Fylkesrådmannen rår hovudsamarbeidsutvalet til å gjere slikt vedtak:

Like dokumenter
Oppsummering av årsrapportar frå LAMU til HSU

Op p su m m eri n g a v å rsra p p orta r frå L AM U ti l H SU i Sogn og F jord a n e F yl keskom m u n e i 201 6

MØTEBOK. Hovudsamarbeidsutvalet. Møtedato Kl

Saksframlegg. Sjukefråvær 2. kvartal 2015 SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1

MØTEIN N KALLIN G SAKLISTE. 5 / / 3479 Hovudsamarbeidsutvalet - Skriv og meldingar 25. mai 2016

Når LAMU drøftar fråværstala på individnivå i sine kvartalsvise møter vil utvikling, nivå og skilnader mellom kjønna vere tema.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Andre dokument som ikkje ligg ved: Statistikkgrunnlag og andre hjelpetabellar og rekneark.

Andre dokument som ikkje ligg ved: Statistikkgrunnlag og andre hjelpetabellar og rekneark.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

HELSE MILJØ OG TRYGGLEIK I FLORA KOMMUNE

4. kvartal 2014 Det legemeldte sjukefråværet fordelt på lengdekategoriar SUM tot

KRAVSSPESIFIKASJON BEDRIFTSHELSETENESTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

HMS-RAPPORTERING 2018

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Roar Hove, Hovudverneombod Vara: Edel Pernille Ystenes /18 HMS retningsmål og resultatmål for skulen

HMS-RAPPORTERING 2018

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HMS-RAPPORTERING 2017

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

MØTEPROTOKOLL. Arbeidsmiljøutvalet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

EIGENKONTROLL OPPFØLGING

Kartlegging av rammevilkår

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

HMS-status i Møre og Romsdal fylkeskommune

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

HMS-RAPPORTERING 2018

2014/

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Sjukefråvær førebygging og oppfølging

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Rutine for varsling Høyanger kommune

HMS-RAPPORTERING 2016

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

Jølster kommune Rutine for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen

HMS-status i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tillitsvalte si rolle i IA-arbeidet. Skaff deg rom!


HMT-TILBOD. frå Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat HMT HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Møtereferat frå HSAMU

Oppfølgingsliste 2/2016

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Føremål. Grunnlag Arbeidsmiljølova Retningsliner for bedriftsintern attføring IA-avtalen Sjukemelding frå lege Eigenmeldingar

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTE P ROTOKOLL. Forfall: Arbeidstakarrepresentant John Olaf Røhme Varamedl.: Fr å adm. (evt. Stamina ved Anne S igrid Loftesnes Harjo andre):

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

HMS-RAPPORTERING 2015

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

Svar på partsbrev - Handlingsplan- Forvaltningsrevisjonen av NDLA 1

Tilbakemelding til forvaltningsrevisjonsrapporten "Norsk digital læringsarena (NDLA)"

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE

Status på lokal HMS-systemdokumentasjonen

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Delrapport 2 Modell 2

HMS-RAPPORTERING 2014

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

HMS-rapportering 2013

Plan forvaltningsrevisjon

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 8. Mars 2017 v/henny Oxholm

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

HMS-RAPPORTERING 2014

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00 Møtestad: Samnangerheimen

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Oppfølgingssamtalen og individuell oppfølgingsplan

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Arbeidsmiljøutvalet Møtedato: Møtetid: 11:00-12:30 Møtestad: Kommunehuset

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Borgund vidaregåande skole

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Transkript:

Side 1 av 8 Saksframlegg Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 14/65-11 Årsrapporteringar frå dei lokale arbeidsmiljøutvala (LAMU) 2013 Framlegg til vedtak: Fylkesrådmannen rår hovudsamarbeidsutvalet til å gjere slikt vedtak: 1) Hovudsamarbeidet tek rapporteringa til vitande. 2) Hovudsamarbeidsutvalet ber Frm-personal om skriftleg følgje opp dei avvik som har komme fram i rapporteringa. 3) Einingar som skal lukke avvik eller utvikle sitt systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeid kan kjøpe bistand frå Stamina Helse AS i samråd med Frm-personal. 4) Hovudarbeidsmiljøutvalet ber Frm-personal tilby opplæring/rettleiing i bruk av utviklingssamtalen til dei einingane som har meldt om dette. Vedlegg: Årsrapportane frå alle 18 LAMU samla Rekneark over samanstilling av rapportsvar Oversendingsbrev bestilling av rapport 2013 Andre dokument som ikkje ligg ved: Grunnlags rapport frå Stamina AS SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag I samarbeid med vår leverandør av bedriftshelsetenester (Stamina Helse AS) legg vi her fram kommentarar til eigenrapporteringane frå kvar eining/lamu. Tilrådingane på kva som bør følgjast opp vidare er basert på eininga/lamu sin sjølvrapporterte status og dei faglege råda vi har fått frå Frm-personal/HMT og frå bedriftshelsetenesta. Generelt viser einingane god aktivitet på arbeidsmiljøfeltet. Alle einingane/lamu-områda gjennomførte tre eller fleire møter i fjoråret og det er laga møteplan for inneverande år i alle 18 LAMU. Med forankring i HSU sitt vedtak tilbyr fylkesrådmann råd og rettleiing til dei av

Side 2 av 8 einingane som rapporterer avvik eller har manglande oppfølging av dei krav som ligg i lov, føresegner og lokale reglar på feltet. Vår leverandør av bedriftshelsetenester bistår arbeidsgjevar lokalt med å lukke avvik samt å utvikle og auke standarden på HMT-arbeidet både sentralt og lokalt. Frm-personal koordinerer dette arbeidet og godkjenner alle tiltak/leveransar frå tenesta. 2. Bakgrunn for rapportkravet ein del av systematisk hmt-arbeid Arbeidstilsynet sitt tradisjonelle rapportskjema (503) vart trekt attende i år 2001 i samband med koordineringsarbeidet mellom alle tilsynsmyndigheitene på hmt-feltet. Det vart likevel sett krav om at verksemder med arbeidsmiljøutval årleg skulle rapportere til internt bruk. Arbeidsmiljølova sin 7-2 (6) gjev heimel for minimumskravet til rapportering. Rapportering skal arkiverast internt i verksemda/eininga, medan ein kopi skal sendast til Frm-personal. Rådmann legge her fram ein summert tilbakemelding