VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 000 Arkivsaksnr.: 2015/33 Saksbehandlar: Greta Bjerke Dato: 18.03.2016 Brukarundersøkjingar i Vestnes kommune - rapport om resultat 2015 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Kommunestyret tek resultata av brukarundersøkingane til orientering. 2. Kommunestyret forutset at tilsette og leiarar utarbeider nye resultatmål og bruker undersøkingane som læring og som eit utgangspunkt for forbetringsarbeid. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: I økonomiplanen for 2014-2017, som vart vedteken av kommunestyret den 12.desember 2013,vart det lagt ein plan for gjennomføring av brukarundersøkingar i Vestnes kommune. Tenesteområde: 2013 2014 2015 2016 2017 Grunnskulen (elev, X X X X X foreldre/lærarar) Heimetenesta X X Institusjonstenesta X X Psykisk helse X X Sosiale tenester X X Ergoterapi/fysioter X X Helsestasjon X X Utviklingshemma X X Barnehage X X X Barnevern X X Kulturskule X X X Bibliotek X X X Byggesak X X Medarbeidarunders. X X Tenesteområda Bibliotek og Byggesak vart sett opp på ny med undersøkingar i 2015, då tidlegare undersøkingar hadde så lav svarprosent at resultata ikkje kunne nyttast.
Ut frå denne undersøkinga er plan for vidare gjennomføring endra. Når det gjeld grunnskulen, så vert undersøkingane gjennomført via portalen Skuleporten kvart år. Elevundersøkingane vert rapportert gjennom Tilstandsrapporten i grunnskulen. Gjennomføring har utover dette gått etter planen. Verktøy for gjennomføring av undersøkingane ligg i portalen www.bedrekommune.no. Portalen er eit nettbasert verktøy som kan brukast til måling av tenestekvalitet, brukar- og medarbeidartilfredsheit. På nettportalen kan kommunar som ønskjer det, hente ferdige opplegg, evt gjennomføre eigne undersøkingar og samanlikne resultat frå eiga kommune med andre kommunar og landsgjennomsnitt. Meir enn 300 av kommunane i landet har lisens på portalen. Årleg blir det gjennomført ein stad mellom 500 700 undersøkingar på nettportalen. Administrasjonssjefen har lagt opp til ei årleg rapportering til kommunestyret, og rapporterer no for undersøkingar utført i 2015. Administrasjonssjefen rapporterer til kommunestyret på følgjande punkt: 1. Gjennomføring av undersøkinga. Tidspunkt for gjennomføring, uttak av respondentar, korleis undersøkinga vart gjennomført, vurdering av svarprosent. 2. Vurdering av resultat på kvart av områda, vurdering av kvar vi scorar lavt, og kvar vi scorar høgt. 3. Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen. M.a. oppfølging ved informasjon og vidare målformuleringar. Fysioterapi Undersøkinga vart gjennomført desember 2015. Vi valde kun å fokusere på fysioterapitenesta, då ergoterapitenesta i periodar delvis har vore ute av drift grunna sjukmelding og permisjon. Den vart sendt ut til 80 brukarar; 20 barn på helsestasjon, 10 barn på skule, og 50 brukarar over 18 år som er henvist til fysioterapi. Pasientar på institusjon som har langtidsplass er ikkje representert i undersøkinga. Vart sendt ut i brevform. Ikkje digitalt. Av desse 80 var det 35 som svarte, altså 44 %, og hovuddelen av svara er av dei over 18 år. Vi valde også brukarar som har hatt teneste i løpet av dei 3 siste månadane. Nokon syntest det var vanskeleg å svare då behandlinga var avslutta etter kort tid, eller dei fortsatt venta på vidare behandling grunna medisinske årsaker. 2. Vurdering av resultat: 51 % meiner dei har fått hjelp til det dei trengte hjelp til, og 47 % meiner at fysioterapeuten ganske stor grad hører på sine synspunkta. 80% har fysioterapeuten som sin koordinator, og 20% veit ikkje om den er det. Alle føler dei blir behandla med respekt, og 51 % meiner dei blir behandla med respekt i svært stor grad. Alle meiner fysioterapeutane held taushetsplikta si, og 54 % meiner fysioterapeutane er pålitelege. 23 % seier at ventetida på tenesta er akseptabel i svært stor grad, medan 19 % meiner ventetida er akseptabel i svært liten grad.
