FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL

Like dokumenter
Regional planstrategi

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Kortversjon FMMR Strategiplan

Sveinung Parr Dimmen - Anne Mette Nerbøberg. FM embetsoppdrag Betre oppvekst - Barnebyks

Kort om FMMR Strategiplan Molde Sveinung Parr Dimmen Samordnar FMMR

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

Regional planstrategi - RPS

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Planstrategi for Ullensvang herad

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Er det mulig å få til en bedre sammenheng i plansystemet? Marit Rødseth

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim Ref. nr.: Saksnr: Dato: Godkjenning av Fylkesplan for Møre og Romsdal

Regional planstrategi Møre og Romsdal

Fylkesplan er utarbeid i samarbeid og samhandling med mange aktørar.

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

REGIONAL PLANSTRATEGI

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

«Ein tydeleg medspelar, som vågar litt meir!» om koplinga Fylkesplan og samfunnsoppdraget til fylkeskommunen. AGP-konferansen Molde,

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

STRATEGIPLAN. kortversjon v

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

Skodje kommune Teknisk avdeling

Ny PBL regionale planstyresmakter si rolle og ansvar i arealplanlegginga

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Ny regionkommune HØNSSHUSSGÅSS

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Handlingsprogram Høyringsperiode 1. april 30. juni Regional plan for vassforvaltning Foto: Merete Farstad

INTERNASJONAL STRATEGI

Radøy kommune Saksframlegg

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Fylkesmannen si rolle i kommunale plansaker - med søkelys på plansamordning hos FMMR

Trondheim, mai 2019

Planutvalet, 27. november 2013

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

Handlingsprogram for Regional plan for vassforvaltning Hordaland vassregion

HANDLINGSPROGRAM

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

Skodje kommune Teknisk avdeling

Regional planstrategi - RPS

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Høyringsinnspel til Fylkesplan

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Planutvalet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: Tid: 12:00

Kommunal planstrategi. Tilrådd av formannskapet den 27/ , sak 97/16. Øystre Slidre rein naturglede!

Kommuneplan Samfunnsdel

Hvordan skape meir folkehelse?

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Ole Aasaaren Regionsjef

Skodje kommune Teknisk avdeling

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

BARN OG UNGE I PLANSAKER

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Jølster kommune Saksutgreiing

Samfunnsutvikling planlegging, samferdsel, Samferdselskonferanse Fylkesplansjef Ole Helge Haugen

HANDLINGSPROGRAM

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Handlingsprogram

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,

Strategi Forord

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Innkalling til møte i Hordaland Vassregionutval fredag 24. april 2015

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Kvam herad. Sakspapir

Saksnr Utval Møtedato KO 73/18 Kontrollutvalet Fylkestinget

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

LUK frå stunt til varig arbeidsform

Transkript:

Saksbehandlar, FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL innvalstelefon Samordnar Sveinung Dimmen, 71 25 84 20 Vår dato Vår ref. 30.09.2016 2016/332915VD1/421.2 Dykkar dato Dykkar ref. Møre og Romsdal fylkeskommune Postboks 2500 6404 MOLDE Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesplan 2017-2020 - svar til høyring. Generelt Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i møte 27.06.2016 gjort vedtak om å legge forslag til Fylkesplan 2017 2020 ut til høyring. I Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016 2020 har fylkestinget prioritert å ha ein overordna strategisk plan for den regionale samfunnsutviklinga. Fylkesplanarbeidet har vore lagt opp som ein open og brei planprosess med medverknad frå ei rekke ulike samfunnsaktørar. Fylkesmannen har deltatt i samband med dette, og kome med innspel under vegs. Vi viser elles til tidlegare merknader i vårt høyringsbrev i samband med Regional planstrategi. Dette er merknader som i stor grad også vil gi viktige rammer og føringar for arbeidet med Fylkesplanen. Fylkeskommunen har i sitt oversendingsbrev av 30.06.2016 peika på at høyringspartane i sine uttalar m.a. tar stilling til følgjande spørsmål: Korleis er dine/dykkar interesser/fagfelt teke i vare? Er du einig i val av overordna prioriteringar? Kva kan vere aktuelle samarbeidsprosjekt i fylket på desse områda? Er du einig i val av hovudmål på dei tre innsatsområda? Er du eining i val av gjennomgåande perspektiv? Er oppbygginga av planen forståeleg? Ha du andre innspel til innhald, prosess eller gjennomføring? Struktur og innhald Utkast til Fylkesplan 2017 2020 er innhaldsmessig strukturert rundt tre overordna perspektiv, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv. Dokumentet har ei logisk, oversiktleg og ryddig oppbygging, delt inn i åtte hovudkapittel. I slutten av kvart hovudkapittel er det vist til utfyllande kjelder til kunnskap gjennom aktuelle referansar og lenker. Kapittel 1 peikar på viktige regionale og nasjonale utviklingstrekk og utfordringar som bakteppe for arbeidet med fylkesplanen. Endring og omstilling knytt til ulike samfunnsområde vil sette sitt preg på regionalt plan- og utviklingsarbeid i åra framover. Fylkesmannen I Møre og Romsdal Postboks 2520 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmr ostmottak f Ikesmannen.no Organisasjonsnr: 974 764 067

