Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 01.06.2012 Dykkar dato 27.02.2012 Vår referanse 2012/3129 331.1 Dykkar referanse 11/1064 Bømlo kommune Kommunehuset 5430 Bremnes Bømlo kommune - budsjett og økonomiplan 2012-2015 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012, og økonomiplan 2012-2015, vedteke i kommunestyremøte 19.12.2011. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Skatteøyret for personlege skattytarar blei redusert frå 2010 til 2011. Reduksjonen blei gjort for å redusera skatteinntektene sin del av samla inntekter. Samla for kommunane svarar dette til ein like stor auke i den statlege rammeoverføringa. For 2012 er skatteøyret for kommunane 11,6 %. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 253.473.000,- i skatt på eige og inntekt for 2012. I 2011 var det ein samla skattereduksjon for kommunane i landet på 3,2 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2011 til 2012 med 2,9 %. Kommunen sitt skattenivå i 2011 var 92,2 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2012 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 553,93 mill. Inntektsprognosen for 2012 er no oppdatert med innbyggjartal pr. 01.01.2012 og innkomen skatt i 2011. Det er også tatt omsyn til RNB for 2012/kommuneprp 2013. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01.2012. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2011. Noverande inntektsprognose er kr 554,2 mill. Kommunen sitt anslag frå i haust var med andre ord svært godt, sett i høve til den kunnskap vi har i dag. Eigedomsskatt Det er budsjettert med kr 13,25 mill i eigedomsskatt for 2012. Det er ei svak auke frå året før, både mot budsjett og førebels rekneskap. Takstgrunnlaget er heile kommunen og satsen er to promiller. Det er ikkje innførd botnfrådrag. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2012 er i statsbudsjettet 3,25 %. Denne består av pårekna lønsvekst med 4,0 % (vekt 0,635) og varekjøp med 2,0 % (vekt 0,365). Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan gjenståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr 17,52 mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Ser vi på førebelse KOSTRA-tal for 2011 er ordinær gjeld kr 483,5 mill. Avdrag for 2012 er i så fall mot nedre grensa av tilrådinga (store låneopptak også i 2012). Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatte. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det er ein overgangsperiode frå 2010 og fram til 2014. For budsjettåret 2012 skal minimum 60 % av meirverdiavgiftskompensasjonen frå investeringar bli overført til investeringsrekneskapen. Budsjettforskrifta 5 og rekneskapsforskrifta 3 er endra i samsvar 2
med dette. Denne overføringa til investeringsrekneskapen må bli gjennomført sjølv om ein kommune eventuelt har meirforbruk i årsrekneskapen for det same året eller frå tidlegare år. Budsjettet legg opp til overføring til investeringsrekneskapen med kr 8.98 mill. Fylkesmannen legg til grunn at kommunen si overføring til investering tilfredsstiller budsjett- og rekneskapsforskrifta kva gjeld 60 prosent av investeringsdelen av momskompensasjon. Netto driftsresultat i budsjettet er berekna til kr 9,82 mill. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Det er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Kommunen tilfredsstiller ikkje tilrådinga på det halve for 2012. Det har kommunen heller ikkje gjort dei siste seks år. På den andre sida vert å nemne at det berre vart negativt resultat i eit av desse åra, nemlig 2008. Førebelse tal for 2011 syner netto driftsresultat på kr 12,55 mill (1,86 % av brutto driftsinntekter). Det vart same året budsjettert med kr 11,42 mill. I den vidare økonomiplanperioden syner dei obligatoriske oppstillingane, utarbeid på bakgrunn av kommunestyrevedtak, ein styrking av netto driftsresultat. Meir om dette under «oppsummering». Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2012 er det planlagt investeringar for til saman kr 101.812.500,-. Dei klart største investeringane går til skule med kr 33,4 mill (kr 17,65 til utviding av Svortland skule og Ny Bremnes Ungdomsskule med kr 13,- mill er dei største postane innan skulesektoren). Elles er samferdsel prioritert, og særleg Bømlo-pakken med kr 18,- mill (men her ligg det inne tilskot på kr 15,- mill til finansiering). Av andre store investeringar kan nemnes utviding av Bømlo sjukeheim (kr 12,5 mill) og Bømlo omsorgstun (kr 7,5 mill) og kr 8,3 mill til kyrkjelege investeringsføremål. Investeringane vert finansierte med lån, stort kr. 73,353 mill. Anna finansiering kjem frå tilskot Bømlo- pakken, meirverdikompensasjon overført frå drift og div refusjon. Det vert også tatt opp kr 12,- mill i startlån. I den resterande økonomiplanperioden er investeringsnivået framleis høgt (med unntak av 2015). Det er særleg ny ungdomsskule på Bremnes som driv opp kostnadane (kr 70 mill i 2013 og kr 55,- mill i 2014). Investeringane er i stor grad lånefinansierte. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2010 pr innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til om lag kr 54.180,-. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr 41.582,-. 3
Kommunen er organisert slik at korkje VAR eller eigedom belastar kommunen sin balanse. Pliktene ligg der like fullt gjennom lovverk som regulerer kommunale oppgåver og gjennom garantiar. Førebelse tal for 2011 syner at kommunen sin ordinære lånegjeld pr innbyggjar no er kr 42.032,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg dei seinaste åra, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har no eit gjeldsnivå pr innbyggjar som ligg 7,2 prosent høgare enn landsgjennomsnittet (utanom Oslo). Oppsummering Kommunen har jamn vekst i innbyggjartalet. I økonomiplanperioden er det naudsynt for kommunen å skaffe handlingsrom for demografiske endringar (50 fleire barnehagebarn, 17 fleire skuleborn, her kjem den store veksten seinare, 139 fleire eldre, men likevel ein nedgang blant dei aller eldste). Kommunen treng å finne rom for å starte opp 30 nye institusjonsplassar samt gjennomføre planlagde investeringar. Dette krev reduksjon i driftsnivået. I framlegget ber rådmannen kommunestyret bestille eit dokument med framlegg til tiltak om kan bringe kommunen sitt netto driftsresultat opp på 3 % av brutto driftsinntekter. Kommunestyret vedtar å be rådmannen legge fram eit dokument innan 30.06.2012 med oversikt over tiltak som kan bringe netto drifsresultat opp i kr 20 mill for 2012 (3 %), samt tiltak som kan auke handlefridomen dei påfølgande tre åra. I vedtekne økonomiplan ligg ei innsparing i ramma for 2012 som får kostnadsdempande effekt i resten av perioden. Innsparingane ligg som samla sum per seksjon på eigne ansvarsområde, og er ikkje innarbeida i dei einskilde tenestene sine rammer. Fylkesmannen skulle gjerne sett på innsparingane på eit litt meir detaljert nivå, men konstaterer at innsparingane ikkje har avgjerande effekt på balansen ut frå eit «lovmessig» perspektiv (sjå t.d. kommunelova 60). Grunna organisering av kommunen sin verksemd, ser kanskje ikkje gjelda så høg ut i høve til andre kommunar i fylket, men det som no ligg på kommunen sin balanse er gjeld som kommunen i all hovudsak må betene sjølv. (Andre kommunar har større grad av sjølvfinansierande lån på eigen bok). Bare i økonomiplanperioden vil utgifter til betening av gjeld auke med vel kr 15,- mill. Det krev stor grad av kostnadskontroll. Trongen til dokumentasjon og planar er nemnt i vedtak og framlegg. Fylkesmannen minner for ordens skuld om at det er utarbeid ein rettleiar frå KRD «Budsjettering av investeringer og avslutning av investeringsregnskapet» som kan vere nyttig i fall kommunen ikkje er merksam på denne. Budsjettdokumenta er også i år enda eit skritt nærare den generelle tilnærminga Fylkesmannen ønskjer av dokumentasjon og oversikter, og det må også bli lagt til at det er mykje nyttig informasjon i budsjettdokumenta. 4
Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Deloitte Sundgaten 119 5517 HAUGESUND 5