Forskingsutvalet/!! Sakspapir:/Møte/i/Forskingsutvalet/(FU)/nr/3/2015./! FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Like dokumenter
Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

Strategiplan for FoU

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar

Strategiplan for FoU

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

En utvikling på høgskolenes premisser?

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

RHF-enes strategigruppe for forskning

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Vurdering av allianse og alternativ

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

Bjørg Kristin Selvik, Anne-Grethe Naustdal, Gunn Haraldseid, Johanne-Marie Trovåg, Brit Julbø, Gunhild Raunsgard, Henrik Waage Tjore

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

Kvalifikasjonskrav til prorektorane

Solfrid Kjoberg, Lene Borgen Waage, Anne Gro Dalland, Espen Fosse. 5/18 18/ Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet


Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

INTERNASJONAL STRATEGI

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Studenttinget 2015/2016

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Studenttinget 2016/2017

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske

Innkalling og sakliste

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/Marit Solheim SAKA GJELD: Internrevisjon av forskingsaktiviteten i Helse Vest

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Møtet starta med eit totimars minikurs i styrearbeid ved Kjell Standal, Elinora consulting.

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

STORTINGSMELDING 18 ( ) "LANGE LINJER - KUNNSKAP GIR MULIGHETER" FORSKNINGSMELDINGEN

MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret

Strategifrukost/lunsj

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Transkript:

Forskingsutvalet/ Sakspapir:/Møte/i/Forskingsutvalet/(FU)/nr/3/2015./ Tid:Tysdag17.marskl12.15. Møterom:BK220(VIP?romet)./ Faste/medlemmer:/ Eining/ / PerHalse(leiar) Rektor KetilJarlHalse(nestleiar) ASH(dekan) Tor?JohanEkeland(vara) ASH ArneMyklebust AHL(dekan) PederHaug AHL AndersAschim(varaforHaug) AHL AudFolkestad AKF(dekan) KarenBrænne AKF KjetilL.Høydal(varaforBrænne) AKF SverreLiestøl AMF(dekan) JanYtrehorn(varaforLiestøl) AMF PålAam AMF AnneRandiFagerlidFestøy Stipendiatane AleksandraEndresen Studenttinget SergheiLevcenco Studenttinget Sakshandsamar/og/skrivar:/ JohannRoppen FoU?rådgivar Observatørar:/ JacobKjødejr Direktør,HVO BenteGunnLien Biblioteket,HVO GeirTangen FoU?konsulent,HVO FinnOveBåtevik MøreforskingVolda ElisabethMaråkStøle Direktør,MøreforskingAS / FU sak 09-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. FU sak 10-2015 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 2/2015, 17. februar Framleggtiloffentlegprotokollliggsomvedlegg1. FU sak 11-2015 FoU-strategi prosess og prinsipp Vedlegg 2: HVOs FoU-strategi for 2012-2015, vedtatt 26. april 2012. Gjeldande strategiplan:

2 Høgskulen i Voldas FoU-strategi for åra 2012-2015 vart vedteken av styret 26. april 2012. Prosessen fram mot endeleg FoU-strategi skjedde slik: 21. september 2011: Notat til avdelingane. Drøfting av innkomne svar i møte og seminar. Desember 2011: Handsaming i Forskingsutvalet. Høyringsnotat til avdelingane med svarfrist 1. mars. 23. mars endeleg handsaming i Forskingsutvalet. 26. april vedtak i styret. FoU-strategien for 2012-2015 har som overordna strategiske mål: «Kunnskap for framtida». I strategiplanen som sist vart vedteken av styret 29. oktober 2014 er dette endra til «Kompetanse for framtida». Prosess og framdriftsplan for ny strategi for FoU: Den førre strategiprosessen framstår som ryddig og inkluderande med avdelingane i ei nøkkelrolle. Avdelingsråda er truleg meir aktive i dag enn i 2011-2012 og bør kunne spele ei viktig rolle i ein ny strategiprosess. Strukturdebatten kan naturlegvis medføre heilt nye rammer for HVOs strategiarbeid, men det vil uansett vere nødvendig for HVO å gjere eit sjølvstendig arbeid med FoU-strategien. Minst like viktig er det at Høgskulen frå 1. august 2015 får nytt rektorat og to nye dekanar og ny FoU-leiar. Desse nye leiarane bør inkluderast i arbeidet med FoU-strategien og den nye strategiplanen bør endeleg vedtakast etter 1. august 2015. Saksbehandlar ber Forskingsutvalet vurdere om ei referansegruppe med eksterne representantar skal inkluderast i planarbeidet. Saksbehandlar ber Forskingsutvalet vurdere om arbeidet med ny FoU-strategi skal gjerast av FoUadministrasjonen eller ei arbeidsgruppe. Framlegg til tidsplan: 17. mars 2015: Drøfting av FoU-strategi i Forskingsutvalet. Vedtak om oppstart av strategiarbeid. Vurdering av ekstern referansegruppe. 21. april 2015: Notat blir lagt fram for Forskingsutvalet for drøfting. Vurdering av om ekstern referansegruppe skal hyrast. Notatet blir deretter sendt på høyring til avdelingane. Framlegg til høyringsfrist: 25. mai 2015. Ekstramøte i Forskingsutvalet tidleg i juni for å drøfte innkomne høyringssvar på notatet (Siste planlagde møte i Forskingsutvalet våren 2015 er 19. mai 2015.) Juni-juli: Handsaming av høyringssvar og innkomne merknader frå Forskingsutvalet. Endeleg framlegg til ny FoU-strategi frå FoU-administrasjonen. August/september: Allmøte om FoU-strategi på bakgrunn av framlegget til ny FoU-strategi.

3 September/Oktober 2015: Endeleg vedtak i saka i Forskingsutvalet og høgskulestyret. November: Formidling av FoU-strategien internt og eksternt. Strategiske rammer for FoU-arbeidet: Styret har i strategiplanen peika ut tre «nasjonale satsingsområde» for Høgskulen i Volda: a) Yrkesretta medieutdanning. b) Nynorsk i utdanning, forsking og formidling. c) Fleksible vidareutdanningstilbod. Dette er ei konkretisering som ein ikkje finn i gjeldande FoU-strategi (2012-2015). Ein ny FoUstrategi må ta stilling til i kva grad FoU-strategien kan medverke til å styrke desse nasjonale satsingsområda og vil vere relevant for prioriteringar innanfor alle verkemiddel for FoU, som tildeling av stipendiatstillingar, FoU-stipend, Små driftsmidlar og strategiske midlar. Men også i tildeling av FoU-tid. Det vil også vere naturleg at FoU-strategien konkretiserer mål for dei nasjonale satsingsområda. Korleis skal ein vurdere om desse tre felta held på eller vidareutviklar statusen som nasjonale satsingsområde? Det er muleg det bør lagast særlege FoU-strategiar eller utviklingsplanar for desse tre områda for å konkretisere slike mål. Dette lukkast berre i mindre grad i førre planperiode. Det var høgst varierande i kva grad avdelingane konkretiserte strategiplanen ned til avdelingsnivået. Saksbehandlar må likevel problematisere og åtvare mot eit for sterkt fokus på berre desse tre nasjonale satsingsområda. Der er også andre område som står midt opp i viktige endringar og som blir reflektert i andre delar av strategiplanen og der FoU-strategiar kan vere viktige. Det gjeld i alle fall desse tre spørsmåla: d) Omlegging av lærarutdanning til master frå 2017 og forsterka kompetansekrav. e) Ph.d. i helse- og sosialfag med oppstart hausten 2015 med høge kompetansekrav i staben og betydelege rekrutteringsutfordringar. f) Vidareutvikling av etablerte masterutdanningar utanfor dei tre satsingsområda. Rettigheitsbasert doktorgradsprosjekt skal ordninga halde fram? Ordninga med femårige ph.d.-stipend har fungert som ein individuell rett til fagleg tilsette som får opptak på ph.d.-studium. Denne retten er omtalt på våre nettsider og har vorte akseptert av alle aktuelle doktorgradsprogram som dokumentasjon på at finansiering av ph.d.-prosjektet er på plass. I tillegg til frikjøp av arbeidstid har dett også utløyst interne driftsmidlar til dei som går inn i femårige ph.d.-prosjekt. Skal vi halde fram med denne ordninga? Skal vi sette eit tak på kor mange som kan kome inn? Skal fellesnivået bidra med midlar og dermed gjere det endå meir attraktivt for fagmiljøa å drive kompetansebygging? Skal det tydeleggjerast at dekan uansett skal reelt godkjenne slike FoU-