side 2 av 6 Arbeidet med regionreforma vil her kunne resultere i både nye regionale oppgåver og nye geografiske inndelingar frå 2020. Kapittel 2 rettar søkelyset mot rammer og retningslinjer for planarbeidet. Dette omfattar m.a. koplingar til regional planstrategi, referansar til kunnskapsgrunnlag og planprosess, samt presentasjon av ei prinsippskisse med illustrasjon av samanhengen mellom overordna prioriteringar, gjennomgåande perspektiv og utvalde innsatsområde. I følgje Regional planstrategi skal regional delplan for folkehelse vidareførast. Delplanen gir føringar for det samla arbeidet med folkehelse, og tema blir i så måte ivaretatt i det regionale plansystemet. I arbeidet med handlingsprogram for Regional delplan for folkehelse deltar Fylkesmannen både med tema og oppfølging av handlingsprogrammet. Kapittel 3 gjer nærare greie for dei overordna prioriteringane i planen: Integrering Omstilling Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar For kvart av dei tre prioriteringsområda er det formulert forslag til aktuelle utfordringar og oppgåver som utgangspunkt for samarbeid mellom fylkeskommunen og andre regionale aktørar. Fylkesmannen vil også her vere ein naturleg samarbeidspart. Kapittel 4 gjer nærare greie for tre gjennomgåande perspektiv knytt til Klima og miljø Barn og unge Likestilling og inkludering Dei gjennomgåande perspektiva har som mål å styrke viktige nasjonale samfunnsomsyn med vekt på heilskaplege og tverrfaglege tilnærmingar. Referanse til både Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og til Regional planstrategi blir her understreka. Kapittel 4 7 omfattar ein nærare presentasjon og drøfting av hovudinnsatsområda i planen: Kultur Kompetanse og verdiskaping Samferdsel Til kvart av dei tre hovudinnsatsområda er det formulert 5 7 hovudmål. Desse hovudmåla skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Det er lagt opp til ei årleg rullering av desse. Kapittel 8 inneheld ein omtale av vidare gjennomføring og oppfølging av fylkesplanen gjennom ulike partnarskap- og samarbeidnettverk mellom fylkeskommunen og andre samfunnsaktørar. Dette vil m.a. kunne omfatte oppgåver i samband med vidare arbeid med handlingsprogram knytt til dei ulike hovudmnsatsområda i planen, samt vidare oppfølging knytt til evaluering og revisjon av overordna prioriteringar og gjennomgåande perspektiv.

