INNHALD 1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... 3 1.1 BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.2 KVA ER EIT PLANPROGRAM... 3 2. FØRINGAR... 4 2.1 KOMMUNEPLAN FOR VÅGSØY KOMMUNE 2013 2025, SAMFUNNSDELEN... 4 2.2 PLANSTRATEGI FOR VÅGSØY 2016-2019... 4 2.3 REGIONALE OG NASJONALE FØRINGAR... 4 3. ORGANISERING... 5 3.1 ORGANISASJONSPLAN... 5 3.2 MEDVERKNAD OG INFORMASJON... 5 4. TEMATISK OPPDELING AV KULTURPLANEN 2018-2028... 6 5. MÅL, FOKUSOMRÅDER OG AVGRENSING... 6 6. PLANPROSESS VIKTIGE DATOAR... 7
1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM 1.1 BAKGRUNN OG MÅL Det er trong for ein samla overordna plan som kan vere eit arbeidsreiskap for framtidige prioriteringar og satsingar innanfor kulturfeltet i Vågsøy kommune. Planen skal vere eit strategisk styringsdokument for Vågsøy kommune sin politikk på heile kultur- og idrettsfeltet i eit ti-årsperspektiv. Kulturplanen skal rullerast etter fire år, for å sikre at kommunen si planlegging på kulturområdet samsvarar med overordna strategiar for Vågsøy kommune. Planen skal uttrykke visjonar, mål og prioriteringar på kulturområdet fram mot 2028. Den skal ha eit handlings- og tiltaksprogram. Eit godt handlings- og tiltaksprogram vil gjere det enklare i forhold til årlege budsjettvurderingar. Framleis manglar nokre viktige kultur og idrettsbygg/anlegg. Dette må takast omsyn til i planarbeidet. Fokus i planperioden skal vere på aktuelle utfordringar i dagens samfunn med tanke på frivillige og kultur- og idrettsarbeid. Ei ny kulturplan tek utgangspunkt i Kulturlova (2007) som omtalar det offentlege sitt ansvar for utviklinga av kulturverksemder i landet. Kulturlova 1 og 4 seier: 1.Føremål Lova har til føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. 4.Fylkeskommunens og kommunens oppgåver Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt. Det er viktig at arbeidet er forankra i lag, organisasjonar og andre kultur- og idrettsaktørar. Politisk medverknad i sakshandsaminga er ein viktig føresetnad. 1.2 KVA ER EIT PLANPROGRAM I følgje plan og bygningslova skal det utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet for alle regionale og kommunale planer som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. Planprogrammet skal syne målet med planarbeidet, gjere greie for planprosessen med deltakarar og fristar, og trygge medverknad. Vedteke planprogram skal leggjast ut på høyring i minimum 6 veker Planprogrammet vil gje alle interesserte høve til å kome med innspel og synspunkt tidleg i prosessen, før det vert trekt konklusjonar. Utarbeiding av eit planprogram er heimla i plan- og bygningslova 4-1. 3
2. FØRINGAR 2.1 KOMMUNEPLAN FOR VÅGSØY KOMMUNE 2013 2025, SAMFUNNSDELEN Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet til kommunen, som består av ein retningsgjevande samfunnsdel og ein juridisk bindande arealdel. I kommuneplanen er det lagt føringar for utviklinga av kommunen. Samfunnsdelen til kommuneplanen har som mål at Vågsøy kommune skal vere ein god stad og bu. Vi skal aktivt utvikle regionen vår med attraktive arbeidsplassar og eit levande sentrum i kommunen. Det skal vere helse i alt vi gjer og vi skal komme tidleg inn med innsats og tenkje i eit livsløpsperspektiv. Måla byggjer på visjonen VEKST OG TRIVSEL. Samfunnsdelen til kommuneplanen legg til grunn at det skal utviklast attraktive møteplassar og levande aktivitetsbygg for folk i alle aldrar. Kommunen skal arbeide for at folk skal ha meiningsfulle liv og gode vanar som gjev god helse. Alle skal oppleve å vere inkludert i lokalmiljøet. Friluftstiltak, gode nærmiljø og sosiale møteplassar kan vere tiltak for å leggje til rette for dette. Eit nært samarbeid med lag og organisasjonar er naudsynt for å kunne lukkast i arbeidet med å inkludere alle. Gode langsiktige planer med konkrete handlingsprogram skal sikre målretta arbeid. 