4 prosjekt, og at dekan skal godkjenne søknad på førehand og dermed vurdere eit eventuelt prosjekt i høve til budsjett og strategiske prioriteringar? Timetal for 4-årige ph.d.-stipend I gjeldande strategiplan står det at HVO skal legge til rette for god gjennomføring av doktorgradsprosjekt. Ei rekkje tiltak har vorte innført retta mot stipendiatar: Utanlandsstipend, fadderordning, avhandlingsforum og stønad til språkvask. Det viktigaste tiltaket er kanskje likevel at undervisningsplikt for dei som går inn i fireårige stipend vert definert som 250 timar pr år. Det tilsvarer matematisk sett ikkje 25 prosent undervisning men kanskje nærare 15 prosent. Skal denne ordninga halde fram? Skal spørsmålet takast opp? Inntekter/frå/bidragsH/og/oppdragsaktivitet/(BOA). HøgskuleniVoldaerblanthøgskulanemedlågastandeleksterneinntekterogsenderfåsøknadertil Forskingsrådetogharogsålågtilslagsprosent.Samtidigmøterviogalleandrehøgskularstore forventningaromeksterneinntekterbådefrånasjonaleoginternasjonalekjelder særlegfråeuog Horisont2020. Korleisskalvihandteredette?Skalvialliereossmedandrehøgskular?Skalvitilsettefolksomer spesialistarpååskrivesøknader?utviklevidareordningamedsåkorn? Etablering/og/utvikling/av/forskargrupper Kvaansvarskalgruppenefå?Kvaressursarogoppgåver? Kjønn/i/toppstillingar./ HøgskuleniVoldahariplanperiodenvorte«versting»iklassennårdetgjeldandelkvinneri toppstillingar(professor/dosent)blantstatlegehøgskular.erdetteeitproblem?kvabørgjerast? Korleiskanvifådettil? Forskingsformidling/ Skaldetsatsaststerkarepåforskingsformidling/forskingskommunikasjon?SkalHVOteikne medlemskapiforskning.noogsetteavstørreinterneressursartilformidlingavdenbetydelege FoU?produksjonenvår?

Orienteringssaker: 1) StatusiSAKS,prosessen.Orienteringvedrektor. 2) ProtokollfråmøteiPh.d.,utvalet,møte2/2015.Sjåvedlegg2. 3) Nyttregelverkforkompetansevurderingogopprykk. 4) EUrådgivarMRFylke.Sjåvedlegg5. 5) StatusiplanleggingaavForskingsdagane(vedGeirTangen).Sjåvedlegg6. Møte, arrangement med meir: Huskåleggeinnstørrehendingarikalenderenpånettsida(«Komande hendingar»/«kvaskjer»). http://www.hivolda.no/hivolda/heim/kalender/?&mmonth=2&myear=2015 10.,11.mars:Solstrand,seminar(UHNettVest),Solstrand Os.

7 18.?19.mars:GLU?konferansen2015,Stavanger. 24.mars:KristnemigrantariNorden.Kontaktperson:AndersAschim. 9.april:75?årsmarkeringavstartenpå2.verdskrigen.Kontaktperson:ArnfinnKjelland. 26.mai:HERATravellingTextsseminar.Kontaktperson:MarieNedregottenSørbø. 18.?19.juni2015:Fjordkonferansen2015,Loen.Kontaktperson:JørgenAmdam. 18.?22.september2015:Forskingsdagane2015. Vedlegg: Vedlegg1:FramleggtilprotokollfråFU?møte2/2015,17.februar Vedlegg2:FoU?strategiforHøgskuleniVoldafor2012?2015. Vedlegg3:FramleggtiltildelingavSmådriftsmidlarfor2015?2016. Vedlegg4:Protokollfråmøteidoktorgradsutvaletihelse?ogsosialfag,møte1/2015. Vedlegg5:EUrådgivarMRFylke.SaksframleggogprotokollfråmøteiRegional?ognæringsutvalet formøreogromsdal,3.3.2015. Vedlegg6:StatusiplanleggingaavForskingsdagane2015(vedGeirTangen)

Forskingsutvalet UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 2/2015. Tid: Tysdag 17. februar kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) X Tor-Johan Ekeland (vara) ASH X Anne Øie AHL (prodekan) X Peder Haug AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Karen Brænne AKF X Sverre Liestøl AMF (dekan) X Pål Aam AMF X Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiatane X Aleksandra Endresen Studenttinget Serghei Levcenco Studenttinget X Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO X Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO X Geir Tangen FoU-konsulent, HVO X Finn Ove Båtevik Møreforsking Volda X Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 07-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Vedtak: Godkjent. FU sak 08-2015 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug. FU sak 05-2015 NORMALFORDELING AV ARBEIDSTID I FAGLEGE STILLINGAR VED HØGSKULEN I VOLDA (sak 05/2015 teken opp att frå møtet 27/1 til møtet 17/2) Saka er førebudd og vert lagt fram av rektor. Når det gjeld vedlegg i saka vert det vist til førre møte i Forskingsutvalet. Bakgrunn

