NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing Program for lærarutdanning Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Boks 1099 Blindern 0317 Oslo Professor, dr.art. Torlaug Løkensgard Hoel Telefon +47 73 59 19 86 E-post torlaug.hoel@plu.ntnu.no - Vår dato: 11.06.2007 Vår ref.: Dykkar dato: Dykkar ref.: Tilsynssensor ved ILS, fagdidaktiske masterprogram. Tilbakemelding frå besøket ved ILS 4. og 5. juni 2007 1. Bakgrunnsinformasjon 1.1. Tilbakemeldinga omfattar SDID4010 Samfunnsfag i skolen, RDID4012 Matematikk i skole og samfunn, EDID4010 Fundamental concepts of teaching English as a foreign language, RDID4011 Naturfag som allmenndannelse og NDID4010 og NDID4030 Språkdidaktikk I og III. Eg var til stades på til saman 11 eksaminasjonar. 2. Utforming av arbeidet 2.1. For vurderingsarbeidet våren 2007 deltok eg som observatør ved munnleg eksamen i dei emna som er nemnde under 1.1. Eksamen var 4. og 5. juni 2007. 2.2. Utveljinga av kva fag og studentar eg har observert, er basert på same prinsippa som hausten 2006: a) Så mange emne/fag som mogeleg. b) Så mange ulike vurderingssituasjonar som mogeleg. c) Så variert som mogeleg med omsyn til fase i studiet, omfang av emnet osv.. d) Praktiske omsyn til kva som er mogeleg å dekke i løpet av to dagar. 2.3. Ved besøket ved ILS i samband med tilsynssensoroppdrag i november 2006 diskuterte eg opplegget med Frøydis Hertzberg. Eg fann det formålstenleg å følgje same opplegget denne gongen for å få breiare samanliknings- og vurderingsgrunnlag. I november 2006 hadde eg og samtalar med alle eksamenskommisjonane i tilknyting til munnleg eksamen, m.a. om studieplanar og bruk av karakterskalaen. Det var etter mitt skjønn ikkje nødvendig med omfattande forhåndssamtalar denne Postadresse Telefon +47 73 59 19 90 Besøksadresse Side 1 av 5 NO-7491 Trondheim Telefaks +47 73 59 10 12 Låven, Dragvoll gård Org. nr. 974 767 880 http://www.plu.ntnu.no/
gongen, men eg hadde samtalar med alle kommisjonane i tilknyting til den konkrete eksaminasjonen og vurderinga. 3. Evaluering av vurderinga av studentprestasjonar og vurderingsordninga Hovudoppgåva som tilsynssensor våren 2007 innebar å vere observatør ved munnleg eksamen og omfatta dei emna som er omtala under pkt 1.1. og 3.2.2. Eg har vore selektiv i høve til underpunkta i pkt. 3 i malen og lagt mest vekt på punkt 3.2. Grunnen er m.a. at eg ville samle eit breiare grunnlag for punkt som var sentrale ved evalueringa hausten 2006, nemleg vurderingsordninga, vurderingsprosessen, karaktersetting og nivå. SDID4010, RDID4012, NDID4010, NDID4030 hadde ekstern sensor. EDID4010 og RDID4011 hadde intern sensor. 3.1. Evaluering av utforming av eksamensoppgåvene i høve til 3.1.1. Kompetansemål Kompetansemåla i emna eg observerte, er formulerte generelt i dei fleste studieplanane. SDID4010 har meir detaljerte kompetansemål. I alle studieplanane er kritiske refleksjonar omkring fagdidaktikk og undervisning, dels også fagets funksjon i samfunnet, sentralt. Dette vart det også lagt vekt på i alle eksaminasjonane. Konklusjonen er at i alle emna hadde eksamen og vurdering av prestasjonane til kandidatane, klar samanheng med kompetansemåla. 3.2. Evaluering av vurderingsordninga, vurderingsprosessen, karaktersettinga og nivået i høve til 3.2.1. Intensjonen med studiet Konklusjonen er at vurderingsordninga, vurderingsprosessen, karaktersettinga og nivået for dei emna eg observerte, samsvarar med det som er intensjonen med studiet. 