HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200908102-9 Arkivnr. 816 Saksh. Johansen, Helge Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 07.09.2011 22.09.2011 OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN 2010-2013 SAMANDRAG Sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 vart vedteke av Bergen bystyre 26. april 2010. Fylkesutvalet gav fråsegn til høyringsutkastet til sykkelstrategien i september 2009 (sak 227/09), der ein slutta seg til hovudgrep og hovudmål i strategien. Som oppfølging av sykkelstrategien, er det utarbeidd handlingsplan for perioden 2010-2013. Handlingsplanen vart vedteke i Bergen bystyre i januar 2011 (sjå vedlegg). Ettersom store delar av sykkelvegnettet i Bergen er fylkesveg, ser fylkesrådmannen det som naturleg at handlingsplanen for sykkel og vert forankra i fylkespolitiske organ. Handlingsplan presenterer delmål for fireårsperioden, samt prioritering av tiltak som er nødvendige for å følgje opp den vedtekne sykkelstrategien. For å realisere målsetjingane i sykkelstrategien, viser handlingsplanen til at det er eit investeringsbehov på 150 mill kroner i året i perioden 2010-2019. I handlingsplanen er det lagt opp til å gjennomføre tiltak for 56 mill kroner pr år i perioden 2010-2013. Dette tilseier at investeringstakten må aukast kraftig i neste periode for å kome i mål med sykkelstrategien. Dette vert ytterlegare understreka at ein pr i dag allereie er forsinka med gjennomføring av tiltak i høve til ambisjonane i handlingsplanen. Hovudkjelda til finansiering av sykkelsatsinga i Bergen er gjennom Bergensprogrammet. I inneverande handlingsprogramperiode er det i stor grad samsvar mellom finansieringsbehov og økonomiske rammer. Fylkesrådmannen peiker på at mangel på planavklarte prosjekt synes å vere ei større utfordring enn finansiering når det kjem til å få gjennomført tiltak i inneverande handlingsplan.
Fylkesrådmannen peiker på at ei fullstendig gjennomføring av sykkelstrategi for Bergen føreset ei kraftig auke i satsinga i åra etter gjeldande handlingsplanperiode. Kostnadsanslaga som er vist til i handlingsplanen indikerar behov for meir enn 200 mill kroner per år i perioden 2014-2019, i tillegg til store personellressursar for å gjennomføre omfattande planarbeid. Fylkesrådmannen legg til grunn at ein må kome tilbake til prioriteringar for perioden 2014-2019 ved seinare høve. Fylkesrådmannen viser til at handlingsplanen er ei verdifull konkretisering av utfordringane på sykkelområdet, og har ein viktig funksjon som grunnlag for årlege plan- og byggeprogram i Bergensprogrammet. Fylkesrådmannen rår til at fylkesutvalet sluttar seg til hovudgrepa i handlingsplan for sykkel 2010-2013. 2
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet sluttar seg til hovudgrepa i Handlingsplanen 2010-2013 oppfølging av sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 2. Fylkesutvalet peiker på at sykkelstrategien er særs ambisiøs, og held fast på prioriteringane som vart signalisert i fylkeskommunen si høyringsuttale til sykkelstrategien: - Bruk av ressursar til å få fram planavklarte prosjekt - Ferdigstilling av samanhengande hovudruter inn til Bergen Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke samferdselssjef Vedlegg: - Politiske handsaming i Bergen kommune (saksframlegg og vedtak) - Handlingsplan 2010-2013 oppfølging av sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 3
