OVERVASSNORM FOR KOMMUNANE; Gaular, Fjaler, Førde, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Solund Juni 2014
Samandrag Målsettinga med denne norma er å bevisstgjere kommunale- og private utbyggarar om overvassproblematikk og overvasshandtering etter moderne idear om berekraftige prinsipp. Overvassnorma er bygd opp slik at den også er ein rettleiar i forhold til kva dokumentasjon kommunane forventar å motta i samband med tiltak som kan ha innverknad på opne eller lukka overvassystem. Hovudprinsippet som er lagt til grunn er at overvatn i størst mogleg grad skal takast hand om lokalt, gjennom infiltrasjon eller liknande løysing, slik at vassbalansen vert oppretthalden tilnærma lik naturtilstanden. Ein skal også søke etter å gjere overvatn til eit positivt element til glede for innbyggarane i nærmiljøet, i form av å gjere vatnet synleg og tilgjengeleg. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 2 av 9
Innhaldsliste 1. Innleiing... 4 2. Overvasshandtering... 4 2.1 Hovudprinsipp for overvasshandtering... 4 2.2 Lokal overvasshandtering... 5 2.3 Tilkopling til offentleg leidningsnett... 5 2.4 Bekkelukking... 5 3. Nedbør og klimaendringar... 6 3.1 Dimensjonerande nedbør... 6 3.2 Gjentaksintervall... 6 3.3 Tryggleik mot flaum og stormflo... 6 4. Berekningsmetodar... 7 4.1 Rasjonell metode... 7 4.2 Databaserte avrenningsmodellar... 7 5. Godkjenning av overvassløysing... 8 5.1 VA-rammeplan i tilknyting til reguleringsplan... 8 5.2 Godkjenning av VA-planar i tilknyting til rammesøknad når VA-rammeplan ikkje ligg føre i reguleringsplan... 8 5.3 Godkjenning av planar i samband med løyve til igongsetjing... 9 5.4 Krav til sluttdokumentasjon for VA-anlegg... 9 Vedlegg Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 3 av 9
1. Innleiing Målsettinga med denne norma er å bevisstgjere kommunale og private utbyggarar om overvassproblematikk og overvasshandtering etter moderne idear om berekraftige prinsipp. Rettleiaren skal: Vere eit hjelpemiddel for kommunal arealplanlegging Synleggjere kvar i prosessen det er størst moglegheit for påverknad, med omsyn på løysingsval Skildre prinsipielle tekniske løysingar Grunnlaget for god overvasshandtering vert lagt ved arealplanlegging gjennom ein heilskapleg prosess der alle relevante etatar er involverte. 2. Overvasshandtering 2.1 Hovudprinsipp for overvasshandtering Kommunane har leidningsanlegg både som fellessystem og separatsystem. I fellessystem går både spillvatn (sanitært avløpsvatn) og overvatn (regnvatn, smeltevatn) i same system. For å møte framtida på ein berekraftig måte, vil ein legge lokal overvasshandtering (LOH) til grunn. Figur1. Leidningssystem for avløp og overvatn. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 4 av 9
2.2 Lokal overvasshandtering I busette områder skal overvatn i størst mogleg grad takast hand om lokalt. Ved å bruke infiltrasjon eller liknande løysing skal ein å oppretthalde vassbalansen tilnærma lik naturtilstanden. Ein skal også søke etter å gjere overvatn til eit positivt element til glede for innbyggarane i nærmiljøet, i form av å gjere vatnet synleg og tilgjengeleg. Figur 2. Avrenningssituasjonar før og etter utbygging ved tradisjonell overvasshandtering Dersom lokale løysingar ikkje kan brukast, kan ein inngå avtale med kommunen om påslepp av ein avgrensa overvassmengde til det kommunale leidningsnettet. 