3.2.2. Bruk av karakterskalaen, nivå på prestasjonane Karakterane fordelte seg slik på dei ulike emna som eg observerte: SDID4010: C og B RDID4012: C, A og C EDID4010: C og E RDID4011: A og D NDID4010: B og NDID4030: A Etter mi vurdering er karakterane riktige i høve til prestasjonane til kandidatane. 3.2.3. Upartisk og fagleg betryggjande prøving og vurdering av studentane sine kunnskapar og ferdigheiter Varierte vurderingsformer I dei emna eg observerte, er det stor skilnad på vurderingsformer: a) Eksaminasjon/samtale med utgangspunkt i eigen tekst og med teksten som innfallsport til vidare utvikling både av tema som låg i teksten og til nye tema: SDID4010. I dette emnet tok sensor aktivt del i eksaminasjonen med ein kort sekvens til slutt. b) Eksaminasjon med utgangspunkt i pensumartiklar: RDID4012. To og to kandidatar fekk same oppgåve. Sensor tok ikkje aktivt del i eksaminasjonen, men stilte eventuelt korte tilleggsspørsmål. Side 2 av 5
c) Kandidaten heldt først ein power point-presentasjon over oppgitt tema, ca 15 minuttar. Deretter var det samtale basert på pensumlitteratur: EDID4010. Den interne sensoren deltok i samtalen. d) Eksaminasjonen tok utgangspunkt i pensumlitteratur: RDID4011. Dei to kandidatane eg observerte, fekk same spørsmålet som utgangspunkt, men samtalene vart ulike ettersom kandidatane låg på svært ulikt nivå. Sensor tok ikkje del i eksaminasjonen. Eksaminasjon med utgangspunkt i pensumlitteratur var og prøveforma i NDID4010. e) Forelesing over oppgitt tema: NDID4030. I alle tilfella vart kandidatane prøvde i svært sentrale emne og område i faget. Dei vart prøvde i oversiktskunnskapar og djubdekunnskapar, i evne til kritisk tenking og refleksjon og i fagdidaktiske aspekt ved faget. I alle eksaminasjonane var det lagt opp til at kandidaten sjølv kunne finne sin eigen inngang til emnet, og eksaminator prøvde å legge opp til at kandidaten kunne vise dei sterke sidene, men samtidig få utfordringar til å tenkje og resonnere vidare. I samtalen etter eksaminasjonane i SDID4010 tok eksaminator opp dilemmaet ein ofte møter som eksaminator: skal ein kandidat som har mykje på hjartet, legge sitt eige løp, eller skal ein avbryte vedkommande og dermed styre løpet. Slike spørsmål kan ikkje diskuterast generelt, dei må vere knytte til konkrete tilfelle. Etter mi vurdering handterte eksaminator situasjonen riktig i dei to tilfella der spørsmålet melde seg. Elles er konklusjonen min den same nå som hausten 2006, at prøvinga av kandidatane ikkje berre var fagleg solid og betryggjande, men også prega av vilje til på den eine sida å legge eksaminasjonen best mogeleg til rette for kandidaten og samtidig ivareta det faglege nivået i vurderinga. All eksaminasjon foregikk på eit høgt profesjonelt nivå, og eg vil nemne to døme: I EDID4010 fekk ein kandidat E, og eksaminator og også sensor imponerte med den profesjonelle måten dei prøvde å leie kandidaten inn på spor for å få han til å utvikle fagdidaktisk resonnement. Det andre eksemplet er frå RDID4012 der A-kandidaten og eksaminator i sekvensar hadde ein fagleg diskusjon på høgt nivå som det nesten gnistra av. Vurderingssamtalen mellom faglærar og sensor For alle kandidatar var eg til stades ved vurderingssamtalen som faglæraren og sensor hadde. I alle tilfella gikk partane nøye gjennom prestasjonane, sterke og svake sider, og vurderte dei nøye før den endelege karakteren vart sett. I SDID4010, NDID4010 og 4030 fekk kandidatane omfattande kommentarar til og vurdering av prestasjonen i samband med karakteren. I