FYLKESRÅDMANNEN, 22.08.2011: 1. Bakgrunn Sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 ble handsama i Bergen bystyre den 26. april 2010 (sak 101/10) der hovudmål i strategien med anna blei vedteken. Fylkesutvalet har før den tid handsama høyringsutkastet Sykkelstrategi for Bergen 2010-2019 den 23. september 2009 (sak 227/09) der fylkesutvalet gjorde slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet sluttar seg til hovudmål og hovudgrep i sykkelstrategien, med utvikling av eit samanhengande hovudvegnett for sykkel innan 2019. 2. Gjennomføring av sykkelstrategien krev store ressursar. Etter fylkesutvalet si vurdering vil ikkje ei forsering av planen med ferdigstilling i 2014 la seg gjennomføre innanfor rammene av Bergensprogrammet. 3. Fylkesutvalet ser det som føremålstenleg at følgjande element i strategien vert høgast prioritert: Bruk av ressursar til å få fram planavklarte prosjekt. Ferdigstilling av samanhengande hovudruter inn til Bergen sentrum 4. Fylkesutvalet ber om at ein i det vidare arbeidet med sykkelstrategien tek omsyn til koplingane mellom hovudrutenettet i Bergen og dei nasjonale sykkelrutene som passerer Bergen nord-, sør og austover. Den første handlingsplanen for gjeldande sykkelstrategi for Bergen 2010-2019, er for perioden 2010-2013. Handlingsplanen var til handsaming i Bergen kommune i bystyremøtet den 24. januar 2011 (sak 12/11). Bergen kommune slutta seg til planen og har blant anna gjort vedtak om å gi høy prioritet til arbeidet med å få fullfinansiert den vedtekne sykkelstrategien. 2. Oppfølging av sykkelstrategien Sykkelstrategiens hovudmål Sykkelstrategien for Bergen 2010-2019 har desse hovudmåla: - I Bergen skal det være attraktivt og trygt å sykle for alle - Innen 2019 skal sykkelandelen i Bergen øke til minst 10 % av alle reiser - Hovedrutenett for sykkel skal være ferdig utbygd innen 2019 Mål for perioden 2010-2013 Handlingsplanen 2010-2013 har sett opp tre mål for perioden: 1. Hovedrutenettet skal bygges ut med 15 km manglende lenker For å nå målsettingen i sykkelstrategien om fullføring av et sammenhengende hovedrutenett i Bergen innen 2019, er det behov for utbygging av om lag 50 km ny infrastruktur. På grunn av små planreserver vil denne utbyggingen måtte skje gjennom en gradvis opptrapping utover i strategiperioden. For å være i rute i henhold til strategien er det nødvendig å fullføre 15 km i handlingsplanperioden 2010-2013. Behov for oppgradering av eksisterende anlegg kommer i tillegg til dette, som blant annet skille mellom ulike trafikantgrupper. 4
2. Tiltak for syklende skal føre til bedre samspill i trafikken og dempet konfliktnivå. Bergen er i dag en middels stor by med et sykkelvegnett beregnet for et lite tettsted. Dette fører til svært mange konflikter mellom gående og syklende, men også mellom bil/buss og syklister. Utforming av hovedrutenettet i kryss og på strekning er viktig for å bedre dette. Vegnormalen sier at dersom det er flere enn 50 gående eller syklende i maksimaltimen i et normaldøgn bør gående og syklende separeres. Vi har i dag 8 sykkeltellepunkt i Bergen plassert på gang/sykkelveier. Punktene viser maksimaltimetrafikk på mellom 100 og 400. 3. Innen 2013 skal sykkelandelen i Bergen være over 6 %. Reisevaneundersøkelsen for Bergensområdet 2008 viser at mellom Bergenhus og Årstad bydel utgjør andel turer med sykkel 12 % av alle reiser. Mellom Bergenhus og Åsane er tilsvarende andel 1 %. Dette viser oss at med god tilrettelegging bør 10 % sykkelandel i 2019 være oppnåelig, men skal en oppnå det bør andelen være over 6 % innen 2013. Tiltak i perioden 2010-2013 Handlingsplanen inneheld totalt 189 tiltak. Av desse er 130 knytt til infrastruktur, medan resterande tiltak gjeld