D... 25 8.1 25 8.2 27 8.3 28 9.0 REISELIVSRELATERT TILLEGGSNÆRING...



Like dokumenter
Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Til deg som bur i fosterheim år

Partsbrev - Folgefonna Nasjonalpark - Kvinnherad - Organisert ferdsel - Ski & sail Rosendal

Juvet Landskapshotell

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

ÅKRAFJORDEN OPPLEVING AS SØKNAD OM TILSKOT TIL TURISTBÅT 2009

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Løyve til motorferdsel Delegert vedtak

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Lønnsundersøkinga for 2014

HORDALANDD. Utarbeidd av

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Referat frå MINTA møte

Farleg avfall i Nordhordland

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Spørjeundersøking om sentrumsområde

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Med god informasjon i bagasjen

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

«Ny Giv» med gjetarhund

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

10/60-14/N-211//AMS

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Forslag frå fylkesrådmannen

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Trykte vedlegg: Forstudie: ein mogeleg felles cruisestrategi for Vestlandsregionen Utrykte vedlegg:

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Partsbrev - Dronefilming i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Reisemål Hardangerfjord - Folgefonna nasjonalparkstyre

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/564/27/ 2015/11167 Laila Nersveen

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Delegert vedtak - Løyve til helikoptertransport i samband med sau i skårfeste - Buer landskapsvernområde og Folgefonna nasjonalpark

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Produksjon og ringverknader i reiselivsnæringane

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Transkript:

1.0 INNLEIING... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Metode for å framleggje resultata... 5 Skildring av reiseliv/turisme... 5 Vurdering av verknadene... 5 Samla vurdering av konsekvensane... 5 Vedlegga... 6 2.0 REISELIVSNÆRINGA DEI SISTE ÅRA... 6 3.0 TIDLEGARE FORSKING PÅ NASJONALPARKAR OG REISELIV... 8 4.0 REISELIVSNÆRINGA PÅ FOLGEFONNHALVØYA... 9 5.0 REISELIVET I FRAMTIDA, TRENDAR OG UTSYN FRAM MOT 2010... 11 5.1 Kva planar og ønskjer har reiselivsaktørane på Folgefonnhalvøya.13 5.2 Problem knytt til desse planane... 14 5. 3 Forvaltningspraksis i nasjonalparkar... 16 6.0 REISELIVET PÅ FOLGEFONNA... 17 6.1 Potensiale ved opprettinga av nasjonalpark... 18 6.2 Problem for sameksistens mellom verneområde og reiselivet... 19 6.3 0-alternativet - ikkje-vern... 20 7.0 FOLGEFONNA SOMMAR SKISENTER... 21 7.1 Alternativ A, B C eller D:... 22 7.2 Ved 0-alternativet ikkje-vern... 24 8.0 NASJONALPARKSENTER... 25 8.1 Alternativ A eller B... 25 8.2 Alternativ C eller D... 27 8.3 0-alternativet ikkje-vern... 28 9.0 REISELIVSRELATERT TILLEGGSNÆRING... 28 Alternativ A...29 9.1 Alternativ A og B... 29 9.2 Alternativ C og D... 32 9.3 0-alternativet... 33 10.0 KONKLUSJONAR OG SAMLA VURDERING... 33 10.1 Forenkla framstilling av vurderingane... 35 11.0 VEDLEGG 1... 36 11.1 Tilleggstenester i samband med jakt og fiske... 36 11.1.1 Alternativ A og B...36 11.1.2 Alternativ C og D...37 11.1.3 0-alternativet...37 11.2 Ænes Laksepark... 37

11.2.1 Alternativ A...38 11.2.2 Alternativ B...38 11.2.3 Alternativ C...39 11.2.4 Alternativ D...39 11.2.5 0-alternativet...39 11.3 Rosendal Turist Service... 39 11.3.1 Alternativ A, B og C...39 11.3.2 Alternativ D...40 11.3.3 0-alternativet...41 11.4 Folgefonni Breførarlag... 41 11.4.1 Alternativ A, B og C...41 11.4.2 Alternativ D...42 11.4.3 0-alternativet...42 11.5 Agatunet... 42 11.5.1 Alternativ A og B...42 11.5.2 Alternativ C og D...42 11.5.3 0-alternativet...43 11.6 Kvinnherad Turlag... 43 11.7 Sikringsbuar... 43 11.7.1 Alternativ A og B...43 11.7.2 Alternativ C og D...43 11.7.3 0-alternativet...44 11.8 Turstiar... 44 11.8.1 Alternativ A og B...44 11.8.2 Alternativ C og D...45 11.8.3 0-alternativet...45 11.9 Leirskule på Eikemo... 45 11.9.1 Alternativ A...45 11.9.2 Alternativ B...45 11.9.3 Alternativ C og D...46 11.9.4 0-alternativet...46 11.10 Fonnafly as... 46 11.10.1 Alternativ A, B, C og D...46 11.10.2 0-alternativet...47 11.11 Forenkla framstilling av vurderingane til einskildverksemdene... 47 12.0 VEDLEGG 2 NOTAT MED UTGREIINGSPROGRAMMET FOR TEMA REISELIV OG TURISME, OG KART... 48 13.0 KJELDER... 55 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 2

1.0 INNLEIING 1.1 Bakgrunn I samband med fylkesmannen sitt arbeid med Verneplan Folgefonnskal det utarbeidast konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova. Kulturlandskapssenteret, ved etnolog Lena Eikeland Kutschera, oppdraget med å utgreie konsekvensar for tema Reiseliv og Turisme. Vedlegg 2 viser oppdraget. Utgreiinga skal ta utgangspunkt i fleire vernealternativ og eit 0-alternativ. Dette går fram av vedlagte kart. Utgreiinga tok form av eit prosjekt med ramme 10 arbeidsveker. Prosjektleiar valde å gjennomføre prosjektet i 20 veker med 50 % arbeid. Dette gjorde også at stoffet fekk mogna seg, og det ikkje gjekk vekk effektiv arbeidstid med venting i sommarferien. Prosjektet strekte seg då frå juni til november 2002. Det er sett ned ei ressursgruppe kring prosjektleiaren, denne styrast av Tor Titlestad, Kulturlandskapssenteret, KLS, elles er desse med i gruppa. Anniken Friis Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga Anne Hunderi Hordaland Fylkeskommune, Næringsseksjonen Aud Karin Skagen KLS Lena Eikeland Kutschera KLS For å kunne seie noko om korleis tilhøva for reiselivet vil verte etter at verneområda er oppretta, er det naturleg å kartleggje kva som finst av reiselivstiltak i dag. Neste steg er å høyre kva ein tenkjer seg i framtida, kva planar dei har, og etter det vurdera korleis dette vil kunne passa inn i føresegnene i det framtidige verneområdet, som vil omfatte både i nasjonalpark og landskapsvernområde. Det er ikkje mogeleg innan prosjektramma å kome nærare inn på kvar einskild verksemd, og det var då naudsynt å gjere eit utval. I utgreiingsprogrammet er det peikt ut tre partar som i alle høve måtte utgreiast særskilt. Det var Folgefonn Sommar Skisenter, Folgefonna Nasjonalparksenter og dei som driv med reiselivsrelaterte oppgåver som sidenæring til landbruk. På dette grunnlaget vart nokre av informantane plukka ut. Helga Espeland er dagleg leiar i Folgefonn Sommar Skisenter. Kristi Skintveit sit i arbeidsutvalet for Forum Folgefonn. Arnhild Bleie er prosjektleiar i forprosjektet Berekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya. Stein Haugen er kultursjef i Kvinnherad kommune som står bak Folgefonna Informasjonssenter som ønskjer autorisasjon som nasjonalparksenter. 3 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

