Knudsen som me tok kontakt med så er det ingen samanheng mellom det å tyggje tyggjegummi og konsentrasjon, men me trur at her trengs det meir forsking på dette området framover. 5.3 Burde det vere lov til å tyggje tyggis på barneskulen? Me tenkte først at alle skuleelevar burde få lov til å tyggje tyggis på skulen, men etter å ha gjennomført forskinga vår så tenkjer me at me treng eigentleg ikkje å tyggje tyggis på skulen kvar dag. Det kan me vente med til me kjem på ungdomsskulen, og ein bør kanskje ikkje tyggje altfor mykje tyggis tenkjer me. Men me synes at det burde vore ein liten opning for å få lov til å tyggje tyggis når me skal ha nasjonale prøvar, mattetentamen og andre store testar der me må konsentrere seg ekstra godt over lengre tid. Difor har me laga nokre tøffe tyggisautomatar heilt på eigahand som me håpar at me kan få lov til å bruke under årsprøvane på skulen vår i mai og juni månad. Men ikkje før

6. Fortel til andre 6.1 Me publiserer forskingsresultata på heimesida vår (Internett) Me vil i løpet av april månad skrive på heimesida vår (www.bruvik.skule gruppe 3) om det me har funne ut. Det er mange som er innom heimesida vår kvar dag, så her når me mange med vårt forskingsresultat. 6.2 Me designar og får trykt opp tøffe postkort Me har fått trykka opp over 100 postkort via eit trykkerifirma på Internett. Me har designa postkortet sjølve, og teksten på postkorta har me blitt einige om i klassen: ER DU UKONSENTRERT? Prøv ein sukkerfri tyggis eller tygg på noko anna som er sunt. Kan hjelpe deg i matematikk. Me skal i midten av april dele ut postkorta til venner og kjende i nærmiljøet vårt. Bileta på postkortet er eit klassebilete av oss, eit bilete av tal og rekning samt eit tyggisbilete. Framside på postkortet: Bakside på postkortet: 6.3 Me sender rapporten vår til dei som har laga matematikkboka vår, til ein matematikkprofessor i Bergen og til hjerneforskar Ann Knudsen. Me har bestemt oss for å sende eit eksemplar av forskingsrapporten vår til dei som har svara oss via e-post knytt til prosjektet vårt. Kanskje me kan få publisert resultata våre i eit matematisk tidsskrift?

Det har vore lærerikt og kjekt å forske på tyggisbruk, og det har vore spennande å teste det i samanheng med matematikk.