for handsaming i hovudsamarbeidsutvalet. Frm-personal/HMT vil etter vedtak i HSU kontakte alle einingane/lamu i eit eige informasjonsbrev med opplysingar om avvik og råd om kva dei bør arbeide med for å betre standarden der dei gjer synleg utfordringar. Desse kommentarane vil saman med tilbod om konkret bistand bli sendt einingsleiaren som saman med LAMU lokalt vurderer lokale tiltak. Alle 18 lokale arbeidsmiljøutval (LAMU) har nytta identisk mal som rapport frå aktiviteten i 2013. Fylkesrådmannen sin rapportmal er kvalitetssikra av Stamina Helse AS. Rapportmalen er basert på minimumskrava gitt av arbeidstilsynet inkludert dei tilleggsspørsmål som skal gi svar på standardarar innan personal-/hmt-feltet definert av oss sjølve. Her viser eg til kravet om å gi eit tilbod om utviklingssamtalar med gjennomføring, samt til spørsmål som kartlegging av andre arbeidsmiljøutfordringar ved eininga. Med heimel i Aml 2-3 legg vi stor vekt på at alle medarbeidarar følgjer sin medverknads- og deltakingsplikt. Spørsmåla under pkt. F i skjemaet - Arbeidstakars medverknadsplikt - prøver å kartlegge denne samarbeids- og «seie i frå» plikta. I tillegg har vi lagt inn spørsmål kring skade, yrkessjukdom og sjukefråvær. 3. Oppsummering av rapportane samla Det er motteke 18 årsrapportar. Alle LAMU har gjennomført møter, men det er stor variasjon i tal møter. Snittet er 4,2 møter, topp er 6 botn er 1. Hovudinntrykket er at dei fleste har arbeidd med eit bredt spekter av saker. Alle følgjer opp sjukefråvær, og i dei sakene det har vore arbeidsrelatert sjukefråvær har dette vore fylgt opp. Også andre problematiske saker ser ut til å bli teke tak i på generell basis. 18 einingar har hatt bistand frå Stamina Helse, 13 frå HMT-gruppa. Alle som skal fortsette drifta som før har lagt møteplan, ikkje alle har datofesta planen og det bør gjerast snarleg. I fire einingar har tilsette rapporterer om tilfeller av utilbørleg oppførsel /trakassering /diskriminering, men ingen har kryssa av på at dette har vore fokus i LAMU i 2013, på punkt i). Fem einingar har konfliktar som uroar i arbeidsmiljøet. Inntrykket er at det blir arbeidd med desse sakene. Fysiske tilhøve er eit fokus hos mange, medan psykososialt arbeidsmiljø har vore eit fokusområde hos berre sju einingar. Det er mogleg at det er desse einingane som har hatt størst behov for vidare bistand etter MTM-undersøkinga som blei gjennomført tidlegare. Det ser ut til at avvikssystemet blir nytta i om lag halvparten av einingane. Erfaring tilseier at alle har forbetringspotensiale på dette.

