saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 02.03.2012 12789/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato Ungdomspanelet 09.03.2012 KID-prosjekt 2012 - Kollektivtransport i distrikta - SA 25-12 Sak i samferdselsutvalet 07.03.12 Samferdselsdepartementet har over statsbudsjettet for 2012 fått vidareført tilskottsordninga for kollektivtransport i distrikta (KID) med løyving på 22 mill. kr. KID ordninga blei evaluert i 2009, og vedtatt vidareført i tråd anbefalingane i evalueringa med nokre mindre justeringar. Søknadsfristen var 6. februar 2012. Frå samferdselsavdelinga vart det sendt ut invitasjon pr. brev / mail 19. desember 2011 til kommunane i fylket om å komme med søknader på prosjekt, eller forslag til stader som kunne brukast til prosjekt. Fristen for kommunane var satt til måndag 30. januar 2012. Innan fristen gjekk ut var det kome søknader frå følgjande kommunar og føretak: Møre og Romsdal fylkeskommune bussoppstillingsplass og ombygging av T-kryss til rundkjøring på Garnes i Ulstein kommune. Dette blir eit nytt knutepunkt for buss på strekningane Ørsta/Volda Ulsteinvik/Hareid Fosnavåg Sande. Ålesund kommune kollektivtransportplan for Ålesund og omland. Halsa kommune bestillingstransport knytt opp mot bussrutene. Vanylven kommune tilførselstransport i kommunen, knytt opp mot bussrutene. Stordal kommune serviceskyss for å dekkje skyssbehov for de eldre i kommunen. Geiranger Turbil og Taxi Hop On Hop Off-buss i Geiranger for å dekkje etterspørselen for passasjertransport i turistsesongen. Giske kommune ringbussprosjekt, koordinering av rutebusstilbodet. Prioritering av prosjekta Møre og Romsdal fylkeskommune må prioritere søknadane før dei sendast vidare til Samferdselsdepartementet, (vedlegg 1). Retningslinjene til Samferdselsdepartementet gjer det klart at det er prosjekt som gir gode resultat for reisande med kollektivtransport som blir å føretrekke. Dette gjeld spesielt tiltak for betre linje- og bestillingstrafikk og gode knutepunkt. Dei legg i tillegg vekt på at fleire partar stiller seg bak ein søknad. Vi har derfor prioritert ut i frå dette, og tillegg prioritert dei prosjekta kommunar, operatør og fylkeskommunen samarbeider.
Søknadane som sendes i år er prosjekt innan knutepunkt (og anna infrastruktur), linjetrafikk og bestillingstransport. Side 2
Side 3 Prosjekt og eigendel Garnes-prosjektet: Flytting/ombygging av bussoppstillingsplass og ombygging av T-kryss til rundkjøring Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeida ein søknad om KID midlar for 2012 for planlegging av bussoppstillingsplass og ombygging av T-kryss til rundkjøring på Garnes i Ulstein kommune. Midlane skal vere eit bidrag til å dekke kostnader til planlegging av prosjektet, grunnerverv, ruteplanlegging og marknadsføring/informasjon om prosjektet overfor kundegrupper. 2. februar 2012 vedtok kommunestyret i Ulstein kommune ny reguleringsplan for området rundt Garnes-krysset. Dette gjer at ein kan starte byggearbeidet etter ein klagefrist på 3 veker. Sjølve bygginga av bussoppstillingsplassen og ombygginga av krysset vil skje parallelt, og er planlagt gjennomført innan 1. mai 2013. Det blir teke atterhald om eventuelle klager som må handsamast hos Fylkesmannen. Finansieringsplanen for både planleggings- og byggeprosjektet har endra seg vesentleg frå 2011 til 2012. Årsakene er: Tilsegn BRA-midlar kr. 6,6 mill. til byggeprosjektet har gjort at prosjektet urettmessig har fått kr. 637 500 i KID-midlar til byggeprosjektet. Dette beløpet skal i utgangspunktet førast tilbake til Samferdselsdepartementet. Statens vegvesen har brukt kr. 510 000 meir til planprosessen enn budsjettert i 2011. Det gjer at ein her skulle ha søkt om meir KID-midlar til planleggingsprosessen. I tillegg er det planlagt å søke om KID-midlar til planleggingsprosessen i 2012. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore i dialog med Samferdselsdepartementet om å flytte midlar frå byggeprosjektet til planleggingsprosjektet. Dette blei foreslått å vere ein del av søknaden om KID-midlar for 2012. I søknad om KID-midlar 2012 til Garnes-prosjektet (vedlegg 2) er det satt opp ein korrigert finansieringsplan for både byggeprosjektet og planprosessen. Søknadsbeløp KID-midlar 2012 (overføring av KID-midlar frå 2011): kr. 358 275 50 % eigendel dekkast av Møre og Romsdal fylkeskommune, dvs. det er midlar som allereie ligg inne i budsjettet. Ålesund kommune kollektivtransportplan for Ålesund og omland Ålesund kommune starta i 2011 eit prosjekt for å utvikle eit busstilbod som kan vere eit attraktivt og godt alternativ til bilbruken. Det blei oppnemnt ei arbeidsgruppe med representantar frå Ålesund kommune, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Kommunen engasjerte gjennom ein anbodsrunde Urbanet Analyse AS som har levert Ålesund kommune ein rapport / kollektivtransportanalyse. Ålesund kommune vil med utgangspunkt i rapporten og analysen frå Urbanet Analyse AS, få utarbeidd ein kollektivtransportplan for Ålesund, men som også inkluderer mellom anna nabokommunane Giske, Sula, Skodje, Haram og Ørskog.
