Kjelda. Gamle handelsstader i Sogn og Fjordane. Minnestein om utvandringa til USA, s. 10. Stor konferanse for kommunane 10 ÅR MED KJELDA!



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

DIS- Sogn og Fjordane

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Brukarrettleiing E-post lesar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Notat om historie og kulturlandskap

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Kulturhistoriske registreringar

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Forslag frå fylkesrådmannen

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

DIGITALT OG LOKALT. Ein modell for digital tilgang og lokal forvaltning av lokalhistorisk materiale. Kommunane i Sunnhordland

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Samansette tekster og Sjanger og stil

Informasjonshefte Tuv barnehage


Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

«Ny Giv» med gjetarhund

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Frå novelle til teikneserie

MEDLEMSINFO. august 2009

Logo Brukarrettleiing

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Stemnehandboka for NKSF

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Transkript:

Kjelda Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 2 Juni 2001 Årgang 10 10 ÅR MED KJELDA! Stor konferanse for kommunane 21. og 22. mai skipa Fylkesarkivet til stor arkivkonferanse for kommunane i Sogn og Fjordane. Den såkalla Kontaktkonfarensen er ei årviss tilskiping der alle kommunane i fylket vert invitert til ei fagleg samling ikring aktuelle arkivspørsmål. I år var Alexandra Hotel i Loen konferansestad og over 90 personar tok del. Aktuelle emne var ny personopplysningslov, elektronisk arkivplan og lovkrav til arkivlokalitetar. I emnebolken om personopplysningslova var underdirektør i Datatilsynet, Knut Brede Kaspersen, gjesteførelesar. Det er den interkommunale arkivordninga ved Fylkesarkivet som har ansvar for Kontaktkonferansen. Gamle handelsstader i Sogn og Fjordane I dette nummeret av Kjelda (side 4)omtalar vi arbeidet med å presentere dei gamle handelsstadene i Sogn og Fjordane. Presentasjonen skjer i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon, tilgjengeleg på Internett på denne adressa: http://www.sffarkiv.no/atlasleksikon. På side 6 finn du artikkelen om handelsstaden Korssund, som syner korleis artiklane er oppbygde. På biletet ovanfor ser vi den gamle handelsstaden Rugsund. Bygningane er verna og er tekne godt vare på. Her vert det framleis drive litt handel, men det er turisme som er hovudnæringa. (Foto: Fylkesarkivet). Minnestein om utvandringa til USA, s. 10.

2 Kjelda Fylkessoge for Sogn og Fjordane - fram frå gløymsla? For nokre år sidan vart det jobba aktivt med ei fylkessoge for Sogn og Fjordane. På midten av 1980-talet engasjerte historikarar, fylkeskommunen og andre seg for å få skrive ei fylkesfemnande historie. Av ulike grunnar stranda prosjektet, og har vel no meir eller mindre gått i gløymeboka. Men andre stader på Vestlandet blømer tanken. Og ikkje berre tanken: I nabofylket i nord, Møre og Romsdal, kom det eit 3 bands verk for nokre år sidan. I nabofylket i sør er Strilesoga no ferdig. På Agder er eit større sogeverk under produksjon; band 1 av 7 (!) er alt ferdig. Fleire andre stader i landet vert det planlagt større regionalhistoriske verk Interessa for regionalhistorie er aukande. Og det har fleire gode grunnar. Regionalhistorie har ein viktig funksjon som bindeledd mellom vår svært rike lokalhistorie og rikshistoria. Ei god regionalhistorie tolkar og set i perspektiv fenomen og hendingar på lokalplan og analyserer dei nasjonale straumdrag i eit regionalt perspektiv. Ein regional vinkling på historia gjev og ny kunnskap om korleis samanhengane, samspelet og konfliktane har utfalda seg mellom bygd, fogderi og kjøpstad. Ei fylkessoge vil gje oss høve til å analysere, samanfatte og vurdere det ein mangfaldig lokalhistorisk litteratur har gjeve oss. I nyskrivne, lettlesne kapittel kan våre dyktigaste historikarar drøfte og samanlikne fogderi, kystog fjordbygder, utvikling av identitet, kommunikasjonar og næringsliv, frå dei eldste tider og fram til år 2000. Kort sagt: ein vil her få eit utkikkspunkt, og eit høve til å samanfatte soga til folket i Sogn og Fjordane, og det på ein måte som kan vere med på å skape ei felles plattform å stå på. God regionalhistorie kan vere ei positiv, identitetsbyggjande kraft. Det er viktig at ein no får saka på sporet att. I Sogn og Fjordane er saker som samlar på tvers av fogderi viktige saker. Ei betre sak enn å arbeida for at ei drivande god fylkeshistorie vert røyndom, kan ikkje eg tenkja meg. Snorre D. Øverbø Årgang 10, nr 2-2001 Personalnytt Maren Feyling, frå Strand i Rogaland, tok til i eit 1 års vikariatet for Randi Melvær den 23. april 2001. Ho er kandidat i landskapsforvaltning og planlegging, og har lokalhistorie delfag og sosialantropologi grunnfag. Maren har m.a. praksis som kundehandsamar i Synsam Vest. Fylkesarkivar Gunnar Urtegaard har søkt og fått innvilga 1 års permisjon frå 1. april 2001. Han skal nytte permisjonstida si til å byggje opp ei bedrift som m.a. leverer ulike typar tenester knytt til digitale kart. Bedriften vert lokalisert i Leikanger. Snorre D. Øverbø er konstituert i stillinga som fylkesarkivar i dette året. Du finn no oppdatert informasjon om Fylkesarkivet sine tilsette på våre nettsider. Sjå http://www.sffarkiv.no. Velg Om Fylkesarkivet i knapperada til venstre på heimesida. Årsmelding 2000 Årsmeldinga til Fylkesarkivet er no ferdig. Ho er på 85 sider, og går relativt detaljert inn på vår mangslungne verksemd i året som gjekk. Årsmeldinga er distribuert ut til samtlege kommunar i fylket og mange andre av våre samarbeidspartnarar. Om stutt tid vert ho lagt ut på våre nettsider: http://www.sffarkiv.no Redaksjon Snorre D. Øverbø (ansvarleg), Gunnar Yttri, Oddvar Natvik Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, Boks 27, 6861 Leikanger Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 85,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Utforming: Oddvar Natvik. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Postboks 27, 6861 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 Konst. fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, epost: snorreo@sffarkiv.no Arkivarar: Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling, 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, epost: arildr@sffarkiv.no Liv Fridtun (musikk), Leikanger, Tlf. 57 65 64 04, epost: livf@sffarkiv.no Ole Stian Hovland (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 09, epost: oleh@sffarkiv.no Gunnar Yttri (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 08, epost: gunnary@sffarkiv.no Berit Selseng (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 07, epost: berits@sffarkiv.no Maren Feyling (sekretær/stadnamn), Leikanger, tlf. 57 65 64 00, epost: marenf@sffarkiv.no Prosjekt: Hermund Kleppa (Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 02, epost: hermundk@sffarkiv.no Oddvar Natvik (foto/atlas-leksikon), tlf. 57 65 64 05, epost: oddvarn@sffarkiv.no Nettstad: www.sffarkiv.no Innhaldet Frå innhaldet i dette nummeret: - bankhistorisk utstilling, 3 - amerikaportal, 3 - handelsstader, 4 - handelsstaden Korssund, 6 - engang om Aaret..., 7 - frå vyrdnad til skam, 8 - Nils Furnes (1901-1990), 9 - Fjelli sin minnestein..., 10 - fine i farten i Fjaler, 12 - glimt frå fotoarkivet, 14 - norsk museum for fotografi, 15 - minnesmerket, 16 - motteken litteratur, 18 - motteken musikk, 20 - -hefte med salmar..., 24

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 3 Bankhistorisk utstilling på Skei Den einaste kjende falske 25-øringen frå 1875 og eit uopna Amerikabrev frå 1877 er to godbitar som folk no kan ta i nærare augesyn på ei bankhistorisk utstilling i Sparebanken Sogn og Fjordane på Skei. Utstillinga opna måndag 4. april og er laga av Fylkesarkivet i høve 100-årsjubileet for sparebanken i Jølster, tidlegare Jølster Sparebank no avdelingsbank i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho skal stå oppe til i haust. På utstillinga kan folk også stogga ved bilete og opplysningar om dei tidlegare banklokala i Jølster, få nærare kjennskap til ei falskmyntsak i Sunnfjord i 1880, sjå på korleis det eldste arkivmaterialet til banken ser ut og er ordna, møta eit par Amerika-kundar og helsa på stadnamneksperten Gustav Indrebø. Merknad: Falskmynten er omtala i Kjelda 2/1993, Amerikabrevet i Kjelda 1 og 2/1994. Denne utstillingsmonteren står i ekspedisjonen til sparebanken på Skei. Han er til vanleg fylt av pokalar og andre gjeve premiar Jølster Idrettslag har håva inn opp gjennom åra. I bankjubileumsåret 2001 er premiane skifta ut med ymse bankhistorisk materiale. Falskmynten og Amerikabrevet står på øvste hylla. (Foto: H. Kleppa). Det var Arnefjord Brynjulv Østerbø i Bergen hadde i siste Kjelda eit stykke om tre båtar i Englandsfarten under krigen. Han hadde og eit bilete frå Vågen av ein båt han trudde var den same som ein av dei han skreiv om, nemleg Arnafjord frå Framfjorden i Vik kommune. Me ba lesarane om hjelp til å avklara spørsmålet. Fleire har teke kontakt, både beinveges til Østerbø og til Fylkesarkivet. Jon Sværen, Bergen, skriv at han trur det er den rette båten, nemleg Arnefjord (ikkje Arnafjord). Etter krigen kalla dei båten for Kviten fordi han på 50- og 60-talet var kvitmåla. Då Arnefjord reiste til England, var det Markus Neset (Gamle-Markus) som eige båten. Han var ikkje kjent med opplegget at båten skulle til England, det var sonen Bjarne Nese som stod bak. Det var meininga at Bjarne og skulle vera med, men han hoppa av i siste liten. Tyskarane henta Gamle-Markus og han sat i fengsel i Bergen nokre månader. Tyskarane var og heime i Framfjorden, hjå Maria Straume, oldemor til Jon Sværen. Arnefjord i 1994. Noverande eigar av Arnefjord er Morten Neset, soneson til Gamle-Markus. (Foto: I heftet Krigsminner frå Gulen og Brekke, 1995). Amerikaportal Fylkeskommunen har løyva 100.000 kr til oppbygg av ein internettbasert amerikaportal. Gjennom nettstaden skal ein freiste å etablere kontaktar mellom privatpersonar, lag/organisasjonar, næringsliv og offentlege organ på båe sider av Atlanteren. Eit viktig mål i prosjektet vil vere å auke kunnskapen om kultur, historie og tradisjonar frå Sogn og Fjordane. Det er eit mål at innhaldet i portalen og skal appellere til andre enn primærmålgruppa, og den ambisiøse målsetjinga er at portalen skal vere den kulturelle hovudinngangen til fylket på Internett for alle med engelsk som morsmål eller brukspråk.

