Møteinnkalling. Komité for oppvekst og utdanning

Like dokumenter
Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule i Stord kommune

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Uttalelse - forslag til endringer i opplæringsloven - nasjonal bestemmelse om lærertetthet i grunnskolen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Behandling i Komite Levekår

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Møteinnkalling for Utval for kultur og oppvekst

Saksbehandler: Anne Sofie Portaas Arkiv: A00 &13 Arkivsaksnr.: 11/ Dato:

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRING I OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKOLELOVA

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Grane kommune. Møtebok. Side 1 av 6. Møtested: Formannskapssalen. Møte i Komité for oppvekst og kultur. Møtetid: 18:00. Møtedato:

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: 14.30

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Desse medlemmene møtte: Hege Inderberg Kari Jordanger Jan Erik Mardal

STRAND KOMMUNE Møtebok

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Saksgang Møtedato Sak nr. Komité for tjenesteutvikling Plan- og økonomiutvalget /11

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Forfall: Namn Funksjon Representerer Harald Rydland Medlem KRF

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksbehandler: Anne Sofie Portaas Arkivsaksnr.: 15/ Dato: INNSTILLING TILBYSTYREKOMITE OPPVEKST OG UTDANNING/BYSTYRET:

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Stolpane skulehus

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Møteinnkalling Eldrerådet

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Vedlegg: doc; doc

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Tilstandsrapport for grunnskolen i Ålesund kommune

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEINNKALLING. Møtestad: Møterom A, Volda rådhus - etter synfaring i barnehagar Dato: Tid: 13:00

Tilstandsrapport for kommunale barnehager og grunnskoler i Ås Saksbehandler: Hildegunn Sandvik Saksnr.: 15/

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Endelig tilsynsrapport

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Lov- og avtalesystemet

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl: 12.30

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Vår ref : Sakshandsamar : Arkivkode: Dato: 2005/497-0 Line Håberg Lovdal, `i9t A

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Endelig tilsynsrapport

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Ho rin om endrin ar i barneha elova - hø rin suttale frå Dovre kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Endelig tilsynsrapport

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Transkript:

Møteinnkalling Komité for oppvekst og utdanning Møtetid: 12.12.2011 kl 14:00 Møtestad: Kommunestyresalen Medlemer som ikkje kan møta, må melda frå til Kundetorget tlf 5349 6645 eller e-post: post@stord.kommune.no Varamedlemer møter berre etter nærare avtale. ORIENTERING: Økonomirapportering, v/tor Langeland Stord, 02.12.2011 Jakob Bjelland leiar Margaret Bakken møtesekretær SAKER TIL HANDSAMING GK 8/11 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå 22.11.2011 Politiske saker PS 21/11 Tilstandsrapport for grunnskulen i Stord kommune 2011 PS 22/11 PS 23/11 PS 24/11 PS 25/11 Opplæringslova og privatskulelova - Høyringsnotat om forslag til endringar Tilskot til auke i barnehageplassar Sluttrapport forstudien og prosjektplan forprosjektet " Språkmiljø og språklæring i skulen" Fordeling av budsjettramme 2012 OOU Referat og meldingar RS 57/11 Referat frå møte i samarbeidsutvalet ved Skogatufto barnehage 18.10.11 RS 58/11 Stord ungdomsskule - referat SU og SMU 311011 RS 59/11 Inneklimaet ved Stord ungdomsskole RS 60/11 Referat frå møte i SU ved Leirvik skule 18.10.2011 RS 61/11 Revidert konkurransedokument Stord ungdomsskule - Statusrapport lagt fram i OUT 12.12.11

GK 8/11 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå 22.11.2011 side 2 av 16

Arkivref: 2010/2179-16882/2011 Saksh.: Marit Kjelby Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 21/11 Komité for oppvekst og utdanning 12.12.2011 Kommunestyret TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I STORD KOMMUNE 2011 Framlegg til innstilling: Kommunestyret tek Tilstandsrapport for grunnskulen i Stord kommune 2010 til orientering side 3 av 16