Dei fleste synes tenesta er tilpassa deira behov, og at dei får god informasjon om tenesta, deira funksjon og helse. 58 % meiner dei ikkje har fått informasjon på kor dei kan klage på tilbodet, 13 % meiner dei har fått informasjon om dette, medan 29 % seier dei veit ikkje om dei har fått denne informasjonen. Alt i alt er 91 % av dei som svarar, fornøgd med fysioterapitenesta vår i Vestnes kommune. 3.Korleis skal resultata brukast vidare i eininga Driftsleiar gjennomgår undersøkinga saman med fysioterapeutane og ergoterapeut. Mogleg å kome med innspel i høve det vidare arbeidet. Felles gjennomgang i personalmøte. Driftsleiar tek med aktuelle arbeidsområde i årsmeldinga. Helsestasjonen Brukarundersøkinga vart gjennomført 08.04. 05.05.2015 Uttak av respondentar vart gjennomført i aldersgruppa 0 4 år. Dette skjedde på den måten at foreldre/føresette vart spurt på konsultasjonane, innanfor tidsrommet undersøkinga varte, om dei ønska å delta i brukarundersøkinga. Grunnen til at ein valgte denne målgruppa var at dei fleste konsultasjonane foregår i denne aldersgruppa (og innafor her igjen hyppigast frå 0 12 mnd.) Ved å strekke det t.o.m 4.årskontrollen, fekk ein også med dei som hadde lengst kontakt med helsestasjonen. Helsesøstrene innhenta mail-adresse til dei foreldra/føresette som ønska å delta i undersøkinga då dei kom til dei ulike konsultasjonane. Dei som ønska å delta, fekk mail med passord og link til undersøkinga. Det vart sendt ut 2 påminningar og fristen vart forlenga med ca 1 veke pga liten respons. Det vart sendt ut mail til 84 stk. og ein fekk inn 38 svar. Dvs ein svarprosent på 45,2 %, noko som vert vurdert som bra. Helsestasjonen ligg om lag på landsgjennomsnittet på alle områda, med ein total score i høve heilskapsvurderinga på 5,4. (landsgjennomsnitt: 5,3) I tre av områda ligg ein rett under landsgjennomsnittet, medan dei fem andre ligg rett over. At foreldre /føresette ikkje føler at dei har stor muligheit til å påverke kva type oppfølging dei skal ha i helsestasjonen (brukarmedverknad), er forståeleg ut frå at alle får tilbod etter eit fast helsestasjonsprogram. Ein har begrensa moglegheit til å innfri individuelle ønske. Grunnlaget for at ein i høve området respektfull behandling ligg rett under kan vere at foreldre/føresette ser for seg andre løysingar enn det for eksempel helsesøster meiner er alment akseptabelt / fagleg forsvarleg. I høve området 3 pålitelegheit og kompetanse, ser ein at ein kjem ut med stor grad av tillit, sjølv om ein ligg like under landsgjennomsnittet. Når det gjeld dei fire andre områda ligg helsestasjonen over landsgjennomsnittet. Ein er særs nøgd med gode resultat både på tilgjengelegheit, informasjon og samordning. Og helsestasjonen scorer høgt når det gjeld å følgje opp avtalar og at personalgruppa er stabil med god /allsidig kompetanse. 3.Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen: Helsestasjonen har saman med driftsleiar hatt gjennomgang av heile undersøkinga. Hatt fokus både der ein står sterkt i høve landsgjennomsnittet og der ein ligg noko under. Dette for å