Tore Henrik Øye, Driftsplanprosjektet, Noregs Bondelag Åse Vaag, Fylkesjordsjef, Fylkesmannens Landbruksavdeling. Dessutan har eg intervjua andre partar som har interesser og eit visst overblikk over kva som rører seg innanfor reiselivet i regionen. Guttorm Rogdaberget er dagleg leiar i Stiftelsen Agatunet. Øystein Skåla er ein av stiftarane og sit i styret for Rosendalstiftinga Kjartan Pettersen driv Rosendal Turist Service, turarrangør for grupperreiser og pakkeløysingar i heile regionen. Leif-Sverre og Anne Beth Enes eig og driv Ænes Laksepark. Åsmund Bakke i Folgefonni Breførarlag. Dei siste er representantar for reiselivsprodukt og einskildverksemder. Rosendal Turist Service er turarrangør som nyttar seg av ande underleverandørar. Dei skreddarsyr pakkar med overnatting, mat, aktivitetar, transport og underhaldning, primært for firmakundar og andre grupper. Ænes Laksepark vert driven som attåtnæring til gardsdrift. Dei tilbyr laksefiske, har ein mini dyrepark, akvarium og høve for grilling og matlaging. Dei vil også etterkvart kunne arrangere turar og anna opplegg som kanopadling, fjordfiske, mat og konferanselokalar. Dei har dessutan også nettopp kjøpt ein campingplass med nokre få hytter. I Ænes Laksepark kan ein få ei unik fiskeoppleving. Her går fisken i dammar og ein er nesten garantert god fangst. Fiskarane får god oppfølging om dei ønskjer det, og ein får vege og slakte fisken etterpå. Ønskjer ein å grilla fangsten på staden er det høve til det også. Foto: L. E. Kutschera Folgefonni Breførarlag er den største aktøren som driv med aktivitetar på breen. Dei har tre daglege tilbod i sommarsesongen, og har i tillegg gruppeopplegg for kundar og er underleverandørar til mellom anna Rosendal Turist Service. Dei kan tilby breturar i blåisen, skiturar og fjellturar, i tillegg har dei spesialtilbod om kajakk og brevandring samt bresykling. Dei to siste tilboda er enno ikkje nytta i særleg grad av kundar. Hovudverksemda deira er tradisjonelle breturar i sprekker i blåis eller berre gåturar i reip på isen. Intervjua hadde form som samtalar, men eg hadde temaguide med oversyn over kva tema eg ville ha snakka gjennom. Det vart då stilt spørsmål om dette dersom samtalen ikkje elles naturleg dreidde innom temaet. Samtalane er tekne opp på band. Intervjua er skrivne ut i samandrag. Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 4

I tillegg har eg vore i kontakt på telefon med Hardanger Vekst som bad meg vende meg til Arnhild Bleie og Berekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya, Reisemål Hardanger Fjord såg på seg sjølv som operatør og viste meg vidare til kommunar eller andre på eit meir detaljert nivå. Eg har dessutan vore i kontakt med Anna Bjørkvoll i Hardanger Opplevelse og fått ein meny og oversyn over tilboda deira. I Åkrafjorden har eg snakka med og maila med Lars Øyre som er kontaktperson for områdetiltak i Åkrafjorden. Eg har i tillegg fått ei prosjektskildring over planane om leirskule på Eikemo. Eg har fått oversyn over svoltne tiltak, ei liste med vurderingar og prioriteringar i frå rapporten Er du svolten? (Bach 2002). Kvinnherad Turlag har eg også vore i kontakt med og fått årsmeldingar og aktivitetsoversyn. 1.2 Metode for å framleggje resultata Skildring av reiseliv/turisme Rapporten er bygd opp slik at eg først skildrar reiselivsnæringa generelt som den har vore dei siste åra, og sett i samband med nasjonalparkar (kap 2 og 3). Deretter går eg over på å sjå på framtida for korleis ein reknar med at marknaden og etterspørsla vert generelt (kap 4). Det vert vidare naturleg å sjå på kva tilbod som er på Folgefonnhalvøya i dag og deretter sjå på kva planar aktørane i regionen har, og einskilde problem knytt til desse (kap 5). Vurdering av verknadene Neste steg i rapporten er å ta for seg dei konkrete spørsmåla som vart stilt i samband med oppdraget (sjå utgreiingsprogrammet vedlegg 2). Først tek eg då for meg det generelle spørsmålet om nasjonalpark og landskapsvernområde vil ha noko å seie for reiselivet, og potensiale og konfliktar knytt til dette, og ser i høve til om det ikkje vert vern (kap 6). Deretter går eg nærare inn på dei to konkrete aktørane Folgefonn Sommar Skisenter, og Folgefonna Nasjonalparksenter og prøver å sjå på korleis framtida deira vil vert med eller utan nasjonalpark (kap 7 og 8). Spørsmålet om spørsmål reiselivsrelatert tilleggsnæring til landbruket er meir komplekst. Her går eg nærare inn på tema som knyter seg til stølar for utleige, tilførslevegar og opplevingspakker (kap 9). Eg har her nytta tabellar med verbal skildring og vurdering av tiltaka. Det er mange usikre faktorar knytt til ei slik konsekvensutgreiing, og det ar vanskeleg å seie noko heilt sikkert. Mykje av dette er basert på vurderingar og hypotesar, og baserar seg på inntrykk etter å ha samtala med partar på halvøya, sett i høve til trendar og reiselivsutvikling, og i høve til kva retningsliner ein kan vente å få med ein verneplan. Samla vurdering av konsekvensane Til slutt har eg skrive ein del konklusjonar, her er også ei forenkla framstilling av vurderingane av dei einskilde alternativa opp mot ulike tema og verksemder. Her har eg sett opp ein forenkla tabell med oversikt over vurderingar knytta til ein skala frå store positive konsekvensar til negative konsekvensar (kap 10). 5 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

