Statens vegvesen Fylkesrådmannen i Hordaland Postboks 7900 5020 BERGEN Behandlande eining: Sakshandsamar/innvalsnr: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Helge Oddvin Sandvik-55516508 2005/17325-010 00/00599-047 20.04.2006 Søknad om forskottering til utbetring / opprustning av strekninga Fusa-Skåte på Fv. 122 Fusa kommune, såman med Fusa kraftlag LL og Frank Mohn Fusa har i brev av 6 april 2006 søkt om løyve til å forskottere 15 mill. kroner til utbetring av strekninga Fusa - Skåte på fylkesveg 122. Vegen som skal utbetrast strekkjer seg frå Fusa til Skåte i lengde på 3,8 km. Vegstrekkja er smal med ujamn kurvatur og med dårleg framkomst og låg trafikktryggleik. Vegen har stor trafikk knytt til ferjesambandet Hatvik-Venjaneset. Langs vegen ligg det fleire verksemder som generarar mykje tungtrafikk. Teljingar frå 2000 syner ein årsdøgntrafikk på i underkant av 800 kjøretøy. Av desse var 10% tunge kjøretøy. Store deler av strekninga vert i dag nytta som skuleveg. Tiltaket som skal utførast går ut på å utvide vegbana og sørgje for betre framkomst og betre trafikktryggleik for dei som nyttår vegen. På delar av strekninga Fusa - Skjørsand vil det bli etablert gang- og sykkelveg. Vinnesparsellen, strekninga mellom Skåtun og Strandvik, vil etter planen vere ferdig i løpet av november / desember 2006. Planen er å starte opp parsellen Fusa - Skåte så snart Vinnesparsellen er ferdig. Denne parsellen har overskot på steinmassar, og vil ikkje vere klar før desse er fjerna. Massane kan nyttast vidare innover mot Fusa. Reguleringsplanen vil bli handsama i utvalet for plan og drift den 2 mai 2006. Det er venta at planen vert lagt fram for godkjenning i kommunestyret 26 september. Regionvegsjefen vil rå til at Fusa kommune, Fusa kraftlag LL og Frank Mohn Fusa får løyve til å forskottere til såman 15 mill. kroner til utbetring /opprusting av Fv 122, Fusa-Skåte, slik at vegen blir betre både med omsyn til framkomst og trafikktryggleik. Refusjonstidspunktet vert fastsett i samband med revisjon av Fylkesvegplanen 2010-1019. Med helsing Postadresse Telefon: 815 44 010 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Spelhauqenl2 Statens veqvesen Region vest firmadost-vest@vegvesen.no BERGEN Regnskap Askedalen 4 Båtsfiordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 l 5 50 Telefaks: 78 95 33 52
Ole Chr. Torpp Regionvegsjef Signe Eikenes l vedlegg
Vtenjaneset * - ", X. FUSA (,* ' >«' ' '- /V''JM' Z77' f.' -i \ 5 -- ' & ". KJØRSAND
m (Q 1 Ori \ G)l øra U \ in - 7 APR 2008 Statens vegvesen Askedalen 4 6863 LEIKANGER Vår ref Saksnr.: 00/00599-047 (Oppgje «vår ref.» når De tek Region-jQi-t ifeto: 1 1 APR 2006 Løpenummer Arkivkode Sakshandsamar Direktenr. tlf. Gradering 002644/06 Q10&84 Hans S. Vindenes 565801 10 EIKELANDSOSEN06.04.2006 Dykkarref. 2003/07060-001 SØKNAD OM FORSKOTERING TIL UTBETRING/OPPRUSTNING AV PARSELLEN SKÅTE - FUSA PÅ FV 122 Fusa kommune, i samband med Fusa kraftlag LL og Frank Mohn Fusa søkjer hermed om forskotering på kr 15 mill. til utbetring av parsellen Skåte - Fusa på Fv.122 i samsvar med utarbeidd reguleringsplan. Eit samrøystes utval for forvaltning og økonomi støtta søknaden då den blei handsama i møtet 30.03 d.å. Søknaden vil bli handsama i kommunestyret 19.april. Fusa kommune, næringslivet og dei som bur langs vegen set stor pris på det utbetringsarbeidet som til no er gjort på Fv 122, og voner at resten av vegen no blir utbetra i samsvar med utarbeidd reguleringsplan. Store deler av denne parsellen er skuleveg med stor ferjetrafikk, og kor vegbanen er både smal og dårleg. Langs denne vegen ligg det og fleire bedrifter som har mykje tungtrafikk. Då Fusa kommune startår opp med opprustning av Fvl22 for ca. 6 år sidan, skulle Fusa kommunen bruka kompensasjonsmidlar frå tapt arbeidsgjevaravgift. Frå 2003 datt Fusa kommune, som ein av dei få kommunane, ut av denne ordninga, og far ikkje lengre kompensasjon for tapt arbeidsgjevaravgift. Dette vanskeleggjer at kommunen kan klara å rusta opp denne vegen utan bruk av forskotterte midlar. Me vonar på positiv og snarleg handsaming i alle ansvarlege organ. Med helsing Hans S. Vindenes Ordførar Vedlegg: l. Kopi av saksframlegg og saksprotokoll av sak 13/06 frå Utval for forvaltning og økonomi. Besøksadresse: Kommunetunet EIKELANDSOSEN Postadresse: Postboks 24 Telefon: 56 58 01 00 5649 EIKELANDSOSEN Telefaks: 56 58 01 02 E-post: postkasse@fusa.komtnune.no Fusa kommune: Organisasjonsnr.: 964 968 896 Bankgironr.: 3420 07 00920
