FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

Like dokumenter
FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Vurdering av allianse og alternativ

Strategiplan for FoU

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

Studenttinget 2015/2016

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Strategiplan for FoU

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

En utvikling på høgskolenes premisser?

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Møtet starta med eit totimars minikurs i styrearbeid ved Kjell Standal, Elinora consulting.

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er:

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Studenttinget 2016/2017

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Styringsgruppa Utviklingsplan HMR HF

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/Marit Solheim SAKA GJELD: Internrevisjon av forskingsaktiviteten i Helse Vest

Vedtakssaker. 19/14 14/ HMS-dag /14 14/ AMU- samansetning, roller, ansvar og opplæring 5 21/14 14/ AKAN 7

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Radøy kommune Saksframlegg

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Innkalling og sakliste

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Gunnar Strøm Medlem SV Odd Harald Sundal Medlem SP

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

STATUS I ARBEIDET MED PROSJEKT FRAMTIDIG STUDIESTEDSSTRUKTUR

Møtebok for Høgskulestyret

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Transkript:

Forskingsutvalet Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2015. Tid: Tysdag 27. januar kl 12.15-14.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Til stade Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse (nestleiar) ASH (dekan) X Inger Marie Okkenhaug ASH Arne Myklebust AHL (dekan) X Anders Aschim AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Kjetil L. Høydal (vara for K. Brænne) AKF X Sverre Liestøl AMF (dekan) X Pål Aam AMF X Hildegunn V. Kleive (vara) Stipendiatane X Aleksandra Endresen Studenttinget Serghei Levcenco Studenttinget Sakshandsamar og skrivar: Johann Roppen FoU-rådgivar X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO Bente Gunn Lien Biblioteket, HVO X Geir Tangen FoU-konsulent, HVO X Finn Ove Båtevik Møreforsking Volda X Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS FU sak 01-2015 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Vedtak: Godkjent. FU sak 02-2015 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november Framlegg til offentleg protokoll ligg som vedlegg 1. Vedtak: Godkjent FU sak 03-2015 Tildeling av professorstipend (Jf FU sak 52-2014) Vedlegg: Vurdering av søkjarar på professorstipend. Vedlegget er unndrege offentleggjering fordi det inneheld omtale av idear til forskingsprosjekt (Offentleglova 26, 4. ledd).

2 Bakgrunn Forskingsutvalet hadde oppe saka på møtet 18. november 2014. Det vart der gjort slikt vedtak: a) Rektor peikar ut ein kommisjon av professorar ved Høgskulen i Volda som vurderer dei tre innkomne søknadene og gjev tilråding til Forskingsutvalet om dei bør få tilbod om professorstipend. Følgjande professorar svarte ja til å gje tilråding: Jan Inge Sørbø, ASH Irene Bele, AHL Atle Døssland, ASH Vurderinga ligg som vedlegg til denne saka. Vedtak: a) Forskingsutvalet tildeler professorstipend til Ivar John Erdal, Nathalie Homlong og Ellen Lexerød Hovlid. b) Forskingsutvalet ønskjer å kome tilbake til korleis ordninga med 5-årige ph.d.-stipend og professorstipend blir praktisert og finansiert. FU sak 04-2015 Søknad om strategiske midlar utvikling av NFR-søknad Vedlegg: «Søknad om strategiske midlar utvikling av NFR-søknad.» Vedlegget er unndrege offentleggjering fordi det inneheld omtale av idear til forskingsprosjekt (Offentleglova 26, 4. ledd). Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har søkt om kr 40.000 av strategiske midlar til utvikling av søknad til VAM-programmet i Forskingsrådet (Forsking om velferd, arbeidsliv og migrasjon). Møreforsking AS er samarbeidspart i prosjektet og har gjeve tilsegn om eit tilsvarande beløp under føresetnad av same løyving frå Høgskulen i Volda. Saksbehandlar meiner søknaden oppfyller alle strategiske og administrative kriterier og tilrår at søknaden blir innvilga. Vedtak: a) Forskingsutvalet tildeler Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag inntil kr 40.000 i såkornmidlar.