Side 3 av 8 Dei fleste einingane gjennomfører kartleggingar/vernerundar, og desse ser ut til å bli fylgt opp med handlingsplanar. Sjukefråværet er for det meste lågt, men nokre einingar skil seg ut. Fem einingar har sjukefråvær over 5 %, ei av desse har over 10 %. Resterande ligg på ca. 4 % og nedover. Når det vert snakk om normalfordelinga på sjukefråværet seinare i rapporten så er det dette som er referert til. Ein ser at ofte er det enkeltsaker med langvarig sjukefråvær som å årsak til høge tal. Det er legemeldt sjukefråvær som dominerer hos dei fleste einingane. Det begynner somme stader å bli praksis hos legar å ikkje gi sjukemelding for tilfeller der dei meiner ein kan bruke eigenmelding. Det er også ofte ønskeleg at tilsette som har helseplager er flinkare til å bruke eigenmeldingsdagar til å hente seg inn att, i staden for å halde på til dei ikkje klarar lenger. Dei fleste reviderer internkontrollhandboka i, men det er fleire som gir uttrykk for at dei ikkje er nøgd med den dei har. Ved kontakt har vi informert om nytt system som er på veg, og tenker at det vil vere eit viktig fokuspunkt å få på plass det neste året. HMT-opplæring alle VO og LAMU medl 40-t kurs? behov for oppfriskingskurs? behov opplæring leiarar/mellomleiarar? kor mange treng 40-t kurs i 2014? ønske om dagskurs i AM-kunnskap? HMT-opplæring 11 av 18 har opplæring: AMU og VO 6 av 18 ønsker oppfriskingskurs 8 av 18 einingar har leiarar som treng opplæring 8 eingingar, 12 pers. ikkje alle har oversikt over eksakt behov 11 einingar, ca 39 personar. Ikkje alle har oversikt enda. Tabell 1) Opplæringsbehov rapportert i LAMU sine årsrapportar 2013 I tabell 1 over kjem opplæringsbehovet fram. Det vert meldt behov for oppfriskingskurs i helse, miljø og tryggleik frå seks av LAMU ane /einingane. Når vi spør etter ønskje om dagskurs responderer heile 11 einingar der over om lag 39 personar kan vere aktuelle deltakarar. Til vårt standardiserte årlege kurstilbod, grunnopplæring i arbeidsmiljøkunnskap (40-timarskurset), melder det seg her om lag 12 personar. Dette er i underkant av dei om lag 20 personane som årleg deltek i desse kursa. Vi har ikkje anna tilbod til elevane som deltek i LAMU etter opplæringslova sin 9a, enn det som ligg på HMT-heimesida og Portalen. Her kan ein laste ned kursmateriell for eigenlæring og eller LAMU kan sjølve setje av tid til eigenlæring. Dette opplæringsansvaret ligg elles på einingsnivå. Vi vil saman med vår leverandør av bedriftshelsetenester (Stamina Helse AS) vurdere ulike kurstilbod. Leiar og mellomleiar opplæring skal prioriterast. I vår tilbakemelding til einingane vil vi nyansere og føye til vår vurdering med bakgrunn i interne kunnskapar og interne prioriteringa i høve tilbod kurs (40-timarskurset etc.), råd og rettleiing. Nedanfor vil det bli lista opp det som er karakteristisk for kvar eining, elles vert det vist til teksten ovanfor. 4. Vurderingar knytt til kvar eining / LAMU-område (Kommentarane er frå Stamina Helse AS) Hafstad Vidaregåande Skule Ser ut til å arbeide bredt og ganske systematisk med HMT-arbeidet. Har sjukefråvær som er innanfor normalfordelinga. Medlemmar av LAMU har opplæringa dei treng, men det vert ytra ønske om bistand ved opplæring i høve medarbeidarsamtalar. Avvikssystemet vert nytta, det er flott. Her ser ut til å vere god systematikk og struktur i høve HMT-arbeidet. i Mal dokumentet for oppbygging/revidering av IK-handboka vart godkjend av HSU i sak 20/13 den 7. november 2013.