Sak 0018/06 Sakshandsamar: Hans S. Vindenes Arkiv: Q10 &84 Arkivsaksnr.: 00/00599 Offentleg Saksnr.: Utval Møtedato 0098/01 Utval for plan og økonomi 26.09.2001 0059/01 Kommunestyret 26.09.2001 0036/05 Utval for forvaltning og økonomi 09.06.2005 0031/05 Kommunestyret 21.06.2005 0013/06 Utval for forvaltning og økonomi 30.03.2006 0018/06 Kommunestyret 19.04.2006 Sak 0018/06 FORSKOTTERING FYLKESVEG 122 SKÅTE-FUSA Utval: Urval for forvaltning og økonomi Møtedato: 30.03.2006 Sak: PS 0013/06 Handsaming: Saka vart lagt fram i møtet. Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Fusa kommune, i samarbeid med Fusa kraftlag LL og Frank Mohn Fusa AS,, søkjer om løyve til å få forskotera kr 15 mill. til Fv 122 for å utbetra parsellen Skåte - Fusa i samsvar med utarbeidd reguleringsplan.. Fusa kommue fremjar søknad i samsvar med notat av 28.03.06 Ordføraren får fullmakt til å senda søknaden. Framlegget frå administrasjonssjefen vart samrøystes tilrådd. Tilråding: Fusa kommune, i samarbeid med Fusa kraftlag LL og Frank Mohn Fusa AS,, søkjer om løyve til å få forskotera kr 15 mill. til Fv 122 for å utbetra parsellen Skåte - Fusa i samsvar med utarbeidd reguleringsplan.. Fusa kommue fremjar søknad i samsvar med notat av 28.03.06 Ordføraren far fullmakt til å senda søknaden.
Sak 0018/06 Saksframstilling; Vedtaksmynde: Vedtaket vert sendt: Kopi: Saksdokument: Vedlegg: Ikkje vedlegg: Kommunestyret Notat av 29.03.06 frå ordføraren Faktiske opplysningar; Vurdering; Vi viser til notat frå ordføraren. Saka har vore drøfta med vegnemnda som også støttar søknaden. Administrasjonssjefen tilrår forskotteringa som vert skissert i notatet frå ordføraren.
Fusa kommune Notat. Til: Berit Fløisand Kopi til: Frå: Hans S. Vindenes Offentleg Vår ref. Løpenummer Arkivkode Dato 00/00599-044/HSV 002372/06 Q10&84 29.03.2006 FORSKOTTERING FV 122, SKÅTE -FUSA Måndag 27.3.06 hadde Fusa kommune møte med Statens vegvesen kor me bl.a. fekk ein status på arbeidet på Vinne parsellen, og ein gjennomgang av arbeidet vidare mot Fusa på Fv 122. På Vinnesparsellen vil det bli ein god del steinmassar til overs som ein skal bruka vidare innover mot Fusa, og det er eit ønskje både frå Statens vegvesen og vegnemnda i Fusa å starta opp dette arbeidet i forlengelsen av arbeidet på Vinnesparsellen. Ein får heller ikkje avslutta Vinnesparsellen skikkeleg før ein fjernar oversotsmassane. Reguleringsplanen for Skåte - Fusa vil bli handsama i utvalet for plan og drift den 2. mai, og ein kan forventa endeleg godkjenning i kommunestyret 26.september. Ein kan då klara starta opp arbeidet i november/desember samstundes som ein avsluttar arbeidet på Vinnesparsellen. Statens vegvesen har tatt kostnadane med å laga reguleringsplanen, men har dessverre ikkje ei krone å bruke på sjølve utbetringa/opprustinga av vegen. Med dei knappe løyvingane ein har i dag til fylkesvegar, vil det gå lang tid får me kan forventa å få midlar til dette arbeidet. Eg har i møte med Fusa kraftlag og Frank Monn Fusa diskutert forskotering, og me er kommen fram til følgjande forslag. Fusa kraftlag 8 mill (må godkjennast av årsmøtet 28.april), Frank Monn Fusa 5 mill og Fusa kommune 2 mill, totalt 15 mill. Side l av 2
Fusa kommune Eg har og gjort avtale med Fusa kraftlag å endra rekkefølgje på tilbakebetalinga av forskoterte midlar på Rv48, Drageide - Mundheim, slik at Fusa kommune far att 2 mill i 2006 i staden for 2009. Det er desse midlane eg vil foreslå at Fusa kommune reforskoterer. Eg vil med dette be administrasjonssjefen å lage ei sak til UFO/kommunestyret kor Fusa kommune søkjer om løyve til å få forskotera kr 15 mill. til Fv 122 for å utbetra parsellen Skåte - Fusa i samsvar med utarbeidd reguleringsplan. Underskrift \1 Side 2 av 2