Opplæringsoppgåver for Telefonråd



Like dokumenter
Telefonråd når barnet er sykt NØT TERØY

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Brukarrettleiing E-post lesar

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Brukarrettleiing. epolitiker

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jon Fosse. For seint. Libretto

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Månadsbrev for ROSA mars 2015

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

mmm...med SMAK på timeplanen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Avdeling for urologi

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Om vestibularisnevritt

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Legg til rette for å lese politiske saksdokument på ipad

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Du må ha tilgang til trådlaust nettverk (wifi) eller mobilt datanettverk for å kunne laste ned saker.

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

SATS Norge. Standardisert akuttmedisinsk vurderings- og prioriteringsverktøy. Oppgavehefte versjon 3.0 CASE-OPPGAVER

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Kom skal vi klippe sauen

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Informasjon til elevane

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Bruk av reiserekning i Agresso

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Info til barn og unge

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Plassebakken Barnehage

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Vi lærer om respekt og likestilling

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

HØGSKOLEN I BERGEN Avdeling for helse og sosialfag

Vegvisar til vilbli.no

Brukerveiledning. Telefonråd.no

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Brannsår, rus eller friheit?

Tungpust og brystsmerter, hva spør vi om på telefon? Geir Einar Sjaastad Spesialist i allmennmedisin Fastlege Holter Legekontor Nannestad


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Rapport om fysisk arbeidsmiljø på Tysnes skule. November 2012

EKSAMENSOPPGAVE/EKSAMENSOPPGÅVE. Emnekode og -navn/namn : BSS3E Fagforståelse for sykepleie til pasienter i somatisk sykehus

Frå novelle til teikneserie

PGS - EKSAMEN BRUKARRETTLEIING FOR SKOLEN

Transkript:

Opplæringsoppgåver for Telefonråd Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin Uni Helse

Introduksjon og oppgåveoversikt I dette heftet finn du oppgåver som kan vere til hjelp når du skal gjere deg kjend med korleis du bruker Telefonråd. For kvar oppgåve finn du forslag til korleis du kan slå opp i Telefonråd for å finne informasjon og råd om dei aktuelle problemstillingane. Samstundes vert det vist til utklipp frå Telefonråd-skjermen for å vise nøyaktig kvar i programmet vi står. Ha Telefonråd oppslått medan du går igjennom kvar oppgåve, slik at du sjølv kan fylgje med i programmet. I tabellen under finn du ei oversikt over kva tema du vil finne i oppgåvene. Kjønn Alder Problemstilling Kontaktårsak/ Kapittel Oppgåve 1 Gut 2,5 år Feber Alm./uspes, Søk med nøkkelord Feber hos born Oppgåve 2 Jente 2 år Diare og oppkast Oppgåve 3 Kvinne 69 år Akutt nedsett syn Oppgåve 4 Mann 23 år Feber, sår hals, forkjøla Fordøyelse Gastroenteritt Øye Akutt nedsett syn Alm./uspes, Luftveier Feber hos vaksne, vondt i halsen Oppgåve 5 Mann 50 år Kutt i fingrar Hud, Søk med nøkkelord Sårskade, kutt i huda Oppgåve 6 Kvinne 65 år Magesmerter, pustevanskar Oppgåve 7 Mann 25 år Sjølvskading/ Suicidfare? Fordøyelse, luftveier Akutte magesmerter hos vaksne Psykiatri Sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk Oppgåve 8 Gut 2 år Kramper Nervesystem, Alm./uspes. Kramper, feberkramper Oppgåve 9 Jente 10 år Slag mot hovudet Oppgåve 10 Mann 75 år Smerter, hevelse i ekstremiteter Søk med nøkkelord, Nervesystem Hodeskade Muskel/skjelett Akutte smerter og hevelse i ekstremiteter 2

Oppgåve 1 Gut, 2,5 år, har hatt feber i 2 dagar, lite matinntak, men drikk godt. Mor lurer på om guten bør til lege. Bør ho gje barnet febernedsettande? Kontaktårsak: Alm./uspes. Klikk på mappa Feber hos barn Du vil no få opp artikkelen Feber hos barn A03 i nedre høgre vindauge - Artikkelvindauga 3

Finn Viktige spørsmål i artikkelen Du finn ut at guten har god allmenntilstand- leikar med syskena sine akkurat no. Feberen svingar mellom rundt 38,5 og 39,5 grader. Har ikkje fått noko febernedsettande sidan i går kveld Sjå kva som står under Råd ved feber lenger nede på sida, er her nokre råd du kan gje mor? Sjå kva som står under Barn med feber bør til lege dersom, nedst på sida Ein annan måte å finne fram til relevant oppslag på, er ved å bruke søk med nøkkelord funksjonen: Klikk på Search skille-kortet øvst i venstre navigasjons-vindauge skriv feber i søkefeltet Du får no opp fleire artiklar som er knytt til feber. Dette er ein annan måte å kome inn i kapittelet der du nett var, men her er og lenker til andre kapittel som beskriv tilstandar med feber 4