2.2 PLANSTRATEGI FOR VÅGSØY 2016-2019 Planstrategien skal vurdere planbehovet for kommunen. Den vart vedteken i kommunestyret den 15.09.2016 i sak K 16/66. Kapittel 7 omhandlar kultur og i det kapittelet er det lista opp ein del utfordringar som ein har på kulturområdet: Sikre gode kulturtilbud og møteplasser som gjør det attraktivt for alle å bo i Vågsøy legge til rette for at flest mulig kan delta i idrett og kulturlivet gjennomgående folkehelsearbeid tidlig innsats på tvers av tenester i det forebyggande arbeidet gode idrettsanlegg og kulturbygg som oppfyller dagens krav god drift av Nordfjordhallen sikre festivalar og arrangement vekst og utvikling ved å være en god samarbeidspart manglende overordnet kulturplan Planstrategien 2016-2019 konkluderer med at det er behov for å utarbeide kommunedelplan for kultur. I handlingsdelen er utarbeiding av planen sett til 2017. 2.3 REGIONALE OG NASJONALE FØRINGAR Regionale føringar: Kulturstrategi for Sogn og Fjordane 2015-2018 Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 2019 Regional plan for folkehelse Desse planen peikar på ein del utviklingstrekk som planen må ta omsyn til. Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2017 har eit større fokus på aktivitet og verkemiddel for aktivitet enn tidlegar planer som har vore meir ei plan for bygging av anlegg. Regional plan for folkehelse bygger på statlege retningsliner og har fokus på mellom anna inkludering og forståing av eiga helse. Kulturstrategien for Sogn og Fjordane 2015-2017 har mellom anna som mål at kulturlivet skal bidra til at folketalet aukar i fylket vårt. Den har og som mål at ein skal ha kompetente kulturarbeidarar som samverkar og løfter det frie og frivillige feltet. Nasjonale føringar: Kulturlova Plan- og bygningslova Lov om folkebibliotek Kulturskulelova ( 13-6 i Opplæringslova av 1997) Ulike stortingsmeldingar 4
3. ORGANISERING For å sikre at mange partar vert delaktig i planarbeidet vert det oppnemnt ei prosjektgruppe. For einskilde delar av planen kan prosjektgruppa nemne opp eigne arbeidsgrupper og utarbeide eigne mandat for delarbeida. Her kan det vere aktuelt å involvere andre tenesteområde som til dømes skule, barnehage, helse og omsorg, drift og anlegg, eigedomsavdeling og flyktningetenesta. Forhold som oppstår og som ikkje kan løysast innanfor prosjektgruppa, skal drøftast med rådmannen eller leggjast fram for styringsgruppa av prosjektleiar. Prosjektleiar rapporterer til rådmannen. 3.1 ORGANISASJONSPLAN Oppdragsgjevar Kommunestyret Prosjektansvarleg Rådmann Styringsgruppe Rådmannsteamet Prosjektleiar Odd Gunnar Myhre, tenesteleiar kultur Prosjektgruppe: Prosjektgruppemedlem: Biblioteksjef Prosjektgruppemedlem: Rektor kulturskulen Prosjektgruppemedlem: Folkehelsekoordinator Prosjektgruppemedlem: Dagleg leiar Nordfjordhallen Drift AS Prosjektgruppemedlem: Dagleg leiar Vågsøy Frivilligsentral Prosjektgruppemedlem: Representanten til barna i plansaker Referansegruppe Oppvekst og kulturutvalet 3.2 MEDVERKNAD OG INFORMASJON Kommunen ynskjer medverknad frå ulike grupper som har interesse av planarbeidet. Vi oppmodar lag og organisasjonar og andre til å kome med