Rådmannen, 28.11.2011 Vedlegg: Tilstandsrapport for grunnskulen i Stord kommune 2011 Bakgrunn / faktiske opplysningar Sitat frå innleiinga, tilstandsrapporten: Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane (jf. opplæringslova 13-10 andre ledd). Det følgjer av forarbeida til føresegnene - Ot.prp.) nr. 55 (2008-2009) s. 24 - at det skal vere mogleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren. Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med annan omtale som skoleeigaren meiner er føremålstenleg ut frå lokale behov. Det er data frå Skoleporten som hovudsakleg skal brukast som grunnlag for skoleeigaren si vurdering av tilstanden, men det følgjer av St.meld. nr. 31 (2007-2008) at skoleeigarar og skolar blir oppmoda til å føre opp konkrete målsetjingar for kva dei skal oppnå innanfor dei målområda som er sette opp. Det følgjer av Ot.prp. nr. 55 (2008-2009), s. 24, at tilstandsrapporten skal innehalde vurderingar knytte til opplæringa av barn, unge og vaksne. Den plikta skoleeigaren har til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf opplæringslova 13-10 andre ledd. Vurdering og konklusjon Tilstandsrapporten for grunnskulen i Stord er laga etter mal frå Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet. Det er tatt omsyn til lokale målsettingar slik desse er omtalt i aktuelle planar og prosjekt, og vurderingane er gjort med utgangspunkt i desse. Rapporten har med eige punkt som viser konklusjon etter presentasjon av resultat og vurderingar. Framlegg til innstilling Kommunestyret tek Tilstandsrapport for grunnskulen i Stord kommune 2011 til orientering side 4 av 16

Arkivref: 2011/3620-16911/2011 Saksh.: Marit Kjelby Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 22/11 Komité for oppvekst og utdanning 12.12.2011 OPPLÆRINGSLOVA OG PRIVATSKULELOVA - HØYRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL ENDRINGAR Framlegg til vedtak: Komité for oppvekst og utdanning sluttar seg til at vedlagt høyringsuttale og ber om at denne vert sendt inn som svar frå Stord kommune. side 5 av 16

Rådmannen, 28.11.2011 Bakgrunn / faktiske opplysningar Høyringsnotat om forslag til endringar i opplæringslova og privatskulelova nasjonal avgjerd om lærartettleik i grunnskulen m.m. Kunnskapsdepartementet legg fram forslag til endringar i lov av 17. juli 1998 nr 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og forslag til endringar i lov 4. juli 2003 nr 84 om private skular med rett til statstilskot (privatskulelova). Forslaga omfattar fylgjande endringar: 1)Innføra lovgjerder som klargjer at skuleeigar kan organisera særskilte innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar som nyss er komne: Stord kommune har ikkje merknadar, og lagar difor ikkje uttale på denne delen av høyringa. 2)Innføra lovgjerder om opplæring ved behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) Stord kommune har ikkje merknadar, og lagar difor ikkje uttale på denne delen av høyringa. 3)Innføra nasjonale avgjerder om lærartettleik i grunnskulen: Bakgrunn: Kunnskapsdepartementet viser i høyringsnotatet til regjeringa si politiske plattform der det m.a. blir nemnd at regjeringa vil legge til rette for fleire lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elevar per lærer på hver skole. Departementet viser i høyringsnotatet vidare til budsjettproposisjonen for 2011 der det m.a. står at: Regjeringa vil sikre ressursar for å oppretthalda og styrkje lærartettleiken i skolen. Regjeringa har som mål å lovfesta ein ressursnorm i grunnskolen. Kunnskapsdepartementet vil starte eit arbeid med å greie ut korleis ei lovfesting kan vere utforma. Midlar til ein slik norm vil bli vurdert i samband med budsjettproposisjonane for det enkelte år. Økonomiske og administrative konsekvensar for kommunesektoren vil bli kartlagt i samband med utgreiinga. Forslaget vil bli drøfta med dei partane det vedkjem og bli tatt opp i konsultasjonsordninga med KS: Høyringsnotatet seier at formålet med lovendringa er å sikra ressursar til å oppretthalda og styrka lærartettleiken i skulen slik at det generelt er nok lærarar på skulen. Det er viktig for eit godt og trygt skulemiljø/ skulekvardag at kvar einskild elev får ei god nok opplæring og opplever å bli sett. Ei nasjonal avgjerd om lærartettleik vil bidra til å sikra likskap og likeverd. I høyringsnotatet foreslår Kunnskapsdepartementet å lovfesta ei nasjonal avgjerd om lærartettleik i grunnskulen som skal sikra ein minimumsressurs. Høyringsnotatet inneheld to modellar. Den eine modellen inneber ei lovfesting av lærartettleik på den einskilde skule, medan den andre modellen er ei lovfesting av ein gjennomsnittleg lærartettleik i den einskilde kommune. Målet med forslaget til lovendring er å sikra at dei samla lærarressursane står i høve til talet på elevar på skulen eller i kommunen sett under eitt. Men det blir ikkje talfesta kor mange elevar som kan vera i ein klasse eller ei gruppe i ein gitt undervisningssituasjon, ut over at det blir stilt krav til kva som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Dette er slik allereie i dag. Gjeldande 8-2 i Opplæringslova fastset i dag følgjande: side 6 av 16