Side 4 av 8 Øyrane Vidaregåande Skule Har hatt høg møteaktivitet i LAMU og jobba bredt med ulike tema. Her er ein del som ønskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Avvikssystemet vert nytta, det er flott. Sjukefråværet er noko høgare enn det som er normalen for dei fleste ande einingane, og så og seie alt fråværet er legemeldt. Kanskje dei kan ha noko å hente på å få tilsette til å bruke meir eigenmelding og hente seg inn att innimellom. Ytre Kultursektor Det har vore aktivitet i LAMU, og sjølv om det kan sjå ut som om dei har hatt noko smalt fokus, på psykososialt arbeidsmiljø, så ser det ut til at dette har vore arbeidd med systematisk og etter boka. Ein person i LAMU treng opplæring. Internkontrollhandboka vert ikkje revidert, men dei avventar kanskje å få ny mal. Utviklingssamtalar går som planlagt. Dei har ganske høgt sjukefråvær, også noko arbeidsrelatert. Ein svært stor del av sjukefråværet er legemeldt. Positivt sett skal det ikkje vere arbeidsmiljøkonfliktar som skapar uro i store deler av verksemda. Tannhelse Her har det vore ganske stor møteaktivitet, og dei ser ut til å ha arbeidd bredt og med god systematikk i løpet av perioden. Alle LAMU-medlemmar har den opplæringa dei skal ha, men ei gruppe ønskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Dei har eit litt høgare sjukefråvær enn det som ser ut til å vere normalt. Her er konfliktar som uroar i eininga, men det ser ut som det er under arbeid og blir teke tak i. Her har vore varsla om utilbørleg framferd /trakassering /diskriminering, uvisst korleis dette har vore handtert. Avvikssystemet har ikkje vore nytta. Utviklingssamtalar ser ut til å gå som planlagt. Sogndal Vidaregåande Skule Her har vore ganske stor møteaktivitet, Det verkar som om dei har hatt fokus på nokre sider ved arbeidsmiljøet, men at det som er gjort er fylgt godt opp med god systematikk i arbeidet. Ikkje alle medlemmar av LAMU har opplæring, ein to personar treng 40-timarskurset. Det er også mogleg at fleire ønskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Utviklingssamtalar ser ut til å gå etter planen. Det er positivt at avvikssystemet blir brukt. Sogn Jord- og hagebruksskule Her har det vore veldig låg aktivitet i LAMU, det er heller ikkje mange møter som er planlagt i 2014. Det er utført meir arbeid innanfor HMT enn det som er handsama i LAMU. Det kan vere ulike årsaker til at LAMU-møter ikkje er haldne, men det er tilrådeleg at de aukar denne aktiviteten, for å følgje opp kartleggingar medan dei enda er ferske. Det er kryssa av for at ikkje alle i LAMU har opplæring, men at det ikkje er behov for 40-timarskurs, gjeld det elevar? Eventuelt skal alle røysteføre medlemmar av LAMU ha opplæring. Internkontrollsystemet har ikkje vore revidert i 2013, tilrår at det vert sett på i 2014. Måløy Vidaregåande Skule Her var ikkje notert ned tal møte for 2013, truleg ein glipp. Det er datofesta møteplan for 2014. Ikkje alle medlemmar av LAMU har opplæring, det er også ein person som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Utviklingssamtalar er utført etter ynskje. Tall for sjukefråvær er ikkje ført opp. Det kan virke som dei har hatt noko smalt fokus i året som har vore, men det ser ut til å vere god systematikk i det som er gjort. Internkontrollen har vore oppdatert. Mo og Jølster Vidaregåande Skule Det har vore god møteaktivitet, planen for 2014 er delvis lagt grunna endring i skulestruktur. LAMU ønskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Dei har kryssa nei for at det er utarbeidd overordna handlingsplanar, men handlingsplanar etter kartleggingar er utarbeidd og fylgt opp. Her er heller ikkje mål for HMT-arbeidet, dette skal vere nedfelt i internkontrollen. Sidan skulen vert endra ein del, er det truleg mest aktuelt å arbeide vidare med dette når ny struktur er på plass. Utviklingssamtalar ser ut til gå som planlagt, og det er lågt sjukefråvær i eininga.

