FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2013, den 2. oktober, hadde Fusa sokneråd møte i Eikelandsosen bedehus. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.15. Innkallinga var sendt representantane og vararepresentantane den 25. september 2013. Desse har meldt forfall til møtet: Hans Magne Kvåle Bodil Samnøy Randi Hauge Siriann Vestbø Roald Samnøy Følgjande vararepr. møtte: Endre Samnøy Toralv Huse. Dessutan møtte: kyrkjeverje Harald Geir Sæther. SAKSLISTE: Soknerådet hadde kalla inn til kyrkjelydsmøte med følgjande tema: "Nye utfordringar - nye mogelegheiter", med m.a. følgjande emne: - Nytt gudstenestemønster vert innført i Fusa frå 2014 - Stengjer vi kyrkjer til vinteren? - Temagudstenester med "barnetrua på service"? - Diakoni i praksis hos oss - Trusopplæring for nye alderssteg Det var 26 personar til stades på møtet. Ottar Midtrød leia møtet. Innlegga som vart presenterte med power point følgjer som eige vedlegg. Det same gjeld innkomne svar frå gruppearbeid Oppsummering av møtet: Ei gruppe med 6 ungdomar opna møte med å spele og synge Vamp si vise "Ein liten fuggel".
Fusa sokneråd - side 2 - Diverse innleiingar: Nytt gudstenestemønster v./sokneprest Roar Strømme Den godkjende gudstenesteforordninga ser slik ut: Sævareid kapell 8 gudstenester Sundvor kyrkje 18 gudstenester Holmefjord 2 gudstenester Eikelandsosen bedehus 8 gudstenester Hålandsdal kyrkje 18 gudstenester Strandvik kyrkje 12 gudstenester Fusa kyrkje 28 gudstenester Til saman 94 gudstenester Soknepresten sette fokus på gudstenester generelt, men også: Temagudstenester - "Barnetrua på service?" - Frimod til å invitere "nye" med både i teneste og til gudsteneste? Korleis rekruttere breiare til gudsteneste-medarbeidarskap? Er det trong for "barnetru på service"? Dette vert ein oppmoda om å drøfte i gruppearbeid etterpå. Kva skjer med kyrkjene våre? v./kyrkjeverje Harald Geir Sæther Ingen kyrkjer vert stengde i 2013. Det skuldast at soknerådet fekk kompensasjon for pensjon, kr.65.000,- frå kommunestyret. Det er også lokalt i Strandvik samla inn noko midlar. Det er iverksett fleire tiltak for å redusere soknerådet sine utgifter med om lag kr.200.000,-. Må sjå verknaden med det. (bosstømming, mindre vikarer, reduksjon i administrativ ressurs, auka inntekter v./avgifter, Hålandsdal kyrkje har fått utvendig maling i 2013. Skifta vinduskarmer i tårn, skifta ein del vindauge. Overbygg Strandvik kyrkje er finansiert i 2013. Neste anlegg utvendig maling 2014 Strandvik kyrkje. Avhengig av budsjett, men ligg inn i Fusa kommune sitt langtidsbudsjett for året 2014. Statistikktal samanlikna med andre liknande sokn synleggjer god oppslutning kring det meste av det vi driv som kyrkjelyd - ikkje minst takka vere alle oss som er samla her og andre medarbeidarar!