I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen. Dette inneber at skulen må ha dei lærarressursane som skal til for at undervisninga kan bli pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Kva som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg må bli vurdert ut frå om elevane kan få tilstrekkeleg tilpassa opplæring ut frå evner og føresetnadar. Her vil Opplæringslova 1-3 om tilpassa opplæring og tidleg innsats vera viktige. Dette må bli bedømt konkret og ut frå skjønn, m.a. i lys av opplæringa sitt innhald, elevsamansetjing, lærardekning og lærarkompetanse. Kunnskapsdepartementet si vurdering er at ei lovfesting av ein minimumsressurs i grunnskulen berre blir knyta til berekna gjennomsnittleg gruppestorleik berre i ordinær undervisning. Spesialundervisning og ressursar til særskilt norskopplæring skal ikkje telja med. Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik i ordinær undervisning svarar til berekna gjennomsnittleg gruppestorleik 2 i Grunnskulen sitt informasjonssystem (GSI). Dette er ei årleg rapportering som vert gjennomført av skulane og kommunane. GSI-statistikken viser at kommunane faktisk har teke ansvar for at ressursar til skulen er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg og i samsvar med 8-2. Eventuelle avvik frå det som vert rekna som forsvarleg fører gjerne til tilsyn frå Fylkesmannen. Høyringsnotatet frå Dep vurderer to modellar for lovfesta minsteressurs på skule- og kommunenivå? Skulenivå (modell 1) Ein lovfesta minimumsressurs på skulenivå vil sikre at forholdet mellom elevtimar og lærartimar dvs. berekna gruppestorleik på kvar einskild skule ikkje er lågare enn minimumsressursen. Å lovfeste skuleeigar si plikt til å sørgje for ein minimumsressurs på den einskilde skule vil vere eit mål som er reelt og synleg for elevar, foreldre og lærarar. I realiteten vil det ikkje vera noko endring. Kommunenivå (modell 2) Ein livfesta minimumsressurs på kommunenivå vil innebere at skuleeigar ikkje får plikt til sørgje for ein minimumsressurs på den einskilde skule, men derimot ei plikt til å sørgje for at forholdet mellom elevtimar og lærartimar dvs. berekna gruppestorleik for kommunen sin skular i gjennomsnitt, ikkje er lågare enn minimumsressursen. Ein slik modell vil gi kommunane større fleksibilitet til å prioritera ressursar mellom skular basert på kjennskap til lokale tilhøve enn om grensa blir satt på skulenivå. Dersom det skal bli innført ei nasjonal avgjerd om lærartettleik, kan denne anten bli innført på heile grunnskulen samtidig, eller etappevis på ulike trinn. Regjeringa vil ta endeleg stilling til innføring av ei lovfesta maksimumsgrense for berekna gruppestorleik etter høringa. Etter Kunnskapsdepartementet si meining er behovet for tiltaket størst på ungdomstrinnet og vil støtte opp under dei tiltaka som er lagt fram i stortingsmeldinga for ungdomstrinnet (Meld. St. 22 (2010-2011)). Forslaget frå Kunnskapsdepartementet inneber at ei nasjonal avgjerd om lærartettleik blir innført først på ungdomstrinnet. Dette kan stå i motsetnad til satsinga på tidleg innsats der ressursar i begynnaropplæringa vert rekna som viktigast. Vurdering: Ei nasjonal avgjerd om lærartettleik stiller i seg sjølv ikkje krav til den faktiske gruppestorleiken. Den faktiske gruppestorleiken skal være pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg, noko som òg gjeld i dag for alle trinn i grunnskulen. Skulen må uansett bli tildelt dei lærarressursane som må til for at dei faktiske undervisningsgruppene skal vera pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Både innanfor modell 1 og modell 2 vil ei nasjonal avgjerd om lærartettleik kunne føra til at kommunar omfordelar lærarressursar frå skular med eit høgare ressursnivå til skular med eit lågare ressursnivå for å tilpasse seg avgjerda. side 7 av 16