Oppgåve 2 Jente, 2 år. Oppkast og diaré, mor ringer og er bekymra. Kontaktårsak: Fordøyelse Klikk på mappa Diare og oppkast Du står no i artikkelen gastroenteritt Finn Viktige spørsmål i artikkelen Du finn ut at symptoma har vart i 3 dagar, jenta verkar slapp og medteken. Vanskeleg å seie kor ofte ho tissar, då ho har hatt 3 episodar i løpet av dagen med diare i bleia, men mor meiner å ikkje ha observert urin i bleia sidan tidleg på morgonen (ca 10 timar sidan). Jenta gjev uttrykk for å vere tørst, drikk litt vatn og eplejuice, men det kjem raskt opp igjen 5

Du står framleis oppslått på kapittelet Gastroenteritt i medarbeidarråd Lenger nede på sida er der råd dersom allmenntilstanden er god, og anbefalingar når det gjeld drikke Sidan det verkar som jenta har nedsett allmenntilstand, vil det ikkje vere tilstrekkeleg å berre gje råd Finn informasjon heilt nede på sida om når pasienten skal til lege: Eit av kriteria er ved teikn på dehydrering (jenta er slapp og medteken, usikker urinproduksjon, kastar opp det ho drikk) Sjå på dei forskjellege artiklane som er knytt til diare og oppkast i kapitteloversikta øvst til høgre. Klikk på artikkelen Dehydrering (uttørring) hos barn T11 under Artikler i dette kapittelet 6

Oppgåve 3 Kvinne, 69 år, plutseleg nedsett syn på venstre auga, mannen hennar tek kontakt på telefon. Kontaktårsak: Øye Klikk på mappa Akutt nedsatt syn Du står no i artikkelen Akutt nedsatt syn Finn Viktige spørsmål i artikkelen Du finn ut at synet forsvann svært raskt, i løpet av nokre sekund, ho har ingen smerter eller andre symptom. Kvinna står på medisinar for høgt blodtrykk, elles ingen kjende sjukdomar Sjå kva som står under Tiltak i artikkelen Sjå også kva som står i dei andre artiklane under kapittelet Akutt nedsatt syn Klikk på artikkelen Blodpropp i arterie til netthinnen F83 Finn du noko som er relevant i forhold til informasjonen du har fått om pasienten? 7

Prøv og å gå inn i Medisinsk indeks ved å klikke på den raude lenka Medisinsk INDEKS kap.39 Øye, øvst i artikkelvindauga Klikk ja på spørsmål om pasienten er i stand til å snakke Klikk deretter på lenka Aktuelt oppslag. Du vil då få opp kriteria for auge i Medisinsk indeks For å kome tilbake til Medarbeidarråd klikkar du på Medarbeider.lex heilt nedst i venstre vindauge 8

Oppgåve 4 Mann, 23 år, tek sjølv kontakt på telefon. Har hatt feber av og på i 3 dagar, sår hals og hostar, slapp og tett i nasen. Han lurer på om han treng antibiotika. Kontaktårsak: Alm./uspes Klikk på mappa Feber hos voksne Du står no i artikkelen Feber hos voksne A03 Finn Viktige spørsmål Du finn ut at feberen har variert frå ingen feber til 40 på det høgste, som var i går, han har god effekt av paracetamol. Er ikkje tungpusten, men det kjem opp litt grønt oppspytt når han hostar, og det er litt sårt i øvste del av brystet. Får i seg mat og drikk rikeleg Sjå kva som står under Råd Sjå kva som står under Pasienten skal til lege dersom Klikk på Forkjølelse, øvre luftveisinfeksjoner under Andre lenker i kapitteloversikta Er her nokre råd du kan gje pasienten? Klikk óg på Influensaliknende sykdom, under Andre lenker i kapitteloversikta 9

Gå tilbake til kontaktårsak i venstre vindauge, klikk på kategorien Luftveier Klikk på mappa Vondt i halsen Her kjem det opp fleire artiklar som kan vere aktuelle å gå innom. Sjå på kva som står under: Vondt i halsen R21, Bakteriell halsinfeksjon (tonsilitt) R76 og Epiglotitt R77. Du finn kanskje ut at symptoma hans ikkje passar heilt med det som er beskrive i desse artiklane. Klikk på artikkelen Sår hals (virushals, faryngitt) R74A i kapitteloversikta Er her nokre råd du kan gje pasienten? 10