4 Kjelda Langs kysten og innover fjordane her i fylket har det reist folk frå tidlege tider. Desse trong både mat og drikke, og i tillegg tak over hovudet om natta. Denne trongen skapte grunnlaget for framveksten av gjestgiveri og handelsstader på stader som hadde gode og lune hamner. På 1600-talet fekk mange bergensborgarar løyve til å driva handel i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord noko som var starten på ei stordomstid for ei rekkje av desse stadene. Handelsstader i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon Av Anders Gjerde Årgang 10, nr 2-2001 Kulturhistorisk atlas og leksikon Fylkesarkivet har for tida eit prosjekt som har fått namnet Kulturhistorisk atlas og leksikon. Her vil ein etter kvart finna artiklar om ulike stader, personar og kulturminne. Det er hovudsakleg kommunane i fylket som har valt ut kva tema det skal lagast artiklar om. Ei rekkje av dei gamle handels- og gjestgjevarstadene er tekne med og nokre artiklar om desse er alt ferdige. I tida framover vil stadig nye artiklar bli tilgjengelege. Handel og gjestgiveri Dei reisande var som regel på tur til eller frå Bergen. Bergen var det store Kulturhistorisk Atlas Leksikon for Sogn og Fjordane På Internett blir det no lagt ut artiklar av kulturhistorisk interesse for alle kommunane i Sogn og Fjordane, i fyrste omgang tek ein sikte på kring 30 artiklar frå kvar kommune. Gå til denne adressa: http://www.sffarkiv.no/atlasleksikon handelssenteret på Vestlandet - og lenge også for heile Noreg. Hit måtte ein for å selja og kjøpa varer. På 1600-talet byrja ein del bergensborgarar med handel på mindre stader ute i distrikta i dei to amta Nordre og Søndre Bergenhuus Amt. Nokre av dei flytte til desse stadene og dreiv handelen sjølve, medan andre heldt fram med å bu i Bergen og let handelsgesellar driva handelsstadene for seg. Mange av handelsstadene byrja som overnattingsstader der det vart skipa gjestgiveri. Etter kvart såg ein at det var trong for handel med varer dei reisande hadde bruk for. Handelen med den lokale folkesetnaden var til å byrja med ikkje så viktig. På ei rekkje av handelsstadene ved kysten var handel med fisk ei stor næring. Her var det fiskemottak der fisken vart salta og sendt vidare, helst til Bergen. Skyssplikt Skyssplikta var ei gamalt lovfesta plikt bøndene var pålagd. Dei var pliktige til å skyssa kongen og hans menn - embetsmennene. I kyststroka var dei pliktige til å møta opp på skysskiftestaden med ein skikkeleg båt, medan dei i innlandet måtte skaffa ein hest. På Kristian IV si tid fekk Skjerjehamn i fint vårvêr i mai 2001. Den gamle handelsstaden var ei tid ei av dei travlaste hamnene i fylket. I dag er det stille her - ingen fastbuande. Eigarane nyttar staden til feriebustad. (Foto: Hermund Kleppa). privatfolk rett til å krevja skyss mot betaling per mil. Det var i denne tida det kom påbod om at det skulle skipast faste skysskiftestader. Det skulle vera ei gamal norsk mil mellom skysskiftestadene langs kysten, difor vart det sett opp såkalla milekors, ein kross som synte avstanden. - Diverre har mange misforstått desse krossane og teke dei for gamle kristne symbol og segner om at det var Heilag-Olav som sette dei opp har vortne til. - På skysskiftestadene budde det alltid ein skysskaffar. På ein husmannsplass med namnet Skaffarplassen budde skaffaren i Korssund. - I 1816 vart skyssplikta avskipa og alle ferdafolk skulle frå då av betala den gjeldande taksten for skyssing med hest eller båt. Frå Bergen til Ytre Sogn På ferda frå Bergen til Sogn måtte ein gjennom mange sund og forbi mange øyar og nes før ein kom fram til den fyrste gjestgjevarstaden på vår side av

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 5 amtsgrensa. I Gulen kunne ein velja mellom dei tre hamnene Børholmen, Skjerjehamn eller søre Glavær som alle var gjestgjevarstader med handel. Skjerjehamn, som var størst og viktigast, ligg ved den indre skipsleia gjennom Gulen. Børholmen ligg lenger ute mot havet, men likevel lunt og godt inne mellom nokre større øyar. Lenger nord, nesten ved Sognesjøen, ligg søre Glavær. Held ein fram frå Børholmen i nordvestleg retning over Sognesjøen kjem ein til Husøy. Husøy er ei av dei vestlegaste øyane i Solund og var i si tid ein viktig handelsstad i dette distriktet. Her var det òg lenge ei kyrkje. Om ein i staden tek turen nordover frå søre Glavær rett over Sognesjøen og inn i Indre Steinsund dukkar det etter kvart opp ein holme med busetnad på - det er Steinsundholmen. Her vart det drive både handel og gjestgiveri fram til fyrste delen av 1900-talet. Reiser ein vidare gjennom Indre Steinsund kjem ein til Liasund og så ut på Lågøyfjorden. Her, langt ute i havet, ligg Gåsvær som lenge var ein handelsstad. Handelen og gjestgiveriet vart lagt ned på 1800-talet men folket her har lenge levt godt av fisket og folketalet har halde seg stabilt. Verneverdige stader Ein kan halda fram reisa anten inn Sognefjorden eller nordover til Sunnfjord og Nordfjord og leggja turen innom dei mange handelsstadene langs desse skipsleiene. På mange av dei gamle handels- og gjestgjevarstadene har dei gamle gjestgiveria vorte utbygde til hotell. Særleg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, då turisttrafikken auka sterkt, skjedde dette fleire stader. Mange av hotellbygningane frå denne tida vart bygd i sveitserstil med vakre utsmykkingar. Av desse står det framleis att nokre kjende og flotte døme. Det mest kjente er vel Kvikne s hotell i Balestrand. - Andre stader vart det bygd staselege våningshus som det er verdt å ta vare på. Nokre har ein diverre vore nøydd å riva, men mange flotte hus står der framleis. I visse høve har ein klart å ta vare på heile bygningsmiljø frå den tida det var handel. Eit godt døme på dette er Rugsund. Her er det framleis drift med handel og turisme mellom dei verna bygningane. Ulik lagnad Lagnaden til handels- og gjestgjevarstadene har vore svært ulik. Nokre av dei er i dag avfolka og lite kjente for folk flest. Dei måtte gje opp då sjøen ikkje lenger var hovudferdselsåra. At trafikken gjekk over frå sjø til land var til føremon for andre stader. Ein del av desse stadene har vokse seg store og vorte sentrum i sine kommunar. Nokre av dei gamle handelsstadene ved skipsleia har likevel klart seg godt - ikkje minst på grunn av fisket. Måløy var ein gamal handelsstad som utvikla seg til å bli eit av dei største og viktigaste sentra for norsk fiskeri. Her er det store verksemder som driv fiskemottak og fiskeeksport. Ny handelslov Fram til 1842 måtte ein vera borgar av ein by for å få driva handel. Det var sterke reguleringar med handelsprivilegium for å få rett til å driva handelsverksemd. Frå 1842 kunne kvar mann som løyste handelsbrev få denne retten. Dette gjorde at det vart skipa landhandleri og forretningar på stader som ikkje hadde hatt dei gamle handelprivilegia. Det kom butikkar på mange nes og langt inne i dei tronge dalane. Dette gjorde at nokre av dei mindre handelsstadene vart utkonkurrerte av nye. For andre var det derimot ei tid med sterk vekst. Lærdalsøyri hadde si stordomstid på midten og slutten av 1800-talet. Lærdalsmarknaden hadde sine beste år på 1840-talet. I tillegg til handels- og gjestgjevarverksemd kom det mykje nytt hit på denne tida. Det fyrste landapoteket vart lagt til Lærdalsøyri. Postkontoret her var sentralt for distriktet, det same gjaldt telegrafstasjonen. Mange av desse nye institusjonane gav staden ein sentral plass i Sogn. Sentralisering På slutten av 1900-talet har utviklinga gått i retning av meir sentralisering av handelen. Store handelssentra som Førde og Sogndal har vokse fram. Dette har gjort sitt til at tilbodet på andre stader har gått attende. Nærbutikkane har kjempa ein hard kamp for å overleva - mange har måtta gje opp kampen mot dei store kjedene. Fleire stader har ein vore svært oppfinnsam for å halda på eit visst minimumstilbod. Nokre av dei gamle handelsstadene ved kysten har satsa på småbåtturisme og lukkast godt med dette. Småbåthamner med serviceanlegg er bygde slik at turistane kan få ta ein dusj, gjera unna toalettbesøk, vaska kler eller handla dei nødvendige varer her. Mange av dei gamle handelsstadene vil finnast også i framtida. Andre er i dag fritidsbustader for eigarar som bur andre stader i landet. Kan nokre desse få ein ny vår ved å satsa på turisme eller andre tiltak? Kven veit? Framtida er uviss. I Kulturhistorisk atlas og leksikon på Fylkesarkivet sine internett-sider finn ein fleire ferdige artiklar om dei gamle handels- og gjestgjevarstadene. Her ser vi den ferdige artikkelen om kremmarleiet på Børholmen.