kunne rette arbeidet inn mot både å oppretthalde det som er bra, og samstundes tilstrebe seg å bli betre der ein ligg under. Aktuelle arbeidsområde vert teke med i arbeid med årsmelding. Utviklingshemma : Bu-og habiliteringstenesta gjennomførte brukarrepresentantundersøking i perioden 23.11.2015-13.12.2015. Det vart sendt ut informasjonsskriv om undersøkinga i forkant av gjennomføringa. Utvalet for undersøkinga vart satt til brukarrepresentant herav verje eller pårørande til tenestemottakar som bur i samlokalisert bolig, og som Bu-og habiliteringstenesta yter tenester til per i dag. Totalt vart det sendt ut undersøking til 63 brukarrepresentantar både per brev og e-post. Underveis vart det utsendt to påminningar i perioden undersøkinga pågjekk. Når perioden for undersøkinga vart avslutta hadde 44 % av brukarrepresentantane svart på undersøkinga. : Ut i frå dei ulike spørsmålskategoriane utpeikar punktet sjølvbestemmelse seg med lavast skåre. Ein vil likevel påpeike at ein i denne kategorien ligg over landsgjennomsnittet. Når det gjeld spørsmålskategorien tryggleik, skårar ein 5,5 der 6 er høgaste skår. Ein del av tjenestemottakarane er vertskommunebebuarar og mange av dei har ikkje lenger kontakt med familiemedlemmane sine. Vi veit også at ein del av dei pårørande er i aldersgruppa 70-90 år, og det kan tenkast at dei opplever å ikkje ha den nødvendige oversikta for å svare på ei slik undersøking. Ein har også fått konkret tilbakemelding på er at nokre verje ikkje føler at dei har den innsikta og oversikta på tjenestemottakaren at dei føler seg kvalifisert til å svare på ei slik undersøking. Ein erkjenner at det ei vanskeleg brukargruppe å undersøkje sett kompleksiteten av dei nemnte faktorane ovanfor. Sammenlikna med landsgjennomsnittet i Noreg som er 4,2 vart resultatet for Bu og habiliteringstenesta 4,5 i gjennomsnitt. Sidan det er mindre enn 50% oppslutning til undersøkinga er det vanskelig å tolke om resultata er representativ for majoriteten av utvalet. 3.Vidare arbeid med brukarundersøkinga i eininga Den 19. februar gjekk driftsleiar gjennom undersøkinga i stabsmøte. I møte får koordinatorane kome med innspel til det vidare arbeidet. Den 24. februar gjekk driftsleiar gjennom undersøkinga med personane med tillegg i arbeidsoppgåver opp i mot det vidare arbeidet ut i boligane. Koordinatorane legg fram undersøkinga og resultat for dei ulike bustadane, der fokuset også vil vere vidare målformuleringar. Koordinator rapporterte tilbakemeldingane til driftsleiar. Driftsleiar tek med aktuelle arbeidsområde i årsmeldinga. Barnehage føresette : Brukarundersøkinga i barnehagesektoren gjekk føre seg 16.03.2015 31.05.2015. Berre dei kommunale barnehagane var med. Ved færre enn sju svar skulle barnehagen ikkje med i rapporten.