Det kan være problematisk å overføre dei verbale vurderingane til ei meir skjematisk oversikt. Dette er ein kvalitativ undersøking, og kan ikkje direkte overførast til kvantitative tabellar. Når eg likevel vel å gjere det er det for å visualisere konsekvensane og effektane i høve til kva som vil vere beste alternativ for reiselivsnæringa. Dette gjev det lettare å samanlikne kva alternativ som truleg vil føre til mest positive effektar for reiselivsnæringa. Grunngjevingane for desse vurderingane er å finne i teksten, og tabellen bør ikkje lesast heilt isolert frå denne. Vedlegga Siste del av rapporten er eit lengre vedlegg der eg har gått inn og tatt for meg einskildaktørar, verksemder som driv med ulike former for reiseliv og aktivitetar innanfor det planlagde verneplanområdet, og andre einskildtema som sikringsbuar og stiar. Desse vedlegga kan sjåast i samband, og er ein nærare gjennomgang av utvalde verksemder som elles er omtala i kap 4. Her er det også ei forenkla framstilling av vurderingane og konsekvensane for desse enkeltaktørane. Vedlagt ligg dessutan eit notat med oppdraget frå Fylkesmannen for utgreiingar. Her finn du også kart med dei ulike alternativa. 2.0 REISELIVSNÆRINGA DEI SISTE ÅRA For å få eit oversyn over næringa både frå nasjonal og internasjonalt hald, har eg sett på tidlegare forsking gjort i samband med nasjonalparkar og reiseliv. Marit Vorkinn og Svein Erik Hagen ved Østlandsforsking fann i samband med konsekvensutgreiing for verneplan for reiseliv og miljøbasert næringsutvikling i Geiranger og Herdal ei rekkje trendar som knyter seg opp mot turstar og nasjonalparkar eller interesser for natur. Eg har laga eit kort samandrag av dei trendane dei fann. Dette gjev oss i peikepinn på korleis reiselivsnæringa har vore dei siste åra. Reiselivsnæringa i Norge hadde stor auke på 1990-talet. Folk brukar meir pengar på feriar, og det tar gjerne fleire korte feriar i løpet av eit år. Den vanlegaste ferieforma, særleg for gjestar frå utlandet, er rundreiser, der ein besøker mange stader i løpet av ferien. Denne reiseforma er særleg viktig for verksemder som driv med småskala reiseliv. Rundreiseturistane kjem hovudsakeleg i sommarmånadene. Ein reknar med at viktigaste motivet for at utlendingar vel å reise til Norge har vore og framleis er for å få naturopplevingar. Den siste tida har det vore hevda at interessa for naturbasert turisme, grøn turisme eller økoturisme er veksande, men dette er i liten grad dokumentert. Denne manglande dokumentasjonen kan skuldast at turiststatistikken ikkje skil mellom ulike formar for turisme, og at naturturismeomgrepet dekkjer eit breitt spekter av turismeformer. Nordmenn, som er hovudgruppa av turistar i mange område, har vist uendra interesse for grøn turisme. Aktivitetsmønsteret blant nordmenn har endra seg etter måten lite på den lengste sommarferieturen frå 1986 til 1999 (Teigland 2000). Det er registrert ein markert auke i delen som har gått tur i skog og mark Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 6

på den lengste sommarferieturen i denne perioden, (frå 49 til 59 %), medan delen som har gått tur i fjellet har endra seg lite (frå 22 til 25 %). Dei seinaste åra har det vakse fram kommersielle reiselivsverksemder, aktivitetsarrangørar, som nyttar naturopplevinga direkte. Ei undersøking i 1999 viste at berre 12% av vaksne nordmenn nokon gong hadde betalt for å vere med på organiserte formar for friluftsliv eller naturoppleving som elgsafari eller rafting (Teigland 2000). Dette inkluderar ikkje kommersielle tilbod i samband med overnatting, transport eller eting i tilknyting til desse friluftsliv- eller naturopplevingane. Det er dessutan også uklart om tala berre gjeld for turar folk har betalt sjølve, og at deltakinga på slike tilskipingar betalt av firma eller andre dermed kjem i tillegg. Naturopplevingane er også basen i merkevarestrategien som Norges Turistråd har utarbeida for Norge som reisemål for utanlandske feriereisande. Målet med strategien er å profilere Norge som reisemål i utlandet, og få utanlandske feriereisande til å få lyst til å dra til Norge. Naturopplevingane vert framleis sterkt vektlagde, men samspelet mellom menneske og natur, folkeliv og historie skal danne grunnlaget for opplevingane, ikkje berre den vakre naturen åleine. Dei viktigaste marknadssegmenta det skal satsast på er alle knytta til naturopplevingar kalla I ett med natur og kultur, Aktive naturopplevelser og Ro og oppladning i naturen. Det vert understreka at marknadsføringa skal fokusere mindre på dei ekstreme aktivitetane og vektleggje meir enkle aktivitetar. Dette har bakgrunn i ein marknadssituasjon der til dømes segmentet aktive naturopplevelser utgjer berre 1% av den tyske marknaden og 9% av den danske marknaden (Norges Turistråd 2001 b). Naturoppleving på Folgefonna. Folk søkjer maksimum av opplevingar på minimum av tid. Foto: A. Høivik I fjølge ein analyse frå World Tourism Organisation (WTO), vil reiseaktiviteten i framtida på verdsbasis vere prega av at turistane er rike når det gjelder penger, men fattige på tid. Difor vil mange etterspørre produkt som tilbyr maksimum av opplevelser på minimum av tid (frå Stortingsmelding nr 15. (1999.2000)). Denne trenden vil hjelpe fram stader med eit breitt og attraktivt produkttilbod til dei reisande, eller reiselivsprodukt der folk kan oppleve fleire stader på ei kortvarig reise. Kortvarige feriar eller helgeturar vil i større grad verte etterspurd 7 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

og hovudferien vil bli kortare for mange. Folk vil difor helst ønskje seg enkle løysingar og dette vil auke veksten av all-inclusive resorts. Seniorturistar vil truleg også utgjere ei aukande gruppe som utfaldar seg innan fritidssektoren, både den kommersielle og ikkje-kommersielle. Aukande utdanningsnivå og god privatøkonomi blant mange i denne gruppa vil truleg også påverke fritidsvanane som kan gje seg utslag i auka reising. Eldrebølga vil føre med seg at både volumet av fritidsutøvarar vil auke, og at aktivitets- og opplevingsaspektet blant eldre vert meir samansett. Seniorturistane vil truleg ønskje enkle aktivitetar som ikkje er særskilt fysisk krevjande, gjerne bilbaserte naturopplevingar saman med enkle tilrettelagde bilvandringar. Reiselivsnæringa slit med dårleg lønnsemd, særleg blant dei små aktørane, og bland dei i distrikta. Dette gjer at det vert lite ressursar til å utvikle produkt og marknad. Både nasjonalt og internasjonalt føregår alliansebygging, fusjoner, oppkjøp og kjededanning. Dei store kan redusere kostnader og utnytte knappe ressursar betre, og kan dermed satse meir på marknadsføring, kompetansebygging og produktutvikling. Konkurransen om kundane er stor og dei små aktørane vert ofte taparane. Kundane vert stadig flinkare til å orientere seg i marknaden både internasjonalt og nasjonalt, samstundes ser ein likevel ein tendens til at ein større del av aktiviteten innan reiselivsnæringa skjer i regi av dei største aktørane. Det er viktig for dei små aktørane og verksemdene å ha ei tilknyting eller allianse slik at dei kan inngå i dei store operatørane sine pakker. 3.0 TIDLEGARE FORSKING PÅ NASJONALPARKAR OG REISELIV Kva har ein funne ut om turistar og deira forhold til nasjonalparkar. Det er ikkje gjort forsking i etterkant av ei etablering av nasjonalpark eller verneområde, det er difor ikkje kjent kva faktiske verkingar dette vil ha for reiselivet. Resultata frå tidlegare forsking er difor også basert på analyser og vurderinga av tiltak i forhold til korleis ein ventar at utviklinga i reiselivet og folk sine reisevanar og reiseønskjar vil verte, og korleis marknaden utviklar seg på bruka og seljer sida. Det vil understrekast difor frå forskarhald at det er viktig med forsking og overvaking i etterkant av etablering av nasjonalpark, slik at ein kan få ein meir korrekt bilete av konsekvensane av opprettinga av verneområdet. Det er også viktig å merke seg at det er vanskeleg å skilje mellom direkte konsekvensar og effektar av vernet, og endringar og verkingar som skuldast andre forhold, som endring i reisevanar både nasjonalt og internasjonal, effektar av offentleg fokus på eit område som gjer at det vert sett inn ekstra virkemiddel og støtteordningar, eller endringar som ville kome på grunn av generelle tilhøve i samfunnet elles som ikkje har noko med nasjonalpark å gjere. Reiselivsnæringa er ei næring som gjev ringverkingar for andre delar av samfunnet, oppgang eller nedgang innan denne næringa får også innverknad på andre næringar som mellom anna service, handel, bensin med meir. Det kan også vere med å gje meir arbeid til handverkarar og andre som yter tenester til eigarane av reiselivsverksemder. Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 8