dette ligg ein læringsverdi for studenten. Prosessen generelt Mi vurdering av prosessen generelt er at den på alle måtar er betryggjande. Den ivaretar krav som ligg i planverk og retningslinjer, til dømes knytt til karakterar og vurdering. Den ivaretar kandidatens behov for både å få bekrefting og utfordring i eksamenssituasjonen, og den viser eit høgt nivå av profesjonalitet hos personalet ved ILS. 4. Drøftingar med fagmiljøet Som sagt har oppgåvene som tilsynssensor hausten 2006 og våren 2007 vore nokså identiske ved at dei har vore konsentrerte omkring evaluering av vurderingsordninga, vurderingsprosessen, karaktersetting og nivå. Evalueringa har og vore konsentrert om munnleg eksamen. Før hausten 2007 vil det vere aktuelt å drøfte med fagmiljøet kva oppgåver tilsynssensoren skal konsentrere seg om vidare. Side 3 av 5
5. Tilrådingar for det vidare arbeidet i fagmiljøet Eg har ingen tilrådingar til ILS etter dette besøket når det gjeld endringar i det faglege. Tvert om vil eg kommentere to innslag som eg merka meg spesielt: 1. Nye forsking på pensumlista: I RDID4011 er eldste publikasjonen frå 2004 her får altså studentane innblikk i den aller siste forskinga. 2. EDID4010. Eit obligatorisk studiekrav er at studentane leverer inn eit paper (3000 4000 ord) om oppgitt tema. Paperet blir presentert munnleg som grunnlag for diskusjon i gruppe. Ein medstudent har i oppdrag å lese paperet og kommentere/vurdere både paperet og prestasjonen. Deretter skal studenten gjere teksten (paperet) ferdig med grunnlag i studiekrava og levere ved semesterslutt. Etter mitt syn har ein her klart å kombinere fleire verdifulle faktorar: Skrivinga blir ikkje berre ei individuell sak, den går inn i ein større læringssamanheng. Skrivaren får trening i munnleg formidling og får konkrete kommentarar til teksten som kan brukast i den vidare bearbeidinga. Studentane må lese medstudentars tekstar og formulere tilbakemelding. I dette ligg ein viktig læringsverdi. Gruppa blir eit forum for kontinuerleg diskusjon om fagtekstar, sjangrar, krav og kriterium, og denne diskusjonen blir heile tida relatert til tekstar og språk. 6. Praktiske forhold forslag til endring Som tilsynssensor blir eg tatt svært godt mot. Eg får tilsendt nødvendige papir og informasjon eg treng, kontor med PC står og ventar på meg, og hjelpsame og vennlege folk står til teneste. På eitt punkt har vi ikkje lykkast godt nok ennå, nemleg informasjon til dei faglærarane som skal ha opp studentar til munnleg eksamen, om at tilsynssensor kjem. I november var det lita tid til å nå ut med informasjon. Denne gongen hadde vi betre tid, årsaka til informasjonsglippen er sikkert at eg ikkje har gitt tydeleg nok signal om at eg ønska at faglærararne skulle bli informert. Det er travelt på ILS, og eksamenstida er krevjande for dei i administrasjonen som skal ha overoppsynet og ansvaret. Det er viktig at dei som skal eksaminere, veit at tilsynssensor kjem. Utan at dei har denne informasjonen, vil funksjonen til tilsynssensor lett kunne tolkast i retning av kontroll og inspeksjon, noko som er heilt misvisande. Å eksaminere kandidatar er dessutan ei oppgåve som krev sterk konsentrasjon og mykje energi. Sjølv om fagfolka på ILS handterer situasjonen svært profesjonelt om ein observatør dukkar opp utan at dei veit om det, er det uheldig å setje dei i ein slik situasjon. Eg foreslår derfor at dersom eg skal observere munnleg eksamen seinare, kan eg sjølv gi faglærarane beskjed direkte. Side 4 av 5
Side 5 av 5