Rapporten blei lagt opp med resultat frå kvart hus, d.v.s to frå Helland, for dei andre pr. barnehage. Alle føresette fekk e-post med eit passord pr. barn og lenkje til undersøkinga. Det var sendt ut 243 førespurnader. Fekk 108 svar, dette tilsei ein svarprosent på 44 %. Det var stor variasjon mellom barnehagane i høve svarprosenten, høgaste var 59 % og lavast var 8 %. Ein barnehage (den med lavast %) måtte få nytt tidspunkt for gjennomføring då den låg på 0% då den ordinære tida var ute. Svarprosenten på 44 % er ok, spesielt ein barnehage som dreg snittet ned. Ser at forarbeid, informasjon og etterspørring er viktig for å få opp svarprosenten. Vi brukte same indikatorane på opplevd kvalitet som sist: Resultat for brukarane I kva grad foreldra opplever at personalet syner omsorg for deira barn. Score i Vestnes på 5,2 Landsgjennomsnittet på 5,4 Trivsel I kva grad foreldra opplever at barna deira har godt venskap med andre barn. Score i Vestnes på 5,0 Landsgjennomsnittet på 5,2 Brukarmedverknad: I kva grad foreldra er fornøgde med samarbeidet mellom barnehagen og heimen. Score i Vestnes på 4,8 Landsgjennomsnittet på 5,0 På alle dei tre utvalte indikatorane scorar Vestnes 0,2 under landsgjennomsnittet. Ved forrige måling låg vi 0,4 under på første indikatoren, 0,2 under på den andre indikatoren og 0,5 under på den tredje indikatoren. Vi greidde ikkje å nå målet i 2015 om å vere på nasjonalt nivå. Men vi er nærmare i 2015 enn vi var i 2013. Totalresultatet for heile undersøkinga er på 4,9, medan nasjonalt nivå er 5,1. 3.Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen: Alle barnehagane har gått inn i sine resultat og granska dei, dette har også vore tema på styrarmøta, personalmøter og foreldremøter og møter i rådsorgana. Resultata, korleis dei har blitt informert ut og korleis ein jobbar vidare med funna, er eit tema når kommunen har tilsyn med barnehagane. Barnehagesektoren vil og i større grad framover fokusere på samanhengen mellom resultata i brukarundersøkinga og utviklingsprosjektet Den gode barnehage i Vestnes. Indikatorane vi vel å bruke på opplevd kvalitet vil henge saman med dei 4 standardane som utviklingsprosjektet er bygd opp rundt. Kulturskulen (føresette og elevar) Svara vart innhenta i tidsrommet 05.11.15 27.11.15. Alle invitasjonar og passord vart sendt ut elektronisk. Alle føresette fekk høve til å vere med på undersøkinga. Dei fekk tilsendt eit passord pr. born. Om barnet hadde fleire plassar, skulle dei føresette velje kva fagdisiplin dei ville svare for. Vi oppmoda føresette som hadde born både på dans og musikk, til å prioritere musikkfaget, sidan dansefaget har det høgste elevtalet.
Alle elevar frå 8. årssteg og eldre skulle vere med på undersøkinga sjølv for eit av sine fag. Dei fekk tilsendt sin eigen invitasjon. 46 % av dei vaksne og 28 % av elevane responderte på undersøkinga. Dette er ein auke frå 2013, då fekk vi svar frå 33 % av dei vaksne, og 24 % av elevane. Vi skulle gjerne sett at svarprosenten var høgare, sjølv om det er gledelig at det er fleire no som har svara enn i 2013. Vi meiner det bør være mogleg å nå ein svarprosent på 50. Med elektronisk utsending til kvar einaste respondent var det enkelt for dei aktuelle å ta del i undersøkinga. Dei som ikkje deltok, fekk purring frå oss ei veke før fristen, og ein dag før fristen. Brukarundersøking føresette. Kulturskulen ligg over landsgjennomsnittet på alle områda, med ein total score på heilskapsvurderinga på heile 5,2. (landsgjennomsnitt: 5,0) Vi ser ingen store endringar her samanlikna med resultata frå 2013 Brukarundersøking elevar Her ligg vi framleis høgt, men no litt under landsgjennomsnittet med ein total score på heilskapsvurderinga på 5,1 (landsgjennomsnitt: 5,2) Dette er ein nedgang frå 2013 då hadde vi ein score på 5,4. Ungdommane seier mellom anna at dei ikkje er nøgd med mengda undervisning som dei får snittet er på 4,7- mot 5,2 i 2013. Dei seier og at dei ikkje er heilt nøgde med informasjonen som dei finn på kulturskulen si heimeside. 