Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014 2017 www.sfj.no
1. Innleiing. Hovudutval for opplæring vedtok i sak 38/09 Utviklingsplan pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2010-2012. Utviklingsplanen inneheldt 12 tiltak retta mot tenesta og skuleeigar. Tiltaka er i hovudsak gjennomførde i samsvar med planen. Revidert utviklingsplan skal gjelde for 2014-2017. Planen byggjer på erfaringane frå førre plan, samstundes som den er oppdatert i høve endringar i opplæringslova med forskrifter som òg har konsekvensar for pp-tenesta sitt arbeid. Planen byggjer òg på God-betre-best!; Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015. Ei referansegruppe med deltakarar frå pp-tenesta, vidaregåande skule, opplæringskontor og frå fylkesdirektøren har bidrege i arbeidet med revisjonen. Som grunnlag for planen har det mellom anna vore sendt ut spørjeskjema til alle dei vidaregåande skulane i fylket, alle pp-kontor som har arbeidsoppgåver knytt til vidaregåande opplæring, opplæringskontora og Sygna vidaregåande skule. Kort oppsummert viser tilbakemeldingane at det er ønske om meir fokus på det systemretta arbeidet og at det er behov for eit tettare samarbeid med og lettare tilgjengelegheit til pp-tenesta. Det er òg ønske om auka innsats og betre fagleg rettleiing retta mot minoritetsspråklege elevar og lærlingar. Fleire pp-kontor ønskjer større deltaking i skulane sitt arbeid med utviklingsplanar. PP-tenesta i Sogn og Fjordane har, med unntak av kommunane Luster, Aurland, Bremanger og Selje, ei gjennomgåande teneste. Denne dekkjer behovet for pp-tenester i heile det 13-årige opplæringsløpet, i førskulealder og i vaksenopplæring. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig og driv to pp-kontor, PPT Sogndalsregionen og PPT for Eid og Vågsøy. I tillegg kjøper fylkeskommunen pp-tenester hjå både kommunale og interkommunale ppkontor. For desse gjeld eigne samarbeidsavtalar. 2. Mål for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. I vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skal alle elevar og lærlingar: møte ei opplæring dei kan meistre og vekse på. oppnå ein dokumentert og etterspurd kompetanse. For å få til likeverdig og inkluderande opplæring, fellesskap og tilpassing er ein av gjennomføringsstrategiane i mål og strategidokumentet God-betre-best! å ha tydlegare fokus på pptenesta sitt arbeid.
3. Mål for pp-tenesta i Sogn og Fjordane. Pp-tenesta i Sogn og Fjordane har høg kvalitet på tenestene sine, både på individ- og systemnivå. Pp-tenesta har kompetanse og kapasitet som samsvarar med brukarane sine behov. Pp-tenesta er organisert på ein måte som sikrar brukarane høg kvalitet og nærleik til tenestene. Sogn og Fjordane fylkeskommune har etter 5-6 i opplæringslova ansvar for at det vert ytt pedagogisk-psykologisk teneste til vidaregåande opplæring i fylket. Pp-tenesta har to hovudoppgåver; Å arbeide for den enkelte elev og lærling med tanke på utgreiing og rettleiing i høve opplæringa. Arbeide systemretta inn i mot både skule og opplæringsbedrift/opplæringskontor. Gjennomføringsstrategiar: Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom samarbeid med kommunane leggje til rette for Pp-tenesta sitt systemretta arbeid Rekruttering og kompetanseutvikling Tenleg organisering og dimensjonering Tiltak: Kartleggje behov for kompetanseheving i den fylkeskommunale delen av pp-tenesta. Utarbeide plan for kompetanseutvikling for tilsette i PP-tenesta. Delta på Læring og fellesskap sin strategi for etter og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta 2013-2018. Strategi for etter og vidareutdanning i PPT Statped- Strategi for etter og vidareutdanning for PPT Identifisere og etablere fagnettverk saman med Statped Vest i pp-tenesta, knytte til pptenesta sine arbeidsområde, spesielt retta mot systemretta arbeid. Involvere pp-tenesta i skulane sitt arbeid med utviklingsplanar. Gjennomføre årleg fagsamling for fylkeskommunen sine representantar i administrative fagråd. Gjennomføre årleg møte mellom fylkesdirektøren og pp-leiarane. Gjennomføre årleg møte mellom fylkesdirektøren, dei private og offentlege opplæringskontora og pp-leiarane. Leggje til rette for at pp-tenesta deltek i dei vidaregåande skulane sitt arbeid med tilrettelegging og spesialundervisning.
4. Ny inntaksforskrift gjeldande frå 3.9.2013 Kunnskapsdepartementet fastsette 3.9.2013 nytt kapittel 6 om inntak til vidaregåande opplæring. Nytt kapittel 6 krev at fylkeskommunane utarbeider lokal inntaks forskrift. Endringar som følgje av ny inntaksforskrift må innarbeidast i PP-tenesta sitt arbeid. Utdanningsdirektoratet vil kome med rundskriv som skal regulere forskrifta.
5. Samla oversyn over tiltak med framdriftsplan Tiltak Omtale Ansvarleg Samarb.part 2014 2015 2016 2017 1 Kartleggje behov for kompetanseheving i den fylkeskommunale delen av pp-tenesta. 2 Utarbeide plan for kompetanseutvikling for tilsette i pp-tenesta. 3 Delta på Læring og fellesskap, Utdanningsdirektoratet sin strategi for etter og vidareutdanning av tilsette i pp-tenesta 2013-2018. 4 Identisifere og etablere fagnettverk saman med Statped Vest i pptenesta knytt til pptenesta sine arbeidsområde, spesielt vinkla mot systemretta arbeid. 5 Involvere pp-tenesta i skulane sitt arbeid med utviklingsplanar. 6 Årleg fagsamling for fylkeskommunen sine representantar i administrative fagråd. 7 Gjennomføre årleg møte mellom fylkesdirektøren og PPleiarane. 8 Gjennomføre årleg møte mellom fylkesdirektøren, dei private og offentlege opplæringskontora og PP-leiarane. 9 Leggje til rette for deltaking i dei vidaregåande skulane sine spes.ped team/ressursteam. Rektorane Rektorane Pp-leiarane 1.9. Kont. Kont. Kont. Statped og Fylkesmannen Pp-leiarane, Fylkesmannen og Statped Pp-leiarane og Statped Pp-leiarane og dei vidaregåande skulane 31.12. Inngår som del av kompetanseutviklingsplan for vgo Kont. Kont. Kont. Kont. Kont. Kont. 31.12. 1.7. Kont. Kont. Kont. Kont. Kont. Kont. 1.6. 1.6. 1.6. 1.6. Pp-leiarane 1.6. 1.11. 1.11. 1.11. Opplæringskontora og pp-leiarane Dei vidaregåande skulane og pp-tenesta 1.6 1.7. 1.7. 1.7. Kont. Kont. Kont. Kont.
Fylkesrådmannen Fylkeshuset Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 65 61 00 E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Foto framside: Sogn og Fjordane fylkeskommune