2 Sjå presentasjon av bakgrunnen for saka i notatet til FU-møtet 27.1.2015. I det følgjande vert det gjort greie for diskusjonen i det møtet, og deretter presenterer vi eit revidert framlegg til vedtak. Diskusjonen i FU Eit sentralt spørsmål var kva ambisjonar HVO bør ha for FoU i høve til dei rammene budsjetta gjev. Dei aller fleste i utvalet ynskte framleis ein tabell med retningsgjevande prosentfordeling mellom undervisning og forsking, men det var usemje om kva høgskulen bør presentere som realistisk «normalnivå» for ulike stillingsgrupper. I saksframstillinga sist var kravet til dokumenterte FoU-resultat formulert noko varsamt: «Gjennom åra har det utvikla seg ei forståing for at det bør vere eit visst samsvar mellom tildelt FoU-tid og dokumenterte resultat». I debatten tok fleire til orde for at dette elementet bør styrkast og presiserast i sjølve vedtaket (jf. pkt. 2 i AHL-ordninga for tildeling av FoU-tid; vedlegg 3 i rapporten frå arbeidstidsutvalet). Andre moment som kom fram var at ein ikkje burde legge inn nokon skilnad i grunntildeling mellom førstelektor og førsteamanuensis, men at det derimot er rimeleg å markere eit slikt skilje mellom topp- og førstestillingane. Kategorien «fagleg fornying» kom det ikkje eintydige signal om. På den eine sida vart det argumentert for at slik fornying vil ligge inne både i undervisnings- og FoU-ressursane (utan nærare spesifisering), og på andre sida vart det nemnt at fagtilsette heilt utan FoU-tid bør ha ein eigen pott til fagleg fornying. Til rammene for det heile kom det fram at følgjande presisering frå rektor til mandatet for arbeidstidsutvalet bør inn i vedtaket: «Den til ei kvar tid gjeldande budsjettfordelingsmodellen styrer ressursfordelinga til avdelingane ved HVO. Dei ulike einingane må bruke pengar og arbeidstid innafor dei rammene som budsjetta gjev» (oppnemningsbrevet 24.10.2013). Vurdering Med utgangspunkt i vurderingane som er gjorde tidlegare og drøftingane så langt i FU, finn eg grunn til å framheve følgjande med tanke på eit nytt styrevedtak om arbeidsplanane: a) Som resultat av den pågåande strukturprosessen kan HVO om kortare eller lengre tid verte fusjonert med ein eller fleire institusjonar som til dels har veikare tradisjonar for og prioritering av FoU enn oss. I denne stoda er det strategisk viktig å stadfeste hovudlinjene i den politikken HVO har ført og som gjer at vi er mellom dei beste høgskulane når det gjeld vitskapleg kompetanse og FoU-produksjon. b) At tildeling av FoU-tid føreset dokumentasjon av relevante resultat bør vere sjølvsagt, og eit punkt om det vert teke inn i framlegget til vedtak nedanfor. Det same gjeld utgangspunktet om at budsjettmodellen styrer ressursfordelinga til avdelingane. c) Det er ei leiaroppgåve å syte for forsvarleg balanse mellom behova i utdanningane og arbeidsinnsatsen frå dei tilsette frå semester til semester. Individuelle arbeidsplanar skal utformast på bakgrunn av medarbeidar-samtalar og avtalar som kan variere frå år til år.

3 d) Det som er sagt i punkt c motseier ikkje behovet for ei rettleiande normal-fordeling. Eit slikt sams utgangspunkt gjer arbeidet med avtalane meir føreseieleg og mykje meir handterleg (særleg i dei største avdelingane) enn om drøftingane med kvar tilsett måtte starte kvart år utan ei slik rettleiing. Det er også eit viktig poeng å kunne syne til den vedtekne tabellen når vi skal rekruttere fagfolk utanfrå. e) Rektor registrerer at det er sterk motstand i organisasjonen mot å skilje i utgangspunktet mellom førsteamanuensar og førstelektorar, men at det er større forståing for å skilje mellom desse og kategorien professor/dosent. Det nye framlegget til vedtak er revidert i samsvar med dette. f) I det førre framlegget var der ein «restpott» til administrasjon og/eller fagleg fornying på 10%. Etter runda i FU og ny vurdering vert fagleg fornying heller inkludert i FoU-potten, og administrasjon står igjen med 5%. Tilsette utan FoU-tid må gjerne få avtale om noko tid til fagleg fornying, men dette er unnatak som gjeld relativt få (til liks med kategoriane høgskulelærar og mellombels tilsette) som ikkje treng eigen spesifikasjon i tabellen). g) Kva konkrete prosentsatsar ei «normalfordeling» skal ha for dei ulike stillingskategoriane, kan sjølvsagt diskuterast ut frå ulike omsyn. Det har også vore gjort i utgreiingane som ligg bak denne saka. Til sjuande og sist vert det ei viss skjønsvurdering. Som tidlegare nemnt bør tida vere mogen for å skilje litt meir mellom ulike stillingstypar enn før, men ikkje så grunnleggande som arbeidsplanutvalet la opp til i rapporten av 12.3.2014. Behandling i Forskingsutvalet: Det vart reist to alternative framlegg: Alternativ 1: Reist av Per Halse og justert når det gjeld ordlyd i punkt 4 i opphavleg framlegg. Alternativ 2: Reist av Aud Folkestad og Karen Brænne med endra ordlyd i punkt 2 og stryking av punkt 4 i opphavleg framlegg. Alternativ 1: FU rår høgskulestyret til å gjere slikt vedtak: 1. Den vedtekne budsjettfordelingsmodellen styrer ressursfordelinga til avdelingane ved HVO. 2. Dekanane er ansvarlege for at det vert gjort individuelle arbeidsplan-avtalar med dei fagtilsette for kvart studieår. 3. Fordelinga av arbeidsoppgåver skal ta omsyn til kompetanse, interesser og aktuelle behov i avdelingane. 4. Styret føreset at følgjande retningsgjevande fordeling vert praktisert med fleksibilitet: Stilling Undervisning FoU Adm.

4 Prof./dosent 50 45 5 Førsteam./førstelekt. 55 40 5 Høgskulelektor 65 30 5 5. Alle fagmiljø bør ha avtale om at ein tilsett med topp-kompetanse skal bruke inntil 15% av undervisningsressursen til forskingsleiing og rettleiing av kollegaene. 6. Tildeling av FoU-tid føreset dokumenterte resultat gjennom dei tre siste åra. Alternativ 2: FU rår høgskulestyret til å gjere slikt vedtak: 1. Den vedtekne budsjettfordelingsmodellen styrer ressursfordelinga til avdelingane ved HVO. 2. Dekanane er ansvarlege for at det vert gjort individuelle arbeidsplan-avtalar med dei fagtilsette for kvart studieår. FoU-tid vert tildelt etter søknad og skriven inn i arbeidsplanavtalen. 3. Fordelinga av arbeidsoppgåver skal ta omsyn til kompetanse, interesser og aktuelle behov i avdelingane. 4. (Går ut) 5. Alle fagmiljø bør ha avtale om at ein tilsett med topp-kompetanse skal bruke inntil 15% av undervisningsressursen til forskingsleiing og rettleiing av kollegaene. 6. Tildeling av FoU-tid føreset dokumenterte resultat gjennom dei tre siste åra. Vedtak: Alternativ 1 er vedtatt med 7 mot 4 røyster. Protokolltilføsel: Aud Folkestad og Karen Brænne leverte deretter inn følgjande protokolltilførsel: Vi ber styret vurdere nøye konsekvensane av vedtaket Forskingsutvalet har gjort i denne saka. Sjølv om vedtaket eksplisitt gir uttrykk for fleire tilhøve som kan medføre at FoUprosenten til den einskilde kan bli lågare enn "norma" som kjem til uttrykk i skjemaet, vert det skapt eit inntrykk av at dette er ei arbeidsfordeling tilsette på HVO bør kunne rekne med å få. Med bakgrunn i den økonomiske situasjonen for AKF, den avdelinga vi kjenner best, må vi minne om at ei slik forventing ikkje kan oppfyllast. Som styret er gjort merksam på gjennom årlege rapporteringar, har seksjonane på AKF stadig vore avhengig av å kutte i FoU for å kunne drifte avdelinga innafor tildelt ramme.