Oppgåve 5 Mann, 50 år, jobbar som tømrar, og har kutta seg i 2. og 3. finger på venstre hand med kniv. Kontaktårsak: Hud Klikk på mappa Sårskade Klikk på artikkelen Kutt i huden S18 i kapitteloversikta Finn viktige spørsmål Du finn ut at kutta er på utsida (dorsalt) av fingrane, går inn til beinet på begge fingrar, og han greier ikkje strekke ut 3. finger. Det blødde ein del med det same, men han har greidd å stoppe blødninga med kompressar 11

Klikk på artikkelen Kutt med skader på nerver og sener S18 i kapitteloversikta Sjå Tiltak Bruk søk med nøkkelordfunksjonen Klikk på Search skille-kortet øvst i venstre vindauge Sriv kutt i søkefeltet Du får no opp fleire alternative artiklar i vindauga under søkefeltet, inkludert artiklane du allereie fekk opp i førre søk via kontaktårsak 12

Oppgåve 6 Kvinne, 65 år, med magesmerter og tung pust. Mannen tek kontakt. Kontaktårsak: Fordøyelse Klikk på mappa Akutte magesmerter hos voksne Du står no i artikkelen Magesmerter hos voksne D06 Finn viktige spørsmål Du finn ut at smertene starta brått, utan at ho hadde gjort noko spesielt i forkant. Ho opplever smertene som intense, og er og litt tung i pusten. Smertene sit i øvre del av magen og har vart i ca 10 minuttar. Medan du pratar med mannen legg kvinna seg nedpå, og ho føler seg no kvalm og uvel, ho kaldsvettar Sjå kva som står under Pasienten skal vurderes av lege raskt ved (eit av kriteria er ved sterke smerter og kaldsvette) I biletet kor du står no kan du gå direkte over i Medisinsk indeks ved å fylgje den raude lenka øvst i artikkelvindauga Medisinsk INDEKS kap. 25 Magesmerter-ryggsmerter Kva handling krev denne situasjonen? 13

Gå tilbake til Medarbeidarråd via lenka Medarbeider.lex heilt nedst i venstre vindauge Du står framleis oppslått i artikkelen Magesmerter hos voksne D06. Klikk på artikkelen Hjerteinfarkt, nedreveggsinfarkt under Andre lenker i kapitteloversikta Sjå kva som står under Symptomer i denne artikkelen Samsvarar dette med nokre av dei symptoma mannen beskriv at kona har? Kontaktårsak: Luftveier Klikk på mappa Pustevansker hos voksne Du står no i artikkelen Pustevansker hos voksne R04A Klikk på artikkelen Hjerteinfarkt under andre lenker i kapitteloversikta 14

Oppgåve 7 Ein gut ringer og fortel at kameraten på 25 år bevisst har kutta seg fleire stader på armen, såra er ikkje djupe. Kontaktårsak: Psykiatri Klikk på mappa Selvmordstanker og selvmordsforsøk Du står no i artikkelen Selvmordstanker og selvmordsforsøk P77 Sjå kva som står under Generelt og Personer i faresonen Etter å ha stilt fleire spørsmål fortel innringar at kameraten har vore deprimert og «utanfor» dei siste vekene. Han har og sagt til innringar at han gjerne vil ha hjelp fordi han er deprimert og «lei av livet». Innringar er bekymra og seier han ikkje torer å la kameraten vere åleine Sjå kva som står under Tiltak Sjå og kva som står i artikkelen Depresjon under Andre lenker i kapitteloversikta Bør guten til lege i dag? 15

Ved nokre arbeidsplassar er der utvikla eigne lokale prosedyrar for kva tiltak som skal iverksettast i visse tilfelle. Det kan vere nyttig å legge inn slike prosedyre som ei eiga lokal mappe i Telefonråd. Dersom der for eksempel fins eigne prosedyre for tiltak ved spørsmål om suicidalitet, kan du legge desse inn i Telefonråd slik: Vel nytt notat i verktøylinja, medan du står oppslått i mappa Selvmordstanker og selvmordsforsøk, du vil då få opp ein boks kor du skal skrive inn namn på notatet Skriv for eksempel: Prosedyre ved spørsmål om suicidalitet, trykk OK Du har no laga ei ny mappe kor du kan skrive inn den lokale prosedyra. Neste gong nokon slår opp i mappa Selvmordstanker og selvmordsforsøk, vil den nye mappa kome til syne med raud skrift, klikk her for å sjå informasjonen i mappa Dersom du vil slette den nye mappa, klikkar du på slett notat ikonet i verktøylinja medan du står oppslått i mappa du vil slette 16