sykkelparkering, drift/vedlikehald, samt mobilitets- og informasjonstiltak. Hovudrutenettet for sykkel i Bergen har ein total lengde på 125 km, og for å realisere sykkelstrategien er det i perioden 2010-2019 planar om å gjennomføre tiltak på store delar av nettet. Handlingsplan 2010-2013 inneheld konkrete tiltak på 16,5 km av hovudrutenettet. Handlingsplanen legg vidare til grunn særs høg aktivitet på plansida, med ambisjonar om å gjennomføre 40 moglegheitsstudiar, 23 reguleringsplanar og 33 byggeplanar i fireårsperioden. For å realisere målsetjingane i sykkelstrategien, viser handlingsplanen til at det eit investeringsbehov på 150 mill kroner i året i perioden 2010-2019. Desse kostnadsanslaga er vidare avgrensa til å gjelde infrastrukturtiltaka. Kostnader til sykkelparkering, drift/vedlikehald, mobilitetsarbeid og informasjonstiltak kjem i tillegg. I handlingsplanen er det lagt opp til å gjennomføre tiltak for 56 mill kroner pr år i perioden 2010-2013. Dette tilseier at investeringstakten må aukast kraftig i neste periode for å kome i mål med sykkelstrategien. Status for praktisk gjennomføring av handlingsplanen så langt i perioden viser foreinka framdrift i høve til gjennomføring. Finansiering for perioden 2010-2013 Gjennomføringa av sykkelstrategien har i utgangspunktet to finansieringskjelder, der følgjande midlar er satt av for perioden 2010-2013. Bergensprogrammet (fylkesvegar og kommunale vegar) Riksvegbudsjettet (NTP) (riksvegar) Sum finansiering for perioden 2010-2013 180,0 mill kr. 30,8 mill kr. 210,8 mill kr. Samla utgjer dette om lag 53 mill kr pr år for fireårsperioden. I tillegg til dette kjem statlige midlar gjennom belønningsmiddelordninga. Finansiering for perioden (2014-2019) Som vist til over, føreset ei fullstendig gjennomføring av sykkelstrategi for bergen ein kraftig auke i satsinga i åra etter gjedande handlingsperiode. Kostnadsanslaga som er vist til i handlingsplanen indikerar behov for meir enn 200 mill kr per år i perioden 2014-2019. 5
3. Fylkesrådmannen sine vurderingar I perioden 2010-2013 er satsinga på gang- og sykkeltiltak gjennom Bergensprogrammet tredobla i høve til førre fireårsperiode. Dette inneber at Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har lagt til rette for ei storsatsing på området, ei satsing som i stor grad svarar på finansieringsbehova som er signalisert i handlingsplan 2010-2013. Fylkesrådmannen peiker på at handlingsplanen likevel er særs ambisiøs, ikkje minst på plansida. Det vert lagt til grunn at ein skal gjennomføre 40 moglegheitsstudiar, 23 reguleringsplanar og 33 byggeplanar. Planavklaring og klargjering av prosjekt synes derfor å vere ei større utfordring enn finansiering når det kjem til å få gjennomført tiltak i inneverande handlingsplan. Fylkesrådmannen peiker vidare på at ei fullstendig gjennomføring av sykkelstrategi for Bergen føreset ei kraftig auke i satsinga i åra etter gjeldande handlingsplanperiode. Kostnadsanslaga som er vist til i handlingsplanen indikerar behov for meir enn 200 mill kroner per år i perioden 2014-2019, i tillegg til store personellressursar for å gjennomføre omfattande planarbeid. Fylkesrådmannen legg til grunn at ein må kome tilbake til prioriteringar for perioden 2014-2019 ved seinare høve. Fylkesrådmannen viser til at handlingsplanen er ei verdifull konkretisering av utfordringane på sykkelområdet, og har ein viktig funksjon som grunnlag for årlege plan- og byggeprogram i Bergensprogrammet. Fylkesrådmannen rår til at fylkesutvalet sluttar seg til hovudgrepa i handlingsplan for sykkel 2010-2013. 6