5 Dersom styret er samd med fleirtalet i Forskingsutvalet og legg framlagde mal til fordeling til grunn, må vi rekne med at styret meiner HVO har økonomi til å gjennomføre ordninga. Vi vil då be om at styret tar opp att økonomimodellen for høgskulen med sikte på å gi AKF ei slik ramme at vi kan oppfylle målsettinga som kjem til uttrykk i modellen. Førsteamanuensis og seksjonsleiar Karen Brænne Dekan Aud Folkestad Orienteringssaker: 1) Status i SAKS-prosessen. Orientering ved rektor. 2) Strategisk høgskolefond for Møre og Romsdal. Orientering ved rektor. Vedlegg 2: Notat utarbeidd i samarbeid mellom dei tre høgskulane. 3) FoU-budsjettet for 2015. Orientering ved direktør (teken opp att frå førre møte). 4) FoU-administrasjonen pågåande omorganisering. Orientering ved direktør (teken opp att frå førre møte). 5) Pr 12. februar hadde det meldt seg 20 søkjarar på Små driftsmidlar via det elektroniske søknadsskjemaet. Det vil bli sendt ut påminning ei veke før fristen går ut. 6) Arbeid i ph.d.-utvalet for helse- og sosialfag. Status ang studiet. Orientering ved Tor-Johan Ekeland. Vedlegg 3: Protokoll frå møte i doktorgradsutvalet i helse- og sosialfag, møte 1/2014, 10. desember 2014. 7) Nyhendeklipp frå strukturdebatten er tilgjengeleg på denne nettsida: https://www.evernote.com/pub/johrop/strukturdebatt Møte, arrangement med meir: Husk å legge inn større hendingar i kalenderen på nettsida («Komande hendingar»/«kva skjer»). http://www.hivolda.no/hivolda/heim/kalender/?&mmonth=2&myear=2015 30.-31. januar 2015: NODA15, Nordisk konferanse om datajournalistikk, Ålesund o www.noda15.no 9. februar: Møte i ph.d.-utvalet i helse- og sosialfag. 10. februar: Møte med Næringsforum på Søre Sunnmøre 10. februar: Forskingsrådets dialogmøte med høgskulane (Rektor representerte HVO). 17. februar: Seminar i forum for livsløpsforsking.

6 18. februar: Møte i publiseringsutvalet. 19. februar: Møte mellom leiinga for høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer (på Lillehammer). 4.-5. mars: Seminar i kvantitative metodar, HVO. Kontaktperson: Kåre Heggen. 10.-11. mars: Solstrand-seminar (UH Nett Vest), Solstrand Os. 24. mars: Kristne migrantar i Norden. Kontaktperson: Anders Aschim. 9. april: 75-årsmarkering av starten på 2. verdskrigen. Kontaktperson: Arnfinn Kjelland. 26. mai: HERA Travelling Texts seminar. Kontaktperson: Marie Nedregotten Sørbø. 18.-19. juni 2015: Fjordkonferansen 2015, Loen. Kontaktperson: Jørgen Amdam. 18.-22. september 2015: Forskingsdagane 2015. Vedlegg: Vedlegg 1: Framlegg til protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar Vedlegg 2: Oppsummering frå møte med høgskulane 6. februar 2015. Høgskulefond utarbeiding av felles kompetanseplan Vedlegg 3: Protokoll frå møte i doktorgradsutvalet i helse- og sosialfag, møte 1/2014, 10. desember 2014.

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015 Godkjend av styret 26. april 2012 FoU ved Høgskulen i Volda mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak Side 1 av 5

INNLEIING Alle statlege høgskular skal basere verksemda på det fremste innan forsking. Høgskulen i Volda utarbeider difor fireårsplanar for forsking- og utvikling. Den førre planen, for 2008-11, og evalueringa av denne i Forskingsmeldinga for 2011, har vore grunnlaget for arbeidet med ny plan. Arbeidet har vore leidd av prorektor og Forskingsutvalet. Møreforsking har delteke gjennom sin representant i Forskingsutvalet. Det har vore viktig i prosessen å bygge ein ny strategiplan på dei erfaringar som har vore gjort med den gamle, og på nye utfordringar vi står overfor. Starten var difor eit notat sendt til avdelingane 21. september 2011, der alle institutt vart oppmoda om å kome med innspel. I løpet av november kom det inn svar frå dekanar, instituttleiarar og enkeltforskarar. I tillegg vart FoU-strategi drøfta i møte og seminar. Forskingsutvalet handsama utkastet til strategiplan i desember, og det vart sendt på høyring med svarfrist 1. mars 2012. Det kom inn høyringssvar frå alle avdelingane, stipendiatane, Møreforsking, Forskarforbundet og Utdanningsforbundet. Desse vart lagt fram for Forskingsutvalet 23. mars. Endeleg utkast vart deretter utarbeidd av rektoratet og handsama i HVO styret 26. april. 1. Visjon for HVO: Kunnskap for framtida Høgskulen i Volda skal bygge FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vår skal utviklast vidare på dette grunnlaget. 2. Utfordringar HVO treng å: sikre fagtilsette betre utnytting av FoU-delen av stillingane skape fleire høve til konsentrerte FoU-bolkar få betre gjennomstrøyming av doktorgradskandidatar rekruttere fleire kvinner til faglege toppstillingar få til betre kollegarettleiing få fleire FoU-aktive få auka søknads- og prosjektleiingskompetanse utnytte eigarskapen til Møreforsking til felles forskingssatsingar få meir eksternt finansiert forsking få meir fokus på internasjonalisering 3. Overordna mål Forsking og utviklingsarbeid ved høgskulen har som overordna mål å bidra til kunnskapsutvikling innanfor alle høgskulens utdanningsområde. Forsking og utvikling ved høgskulen skal: halde oppe og utvikle høg kompetanse gjennom forsking på fag vi underviser i styrke det forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget på bachelor- og masterutdanningane Side 2 av 5

