SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER

Like dokumenter
TEMA Nr. 1 - Januar 2012

Bi~rSk. Sluttrapport for prosjektet «Phytophthora trugar norsk bøk (Fagus sylvatica)>> Bioforsk Rapport Bioforsk Report Vol. 8 Nr.

TEMA Nr oktober 2010

Sjukdomar i grøntanlegg Trendar og nye utfordringar

TEMA Nr. 6 - April 2011

Registrering av Phytophthora i anleggsområdet til E18 ved Larvik

Sluttrapport i prosjektet Grøntanleggshygiene Venche Talgø, Maria L Herrero, May Bente Brurberg og Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?

KARTLEGGING AV PHYTOPHTHORA-ARTER I ÅKERSVIKA NATURRESERVAT

SJUKDOMMER I JORD; eksempler, spredningsveier, utfordringer. Gunn Mari Strømeng, Kari Ørstad og Venche Talgø, Bioforsk Plantehelse

Vortemjølkrust i norske julestjerner i 2006

Phytophthora-arter gjør alvorlig skade på planter i grøntanlegg og naturområder i Norge

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Tørrflekksjuke forårsaket av sopper?

TEMA Nr November 2012

Sjukdomsorganismer på viltvoksende eik og på eik i grøntanlegg

Rødråte et problem i 2009

Korleis kan vi løysa problemet med lêrròte i jordbær?

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Alt det lyse og alt det mørke

BEKJEMPELSE AV KJEMPESPRINGFRØ

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Vintervèr i Eksingedalen

Brukarrettleiing E-post lesar

Sharkavirus på Plomme - en farlig virussjukdom

Phytophthora i jordbær og bringebær. Arne Stensvand, Maria Luz Herrero, Håvard Eikemo, Venche Talgø

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Praktisk om nydyrking. Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland

TEMA Nr. 2 - Januar 2014

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

FØREBYGGE SPREIING AV VRE REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR SMITTEVERN

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Kartlegging av Neonectria

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Vestskog og snutebiller. Skogsamling Rogaland

Risingskurs Luster 2012

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

MILJØNOTAT NR

Borghild Glorvigen Norsk Landbruksrådgiving Potet /1/2017

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Gropflekk - hvorfor i 2006?

TEMA Nr. 2 - Februar 2009

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Bekjempelse av burot Av Benedikte Watne Oliver, Inger Sundheim Fløistad og Kirsten Semb Tørresen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Elevundersøkinga 2016

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Kva er økologisk matproduksjon?

Alternative effektive metoder mot mjøldogg i jordbær

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

TEMA Nr November 2010

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Produksjon av delikatessepotet

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon

Brunskogsnegl. Arion vulgaris. Opprinnelse, bekjempelse og tiltak

FRISKSALAT. Feltforsøk med utprøving av Perlka og Contans. Håvard Eikemo, NIBIO. Håvard Eikemo Prosjektmøte FriskSalat

Månadsbrev for Blå, april 2016

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

6-åringar på skuleveg

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

VOLLASETRA I SUNNDAL

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Jordbærsvartflekk nye erfaringer med sjukdommens opptreden i Norge

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Transkript:

NIBIO OPPDRAGSRAPPORT VOL.: [1] nr.: 3, 2015 SKADE PÅ BØK I VÅLANDSPARKEN I STAVANGER Phytophthora rotråte Forfattere Venche Talgø og May Bente Brurberg [Divisjon Plantehelse]

FORORD Vi har det siste tiåret funne alarmerande mange, nye sjukdomar på treaktige vekstar i Noreg, ikkje minst har vi oppdaga fleire nye tilfelle av Phytophthora rotråte. Bøk (Fagus sylvatica) og or (Alnus spp.) er dei treartane som er hardast ramma av Phytophthora her i landet. No er det på oppdrag frå Stavanger kommune også fastslege funn på bøk i Vålandsparken. Ås 6. september 2014 Venche Talgø 2

FORORD 2 INNHALD Generelt om Phytophthora... 4 Symptom på Phytophthora-skade på bøk... 4 Analyse av prøvar frå bøk og jord i Vålandsparken 7 Konsekvens av Phytophthora-funna.. 10 Tiltak. 10 Referansar 11 SAMANDRAG. 13 3

Generelt om Phytophthora Namnet på denne organismeslekta tydar planteøydeleggjar (phyto = plante, phthora = øydeleggjar). Slekta inneheld rundt 120 artar og nye artar oppstår stadig ved at ulike Phytophthora-artar kryssar seg (hybridiserar). Dette siste er hovudsakleg muliggjort gjennom den omfattande plantehandelen som føregår verda over, og som har vist seg å introdusera ulike Phytophthora-artar til stadig nye område (Talgø et al. 2014). Det er fysisk umulig å kontrollere at alle importerte planter, inkludert jordklumpen som fylgjer med, er fri for Phytophthora spp. Nokre gonger har plantene mistenkelige symptom ved import og sal, men skadegjeraren kan liggja latent i tilsynelatande friskt plantevev eller i røter og jord. Det er ei kjent sak at bruk av plantevernmiddel ofte kamuflerer smitten. Når verknaden av dei kjemiske midla etter nokre månadar går ut, kan difor plantene verta sjuke gitt veksttilhøve som tilfredsstillar skadegjeraren sine krav. Kor endar så desse sjuke plantene opp? Urovekkjande ofte ser vi at dei vert dumpa ved elveleier og i skogkanter. Då er risikoen stor for at stadeigne planter som bøk vert smitta. Altså er det ikkje alltid av det gode å bringa jord og planterester tilbake til naturen. Kor vidt det er kasta hageavfall inntil Vålandsparken kjenner vi ikkje til. Phytophthora er ei slekt innan gruppa pseudosopp, og inneheld mange artar som kan opptre som planteskadegjerarar. Pseudosopp har, som ekte sopp, hyfevekst og formeirar seg ved hjelp av sporar, men denne organismegruppa skil seg frå soppane blant anna ved at dei har cellulose i celleveggane i staden for kitin. Phytophthora-artane høyrer til eit ege rike (Stramenopila) på linje med sopp-, plante- og dyreriket. Dei fleste er jordbuande og dannar sporar (svermesporar) som kan forflytta seg i vatn, enten på eiga hand (nokre millimeter) eller passivt over lengre avstandar med drensvatn og overflatevatn. Dei dannar også kvilesporar som kan liggja i jorda i årevis og dermed overleve ugunstige periodar som tørke og frost. Phytophthora spp. er avhengige av fuktige forhold for å infisera planter, noko som kan forklara kvifor angrepa som regel er mest omfattande i våte, dårleg drenerte område. Kvilesporane kan spreia seg med infisert jord. Vålandsparken har mange stiar som er i frekvent bruk. Det kan difor også tenkjast at smitten har kome inn via infisert jord på fottøy, sykkelhjul, hundelabbar eller anna. Symptom på Phytophthora-skade på bøk P. cambivora og andre jordbuande Phytophthora-artar angrip røtene på trea og spreier seg oppover til stammebasis og stamme. Dette fører til at leiingsvevet kollapsar og dermed vert transporten av plantesaftene hindra. Trykket aukar der blokkeringa skjer og pressar væska utover. Det vert då danna såkalla blødande sår ( external bleeding på engelsk). Såra framstår etter kvart som tjærefarga flekkar i barken (Fig. 1 og 2). Under dei tjærefarga flekkene blir vevet raudbrunt (Fig. 3) og trea vert til slutt ringa og daudar. Angrep fører til glisne, gule kroner, fordi bladverk, kvister og greiner ikkje får nok vatn og næring. 4

Fig. 1. Bøk med tjærefarga flekkar på stammen etter angrep av Phytophthora cambivora. Bøkeskogen i Larvik 2012. Foto: Venche Talgø 5

Fig. 2. Mørke flekkar på stammebasis til ein eldre bøk i Vålandsparken i 2015, eit typisk symptom ved angrep av Phytophthora spp. Foto: Hans Martin Hanslin 6

Fig. 3. Ved Phytophthora-infeksjon på bøk vert vevet misfarga under barken. Foto: Venche Talgø Analyse av prøvar frå bøk og jord i Vålandsparken I april 2015 fekk vi tilsendt to vevsprøvar frå sjuk bøk og fire (I-IV) jordprøvar frå Vålandsparken. Jordprøvane vart lagt til «baiting». Det vil seia at jorda først vart rørt ut i destillert vatn og deretter stod prøven over natta slik at jordpartiklane samla seg på botn. Dagen etter vart 6 blad frå testplanter av Rhododendron Cunningham s white lagt oppå overflatehinna av vatnet på alle dei fire prøvane. Blada låg med undersida ned. Denne rododendron sorten har synt seg å vera svært sensitiv for angrep av Phytophthora spp. og vert difor brukt til «baiting» ved mange forskingsinstitutt i Europa, USA og andre stadar. Etter vel ei veke vart blada tatt opp frå vatnet og skylt lett under rennande destillert vatn. Det var tydelege flekkar på rododendronblada frå 3 av 4 jordprøvar (Fig. 4). Frå kanten av vasstrukne og/eller mørke flekkar vart det skore ut små bitar som vart lagt på kunstig vekstmedium (agar) for å dyrka fram eventuelle Phytophthora spp. Denne skadeorganismen vil vera mest aktiv i flekkane i overgangen til det grøne, friske vevet og det er også der han er lettast å isolera. Frå slike overgangar tok vi ein hurtigtest frå 7

delprøve III som slo klart ut for Phytophthora (Fig. 5), men testen kan ikkje differensiera mellom Phytophthora-artar. Fig. 4. «Baitblad» frå jordprøve I (toppen) til IV. Dei svarte flekkane tydar på Phytophthora-infeksjon. Foto: Venche Talgø 8

Det vart også isolert frå vevsprøvane. For sikkert å identifisera til artsnivå, er det DNA-analyse vanleg. Dette er ein relativt dyr metode, så isolata vart grupperte etter utsjånad (morfologi) og det vart gjort eit utval. Frå flisprøvane vart eit isolat sekvensert frå kvar av dei to prøvane (isolat nr. 250467 og 250468). Frå jordprøve III vart to isolat sekvenserte (isolat nr. 250465 og 250466). Det vart funne 3 ulike Phytophthora-artar; P. cambivora (Isolat nr. 250466 og 250468), P. cactorum (isolat nr. 250467) og P. plurivora (isolat nr. 250465). Fig. 5. Hurtigtest for Phytophthora. Her vart små bitar frå infiserte rododendronblad frå «baiting» av jordprøve III lagt i flaska til høgre og rista godt i ein buffer i eit minutt. Med pipetta vart væske overført til brønnen (blå pil). Væska trekte seg etter kvart frå brønnen ut i feltet med dei to blå strekane (C = kontroll, T=test). Ein blå strek ved C syner at testen verkar. Blå strek ved T syner at det er utslag for Phytophthora. Alle tre artane som vart funne i Vålandsparken er kjente skadegjerarar på bøk i andre land (Jung 2005). P. cambivora og P. plurivora har vi også funne på bøk i Noreg ved fleire lokalitetar (Telfer et al. 2015), men vi har aldri isolert P. cactorum frå bøk. Tidlegare har vi funne P. cambivora på nobeledelgran (Abies procera) (Talgø et al. 2007) og fjelledelgran (Abies lasiocarpa) (Talgø et al. 2010) i Rogaland. P. plurivora har vi også funne i Rogaland, på bøk og lønn (Acer pseudoplatanus) (Talgø et al. 2010). Funna på dei to sistnemnde vertplantene gjorde vi ved 9

Byhaugen i Stavanger. Der såg vi også Phytophthora-symptom på bjørk (Betula pubescens), men klarte ikkje isolera skadegjeraren. I nærområdet til Byhaugen fann vi i tillegg P. plurivora i vassprøvar frå ein bekk og Litla Stokkavatnet. P. plurivora har vi dessutan funne på rododendron og andre planteskulevarer (Talgø et al. 2010). P. cactorum kjenner vi godt til frå jordbær- og epleproduksjonen i Noreg. Denne arten er også tidlegare funnen i Noreg på bærlyng (Vaccinium corimbosum) og rododendron (Talgø et al. 2010). Hudler (2013) nemner at P. cactorum, i tillegg til artar innan rosefamilien, er funnen på skogstre innan 30 slekter; lønn (Acer), lerk (Larix), gran (Picea) m. fl. Konsekvens av Phytophthora-funna Det er vanskeleg å seia korleis det vil gå med bøken i Noreg framover. Vanlegvis syner ikkje unge tre symptom. Den minste bøken vi har sett symptom på hadde ein stammeomkrins på 40 cm i brysthøgde. Thomas Jung (pers. kom.) meiner at mykje tydar på at det berre kjem til å vert att unge tre i bøkeskogane i Europa og at eldre, majestetiske tre vil forsvinna. Det som er spesielt urovekkjande med funna i Vålandsparken er at alle tre Phytophthora-artane har eit vidt vertplantespekter. Dei vil altså kunna angripa fleire treartar. Det er også som nemnt kjent at når det er fleire Phytophthora-artar i eit område kan det gi opphav til nye og ofte meir aggressive artar (hybridisering). Det ein kan håpe på er at nokre bøketre tåler angrep av Phytophthora, altså at nokre individ er heilt eller delvis resistente. Tiltak Når det først har kome inn artar av Phytophthora i eit område er dei så og seia umogelege å kvitta seg med dei på grunn av kvilesporane som ligg i jorda. Desse sporane har tjukk vegg og er svært motstandsdyktige. Dei kan overleva i jord i årevis, også utan vertplante. Vi veit framleis lite om kor raskt sjukdom på grunn av Phytophthora spp. utviklar seg på bøk eller kor stort skadeomfanget kan verta. Det vi har observert er at frå det vert oppdaga blødande sår, og etter kvart gulnande krone, kan det gå så lite som 1-2 år før trea daudar, men det varierer. Innan tydlege symptom oppstår har truleg røtene vore infiserte i ei årrekkje. Det er likevel viktig å setja inn tiltak som avgrensar spreiing, introduksjon av fleire artar (hybridiseringsfare) og skadeomfang: Dersom det førekjem deponering av hageavfall i grensa mot bustadfelt må det avviklast. Det bør oppmodast (plakatar eller anna) til at all ferdsel skjer på stiane for å unngå å dra infisert jord utover i skogen (i bøkeskogen i Larvik har dei mellom anna innført bandtvang for hundar heile året og det er slutt på terrengsykling og orienteringsløp utanom stiane). 10

Stiane bør vera godt gruslagde slik at infisert jord ikkje vert dradd med fottøy, hjul el. anna til andre grøntanlegg, naturområde eller privathagar. Sidan Phytophthora spp. trives i fuktig jord er god drenering viktig, men Stavangerområdet har så mykje nedbør at Phytophthora truleg uansett vil klara seg godt. I bøkeskogen i Larvik såg vi ein klar tendens til at dei sjuke trea låg inn til stiar med mykje ferdsel, og at det faktisk var fleire infiserte trer langs stiar på toppen av eit høgdedrag, sjølv om dette var eit godt drenert område. Sidan jord, vatn og røter er infiserte vil ikkje fjerning av sjuke tre ta bort smitten frå eit område, men på grunn av fare for greinbrekk og velt, må nokre sjuke/daude trer fellast. All felling bør skje når marka er frossen, helst med snødekke, for å hindra at infisert jord vert spreidd med virke, maskinar og reiskapar. Vi veit at smitten også sit i det sjukt plantevev på stammar, men ikkje kor lett det kan smitta frå dette. Det ein må unngå er å flisa opp sjukt materiale til bruk på stiar, dekke i rabattar eller anna. Flis og bøss frå kapping og kløyving til ved kan i prinsippet innehalda Phytophthora-hyfar, men vi ser på risikoen ved bruk av materialet til ved som minimal. Spesielt dersom ein handterer oppsopet forsvarleg og får stabla veden til tørk på eit fast dekke (ikkje jordkontakt) vinterstid. Vi har funne ut at brunskogsniglar (Arion vulgaris) kan vera potensielle smittespreiarar av Phytophthora spp. Både P. cambivora og P. plurivora var i laboratorieforsøk spiredyktig etter å ha passert gjennom sniglane (Telfer et al. 2015). Kor vidt dette kan ha noko å seia for spreiing av Phytophthora frå bøk til bøk veit vi ikkje, men det kan vera nok ein grunn til å få kontroll på denne framande, invaderande arten. Ikkje flytt jordmassar frå infiserte- til Phytophthora-frie område. Deponi i samband med anleggsarbeid må ikkje leggjast til naturområde eller nær vassdrag, då det utgjer ein stor fare for smittespreiing. Referansar Hudler, G.W., 2013. Phytophthora cactorum. Forest Phytophthoras. 3(1). doi:10.5399/osu/fp.3.1.3396http://journals.oregondigital.org/forestphytophthora/article/view/3396/3166 Jung, T., Hudler, G. W., Jensen-Tracy, S. L., Griffiths, H. M., Fleischmann, F. & Osswald, W. (2005). Involvement of Phytophthora species in the decline of European beech in Europe and the USA. Mycologist, 19: 159-166. Talgø, V., Herrero, M.L., Brurberg, M.B. & Stensvand, A. 2010. Phytophthora. Alvorleg trugsmål mot buskar og tre i grøntanlegg og naturområde. Bioforsk Tema 5(20):8 pp. http://www.bioforsk.no/ikbviewer/content/75244/tema_5-20_phytophthora.pdf 11

Talgø, V., Herrero, M.L. Toppe, B., Klemsdal, S. & Stensvand, A. 2006. First report of root rot and stem canker caused by Phytophthora cambivora on noble fir (Abies procera) for bough production in Norway. Plant Disease 90(5):682. Talgø, V., Magnusson, C., Blystad, D. R., Brurberg, M. B., Perminow, J. I. S., Herrero, M.-L. & Strømeng, G. M. 2014. Global og nasjonal handel med prydplanter - effektiv spredningsvei for planteødeleggende mikroorganismer og nematoder. Bioforsk TEMA 9 http://www.bioforsk.no/ikbviewer/content/115697/tema_9-2mikro-import-wb.pdf Telfer, K. H., Brurberg, M. B., Haukeland, S., Stensvand, A & Talgø, V. 2015. Phytophthora survives the digestive system of the invasive slug Arion vulgaris. Eur J Plant Pathol.DOI 10.1007/s10658-015-0597-8 Telfer, K., Brurberg, M. B., Herrero, M-L., Stensvand, A.& Talgø, V. 2015. Phytophthora cambivora found on beech in Norway. For. Path., doi: 10 111/efp. 12215. 11 p. 12

SAMANDRAG Dei siste åra har det vorte funne skade på bøk mange stadar i Sør-Noreg på grunn av pseudosoppar i slekta Phytophthora, mellom anna i bøkeskogen i Larvik, den største vi har her i landet. No er det også fastslege på bøk og i jord i Vålandsparken i Stavanger. Heile tre artar vart funne der; P. cactorum, P. plurivora og P. cambivora. Alle tre er kjente skadegjerarar på bøk elles i Europa. Vi har tidlegare funne både P. plurivora og P. cactorum på bøk i Noreg, men dette er første funn av P. cactorum på bøk her i landet. Nøkkelord: Bøk, Phytophthora 13

TITTEL Skade på bøk i Vålandsparken i Stavanger - Phytophthora rotråte VENCHE TALGØ OG MAY BENTE BRURBERG DATO: TILGJENGELIGHET: PROSJEKT NR.: SAKSNR.: 06.09.2015 Åpen/Lukket (til)/ konfidensiell 1110419 Arkivnr RAPPORT NR.: ISBN-NR. ANTALL SIDER: ANTALL VEDLEGG Nr. 3 2015 ISBN hvis åpen rapport 15 Ingen OPPDRAGSGIVER: Stavanger kommune KONTAKTPERSON: Felicitas Heimann STIKKORD Phytophthora, bøk, Vålandsparken FAGOMRÅDE Plantehelse SAMMENDRAG: Sammendrag (på norsk obligatorisk hvis åpen rapport på engelsk) SUMMARY: Summary (obligatory if open report in English) LAND/COUNTRY: FYLKE/COUNTY: KOMMUNE/MUNICIPALITY: STED/LOKALITET: Noreg Rogaland Stavanger Vålandsparken 14

GODKJENT / APPROVED PROSJEKTLEDER / PROJECT LEADER Venche Talgø NAVN/NAME NAVN/NAME 15