Side 5 av 8 Firda Vidaregåande Skule Her har vore høg møteaktivitet. Det har mangla overordna handlingsplan, men kartleggingar som er gjort er fylgt opp med handlingsplanar. Det er kryssa av for at det er ein person som treng 40- timarskurs og ein som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Dei ser ut til å ha hatt god breidde i høve tema dei har arbeidd med. Revisjon av internkontroll er ikkje gjennomført. Sjukefråværet ligg innanfor det som ser ut til å vere normalfordelinga i fylkeskommunen. Ein person har arbeidsrelatert sjukefråvær, det er ikkje kryssa av om dette er fylgt opp. Fagskulen Her har vore bra møteaktivitet, og de ser ut til at sakene de har arbeidd med er fylgt opp systematisk. Det er tre som ynskjer 40timarskurs, og tre som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Det er positivt at avvikssystemet vert nytta. Her har vore forstyrrande konfliktar i arbeidsmiljøet, og psykososialt arbeidsmiljø er noko de har arbeidd med. Utviklingssamtalar ser ut til å gå som planlagt. Fråværet ser ut til å vere innanfor normalfordelinga. Avvikssystemet har vore nytta, og det er flott. Eid Vidaregåande Skule Det var god møteaktivitet i LAMU i 2013, det er også satt opp møteplan for 2014. Medlemmane i LAMU har den opplæringa dei treng. Internkontrollsystemet vert revidert, men ikkje årleg. Utviklingssamtalar verkar å gå som planlagt, men det er ønske om meir opplæring på dette området. Sakene dei har arbeidd med er først og fremst opp mot fysisk arbeidsmiljø og sjukefråvær. Det er kryssa av nei for overordna handlingsplanar, men kartleggingar som er gjort er fylgt opp med handlingsplanar, som heimla i lovverket. Dei har eit sjukefråvær som ser ut til å ligge om lag innanfor normalfordelinga blant einingane. Dei har hatt to personar med arbeidsrelatert sjukefråvær, og dette vert fylgt opp. Dale Vidaregåande Skule LAMU har hatt god møteaktivitet, og dei ser ut til å ha arbeidd systematisk med eit bredt spekter av saker. Møteplan for 2014 er lagt. Medlemmane i LAMU har den opplæringa dei treng, ein person kanskje fleire ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Avvikssystemet har vore nytta, det er flott. Dei har ikkje hatt konfliktar som har forstyrra arbeidsmiljøet generelt. Det har vore to tilfeller med arbeidsrelatert sjukefråvær, dette har blitt fylgt opp. Sjukefråværet er bra lågt. Stryn Vidaregåande Skule Det har vore god møteaktivitet i LAMU, og dei ser ut til å ha arbeidd med saker av både fysisk og psykososial art. Møteplan for 2014 er lagt. Dei er ikkje nøgd med internkontrollsystemet, og har truleg avventa revisjon. Avvikssystemet har vore brukt, det er flott. Det var uklårt korleis dei låg an med utviklingssamtalar, men det var ikkje meldt ifrå om behov til støtte til utføring av desse. Dei har ikkje uroande konfliktar, ikkje arbeidsrelatert sjukefråvær, og sjukefråværet generelt er bra lågt. Sentraladministrasjonen Her har vore god bredde i type saker som LAMU har handsama, men det ser ikkje ut til at de har gjennomført vernerundar eller andre kartleggingar sjølve. Elles ser det ut til at sakene de har arbeidd med har vore gjennomført systematisk. Møteplan for 2014 er lagt. Ikkje alle i LAMU har 40-timarskurset, men det er ikkje avklara kor mange. Det er heller ikkje avklara kor mange som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Utviklingssamtalar ser ut til å vere i gang, men tall er ikkje oppgitt. Det er ikkje uttrykt ønske om opplæring til utføring av samtalane. Det har ikkje vore meldt om arbeidsrelatert sjukefråvær, og fråværet generelt ser ut til å vere innanfor normalfordelinga blant einingane. Høyanger Vidaregåande Skule Det har vore god møteaktivitet i LAMU, og møteplan for 2014 er lagt. Ikkje alle i LAMU har 40- timarskurset. Dei ser ut til å ha arbeidd bra systematiske med handterte saker, men dei har