bidra til kunnskapsbasert praksis, og kritisk og reflektert profesjonsutøving vektlegge FoU i profesjons- og fagutdanning for skule og samfunn vektlegge FoU innanfor nynorsk, språk og kulturforståing, mediefag, religion/etikk, historie og praktisk-estetiske fag legge praktisk til rette for at fagtilsette kan konsentrere FoU-timane til bolkar eller forskingsterminar auke andelen FoU-aktive gjennom kollegarettleiing arbeide for at alle avdelingar får naudsynt toppkompetanse med tanke på nasjonale og internasjonale forskingsoppdrag samarbeide med Møreforsking om gjensidig utvikling av FoU-verksemda legge til rette for at stipendiatane kan gjennomføre doktorgradsarbeidet på normert tid bidra til utvikling og innovasjon i arbeidslivet, særleg i vår region ha internasjonal standard, aukande samarbeid med forskarar i andre land også innafor EUprogramma 4. Resultatmål i planperioden Alle tilsette med FoU-ressurs har i perioden delteke med innlegg på konferanse, artikkel i tidsskrift eller kunstnarleg/fagleg utviklingsarbeid registrert i Cristin. Minst 50 % av dei tilsette med FoU-ressurs har kommunisert faget sitt internasjonalt: på konferanse, i antologi, monografi, tidsskrift eller prosjektdeltaking. HVO er blant de fem beste i høgskulegruppa når det gjeld publikasjonspoeng pr. fagleg tilsett. Minst 50% av alle fagtilsette har førstekompetanse. Minst fem fleire kvinner har dosent- eller professorkompetanse. Forskarar ved HVO har delteke i fleire EU-finansierte forskingsprosjekt/nettverk. Minst 75 % av dei som har planlagt å fullføre doktorgrad med støtte frå HVO i planperioden har fullført. HVO har fått tilslag på minst eitt nytt SHP-prosjekt (Strategiske høgskuleprogram) og ytterlegare tre NFR-finansierte prosjekt (Noregs forskingsråd). 5. Strategiske arbeidsmåtar 1. Høgskulen vil i perioden satse spesielt på meir effektive måtar å nytte FoU-ressursen i stillingane. Vi har gode resultat i dag, men potensialet er større. Avdelingane/institutta bør difor legge til rette for at FoU-ressursen kan bli tatt ut i konsentrerte bolkar, gjerne i heile semester. Ved planlegging over to år vil ein til dømes kunne undervise meir i tre semester og ta ut det fjerde som forskingstermin. Tiltaket krev ingen ekstra kostnader, men vil kunne gje god økonomisk og fagleg utteljing. Side 3 av 5

2. Det blir forventa at fagleg høgskuletilsette driv FoU-arbeid. Dekanen har ansvar for at forskingsplikta blir oppfylt. Plan for bruk av FoU-ressursen skal godkjennast av dekan på førehand, og rapport skal leverast for kvart kalenderår. Dekan syter for oppfølging av dei som ikkje er aktive. 3. Høgskulen vil følgje opp dei interne forskingsprogramma som vart tildelt i førre periode og evaluere desse med tanke på moglege nye satsingar på andre fagfelt. 4. Høgskulen vil vidareføre ordninga med små driftsmidlar til enkeltforskarar med gode prosjekt. 5. Høgskulen skal framleis ha ein intern fordelingsmodell for FoU-inntekter for å sikre brei og relevant fagleg aktivitet. 6. Høgskulen vil styrke finansieringa av FoU-stipenda. 7. HVO vil nytte seg av ressursane som ligg i forskarskulane vi har avtale med: Religions, Values, Society, Nasjonal Forskerskole for Lærerutdanning og Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, og delta i etableringa av nye forskarskuler innanfor strategisk viktige område. 8. Stipendiatar skal følgjast opp slik det går fram av regelverk for stipendiatar, revidert 2011. Rettleiinga skal ha spesielt fokus på planlegging for gjennomføring. Ein skal nytte seg av stipendiatane sine erfaringar og undervegs-evaluering for å sikre god tilrettelegging. 9. Kvinner som er nær toppkompetanse, vil bli prioriterte ved tildeling av stipend, stønader eller forskingstid inntil målsettinga om fem fleire er nådd. 10. Toppkompetansen bør nyttast strategisk t.d. for å drive fag/respons-grupper der tilsette kan legge fram uferdige arbeid. Spesielt kan den rettast mot nyare tilsette som treng råd for å skrive konferansepaper/artikkel. Også professor II-stillingane bør nyttast slik. 11. HVO vil oppmuntre til studentaktiv forsking. 12. Alle avdelingane skal i samråd med informasjonskontoret aktivt spreie opplysing om gode FoU-resultat til oppmuntring for dei som står bak, og til profilering av verksemda. 13. Vi skal søkje om nye prosjekt innanfor SHP og prioritere arbeid med søknader mot andre fagleg relevante NFR-program. 14. HVO skal samarbeide om forskingsprosjekt innanfor Mørealliansen, Midtnorsk Nettverk og UHnettVest. 15. Vi skal vere med på søknader i internasjonale prosjekt, t.d. under Horizon 2020. 16. HVO skal auke omfanget av anvendt forsking mellom anna gjennom betre samarbeid med Møreforsking. 6. Tiltak på fellesnivå Evaluere program for fagdidaktisk forsking i løpet av 2012 Evaluere program for profesjonsforsking i 2013 Desse evalueringane skal gje grunnlag for å vurdere eventuell ny programsatsing Evaluere og eventuelt vidareføre førstelektorkurset Utarbeide tiltak for å stimulere til FoU-samarbeid på tvers av avdelingar for å nytte kompetanse og ressursar på best måte Side 4 av 5

Sikre betre koordinering av ressursane i forskarskular, kurs og forum for stipendiatar og tilsette Gjere ein gjennomtenking av HVO sine personalbehov og prioritere framtidig stipendiatsatsing Utvikle felles kriterier for tildeling av FoU-ressurs Legge vekt på å auke søknads- og prosjektleiingskompetansen Følgje opp nytilsette med tanke på kompetanseplan 7. Strategiar og tiltak på avdelingsnivå Med grunnlag i den overordna FoU-strategien til HVO skal avdelingane innan utgangen av 2012 foreslå for styret: 1. Strategiske satsingsområde på avdelingsnivå, knytt til behovet for forskingsbasert undervisning på bachelor, master- og eventuelt doktorgradsnivå i fireårsperioden 2. Plan for utnytting av FoU-ressursen i stillingane, med spesiell vekt på mogleg bolkelegging/forskingstermin 3. Tiltak som kan oppmuntre kvinner til å utvikle toppkompetanse 4. Tiltak som kan betre gjennomføringsgraden for doktorgradskandidatar 5. Tiltak som kan auke omfanget av oppdragsverksemd 6. Tiltak som kan auke graden av internasjonalt engasjement Side 5 av 5

MØTEPROTOKOLL Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag Dato: 09.02.2015 kl. 10:00 15:00 Sted: Høgskolen i Ålesund, A-434 Arkivsak: 14/01860 Tilstede: Møtende varamedlemmer: Forfall: Med møte- og talerett: Protokollfører: Stål Bjørkly, Tor-Johan Ekeland, Kåre Heggen, Jan Inge Sørbø, Else Lykkeslet Else Lykkeslet for Eva Johanne Gjengedal Eva Johanne Gjengedal, Solfrid Vatne, Atle Ødegård Harald Martin Hjelle (Delvis møtt), Johann Roppen Vera Høstmark SAKSKART Vedtakssaker 1/15 14/01860-23 Godkjenning av innkalling og sakliste 2/15 14/01860-24 Godkjenning av protokoll fra møte 10.12.2014 3/15 14/01880-4 Revidering av studieplan og emnebeskrivelser 4/15 14/01884-2 Søknadsskjema for opptak 5/15 14/01860-25 Beskrivelse av prosedyrer for opptak 6/15 15/00114-1 Utlysningstekst stipendiatstillinger 7/15 14/01860-32 Websider for ph.d-studiet 8/15 14/01884-3 Avtaleskjema og oppfølging av avtaler 9/15 14/01860-26 Nasjonale forskerskoler 10/15 Eventuelt 1