Fusa sokneråd - side 3 - Diakoni v./sokneprest Roar P Strømme og medarbeidarkoordinator Hartvig Haugen Vi gler oss over at einskildpersonar og utval tek spontant ansvar i lokalmiljøet. Soknepresten synte til røynsler ein har lokalt her i Fusa om at den lokale kyrkjelyden går inn og tar praktisk diakonalt ansvar når behovet er der. Det betyr mykje for dei det gjeld og lokalmiljøet Fusa kommune tar kanskje i mot nye flyktningar. Kva kan vi gjere hos oss i kyrkjelyden - for desse våre medsysken? Kan vi satse meir på kyrkjeskyss? Medarbeidakoordinatoren fortalde korleis dette er bygd opp hos oss i Fusa, og tankar om vegen vidare. Gruppene vert oppmoda om å ta tak i dette i gruppearbeid etterpå. Trusopplæring - Trusopplæringsplan - status og framdrift v./kyrkjelydspedagog Norunn R Markhus Trusopplæring gjeld 0-18 år Kva er dei største utfordringane og moglegheitene i dette? Trusopplæringsplan i Fusa - skal erstatta 315 timar med kristendom som er tatt ut av grunnskulen. - 0-5 år: 50 timar - 6-12 år: 145 timar - 13-18 år: 120 timar (60 t knytt til konfirmasjonstida) - skal vera ferdig 15. juni 2014-1. utkast skal vera ferdig 1. nov - mentor heiter Ørnulf Elseth - plangruppe er referansegruppe. Består av Ella Marie Brekke Vangsnes, Ingebjørg Sundfjord Gjøn, Roar Strømme og kyrkjelydspedagog. - planen skal innehelde
Fusa sokneråd - side 4 - ein generell del med mål, grunnlag og særpreg i Fusa, organisering for ei fornya trusopplæring. ein del med sentrale dimensjonar i trusopplæringa (11 stk) medverknad av born og unge, familien, gudsteneste, oppfylgjing av ulønna medarbeidarar, tverrfagleg samarbeid, samarbeid med barne og ungdomsorganisasjonane, kommunikasjon, inkludering og tilrettelegging, diakoni, musikk og kultur, misjon) ein del med tiltak 0-18 år - i tillegg skal me utarbeide eit årshjul, bibeltekstplan, salmeplan, plan for kontinuerlege tiltak skal leggjast ved, barnehage- skule - kyrkjeplan skal leggjast ved. Trusopplæring i Fusa 0 år Dåp. Utdeling av Dåpsperm for Fusa. 0-2 år Musikk fra livets begynnelse. (MFLB) Song, musikk, rim, regler, dans og sosial møteplass for barn og foreldre. To kurs i året, vår og haust. Samarbeid med Fusa Kulturskule. Foreldrefest Diplomfest for dei som har vore med på MFLB, invitasjon til alle dåpsfamiliar siste året. Vår. 3 år Invitasjon til Familie-mix 1. søndag i advent. Utdeling av julekalenderbok. 4 år Stor fellessamling i september med samlingsstund, aktivitetar med meir. Utdeling av barnebibel i den lokale kyrkja. 5 år Invitasjon til hausttakkefest (4 årsgudstenesta i krinsen). Utdeling av korssmykke. NYTT TILTAK 2013 6 år Dåpsskule. Bibelforteljingar, song, leik, gudstenesteførebuing fram mot påskefest i Strandvik eller familiemix på bedehuset. Krinsvis innrullering. Vår.
Fusa sokneråd - side 5-7 år Bok og bolle. Lesestund med tøffe bibeltypar på marknadsdagen til Fjordn senter. Haust. NYTT TILTAK 2013 8 år Tårnagenthelg. Laurdagssamling med tur til kyrkjene i Fusa og Hålandsdalen, Bibelhistorie, song, snikring, leik og mat. Familie-mix på søndag. Fastelavn. 9-10 år 1: Misjonsdag. Info om misjonsprosjektet i kyrkjelyden, forming, arrangere ope misjonstivoli. 2: MAF- dag og familiemix. Bli kjend med flymisjonen og forteljinga om den varmhjarta samaritan.nytt TILTAK 2013 Annakvart år. Haust. 11 år Utdeling av Bibelbok i den lokale kyrkja i januar/februar. Deltaking på gudstenesta. 12 år? 13 år? 14 år Konfirmasjon: Leir, undervisning, tenesteoppgåver, kalenderaksjon, gudstenester, fasteaksjon, konfirmantfest. 15 år Ungdomsgudsteneste. Invitasjon til fjorårskonfirmantar. November. 16 år? 17 år? 18 år? Nye tiltak?? 12 år Lys våken?? Overnatting i Sævareid kapell, tema: Det levande vatnet. Jesus er lyset for verda. Lysstøyping. 2. helga i advent. fredag- laurdag. 13 år Prekonf?? Bålsamling i juni.