3 b) I budsjettet for 2015 er det sett av midlar til «Såkorntiltak». Dette bør gjerast betre kjent i fagmiljøa, og forskingsgruppene vert særleg inviterte til å gjere seg nytte av ordninga. FU sak 05-2015 Normalfordeling av arbeidstid i faglege stillingar ved Høgskulen i Volda (jf. FU-sakene 40-2013 og 18-2014) Saka er førebudd og blir presentert av rektor. Vedlegg 4: FU sak 40-2013: Kriterier for tildeling av FoU-tid Vedlegg 5: FU sak 18-2014: Rapport frå «Arbeidstidsutvalet» Vedlegg 6: Arbeidstidsutvalets rapport: «Tiden lar seg ikke binde som en annen hest». Vedlegg 7: Innkomne høyringssvar til Arbeidstidsutvalets rapport. Vedlegg 6 og 7 er tilgjengelege på denne nettadressen: http://www.hivolda.no/neted/services/file/?hash=8a8020b9ff4ed760e5d6df6b248553f5 Vedlegg 8: E-post frå rektor til «Alle HVO», 2. april 2014. Bakgrunn I juni 1999 gjorde HVO-styret vedtak om fordeling av arbeidstid mellom undervisning, FoU, fagleg fornying og administrasjon for dei ulike kategoriane av faglege stillingar. I vedtaket heitte det at fordelinga «vil førebels, som ei prøveordning, vere retningsgjevande» (styresak 25/99). Vedtaket har ikkje vorte endra, men praksisen har utvikla seg litt ulikt i avdelingane. Etter initiativ frå rektor bad FU i september 2013 om at det vart gjort ei utgreiing med framlegg til revisjon av den nemnde normalfordelinga (FU-sak 40-2013; saksframlegg og vedtak vedlagt). Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som leverte innstillinga si 12. mars 2014 (Rapport frå Arbeidstidsutvalet vedlagt). Her vart det argumentert for tydelegare skilje mellom «forskingsbaserte» (førsteamanuensis, professor) og «utdanningsbaserte» (førstelektor, dosent) leier i kompetansehevinga. Utvalet gjekk inn for å innlemme kategorien «fagleg fornying» i FoU-potten, og ein gjorde framlegg om ei todeling av dei individuelle ressursane til slik verksemd: Ein basis for FoU som alle i stillingskategorien får og eit fleksibelt tillegg som det kan forhandlast om (jf. konklusjonane ss. 16 17 i rapporten). Rapporten vart raskt send på høyring (jf. vedlagde høyringsbrev frå rektor av 14.3.2014), og han vekte så sterkt engasjement at rektor fann grunn til ei eiga e-melding til alle tilsette (e-post til «alle- HVO» av 2.4.2014 vedlagt). Både avdelingane og fagforeiningane leverte til dels omfattande høyringssvar (alle vedlagt). Fleire var særleg kritiske til konsekvensane utvalet dreg av det nemnde skiljet mellom to ulike «kompetanseløp». FU drøfta rapporten 8. april 2014 og vedtok å kome tilbake til saka «i ein større samanheng der mellom anna innstillinga frå rekrutterings- og kompetansehevingsgruppa vert sentral» (FU-sak 18-2014; utdrag frå protokollen vedlagt). Rapporten frå den gruppa var oppe i styret i juni (styresak 39-