Side 6 av 8 kanskje ikkje hatt den store bredda i handterte saker. Internkontrollsystemet blir ikkje revidert årleg, mogleg dei avventar ny versjon. Dei har eit sjukefråvær som er litt over normalfordelinga, også her er det eigenmeldte sjukefråværet veldig lågt. Det er to saker med arbeidsrelatert sjukefråvær, desse har vore fylgt opp. Utviklingssamtalar ser ut til å bli haldne som planlagt, og det er ikkje meldt i frå om behov for støtte til gjennomføring av desse. Flora Vidaregåande Skule LAMU har hatt svært god møteaktivitet, og plan for 2014 er lagd. Alle medlemmane i LAMU har opplæring. Det er to som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Dei ser ut til å ha arbeidd mest med det fysiske aspektet av arbeidsmiljøet, men dei ser ut til å ha god systematikk i arbeidet sitt. Dei er ikkje nøgd med internkontrollsystemet, men gjennomfører årlege revisjonar. Utviklingssamtalar ser ut til å gå som normalt. Her er ikkje meldt om arbeidsrelatert sjukefråvær. Storleiken på sjukefråværet er litt over normalfordelinga. Det legemeldte er også her det høgaste. Avvikssystemet har vore brukt, det er flott. Luster Vidaregåande Skule LAMU hadde god møteaktivitet i 2013, og hadde satt opp møteplan for 2014 fram til sommaren, grunna skulen vert nedlagd. Medlemmane i LAMU har pålagt opplæring. Nokre ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Det kan sjå ut som om arbeid med sjukefråvær er det dei har arbeidd ein del med, i tillegg til forstyrrande konfliktar i arbeidsmiljøet som det vart rapportert om. Sjukefråværet er lågt, ingen meldingar om arbeidsrelatert sjukefråvær. Årdal Vidaregåande Skule Det har vore god møteaktivitet i LAMU, og møteplan for 2014 er lagt. Ikkje alle i LAMU har 40- timarskurset. Det er ein som ynskjer dagskurs i arbeidsmiljøkunnskap. Dei ser ut til å ha arbeidd bra systematiske med handterte saker, men dei har kanskje ikkje hatt den store bredda i handterte saker. Internkontrollsystemet blir ikkje revidert årleg, mogleg dei avventar ny versjon. Dei har heller ikkje mål for HMT-arbeidet sitt. Avvikssystemet har vore nytta, det er flott. Utviklingssamtalar ser ut til å bli haldne som planlagt, det er meldt i frå om behov for støtte til gjennomføring av desse. Dei har eit sjukefråvær som er innanfor normalfordelinga, og ein ganske stor del av dette er eigenmeldt. Det legemeldte fråværet er størst, men det er normalt. Tilråding for kommande periode: Det vert endring hjå fleire av einingane, bistand og tilbod om samtalar kan vere viktig. Det er på det reine at heile organisasjonen generelt påverka av at ein er i gang med endring. Då er det viktig å følgje opp det psykososiale arbeidsmiljøet. Stamina Helse kan vere ein viktig tredjepart som kan vere samtalepartner ved behov. Gjennomføring av ny MTM-undersøking vil også vere fornuftig. I samband med ny organisering og ny mal for internkontroll, er dette også ein fin moglegheit til å få internkontrollen opp og gå. Fleire vil ha behov for å gjere endringar i sine system. No vert reglane for oppfølging av sjukemeldte endra. Her bør lista leggast for heile fylkeskommunen, for korleis dei skal følgje opp sjukefråvær. Det bør lagast ein overordna prosedyre for korleis dette skal handterast. Dette for å sikre at dei som treng oppfølging får det. Det har lenge vore ynskje om at fleire nyttar eigenmeldingsdagar heller enn å ta ut sjukemelding. det er godt mogleg at ein kan få noko av sjukefråværet ned ved å fokusere på dette. Samstundes er det også då viktig å kontrollere at tall eigenmeldingsdagar vert registret og halde oversikt med. Fylkeskommunen har retningslinjer/prosedyre for varsling. Dette er likevel noko som hos mange vert trekt fram som ein mangel. Det er hensiktsmessig at det er lik gjennomføring av varsling i heile fylkeskommunen. Avvikssystem varierer i stor grad om det vert brukt eller ikkje. Truleg så har også dei som bruker det eit forbetringspotensiale. Elles er det viktig at alle einingar sørgjer for å ha i orden pålagde kartleggingar, risikovurderingar og undervisning/informasjon til tilsette. Stamina Helse bistår gjerne med dette etter avtale.