Fusa sokneråd - side 6-16 år Ta sjansen- på trua og livet. På skjelbreid- poireehytta. juni 17-18 år Julemiddag/ nyttårsfeiring??? Kyrkjelydspedagogen oppmoda gruppene om å kome innspel til vidare utvikling av trusopplæringsarbeidet hos oss. Gruppearbeid Deltakarane vart delt i tre grupper der kvar gruppe skulle ha hovudfokus på kvar sitt tema. Diakoni Er det aktuelt med kyrkjeskyss alle stadar? Korleis få i gong kyrkjeskyss lokalt? Korleis nå ut med informasjon og få folk til å prøve ut dette? Vennegrupper - aktuelt? Invitere andre med og dra saman til kyrkje? Kanskje nye??? Andre diakonale oppgåver som de ser kunne vere tenlege? Tema på temagudstenester Temagudstenester ( 4 kvart år i Eikelandsosen) er tenkt gjennomført m.a. med at der er søndagsskule samstundes med gudstenesta. Er det aktuelt med tema som tar utgangspunkt i t.d. "Barnetru på service"? Kan det vere interessant? Evt. kva tema? Er dette noko du evt. kan tenkje å engasjere deg i? Trusopplæringsplan Soknerådet er ute etter enkle grep for å få på plass nye trusopplæringstiltak. Har du/de idear der ein på enkle måtar kan knyte opp lokale eksisterande ressursar inn mot trusopplæringsarbeidet -utan å slite oss ut? Kva interesserer du deg for? Kan noko nyttast inn mot trusopplæring? Kjenner du andre som kan involverast inn mot trusopplæring???
Fusa sokneråd - side 7 - Oppsummeringa frå gruppene tar utgangspunkt i ideduganden kring borda, og ikkje evt. motforestillingar. Ein må etter kvart sjå kva som er realistisk å få til Oppsummering frå gruppearbeid Diakoni og kyrkjeskyss - stikkord frå gruppearbeidet: Det er trong for kyrkjeskyss alle stadar Lite informasjon om kven ein kan ta kontakt med Få info ut til omsorgsbustadane og sjukeheimen (oppslag) Eit felles nummer til "kyrkjeskyssen" Ein lokalperson i kvar kyrkjekrins som har ansvar for kyrkjeskyss Få meir informasjon ut om kven ein kan ta kontakt med lokalt, t.d. gjer kyrkjeutvala meir kjend i lokalmiljøet gjennom t.d. kyrkjebladet oppslag om kyrkjeskyss på "Bruktbuo" Opplyse i kyrkjene om kyrkjeskyss - trykke lapper Vennegrupper Småbarnsforeldre tar kontakt med andre småbarnsforeldre Vennegrupper særleg aktuelt når ein skal køyre eit stykke - kjenner kanskje få eller ingen Ikkje gløyme dei einslege invitere folk direkte - bygge relasjonar Andre moment: Godhetsfestival! Temagudstenester m.m. Skal vi invitere folk med til gudsteneste, er det viktig å vite kva vi inviterer til! Viktig at det er enkelt, men at det er ekte... Ha primært temagudstenester/samlingar på dagtid. Der er ikkje fleire kveldar ledig. Kven skal vere målgruppa på ""Barnetru på service"? tema kan vere å lære om slitesterke salmar og/eller visse bibeltekster tema kan vere ut frå ei bok, t.d. boka "Jeg vet på hvem jeg tror". tema må vere forståeleg og ha djupne tema kan vere "lære å tilgi kvarandre", "barmhjertig", om nattverden, "frå konfirmant til familiestifting", "Jesus er vegen, sanninga og livet". Kva betyr det å være Guds barn? å vere medmenneske i kontakt med våre nye landsmenn/kvinner bra å ha barneopplegg under temagudstenestene.
Fusa sokneråd - side 8 - Trusopplæringsplan m.v. Dette gjeld oss sjølv - kvar og ein i kyrkjelyden!. "Geir Inge bidra med seljefløyter, Aashild kan bake, Margunn kan ha andakt, Magnhild kan bake, Terje kan ta med ungdom til fjells!" Praktiske tenester; nokon kan spikre fuglekasser, nokon kan bake bollar Barneforeining? Koble inn frivilligsentralen, når ein har bruk for folk Barnegrupper på senteret slik som "bok og bolle", også ved julemesse og liknande Tur til stranda og lage båtar, strandliv. Fadrar som ressurs! Bruke distrikta/krinsene som ressurs der det er naturleg Bruke naturen som tema. Ofte lokale eldsjeler som kan bidra. Stillhet er eksotisk - gå inn i det nye året i bøn, meditasjon Møteleiaren takka avslutningsvis for deltaking og engasjement og mange spennande innspel. Stab, AU, andre utval og sokneråd tar dette med seg i det vidare arbeidet. Kvelden vart avslutta med å synge "Guds meninghet er jordens største under", og så ba vi saman "Fader vår" og velsigninga. Rett utskrift, Fusa kyrkjekontor, 5649 EIKELANDSOSEN den 6. oktobrt 2013 Harald Geir Sæther kyrkjeverje