4 2014), og då vart det prioritert å fyrst av alt få på plass ein handlingsplan for rekruttering av toppkompetanse (styresak 57-2014). Utover i vårsemesteret 2015 vert det arbeidd vidare med konkretisering av fleire personalpolitiske planar. Den interne oppgåvefordelinga for neste studieår tek fagmiljøa og avdelingane til med ganske tidleg på våren. Skal føringane i styrevedtaket frå 1999 endrast med verknad frå hausten som kjem, må saka vere klar til styremøtet 12. mars. Med dette vert FU oppmoda om å kome med ei tilråding til styret. Vurdering Fordelinga av arbeidstid mellom undervisning, FoU og andre oppgåver er ei strategisk viktig sak for fagmiljøa, avdelingane og heile høgskulen. Når det tidlegare vedtaket er femten år, er det i seg sjølv ein grunn til å få det «konfirmert» med større eller mindre justeringar. I hovudsak er inntrykket at gjeldande ordning har fungert etter intensjonane. HVO har utvikla seg positivt med tanke på primæroppgåvene undervisning, forsking og formidling, og i tråd med det også når det gjeld heving av kompetansen mellom dei tilsette. Samstundes veit vi at FoU-resultata varierer ein god del, og høgskulen bør forvalte ressursane på ein så tenleg måte som råd for å nå dei strategiske måla som styret set. Rektor vurderer det slik at gjeldande ordning i hovudsak bør førast vidare. Det vil seie at vi opererer med ei «normalfordeling» som gjev retning, men som ikkje låser korkje den einskilde eller avdelingane. Gjennom åra har det utvikla seg ei forståing for at det bør vere eit visst samsvar mellom tildelt FoU-tid og dokumenterte resultat. FoU og undervisning må ikkje gjerast til motsetnader. Det eine er ikkje meir verdifullt enn det andre, og kvalitet på begge områda er avgjerande for framtida åt høgskulen. Ein retningsgjevande tabell må difor balanserast mot fleksibilitet slik at dei individuelle arbeidsplanane vil kunne variere noko frå år til år. Det er ein klar føresetnad at avdelingane må forvalte ressursane innafor dei rammene som budsjetta gjev. Tida er truleg mogen for å gjere fordelinga av arbeidsoppgåver litt mindre egalitær enn det vedtaket frå 1999 har lagt opp til. Men det er ikkje ynskeleg å gjere skiljet mellom stillings-kategoriane så skarpt som rapporten av 12.3.2014 tilrår. Det kan vere eit poeng i seg sjølv å operere med ein relativt enkel tabell. Her vert det gjort framlegg om eit oppsett med færre kategoriar og variantar enn i innstillinga frå arbeidsgruppa. Vi går eit mindre steg i retninga som gruppa peika på, og gjer samstundes desse endringane i høve den gamle tabellen: Stillingane som amanuensis og høgskulelærar er på veg ut og vert ikkje tekne med i tabellen. Det skal i alle fall gjerast individuelle avtalar i avdelingane. Fagleg fornying og administrasjon vert slått saman til ein «restpost» på 10 prosent. Det er rimeleg at dei som har dokumentert forskingskompetane gjennom doktorgrad har noko meir tid til FoU enn førstelektorane som igjen har noko meir enn høgskulelektorane. Professorar (og evt andre) med ansvar for forskingsleiing og rettleiing bør normalt ha avtale om å bruke 10 15 prosent av undervisningsressursen til slike oppgåver.