4.0 REISELIVSNÆRINGA PÅ FOLGEFONNHALVØYA På Folgefonnahalvøya er det nokre få hotell og gjestgjeveri. Det er også mange små verksemder som driv med utleige av hytter, campinghytter, rom og hus. Det vert likevel hevda at i einskilde område er kapasiteten sprengd i sesongen, og at det er trong for større sengekapasitet. Fleire stølar rundt heile halvøya står i dag ubrukte, nokre stader er sela gjorde om til fritidsbustader, andre stader står dei tomme. Nokre er sett i stand, og mellom anna på Eikemostølen går det an å leige to hytter/sel. Vi finn her einskilde utsal av gardsmatprodukt, og utbredt sal av bær og frukt, og mange stader er det tilbod om sjølvplukk. Her kan ein kjøpa med seg mat produsert på garden eller i området. Ein kan dessutan kjøpa eller abonnera på kjøt, forhandsselde griser, sauer eller kalkunar. Det er nokre stader med matservering i tillegg til restaurantar, kafear og anna. Her kan nemnast Olaløo, Guddalstunet og Agatunet som kan arrangere matservering. Dette er stader som vi normalt ikkje forbind med mat og restaurant, men som kan arrangere matservering for grupper på bestilling, stader med atmosfære og der kundane får noko meir enn maten, som kan vere tradisjonskost eller av lokale råstoff. På Vassel i Herand er det eit lite og eksklusivt mikrobryggeri kor serveringsgjestar kan få smake heimebrygga øl. Det er tilbod om gardsferie og villmarksferie som tilbyr alt frå enkel til høgstandard overnatting, unike aktivitets- og villmarksopplevingar, så vel som gardsopplevingar i form av saueettersyn i fjellet og sal av gardsprodukt. Det finst nokre turoperatørar som arrangerer pakkeløysingar, med opplevingspakker, skreddarsydde for grupper. Blant desse er Rosendal Turist Service og Hardanger Opplevelse. RTS baserer seg i stor grad på kombinasjonen og kontrasten natur/kultur og nytter både Baroniet, eksklusive og spesielle serveringsstader, gjerne gardsrelatert og breen, turar i naturen i samarbeid med breførarlaget og anna. Her er fleire breførarlag med større eller mindre verksemd. Folgefonni Breførarlag er det største. Aktivitetane deira tek som oftast utgangspunkt i Sommarskisenteret, men dei nytter også heile breen og turar over den. Dei tilbyr også andre aktivitetar som sykling på breen, kajakkpadling og bretur, skiturar og blåisturar. Også Turlaga i området tilbyr aktivitetar og turar knytte til breen. Dei to lokale turlaga, Odda og Kvinnherad turlag driv dei fire hyttene på Folgefonna, og er aktive med turopplegg både sommar og vinter. Dei har utstyr til brevandring og skigåing i tau. Her er også merka løyper som går utanom breen slik at også andre som ikkje er særskilt brevande kan ha glede av fjellet på Folgefonnhalvøya. Bergen Turlag har gjort eit manntal over vitjande til hyttene i fjellet, og det viser at sommaren 2002 har vore rekordtrafikk over Folgefonna, minst 1 500 personar har gått heilt opp på snaufjellet og til isen (Bergens Tidende 14.11.02). Folgefonna Sommar Skisenter har tilbod til alpininteresserte. Her er skitrekk som gjev høve til å stå på ski og snøbrett heile sommarsesongen. Her er også eit lite 9 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

barneskitrekk som er sett opp når forholda tillet det. Aktive utøvarar har høve til å trene alpine greinar med unnatak frå utfor og Super-G, om dei vil trene dette er løype litt for kort. Freestyleutøvarane har mogeligheiter til å trena i half pipe og andre spesialinnretningar. Ænes Laksepark gjev høve til å fiske eigen laks i dammar på eit lukka område. Her er også høve å fiska i elva, men dette gjev sjeldnare fangst. Vil ein ha naturopplevinga kan ein gå i elva, vil ein ha fisk og fiskeoppleving kan ein kome til oss. Her er også ein mini dyrehage med ulike dyr som geit, høns, påfugl, gris, kaninar. Dessutan nokre akvarium der ein kan sjå nærare på laks og torsk. I Lakseparken kan ein leige grill og grille fangsten eller annan grillmat. Mange stader er det mindre stiar for lokalkjende, stiar som går inn i dalføre og til stølar som ligg i liene under fjellplatået og breen. Her er gamle ferdavegar som er sette i stand eller som ein planlegg å setje i stand. Ein gamal Ridesti er nettopp sett i stand og merka frå Odda og opp til Holmaskjær, og det er planar om å gjere det same med Keisarstien frå Maurangersida. På Bondhusvatnet ligg det i dag nokre båtar som kan leigast for å komme seg ut på vatnet. Ein kan tinga båttur med førar på førehand eller ringe eigaren når ein er komen opp og få avtale om å nytta båt. Fonnafly driv mellom anna med sightseeingfly over fonna. Eit hesteskysslag opererar i hovudsak i Rosendal med turar opp til Baroniet. Hesteskyss i Rosendal. Folk kan kome til Baroniet på staseleg vis. Foto. A. K. Skagen Andre tiltak som kan nemnast er Hagevandring. Her er mange stader sal av fiskekort og dessutan båtutleige til fjordfisking. Fleire driv også med kanopadling og kajakk. Her er også ein putballbane (spelar fotball med golfreglar eller golf med fotball). Dessutan husflidsutsal og ei rekkje kunstnarar som syner arbeida sine eller har utsal. Eit prosjekt er i gang i Åkrafjorden med å få kartlagd ledig bygningsmasse for å finne ut det potensiale som ligg på nordsida av fjorden. Dette er med tanke på å Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 10