Forslag til uttale: Stord kommune arbeidar målretta for å betre læringsresultata basert på vurderingar av lokale skuleutfordringar og kunnskapsbaserte tiltak. Elevane i kommunen skal ha ei likeverdig opplæring. Likeverdig opplæring må bli sett i samanheng med elevane sine sjansar til å nå måla i læreplanane. Stord kommune ynskjer å nytta sine ressursar mest mogleg målretta og fleksibelt for å betre læringsresultata i grunnskulen. Lærarane sin faglege og pedagogsike kompetanse er viktig for å oppnå dette. Stord kommune meinar at ei nasjonal avgjerd om lærartettleik ikkje er eit eigna virkemiddel for å skapa ein god skule med godt læringsutbytte for elevane. Regjeringa skriv sjølv i høyringsnotatet at det generelt ikkje finnes nokon direkte samanheng mellom lærartettleik og læringsresultat. Lovendringa i 2003 ga kommunane eit handlingsrom slik at kommunane og skulane sjølv kunne styra ressursfordelinga. Lovendringa ga høve til å organisera opplæringa med det sikte å betra læringsmiljøet og elevane sine læringsresultat. Hovudmålsetjinga er gjennom medviten tidsbruk å styra slik at ressursane kan bli konsentrert om skulen sitt arbeid med å oppfylle sitt samfunnsmandat og skapa gode resultat for elevane. Forslaget om nasjonal avgjerd om lærartettleik i grunnskulen, bidrar ikkje til dette. Lærartettleiken i norsk skule er gjennomsnittleg høg, og i dei fleste kommunar høgare enn departementet sitt framlegg. Ei nasjonal minimumsstandard om gjennomsnittleg lærartettleik synes derfor unødvendig vil føra til detaljfokus og lite føremålstenleg statleg regulering. Kommunen er medviten om sitt ansvar i høve til å skapa ein god skule og å tildela nødvendige ressursar ut frå ei heilskapsvurdering. Stord kommune er positiv til meir statlege ressursar til skulen, men meiner at dette ikkje bør skje gjennom statleg detaljregulering som hindrar fleksibel lokal styring av ressursane i tråd med skuleeigar sine målsettingar og rammer. Framlegg til vedtak Komité for oppvekst og utdanning sluttar seg til at vedlagt høyringsuttale og ber om at denne vert sendt inn som svar frå Stord kommune. side 8 av 16