innspel og syner særleg til pkt. 5. Innspel kan ein kome med på følgjande måte: Frammøte: Skriftelege innspel leverast i Servicetorget på Rådhuset. Pr. post: Vågsøy kommune, Boks 294, 6701 Måløy Pr. e-post: post@vagsoy.kommune.no - merk: Kulturplan 2018-2028 Det vert lagt opp til at lag, organisasjonar, og andre kultur og idrettsorganisasjonar vert involvert i arbeidet med planen. Kulturfeltet er breitt og det er utfordrande at det ikkje er eit felles talerør for dei ulike gruppene. Idretten har sitt idrettsråd men det er til dømes ikkje eit lokalt musikkråd i Vågsøy. For å samle desse interessene ser vi for oss at vi vil legge til rette for temakveldar der dei ulike interessegruppene vert invitert til å arbeide med ulike problemstillingar. Kor, korps, grupper som driv med frivillig barne og ungdomsarbeid, idrettslag, friluftslivorganisasjonar, grendelag/bygdelag, kulturhuseigarar er døme på grupper som må involverast. Døme på tema kan vere lokale for utøving av ulik musikk, både med tanke på øving og framføring. Vi ynskjer å bruke kommunen sin heimesider og facebooksider for å informere om arbeidet. Tenesteleiarsamlingar vil bli brukt for å legge til rette for medverknad frå andre tenesteområder. 5
4. TEMATISK OPPDELING AV KULTURPLANEN 2018-2028 Under er ei oversikt over tema kommunen ynskjer å fokusere på. Det er sjølvsagt mulig å kome med tilbakemeldingar på alle tema innan kulturområdet. Barn og unge Bibliotek Kulturskule Kino Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Kulturbygg, kulturlokale og kulturarenaer. Folkehelse og kultur Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken Møteplassar i nærmiljø og i sentrum Frivilligsentral og frivillig sektor Det vert arbeidd med ei eiga kulturminneplan for Vågsøy så kulturminne vil ikkje få ein stor plass i denne planen. Kvart tema vert i planen bygd opp slik: Hovudmål, skildring av tema, kva seier (eventuelt) kommuneplanen og frå ide til handling (tiltak). 5. MÅL, FOKUSOMRÅDER OG AVGRENSING Vågsøy kommune skal lage ein strategisk kulturplan for utvikling av kultur og idrett gjennom ulike prioriteringsområder. Det skal samstundes leggast til rette for gjennomføring av strategiane. Innsatsområder: Attraktive møteplassar inne og ute Meiningsfulle liv som gjev gode vanar og god helse Samarbeid med lag og organisasjonar med mål om inkludering Born og unge vil vere ei prioritert gruppe. Viktige føresetnader for kulturplanen sine prioriterte områder: Politisk medverknad Forankring hos lag, organisasjonar og andre idrett- og kulturaktørar Føringar frå andre plandokument som må takast omsyn til Avgrensing mot andre planar Planen skal inkludere staten sine krav om ein kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Noko som er ei føresetnad for å kunne søkje om spelemidlar. Ein eigen kulturminneplan for Vågsøy kommune er under utarbeiding. 6
6. PLANPROSESS VIKTIGE DATOAR Dato Kva Ansvarleg 02.02.2017 Vedtak om å start planarbeid i Formannskapet 02.02.2017 Høyringsfrist 21.03.2017. Formannskapet 20.04.2017 Endeleg planprogram til godkjenning Formannskapet April - oktober Arbeid med planen Kulturleiar April - september Gjennomføring av temamøter Kulturleiar 03.10.2017 Vedtak om at Kulturplan 2018-2028 vert lagt ut på høyring. Høyringsfrist 19.11.2017 Oppvekst- og kulturutvalet 05.10.2017 Formannskapet November Gjennomgang av innspel klargjere plandokumentet Kulturleiar 28.11.2017 Vedtak: Kulturplanen 2018-2028 Oppvekst- og kulturutvalet 30.11.2017 Formannskapet 14.12.2017 Kommunestyret 7