6 Kjelda Handelsstaden Korssund Korssund ligg inne i Korssundosen, nord for Åfjorden og sør for Vilnesfjorden. Med småbåtar er det mogleg å segla til Vilnesfjorden gjennom det smale Lammetusundet. Det går ein riksveg heilt ut hit, bygd på 1960-talet. Framleis vert det drive landhandel og postekspedisjon her. Korssund har frå gamalt høyrt til Askvoll, men etter kommunereguleringa i 1992 kom staden under Fjaler kommune. Av Anders Gjerde Attendeblikk Korssund har fått namnet sitt etter ein stor steinkross som vart sett opp her kring år 1000. Krossen står like sør for våningshuset i Korssund. Staden ved krossen vart brukt til messestad. Korssund ligg lagleg til som samlingsplass og har god hamn. Alt på 1600-talet var Korssund gjestgjevarstad, og truleg den eldste i dette distriktet, - Askvoll og Fjaler. For reisande frå Bergen på veg nordover var Korssund det fyrste gjestgiveriet dei passerte i Sunnfjord. Alle som reiste mellom Sunnfjord og Bergen måtte forbi staden, med unnatak av dei som reiste ytre lei gjennom Steinsund. Gjestgjevarstad Den fyrste som ein heilt visst veit var gjestgjevar i Korssund var Zacharias Michelsen Bech. Han er nemnd som gjestgjevar i 1629. I 1618 hadde han løyst borgarbrev i Bergen. - Bech eigde også Hatløyna i Øen sokn. Denne øya har sidan vorte kalla Sakrisøyna etter han. - Ettermennene hans heitte Griil. Gjennom heile 1700- og 1800-talet var Korssund eit av dei viktigaste gjestgiveria i futeriet. I 1742 heiter det at staden er særs nødvendig for dei reisande. Staden vart omtalt som ein gamal privilegert gjestgjevarog skysskiftestad, og ei nødvendig jekte- og båthamn. Thomas Christiansen Rue overtok Korssund kring 1720. Enkja og sonen dreiv staden vidare etter hans død. Då desse fall frå i 1758 var det Henrik Holtermann frå Bergen som kjøpte staden. Han eigde og dreiv staden til 1800. Ein skysskaffar var tilsett hjå gjestgjevaren på Korssund. På Holtermann si tid bur Hans Josefson på Skaffarplassen. 1800-talet Elias Hiortdahl kjøpte Korssund i Nokre medlemar av familien Skår ved steinkrossen som har gitt staden namnet sitt. Krossen skal ha vorte reist til minne om Heilag-Olav. (Foto: KAL/SF-1429041.004). Årgang 10, nr 2-2001 Korssund i 1972. Driftsbygningen er borte og ein ny sett opp. Steinkrossen frå middelalderen står rett til høgre for hovudbygningen. (Fotograf: ukjend). 1800. Hiortdahl skal også ha starta med handel på staden. I 1801 var ei husholderske, tre mannlege og fire kvinnelege tenarar tilsette i verksemda hans. Gjennom heile 1800-talet var Korssund både handelsog gjestgjevarstad. Hiortdahl selde staden til jølstringen Johannes Saarheim i 1810. Då Saarheim døydde i 1820 dreiv enkja verksemda vidare. Ho gifta seg med Anders Olsen Strømmen og dreiv staden fram til 1849. Strømmen er omtalt som gjestgjevar, medan ettermennene hans er kalla handelsmenn. I 1845 hadde dei to mannlege og tre kvinnelege tenarar. I folketeljinga frå 1865 er Hans Clausen Lund nemnd som handelsmann medan Mathias Guldbrandsen Spord var gardbrukar. Det budde i alt 13 personar på Korssund. Johannes Helenius Nordstrand står som eigar av Korssund i 1890. I 1886 eller 1889 fekk staden postkontor, og har sidan hatt ein eller annan form for postekspedisjon. Dampskipsstoppestad I 1872 handsama amtstinget eit framlegg om at handelsstaden Korssund måtte bli dampskipsstoppestad. I 1877 er Korssund med i rutetabellen til Fylkesbaatane som stjernestoppestad - båten stoppa berre om det var last eller passasjerar til eller frå staden. Bertel Johnsen frå Knarvik er i 1886 nemnd som handelsmann og ekspeditør på dampskipskaia. Han budde i Røysa under Luten. Direksjonen i Fylkesbaatane handsama i 1897 ein søknad frå Johan R. O. Skaar om stønad til å setja opp bryggje i Korssund. Nokon umiddelbar respons på dette fekk han ikkje. To år seinare var det framleis ikkje løyvd pengar til føremålet. Kaia vart bygd i 1902, men ikkje på same staden som handelsstaden låg. (framhald s. 21)

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 7 Eengang om Aaret tilsiges hver Rodes Mandskab Den 28. juli 1824 signerte kong Karl Johan ei lov om vegvesenet som var den første av det slaget som galdt for heile landet. Ho delte offentlege vegar i to klassar, hovud- og bygdevegar. Av Berit Selseng Vegane skulle vedlikehaldast av dei som budde i det distriktet vegane var lagde, etter matrikkelskylda, med inndeling i roder og vegstykke. Ei ny lov kom i 1851. Her finn me meir spesifisert korleis vegane skulle delast opp og merkast med milepæle for kvar halve og heile mil, med vegvisarar i vegkryss og med rodestolpar mellom kvar rode. Me har sett på ein vegprotokoll for Fjaler som dekkjer tida frå 1899 og framover. Her var det 58 roder i alt fram til 1921. Dei 25 første og eldste var frå Tross til Hyllestad grense. Rode nr. 1 var Fra Trods Brygge til Aases Tun, 1833 m. Dette skulle alle bruka på gard nr. 59 Yksnebjør halda ved like etter skylda. Til denne roden høyrde den seks meter lange Espelidbrua av stein. Namna til dei ymse rodemeistrane gjennom 24 år er noterte, og når dei var tilsette, i alt sju. Elles er det ymse merknader. Slik held protokollen fram med å visa kvar og kor mykje kvar brukar hadde av arbeidsplikt med vegane. Arbeidet var delt i sommar- og vintervegarbeid. Ein vald rodemeister hadde ansvar for å kalla inn til arbeid, vanlegvis like etter våronna. Det bestod mest av grusing, jamning og grøfting. At dette var nytt og uvanleg arbeid ser me av lova frå 1824: Det som ved Grøfternes Gravning eller Rensning opkastes af disse, og ei til Veifyld er tjenligt, maa henlægges paa den Side af Grøften, der vender fra Veien. Det vert elles åtvara mot å nytta vegfyll som Halm, Høvelfliser, Skarn eller deslige paa Veien. Vintervegarbeidet var for det meste snøplogkøyring og snømoking eller ishogging, alt etter vanleg fordeling. Det skulle ikkje vera tvil om korleis ei grind skulle oppsetjast, etter denne teikninga frå amtsingeniøren i Nordre Bergenhus kring 1900. I 1907 sende lensmannen i Ytre Holmedal ut melding til rodemeistrane om korleis snøplogen skulle vera og når den skulle køyrast. Teikning følgde med frå amtsingeniøren. Plogen var laga av tre, 3,5 m lang og 1,88 m brei. Høgda var 0,32 cm. Han vart dregen av hestar. Snøplogen skulle køyrast første gonge ved 25 cm snø, seinare etter kvart snøfall på 15 cm. Alle hadde plikt til å yta sin del av vedlikehaldet, og brot på dette førte til bøter. Ved for seint frammøte vart det bot for kvar time. Befindis nogen Mødende drukken, modvillig, eller udygtig, eller ei at have medbragt befalet Redskab, vart det rekna som han ikkje hadde møtt, og bota var deretter, 1 2 til 4 spd. Elles var det bøter for andre brot på veglova. Det vart prenta ymse plakatar til oppslag. I 1896 kom ein Advarsel frå amtet om kva som var forbode å gjera på offentleg veg, m.a. tømmerkøyring og foring av hestar i vegkanten. Ein Veiplakat frå 1908, også frå amtet, tek opp bruk av køyrereiskap på offentlege vegar. Første paragraf lyder: Brug af hjulredskaber, ved hvilke lasten ikke fuldkommen bæres af hjulene, men slæber eller støder mod veibanen, forbydes. På hjulføre skulle all trafikk gå på hjul. Det var bøter frå 2 til 200 kroner for brot på dette. Veglova av 1824 forbyr bruk av grindar utan løyve frå vegstyret. I 1851 vart det fastslege at alle grindar på offentlege vegar skulle lagast etter vegstyret sine vedtak. Eit skriv frå amtsingeniøren til ordføraren i Gaular, datert 30.juni 1915, ber bod om ei ny tid på vegane: Som nævnt for Dem under vort samvær paa amtstinget har en cyklist været saa uheldig at faa ødelagt sin cykkel ved at kjøre paa en av de jerngrinder, der er opsat paa hovedveien mellem Vadheim og Førde i Gaular, fordi han i tusmørke om natten ikke saa grinden, før han rendte paa den. Han selv slap fra katastrofen uten nævneværdig skade. For at forebygge saadant uheld i fremtiden, skal jeg anmode hr. ordføreren om at sørge for, at de jerngrinder, der er i Gaular - saavidt vites ved Birkeland, ved Prestegaarden og paa Lunde - snarest mulig blir malt hvite. Kjelder: - Det Norske Veivæsens Historie I, Kristiania 1899 - Alm. Norsk Lovsamling 1660-1860, Christiania 1855 - Fjaler kommunearkiv