Side 7 av 8 LAMU-RAPPORTERING Tal møter Oppsummering Alle einingane har hatt 1 eller fleire LAMU-møter. Oppsett møteplan 2014 18 eingingar har planlagt møter for neste år. HMT-gruppa nytta? 13 einingar har nytta HMT-gruppa Stamina Helse nytta? 18 einingar har nytta BHT-tilbod Hovudpunkt i LAMU vernetiltak, måling, undersøkingar handlingsplanar kvartalsvis drøfting av sjukefravær byggjesaker tilrettelegging arbeidsplass for yrkeshemma opplæring revisjon IK TEMA PÅ AMU: viser antall einingar 16: vernetiltak, målingar, undersøkingar 14: handlingsplanar 17: sjukefravær 8: byggjesaker 13: tilrettelegging for yrkeshemma 11: opplæring 14: revisjon IK HMT-opplæring alle VO og LAMU medl 40-t kurs? behov for oppfriskingskurs? behov opplæring leiarar/mellomleiarar? kor mange treng 40-t kurs i 2014? ønske om dagskurs i AM-kunnskap? HMT-opplæring 11 av 18 har opplæring: AMU og VO 6 av 18 ønsker oppfriskingskurs 8 av 18 einingar har leiarar som treng opplæring 8 eingingar, 12 pers. ikkje alle har oversikt over eksakt behov 11 einingar, ca 39 personar. Ikkje alle har oversikt enda. arbeidstakar medvirkning tilfredsstillande oppfylt? vert påbode PVU nytta? melding om avvik ein ikkje kan ordne sjølv? varsling om utilbørleg oppførsel, trakassering, diskriminering? varsel om sjukdom med årsak i arbeidet? medverknad til oppfølgingsplan? deltaking på dialogmøter? arbeidstakar si medverknadsplikt 17 einingar meiner at medverknad er tilfredsstillande 18 einingar nyttar påbode PVU 10 einingar: melder om avvik dei ikke kan ordne sjølv 4 einingar: melder om trakassering/utilb. Oppf./diskr. 4 einingar har arbeidsrelatert sjukefravær 18 einingar: medv. Til oppfølgingsplan 18 einingar: deltek på dialogmøte systematisk HMT IK-system tilfredsstillande? mål for HMT? klar fordeling oppgåver/ansvar? VR/annan AM-kartlegging? laga handlingsplan etter kartlegging? planane fulgt opp? forebygging og oppfølging sjukefråvær? Årleg revisjon? systematisk HMT-arbeid 14 meiner IK er tilfredsstillande 16 har mål lfor HMT 18 har klar fordeling av oppgåver/ansvar 16 har gj.ført VR/anna AM-kartlegging 17 lagar handlingsplan etter kartlegging 17 følgjer opp handlingsplanane 17 arbeider med førebyggjing/oppfølging av sjukefråvær 11 har årleg revisjon av IK utviklingssamtalar kor mange tilsette har fått tilbod om utv.samt? kor mange samataler er gjennomført? behov for opplæringstiltak i bruk av samtalen? utviklingssamtalar 17 gir tilbod? Nokre utydelege tilbakemeldingar. 17 gjennomfører heilt/delvis 3 ønsker opplæring utv.samt. andre arbeidsmiljøutfordringar med fokurs i 2013 Fysiske utfordringar psykososiale tilsette utsett for truande åtferd? har tilsette vore itsett for vold/trakassering? har AM-konflikter skapt uro i verksemda? er krav SYFA tilfredsstillande ivareteke? andre arbeidsmiljøfaktorar som har vore handsama/fokus på 13: fysiske utfordringar 7: psykososiale tilhøve 0 : truande åtferd 0 : vold/trakassering 5 : konflikter som skaper uro i miljøet 18: ivaretek krav til oppfølging av sjukemeldte arb.rel. Skader/sjukdom arbeidsrelatert sjukdom/skade har arb.rel. Sjukdom/skade før til fråvær? 7 melder om fråvær som har samanheng med arbeidet om ja: antall personar dette gjeld 10 personar Om ja, er aktuelle tiltak fulgt opp? alle saker er fulgt opp tal fråværsdagar i 2013 ikkje alle har meldt inn Sjukefråvær i eininga 2013 >9: 1. >6:4. >4: 4. <4: 6 legemeldt legemeldt sjukefråvær som forventa høgast. eigenmeldt hos nokre svært lågt eigenmeldt sjukefråvær Tabell 2) Rapportmatrise LAMU-årsrapportar 2013

Side 8 av 8 5. Konklusjon/tilråding Det er grunn til å kvalitetsforbetre vår hmt-aktivitet samt å oppdatere våre system og rutinar på både sentralt og lokalt nivå. Dette gjerast best gjennom eit kontinuerleg utviklingsarbeid. Faste årlege revisjonar vil styrke dette arbeidet. Frm-personal ved HMT-ansvarleg og leverandøren av bedriftshelsetenester, Stamina Helse AS, følgjer opp dei avvik som har komme fram og tilbyr råd, rettleiing og vidare oppfølging. Frm-personal tilbyr opplæring/rettleiing i bruk av utviklingssamtalen til dei einingane som har meldt om dette.