side 3 av 6 Merknader knytt til aktuelle tema og innsatsområde I forhold til arbeidet med regional planlegging har Fylkesmannen ei viktig rolle både som sektorpolitisk organ for å ivareta den enkelte fagsektor sine interesser i planarbeidet, og som samordningsinstans for samordning av statens interesser for å ivareta heilskaplege vurderingar på tvers av sektorar. Ei viktig oppgåve for Fylkesmannen er å sjå til at nasjonale forventningar blir ivaretatt i prioritering av tema. Det vil også vere aktuelt for Fylkesmannen å delta i fylkeskommunen sitt arbeid med etablering av arenaer for vidare oppfølging av fylkesplanarbeidet. Dette omfattar m.a. oppfølging knytt til handlingsprogram for kvart av dei tre hovudinnsatsområda i planen, men er også aktuelt i arbeidet med revisjon av fylkesplanen, regionale delplanar, eller andre planrelaterte oppgåver. Fylkesmanen vil her gjennom si samordnarrolle også kunne medverke til at statlege etatar følgjer opp sitt gjennomføringsansvar i forhold til regionale og kommunale planar med tilhøyrande handlingsprogram. Vi viser her m.a. til forsøksordninga med statleg samordning av motsegn knytt til kommunale planar. Med referanse til kapittelinndelinga i planstrategidokumentet har Fylkesmannen følgjande merknader knytt til våre ansvarsområde: Vedk kap. 3 Overordna prioriteringar Vi har prøvd å sjå dei overordna prioriteringane i samanheng med dei tre innsatsområda. Innan prioriteringsområda Omstilling og Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar finn vi desse igjen i omtalen og i hovudmåla knytt til desse. Når det gjeld prioriteringsområde Integrering er dette ikkje på tilsvarande vis tatt med i nærare omtale og hovudmål. Det vil vere naturleg å omtale/ ha mål som inkluderer integrering både i innsatsområda Kultur og Kompetanse og verdiskaping. Innsatsområda har hovudmål som skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Slik det no er framstilt kan det sjå ut som integrering skal vere på sida av innsatsområda og ikkje tenkt inkludert i handlingsprogrammet. Vedk. kap. 4 Gjennomgåande perspektiv Klima og miljø Fylkeskommunen sitt arbeid med klima og miljø blir mellom anna følgt opp gjennom handlingsprogrammet til Regional delplan for klima og energi. I samband med dette arbeidet er det nedsett ei tverrfagleg arbeidsgruppe som følgjer opp iverksetjing av handlingsprogrammet, der også representantar frå fylkesmannen deltek. Vi ynskjer å halde fram med å vere ein støttespelar i dette arbeidet, og ser fram til vidare samarbeid. Vi ser det som eit godt grep at klima og miljø er teke inn som eit av tre gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen, då dette løftar spørsmålet opp på eit meir overordna nivå. Dette legg til rette for at klima og miljø ikkje blir avgrensa til å vere eit snevert sektoransvar, men at heile organisasjonen si verksemd blir sett i lys av verknader på klima og miljø. Fylkeskommunen har mange roller, til dømes i form av myndigheit, rådgivar og samordnar overfor kommunane, tenesteytar, eigedomsforvaltar og kjøpar av varer og tenester. Dette

side 4 av 6 gir eit stort mogelegheitsrom for å kunne styre samfunnsutviklinga i «grøn» retning. Samstundes kan det oppstå målkonfliktar, der ein må vege ulike samfunnsomsyn opp mot kvarandre. Her bør innverknad på klima og miljø vektleggjast i vurderinga. Til dømes kan dette gjelde avgjerder om lokalisering av vidaregåande skular eller andre besøksintensive institusjonar som vil kunne generere transportbehov. For rettleiing innan kommunalt miljø- og klimaarbeid viser vi til nettstaden Miljøkommune.no. På nettstaden er det mellom anna informasjon om den nye statlege støtteordninga Klimasats, der kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar til klimatiltak. Barn og unge Fylkeskommunen har valt å føre vidare Barn og unge som eitt av tre gjennomgåande perspektiv. Denne prioriteringa støtter Fylkesmannen. Fylkesmannen har satsinga Betre oppvekst og i samband med den har fylkeskommunen og Fylkesmannen skrive under ein samarbeidsavtale knytt til barn og unge sine oppvekstvilkår. Avtalen definerer felles ønske om å arbeid med tiltak knytt til folkehelse, gjennomføring i vidaregåande skole, medverknad, og barn og unge i planarbeid. Utkast til Fylkesplan 2017-2020 viser til kunnskapsgrunnlaget utarbeidd for Regional planstrategi 2016-2020. Der blir det gjort greie for utviklingstrekk på 15 samfunnsområde. Fylkeskommunen har saman med Fylkesmannen i 2016 gitt ut rapporten BarneByks om barn og unges oppvekstvilkår i Møre og Romsdal. Saman med andre undersøkingar gir den eit enda betre kunnskapsgrunnlag om oppvekstvilkåra for barn og unge. Rapporten må også leggast til grunn for det vidare arbeidet med gjennomgåande perspektivet på barn og unge. Fleire av samfunnsomsyna i dei gjennomgåande perspektiva har eigne lover. Eigne særlover kan føre til at ein ikkje i tilstrekkeleg grad gjer heilskaplege vurderingar. Som eksempel på dette trekker Fylkesplanen fram folkehelseutfordringar. Dette stiller krav om breie tverrfaglege og tverrsektorielle løysingar. FNs barnekonvensjon har som mål å sjå heilskapleg på rettane til barn. Den fremmar samhandling til barnets beste og står over særlovene. Gjennom Barnekonvensjonen har vi forplikta oss til å bruke denne som rettsgrunnlag for alle handlingar som vedkjem barn. Den må også leggast til grunn for fylkesplanen. Vedk. kap. 6 Innsatsområde Kompetanse og verdiskaping Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke, særleg innanfor mjølk- og storfekjøttproduksjon. Dei siste åra har avverkinga av skog auka sterkt og her ligg det eit stort verdiskapingspotensiale i å foredle meir av tømmeret regionalt. Vedk. kap. 7 Innsatsområde samferdsel Det er ei nasjonal målsetjing å redusere bilbruken og få meir av trafikken over på kollektiv og sykkel/gange. Fylkeskommunen er ein viktig regional aktør med ansvar for kollektivtransport og ferjetrafikk, og som premissgivar for samordna areal- og transportplanlegging. Vi har ei forventning om at fylkeskommunen tek ei leiarrolle i dette arbeidet, der det vil vere spesielt viktig å ha eit godt samspel med kommunane.