8 Kjelda Årgang 10, nr 2-2001 I middelalderen (ca. år 700-1500) hadde ein respekt for den fattige. Fattigdom vitna ikkje på nokon måte om moralsk forfall, men var snarare den sikre vegen til Gud. Men tanken om at fattigdom var noko skammeleg byrja å slå rot i Europa ikring 1200-talet. Først fleire hundre år seinare vert dette ei meir vanleg haldning, skriv den svenske historikaren Peter Englund i eit lite essay kalla Om fattigdommens historie. Med innhogg i nyare europeisk historieskriving viser Englund korleis synet på fattigdom og fattige har gjennomgått store endringar. For medan fattige og fattigdom alltid har funnest, så er oppfatninga av fattigdom som eit sosialt problem noko temmeleg nytt historisk sett. Det er først i andre halvdel av 1700-talet at denne oppfatninga vert rådande, skriv Englund. Av Gunnar Yttri I middelalderen hadde den fattige hatt ein naturleg og respektert plass i samfunnet, og dei rike sikra seg gode og kristelege gjerningar med å gje almisser. Dessutan var det relativt få tiggarar i mellomalderen. Trass i ei tid prega av vold, elende og synd, var folk relativt velberga. Middelalderen var ikkje halvparten så mørk som ein har rekna med. Frå vyrdnad til skam Tunge kriser på 1500-talet med uår og omveltingar i jordbruket førte til at europeisk ideologi og mentalitet vart rista i sine grunnvollar. Dette fekk også djuptgripande følgjer for synet på dei fattige, meiner Englund. Det breie lag sine materielle vilkår vart mykje forverra. I landbruket vart mange småbønder tvinga frå gardsbruket og Den historiske utviklinga i synet på fattige: Frå vyrdnad til skam gjekk til eit liv som dagarbeidarar og husmenn. Under trugsmålet om naud og store hordar av tiggarar, vart middelalderen sitt bilete av den fromme og gode fattige, erstatta med biletet av lausgjengaren, eit vandrande trugsmål mot lov og orden. Fattigdom, betleri og skam vart no sett i nær samanheng og det nye problemet vart freista styrt gjennom lovverk, registrering og tukthus. Englund meiner at fattigdom som sosialt problem oppstår i andre halvdel av 1700-talet, og at fenomenet høyrer saman med industrialismen. Den nye økonomiske utviklinga med industrialisering skapte på den eine sida ein flaum av eigedomslause og fattige. På hi sida var det først under industrialismen at produksjonsgrunnlaget og førestillinga om ein breiare folkeleg velstand oppstod. Industrialiseringa ga voner om at fattigdomen kunne eliminerast. Englund avsluttar essayet sitt med å slå frampå om at det var først når ei endeleg, materiell løysing på fattigdomen byrja verta realistisk at den fattige sto fram som eit sosialt problem. Frå fattigkassa til forsorg-støtte Endringar i haldningar til dei fattige vert særleg tydelege hjå Peter Englund avdi essayet spenner over nesten eit heilt tusenår. Men kan hende augnar me også store spenn i haldningar om me går til språkbruken i moderne norsk lovgjeving innanfor det aktuelle feltet. I 1948 fekk alle fattigstyra i kommunane i Noreg melding om at dei hadde fått nytt namn. Heretter heitte det ikkje lenger fattigstyret, men forsorgsstyret. I alle ordsamanstillingar skulle nemninga fattig no bytast ut med forsorg. Fattigvesenet vart til forsorgsvesenet. Omgrepet fattig ga inntrykk av noko stakkarsleg, usselt og tarveleg og i det sosialdemokratiske etterkrigs-noreg skulle ingen omtalast slik. Omgrepet forsorg spegla på hi sida den ansvarlege velferdsstaten si omsut for det trengande menneske. Fram til 1948 hadde omgrepet fattig (av norr. fátøkr, få og ta) vore i bruk i uminnelege tider og i lokal-forvaltninga heilt sidan midten av 1700-talet med opprettinga av fattigkommisjonane. Med det kommunale sjølvstyret frå 1837 kom den første fattiglova i 1845 og i seinare lover vart omgrepet fattig nytta heilt fram til utskiftinga med forsorg i 1948. Frå forsorg-støtte til sosial støtte Men omgrepet forsorg var nok også for tungt lada med negative tankesamband. Då nytt lovverk på området kom til på 1960-talet var nemninga forsorg bytta ut med den meir nøytrale og tekniske, og samstundes meir inkluderande og kameratslege nemninga sosial. (framhald s. 21)

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 9 Spelemannsportrettet: Nils Furnes (1901-1990) Gaular har dei siste åra markert seg med stor aktivitet i spel og dans. Godt rekrutteringsarbeid i denne kommunen har ført til at mange unge har fått gode plasseringar, både på lokale kappleikar i fylket vårt og på større kappleikar. Bygdene i Gaular kommune har rike slåttetradisjonar å ta vare på frå eldre tid, og ei av kjeldene våre i arkivet er hardingfelespelemannen Nils Furnes frå Gaular. Han var fødd i 1901, og voks opp på Fureneset i Bygstad. Av Liv Fridtun Lærte hos Ola Nos Nils Furnes lærte slåttar direkte av farbroren Ola Nos, som var frå Lundekvam i Gaular. Ola Nos, eller Spelar-Ola, som han vart kalla, lærte å spele av faren Nils, og av spelemannen Gunnar Lundekvam (1820-1912). Ola Nos var skomakar og hadde verkstad der han arbeidde, men han reiste og kring på gardane etter tinging, då var han om lag ei veke på kvar gard. Frå bygdene i heile Indre Sunnfjord var det mykje spurnad etter Spelar-Ola til lag og samkomer. Han rekna sjølv med at han spela i 400 bryllaup. Han likte godt å vere ute på speling, og i eit bryllaup var det ofte gode pengar å tene. Første gong Nils Furnes høyrde Spelar- Ola var i eit bryllaup på Nos i 1910. Spelar-Ola stod i tunet og spela då gjestene kom til gards. Dette gav ei kjensle av høgtid, og 9-åringen fekk eit sterkt ynskje om å skaffe seg ei fele og lære seg å spele. Det første bryllaupet Furnes spela i var det året han gjekk for presten. To av dei som lærde slåttar av Ola Nos var Einar Bakkane frå Solheimsdalen (tidl. Naustdal kommune), og Nils Furnes. Ein annan som lærde av Ola Nos var Valton Torvik i Ervik i Naustdal. Den siste tida budde Ola Nos hos slekta si i Fureneset i Gaular. Der lærte han vekk slåttar til Nils Furnes, som var brorson hans. Bryllaups-spelemann Det var mykje samkvem mellom spelemenn i bygdene mellom Dalsfjorden og Førdefjorden. Då Nils Furnes var i 20-årsalderen, fekk han spørsmål om å kome i eit bryllaup i Bjørkedalen. Bjørkedalen og bygdene på sørsida av Førdefjorden høyrde i den tid til Naustdal kommune. Då Furnes kom til bryllaupsgarden, var dansen i full sving, og der stod tre andre spelemenn og spelte. Det var Valton Torvik, Ola Fauske og Einar Bakkane. Seinare vart det slåtteutveksling og godt venskap med desse spelemennene. Kring 1920 spela Nils Furnes i eit bryllaup på Guddalen i Fjaler. Gjestene la i hatten som skikken var når dei skulle danse med brura, og det vart mest kopar og sølvpengar. Då han skulle heim, hadde han 400 kroner i lomma, så eg gjekk mest skeiv på grunn av Vestlandskappleiken 2001 Vestlandskappleiken for 2001 vert i år halden på Vassenden i Jølster. Kappleiken skifter stad for kvart år, og vekslar mellom ulike stader i fylka på Vestlandet. I år er turen komen til Jølster, og kappleiken vert halden 5. 7. oktober. tyngda i den eine jakkelommen. 400 kroner var mykje pengar i den tid. Busett i Bergen Nils Furnes flytte til Bergen då han var 23 år, og der budde han sidan. Her arbeidde han som bøtker. Furnes var ein av skiparane av spelemannslaget i Bergen som seinare fekk namnet Fjellbekken. Han var aktivt med i laget, og spelte bl.a. saman med Arne Bjørndal, som og har gjort opptak med han ved fleire høve. Nils Furnes har og spela inn slåttar for NRK. Ved Fylkesarkivet, musikkavdelinga, finst opptak med Furnes frå 1950-60- talet (v/ Bjørndal) og på 1970- og 80-talet v/ Einar Eimhjellen. Totalt har ein over 100 slåttar innspela med Nils Furnes, både gammalda-ns og bygdedans. Forfattar av vise prenta i Kjelda nr.1-2001: I Kjelda 1-2001 hadde vi med ei vise om kraftutbygginga i Jostedalen. Men forfattaren til visa var ukjend for oss. No har vi fått svaret frå ein hjelpsam lesar, og namnet på den som har skrive visa er Kristen Ormberg frå Jostedal. Visa har tidlegare og vore på trykk i ei av sogneavisene.