Orienteringssaker 1/15 14/01575-2 Doktorgrader annet halvår 2014 2/15 15/00097-1 Turbovurdering av utenlandsk utdanning i forbindelse med ph.d.-opptak 1/15Godkjenning av innkalling og sakliste Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 1/15 Møtebehandling Utvalgssekretærens kommentarer til innkallingen: Ber om at alle svarer raskt på møteinnkalling, slik at evt. forfall registreres og varamedlem kan innkalles. Frist for innsending av saker til utvalgsmøter vil normalt være to uker før møtet, slik at sakspapirer kan sendes medlemmene én uke før møtet. Neste møte skal holdes 20. april, og frist for innsending av saker er 7. april. Utvalget ønsker at sakspapirene sendes alle medlemmer og varamedlemmer. Vedtak Innkalling og saksliste godkjennes. Det er meldt 2 saker til Eventuelt: Fra Jan Inge Sørbø: Samarbeid med Helse Møre og Romsdal Fra Johann Roppen: Forretningsorden for utvalget 2/15Godkjenning av protokoll fra møte 10.12.2014 Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 2/15 Vedtak Protokollen fra møte i doktorgradsutvalget 10.12.2014 godkjennes. 3/15Revidering av studieplan og emnebeskrivelser Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 3/15 2

Vedtak Doktorgradsutvalget for helse- og sosialfag godkjenner forslaget til revidering av studieplan for ph.d.-studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøvelse mellom fag, bruker og forandring, med noen mindre endringer. Litteraturlistene plasseres etter hvert kurs. Teksten korrekturleses og layout sjekkes før publisering. Studieplan og emnebeskrivelser publiseres hos begge institusjoner. Studieplanen følger med protokollen som vedlegg. Det skal utarbeides rutiner for midtveisevaluering, jf. studieplanens pkt. 7. Doktorgradsutvalget vedtar følgende plan for frekvens og oppstart av kurs: Alle obligatoriske kurs skal normalt tilbys innenfor en 2-års periode. - Strukturelle vilkår for profesjonsutøvelse: Høst 2015 - Fordypning i kvalitativ forskningsmetode: Høst 2015 (ved UiB, uke 41 og 49) - Vitenskapsteori og etikk: Vår 2016 - Fordypning i kvantitativ forskningsmetode og mixed methods: Vår 2016 Nøyaktig dato for kursene som tilbys ved HVO eller HiMolde avgjøres i samråd med institutt/avdeling og kursansvarlige. Valgfrie kurs: Det skal tilbys 2 valgfrie kurs i løpet av 2016. Hvilke kurs som tilbys først skal vurderes etter at det er klart hvilke ph.d.-prosjekter som skal startes opp. 4/15Søknadsskjema for opptak Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 4/15 Vedtak Doktorgradsutvalget for helse- og sosialfag godkjenner det fremlagte forslaget til søknadsskjema for opptak til ph.d.-programmet i helse- og sosialfag, med noen endringer. Skjemaet publiseres snarest på institusjonenes websider. Søknadsskjemaet følger med protokollen som vedlegg. 5/15Beskrivelse av prosedyrer for opptak Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 5/15 Vedtak Doktorgradsutvalget for helse- og sosialfag godkjenner følgende beskrivelse av prosedyrer for opptak til ph.d.-programmet for helse- og sosialfag: 3

1. Søknad om opptak behandles fortløpende i høgskolenes felles doktorgradsutvalg 2. Søknad om opptak skal sendes inn på fastlagt skjema til en av høgskolenes kontoradresser 3. Behandling av saken følger de vanlige prosedyrer for behandling av saker i doktorgradsutvalget 4. Kvalifiserte søkere kan tas opp til ph.d.-program under forutsetning av at finansieringen går i orden. Det gis en tidsbegrensning på tre (3) måneder. Finansiering etter denne fristen innebærer normalt ny søknad. 5. Behandlingstid for søknaden er avhengig av doktorgradsutvalgets møteplan. Forventet behandlingstid varsles til søker. 6. Doktorgradsutvalgets vurdering av søknaden skal være skriftlig. 7. Søker får skriftlig svar via sekretæren i doktorgradsutvalget 8. Søkere har klagerett, jf Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.), med utfyllende retningslinjer 6/15Utlysningstekst stipendiatstillinger Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 6/15 Møtebehandling Det fremlagte forslaget til utlysningstekst for stipendiatstillinger fra Høgskulen i Volda ble ikke tatt opp til behandling, da stillingene allerede er lyst ut. Vedtak Doktorgradsutvalget for helse- og sosialfag har behandlet utkast til utlysningstekst for stipendiatstillinger fra Høgskolen i Molde. Utvalget har følgende kommentarer: Utlysningen må også gi mulighet for 3-års stipendiatperiode, under henvisning til at ph.d.-utdanningen er normert til 3-års studietid. Det henvises til Høgskulen i Voldas utlysningstekst: «Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Eventuelt kan tilsettingsperioden forlengast til fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål». Utvalget foreslår at denne setningen tas ut: «Prosjektbeskrivelsen skal arbeidast vidare i samråd med hovudrettleiar (som peikast ut av doktorgradsutvalet)». Utvalget ønsker at det tas med informasjon om tiltredelse, knyttet til forholdet mellom spørsmålet om tilsetting og opptak. Se Høgskulen i Voldas tekst: «Dei som blir tilsette må søkje og bli tatt opp på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram før dei kan ta til i stillingane. ( ) Tiltreding er difor etter avtale.» Utvalget anbefaler at det lages en felles annonse for utlysning av stipendiatstillingene. Utvalget har følgende forslag til felles annonsetekst: 5 ledige stipendiatstillingar i ph.d.-progammet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøvelse mellom fag, brukar og forvaltning 4

Høgkulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap ei breitt orientert doktorgradsutdanning innan helse- og sosialfag. 2 av stillingane er i Volda og 3 av stillingane er i Molde. Opptakskrav er mastergrad innan helse- og sosialfag eller tilsvarande. Talet på stillingar kan aukast om det melder seg mange gode søkjarar. Sjå nærare informasjon om ph.d.-programmet 7/15Websider for ph.d-studiet Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 7/15 Møtebehandling Websidene ble tatt opp til diskusjon i møtet. Vedtak Doktorgradsutvalget ønsker jevnlig å vurdere innhold og presentasjon av websider for ph.d.-programmet. Dette tas opp på hvert utvalgsmøte fremover. Leder i utvalget er redaksjonskomité. De foreslåtte justeringer som fremkom under møtet følges opp av webansvarlig. 8/15Avtaleskjema og oppfølging av avtaler Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 8/15 Vedtak Doktorgradsutvalget for helse- og sosialfag tar de gjeldende avtaleskjemaer for ph.d.- utdanningen til etterretning 9/15Nasjonale forskerskoler Behandlet av Møtedato Saknr 1 Doktorgradsutvalg for helse- og sosialfag 09.02.2015 9/15 Møtebehandling Tor-Johan Ekeland orienterte om bakgrunnen for et evt. samarbeid med Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Vedtak Saken tas til etterretning. Utvalget ønsker ytterligere orientering om nasjonale forskerskoler, og saken settes opp som orienteringssak til neste møte. 5