3.Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen. Brukarundersøkinga og resultatet har vi gått gjennom på personalmøtet. Vi tok i 2013 ut tre målformuleringar som dei tilsette ønskjer å følgje ekstra godt med på vidare. Dette vil kome fram i årsmeldinga. Dei tilsette har følgjande vurdering: Det er gledelig å sjå at vi framleis har så høg score på alle område. Vi er litt usikre på kva nedgangen hjå ungdommane skuldast, og vi er ekstra merksame på dette vidare. Vi fokuserer alltid på å bli betre, til å ha høg kvalitet og service på dei tenestene vi leverer. Vi ser at vi treng å ha fokus på dette for og oppretthalde resultatet. Dette er stadige tema på personalmøta. Både samarbeidsutvalet og foreldra vil få informasjon om resultatet av brukarundersøkinga ved neste høve. Bibliotek Svara vart innhenta i tidsrommet 05.11.15 27.11.15. Brukarar av biblioteket fekk passord med seg heim eller dei svarte på undersøkinga på PC i biblioteket. PC-en vart kun brukt til dette føremålet. Respondentar: Brukarar over 15 år kunne delta. Svarprosent:Den totale svarprosenten var på 54 %. Av dei som fekk med passord heim, var det nok ikkje alle som deltok. 74,1 % av respondentane var kvinner. Det gjenspeglar nok også kva gruppe som brukar biblioteket mest. 11 % var i alderen 14-19 år, 26 % var 20-39 år, like mange var 60 år og oppover og 37 % var i alderen 40-59 år.
Vi ligg over eller godt over landsgjennomsnittet på nesten alle spørsmåla, med unnatak av det som gjeld opningstider, tilgjengelegheit og utforming av lokale. Det var gledeleg å lese kommentarane som var skrivne, kor det vart uttrykt stor tilfredsheit med biblioteket og dei tilsette, men kor ein kunne ønska seg utvida opningstid og større ressursar til biblioteket. 3.Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen. Brukarundersøkinga og resultatet har vi gått gjennom på personalmøtet. Vi fokuserer alltid på å bli betre, til å ha høg kvalitet og service på dei tenestene vi leverer. Vi arbeider også for å auke utlåns- og besøkstal. Når det gjeld å betre tilgjengelegheit og opningstid er dette eit ressursspørsmål. Pr i dag har vi ikkje moglegheit til å betre dette. Når det gjeld utforming av lokalet, har vi fått investeringsmidlar vi vil bruke til dette. Byggesak Brukarundersøkinga vart gjennomført frå 20.11.2015 til 31.12.2015. Svarprosenten vart på 21 %. Av 43 planlagde svar fekk vi inn 9. Svarprosenten vart høgre enn siste brukarundersøking i 2014 som kun var på 3%. Undersøkinga kan gi ein viss peikepinn på korleis byggesak blir oppfatta i Vestnes kommune. Førre undersøking var innleiingsvis noko uklar og kan utifrå det vere ein av grunnane til dårleg svarprosent. Med klarare spørsmål og klarare innleiing vart trulig svarprosenten betre. 3.Korleis resultata skal brukast vidare i organisasjonen På interne møte i organisasjon vil brukarundersøkinga bli brukt for å oppretthalde og forbetre servicen til brukarane. Særutskrift til: Ingen Vedlegg: 1 Brukarundersøkjingar Barnehage 2 Brukarundersøkjingar Byggesak 3 Brukarundersøkjingar Helsestasjon 4 Brukarundersøkjingar Bibliotek 5 Brukarundersøkjingar Fysioterapi 6 Brukarundersøkjingar utviklingshemma 7 Brukarundersøkjingar Kulturskule føresette 8 Brukarundersøkjingar Kulturskulen ungdom