10 Kjelda Årgang 10, nr 2-2001 Fjelli sin minnestein om utvandringa til Amerika Av Arne M. Sølvberg lokale teateramatørar ved Sølvbergsnausta. Bakgrunn og ide Den kommunale komiteen Stryn 2000 ville gjeme markere jubileet for utvandringa til Amerika, slik det og var oppmoda om frå sentralt hald. Det vart nemnt markering på tre stader i kommunen: på fjellgarden Segestad i Oppstryn, garden Lid i Innvik og på Sølvberg. Sistnemnde stad var ekstra i fokus i samband med Rasmus Sunde sitt arbeid med utvandrarsoga for Stryn. Han hadde på ein av sine turar i Amerika kome over skriftene som låg att etter utvandraren Isak Sølvberg, som hadde vakse opp på ein husmannsplass i Sølvbergskleiva under Isakbruket (bnr. 2). Rasmus Sunde hadde i møte med Stryn kommune og i lokalavisa Fjordingen fortalt om desse interessante skriftene, og varsla at dei kom til å verte gjennomgangstema i boka (som førebels ikkje er ferdig). Det vart søkt om midlar frå sentralt hald til utvandrarmarkeringane i Stryn, men med negativt resultat. Underteikna som sit i Stryn 2000 tilbaud seg å prøve å få til eit stemne på Sølvberg, og vi ville konsentrere oss om berre dette eine stemnet. Saka vart drøfta på eit grunneigarmøte på Sølvberg hausten 1999, og der var straks ja til innsats. Men Fjelli ungdomslag vart utfordra til å stå som den formelle tilskiparen. Ungdomslaget valde seinare ei hovudnemnd for Utvandrarjubileet, med underteikna som leiar. Jon Slettenes kom til meg med ein ide om at vi burde setje opp ein minnestein over dei som utvandra til Amerika. Kanskje han kunne stå på ein av desse husmannsplassane? Jon Slettenes kjem frå Olden, men gifte seg med jordajenta Olaug Sølvberg på bnr. 3, Andersbruket som dei driv. Nettopp frå dette bruket kom den fyrste store huslyden som emigrerte frå Sølvberg. Abelo og Christian Andersson heldt til på plassen ved Sølvbergsnausta, og reiste med sine sju born til Amerika i 1868. Denne huslyden vart hovudpersonar i det tablået som Vidar Bergset skreiv til jubileumsstemnet 25. juni 2000, og som vart framført med stort hell av Ideen ut i livet Jon Slettenes vart vald inn i ungdomslaget si hovudnemnd for utvandrarjubileet, og fekk hovudansvar for dette med minnesteinen. Han gjekk i skog og mark og leita etter ein høveleg stein, og etter rådføring med underteikna og med steingravøren Per Arne Tøsse i Innvik, fall valet på ein flat hellestein frå eit kulturbeite på garden Lillejord på Bergset. Hella låg på overflata ved ein liten fjellknaus/ skrent aust-søraust for gardstunet. Steinen vart brukt akkurat slik han var forma frå naturen. (Det vart vurdert å slå vekk noko på grunn av ei sprekke, men ein fann det rettast å la han vere som han var). Steinen/ hella går opp i ein spiss når den står på kant. Den er 20 cm tjukk på den tjukkaste kanten (mot nord), og går ned til ca 15 cm på den andre kanten (mot sør). Grunneigar Audun Fjell gav samtykke til å ta steinen, og den vart frakta til Innvik for gravering av teksten. Bygdas Vel Fjelli løyvde dei pengane som trongst til dette arbeidet (om lag 5000 kr). Framlegg til tekst på steinen vart utforma av Arne M. Sølvberg og drøfta på møte i hovudnemnda. Sidan dette var eit lokalt føretak som heilt og fullt vart finansiert av bygda, ville vi gje teksten eit lokalt preg, samtidig som det markerte den store utvandringa og jubileumsåret 2000. Det endelege resultatet vart: Til minne om utvandringa til Amerika. Reist av folket på Fjelli år 2000. Steinen til minne om utvandringa ved ungdomshuset på Fjelli. På steinen står skrive: Til minne om utvandringa til Amerika. Reist av folket på Fjelli år 2000. (Foto: Hermund Kleppa). Plasseringa og oppsetjinga Komiteen for utvandrarjubileet på Fjelli utfordra Fjelli ungdomslag til å ta plasseringa av steinen opp som årsmøtesak. Tre alternativ var inne i biletet. Det eine var ved husmannsplassen i Kleiva. Det andre var ved Sølvberg/Bergsetnausta, der dei fleste av utvandrarane tok farvel med heimegrenda. Det tredje alternativet var ved ungdomshuset Fjellvarden. Det vakre ungdomshuset vart i si tid bygt på ein stor haug på Sølvberg der ungdomen brukte å samle seg i eldre tid. Frå denne staden har ein godt utsyn både mot fjellet og fjorden og rundt i bygda. Sjølv om dei fleste var innstilte på denne plasseringa ved ungdomshuset, leid årsmøtet av vedtaksvegring, og saka vart utsett for å høyre meir om stemninga i bygda. Alternativet ved Kleiva fall tidleg ut av biletet, men det var ein del som smaka

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 11 på dette med plassering ved nausta. Det vart ingen strid om plasseringa, då dei personane som vart spurde til råds alle meinte at den naturlege staden var ved ungdomshuset. Ein føremon med den staden var og at ein her hadde råderett over grunnen, med langsiktig festeavtale. Og her var den staden som dei fleste ville sjå minnesmerket tidt og ofte. Denne plasseringa vart difor vedteken på eit møte i jubileumskomiteen tidleg på våren 2000. På haugen ved Fjellvarden peika det seg ut eit platå eller ei flate vest-nordvest for huset, mellom den gamle og den nye tilkomstvegen til huset. Og alle var samde om ei symbolsk plassering der flata med skrift skulle stå i nord-sør retning, slik at ein står vendt mot vest når ein les skrifta. Jon Slettenes med sine medhjelparar (Arne P. Myklebust, Arve Fjellkårstad og Matias Magne Sølvberg) gjekk i gang med gravemaskin og hadde førebudd seg på å bore nokre boltar ned i fjellet, slik at desse skulle støtte steinen. Og ved foten av steinen var det tanken å mure opp ei rydningsrøys som både skulle skjule boltane og støtte sjølve minnesteinen. Men då gravearbeidet starta, fekk karane seg ei overrasking som fekk dei til å stanse opp og lure på om høgare makter var inne i biletet. Då dei grov bort det vesle jordlaget, kom det til syne ei grop i fjellet, med ein rett kant som låg akkurat nord-sør. Det var berre å setje minnesteinen inntil kanten og plugge attåt med stein. Og det vart gjort. Dermed minka og steinen si høgde over bakken, og ideen med ei rydningsrøys ved foten vart droppa, fordi ein då ville kome for nær opptil skrifta som allereide var ferdig gravert. I staden fann Jon ein flat stein på 150 x 60 cm som vart lagt på framsida av minnesteinen. Denne vart henta frå området ved Lianakken, i skogteigen til gnr 175, bnr 4, Intunsbruket. Steinen var frå naturen si side noko tjukkare, slik at han vart kila i to, og Nils Sølvberg har den andre halvparten. Ferdig oppsett rekk no minnesteinen 175 cm over marka. Den er 100 cm breid. I gropa på vestsida av foten på steinen la Jon Slettenes ned ei glasflaske med dobbel kork (vanleg og skru) med innlagt eit papirark i ein plastpose. Der hadde han skrive litt om minnesteinen, kven som hadde gravert o.s.v. Så vidt eg kjenner til var det ingen som hugsa på å fotografere under arbeidet med oppsetjinga. Avlauvinga l staden for å dekkje steinen med duk, fann vi på å dekkje han med bjørkelauv. Greinene med lauv vart knytte saman på toppen og festa i eit tau som gjekk over ei grein på ei fure som står attmed. Fylkeskulturdirektør Lidvin Osland fekk æra av å drage av lauvet, med Jon Slettenes som assistent. Når lauvet gjekk til vers kom neverlursignal spela av Audun Sølvberg. Det skjedde på utvandrarstemna, søndag 25. juni 2000. Det rikhaldige programmet på stemna er skildra i aviser og i SOFUL-posten, så vi skal ikkje gå altfor mykje i detalj her. Etter utvandrartablået ved Sølvbergsnausta gjekk folket opp Berget til Fjellvarden der det vart servert utvandrarkost som kubbasild, poteter, flatbrød, spekemat, graut (bygg- Fylkeskultursjef Lidvin Osland avlauvar minnesteinen over utvandrarane frå Stryn. (Foto: Håkon Skaar). og rjøme ), lefse og kaffi. Bortsett frå grauten vart maten servert på spesiallaga bordøskar med innsvidd innskrift til minne om dagen. Desse fekk folk ta med seg heim. Det vart servert mat til 300 personar, og truleg var der nokre i tillegg som berre kom til programmet eller rett og slett arbeidde slik at dei ikkje hadde tid til eting. Ei eiga nemnd hadde laga til ei interessant utstilling inne i ungdomshuset. Programmet elles gjekk føre seg ute, under leiing av underteikna. Der var tradisjonsmusikk, danseoppvisning og song. Hovudtalar for dagen var Rasmus Sunde, som med sitt fyrstehands kjennskap til utvandrarsoga heldt ei glimrande tale. Dette var rette staden å referere til utvandraren Isak Sølvberg sine skrifter. (Isak sin konfirmasjonsbibel vart overlevert av Rasmus Sunde til Nordsida kyrkje under utvandrargudstenesta same kvelden). Lidvin Osland sin tale skulle normalt sett vore ein kort avlauvingstale. Men det er verd å merke seg at Lidvin var så inspirert at han tok seg tid til ein grundig appell om betydninga av våre band til slekta i Amerika, og om det symbol som denne dagen og steinen burde vere for framtida. Han fortalde om husmannsfolka på Hjellhaugen på (framhald s. 22)

12 Kjelda Årgang 10, nr 2-2001 Fine i farten i Fjaler Det var nok ikkje mange bilar på vegane i Fjaler i 1930-åra, men dei som var tok seg ualminneleg godt ut og hadde vakre amerikansk-klingande namn. Her køyrde Jac. J. Forthun ikring i sin Oakland drosjecoupe med kjennemerke S-1213, og her dukka Erik Hovland opp med Dale Billag sin Diamond T, ei vogn som kombinerte transport av både personar og last. Av Gunnar Yttri Desse bilane er lista opp i registeret lensmannen i Fjaler førte over alle bilar og motorsyklar i kommunen på 1930-talet. I dag gjev registeret eit innblikk i den tidlege bilismen i Fjaler. Held ein dette registeret opp mot det fotomaterialet Fjaler kommune har samla inn og registrert i samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, står ein plutseleg med eit lite stykke bil- og samferdsle-historie. Nedanfor er lista opp resten av dei køyretøya som var førte opp i Fortegnelse over innregistrerte Bilar og Motorsyklar i Fjaler, kven som åtte Ottar Bakkebø (heilt til venstre) registrerte i juli 1937 motorsykkelen Wanderer. Her er han på farten saman med frå venstre Elida Holmelid, Aslaug Vårdal og Leif Åsnes. (Foto: SFFf-94137.0008). desse og ulike opplysningar knytta til registreringane. I tillegg vert det gjeve smakebitar frå foto-samlingane ved Fylkesarkivet med køyretøy frå Fjaler kommune. Bilar frå Chevrolet til Rugby Sigvald Haugsbakke køyrde ein Chevrolet med lasteplan og kjennemerke S 1401. Denne hadde han fått i 1932. Oddleif Fagerheim styrte ein drosjecoupe Chevrolet med kjennemerke 1437 og hadde særskilt løyve til offentleg personførsle. Her er folk frå Fjaler på langtur på Nordfjordeid. Sjåføren Hans Tuland støttar seg på panseret. Loneland og Tuland billag åtte bilen, ein Ford med 73 hestekrefter og kjennemerke S-1297. (Foto: SFFf-96022.0058).

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 13 Dale Billag sin Diamond T med frå venstre Erik Hovland, Frås, Tora, (fødd Nitter)Fagerheim, Oddleif Fagerheim, Maria (fødd Holmelid) Refsnes og Bjarne Refsnes. (Foto: SFFf-94043.0028). frå 65 til 140 kg, men Harald Vårdal hadde løyve til å køyra to personar på sin 155 kg tunge F.N som han regisrerte i juni 1936. Loneland og Tuland billag, med adresse i Flekke, eigde ein Fargo, S- 1232, på 2100 kg som kombinerte transport av personar og last. Denne vogna hadde ruteløyve frå 1934-1937 og kunne transportera 14 personar eller 1350 kg last. På bygdevegar måtte ikkje nettolasta overstiga 1200 kg. Sjåfør var Hans T. Tuland. Same billag mønstra fleire lastebilar, ein Ford med 73 hestekrefter, S-1297, og ein Ford med 40 hestekrefter, S-1459. Konrad Hofland på si side føretrakk ein Harley Davidson med kjennemerke S-1574, som han registrerte i mai same året. I mai året etter registrete Nils Tømmerbakk sin Dürkoppmotorsykkel, kjennmerke S-1004. Alle desse motorsyklane var registrerte for køyring av berre ein person og vog Det gjekk nok fleire køyretøy på vegane i Fjaler på 1930-talet, men dei ovannemnde var dei som var innregistrerte i lensmannen sin hovudprotokoll. Dette registeret har kome Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i hende i samband med arkivarbeid for Fjaler kommune. Fylkesarkivet skal seinare overføra lensmannsarkivet til Statsarkivet i Bergen. Hans L. Hovlandsdal var eigar og førar av ein Chevrolet, kombinert for last og personar, med kjennemerke S-1209 og med særskilt løyve til å driva offentleg personførsle. Arthur Birkhaug hadde løyve til å køyra 5 personar i sin personbil, ein 960 kg tung Rugby med kjennemerke S-1124. Motorsyklar frå Wanderer og Harley Davidson Jon K Hope og Ottar Bakkebø registrerte i juli 1937 kvar sin motorsykkel Wanderer, den første med kjennemerke S-1591, sistnemnde med kjennemerke S-1592. Tidleg på 1970-talet vart Diamond T sett på lasteplanet og selt frå Hovlandsgarden. (Foto: SFFf-94215.0034).

14 Kjelda Glimt frå fotoarkivet Årgang 10, nr 2-2001 Arild Reppen I denne spalta vil me visa fram bilete frå den rikhaldige fotosamlinga til Fylkesarkivet I glimt frå arkivet denne gongen har vi funne fram til noko så sjeldsynt som ein biletserie frå arbeidslivet. Serien er frå eit støype-, armeringsog forskalingskurs som Norsk Sementforening arrangerte hjå Bernhard Hauge i 1930. Staden er Hauge i Gulen. Dei tre bileta synt her er frå ein serie på åtte bilete. Det er bilete av arbeidet, deltakarane, og der er og detaljbilete som syner korleis armeringsjarn vart lagt før støypinga. Elles har vi lite kjennskap om dei som vart avbilda. Men det går fram av teksten at det var eit fjøsgolv som vart støypt på kurset. Dei som ønskjer å sjå alle bileta i serien kan finne dei på Internett ved å skrive inn SFFf-94107 i feltet for arkiv/samling, og støypekurs i feltet for motiv/stikkord. På biletet øvst ser vi heile gjengen oppstillt. 19 deltakarar på støypekurs på Hauge i 1930. Vi kjenner ikkje namna på personane. (Eigar: Elias E. Haveland. SFFf-94107.0043). Biletet til venstre: Her skal den nye fjøsen kome. (SFFf-94107.0041).

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 15 SFFf-94107.0044. Armeringsjarnet er på plass, og arbeidslaget har teke til med støypinga. Norsk museum for fotogra - Preus fotomuseum opna 26. mai opna Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum i nye lokale på Karljohansvern i Horten. Kulturminister Ellen Horn heldt opningstale for museet. I talen sa kulturministeren mellom anna at Alt i alt tør vi påstå at den samlede innsats som har vært ytet for museet i Horten, har lagt grunnen for et fotomuseum vi drister oss til å kalle det mest komplette fotomuseum i Norden. Av Arild Reppen Samlinga til museet, som består av fotografi, gjenstandar (kamera m.m.) og ei omfattande boksamling, byggjer på den private samlinga Leif Preus har bygd opp i sitt museum, Preus fotomuseum i Horten. Preus fotomuseum opna i 1976. I 1992 vart det på initiativ frå Norsk Kulturråd lagt fram to utgreiingar, som begge konkluderte med at det burde opprettast eit museum for fotografi. Og i 1994 vedtok den norske stat å kjøpe det tidlegare Preus fotomuseum. Og no står det der, på Karljohansvern i Horten. Magasinet der museet er lagt er oppført mellom 1860 og 1864. Den internasjonalt kjende norske arkitekten Sverre Fehn har utforma interiøret for museet. Det vert spanande å følgje med på kva rolle museet vil få i fotobevaringsarbeidet. Det er ingen tvil om at det vil verte ei sentral rolle. Meir om museet finn den interesserte på internett: www.foto.museum.no Gluggen Gluggen er eit lokalhistorisk magasin frå Hyllestad, som berre inneheld bilete. I Prosjekt Fotovern vart det samla inn og registrert om lag 2000 bilete i Hyllestad, i eit samarbeid med Fylkesarkivet. Det er desse bileta som blir presentert i Gluggen. Nummer ein i år er på 16 sider og inneheld 26 bilete. Det vil koma 3 nummer i 2001. Det kostar kr 75,- for ei årstinging av bladet, om du bur i Hyllestad, elles kr 100,-. Einskildnummer kan kjøpast for kr 35,-. Kontakt Hyllestad kommune, v/næring, kultur og miljøkontoret, 6957 Hyllestad. Epost: nkm@hyllestad.kommune.no

16 Kjelda Minnesmerket Av Hermund Kleppa Årgang 10, nr 2-2001 Fylkesarkivet samlar inn foto og opplysningar om minnesmerke (bautasteinar, minnesteinar, støtter, monument o.l.). Denne gongen gjer me ein vri på innhaldet i minnesmerke-spalta. Istadenfor omtale av eitt minnesmerke, har me laga eit stykke om fleire, med hovudvekt på kva me har fått inn om nokre minnesteinar i det siste, og kven som har kome med bidrag. Harald Bruland, Ålfoten - om Bautasteinen i Ålfoten I Kjelda nr 1-2001 hadde me foto av ein 1914-stein i Ålfoten og ba folk om å kontakta oss. Kort tid etter ringde Harald Bruland. Han kunne for det fyrste fortelja at steinen lokalt ikkje vert omtala som 17. mai-stein men som Bautasteinen. Så korrigerte han namnet på kvinna på biletet. Ho heiter Eggereide til etternamn, ikkje Eggen. Elles hadde Bruland vore stad og sett nærare på steinen, og hadde mykje å fortelja. Steinen er av gneis og kan ha vore funnen oppunder Kårnykjen, eit fjell på ca 1000 m o.h. i vest. Han ragar 4,38 m over ein betongfot, og på baksida står innhogge 17 MAI 1914. Skriftteikna er 13-16 cm høge og 7-10 mm djupe, og svært førseggjort arbeid. Det var bestefar til Harald Bruland, lærar Anders Bruland frå Utvik, som hogg inn skriftteikna. Han laga seg meislar sjølv av gamle filer, og gjorde ferdig ein bokstav for kvelden. Steinen blei reist av Ålfoten Ungdomslag, eit lag som framleis er i drift, men som låg nede i 1950-60-åra. Laget hadde lenge eit handskrive lagsblad med tittelen Kåre. Harald Bruland kjenner ikkje til kva som finst av gamle protokollar og papir frå laget, men han skal høyra etter. Journalist Thoralv Lund i Tromsø og to andre - om minnestein over over falne frå Davik, reist år 2000 Dei fleste minnesteinane over nordmenn som fall i krigen 1940-1945 vart reiste dei fyrste åra etter krigen. Men det finst fleire døme på minnesteinar av nyare dato. I Hyllestad og Davik vart det så seint som i fjor avduka minnesteinar. Steinen attmed kyrkja i Davik er sett til minne om tre menn frå Davik kyrkjesokn. To av dei var med ein britisk/ norsk ekspedisjon på veg til Svalbard i mai 1942. Skipa vart angripne av Isbrytaren Isbjørn og fangstskuta Selis var med på den britisk/norske ekspedisjonen til Svalbard i mai 1942. Fartya og folka vart angripne av fire tyske bombefly medan dei var i ferd med å bryta seg gjennom isen i Grønfjorden. Begge båtane gjekk ned og 14 mann miste livet. To av dei var frå Davik, Ingvald Elias Bøen, f. 1903, og Sigvald Kristian Høiland, f. 1923. tyske bombefly, og fleire vart drepne. Opplysningar til minnesmerket i Davik har me fått frå journalist Thoralv Lund i Tromsø, frå rektor Roar Førde (som heldt avdukingstalen) og frå Aud Myklebust (med familietilknytning). Arne M. Sølvberg, Stryn - om utvandringssteinen på Fjelli i Stryn I fjor sommar reiste bygdefolket på Fjelli ein minnestein om utvandringa frå Stryn. Me ringde Arne M. Sølvberg og spurde etter foto og opplysningar om minnesteinen utover det som kom fram i nyhendeoppslag i lokalbladet Fjordingen. Han lova å sjå på kva som kunne finnast og høyra etter med andre, og så la oss få høyra. I slutten av april kom det ei fleire siders fyldig utgreiing og mange foto. Denne rapporten vil for alle tider vera ei hovudkjelde til kunnskap om utvandringssteinen dei reiste ved ungdomshuset på Fjelli år 2000. Utgreiinga tek føre seg bakgrunn og ide, ideen sett ut i live, plassering og oppsetjing, avdukinga (som i røynda var ei avlauving), Me ønskjer fleire opplysningar om minnesteinar! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 5756402. Epost: hermundk@sffarkiv.no 4

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 17 økonomien i prosjektet og eit oppsummerande sluttord. Her står mykje som berre dei mest innvigde visste om, m.a. at det i den gropa steinen står, også vart sett ned ei dobbeltkorka flaske med eit skriv om minnesteinen inni! (Sjå Sølvberg sitt stykke ein annan stad i Kjelda, side 10). Etnedal historielag, Etnedal i Valdres - om minnesmerke i Etnedal over Johan Berge, Stryn, som fall 24.4.1940 I aprildagane 1940 var det harde kampar ved Høljerasten bru og i Tonsåsen. Seks norske soldatar fall her og endå fleire tyske. Ein av nordmennene var Johan Berge frå Stryn. Han vart gravlagd ved Bruflat kyrkje og bygdefolket i Etnedal sette opp ein minnestein på grava hans eit av dei fyrste krigsåra. Etnedal historielag har arbeidd mykje med krigshistoria i Etnedal. Dei har laga fleire minnesmerke, gjeve ut mange skrift og skipa til minnesamlingar. På førespurnad frå oss om minnesteinen over Johan Berge, kom det i fyrstninga av april ei svært innhaldsrik sending frå Etnedal Historielag, om steinen på grava hans og 3 andre krigsminnesmerke i Etnedal. Jorid Leknes, Rørvik i Askvoll - om minnesteinen i Ålasvingen i Kvammen, Askvoll Tidlegare Vevring fiskarlag gjorde straks etter krigen vedtak om å reisa minnestein over tre menn frå sørsida av tidlegare Vevring kommune som fall i krigsåra 1940-1945. Jorid Leknes greidde å få fatt i fotografi frå avdukinga i 1951, fortalde somt ho sjølv kjenner til, og fekk fatt i opplysningar hjå andre. Mellom anna kunne ho fortelja at dei fann steinen inne i Mulen, og at dei frakta han ut til Kvammen på slep, det vil seia opphengd mellom to doryar. Hjalmar Aarseth, Askvoll - om minnestein over Leo Aarseth ved Vevring kyrkje Sytten år gamle Leo Aarseth miste livet då tankbåten Orkanger vart torpedert av ein italiensk u-båt i Middelhavet 12. juni 1940. Skipet var på veg frå Abadan til Malta. Hjalmar Aarseth har sendt oss nyttig fotomateriale; portrettfoto av Leo og bilete av båten, og frå ei 17. mai-høgtid ved steinen i dei seinare år. I vår ringde han og fortalde det langt om lenge hadde lukkast han å få fatt i fotografi frå avdukinga. Ei tid etter kom fotografiet frå minnehøgtida i posten frå Torleiv Førland, Naustdal. Harald Jarl Runde, Naustdal - om to 1914-steinar i Naustdal Det har kome inn opplysningar om to nye 1914-steinar oppsette til minne om Sogn og Fjordane-innsats i krigsåra 1807-1814. Harald Jarl Runde i Naustdal har fortalt om ein stein i Naustdal sentrum og ein på Fimland. Runde held på å samla opplysningar om dei, og skal skriva artiklar om begge i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane. Frå avdukinga av minnesteinen over Leo Aarseth ved Vevring kyrkje, 1. juli 1951. Hjalmar Aarseth, bror til Leo, legg ned krans. Det var Hjalmar Aarseth som greidde å spora opp dette biletet hjå Torleiv Førland i Naustdal. (Biletet er teke av Else Aarseth). A. O. Bergvik, Ballangen, Nordland - om minnestein over offiseren og skulemannen Ivar Hyldmo Eidar får minnestein i Ballangen stod det i Fjordenes Tidende 10.7.2000. Eidaren og trønderen Ivar Hyldmo budde på Nordfjordeid frå 1923 til 1929. Han gjorde teneste på ekserserstaden der og hadde kroppsøvingstimar på gymnaset. Etter åra på Eid flytte Hyldmo til Nord-Noreg der han held fram med kombinasjonen militær og sivil samfunnsinnsats. I Ballangen skipa han handelsskule og gjorde så mykje til gagn og glede for bygda at folket i fjor sommar reiste han ein minnestein. Ballangen Historielag stod bak tiltaket. På førespurnad sende A. O. Bergvik oss fleire fotografi og rikhaldig informasjon om minnesmerket. Hyldmo-steinen er døme på minnesmerke med tilknytning til Sogn og Fjordane som står utanom fylkesgrensene.

18 Kjelda Årgang 10, nr 2-2001 Litteratur motteken av Fylkesarkivet frå 15. februar 2001 til 15. mai 2001 Februar 2001 u Losnegård, Rolf og Gaute, Rivedal, Henning. Dalsfjordboka: frå Gaularfjellet til Bulandet. 1999. SKALD. u Wetting,Olav. Sogndal Tændstikfabrik 1855-1884: (artikkelmanus utan årstal) u.å. Norsk teknisk museum. u Kleiva, Ivar. Losna i fortid og notid (manuskript utan årstal) u.å. Dalsøyra. u Sogn og Fjordane fylkeskommune. Budsjett 2001: Økonomiplan 2001-2004: Tenestenivå u.å. Fylkeskommunen. u Hirsch, Joh. L. Fodernød og bjørg. 1903. Centraltrykkeriet, Kristiania. u Andagtsbog for Sjømænd og Fiskere. 1910. Luthersk Bogmission i Bergen. u Rørholt, Arnold. Repetitionskursus i norsk stil. Raad og regler for høiere klasser og viderekomne (gymnasier, u seminarier o.s.v.). 1895. J. W. Cappelen forlag. u Regnskap over veikassens indtægter og utgifter i Nordre Bergenhus amt for regnskapsaaret. u 1. april 1911 til 31. mars 1912. 1912. N. Nilssen & søns boktrykkeri. u Statens rasjoneringsdirektorat. Lover, resolusjoner og departeu mentsbestemmelser vedrørende rasjoneringen 2nen samling u (to eks.). 1919. O. Fredr. Arnesens bok-&akcidenstrykkeri. u Hirsch, Joh. L. Dyrkning af Kunæpe (Turnips) Særtryk af u Beretning om Norges Landbrugshøiskoles Virksomhed i u 1901-02 (Norges Landbrugshøiskoles Skrifter Nr. 3). 1902. u Johansen & Nielsens Bogtrykkeri. u Aarnes, S. K. Bestemmelser om Bidrag af Amtsskolekassen i u Nordre Bergenhus Amt med forklarende Bemerkninger af u Amtsskolestyret 1905. 1905. N. Nilssen & Søns Bog- & u Accidentstrykkeri. u Gulliksen, Gunvald. Hjælp til selvhjælp et forslag av Gunvald u Gulliksen. 1909. Den norske husflidsforening. u Kort oversigt over kirkekommissionenes forslag omden norske u kirkes organisation m.v. u.å. u W. C. Fabricius & Sønner A/S, Kr.a. u Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Årsmelding frå Sogn og u Fjordane Landbruksselskap 1933. 1934. u R.Søreides Prenteverk. u Brekke, Jens.Vetlaboki: Songbok for barnehagane i Vik u kommune. u.å. (1999-2000?). Heimastølen Forlag. u Brekke, Jens. Vetlaboki: Notehefte: sognbok for barnehagane u i Vik kommune. u.å. (1999-2000?). Heimastølen Forlag. u Red: Bakken, Kristin og Wetås, Åse. Namn gjennom 2000 år u - namn i år 2000: Den 9. nasjonale konferansen i u namnegransking Blindern 11. - 12. mai 2000. 2000. Seksjon u for namnegransking,universitetet i Oslo. u Red: Kruken, Kristoffer. Seksjon for namnegransking u årsmelding 1999. 2000. Universitetet i Oslo, u Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. u Bergfjord, Kjell. Eit hamskifte i meierisamvirket - eit oversyn u over soga til Sogn og Fjordane Meieri frå 1985 til 1997. 2000. Sogn og Fjordane Meieri, u Eco-Trykk AS,Førde. u Nordsjøfartmuseet. Telavågtragedien og Nordsjøfarten 1940-45 (faldar). u.å. u Nordsjøfartmuseet. Nordsjøfartmuseet: Telavåg (faldar a4). u.å. u De brente våregårder - de drepte våre menn :Krigshandlingane i Tælavåg (Minneskrift til 50-års markeringa). 1992. u u Sund kommune. u Nordsjøfartmuseet. Nordsjøfartmuseet i Tælavåg (faldar). u.å. u ICA. List of Publications 1994. 1994. ICA. u State Historical Society of Wisconsin 1996-1997. Books Etc. u.å. u State Historical Society of Wisconsin 1999-2000 Annual Report. u.å. u Schumann, Johan. Landbovilkaar (Med henblik til forskjellige samfundsgjenstande) Fjortende afsnit. 1900. Eget forlag. u Schumann, Johan. Faarehold i Norge, II Praktiskfaarestel Trettende afsnit: Faarebedriftens fremtid hos os. 1899. u Eget forlag. u Borchgrevink, H. Norges Livredningsselskap: Redningsvesen - Livredning. 1928. Norges Livredningsselskap. Oversikt over litteratur og musikk som kjem inn til Fylkesarkivet. Send oss publikasjonar som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket. Kontakt for denne spalta er Gunnar Yttri, tlf. 57 65 64 08. E-post: gunnary@sffarkiv.no

Årgang 10, nr 2-2001 Kjelda 19 u Gulbranson, C. Norges Skoger før og nu. 1931. Kjenn ditt land. u Skogdirektøren. Skogplanting i Norge: Kommunale skoganlegg bør fremmes: annen og endrede utgave (fire eks.). 1924. u Landsforeningen norsk arbeide. Norsk produksjon norsk forbruk: En rettledning for lærerne utsendt av Kirke- og u undervisningsdepartementet (tre eks.). 1930. u Love og forskrifter angaaende torskefiskeriet i Bremanger og Selje m.m. samt lov om vaarsildfiskeriet af 24. sptbr. 1851 u med tillægslove og lov om sildefiskeriene af 26. juni 1893. (fire eks.). 1902. N. Nilssen & søns bogtrykkeri.bergen. u Love om Vaarsildfiskeriet af 24. September 1851, 28. August 1854, 21 Marts 1860 og 27. Marts 1869. 1900. u Karmsundsporten s Trykkeri. Haugesund. u Lover om stortingsvalg og om nominasjon ved stortingsvalg,begge med tillegg av 17. des. 1920 tillikemed lov om u suspensjon av statsborgerlig stemmerett av 28.mars 1912 og grunnlovens 50-64 (seks eks.). 1927. u Grøndahl &søns boktrykkeri, Oslo. u Justisdepartementet. Lovene um stortingsval og nomination fraa 17. december 1920, den fyrste med tilleggslov fraa u Utgjevne i landsmaalsumsetjing av Justisdepartementet. 1927. Prenteverket til Grøndahl &søn, Olso. u Moen, Randi Frøystad. Slektssoge: Nilsine og David Frøystad: Røtter, knoller og avleggere. 1998. Mars 2001 u Ager, Waldemar. Colonel Heg and His Boys: A Norwegian Regiment in the American Civil War. 2000. NAHA, Minnesota. u Sjögren, Eva og Lundström, Catarina. Historia på riktigt! - arkivpedagogik i praktiken. 2001. Skånes Arkivförbund. u Norges matrikel: Matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1. oktober 1906 i Indre Holmedal herred af Søndfjord u sorenskriveri, Nordre Bergenhus amt. 1907. Finans- og Tolddepartementet. u Norges matrikel: Matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1. oktober 1906 i Daviken herred af Nordfjord sorenskriveri, u Nordre Bergenhus amt. 1907. Finans- og Tolddepartementet. u Norges matrikel: Matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1. oktober 1906 i Borgund herred af Indre Sogn u sorenskriveri, Nordre Bergenhus amt. 1907. Finans- og Tolddepartementet. u Norges matrikel: Matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1. oktober 1906 i Kinn herred af Søndfjord sorenskriveri, u Nordre Bergenhus amt. 1907. Finans- og Tolddepartementet. u Beskrivelse over de særskildt skyldsatte Brug i Lysters herred samt forslag til ny Skatteskyld for Herredet: Udarbeidet i u Overensstemmelse med Lov af 6te Juni 1863 af 1863. u Fortegnelse over matrikulerede Eiendomme og deres Skyld den 30te September 1890 i Sogn Fogderi, 1890? u Centraltrykkeriet, Kristiania. u Vigrestad, John.Forholdet mellom almue og øvrighet i Indre Sogn sorenskriveri under den store nordiske krig. u Hovedoppgave i historie ved UiB. 1978. u Koth, Halvdan. Johan Sverdrup: Hefte 23 (s.97-120). 1920. Aschehoug &co. u Red: Fet, Tvinnereim, Birkeland. Mellom springdansar og salmetonar: folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal 1990-2000: u Eit jubileumsskrift. 2000. FAMR u Register for Nordre Bergenhus amtstings forhandlinger for aarene 1908-1917. u.å. A/S John Griegs boktrykkeri u og N. Nilssen & Søn. u Forhandlinger ved det 7de ordinære generalmøde afholdt i Stavanger 23de-25de august 1904 forsaavidt angaar sag No.3: u Udkast til lov om haandverksnæring. 1906. u A.W. Brøggers bogtrykkeri, Kristiania. u Udkast til lov om haandverksnæring afgivet af en af den Norske u fællesforening for haandverk & industri nedsat komite. 1906. John u Griegs bogtrykkeri. u Oversigt over skatteloven av 18de august 1911. 1912. u N. Nilssen &søns boktrykkeri,bergen. u Lover om stortingsvalg og om nominasjon ved stortingsvalg u begge av 17.desember 1920 den med tilleggslover av u tillikemed lov om suspensjon av statsborgerlig stemmerett av u 28.mars 1912 og grunnlovens 50-64. 1927. u Grøndahl & søns boktrykkeri, Oslo. u Rundskrivelse fra Justisdepartementet: Stortingsvalget 1927. u 1927. Grøndahl & Søn. u Tabellarisk oversigt over resultatet av skatteligningerne i u Nordre Bergenhus amt for 1908. 1908 (?). u N. Nilssen & søns bok & accidentstrykkeri,bergen. u Kongelig Kundgjørelse av 16de Mai 1911 angaaende indu komstskat til statskassen i budgetterminen fra 1ste juli 1911 til u 30te juni 1912. 1911 (?). W.C. Fabritius & Sønner A/S. u Eikeland, Inge. Fra seil til damp: Sjømannssamfunnet i u endring, Bergen 1875-1912. Hovedoppgave i historie. UiB. u 2000. UiB, Historisk institutt. u Risa, Lisabet. Hå gamle prestegard 1637-1985. 1985. Hå kommune ved kulturkontoret. u Råd og rettledning: Særtrykk fra Håndarbeidsspalten i Den norske skole. u.å. Nikolai Olsens boktrykkeri - Oslo. u Nelson, Marion John: Painting by Minnesotans of Norwegian Background 1870-1970. 2000. NAHA. u Love for Nordre Bergenhus Amts Skogplantningsselskab. u.å. u Kommunalstatistiske Opgaver for Norges Byer og Bygder. Bilag 4 til Formannskabslovkomiteens Indstilling. 1899. Kristiania. u A.W. Brøggers Bogtrykkeri.

20 Kjelda Årgang 10, nr 2-2001 u Dale, John Joe: Paa Sogns Barnehjem. 1918. April 2001 u Annaniassen, Erling og Vestheim, Geir: Bok over land: u Trekk ved Statens bibliotektilsyns historie. 1999. Tano/Aschehoug. u Christensen, Olav. Bergteken: Nye vegar til gamle segner. 2000. u Norsk folkeminnelag/aschehoug. u Red: Djupevåg, Bjørn. Veiviser til Vestlandets fiskerihistorie: u om fiskerihistoriene før og nå. Bergen 2000/Nord 4. u Bull, Ragnar. Søndfjord - ufruktbare Klipper og Bjergtroldets u Boliger? Utdrag av Hans Arentz manus Beskrivelse over u Søndfjord i det nordre Bergenhusiske Amt Anno 1785. 1999. u Det Norsk Samlaget. Eks. 2. u Lund, Thoralv. Det har hendt på Svalbard - 3. 2000. u Nordlys Forlag. u Askvoll kommune Stadnamn. 2000. Fylkesarkivet. 3 eksemplar. u Dommasnes, Liv Helga. Sognefjord Vikingsenter: u Formidling om forhistorie. Arkeologiske rapporter 11. 1987. u Historisk museum, UiB. u Moen, Astrid Nagel. frao hånd te munn Arbeidarkvinner i u husmannsstover på Farnes 1915-1940. Semesteroppgåve i u lokalhistorie 1987. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. u Lindgren, Patricia og Hitman, Bruce. From Norway to Norway Lake, u volume 1: The Descendants of Mons Lasseson Torsnes (1807-1876) and u Unni Nilsdatter Huke (1804-1844). 2000. u Låg, Torbjørn. Agders historie 800-1350. 1999. Edgar Høgfeldt AS, Kristiansand S. Mai 2001 u Klettum, Norunn (utarbeid). Herred, prestegjeld og sogn i Norge - med forandringer gjennom tidene, 4.utg. 2001. u Utgitt av DIS-Norge. u Red: Statens forvaltningstjeneste og Statens trykning. Norges offentlige utredninger 1999:. Lov om eiendomsregistrering: u om et forbedret eiendomsregister og forslag til ny lov om eiendomsregistrering til erstatning for delingsloven. 1999. Statens u forvaltningstjeneste og Statens trykning. u Luster kommune /v Luster kommunale samferdselsnemnd. Heilårsveg Ottadalen - Vestlandet: Ottadalen-Jostedal-Loen i u Nordfjord. u.å. Sogn og Fjordane Prenteverk. u Busetnad og næringsstruktur i Sogn og Fjordane fylke: Foredrag på fylkestinget i Måløy 5. nov. 1963 ved områdeplansjef u Ragnar Høgelid. 1963. Øens Prenteverk, Førde. u Vang, Anders Evensen. Gamla reglo å rispo ifrå valdris. Norsk Folkeminnelags skrifter 111. 1974. Universitetsforlaget. u Jenssen, Atle Lien. Min elskede pike og venn Viser i tradisjon etter Guttorm Flisen fra Elverum. 1987. u Norsk Folkeminnelag/H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). u Semb, Klara. Norske folkedansar: turdansar. 1991. Noregs boklag/det norsle samlaget i samarbeid med u Noregs ungdomslag. u Øyehaug, Erling. Rimfakse. 1990. Sogn og Fjordane Forlag i samarbeid med Høyanger kommune. Musikkinnspelingar mottekne av Fylkesarkivet frå 15. februar 2001 til 15. mai 2001 Mai u CD. Ingunn Linge Valdal/ Knut Ivar Bøe. Ferdafolk. 1997. u Grappa Musikkforlag. Norddal/ Ørskog. u CD. Noregs Ungdomslag. Norske turdansar (I-IV). u 1994-2001. Grappa Musikkforlag. Oslo. u CD. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. u Høgdepunkt. 1999. Grappa Musikkforlag. Førde. u CD. Karen Tweed and Timo Alakotila. May Monday. 2001. u Fyasco Records. England. u CD. FreeBrick (Frode Berge). FreeBrick. 2001. Sogndal. u CD. Dag Skram m.fl. Doggdropenatt. 2001. Sogndal u Lydstudio. Sogndal. u CD. Edvard Borlaug. Am I losing you. 2001. Leikanger.