Side 4 Prosjektkostnaden for 2012 vil kome på kr. 800 000. Det blir gjort framlegg om følgjande finansiering jf. søknad (vedlegg 3): KID-midlar: kr. 400 000 Eigendel Ålesund kommune: kr. 400 000 Halsa kommune bestillingstransport knytt opp mot bussrutene Halsa kommune har hatt eit mål om å betre kollektivtilbodet innan kommunen ved å etablere bestillingsruter til og frå bussrutene som går gjennom kommunen. Dette for å kunne gi eit kollektivtilbod til så mange som mogleg i kommunen. E39 går gjennom kommunen, men busstraseen går ikkje langs E39 nord for Betna, men vidare over Surnadal. I 2011 blei det på kommunens initiativ og i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, starta bestillingsruter som er knytt saman med bussrutene i området. Kommunen og fylkeskommunen ønskjer å vidareutvikle ordninga og vil på den bakgrunn søkje om KID-midlar for 2012. Prosjektkostnaden er budsjettert til kr. 600 000 for 2012. Det blir gjort framlegg om følgjande finansiering i søknaden (vedlegg 4): KID-midlar: kr. 300 000 Eigendel Halsa kommune: kr. 60 000 Eigendel Møre og Romsdal fylkeskommune: kr. 240 000 Vanylven kommune tilførselstransport i kommunen knytt opp mot bussrutene Vanylven kommune har som mål å gi eit kollektivtilbod til dei som bor utanfor hovudtraseane gjennom bestillingsruter. Bestillingsrutene skal fortrinnsvis vere knytt opp mot gjennomgåande bussruter. Prosjektkostnaden er budsjettert til kr. 121 150 for 2012. Det blir gjort framlegg om følgjande finansiering i søknaden (vedlegg 5): KID-midlar: kr. 50 000 Eigendel Vanylven kommune: kr. 50 000 Billettinntekter: kr. 21 150 Stordal kommune serviceskyss for å dekkje skyssbehov for de eldre i kommunen Stordal kommune har pr. februar 2012 ikkje drosje. Kommunen ønskjer derfor å opprette serviceskyss for gje dei eldre og andre utan bil eit transporttilbod innan kommunen, og spesielt mellom heimar og institusjonar. Prosjektkostnaden er budsjettert til kr. 200 000 for 2012. Det blir gjort framlegg om følgjande finansiering i søknaden (vedlegg 6): KID-midlar: kr. 100 000 Eigendel Stordal kommune: kr. 100 000
Side 5 Geiranger Turbil og Taxi Hop On Hop Off-buss i Geiranger for å dekkje etter passasjertransport i turistsesongen Geiranger Turbil og Taxi har søkt midlar til å drive rutegåande transport frå Geiranger sentrum til spesielt Ørnevegen og Flydalsjuvet i turistsesongen. Dette for at dei skal kunne gje eit godt tilbod til turistane om sommaren og gje dei fastbuande i Stranda og Norddal kommunar eit godt tilbod heile året. Geiranger Turbil og Taxi har fleire turvognløyver i området. Det er likevel Fjord1 Buss Møre AS som har rutekonsesjon i området. Det er difor ein føresetnad at dei ikkje kjem i konkurranse med deira verksemd, jf. 36 i yrkestransportforskrifta. Selskapet må søke om dispensasjon for den type rutekjøring. I søknaden skal det mellom anna opplysast om ruteperiode, rutetabell, rutestrekning og materiell. Selskapet vil ikkje få KID-midlar utan at dispensasjonen blir godkjent. Prosjektkostnaden er budsjettert til kr. 300 000. Det blir gjort framlegg om følgjande finansiering i søknaden (vedlegg 7): KID-midlar: kr. 150 000 Eigendel Geiranger Turbil og Taxi: kr. 150 000 Giske kommune ringbussprosjekt, koordinering av rutebusstilbodet Bakgrunnen til søknaden er at Giske kommune ser behovet for betring i busstilbodet. Dette skyldast mellom anna auken i biltrafikken etter at det blei fritak for bompengeavgift gjennom fastlandssambandet mellom Ålesund og Giske frå 2009. Giske kommune ønskjer ei sterkare satsing på busstilbodet internt i kommunen med korrespondansar til Ålesund slik at behovet for å bruke eigen bil reduserast. Dette er i første omgang planlagt å vere eit toårig prøveprosjekt. Kommunen vil delta med inntil 25 % av kostnaden, med atterhald om politisk vedtak. I 2012 har Giske kommune foreslått følgjande finansieringsplan: KID-midlar: kr. 350 000 Eigendel Giske kommune: kr. 350 000 Vurdering Det ligg føre 7 søknadar om KID-midlar. Vi har kommentert / vurdert kvar av desse i prioritert rekkefølgje. Garnes-prosjektet Samferdselsavdelinga foreslår å prioritere Garnes-prosjektet først slik at arbeidet med å planlegge rutene og gjennomføre informasjon / marknadsføring i regionen. Dette mellom anna for å få til gode korrespondansar og koordinere opningstidene på skuler og bedrifter med bussrutene. Prosjektet kan bli utsett noko i tilfelle klager på reguleringsplan vedtatt i Ulstein kommunestyre 2. februar 2012.