finne nye eigarar på heiltid, sal eller utleigebustader til fritidsbruk som hytter eller utleigebustader til turistar for kortare periodar. Det er altså eit rikt utval i tilbod på halvøya og her er også ei mengd planar og draumar for framtida. 5.0 REISELIVET I FRAMTIDA, TRENDAR OG UTSYN FRAM MOT 2010 Ein rapport frå Reiselivsutvikling Nord AS som er utført på oppdrag frå Reisemål Hardanger Fjord AS viser at utviklinga av reiselivet i Hardanger ikkje har vore tilfredsstillande når det gjeld landbasert reiseliv. Signala tyder på at høge avgifter på fly, bensin og alkohol er sterkt medverkande til at utviklinga er så svak. Dessutan er det hardare internasjonal konkurranse og produkt- og marknadssamordninga er for svak. Den svekka økonomien gjer at det vert mindre profilering via Norges Turistråd på sentrale marknader. Trafikken til og innan Hardanger viser stagnasjon og til dels nedgang, både når det gjeld norske og utanlandske gjestedøgn. Ein finn ikkje igjen same trenden elles i Hordaland eller Fjordnorge, her har utviklinga vore positiv med unnatak av det siste året. Dette kan tyde på at betre marknadsføring og samordning kan hjelpa til å snu utviklinga for denne regionen. Vi finn også ei sterk todeling av reiselivsnæringa ved Bergen i høve til distrikta. Saman med andre delar av distrikta i Hordaland har Folgefonnhalvøya ei utfordring i å få dei reisande til å overnatte andre stader enn i Bergen. Utvikling av aktivitetar og andre tilbod vil styrke overnattingsverksemdene og gje ringverknader. Stadig fleire brukar Bergen som utgangspunkt for reiser, og overnattar ikkje i distrikta. I rapporten er det samla ein del reiselivstrendar slik ein meiner å sjå utviklinga mot fram mot år 2010, einskilde av desse kan vere viktig og relevant å sjå nærare på. Det kan sjå ut til at dette er viktige utviklingstrekk som kan virke inn på næringa på Folgefonnhalvøya. Eg gjer eit utval og siterar: Forholdet mellom pris og kvalitet vil spille en økende rolle i valg av destinasjon og botilbud. Dessuten vil kvaliteten på miljøet bli et avgjørende element for å trekke til seg besøkende. De internasjonale markedene vil bli mer nyansert og uoversiktlige. Det vil fortsatt være et hovedsegment med ordinær rundreisetrafikk, men økningen ligger innenfor segmenter av individuell karakter. Den organiserte turisme blir mer og mer individuell i sin karakter, og vil øke i årene som kommer. En av de viktigste trender er at folk søker ny erfaring man er ikke lenger ute etter bekreftelse på det man vet. Den nye erfaringen skal være både i form av kunnskap og utfordringer. Folk ønsker å føle at de gjør noe som er sunt for dem. Helse og natur prioriteres om dagen, men om kvelden trekker man seg gjerne tilbake til full komfort. Back to basic. 11 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

Det skal være balanse mellom utfordringer og ro moderne komfort og villmarksutfordringer, mellom utrygghet og ro/sikkerhet, det skal være kostholdsbalanse. Folk vil gjøre ting selv ha følelsen av at man bidrar selv. Vi sprenge egne grenser. Dagens turister har en innebygd rastløshet og dette vil forsterke seg i årene som kommer vi må derfor satse på å tilby en balanse mellom arbeide og fritid. De som arbeider hardt har en rastløshet som ikke forsvinner over natten. Det må legges opp et tempo gjestene kan leve med, det vil si en rikholdig aktivitetsmeny. Det er eneste mulighet for å skape grunnlag for oppholdsturisme. Folk prioriterer i dag opplevelser fremfor å skaffe seg ting. Dette kommer av at de fleste har det de trenger. Pluss at ved stress i arbeidsforhold så fører det til at man setter opplevelser i fokus. Produktet må personifiseres. De produkter som presenteres skal være klart definert og beskrevet. Det man kjøper skal være ekte en sammenheng må skapes mellom ytre og indre miljø. Det vil si at man gjerne kan ha en røff fasade, men inne skal man ha moderne komfort. I tillegg til etterspørsel etter tradisjonelle hoteller vil det utvikle seg en betydelig etterspørsel etter apartements og selvhusholdningsanlegg, også innen det øvre kundeskikt. For kurs og møtemarkedet vil apartements i fremtiden bli sett på som statusopphold, man har råd til god plass for den enkelte deltager. For gjestene er det ønskelig å delta i ekte kulturopplevelser man må finne frem til tilbud som trekker gjestene inni bygdas hverdag. Mange vil ha nauren som ramme for sine opplevelser. Den eksklusive naturopplevelse vil komme sterkere i fokus det vil si det blir en såkalt terrorbalanse mellom det primitive og det eksklusive. Kvalitetsforventninger går blant annet ut på at man har en vertskapsfunksjon som fungerer. Man er villig til å betale dyrt for kvalitet og opplevelser som er ekte. Gjestene vil ha value for money. Det er store muligheter for økt salg via nye kanaler som Internett direkte mot organisasjoner, grupper, industri og næringsliv. Samarbeidsallianser både frivillige og eiermessige vil for svært mange være avgjørende for den fremtidige utviklingen. Alliansekrigen overtar for bedriftskrigen (Sevaldsen, 2002: 17ff). Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 12

5.1 Kva planar og ønskjer har reiselivsaktørane på Folgefonnhalvøya Dei fleste eg har snakka med ser det nesten udelt som positivt for reiselivsnæringa at det er planar om nasjonalpark. Mange som driv eit reiselivsprodukt, eller har planar om å utvikle eit, poengterar at dei ønskjer nå eit eksklusivt publikum, og eit pengesterkt publikum. Dei trur folk er villege til å betale til dels mykje dersom dei får noko spesielt og eksklusivt. Opplevingspakker vert vektlagd. Tilbodet skal femne meir enn berre overnatting eller mat, nemleg ei heil pakke som inkluderar overnatting, aktivitet, mat og oppleving/deltaking. Turstiar er populært og noko dei fleste grendelag på halvøya vil leggje opp til, gjerne med opplysingar om tema som kultur, biologi, geologi med meir. Dette er noko som ikkje kan utnyttast i nokon særlig grad kommersielt, bortsett frå med guide, men det er likevel trekt fram som noko positivt, noko dei vil kunne tilby reisande, og som kanskje vil få dei til å komme til staden, evt verte på staden litt lengre. Nokre aktørar, både i kommunar og i det private ønskjer fleire sikringsbuar, kvilebuar i fjellet, med tanke på tryggleiken. Turlaget meiner det er tilstrekkeleg med sikringsbuar her, og har ikkje planar om å byggje ut stinettet eller byggje fleire bygningar. Generelt er overnattingskapasiteten nesten sprengt i høgsesongen. Nokre informantar fortel at det er fleire i området som ønskjer å setje i stand stølar og sel for utleige. For firmakundar og grupper er det nesten påkrevd med tilkomstveg til staden om dei skal kunne nyttast, det må kunne nås med båt, bil, buss eller minibuss. Folk er i dårlig fysisk form og ein kan ikkje sende dei ut på turar som krev noko særlig fysisk slit. Mange ønskjer å satse på grupper og til eit dels eksklusivt tilbod. Ikkje busslastar med turistar på gjennomreise, men grupper med interesserte besøkande. Desse betalar meir, forventar meir og er truleg litt meir interessert sidan opplegget har kosta dei meir. Mange småaktørar ønskjer vere med i ein pakke, å tilby ein komponent i ei opplevingspakke. Fleire ønskjer at det fans ein felles portal eller bookingsentral som samordnar marknadsføring, førespurnader, setter saman pakker osb. Ein formidlingssentral vil spare den einskilde utleigar/aktør for mykje administrasjonsarbeid og marknadsføring. Fleire av småaktørane seier at dei manglar og saknar ein koordineringssentral eller formidlar av hytter og opplevingar. Ein stad individuelle reisande kan vende seg og få informasjon, hjelp til å orientere seg og bestille, eller setje saman sine eigne pakker med overnatting og aktivitetar. Denne mangelen vert også stadfesta av Rosendal Turist Service som nettopp driv og set saman slike pakker 13 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

til verksemder og grupper. Dei får mange førespurnader for einskildreisande som treng nærare informasjon og hjelp. Likevel er det ikkje frå småaktørane si side ønskjeleg med ein mellomledd som tar høge provisjonar slik at lønsemda for dei små vert svekka. I Berekraftig næringsutvikling for Folgefonnhalvøya snakka ein om å lage eit slik formidlingsbyrå på dugnad eller evt nokon startar eigen verksemd som driv med dette. Det er utvikla eit prøveopplegg på Internett, Reisemål Folgefonn, som nokon ønskjer å vidareutvikla og ønskjer å få fleire aktørar med på laget. 5.2 Problem knytt til desse planane Det er ein tendens til at einskildreisande, individuelle reisande ikkje vert rekna for å vere så verdfulle. Å lage opplegg og pakker til individuelle reisande vil krevje mykje og gje lite igjen. Det kan vere eit problem at det kan hende vert lagd så mykje vekt på eksklusivitet av det kanskje utelukkar ei gruppe tilreisande som ønskjer billig overnatting, oppleving og enkelt friluftsliv. Alle kan ikkje satse på høgprisprodukt til ei kjøpesterk kundegruppe som firmakundar og andre grupper. Det vil truleg ikkje vere rom for så stor satsing på denne gruppa, fordi dei også krev langt større grad av tilrettelegging. Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 14

Frå Bondhusbreen. Her kan ein sjå breen etter ein liten halvtimes gange. Det er også stigar bort til breen om ein ønskjer å fortsette til fots. Foto: L. E. Kutschera 15 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

Ønskjer ein kome endå nærare Bondhusbreen, kan ein tinga guide og bli frakta over vatnet, eller leiga båt og ro bort til breen sjølve. Foto: L. E. Kutschera 5. 3 Forvaltningspraksis i nasjonalparkar I nasjonalparkar ligg det føresetnader og reglar som vil vere avgrensingar for næringsutvikling på Folgefonnhalvøya. Samstundes vil mykje av næringslivet som er kultur-, natur og miljøbasert vere avhengig av at desse verdiane vert ivaretekne, og som difor også næringslivet vil vere interesserte i. Her er lista opp forvaltningspraksis i samanheng med nasjonalparkforvaltning og reiseliv. Dette er prinsipp som også vil verte følgde i eit verneområde på Folgefonnhalvhøya: Må ikkje vere i strid med verneføremålet Enkle tiltak som ikkje øydelegg produkt for andre Inga eller berre avgrensa byggjeverksemd Ikkje motoriserte aktivitetar Tradisjonelt friluftsliv/fjellvandring har prioritet Tyngre tilrettelegging vert lagt til randområda Infrastruktur (p-plassar, salsboder, produksjon, overnattingsverksemder, infosentre ol) ligg utanfor nasjonalparken Jo tyngre anlegg jo lengre avstand frå nasjonalparkgrensa Forvaltningsplanen vert nytta aktivt Forvaltningsplanen prioriterer mellom tiltak Forvaltningsplanen vert revidert minst kvart 10. år Inngrep og tiltak vil verte vurdert ut frå aktuell verneform, nasjonalpark eller landskapsvernområde. Her er det graderingar i kor strengt vernet er. I eit landskapsvernområde er det større høve for tiltak, men området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 16

6.0 REISELIVET PÅ FOLGEFONNA Korleis vil ei eventuell oppretting av nasjonalpark og landskapsvernområde virke inn på reiselivet på Folgefonnhalvøya? Dette sentrale spørsmålet er ei hovudproblemstilling i denne konsekvensutgreiinga for reiselivet. Vil opprettinga av nasjonalpark og landskapsvernområde gjere at det kjem fleire turistar til området? Dette er spørsmål som det er vanskeleg å svare på. Det er ikkje gjort mange undersøkingar på kva innverknad ein vernestatus vil ha for tilstrøyminga av turistar. Dei fleste tenkjer seg at ein nasjonalparkstatus er eit kvalitetsstempel, noko som garanterer for eit minimum av kvalitet når det gjeld naturopplevingar og urøyrt natur. Dei fleste assosierar vel ein nasjonalpark med noko positivt, i ein nasjonalpark har ein kvalitetar som er særmerkte. For tilreisande og andre vil ein nasjonalpark gje høve til rekreasjon og oppleving i eit unikt landskap. Landskapet vil være det likeeins same kva vernestatus det har, men ein verneplan vil gje ein merkelapp og ei stadfesting av at det landskap ein no opplevar og har kring seg spesielt og er så særmerkt at det har nasjonal verdi. Det er ikkje berre ein sjølv som meiner og føler det, men det er noko som er offisielt stadfesta og peika på. Truleg vil dette være med å auke opplevingskvaliteten for dei som nyttar området. Ei undersøking frå Sjodalen som er innfallsport til Jotunheimen nasjonalpark, viser at nasjonalparkområdet hadde ein klar positiv effekt på turistverksemdene i randssona. Fjellvandrarar som såg nasjonalparken som ein hovudattraksjon, kombinerte naturopplevinga inne i parken med kortvarige opphald i randsona. Dei som overnatta i randsona var på veg til eller frå nasjonalparken, og overnatta gjerne på veg inn eller ut av nasjonalparken og tok seg ein 5-6 dagars fottur i sjølve parkområdet. Også dei som ikkje kom til staden på grunn av nasjonalparken åleine, sa at nasjonalparken hadde stor tiltrekkingskraft. Likevel synte det seg at berre nokre få nytta kommersiell overnatting i randsona til nasjonalparken. Dei fleste overnatta privat eller på hyttene til turistforeninga. Det verka altså som om nasjonalparkstatus hadde avgrensa effekt for dei kommersielle overnattingsverksemdene (Teigland 2002). Det vil kan hende verte annleis om ein overnattar i leigde hytter eller sel, enn om ein overnattar i større verksemder som hotell eller gjestgjeveri. Det er gjord fleire undersøkingar som viser at ein ikkje bør rekne med at bilturistane kjem for å sjå naturvernområde. Naturen og opplevinga av den vert i stor grad ein avstands eller kulisseoppleving, som dei ser frå bilvindauget. Dei bilturistane som utøvar friluftsliv tek som oftast berre ein kort tur til fots, og vert ikkje værande særleg lenge i området sjølv om her er nasjonalpark (Teigland 2002). Når det gjeld jakt- og fisketurisme meiner ein at det er avgrensa behov for kommersiell overnatting. Dei fleste bur i private hytter eller sel og leiger berre jaktløyvet. Likevel er det ein god del som leiger også hytter eller sel for å bu i under jakta. Dei større overnattingsverksemdene er ikkje nytta av jegerar i særleg grad. Det synes difor som om det kan vere ein avgrensa marknad for utleige av overnattings og løyve til jaktlag, og der det er høve for einskilde å få viktige biinntekter frå den type verksemd (Teigland 2002). Det er ikkje klart om jegerar skil mellom jakt i nasjonalpark og jakt i utmark elles, og om eit 17 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