10/15Eventuelt Behandlet av Møtedato Saknr Møtebehandling To saker er meldt til eventuelt: Jan Inge Sørbø orienterte om kontakt med Helse Møre og Romsdal, i forbindelse med interesse for phd.-kandidater, og oppfordret til fortsatt kontakt. Johan Roppen etterlyste forretningsorden for doktorgradsutvalget. Vedtak Informasjon om utlyste stipendiatstillinger og om ph.d.-programmet, inkl brosjyrer og lenke til websider, oversendes Helse Møre og Romddal. Utvalget oppfordrer at det tas kontakt med forskningsansvarlig i helseforetaket. Sak om forretningsorden for doktorgradsutvalget settes opp til neste møte i utvalget. Orienteringssaker Saknr Arkivsak Tittel 1/15 14/01575-2 Doktorgrader annet halvår 2014 2/15 15/00097-1 Turbovurdering av utenlandsk utdanning i forbindelse med ph.d.-opptak Vedtak Orienteringssakene tas til etterretning. 6

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.01.2015 4627/2015 Anna-Marie Hatlestad Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 03.03.2015 Horisont 2020 støttefunksjon Bakgrunn Partnerskapet for Handlingsplan verdiskaping fekk i oktober 2014 orientering om EU sitt nye forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Utgangspunktet for denne orienteringa er at Noreg, som fullt medlem i programmet, har som mål å auke tilbakeføringsrata frå kontingenten som Noreg betaler inn. I partnerskapsmøtet kom det fram at det er krevjande for FoU-miljøa å orientere seg i mengda av utlysingar, satsingsområde og prosjektkrav som ligg i Horisont 2020 og andre EUprogram som Noreg har tilgang til. Partnerskapet fremja difor eit forslag om at fylkeskommunen i ein overgang kan finansiere ein Horisont 2020 støttefunksjon. Målet er å auke både arbeidslivet og FoU-miljøa i Møre og Romsdal si deltaking i Horisont 2020 og andre relevante EU-program. Vurdering I 2014 blei EUs nye forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020 lansert. Programmet er verdas største forskingsprogram og har ei økonomisk ramme på 77 milliardar euro over sju år. Brorparten av Norges auke i forskingsmidlar i 2014 gjekk til å auke vår del av kontingenten til programmet. Dette inneber at Norge betalar inn mellom 17-18 milliardar kroner i perioden 2014-2020. Regjeringa har som mål at Noreg skal auke den norske deltakinga med om lag 60 prosent i høve til 7. rammeprogram. 1 Norske bedrifter, offentlige institusjonar og FoU-miljø kan delta på same vilkår som verksemder frå EUs medlemsland. Det nye rammeprogrammet har tre hovudprioriteringar/pilarar: Bygge framifrå forskingsmiljø (Excellent Science) Her er fokuset på ordningar som styrkar og utviklar grunnlaget for kvalitet innan europeisk forsking. Det blir gitt støtte til grensesprengande forsking, utvikling av og tilgang til forskingsinfrastrukturar, mobilitet og karriereutvikling, framtidige og framspirande (radikalt nye) teknologiar. Industrielt leiarskap- skape eit konkurransedyktig næringsliv (Industrial Leadership) Målet er å gjere Europa til ein attraktiv stad å drive industri. Dette skal ein oppnå gjennom strategiske investeringar i mogleggjerande teknologi (mikro-, nano-, bioteknologi o.l.), lette tilgangen til risikokapital, og gi støtte til små og mellomstore bedrifter som har stort vekstpotensial. 1 Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU (Kunnskapsdepartementet).

Møte dei store samfunnsutfordringane - f.eks. miljø, klima, energibruk, aldrande befolkning (Societal Challenges). I Horisont 2020 vert det i større grad enn i tidlegare program lagt vekt på dei store samfunnsmessige utfordringane og på at dette krev kunnskapssamarbeid mellom offentlege aktørar, FoU-miljø og næringsliv. Utfordringane er konkretisert slik: helse, demografi og velferd matsikkerheit, marin og maritim forsking, berekraftig landbruk og bioøkonomi sikker, rein og effektiv energi smarte, grøne og integrerte transportløysingar klima, ressurseffektivitet og råmateriale inkluderande og innovative samfunn sikrare samfunn Kort summert kan vi seie at Horisont 2020 skal bidra til at Europa kan auke konkurranseevna og gi ei berekraftig utvikling gjennom kunnskap og innovasjon. Sidan ein større del av forskingsmidlane no blir kanalisert via EU-systemet må Noreg auke deltakinga i Horisont 2020 for å oppretthalde og auke forskingsinnsatsen i landet. Kvifor skal Møre og Romsdal delta i programmet? Horisont 2020 er både eit forskings- og innovasjonsprogram. Programmet gir både forskingsmiljø og arbeidslivet elles (både privat og offentleg sektor) tilgang på finansiering av forskings- og innovasjonsprosjekt. Støttegraden er høgre enn det nasjonale ordningar har høve til å gi 2. Gode finansieringsvilkår kan difor også bidra til å auke forskingskapasiteten ved høgskulane våre fordi eigeninnsatsen blir mindre. Ein kan difor tilsette fleire forskarar eller la eigne forskarar forske meir. Norske miljø har ikkje utnytta moglegheitene i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet godt nok. Universitet og høgskolar, forskingsinstitutt, helseføretak og næringslivet har difor eit stort potensial for å auke deltakinga i Horisont 2020. Deltaking i Horisont 2020 krev at ein må finne saman med andre miljø i Europa som søkjer å finne løysing på dei same utfordringane. Internasjonalt samarbeid vil bidra til å bygge opp vitskapelig kvalitet, styrke innovasjons- og konkurranseevna i fylket. Medverknad i internasjonale prosjekt vert av nasjonale myndigheiter sett på som eit kvalitetsstempel for forskingsmiljøa. Å motivere, stimulere og støtte miljøa slik at dei kan verte internasjonalt konkurransedyktige vil derfor gje regionen ein betre posisjon i høve til nasjonal finansiering. Gjennom deltaking i EU-prosjekt vil regionen bli synleggjort internasjonalt og såleis framstå meir attraktiv for personar med høg kompetanse. Det er verdt å merkje seg at dei utfordringane som mykje av næringslivet i regionen møter nettopp dreier seg om dei globale utfordringane som er adressert i H2020. 2 Sidan EU ikkje er ein nasjonalstat slår ikkje statstøtteregelverket inn. I praksis medfører dette at støttesatsen som regel ligg over det den einskilde nasjonalstat kan gi. 2