5 Vedtak Saka vert utsett til neste møte. FU sak 06-2015 Ny FoU-strategi FoU-strategi for Høgskulen i Volda 2012-2015 er tilgjengeleg på denne nettsida: http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/organisasjon-og-leiing/styringsdokument Bakgrunn: Den gjeldande strategiplanen for FoU ved Høgskulen i Volda vart vedtatt av høgskulestyret 26. april 2012 og gjeld for åra 2012-2015. I førre fireårsperiode hadde HVO avdelingsvise FoU-planar (2008-2011) og før det igjen ein felles strategiplan for åra 2004-2007. FoU-strategien er ein del av høgskulens overordna strategiplan. Høgskulen i Voldas strategiplan har vorte justert fleire gonger dei siste åra. Gjeldande versjon vart vedtatt 29. oktober 2014 og peikar på tiltak som skal gjennomførast for åra 2015-2018. Høgskulens visjon er: «Kompetanse for framtida». Høgskulens profil: HVO er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal, og dei nasjonale satsingsområda våre er: Yrkesretta medieutdanning Nynorsk i utdanning, forsking og formidling Fleksible vidareutdanningstilbod Om forsking og utviklingsarbeid seier strategiplanen: HVO skal stimulere til tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid HVO skal auke internasjonaliseringa av FoU-arbeidet HVO skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt HVO skal organisere forskingsgrupper som støtte for forskarane Kort kommentar til strategiplanen i høve til gjeldande FoU-plan og FoU-melding: Yrkesretta medieutdanning, nynorsk og fleksibel læring er peika ut som «nasjonale satsingsområde» for Høgskulen i Volda. Ei så avgrensa fagleg profilering har ikkje Høgskulen hatt tidlegare, og dette må også gjenspeglast i FoU-strategien.

6 I gjeldande FoU-strategiplan er det ca 70 punkt som er lista opp på forskjellige nivå. I den overordna strategiplanen er det berre fire punkt, og desse vil bli nærare omtala nedanfor. Dei fire punkta gjev eit klart styringssignal om kva styret meiner er viktig for dei neste fire åra. På den andre sida vil det då vere ei rekkje moment som ikkje er omtalt i det heile også område som styret har vedatt å satse på gjennom einskildvedtak eller i budsjettsamanheng. Det er også ei rekkje mål og tiltak som er omtalt i dokumentet «Rapport og planar» som ligg til grunn for Høgskulens dialog med Kunnskapsdepartementet. «Rapport og planar» er no i endring ved at Kunnskapsdepartementet skal ha ei anna form for rapportering frå høgskulane. Førebels vil HVO beholde eit plandokument som er likt «Rapport og planar». Kort kommentar til dei fire punkta i strategiplanen: HVO skal stimulere til tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid o Arbeidet med FoU-meldinga har synt at det er ei betydeleg utfordring å måle utviklinga på dette målet. o Utfordringane blir ikkje mindre om det i framtida blir venta at forskarane ved HVO også skal samarbeide med forskarar på heilt andre fagområde på andre studiestader. o Forskingsgrupper på tvers av avdelingane kan vere eit middel for å nå målet. HVO skal auke internasjonaliseringa av FoU-arbeidet o I gjeldande strategiplan for FoU står «Få meir fokus på internasjonalisering» omtalt som ei av 10 utfordringar. o Signal frå KD er eintydige på at alle høgskular skal arbeide for internasjonalisering og kanskje særleg for å skaffe forskingsmidlar frå EU. o HVO vil få særlege utfordringar på dette området då samfunnsfag- og humaniora i utgangspunktet ikkje er dei høgast prioriterte fagområda. o Møre og Romsdal Fylkeskommune har sett av midlar til ei stilling for ein felles EU-rådgivar for høgskulane i fylket i løpet av 2015. HVO skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt o Dette punktet var eitt av mange tiltak som var nemnt under «Strategiske arbeidsmåtar» i den gjeldande FoU-strategien. o Arbeidet med FoU-meldinga har synt at det er ei betydeleg utfordring å måle utviklinga på dette målet. HVO skal organisere forskingsgrupper som støtte for forskarane. o Forskingsgrupper er ikkje omtalt i strategiplan for 2012-2015.