verneområde vil vere meir attraktivt jaktterreng eller om det ville vore attraktivt same kva vernestatus. Teigland viser til ein studie frå 2000 og 1996 at fram til då er det enno ikkje utbredt marknad for opplevingspakker for individuelle turistar. Dei aller fleste turistar, både nordmenn og utanlandske føretrekk å klare seg sjølve år dei ferdast i naturen. Dermed er behovet for tilrettelagde aktivitetar og opplevingar i naturen som ein skal betale for avgrensa. Ser ein på framtida for småskala turisme for individuelle pakker kan det likevel tyde på ein auka interesse for opplevingspakker også for private eller individuelle reisande i små grupper. Visse einskildstudiar viser at det har vore ein sterk omsetjingsvekst i brerelatert turistaktivitet, særleg er dette tydeleg kring hesteskyss opp til Briksdalsbreen der det har vore nesten ein tredobling av omsetjing frå 1987 til 1997. Ei gruppe turistar legg ut med Folgefonni Breførarlag frå Folgefonn Sommar Skisenter. Dei går i tog og med stegjern, og skal prøva seg på juving ved Juklavatn. Foto: E. Kutschera 6.1 Potensiale ved opprettinga av nasjonalpark Det er altså ingen automatikk i at det kjem fleire tilreisande fordi om her vert nasjonalpark, men her er likevel visse tendensar og trendar som viser at her er eit potensiale for næringa både med og utan nasjonalpark. Når ein ser på trendane som ser for seg utviklinga av reiselivet i framtida trur eg at oppretting av nasjonalpark kan virke svært positivt for reiselivet i regionen, Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 18

men det er mykje avgjerande korleis næringa nyttar det potensialet som ligg i å få ein nasjonalpark. Når ein ser på trendane om korleis ein ventar seg utviklinga av reiselivet ser vi at folk har eit ønskje om å oppleve naturen, det ekte og det sunne. Dei ønskjer opplevingar med naturen som ramme, dei ønskjer å sprengje sine eigne grensar. Folgefonnhalvøya har både fjord, fjell og evig is, vakker natur og dramatisk og skiftande vær - her er mange naturlege føresetnader for å dra til seg turistar og reisande. Stølar og hytter i desse vakre omgjevnadene, aktivitetar i landskapet, turar og oppleving mykje ligg til rette for at næringa skal få ein strålande vekst, men dette er avhengig av korleis aktørane i marknaden spelar korta sine. Suksessfaktorar for næringa sin del er avhengig av betre marknadsføring og betre produktutvikling. Dessutan er det viktig med samarbeide slik at regionen som heile står fram med eit variert og godt tilbod. Med opprettinga av eit verneområde som inkluderar ein nasjonalpark har næringa eit ekstra argument som gjer at dei kan skilje seg ut blant mange aktørar. Men, mykje avhenger av korleis ein dreg nytte av og brukar dette. Turistar kjem ikkje til eit område av seg sjølve, dersom dei ikkje veit om staden og dei kvalitetar ein har å by på. Nyttar ein dette rett kan ein få ei god utvikling av reiselivet, og få ei god sameksistens med verneplanen. Utfordringa for næringa i samband med verneplanen er å skape ei berekraftig utvikling som gagnar reiselivsnæringa, og samstundes tek vare på naturgrunnlaget og ressursane som er trekkmiddelet til regionen og næringa sin base. Dei reisande søkjer ekte natur og ekte opplevingar, dette kan godt sameinast med urørd natur som i nasjonalparken. Reiselivsverksemdene må vakte seg for å leggje for mykje vekt på å vere tilgjengeleg med framkomstvegar til alle hytter og sel slik at det ikkje går på kost av den urørde naturen og den ekte opplevinga turistane søkjer. Det eksklusive kan liggje i det å kome til ein stad ikkje alle andre har vore eller kan kome, opplevinga i det å ha frakta seg sjølve, gjort ein innsats med kroppen, og vere ein annan stad, borte frå resten av verda. 6.2 Problem for sameksistens mellom verneområde og reiselivet Ein må finne ei balansegang mellom tilrettelegging og det urøyrde. For mykje stiar og merking er ikkje ønskjeleg i ein nasjonalpark samstundes som god informasjon kan gje større oppleving av landskapet, og vere med å ivareta tryggleik i samband med til dømes breen og farar knytta til den og til elvelaup og anna. Delar av dette kan takast vare på med gode kart og informasjonsbrosjyrar, ei mjuk tilrettelegging som ikkje på nokon måte treng røyra ved terrenget fysisk. Det må vere godt tilrettelagd ved inngongportane til verneområdet. Her bør det vere høve til å parkere, søppelkassar og info om å ta med seg bos for å hindre tilgrising og uforsvarleg framferd, og om generell framferd i nasjonalparken, kva som er tillate og kva det er restriksjonar på. Det kan vere einskilde problem knytta til slitasje på den urørde naturen. Mykje ferdsel kan slite på naturen. Dette er truleg mest problematisk i høve til 19 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

arrangerte turopplegg med gruppeopplegg. Det er nok ikkje problem med einskilde grupper, men om ein turoperatør stadig nyttar same område til aktivitet for grupper kan det verte noko verre. Ein bør difor vere merksam på farane ved å ha for store grupper til same stad for ofte. Det kan vere at ein turoperatør/arrangør fører stadig til same stad, har rasteplass, overnatting i telt eller har andre faste aktivitetar som normalt ikkje er til skade når det vert gjort i liten skala, men som i større omfang og ved regelmessig bruka kan vere problematisk. Organisert ferdsle utover tradisjonell turverksemd i regi av turlaga osb., vil verte regulert gjennom føresegnene til det kommande verneområdet. Det vil verte utarbeidd ein forvaltningsplan for området. Føresegnene og forvaltingsplanen vil regulere dei fleste tilhøva innan verneområdet, og gje nærare retningsliner på kva som er tillate og ikkje tillate i verneområdet. 6.3 0-alternativet - ikkje-vern Det er også vanskeleg å svare korleis reiselivsnæringa på Folgefonnhalvøya vil utvikle seg om her ikkje vert oppretta nasjonalpark. Planane om nasjonalpark har alt sett i gang mange prosessar, og dei har gjort at det truleg aldri vil verte som om planane ikkje har eksistert. Såleis kan ein seie at ein allereie har fått konsekvensar eller effektar av verneplanarbeidet. Med arbeidet om verneplan retta ein også fokus mot halvøya, og skapa medvit om Folgefonnhalvøya som omgrep. Det vart retta verkemiddel mot aktivitetar i området som gjorde at det vaks fram, eller vart hjelpe fram prosjekt og tiltak som truleg elles aldri ville kome. To klare døme på dette er Forum Folgefonn og prosjektet Berekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya. I forstudien til det siste prosjektet reiste ein prosjektleiar rundt på Halvøya og spurde Er du svolten? og kvervla opp ei rekkje idear og tankar omkring næringsutvikling og mogelege inntektskjelder. I kjølvatnet av dette vart Forum Folgefonn stifta som eit samarbeids- og samordningsorgan av bygde- og grendelag på halvøya. Desse skal no arbeide vidare i forumet med å stimulere til initiativ og tiltak og samordne fellestiltak som styrker Folgefonna som nærings-, rekreasjon-, kompetanse- og busettingsområde. Dei har som mål å skape ei felles identitet hjå folgefonningane. Dette er ikkje konsekvens av nasjonalparken, men effekt og resultat av at fokus og verkemiddel som vart setne inn i regionen. Det er vanskeleg å seie kva som ville skjedd om det ikkje hadde vore nasjonalparkplanar, truleg ville dette aldri kome i stand. Det er også vanskeleg å seie i kva form Forum Folgefonn vil leve vidare om her likevel ikkje vert vern, og kva konsekvensar og resultat det vil føre med seg. Fylkeutvalet vedtok i april 2002 eit strateginotat for fylket si reiselivssatsing dei to neste åra (fram til 2004). Fylkeskommunen disponerar årleg om lag 2 millionar til tiltak/prosjekt innanfor satsinga. Det er også gjort ei evaluering av Hordaland som reiselivsdestinasjon i 2001 (Winther, Horwath Consulting). Hardanger er utanom Bergen den mest kjente merkevare i fylket, og har mange av dei naturgjevne attraksjonane, mellom anna Hardanger vidda, Steinsdalsfossen, Vøringsfossen og fleire. Utvikling av naturbaserte aktiviteter i Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 20

godt samspel med kulturtilbod og god tilgjengelegheit vil vere avgjerande for å få ei auke i tilreisande. I høve reiselivsplanen er 3 områder prioritert: organisering, kompetanse, og marknadsføring. I hovudsak gjev ein støtte til småskala reiseliv. I hovudmålet for reiselivsplanen står det at.ein skal skape konkurransedyktige og lønsame reiselivsverksemder der vern om naturen og kulturlandskapet og gode miljøkvalitetar er grunnleggande premissar. Dei ulike alternativa for vern av Folgefonna vil ikkje ha nokon direkte konsekvensar for korleis ein disponerar midlane innanfor reiselivsplanen det vil heller vere eit regionalpolitisk spørsmål der ein må vurdere potensiale for næringsutvikling opp mot omsynet til miljø og natur. Mange av tiltaka og planane som vart kvervla opp i Er du svolten? var reiselivsrelaterte, og knytta til småskala reiseliv. Det er også eit ope spørsmål om desse planane ville kome om det ikkje hadde vore eit slikt prosjekt som oppmoda folk til å tenke på næringsutvikling. Ville folk vært villige til å satse, hadde dei våga på eiga hand utan hjelp? Vil det framleis vere vilje, interesse og verkemidlar som vil hjelpe desse aktørane i gang om planane for nasjonalparken ikkje vert vedtekne, eller vil det vert vanskelegare å driva reiseliv i regionen? Kva med dei som allereie har starta opp og har fått hjelp, klarar dei seg vidare? Dei restriksjonane som verneplanen gjev reiselivet regulerar verksemd i verneområdet. Det er ikkje sikkert at det er like stor medvit i bransjen om at også 0-alternativet medfører avgrensingar. Heile det føreslåtte verneområdet ligg innanfor område som i alle kommunar er avsett som LNF-områder (landbruk-, natur- og friluftsområder) i kommuneplanar, jfr. plan- og bygningslova. Det medfører at all byggjeverksemd og andre tiltak må handsamast som dispensasjonar frå kommuneplanane, og dette medfører heller ikkje automatikk av det vert innvilga. 7.0 FOLGEFONNA SOMMAR SKISENTER Korleis vil eit vern eller ikkje-vern virke inn på aktivitet og tilbod på Folgefonna Sommar Skisenter? Folgefonna Sommer Skisenter er interessert i at verneplanen vert vedteke. Dei ønskje samtidig at dei får høve til å forlenge skitrekket opp til 1600 moh, dette har samanheng med til dels vanskelege snøforhold, og avtining av snø i nedste del av løypa, men ikkje minst for å fullverdige Super-G og utforløyper. Dette ønska dei allereie då gjeldande reguleringsplanen vart utarbeidd. Dei fekk ikkje gjennomslag for det då, og det kan være problem å få det gjennom etter at ein nasjonalpark er oppretta på Folgefonna. Slik planane for verneplanen er framlagd med dei ulike alternativa har Sommerskisenteret i realiteten berre to alternativ; verneplan eller ikkje-vern. Alle alternativa A, B, C og D har grensa tett opptil Sommarskisenteret. 0-21 Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme

alternativet ikkje vern vil kan hende kan gjere det enklare for dei å få gjennomslag for ønsket om å forlenge trekket. For Folgefonna Sommar Skisenter er det då to andre mogelegheiter som bør vurderast, det eine er at grensene for verneplanen kan leggjast utanom eit område som vert regulert til alpine aktivitetar, det andre er at ein i forvaltningsplanen for verneplanen gjev rom for desse aktivitetane innanfor grensene av verneplanen. Dette er stridsspørsmål som må diskuterast nærare på prinsipielt nivå. Folgefonna Sommar Skisenter vert sett som eit fyrtårn i reiselivssamanheng i kommunen, og også kommunen ønskjer å satse vidare på dei. Kommunen støttar dei i ønskemåla om å forlenge løypa. For å finna ei løysing med sommarskisenteret innanfor verneområdet kunne ein sjå på mogelegheitene for å få løyve til å drive skianlegget innanfor grensene av nasjonalparken, noko ein kan finne døme på andre stadar, til dømes på New Zealand. Her er sonar der visse typar aktivitetar som elles ikkje vert forbunde med nasjonalpark vert gjeve løyve til å drive innanfor visse rammer. Ei løysing der sommarskisenteret ligg utanfor verneplanen inneber at grensa for verneplanen ligg lenger borte frå dei, slik at dei får utvida reguleringsplanen til å omfatte område som ligg innanfor arbeidsgrensa for verneplanen. Vurdering av verknadene: Folgefonna Sommar Skisenter Alternativ A, B, C og D Uavhengig av alternativ vil verneplan gjere at forlenging av løype vil vere uaktuelt dersom det ikkje vert tillate innanfor vernegrensene. Dette kan verke inn på utviklinga på sikt. Kan halde fram som i dag etter gjeldande reguleringsplan. Eit alternativ der vernegrensene vert lagt utanfor eit utvida regulert område vil vere positivt for Sommarskisenteret. Dersom forvaltningsplanen gjev rom for alpine aktivitetar med forlenga skitrekk vil dette være positivt for Sommarskisenteret. 0-alternativet Har gjeldande reguleringsplan for området som er i dag, ønskjer forlenga løype. Det kan være vanskeleg å få godkjenning jfr plan- og bygningslova og motorferdslelova sjølv om her ikkje kjem nasjonalpark. 7.1 Alternativ A, B C eller D: Dei aktive utøvarane som er kundane til sommarskisenteret vil ikkje sjå ein nasjonalpark som noko positivt dersom det er til hinder for å få best mogeleg tilbod med lengre trekk og utvida tilbod innan alle dei alpine greinene. Sommerskisenteret er likevel budd på å leve med ein nasjonalpark, og meiner dei kan klare seg om situasjonen er som i dag. Dei trur ikkje folk vil slutta å kome sjølv om trekket ikkje vert lengre. Dei aktive meiner at snøkvaliteten her i landet om sommaren er betre i Norge enn i Mellom-Europa. Dei må dessutan vente lengre ut på hausten før dei kan reisa og trena der. Difor vil nok Verneplan Folgefonna Tema Reiseliv og turisme 22