side5 av 6 Vedk. kap. 8 Gjennomføring av fylkesplanen Fylkesmannen vil vere ein viktig medspelar i plan- og utviklingsarbeid på regionalt nivå, både som sektormyndigheit og som samordningsinstans. På fleire innsatsområda som er omtalt i utkastet til Fylkesplan 2017-2020 vil Fylkesmannen ha eit viktig sektoransvar. Fylkesmannen har deltatt under vegs i planprosessen, og vil også vidare i arbeidet med handlingsprogramdelen, samt i ulike typar regionale plan- og utviklingsprosjekt elles, vere ein naturleg samarbeidspart. Oppsummering Utkast til Fylkesplan 2017-2020 gir ein ryddig og oversiktleg gjennomgang og drøfting av viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar. Fylkesplanen er tett kopla til Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016 2020, vedtatt av fylkestinget i april 2016. Gjennom dette planarbeidet har Møre og Romsdal fylkeskommune lagt eit godt grunnlag for ein debatt rundt viktige prioriteringar og strategiske vegval. Fylkeskommunen som planstyresmakt og regional utviklingsaktør vil vere ein viktig pådrivar for å utnytte regionale og lokale fortrinn til regional utvikling ut frå overordna og langsiktige vurderingar og prioriteringar. Dette vil også inngå som ei viktig plattform for vidare planarbeid både på regionalt og kommunalt nivå. Fylkesmannen konkluderer med at: Planforslaget omfattar ein grundig og systematisk gjennomgang av status og utviklingstrekk knytt til regional planlegging og utvikling, og der regionale mål og tiltak på ulike samfunnsområde blir vurdert og nærare presentert i lys av tre overordna prioriteringar, tre gjennomgåande perspektiv og tre innsatsområde. Dette sikrar planen og planarbeidet ei solid tverrfagleg forankring, godt tilpassa nasjonale føringar. Fylkesmannen støttar val av overordna prioriteringar, hovudmål og gjennomgåande perspektiv. Det er lagt opp til ein open planprosess med brei deltaking frå ulike aktørar og interessegrupper. Fylkesmannen sine interesser er elles jamt over godt ivaretatt i planutkastet. I det vidare arbeidet med fylkesplanen, regionale delplanar og andre planrelaterte oppgåver er det viktig å bygge vidare på dette samarbeidet. Eit viktig vilkår for at regional planlegging skal skape initiativ og utvikling vil vere at aktørar som har ansvaret for gjennomføringa, deltek i utviklinga av og har eigarskap til strategiane og handlingsplanane. Tett samarbeid og samhandling med kommunar, regionale statlege organ, institusjonar og organisasjonar vil her vere ein viktig føresetnad for å sjå utviklingtrekk og utfordringar i fylket på tvers av kommunegrenser, forvaltningsnivå og sektorar. Arbeidet med det pågåande regionog kommunereformarbeidet står her sentralt. Natur, miljøvern, friluftsliv, folkehelse, oppvekst og utdanning, landbruk og jordvern, er eksempel på temaområde som med utgangspunkt i Fylkesmannen sine ansvarsområde vil kunne følgjast vidare opp gjennom ulike typar samarbeidstiltak.

side 6 av 6 Med helsing Rigmor Brøste (e.f.) Sveinung Dimmen As. Fylkesmann Samordnar Dokumentet er elektronisk godkjent og hor ingen signatur. Kopi: Kystverket Midt-Norge Postboks 1502 6025 ÅLESUND NVE Region Vest Postboks 53 6801 FØRDE Mattilsynet Postboks 383 2383 BRUMUNDDAL Direktoratet for mineralforvaltning postboks 3021 7441 TRONDHEIM Fiskeridirektoratet regin Møre og Romsdal Postboks 185 5804 BERGEN Statens vegvesen region Midt postboks 2525 6404 MOLDE