Side 6 Ålesund kommune kollektivtransportplan Prosjektet til Ålesund kommune er svært viktig for både Ålesund og kommunane rundt. Å få til gode kollektivløysingar i Ålesund vil påverke nabokommunane også. Dette vil også vere ein del av bypakkeprosjektet. Nokre av dei satsingsområda er: Utreie busslinjenettet i Ålesund-regionen Utreie ekspressbusstilbodet i regionen Høgstandard infrastruktur for buss Tilkomst til kollektivtransport gang- og sykkelvegar, samt parkeringsplassar Halsa kommune bestillingstransport knytt opp mot bussrutene I ein kommune med spreitt busetjing som Halsa kommune, vil det å etablere bestillingsruter vere eit godt bidrag til å få eit kollektivtransporttilbod. Bestillingsrutene vil knytte kommunen saman og gje moglegheit for reisande å ta buss utan måtte bruke eigen bil. Prosjektet starta våren 2011 og det er planlagt å utvide tilbodet steg for steg innanfor gitte økonomiske rammer. Vanylven kommune tilførselstransport knytt opp mot bussrutene Vanylven kommune er i likskap med Halsa kommune ein kommune med spreitt busetjing. Behovet er såleis noko av den same. Det vil difor vere eit godt tiltak å etablere tilførselstransport / bestillingstransport som vil gje innbyggarar moglegheit til å ta buss vidare. Stordal kommune serviceskyss for å dekkje skyssbehov for de eldre i kommunen Stordal kommune har behov for å innføre serviceskyss spesielt for de eldre i kommunen. Det er godt tiltak og ein fin erstatning for manglande drosje i kommunen. Prosjektet kan anbefalast under føresetnad av naudsynte løyve og dispensasjon. Geiranger Turbil og Taxi Hop On Hop Off-buss i Geiranger Tiltaket til Geiranger Turbil og Taxi vil vere eit godt tiltak for å gje turistane eit betre tilbod og samtidig ta vare på dei lokale oppgåvene heile året. Det er likevel ein føresetnad at vilkåra som nemnd føre vert ivaretatt. Giske kommune ringbussprosjekt Dette tiltaket er i utgangspunktet eit godt tiltak, men det må likevel sjåast i samanheng med resten av bussrutene i regionen. Det vil bli gjennomført eit grundig arbeid for betre busstilbodet i heile regionen gjennom mellom anna kollektivtransportplanen i Ålesund. Eigendelar og søknadsbeløp For prosjekta samla vil eigendelar og søknadsbeløp for 2012 bli: Eigendel Møre og Romsdal fylkeskommune: kr. 240 000 Eigendel kommunar og føretak: kr. 1 110 000 Samla søknadsbeløp: kr. 1 708 275
Side 7 I tillegg dekkjer Møre og Romsdal fylkeskommune ein eigendel kr. 358 275 til Garnes-prosjektet. Dette er midlar som er motteke i 2011, jf. søknad til Garnesprosjektet for 2012, (vedlegg 2). Det betyr at det ikkje skal settast av ytterligare eigendel til prosjektet. På nokre av dei andre prosjekta er det estimert billettinntekter i prosjekta. I søknaden til Samferdselsdepartementet er det ved ein feil satt opp at Møre og Romsdal fylkeskommune skal bidra med ein eigen kr. 200 000 i ringbussprosjektet til Giske kommune. Giske kommune står for heile eigendelen. Forslag til vedtak 1. Samferdselutvalet prioriterer innkomne søknadar slik: 1. Garnes-prosjektet bussoppstillingsplass og ombygging av kryss. 2. Ålesund kommune kollektivtransportplan. 3. Halsa kommune bestillingstransport. 4. Vanylven kommune tilførselstransport. 5. Stordal kommune serviceskyss. 6. Geiranger Turbil og Taxi Hop On Hop Off-buss. 7. Giske kommune ringbussprosjekt. 2. Samferdselsutvalet løyver kr. 240 000 til dekking av eigendelar til prosjekta knytt til søknaden om KID-midlar. Midlane blir finansiert frå investeringsbudsjettet (ramme 96) jf. Handlingsprogram for fylkesvegar 2010-2013 kollektivtiltak og utvalsramme 69. I tillegg kommer løyvingane til Garnesprosjektet kr. 358 275 som allereie er godkjent i Samferdselsutvalet. Arild Fuglseth samferdselssjef Ungdomspanelet diskuterer saka, utformar forslag til vedtak og røyster. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet