Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50
FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet har ein og eit fokus på aktivitetar som styrkar dei sosiale relasjonane mellom deltakarane. Elevane får vere med på turar og ekskursjonar, og dei kjem sosialt sett nærare medelevar og lærarar. Leirskuleplanen seier noko om lovverk, reglar og økonomiske rammar som ligg til grunn for leirskuleopphaldet. Alversund, februar 2015. Hilde Reigstad -Inspektør Alversund skule -
KVA SEIER OPPLÆRINGSLOVA OM LEIRSKULEOPPLÆRINGA? Hovudinnhald Opplæringslova 2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter 2-2 skal brukast. Etter opplæringslova 2-3 første ledd kan ein del av undervisningstida brukast til leirskoleopplæring. Med leirskole i denne samanhengen er meint leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet med ei varigheit på minst tre overnattingar i samanheng. Med "annan aktivitet" er det her meint eksempelvis ekskursjonar eller turar som er ein del av grunnopplæringa. Tilskotsordning Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gje alle elevar eitt leirskuleopphald i løpet av grunnskulen. Mottakarar av tilskott er kommunar. Målgruppa er elevar ved kommunale grunnskolar, samt elevar ved institusjonar der fylkeskommunen er ansvarleg for grunnskoleopplæringa. Tilskottordninga er budsjettstyrt (budsjettramma er avgjerande for tildeling av tilskott). På A-leirskular vert leirskulelærarane si løn refundert frå klassane sine heimekommunar. Kommunane får pengane attende frå fylkesmannen (øyremerka tilskot). Om "gratisprinsippet" i grunnskolen Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa. Lova slår fast at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane. Det tyder at kommunen ikkje kan krevje betaling for verken undervisningsmateriell eller aktivitetar (faglege eller sosiale) som går føre seg i skuletida i skulen sin regi, som ein del av grunnskuleopplæringa. Forbodet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med grunnskuleopplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skoletid når desse aktivitetane er ledd i at skolen gjennomfører grunnskuleopplæringa i samsvar med lov og forskrift.
Lova regulerer ikkje aktivitetar som blir arrangert av skulen og som ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, dvs aktivitetar som faller utanfor virkeområdet for opplæringslova og forskrift til lova. Det er ikkje forbod mot å ta imot frivillig innsats som for eksempel økonomiske bidrag, så lenge bidraga blir brukt slik at dei kjem heile gruppa til gode. Ein klår føresetnad er mellom anna at ingen blir utsett for press til å yte denne innsatsen. Om turar Problemstillinga vil vere om turar kan sjåast å vere i regi av skulen og vere er ein del av grunnskuleopplæringa eller ikkje. Dette må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Moment i ein slik vurdering kan til dømes vere om: skuleeigar (kommunen) er ansvarlig dersom det oppstår uhell på turen det er utarbeidd reglement for turen det er utarbeidd sanksjonar til dømes for heimsending turen går fram av skulen sin verksemdsplan/årsplan det er organisert opplæringstilbod til eventuelt andre elevar som ikkje er med på turen Direktoratet presiserer at lista over moment ikkje er uttømmande. Dersom eit eller fleire av momenta er til stades, vil arrangementet kunne sjåast som ein del av grunnskuleopplæringa og omfattast av gratisprinsippet. Lærarane sine arbeidsforhold blir ikkje regulert av opplæringslova. Det er likevel direktoratet si vurdering at dersom det er lærarar med på slike turar, og desse lærarane mottar løn i den tida dei er på tur, vurderast dette som læraren si arbeidstid og det sjåast på som grunnskoleopplæring for elevane. Permisjonar Det har vore reist spørsmål om det kan gis permisjon til elevar i samband med skuleturar. Spørsmål i denne samanheng blir om kommunen med heimel i opplæringslova 2-11 kan gi permisjon til ei gruppe elevar til turar, og om slike turar faller innanfor ramma av permisjonsreglane. Opplæringslova 2-11 første ledd lyder: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Opplæringslova 2-11 regulerer permisjonar frå den pliktige opplæringa. Etter ordlyden i første ledd er det den enkelte eleven som kommunen etter søknad kan gi permisjon. Elevane har ikkje rett til permisjon etter 2-11 første ledd. Føresetnaden for å gi permisjon etter første ledd er at det er forsvarleg å gi eleven fri frå opplæringa. Om permisjonen er forsvarleg eller ikkje må avgjerast etter ei konkret vurdering.