Arkivref: 2009/187-15307/2011 Saksh.: Idun Elvatun Lunde Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 23/11 Komité for oppvekst og utdanning 12.12.2011 Kommunestyret TILSKOT TIL AUKE I BARNEHAGEPLASSAR Framlegg til innstilling: 1. Stord kommunestyre vedtek å avslå søknad om driftstilskot til ny familiebarnehage på Vikanes 2. Stord kommunestyre vedtek å godkjenna tilskot til auke på 20 plassar i Sæ barnehage frå januar 2013. 3. Tilskot vert gjeve på vilkår av godkjenning etter Lov om barnehagar med forskrifter og Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule. side 9 av 16

Rådmannen, 28.10.2011 Vedlegg 1. Søknad om godkjenning av ny familiebarnehage på Vikanes -10 plassar. 2. Søknad frå Sæ barnehage om auke i plassar frå 100 til 120. Bakgrunn / faktiske opplysningar Sæ barnehage søkjer om godkjenning for tilskot til 20 nye plassar med oppstart innan oktober 2012. Den nye barnehagen på Ås er då forventa ferdigstilt. Barnehagen har tidlegare fått godkjent tilskot til 30 nye plassar i høve til noverande plassar. Totalt vil barnehagen då ha 120 plassar. Sæ barnehage opplyser at det vil vera avgjerande for dei, for å driva økonomisk forsvarleg at dei får godkjent alle 120 plassane. Vidare søker ein familie på Vikanes om oppstart av familiebarnehage i eigen heim. Familiebarnehagen har plass til dobbel gruppe. Det vil seia 10 barn. Lovkravet til familiebarnehage i dag er at den anten må vera knytt til ein annan godkjent familiebarnehage eller ein ordinær barnehage, kommunal eller privat. Kommunen har plikt til å tilby plass til alle barn det er søkt om plass for det aktuelle året dersom dei har søkt innan hovudfristen for opptaket 15. mars kvart år. Barnet må også vera fylt eitt år innan 31. august same året. For 2011 har kommunen oppfylt plikta si, men det er likevel lang venteliste med barn utan rett til plass for barnehageåret 2011/2012. Per i dag stå 146 barn på venteliste utan barnehageplass. Av desse er 115 født i 2010 og 2011. Resten er over tre år. Alle desse har rett til plass frå hausten 2012 om dei framleis er søkjarar. Ved overgang til skule for seksåringane i 2012, blir det ledig om lag 225 plassar for barn over tre år. Omgjort til småbarnsplassar (under tre år) utgjer det 112 plassar. Forventa fødselstal for 2011 er 236. Av desse er 156 barn født i perioden 01.01-31.08.2011, og har rett til plass frå august 2012 om dei søkjer innan 15.mars 2012. I tillegg til dette er det lagt inn i statsbudsjettet 2012 å fjerna kontantstøtta for toåringane. Det kan få konsekvensar for søknadsmengd til barnehageplass i Stord kommune. I budsjettet for 2012 er det lagt inn 30 nye barnehageplassar frå august, som tilsvarer dei plassane som er godkjent i Sæ barnehage tidlegare. Det vert no søkt om ytterlegare 30 (20 + 10) plassar i 2012. I økonomireglementet for Stord kommune, jfr. punkt 3.4, skal saker som bind opp seinare årsbudsjett eller påfører kommunen økonomiske plikter utover økonomiplanen sine rammer vedtakast i kommunestyret. Vurdering Talet på barnehagesøknader er stigande og prognosen for haust 2012 tyder på at det er behov for nye barnehageplassar for å sikra at kommunen kan innfri plikta si også i 2012. Når det gjeld Sæ barnehage har ein del tilhøve endra seg. Ferdigstillinga av den nye barnehagen deira på Ås, etter dei siste planane, er ikkje klar før tidlegast oktober 2012. Dei 30 plassane dei tidlegare har fått godkjent tilskot til, vil dei likevel prøva å oppretta frå august 2012 i noverande lokale på Ådland. Barnehagen opplyser at det vil vera avgjerande for kostnadane ved å byggja ny barnehage at dei får byggja ut til 120 plassar. Familiebarnehagen på Vikanes er først og fremst avhengig av å få ei avklaring med ein samarbeidspart. Erfaringane med familiebarnehagar generelt er at dei er sårbare på grunn av få tilsette og liten førskulelærarressurs sjølv om lovkravet er oppfylt. Kommunen har dei siste åra vald å satsa på ordinære barnehagar. I ei tid med stort behov for barnehageplassar i kommunen vil 10 nye plassar vera av stor verdi. Administrasjonen har vore på synfaring i heimen (familiebarnehagen)og hatt fleire møter med søkjar. Tilhøva for godkjenning av heimen som familiebarnehage ligg godt til rette, føresett at dei får på plass organiseringa i samsvar med barnehagelova. Det er i budsjettet likevel ikkje teke høgde for meir enn 30 nye barnehageplassar i 2012, og det er difor ikkje grunnlag for å imøtekoma søknaden. side 10 av 16

Konklusjon Rådmannen ser at det kan verta behov for fleire barnehageplassar i Stord kommune frå 2012 for å oppfylla plikta om rett til barnehageplass. Sidan det ikkje er lagt inn nye plassar i budsjettet for 2012, vil rådmannen rå til å godkjenna tilskot til 20 nye barnehageplassar i Sæ barnehage frå januar 2013. Grunnen til det er at Sæ barnehage no driv frå mellombels lokale og må ha nye lokale frå 2012/13 og vidare at talet på plasser vil vera avgjerande for økonomisk drift i nybygde lokale på Ås. Rådmannen meiner at Sæ må prioriterast fordi dette handlar om å sikra barnehageplass ikkje berre for dei 20 nye plassane, men og for dei andre barna i barnehagen som no er i mellombels lokale. På grunn av at det ikkje er lagt inn nye barnehagar i budsjettet for 2012, rår rådmannen til at søknaden frå ny familiebarnehage på Vikanes får avslag. Om kommunen kan sikra barnehageplass til alle som har rett til det frå hausten 2012, vil ein først ha oversikt over når opptaket skal gjerast i mars 2012. Dersom det då viser seg at kommunen manglar plassar, kan det vera aktuelt å koma attende til denne søknaden. Føresetnaden for tilskot er at barnehagane vert godkjent etter krav i barnehagelova med forskrifter og Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule. Saka vert i samsvar med budsjettreglementet lagt til avgjerd i kommunestyret. Framlegg til innstilling 4. Stord kommunestyre vedtek å avslå søknad om driftstilskot til ny familiebarnehage på Vikanes 5. Stord kommunestyre vedtek å godkjenna tilskot til auke på 20 plassar i Sæ barnehage frå januar 2013. 6. Tilskot vert gjeve på vilkår av godkjenning etter Lov om barnehagar med forskrifter og Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule. side 11 av 16

Arkivref: 2011/772-16644/2011 Saksh.: Marit Kjelby Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 24/11 Komité for oppvekst og utdanning 12.12.2011 SLUTTRAPPORT FORSTUDIEN OG PROSJEKTPLAN FORPROSJEKTET OG SPRÅKLÆRING I SKULEN" " SPRÅKMILJØ Framlegg til vedtak: 1. Komite for oppvekst og utdanning tek sluttrapporten frå forstudien til orientering 2. Komite for oppvekst og utdanning godkjenner forprosjektplanen for språkprosjektet: Språkmiljø og språklæring i grunnskulen i Stord kommune side 12 av 16