Kunnskapsoppbygginga vil skje både innanfor den europeiske og den globale marknaden. Både forskarar og bedrifter kan utvikle forskar- og bedriftsnettverk. For den einskilde forskar kan det gi auka moglegheiter for karriereutvikling. Aktørar som deltek er dessutan meir synlege og attraktive som samarbeidspartnar både i Europa og internasjonalt. Fylket får tilgang på forskarar som arbeider i forskingsfronten gjennom nettverka som ein byggjer opp. Ved neste korsvei finn vi desse igjen som gjesteforelesarar eller gjesteforskarar ved høgskulane i fylket. Får å få støtte til eit prosjekt må ein svare på korleis prosjektet kan bidra til å løyse utfordringane som Europa står overfor, jamfør dei tre hovudpilarane i programmet. Deltaking i programmet vil difor utvikle løysingar på samfunnsbehov enten det gjeld gode helse- og velferdstenester eller bærekraftig energiforsyning. Deltaking gir oss høve til å dele kostnader ved kostbar forskingsinfrastruktur og gir oss auka tilgang til slike. Dette kan vise seg å vere svært viktig for fylket sine FoU-miljø som i liten grad har høve til å bygge opp slik infrastruktur med nasjonale midlar. Utviklinga i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet skjer raskt, og det er viktig at fylket sine forskingsmiljø og bedrifter deltek slik at vi ikkje går glipp av mogligheitene som ligg i samarbeidet. Behov for ein Horisont 2020 støttefunksjon i FoU-miljøa i Møre og Romsdal Regjeringa sitt mål om å auke den norske deltakinga i Horisont 2020 med 60 prosent er eit ambisiøst mål og det krev auka deltaking i alle delar av landet. I fylket sin eigen FoU-strategi er hovudmålet å «auke forskingsbasert innovasjon i nærings- og arbeidsliv i regionen». Begge måla inneber at FoU-miljø og arbeidslivet aukar det internasjonale samarbeidet. Fleire moment talar for at FoU-miljøa i fylket har behov for starthjelp for å nå desse måla: Høgskulane deltar i mindre grad i EUs forskingsprogram enn universiteta. Noko av forklaringa til dette er at høgskulane ikkje har dei same økonomiske føresetnadane til å etablere eit eige støtteapparat rundt Horisont 2020. Dei tre høgskolane i fylket har lågt statleg tilskot per studieplass og per tilsett. Det gir lite rom for å finansiere ein slik støttefunksjon over eigne budsjett i alle fall i ein oppstartfase. Universiteta og dei nasjonale forskingsinstitutta har bygd eigne støttefunksjonar ved sine institusjonar. Håpet for våre institusjonar er at volumet av EU-prosjekt kan bli så stort etter kvart at det kan sikre eigen finansiering av ein slik funksjon via generert aktivitet. Høgskolane i fylket får svært få av dei statleg finansierte doktorgradsstillingane. Dei aller fleste av desse blir tildelt universiteta i dei store byane. Skal høgskolane styrke seg fagleg er dei avhengige av å produsere doktorkandidatar. Ei alternativ finansieringskjelde for dette er EUprosjekt. Sterke fagmiljø ved høgskolane i fylket bidreg til å sikre kompetanse som kan komme arbeidslivet i fylket til gode både gjennom forskingssamarbeid og ved å sikre gode utdanningstilbod som er relevante for arbeidslivet i regionen. 3

Instituttsektoren som Møreforsking er ein del av, har ikkje eigne doktorgradsprogram og manglar difor finansiering av PhD-utdanninga. Møreforsking er derfor heilt avhengig av prosjektfinansiering for å finansiere sine stipendiatar. Prosjektdeltaking i EU-prosjekt er derfor viktig for Møreforsking. EU-prosjekt er i tillegg ein indikator som instituttsektoren blir vurdert etter i høve til å oppretthalde statusen som forskingsinstitutt og dermed få grunnløyving over statsbudsjettet. Å ha ordningar som bidreg til å stimulere til deltaking i Horisont 2020 er derfor viktig for Møreforsking. Horisont 2020 programmet er omfattande og områda som ein må orientere seg innanfor og talet på utlysingar er mange. Det er difor svært ressurskrevjande å sette seg inn i alle moglegheitene som finst, samt omfattande prosjekt- og prosedyrekrav. Forskingsrådet har oppretta Nasjonale kontaktpunkt (NCP). Talet på NCPar er i samband med Horisont 2020 auka til 40 kontaktpersonar. Desse er fordelt innan 9 ulike satsingsområder. Dette gir eit bilete av kor omfattande det er å ha kunnskap om programmet. FoU-miljøa i fylket vil difor ha stor nytte av å få tilgang til ein ressurs som kan hjelpe forskingsmiljøa med å halde seg orientert i mengda av relevante utlysingar. Ein slik ressurs kan dessutan bidra til å redusere risikoen ved å vere med i prosjekt gjennom rådgiving både i start- og sluttfase av prosjektetablering. Ein person kan vanskeleg halde seg orientert om alle moglegheiter som finst innafor det som kan tenkast å vere relevant for forskingsmiljøa i Møre og Romsdal. Innhaldet i ei slik stilling må difor avgrensast. Målet for fylkeskommunen må vere at forskingsmiljøa våre gjennom deltaking i Horisont 2020 byggjer kompetanse og nettverk som er relevant for arbeidslivet i fylket, jf måla i fylket sin FoU-strategi. Ei naturleg avgrensing vil derfor vere at ein slik stillingsressurs først og fremst må prioritere problemstillingar som kan bidra til kompetanse og vekst knytt til næringsklyngene i fylket. Dette vil likevel vere relativt omfattande og komme store deler av næringslivet til gode. Møreforsking er oppdragsinstituttet til høgskulane og eigd av fylkeskommunen og høgskulane. Det er derfor naturleg at stillinga vert oppretta ved Møreforsking. Det må utarbeidast eigen stillingsinstruks for stillinga med konkrete mål for kor stor auke i deltakinga i Horisont 2020 som er forventa. I tillegg må det leggast inn føringar på konkrete oppgåver som blir lagt til stillinga og organisering av arbeidet slik at alle FoU-miljøa har god tilgang på ressursen. Krav til kompetanse er erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid, internasjonal forskingsadministrasjon eller rådgiving. Finansieringa bør vere så romsleg at den dekker reiseutgifter både regionalt og nasjonalt. I tillegg må ein rekne med ein del internasjonal reiseaktivitet. Til saman vil dette utgjere ein årleg kostnad på om lag 1,2 mill. kroner. I regjeringa sin strategi for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU blir det lagt vekt på samspel og samanheng i virkemidlane og virkemiddelapparatet. Fylkeskommunen sitt engasjement i klyngene, satsinga på master- og doktorgradsløp (høgskulefond) og no forslaget om ein eigen Horisont 2020- støttefunksjon er alle verkemidlar som bidreg til å auke innovasjonsevna i fylket. 4

Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 1,2 mill. kroner årleg i perioden 2015 til 2017. Totalt 3,6 mill. kroner. Løyvinga vert henta frå fylkeskommunen si budsjettramme 60. Løyvinga kan finansierast gjennom mindreforbruket frå 2014 dersom dette blir overført til 2015. 2. Stillinga skal opprettast ved Møreforsking og vere ein regional fellesressurs for FoU-miljøa i fylket. 3. I krav til stillinga må det settast opp konkrete mål for talet på prosjekt frå Horisont 2020 som FoU-miljøa i fylket skal delta i. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef 5