Oppgåve 8 Far til gut på 2 år tek kontakt. Guten har kramper som har vart i 2 minuttar, han har hatt feber det siste døgnet. Kontaktårsak: Nervesystem Klikk på mappa Kramper Klikk på artikkelen Feberkramper N07 i kapitteloversikta Finn Råd dersom foreldrene ringer under anfall Krampeanfallet tek slutt medan du har far på tråden, guten er vaken, men verkar svært trøtt Sjå kva som står under Råd dersom krampeanfallet er over og barnet er våken Du får vete at barnet aldri har hatt feberkramper før Skal barnet til lege i dag? 17

Kontaktårsak: Alm./Uspes Klikk på mappa Feber hos barn Klikk på artikkelen Feberkramper under Andre lenker i kapitteloversikta Gå inn i Medisinsk indeks ved å klikke på den raude lenka Velg kriteriet H.23.01 Har hatt krampeanfall og mistanke om feber. Barnet har aldri hatt feberkramper før. Til høgre i biletet kjem ikonet med Medarbeiderråd til syne, ved å trykke her kjem du tilbake til oppslaget i Medarbeiderråd: Feberkramper N07 Ved dei fleste grøne responsar i Medisinsk indeks, og nokre av dei gule, vil du finne eit slikt felt som tek deg tilbake til aktuelt oppslag i Medarbeidarråd 18

Oppgåve 9 Jente på 10 år har «kollidert» med motspelar på fotballbana, og har slått hovudet. Trenar tek kontakt. Bruk søk med nøkkelord funksjonen. Skriv hodeskade i søkefeltet Du får no opp Hodeskader, hjernerystelse, blødninger etter hodeskade i søkeresultat feltet, klikk her Du står no i artikkelen Hodeskader, hjernerystelse, blødninger etter hodeskade N80 Finn Viktige spørsmål Du finn ut at jenta var bevisstlaus i om lag eit halvt minutt etter hendinga, ho er vaken no og verkar klar og orientert, men har vondt i hovudet og er kvalm Sjå kva som står under Råd Bør jenta til lege? 19

Kontaktårsak: Nervesystem Klikk på mappa Hodepine Klikk på artikkelen Hodeskader, hjernerystelse, blødninger etter hodeskade N80 i kapittel-oversikta, som over Gå inn i Medisinsk indeks, men velg no å gå via lenka Indeks.lex nedst til venstre i venstre skjermbilete, istadenfor via den raude lenka i kapittelet Velg kategori nr 35 Ulykker, klikk ja på spørsmål om pasienten er våken og istand til å snakke, deretter aktuelt oppslag Du får no opp kriteria for ulykker, H.35.03: Slått hodet, og er kvalm eller svimmel er gul respons i Medisinsk indeks 20

Oppgåve 10 Mann, 75 år, smerter i høgre legg, problem med å belaste foten. Heimesjukepleie tek kontakt på vegne av pasienten. Kontaktårsak: Muskel/skjelett Klikk på mappa Akutte smerter og hevelse i ekstremiteter Du står no i artikkelen Akutte smerter og hevelse i ekstremiteter L14 Finn Viktige spørsmål Du finn ut at smertene har kome i løpet av nokre timar, mannen har ikkje skada seg eller slege seg i forkant. Foten er større i omkrins enn venstre fot, den er og litt raud, og varmare enn venstre fot. Pasienten gjennomgjekk ein hofteoperasjon for to veker sidan 21

I kapitteloversikta kor du står no, er der lista fleire tilstandar Klikk på artikkelen Dyp venetrombose (DVT) K94 i kapitteloversikta Bør pasienten til lege i dag? Dersom det er eit kapittel du ofte slår opp i, kan du merke kapittelet med eit «bokmerke», slik at du raskare kan slå det opp: Legg inn eit bokmerke i artikkelen Dyp venetrombose (DVT) K94, ved å klikke på Bookmarks i menylinja øvst i biletet, medan du står oppslått i kapittelet. Det kjem no opp eit nedtrekksvindauge, her klikker du på Add bookmark Ei liste med bokmerkelinjer kjem opp, i illustrasjonen har vi valt fyrste tomme linje, Ctrl+2, ved å klikke her vert artikkelen lagra i dette bokmerket For å finne oversikt over bokmerka klikker du på Bookmarks, og vel Go to bookmarks. Eventuelt kan du bruke Alt tasten + nummeret bokmerket er lagra på 22