7 o o o o o I kvalitetssikringssystemet for undervisning frå 2011 er «forskingsprogram» omtalt som eit tiltak innanfor «rammekvalitet». Forskingsprogram skal medverke til å sikre at HVO har tilsette med høg fagkompetanse. I NOKUT-evalueringa av søknaden om å få etablere ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag vart HVO sterkt oppmoda til å etablere forskingsgrupper, og spesielt ei forskingsgruppe i lag med Høgskolen i Molde innanfor fagområdet helse- og sosialfag. Forskingsutvalet har drøfta forskingsgrupper på fleire møte i 2014, og oppmoda aktuelle søkjarar på Små driftsmidlar for 2015-2016 om å organisere seg i forskingsgrupper. FoU-administrasjonen arbeider med ei kartlegging av forskingsgrupper. Som innspel til diskusjonen om forskingsgrupper vert det vist til vedlegg 9 som er ein artikkel i tidsskriftet Forskningspolitikk. Artikkelen har tittelen «Myter og fakta om kritisk masse i forskning og høyere utdanning» og drøftar blant anna samanhengen mellom storleik på forskargrupper og FoU-produksjon. Ei rekkje andre utfordringar kunne også vore nemnt: Stipendiatrekruttering og gjennomstrøyming, rekruttering av toppkompetanse, kompetanseheving, eksterne prosjektinntekter og ph.d.- utdanninga i helse- og sosialfag, vektlegging av regionae perspektiv og Møreforsking. Aktuelle spørsmål: Når arbeidet med FoU-strategi for dei neste åra no startar er det naturleg å starte med å diskutere kva slags prosess som skal leggast til grunn for arbeidet, og erfaringar med gjeldande strategiplan er eit viktig utgangspunkt. Eit minst like viktig moment er utanforliggande faktorar og då særleg den pågåande strukturdebatten som kanskje blir avklara våren 2015, og som kanskje vil legge heilt nye rammer for Høgskulen. Nokre spørsmål: Skal HVO starte arbeidet med ein strategiplan for FoU våren 2015? Eller skal ein vente til kva som blir utfallet av strukturdebatten? Kva tidsplan skal eit eventuelt arbeid ha? Kva prosess skal ein legge opp til for å sikre medverknad frå eigne fagmiljø? Skal eksterne fagmiljø involverast i arbeidet? Kva rolle skal avdelingsråda ha i strategiprosessen? Saksbehandlar si vurdering: På kort sikt vil resultatet av strukturdebatten neppe føre til store endringar i FoU-arbeidet. Fagmiljøa vil halde fram det vanlege FoU-arbeidet. Stipendiatane vil gjennomføre sine prosjekt

8 innanfor dei same rammene. Nye dekanar og nytt rektorat må også få ha eit ord med i laget når det gjeld FoU-strategiar. Det er difor ikkje sikkert at det hastar med å få fram ein ny strategiplan for forsking. Arbeidet med å danne forskingsgrupper bør halde fram og har potensiale til å bli ein viktig reiskap for både internt og eksternt forskingssamarbeid. Styret ønskjer generelt sett at avdelingsråda skal ha ei viktigare rolle. Ved å involvere avdelingsråda også i utviklinga av strategiplanen for FoU bør avdelingsråda få eit styrka eigarskap til og kunnskap om innhaldet i FoU-strategien. Avdelingane har likevel valt ulike måtar å handtere FoU-saker på. Kanskje bør diskusjonane om ny FoU-strategi starte i avdelingsråda. Vedtak: a) Forskingsutvalet ønskjer å starte arbeidet med ny FoU-strategi for HVO for åra 2016-2019. Ein tidsplan og prosessbeskrivelse vert lagt fram på neste møte i Forskingsutvalet. b) Avdelingsråda bør engasjerast i arbeidet med ny FoU-strategi. c) Fagmiljøa blir oppmoda til etablere forskingsgrupper med eit felles fagleg fokus. FoU-strategi, tiltak og ressurstildeling bør sjåast i samanheng med kvarandre, og det er ønskjeleg at forskingsgruppene bidreg i utviklinga av ny FoU-strategi. FU sak 55-2014 Utlysing av FoU-stipend for 2016 (teken opp att frå FU møte 8/2014). Vedlegg: Informasjon om FoU-stipend på «Område for tilsette» på nettsidene til HVO (krev innlogging). https://www.hivolda.no/innsida/fellesadministrasjonen/forsking-og-utvikling/fou-stipend Framlegg til nye retningsliner for FoU-stipend. Bakgrunn: Forskingsutvalet tildelte FoU-stipend for 2015 på FU-møte 4/2014. I same møte vart det i sak 23/2014 foreslått nye retningsliner for tildeling av FoU-stipend. Dette vart utsett, og vert med dette teke opp på nytt i samband med utlysing av FoU-stipend for 2016. Ordninga med FoU-stipend (tidlegare kalla vikarstipend) er veletablert ved Høgskulen i Volda. Tilsette som får tildelt FoU-stipend får eitt semester som dei brukar til forsking og utviklingsarbeid. Dette blir finanisert ved at avdelinga får tilført eit FoU-stipend som skal dekkje kostnader ved vikar for den eller dei som har fått FoU-stipend. Storleiken på FoU-stipendet har auka monaleg dei siste åra. Fram til 2012 var stipendet på kr 120.000, i 2013 vart det auka til kr 140.000, i 2014 til kr 170.000 og for 2015 har Forskingsutvalet foreslått at FoU-stipendet skal aukast til kr 190.000.

