Mjølkeposten frå TINE Meieriet Vest



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bruk av reiserekning i Agresso

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Fra Forskrift til Opplæringslova:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Nytt HFK Intranett

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Team Hareid Trygg Heime

Til deg som bur i fosterheim år

Sommartur til Sverige,

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Prisar på porto for 2015

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Bli med til Krakow og kombiner turen til Europas vakreste by med et innblikk i polsk landbruk

Brukarrettleiing E-post lesar

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lingspeak Lingit AS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Stemnehandboka for NKSF

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Bli med til Krakow og kombiner turen til Europas vakreste by med et innblikk i polsk landbruk

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Velkommen til songarstemne i Florø!

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Møteprotokoll for møte i

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Støtteordningar og søknader

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Referat. frå styremøte 22.oktober på Rica Hell Hotel, Værnes

Prisar på porto for 2016

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Kontrollutvalet i Suldal kommune

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

IKT-kompetanse for øvingsskular

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

DB

«Ny Giv» med gjetarhund

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Med god informasjon i bagasjen

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

Fagtur til Romania med Nasjonalt Museumsnettverk for kulturlandskap august 2016

Bli med til Krakow. Reisen går Mars 2019

Lønnsundersøkinga for 2014

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Transkript:

Mjølkeposten frå TINE Meieriet Vest Nr. 11 NOVEMBER - 7. ÅRGANG Innmåling pr. 31. oktober 2008 TINE Meieriet Vest Kumjølk 193,6 mill liter (98,6 % av 2007) Geitemjølk 6,144 mill liter (102,4 % av 2007) TINE Meieria Kumjølk 1211,1 mill liter (99,9 % av 2007) - Geitemjølk 18,456 mill liter (99,7 % av 2007) Landet Kumjølk 1263,3 mill liter (100,0 % av 2007) - Geitemjølk 18,456 mill liter (99,7 % av 2007) Innmålt volum kumjølk i landet i perioden 1. januar til 31. oktober er 0,2 mill liter lågare i 2008 enn i 2007. Det er rekna ut at det var 16,4 mill liter kumjølk som ikkje vart levert under streiken i juni, og det er ikkje med i desse tala. Vi har nok reguleringsost på lager, og det er ikkje grunn til å rekna med at det vil verta gjeve fritak for overproduksjonsavgift over kvote slik det vart gjort i 2005 og 2007. Når det gjeld geitemjølk, er innmålt volum t.o.m. oktober 2008 det same som i 2007. Dyrevelferd - kompetansekrav I førre Mjølkepost nemnde vi at Mattilsynet skulle fastsetja krav til kompetanse i dyrevelferd, men at det ikkje var avklåra då bladet gjekk i trykken. No ligg krava føre, og for hald av storfe er dei følgjande (minst eit av krava 1 4 må vera oppfylt). 1. Veterinærutdanning. 2. Høgskule eller universitetsutdanning innan hald, fôring og stell av storfe. 3. Realkompetanse *) pluss kurs/utdanning for dyrehaldarar med realkompetanse, godkjend av Mattilsynet. 4. Kurs/utdanning for dyrehaldarar utan realkompetanse, godkjend av Mattilsynet. *) Med realkompetanse meiner ein her hald av storfe i minst 5 av dei siste 10 åra. Jordbruksskule/agronomutdanning er ikkje automatisk er godkjend, men jordbruksskulane kan søkja til Mattilsynet om å verta godkjende. Det er Mattilsynet sitt regionkontor for Rogaland og Agder som handsamar søknader om godkjenning av opplæringsopplegg. Pr. i dag er det berre Vinterlandbruksskulen på Jæren som er godkjend når det gjeld hald av storfe, men det er å vona at dei andre jordbruksskulane kjem etter snart. Kurs/utdanning som alt er gjennomførd kan godkjennast etter søknad. Ved vurdering av slike søknader vil det verta lagt vekt på innhaldet i utdanninga (læreplanen) på det aktuelle tidspunktet. Meir informasjon finn du på Mattilsynet si heimeside www.mattilsynet.no under Nyhetsarkiv. Vi viser særleg til to artiklar den 23.10.08, Kompetansekrav for hold av storfe, struts og hest og Kompetansekrav i husdyrhold - Kursopplegg. Aktuelle kurs/studieopplegg: TINE har vore med og laga studieopplegget Dyrevelferd hos storfe. I kursoversikten på Mattilsynet si heimeside står berre Geno som kurstilbydar, men det er TINE og Geno sitt kurs, og det er godkjent iht. Mattilsynet sine kompetansekrav. I region vest er geita også eit viktig dyr, og vi tar med at TINE sitt kurs Dyrevelferd i geiteholdet er vurdert til å tilfredsstilla kompetansekravet.

Korleis skal vi få i gang studieringar? Pr. 27.10.08 var det 133 kurs (studieringar) om Dyrevelferd hos storfe i gang i landet. Dei fordeler seg ulikt mellom regionane. Region Øst 3 kurs, Region Sør 12 kurs, Region Vest 1 kurs, Region Midt 101 kurs og Region Nord 16 kurs. Det kan sjå ut som om trønderane har sett lyset, medan andre vandrar i mørke, særleg i aust og vest. Truleg får vi ikkje dette til utan at produsentlaga engasjerer seg. Det kan skje ved at produsentlaga set dyrevelferd på dagsorden og gjer ein innsats for å få i gang studieringar. Kurset Dyrevelferd hos storfe er normert til 15 20 studietimar og kan f. eks. gjennomførast som 4 samlingar a 4 timar. Slik dei har gjort det i Midt-Norge har dei hatt den fyrste samlinga som eit fagmøte i produsentlaget og deretter delt opp laget i høveleg store studieringar. Kva består kurset av? Kurset består av to delar, ein fellesdel som er lik for alle dyreslag, og ein spesialdel for kvart dyreslag. For storfe er det lagt opp til å bruka ein kurskveld på fellesdelen, gjerne i form av eit fagmøte saman med representantar for andre dyreslag, og tre kurskveldar på storfedelen. I storfedelen inngår ein buskapsgjennomgang, som deltakarane skal gjennomføra i eigen buskap. Materiellet til kurset består av to kurshefte, eit til fellesdelen og eit til storfedelen. Til kvar kursdel er det laga ein video (DVD). Komplett kurs består såleis av 4 delar, to kurshefte og to DVD-ar. Kva kostar det? Kursheftet til fellesdelen kan skrivast ut frå internett på www.husdyrvelferd.no, og kostar ikkje anna enn medgått blekk og papir. Kursheftet til storfedelen kostar kr. 200,- pr. deltakar. DVD-ane kostar kr. 200,- pr. stk, men her held det å kjøpa DVD-ar til studieringen. Dersom vi ser på kostnaden for ein studiering med 5 deltakarar vert det 5 kurshefte til fellesdelen kr. 0,- + 5 kurshefte til storfedelen kr. 1000,- + DVD til fellesdelen kr. 200 + DVD til storfedelen kr. 200,- = kr. 1400,- eller kr. 280,- pr. deltakar. Dersom ein har fellesdelen i form av eit fagmøte i produsentlaget treng kanskje ikkje kvar ring kjøpa DVD til fellesdelen, men vi tok det med her. Påmelding og bestilling av kursmateriell Påmelding og bestilling av kursmateriell skjer til Bygdefolkets Studieforbund, pb. 9388, 0135 Oslo, mail: post@bsfstudie.no, tlf: 22 05 48 30. Meir informasjon finn du på BSF si heimeside www.bsfstudie.no. Sjå også på www.husdyrvelferd.no, som er heimesida til dei organisasjonane som står bak kursopplegga i dyrevelferd. Kursmateriellet. Kurshefte og DVD til fellesdelen til venstre, og tilsvarande til storfedelen til høgre.

Møte i områdeutvala I veke 45 vart det halde møte i områdeutvala i Region Vest. Møta vart haldne i Øystese 3.-4. november, i Loen 5.-6. november og på Skei 6.-7. november. I områdeutvala møter medlemene i arbeidsutvala i produsentlaga, representantar for administrasjonen og styret i TMV og representantar for den regionale valkomiteen. Nytt av året var at møta i områdeutvala, som ei prøveordning, vart slegne saman med dei desentraliserte haustmøta i Geno, og avvikla som to dagars møte. Dette slo svært godt an. I evalueringa av møta vart det i gjennomsnitt gjeve 4,5 poeng på ein skala frå 1 5 for denne løysinga. Direktør Sverre Bjørnstad i Geno fekk mange gode innspel frå møtelyden i Øystese, og noterte dei på PC-en etter kvart. Også dei andre kriteria som vart evaluert som innhald i møta, opplæring, open post og gjennomføring av møta kom godt ut. I alle møta var det lagt inn eit gardsbesøk som deltakarane sette pris på. Hovudkonklusjonen for områdeutvalsmøta i 2008 må bli at dei var Mykje vellukka. På gardsbesøk i Steinsdalen, Norheimsund. Otto Hella, Radøy og Lars Børge Sæberg, Kvinnherad diskuterer med Bertil Ove Skeie (th).

Landbruksfagleg tur til Polen Landskap i Polen utanfor Warszawa. Polen er om lag like stort som Noreg, og over 50% er jordbruksland. Polen vart ikkje kollektivisert i kommunisttida, og gjennomsnittsbruket er ikkje større enn ca. 70 dekar. I Mjølkeposten for september i år nemnde vi at vi planlegg tur til Polen i 2009. Dersom vi får nok deltakarar, blir det lagt opp til to turar, ein i tida 1.-7. juli og ein i tida 23.-29. september. Turoperatør blir Sabra Tours, som vi har gode erfaringar med frå tidlegare fagturar. Reiseleiar for den fyrste turen blir distriktssjef i TMØ Kjell Terje Kringstad og for den andre fagsjef medlem i TMV Bjørn Klette. I tillegg blir det med polsk norsktalande guide. Program for den fyrste turen er følgjande: 1. juli: Norge Warszawa. Avreise Oslo kl 0805, ankomst Warszawa kl 1005. Sightseeing i Warszawa, Gamlebyen, Gettoen, m.m. Foredrag om polsk landbruk. Resten av dagen til eigen disposisjon. Overnatting på hotell Mercure sentralt i Warszawa. 2. juli: Warszawa-området. Besøk på eit stort mjølkebruk med 140 kyr/330 storfe (tidlegare statsbruk) vest for Warszawa og besøk på museet der komponisten Chopin vart fødd. Overnatting på hotell Mercure sentralt i Warszawa. 3. juli: Warszawa Krakow. Besøk på eit meieri (Goudaost-ysteri på storleik med Byrkjelo), besøk hos ein liten privat mjølkebonde med 20 mjølkekyr + ungdyr. Overnatting på hotel Alexander i Krakow. 4. juli: Besøk i konsentrasjonsleiren Auschwitz og sightseeing i den fantastiske gamlebyen i Krakow. Overnatting på hotel Alexander i Krakow. 5. juli: Krakow Zakopane Krakow. No skal vi langt opp i Tatra-fjella på grensa mot Slovakia, og driftsmåtar og bebyggelse står i forhold til dette. Vi besøkjer byen Chocholow og ser på den særeigne byggjeskikken i området. I Zakopane vitjar vi hoppbakkane, og tar fjellheisen opp i Tatra-fjella til ein fantastisk utsikt. Retur til Krakow og overnatting på hotel Alexander. 6. juli: Krakow. Besøk i dei verdskjende Saltgruvene. Ettermiddagen fri i Krakow. Om kvelden avskjedsmiddag på eit av byens bedre spisesteder. Overnatting på hotel Alexander i Krakow. 7. juli: Krakow Norge. Føremiddagen til eigne aktivitetar. Vi samlast til felles lunch ca. kl 1400. Avreise Krakow kl 2015. Ankomst Oslo kl 2220. Pris frå Oslo kr. 9980,- ved overnatting på dobbeltrom og minst 25 betalande deltakarar. Frå Region Vest vil det bli ordna med tilknyting frå Bergen og Ålesund. Avgang frå Bergen kl 0610 og frå Ålesund kl 0610 den 1. juli. Retur til Bergen kl 0030 og til Ålesund kl 0015 natt til den 8. juli. Flytillegg frå Bergen ca. kr. 500,- og frå Ålesund ca. kr. 700,- tur retur. Programmet for 23.-29. september er ikkje klart til utsending enno, men vil bli det same som for 1.-7. juli.

Ta kontakt med Bjørg Garnes på telefon 56 13 67 14, mobil 906 44 574, e-post: bjorg.garnes@tine.no for å få tilsendt fullstendig program og påmeldingsskjema. Høystakkar i nærleiken av Zakopane. Dette er ei form for hesjing. Mjølkeposten frå TINE Meieriet Vest - Informasjon til eigarane Postboks 6030 Postterminalen, 5892 Bergen Telefon 03080 - Telefaks 22 96 72 96 Redaktør: Fagsjef medlem Bjørn Klette Ansvarleg: Organisasjonssjef Odd Fauske www.tinevest.no