HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Yrkesopplæringsnemnda Dato: 06. november 2012 Kl.: 13.00-14.30 Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.: 8/12-12/12 MØTELEIAR Pilskog, Roger (LO) DESSE MØTTE Stenseide, Roald (FRP) Pilskog, Roger (LO) Knudsen, Tom (NHO) Teige, Edel (NHO) FORFALL Malones, Marte (A) Mjelde, Hege Kristin (LO) Magnussen, Ørjan (lærlingerepr.) DESSUTAN MØTTE Mjelstad, Torbjørn konst. Fagopplæringssjef Svendsen, Anne-Sara seniorrådgjevar Fagoppl.ktr. Røyrane-Løtvedt, Lene Kristin jurist Fagoppl.ktr. Juvik, Ann-Magritt som sekretær MERKNADER TIL INNKALLINGA Ingen merknader til innkallinga GODKJENNING AV SAKLISTA Saksliste vart godkjent 1
GODKJENNING AV MØTEBOKA 02.10.12 Kommentar frå Tom Knudsen (NHO) under sak 7/12 skal følgjande også stå under tilråding frå yrkesopplæringsnemnda: 1. Opplærings- og helseutvalet vedtek ei prøveordning med utvida opplæringsrett for elevar og lærlingar på helsearbeiderfaget. Prøveordninga gjeld for elevar som begynner på VG2 Helsearbeiderfag hausten 2012 eller som begynner si læretid hausten 2012. Prøveordninga gjeld til og med juni 2017. 2. Opplærings- og helseutvalet sluttar seg til dei føreslegne tiltaka for å styrkje rekrutteringa til og gjennomføringa i helse- og oppvekstfaget. YMSE Det vert sett opp eit ekstra møte i Yrkesopplæringsnemnda 4.desember 2012 kl. 08.30. Notat vedk. Læreplassar 2012 (spørsmål i fylkesutvalet 26.09.2012) vart delt ut notatet vert lagt fram som melding i Opplærings- og helseutvalet. Tom Knudsen og Roger Pilskog sette fram slikt forslag på vegne av NHO/LO: «Årshjul og oppfølging av saker (restanseliste) Y-nemnda ber om at det til neste møte utarbeides et årshjul m.h.t. sakene som skal behandles i Y-nemnda. Y-nemnda ber om at det utarbeides en restanseliste som viser saker som Y-nemnda har bedt om og som ikke er «kvittert ut». Restanslisten legges frem i hvert møte med dato for når sak kan forventes» Knudsen/Pilskog sitt forslag var samrøystes vedteke oversendt fagopplæringssjefen. 2
MELDINGAR Periode: 03. oktober 2012-06. november 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 9/12 201207618-1 Kravet til medlemsbedrifter ved opplæringskontor Yrkesopplæringsnemnda vedtok samrøystes at melding 9/12 vert behandla som sak 12/12, og at vedtak vert oversendt som melding til Opplærings- og helseutvalet. VEDTAK: Vedtaket av 5. juni 2000 blir oppheva, og frå dags dato er det som tilstrekkeleg med ei lærebedrift innan eit fag for at opplæringskontoret si godkjenning skal omfatte dette faget. Opplæringskontora skal framleis ta kontakt med fylkeskommunen ved endra samansetning av opplæringskontoret. Fylkeskommunen vil då framleis ha høve til ikkje å godkjenne endra samansetning i opplæringskontoret dersom vi meiner at opplæringskontoret ikkje kan dokumentera at dei kan gje tilstrekkeleg opplæring i det aktuelle faget, jf. Opplæringslova 4-3. 3
SAKNR. 8/12 STIMULERINGSTILSKOTET 2012 - TILTAK 2013 Roger Pilskog og Tom Knudsen sette fram slikt forslag på vegne av LO/NHO: Oversending administrasjonen Y-nemnda ber om at prosjektplanene legges frem for Y-nemnda når dette foreligger vedr. 2012 midlene. Y-nemnda ber om en gjennomgang av 2013 midlene og hvordan disse konkret innrettes med sikte på å nå målsettingen med stimuleringsmidlene. Røysting: Pilskog/Knudsen sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt Fagopplæringskontoret. Dei statlege stimuleringsmidlane til fag- og yrkesopplæringa skal nyttast i samsvar med fylkesrådmannen si tilråding for 2013: Tiltak Sum 2012-2015 Tilskot til ulike prosjekt etter søknad 13,0 mill Prøveprosjekt mentorordning 1,5 mill Prøveprosjekt der skulen får ei utvida rolle med å skaffe intensjonsavtalar og 2,5 mill læreplassar Annonser, kampanje 1,0 mill Sum 18,0 mill 9/12 EVALUERING AV ST.PAUL GYMNAS SI DELTAKING I SØKNADSPRIORITERING OG INNTAK GJENNOM VIGO-SYSTEMET Opplærings-og helseutvalet tek saka til orientering 10/12 TILSTANDSRAPPORT VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 2011 / 2012 FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkestinget tar tilstandsrapport for vidaregåande opplæring 2011/2012 for Hordaland fylkeskommune til orientering. 11/12 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012-2015. TILTAK 2013 Roger Pilskog sette fram slikt forslag på vegne av LO: «Y-nemnda tilrår at det i fremtidens planer for kompetanseutvikling også innarbeides hospiteringsordninger og lignende som kompetansheving». 4
Røysting: Pilskog sitt forslag til tilråding vart samrøystes vedteke. Fylkestinget sluttar seg til rulleringa av tiltaka for 2013 i Plan for kompetanseutvikling 2012-2015. Yrkesopplæringsnemnda tilrår at det i framtidige planar for kompetanseutvikling også vert innarbeida hospiteringsordningar og liknande som kompetanseheving. 12/12 KRAVET TIL MEDLEMSBEDRIFTER VED OPPLÆRINGSKONTOR Yrkesopplæringsnemnda vedtok samrøystes at melding 9/12 vert behandla som sak 12/12, og at vedtak vert oversendt som melding til Opplærings- og helseutvalet. VEDTAK Vedtaket av 5. juni 2000 blir oppheva, og frå dags dato er det som tilstrekkeleg med ei lærebedrift innan eit fag for at opplæringskontoret si godkjenning skal omfatte dette faget. Opplæringskontora skal framleis ta kontakt med fylkeskommunen ved endra samansetning av opplæringskontoret. Fylkeskommunen vil då framleis ha høve til ikkje å godkjenne endra samansetning i opplæringskontoret dersom vi meiner at opplæringskontoret ikkje kan dokumentera at dei kan gje tilstrekkeleg opplæring i det aktuelle faget, jf. Opplæringslova 4-3. Ann-Magritt Juvik sekretær 5