9 Frå 2003-2015 har i alt ca 110 tilsette fått FoU-stipend ein eller fleire gonger. Ca 90 av desse arbeider framleis ved HVO. Så godt som alle dagens professorar og dosentar ved HVO har hatt minst eitt FoU-stipend. Ordninga har lenge vorte brukt også til å delfinansiere interne ph.d.-prosjekt og frå 2014 også interne professorstipend. Ordninga vert også nytta av dei som ønskjer å kvalifisere seg i retning av førstelektor og dosent. Kvinner har fått tildelt ca halvparten av FoU-stipenda dei siste åra. Vurdering: I all hovudsak bør ordninga med FoU-stipend halde fram som før. Dei gjeldande retningslinene bør likevel oppdaterast på nokre punkt. I vedlegg ligg framlegg til nye retningsliner. Det er to sider ved ordninga som vil bli diskutert her. For det første korleis stipendmottakarane kan få betre hjelp og støtte til å gjennomføre ordninga, og for det andre saksbehandlinga av stipendsøknader. 1) Styrking av gjennomføring Dei siste åra har det vore ein tendens at mottakarar av FoU-stipend har hatt problem med å gjennomføre FoU-stipendet som planlagt. Grunngjevinga for utsetting av gjennomføring og andre endringar varierer, men for ein del tilsette vert det oppgitt manglande vikarkapasitet. Det må her understrekast at eitt vilkår for tildeling av FoU-stipend er at det skal kome i stand tilfredsstillande vikarordning. Eit anna moment er at stipendmottakarar blir sjukmeld i løpet av stipendperioden og at det kan vere vanskeleg å skaffe vikar i ettertid. Det kan her noterast at HVO og avdelingane ved langvarig sjukmelding får utbetalt sjukepengar uansett om den tilsette er i FoU-stipend eller ikkje. Det er vanskeleg å vite sikkert kor stort dette problemet er, og kva som kan vere grunnar til at det er vanskeleg å gjennomføre FoU-stipend som planlagt. Med den sterke auken i beløpa dei siste åra burde det vere lettare å finansiere vikarar og ekstrahjelper no enn tidlegare, så økonomien burde ikkje vere ein vektig grunn. I einskildsaker kan det virke som at avdelingsleiing og stipendmottakar ikkje har hatt god dialog om gjennomføring av FoU-stipend på førehand. Men sidan FoU-stipenda vert tildelte svært lang tid på førehand burde heller ikkje dette vere eit stort problem. Det kan vere grunn til å vurdere om avdelinga bør få eit større økonomisk ansvar om FoU-stipendet ikkje blir gjennomført som planlagt. Dette er jo midlar som avdelinga har vorte tilført og rår over og i prinsippet står ansvarleg for å gjennomføre. Det må også understrekast at formelt sett har avdelinga gått god for søknader gjennom avdelingsvis prioritering og kvalitetssikring av søknader.

10 Om FoU-stipenda går inn i større prosjekt og/eller blir integrerte i forskingsgrupper kan dei faglege rammene og kvaliteten på gjennomføringa av stipendprosjekta bli styrka. Leiarar for forskingsgrupper bør vere aktuelle som mentorar eller rettleiarar for stipendmottakarar. I vedtaket til denne saka vert det foreslått at for alle FoU-stipend blir det halde eit planleggingsmøte mellom stipendmottakar, avdelingsleiing og FoU-administrasjonen. Det er ikkje nødvendig å ta dette inn i retningslinene for FoU-stipend. I retningslinene har det stått at stipendmottakar skal levere rapport etter at stipendet er gjennomført. For å understreke avdelingas ansvar for gjennomføring av FoU-stipend vert det foreslått at avdeling og stipendmottakar i fellesskap leverer rapport om bruk av midlane. 2) Saksbehandling av søknader om FoU-stipend Tradisjonelt har søknader om FoU-stipend vorte sende til dekanen på avdelingane. Forskingsutvalet har vedtatt at søknader skal sendast inn elektronisk. Det er lite effektivt om kvar avdeling skal ha sitt eige elektroniske søknadssystem. Dei siste to åra har søknader vorte sendt inn via eit nettskjema (google skjema) frå FoU-administrasjonen og deretter har søknadene vorte distribuert til den aktuelle avdelinga. Dette systemet har praktiske fordelar, men også ulemper. I 2014 var det fleire søkjarar som hadde tekniske vanskar med å fylle ut nettskjemaet. Desse problema vart løyste med unntak for ein søkjar som sende inn søknad via e-post, men diverre vart søknaden oversett. Saka har vore teken opp særskilt i Forskingsutvalet. På eitt plan er dette eit teknisk spørsmål som kan løysast ved at stipendsøkjarar fyller ut skjemaet, men samtidig melder frå pr e-post til avdelinga om at søknaden er send. Det meir prinsipielle i saksbehandlinga er at dekanane som kjent sit som medlemmer i Forskingsutvalet. Det er difor problematisk at dekanane også skal innstille på søknader frå avdelinga. Alternativt kan dekanane gå frå møtet i Forskingsutvalet under handsaming av søknader om FoUstipend, men dette er vel heller ikkje ei gunstig løysing. Det kan tenkjast fleire alternative løysingar på dette problemet. Somme avdelingar har sitt eige forskingsutval, men om dekanen også er medlem der så er ein like langt. Det einaste formelle organet ved sidan av dekan på HVO er avdelingsråd, og høgskulestyret ønskjer at avdelingsråd skal få ei tydelegare rolle og klarare oppgåver. Det kan difor vere aktuelt å bruke avdelingsråd for avdelingsvis kvalitetssikring og prioritering av søknader om FoU-stipend. I retningslinene er det difor foreslått at avdelingsråd skal kvalitetssikre og prioritere søknadene frå avdelinga, og at tildeling skjer i Forskingsutvalet.

11 Vedtak: Retningslinene for FoU-stipend vert endra når det gjeld saksbehandling: Avdelingas FoU-utval eller innstillingsråd kvalitetssikrar og prioriterer innkomne søknader ut frå vitskapleg kvalitet og relevans for avdelinga sine fagområde, arbeidssituasjonen i avdelinga og strategiske satsingsområde. Prioriteringa er rådgjevande. Dette vert innarbeidd i retningslinene.

12 Orienteringssaker: 1) Strategi Møreforsking. Møte mellom Møreforskings leiing, administrasjon og eigarar, 8. januar 2014. Orientering ved prorektor Marie Nedregotten Sørbø, styremedlem i Møreforsking AS. 2) Status i SAKS-prosessen. Orientering ved rektor. 3) Strategisk høgskolefond for Møre og Romsdal. Orientering ved rektor. a. Omtale av fondet ligg på denne nettsida: http://einnsyn.mrfylke.no/application/get_document/730236?hash=a7439d5239dd489b1ca 736774345ec5c 4) EU-rådgivarstilling for høgskulane i Møre og Romsdal. a. Møre og Romsdal Fylkeskommune har foreslått å opprette ei rådgjevarstilling som skal vere felles for forskingsmiljøa i fylket og hjelpe dei i arbeidet med forskingssøknader til EU. Høgskulane og Møreforsking samarbeider om å seie kva som blir arbeidsoppgåver for den som blir tilsett. Johann Roppen representerer HVO i dette arbeidet. 5) FoU-budsjettet for 2015. Orientering ved direktør. 6) FoU-administrasjonen pågåande omorganisering. Orientering ved direktør. 7) CRISTIN-registreringar i 2014. Orientering ved Geir Tangen ut frå registreringar pr dato. 8) FoU-stipend for 2016 blir utlyst ca 1. mars. Søknadsfrist 1. mai 2015. 9) Utlysing av 8 stipendiatstillingar. a. Utlysingstekst vert ettersendt. 10) Seminar / forum for kvantitativ forsking. a. Per Arne Tufte ved HIOA held eit praktisk orientert metodeforum/arbeidsseminar på HVO 4.- 5. mars der han særleg vil leggje vekt på faktoranalyse, logistisk og lineær regresjon. Kåre Heggen er initiativtakar og tiltaket er finansiert over FoU-administrasjonens budsjett. Seminaret er ope også for tilsette ved Møreforsking. Møte, arrangement med meir: o 7. januar: Informasjonsmøte med Forskingsrådet, HVO. o 15. januar: Møte mellom Stipendiatane og FoU-administrasjonen. o 20. januar: Kontaktkonferanse for universitet og høgskular, 20. januar 2015. Tema: Kvalitet i universiteta og høgskulane finansiering og utdanning. Rektor og direktør deltok for HVO. https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/kontaktkonferansen-2015/id2361764/ o 30.-31. januar 2015: NODA15, Nordisk konferanse om datajournalistikk, Ålesund o 4.-5. mars: Seminar i kvantitative metodar, HVO. o 10.-11. mars 2015: Solstrand-seminar (UH Nett Vest), Solstrand Os. o 18.-19. juni 2015: Fjordkonferansen 2015, Loen. o 18.-22. september 2015: Forskingsdagane 2015.

13 Liste over vedlegg: Vedlegg 1: Framlegg til protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november 2014- Vedlegg 2: Innstilling til professor-stipendiat. Av Bele, Sørbø og Døssland. Vedlegg 3: Søknad om strategiske midlar utvikling av NFR-søknad. Vedlegg 4: FU sak 40-2013: Kriterier for tildeling av FoU-tid Vedlegg 5: FU sak 18-2014: Rapport frå «Arbeidstidsutvalet» Vedlegg 6: Arbeidstidsutvalets rapport: «Tiden lar seg ikke binde som en annen hest». Vedlegg 7: Innkomne høyringssvar til Arbeidstidsutvalets rapport. Vedlegg 6 og 7 er tilgjengelege her: http://www.hivolda.no/neted/services/file/?hash=8a8020b9ff4ed760e5d6df6b248553f5 Vedlegg 8: E-post frå rektor til «Alle HVO», 2. april 2014. Vedlegg 9: Piro og Aksnes: «Myter og fakta om kritisk masse i forskning og høyere utdanning», Forskningspolitikk 4/2014. http://fpol.no/myter-og-fakta-om-kritisk-masse-i-forskning-og-hoyere-utdanning/