Rådmannen, 23.11.2011 Vedlegg Sluttrapport forstudien Språkplakaten Samandrag (Prosjektet språkmiljø og språklæring og samanhengen med dei andre prosjekta) Prosjektplan forstudien Prosjektplan forprosjektet Språkmiljø og språklæring i grunnskulen i Stord Bakgrunn / faktiske opplysningar Heile prosjektet handlar om å laga plan for eit samanhengande og samordna arbeid med språk, språkutvikling, språkmiljø, språkbruk og språklæring i barnehagen og grunnskulen i Stord kommune. Det pedagogiske grunnlaget finn ein m.a. hjå den russiske pedagogen Lev Vygotsky. Han understrekar at språklæring må gå føre seg i sosiale situasjonar, eller naturlege språksituasjonar. Ny læring byggjer på barnet og eleven kan og meistrar frå før, og nytt lærestoff må lærast grundig og øvast på i mange naturlege situasjonar. Tenkjemåten vert kalla det sosio-kulturelle læringssynet. Fleire stortingsmeldingar om språk og læringsarbeid, Rammeplan for barnehagen (2006) og Læreplan for grunn- og vidaregåande skule (2006) byggjer på dette idegrunnlaget og desse prinsippa. Ein finn også dette grunnlaget att i vedtak og planar i Stord kommune, t.d. Styringsdokumentet for oppvekst, og i Kommuneplanen. Som eitt resultat av denne tenkinga vert det t.d. i Læreplan for grunn- og vidaregåande skule nedfelt at --utvikling av grunnleggjande dugleikar (ferdigheter) skal inn i alle fag og skal integrerast i kompetansemåla. Dei grunnleggjande dugleikane er å kunna: - uttrykkja seg munnleg - uttrykkje seg skriftleg - lesa - rekna - bruka digitale verktøy Læra og øva seg i å meistra sosiale situasjonar var også ført opp som grunnleggjande dugleik, men er no lagt inn som eit berande prinsipp for heile læreverket. Utfordringa vert m.a. å laga ein plan for språkmiljø og språklæring der arbeidet i barnehagen og skulen vert samordna. Planen må visa korleis ein kan undersøkja språket til det enkelte barnet, slik at læraren og førskulelæraren legg dette til grunn når barnet/eleven skal læra nye ord og ny dugleik. Både ordforrådet og dugleiken i å bruka språket må utviklast stegvis og systematisk. Språkmiljøet og språklæringa må vera allsidig slik at barnet/eleven får bruka språket i ulike situasjonar og til ulike formål. I Stord kommune har det i perioden 2007-2014 vore nokre prosjekt der ein har skaffa kunnskapar og undersøkt visse sider ved arbeidet i barnehage og skule: Prosjektet språkmiljø og språkstimulering i barnehagen, Prosjektet Lesedugleik i Stord kommune, Prosjektet Rutinar og utfordringar i samband med spesialundervisninga. Tilpassa opplæring, og Prosjekt Vurdering (dialogbasert metode) Samarbeid mellom HSH og skular i kommunen. Målet for prosjektet Språkmiljø og språklæring: 1. Laga ein samordna og samanhengande plan for arbeidet med språk, språkutvikling, språkbruk og språklæring i barnehage og skule i Stord kommune. Planen byggjer på idegrunnlaget og prinsippa som er nedfelt i Rammeplan for barnehage og Læreplan for grunn- og vidaregåande skule. 2. Laga plakaten Kvalitet i språkarbeidet, eit rettleiings- og idehefte som fortel korleis ein i barnehagen og i skulen kan arbeida systematisk med å utvikla språkdugleik og språkmeistring integrert i ulike fag, emne og i språksituasjonar elles, og ein informasjonsfaldar for føresette. 3. Laga eit praktisk skoleringsopplegg for dei som arbeider i barnehagen og i skulen. PLP-metoden vert nytta i dette prosjektarbeidet. side 13 av 16

I forstudien arbeidde prosjektet med punkt 1 i målet. (Jfr. vedlegget Samandrag ) Målet for forprosjektet er: 1. Med utgangspunkt i Språkplakaten for barnehage og skule (forstudien) skal ein i forprosjektet utarbeida eit rettleiings- og idehefte som fortel korleis ein i skulen kan arbeida systematisk med å utvikla språkdugleik og språkmeistring integrert i ulike fag, emne og i språksituasjonar elles. 2. Laga ein informasjonsfaldar til føresette. Faldaren fortel stutt korleis skulen med bakgrunn m.a. i Språkplakaten arbeider med språk og språklæring, og om korleis føresette kan hjelpa til. (Jfr. brosjyra Korleis stimulera til god språkutvikling hos barn frå prosjektet Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen ). 3. Laga eit praktisk skoleringsopplegg for dei som arbeider i skulen. Rettleiings- og ideheftet, skoleringsopplegget og språkbrosjyra samordnar aktuell kunnskap og erfaring frå dei andre prosjekta og frå andre kjelder. Forprosjektet varer frå 01.01.12 01.05.13 Merknad: Barnehagane held no på å innføra språkplakaten som vart laga i språkprosjektet for barnehagen. Språkprosjektet for skulen er vidareføring av dette prosjektet. I sluttfasen av forprosjektet ser ein desse to prosjekta i samanheng. Vurdering Rådmannen vurderer dette prosjektet som særs viktig. Det handlar om å følgja opp sentrale prinsipp i Rammeplan for barnehagen og i Læreplan for grunn- og vidaregåande skule. Barna/elevane vil ha nytte av at det er samanheng i språklæringa frå dei startar i barnehagen og til dei er ferdige med grunnskulen. Rådmannen trur at slikt systematisk og målretta arbeid med språket, vil ha god effekt på læringsresultatet. Konklusjon Rådmannen rår til at planen for forprosjektet vert godkjent slik han ligg føre i vedlegget. side 14 av 16

Arkivref: 2011/1945-16417/2011 Saksh.: Hege Etterlid Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 25/11 Komité for oppvekst og utdanning 12.12.2011 FORDELING AV BUDSJETTRAMME 2012 OOU Framlegg til vedtak: 1. Komiteen vedtek detaljbudsjettet for 2012 med desse endringane: 2. Komiteen vedtek betalingssatsane slik dei ligg føre i Betalingssatsar 2012 for: Skulefritidsordninga - side 33 Kommunale barnehagar - side 35 Plass i kulturskulen - side 37 side 15 av 16

Rådmannen, 18.11.2011 Vedlegg Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 Bakgrunn / faktiske opplysningar I samsvar med kommunen sitt økonomireglement vedteke 16.09.2010 skal formannskapet/komiteane fordele nettorammer i drift i vedteke rammebudsjett på dei ulike resultateiningane innanfor sine ansvarsområde. Formannskapet/komiteane har mynde til å disponere meirinntekter innan driftsbudsjettet for sine ansvarsområde dersom det er samanheng mellom meirinntekter og meirutgifter. Formannskapet/komiteane fastset avgifter og prisar på varer og tenester innanfor sine ansvarsområde når slik vedtaksrett ikkje ligg til kommunestyret. Komité for oppvekst og utdanning handsama budsjettet og ga si innstilling til dette den 22 november. Kommunestyret skal vedta budsjettet for 2012 og økonomiplanen for perioden 2012-2015 den 1 desember. Når dette er kjent vil rådmannen utarbeide eit konkret framlegg for endring av budsjettrammene til formannskapet. Dette framlegget og betalingshefte vil bli ettersendt/lagt fram for møtet i komité for rehabilitering, helse og omsorg. Framlegg til vedtak 1. Komiteen vedtek detaljbudsjettet for 2012 med desse endringane: 2. Komiteen vedtek betalingssatsane slik dei ligg føre i Betalingssatsar 2012 for: Skulefritidsordninga - side 33 Kommunale barnehagar - side 35 Plass i kulturskulen - side 37 side 16 av 16