Breiband i Valdres Prosjektmandat 2017 2020 1
1. OPPDRAGSGJEVAR / PROSJEKTEIGAR Kommunane i Valdres ved Styringsgruppa for breiband. Styringsgruppa er samansett av seks ordførarar og seks rådmenn. 2. MÅL OG RAMMER 2.1 Bakgrunn Både samfunn og teknologi er i sterk endring. Av breibandsstatistikk går det fram at på det sentrale austlandsområde har om lag 90% av befolkninga tilgang til NGA (høgkapasitets nett, over 30 Mbit). Innlandsfylka og Finnmark ligg særleg langt etter. Her har berre 77 % av befolkninga tillgang til breiband, og då med eit vesentleg tregare nett. (alt vesentleg ikkje NGA) Vi ser av analysen at Oppland generelt kjem dårleg ut på tilgang til NGA (neste genrasjon nett acsess). For Valdres har vi ikkje god tilgang til statistikk som er spesifikk for oss, men vi får dekningskart gradert for tilgang til 4 Mbit og tilgang til 30 Mbit. Av karta er det greitt å danne seg eit bilete av situasjonen. Stort sett alle offentlege bygg er dekka med tilgang til NGA, for det meste med fiber via Eidsiva. Det er dei seinare åra også bygd tilgang til NGA til ein del næring, og vi er no ferdige med eit breibandprosjekt som gjev tilgang til NGA til om lag 213 adresser. Vidare startar vi no opp bygging til 681adresser i eit prosjekt vi fekk Nkom midlar til hausten 2016. Ut over dette går det fram av karta at vi berre i liten grad har tilgang til NGA. Langt dei fleste i Valdres har tilgang til ei enkel breibandslinje med 2 6 Mbit, anten gjennom ei ADSL løysing, eller eit radiosamband. Dette løyser langt på veg det daglege behovet, men opnar ikkje for at vi skal kunne fylgje utviklinga elles i samfunnet omkring oss. I det korte tidsperspektivet ser det ut som vi vil ha behov for ein kraftig kapasitetsauke i breibandsnettet, og elles større behov for symetrisk bandbreidde. Det vil seie at vi også må fokusere på kapasitet oppstrøms. 2.2 Formål Vi foreslår ei tredelt målformulering for eit nytt breibandprosjekt i Valdres. Gje innbyggarane i Valdres tilgang til NGA, over 30 Mbit. Gje fleire utviklingsmiljø tilgang til høghastigheits nett, NGA, over 30 Mbit. Medvirke til at «Valdresar flest» blir meir beviste på denne viktige infrastrukturen, og verknaden den kan ha på den samla samfunnsutviklinga. 2
2.3 Hovudmål Levere felles søknad frå kommunane i Valdres til Nkom.. Ved tildeling av midlar, fylgje opp løyvinga med anbodsutlysing og kontrakts skriving med aktuell utbygger. Følgje opp utbyggingskontrakt gjennom byggeperioden. 2.4 Oppdeling av prosjektet / omfang og avgrensing Dette prosjektet skal omfatte: Førebuande arbeid fram mot ein søknad felles for kommunane i Valdres, til Nkom. Utarbeiding av søknad til Nkom. Søknadsfrist 3.mai 2017. Ei drøfting av eventuell prioritering mellom område. Ved positivt vedtak frå Nkom, utarbeiding av konkuransegrunnlag og utlysing på doffin. Kontraktsskriving med aktuell utbygger. Oppfølging av framdrift i dei enkelte byggeprosjekta. Rapportering av prosjektet. Vi legg til grunn at prosjektet ikkje skal måtte leige inn kompetanse til planlegging av dei ulike prosjekt, men reknar her med å kunne trekke vekslar på dei tekniske miljøa i kommunane og hjå energiverka. 2.5 Rammer Eit nytt breibandprosjekt i Valdres må legge til grunn dei aktuelle kriterie knytt til moglege tilskotsmidlar frå NKOM. Evalueringskriteriar og innbyrdes vekting av ordninga kjem fram av tabellen under: Nr Evalueringskriterium Vurderingselement Vekting 1 Talet på husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggjande god kvalitet 2 Kostnadseffektiv nettutbygging i kvart einskild prosjekt -Talet på nye aksessar og relativ auke av dekning 30 % -Best mogleg utnytting av tilgjengelege -Investeringskostnad per aksess middel 25 % 3 Lokal medfinansiering -Tilgang til eksisterande infrastruktur som grøfter, stolpar, punkt, etc -Lokal medfinansiering, sett iht. talet på aktuelle brukarar/kundar -Grad av eigeninnsats 4 Plan for bærekraftig drift etter at utbygginga er -Kor sannsynleg det er at breibandstilbodet kan gjennomført oppretthaldast og vidareutviklast 5 Betring av eksisterande breibandstilbod -Talet på aksessar som får auka kapasitet og kor 6 Kor viktig utbygginga er for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande stor kapasitetsauken er -Samfunnsvinsten som blir utløyst av breibandsbygginga -Konkrete døme på kva dette har å seie for lokalt næringsliv etc. -Betring i mobildekninga 20 % 15 % 5 % 5 % 3
Breibandsprosjektet skal opptre nøytralt i høve til val av teknologi, fiber, radio, kopar, og eller ein kombinasjon. Nkom sine prioriteringar samsvarar godt med behovet i Valdres. 3. OVERORDNA ORGANISERING 3.1 Prosjektledelse Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: VNK ved dagleg leiar Jørand Ødegård Lunde Aslag Hamre, regionkonsulent 3.2 Øvrige roller Prosjekteigar: Styringsgruppe: Arbeidsgrupper: Kommunane i Valdres ved Valdres Natur og Kulturpark 6 ordførarar og 6 rådmenn Arbeidsgrupper i kvar enkelt kommune etter behov 4. BESLUTNINGSPUNKTER, OPPFØLGING OG MILEPÆLER 4.1 Beslutningspunkter Februar 2017 oppstart av prosjektet. April 2017 ta stilling til innhald i søknad. 3 mai 2017 innsending av søknad. September 2017, resultat frå Nkom. November 2017 vurdere konkuransegrunnlag for utlegging på Doffin. Januar 2018 kontraktsskriving. Statusmøter med rapport. Avslutning av prosjektet. Styringsgruppa møter minimum på desse beslutningspunkta. 4.2 Oppfølging Prosjektleiinga vil til ei kvar tid vurdere behov for oppfølging ut over beslutningspunkta. 4.3 Milepæler Mai 2017 ferdig søknad til Nkom, innsendt før 3 mai September 2017, resultat frå behandlinga hjå Nkom Januar 2018, kontraktsskriving med tilbydere. 4
5. RISIKOANALYSE OG KVALITETSSIKRING 5.1 Kritiske suksessfaktorer I planleggingsfasen vil vi vera sterkt avhengig av god bistand frå lokale energiselskap for å få ein god kvalitet på aktuelle planar. Signal frå desse om aktiv bistand er dei aller beste. Den mest kritiske fasen vil vera i kor stor grad vi kan bli prioriterte hjå OFK / Nkom. Skulle vi ikkje bli prioriterte i fyrste runde vil det vera mogleg å fremme søknaden på nytt året etter. Det har vore ein praksis for dette? Likevel er dette usikkert fordi vi ser at heile ordninga blir sterkt debattert i samband med statsbudsjettet kvart år. 6. GJENNOMFØRING 6.1 Hovedaktiviteter Styringsgruppa har vore samla til fleire breie orienteringsmøte. Her har vi hatt faglege orienteringar frå minst tre aktuelle leverandørar av breiband i området vårt. Etterjulsvinteren blir brukt i ein dialog med dei aktuelle tekniske miljøa for å lage eit best mogleg underlag for ein søknad våren 2017. I noko grad ynskjer vi og å kunne delta på / ta initiativ til møter med grendelag og andre for å stimulere interessa / avklare interesse for breiband. Skriving av søknad i april 2017. Søknad må sendast inn til Nkom innan 3.mai 2017. Her må vi avklare å kunne sende inn søknaden gjennom ein av kommunane i Valdres. Sist søknad vart sendt fram gjennom Sør Aurdal kommune. Kanskje vil det vera mest praktisk å halde fram etter same mal, men dette må avklarast med kommunen. September 2017 forventar vi resultat frå behandlinga hjå Nkom. Det kan etter dette vera aktuelt å sjå på nytt på prioriteringane internt i Valdres, då ut frå resultatet hjå Nkom. Så snart som mogleg i oktober/ november bør vi arbeide ut konkuransegrunnlag for lysing på Doffin. Her har vi så langt ein god dialog med selskapet IKT Valdres IKS, som vil delta i prosessen fram mot utlegging på Doffin. Reknar elles med å avstemme med felles innkjøpsansvarleg, Ole Torgeir Dokkebakke. Kontrakt skriving i januar 2017. Reknar med ei anleggsperiode gjennom 2018 og 2019, som vil krevje oppfølging ved deltaking i statusmøte med aktuell utbygger, og i neste omgang ei oppfølging av styringsgruppa. Avslutning av breibandsprosjektet mot slutten av 2019. 5
7. ØKONOMI Kostnadar: Styringsgruppemøter med for og etterarbeid. Kr. 90.000 Arbeidsgruppemøter i kvar kommune, prioritering område og omfang. Kr. 45.000 Forenkla kalkyler v/ lokalt everk, hensyn til infr. Str. Kr. 35.000 Forenkla kalkyler v/ Telenor, hensyn til infr. Str. Kr. 25.000 Arb. Med dokumentasjon til søknad Kr. 45.000 Anbodsutarbeiding, utlysing og kontrakter Kr. 55.000 Oppfølging av byggeprosess Kr. 140.000 Samla kostnadar i prosjektet Kr. 400.000 Finansiering: Eigne midlar ved VNK og eigeninnsats frå deltakarar i prosjektet Kr. 200.000 Søkt tilskot frå Oppland fylkeskommune Kr. 200.000 Samla finansiering Kr. 400.000 8. KONTRAKTER OG AVTALER Vi har eit samarbeid med planavdelinga hjå Sør Aurdal kommune om innsending av den felles søknaden frå Valdres, frå Sør Aurdal kommune. Her er naturleg å avklare om vi kan halde fram etter same mal. Vi har elles kontakt med dei fire energiverka og med eit lokalt foretak elles, med teknisk kompetanse, omkring bistand til kvalitet i planleggingsarbeidet. Vidare har vi ein god dialog med IKT Valdres IKS omkring bistand i arbeidet med utforming av konkuransegrunnlag og utlysing på Doffin. Alle kommunane vil legge til rette for å informere om breibandsprosjektet på sine respektive nettsider. Lokalavisa Valdres, vil rapportere frå prosjektet ved ulike høve. 6