Det følgjer av forarbeida til lova at dersom ein permisjon er gitt etter første ledd, avkortar det retten til opplæring i for eleven tilsvarande. Den opplæringa eleven mister i samband med permisjonen etter 2-11, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare. Ordlyden i opplæringslova 2-11 regulerer permisjonar knytt til den enkelte elev, og avgjerda regulerer difor ikkje permisjonar for grupper av elevar. Opplæringslova 2-11 kan heller ikkje brukast når turen er ein del av grunnskuleopplæringa. Omsynet bak regelen er at føresette skal ha høve til å ta ut elevane frå den obligatoriske grunnskuleopplæringa utanom skulen sine feriar. Både ordlyden og omsynet bak regelen tilseier difor at avgjerda ikkje kan brukast slik at det blir ein omgåing av gratisprinsippet. Kommunen kan difor ikkje gi permisjon for ei gruppe elevar med heimel i opplæringslova 2-11. Avgrensing mot anna regelverk Kommunen har ansvar for å gi grunnskuleopplæring jf. opplæringslova 13-1. Kommunen er ansvarleg for den opplæringa som faller innanfor rammene av gratisprisnippet i opplæringslova 2-15. I samband med dette blir det viktig å avgrense innhaldet i gratisprinsippet mot innhaldet i andre reglar som reguler forhold knytt til barnet si utdanning. Barnelova 30 andre ledd om innhaldet i foreldreansvaret: Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad. Dei som har foreldreansvaret for eleven vil være dei som er nærast til dekke naudsynte utgifter til mat, drikke, naudsynt klede og utstyr som ikkje er undervisningsmateriell og dermed ikkje faller innanfor gratisprinsippet i 2-15. Ulykkesforsikring for elevar Elevane skal ha dekning for alle aktivitetar som skjer i skulen sin regi. I tillegg inkluderast aktivitetar som står i nær tilknyting til skulekvardagen som til dømes skuleveg. Krava er utforma som eit ufråvikeleg minimumsnivå for skuleeigar. Det er full tilgang til å teikne forsikringar som gir betre dekning enn det som følgjer av forskrifta sitt minimumskrav. Skuleeigaren si plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elevane er ikkje ei ansvarsforsikring, men gjeld uavhengig av om skuleeigar kan klandrast for ulukka.
LEIRSKULE Omgrepet leirskule er i dag allment kjent og godkjent, og undervisningsforma har heimel i lov og offentlege føresegner. I «Retningsliner for leirskuleverksemd» definerer ein leirskole slik: 1: Leirskule er undervisning lagt til ein stad der miljøet skil seg frå elevane sitt heimemiljø. Undervisninga kan leggjast til ein stad der klasselæraren, elevane og foreldra står for opplegget eller til ein stad som har eit pedagogisk tilbod fagleg og sosialt. 2: Formålet med leirskoleundervisninga er å gje elevane høve til å lære andre miljø å kjenne, til sosialt samvær og til opplevingar av ein annan art enn heimemiljøet. TINGING AV LEIRSKULEOPPHALD Det er skulen som avgjer kor elevane skal på leirskule. Foreldra får ei orientering om leirskulen når dette er avgjort. Det er viktig at leirskuleopphald vert tinga allereie på 2. eller 3. trinn, for då står ein sterkare i forhold til val av tidspunkt for gjennomføring av leirskulen. I utgangspunktet ønskjer skulen at elevane reiser på leirskulen om hausten på 7. trinn. Dette vert koordinert på det enkelte trinn. Kontaktlærarar melder frå om ønska tidspunkt for leirskule til administrasjonen, som tingar leirskuleopphaldet og følgjer opp kontakta med leirskulen.