2.3 Tilkopling til offentleg leidningsnett I utgangspunktet kan ein ikkje rekne med å få løyve til å knyte overvatn til offentleg nett. Etter søknad kan kommunen godkjenne at overløp frå fordrøyingsmagasin vert ført til offentleg nett. 2.4 Bekkelukking Lukking av bekkar eller forlenging av slike lukkingar er ikkje tillate. I samband med tiltak i tilknyting til tidlegare bekkelukkingar skal gjenopning vurderast. Utgreiing om forholdet skal framgå av søknaden. Dersom tiltaket kjem i konflikt med eksisterande bekkar/elvar skal desse leggast om i opne trasèar. Bekkar/elvar kan leggast i rør/kanal ved kryssing av veg eller annan infrastruktur. Det må då dokumenterast (med detaljplanar og dimensjoneringsgrunnlag) at tiltaket ikkje får konsekvensar for overvasshandtering/flomvegar i det aktuelle planområdet eller for nedbørsfeltet opp- eller nedstrøms. Tiltak som medfører endring på eksisterande bekkar/elvar skal godkjennast av kommunen/nve i kvart enkelt tilfelle. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 5 av 9
3. Nedbør og klimaendringar 3.1 Dimensjonerande nedbør Det eksisterer IVF-kurver berre for eit fåtall kommunar. Etter tilråding frå Meteorologisk Institutt skal IVF-kurva for stasjon 58700 OPPSTRYN for berekningar i Nordfjordkommunane. Vedlegg 1. IVF-kurve for 58700 OPPSTRYN og avrenningskoeffisientar 3.2 Gjentaksintervall Dimensjonerande regnskyllhyppigheit (1 i løpet av "n" år)* Plassering Dimensjonerande oversvømmelseshyppigheit (1 i løpet av "n" år)** 1 i løpet av 1 Landbruksområde 1 i løpet av 10 1 i løpet av 2 Bustadområde 1 i løpet av 20 1 i løpet av 2 1 i løpet av 5 Bysenter/industriområder/forretningsstrøk - med oversvømmelseskontroll - uten oversvømmelseskontroll 1 i løpet av 30 1 i løpet av 10 Undergrunnsbaner/undergangar 1 i løpet av 50 * Leidningsnettet skal berre fyllast til topp rør ved dimensjonerande regn. ** Nivå for oversvømmelse skal normalt reknast til marknivå eller kjellarnivå. Tabell 1. Dimensjonerande regnskyllhyppigheiter ifølge Norsk standard NS-EN 752 1997. 3.3 Tryggleik mot flaum og stormflo I samsvar med «TEK10 7-2 Sikkerhet mot flom og stormflo» skal byggverk ikkje plasserast i flaumutsatt område der konsekvensen av ein flaum er særleg stor. For byggverk i flaumutsett område skal tryggleiksklasse for flaum fastsetjast Sikkerhetsklasse for flom Konsekvens F1 liten 1/20 F2 middels 1/200 F3 stor 1/1000 Tabell 2: Tryggleiksklasser for byggverk i flaumutsett område Største nominelle årlige sannsynlighet Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 6 av 9
4. Berekningsmetodar For felt mindre enn 20 hektar (ha) kan det nyttast manuelle berekningsmetodar ved dimensjonering av overvassystem. For komplekse felt og felt med areal større enn 20 ha skal det alltid nyttast databaserte simuleringsverkty ved dimensjonering av overvassmengder. 4.1 Rasjonell metode Ved planlegging og prosjektering av anlegg skal ein alltid vurdere risikoen for, og konsekvens av, hendingar som overstig dimensjonerande avrenning. For relativt små og enkle nedbørsfelt kan overvassmengda bereknast ved bruk av den rasjonelle metode. I denne norma er det valt ei øvre grense på 50 ha for bruk av den rasjonelle metode. Dersom feltet/felta har uregelmessig utforming og/eller vesentleg ulike konsentrasjonstider eller avrenningskoeffisientar, må bruk av alternative metodar vurderast (tid-areal metoden, summasjonskurvemetoden). Den rasjonelle formel: Q = φ i A Q = Overvassavrenning frå feltet [l/s] Φ : avrenningskoeffisienten i : nedbørsintensitet (frå IVF-kurve) [l/s ha] A : areal for nedbørsfeltet [ha] (1 ha = 10 000 m²) Vedlegg 1. IVF-kurve for 58700 OPPSTRYN og avrenningskoeffisientar. Den rasjonelle formelen eignar seg best ved dimensjonering i små, urbane felt der arealet er mindre enn 20 50 ha. 4.2 Databaserte avrenningsmodellar For større områder (større enn 20 50 ha) skal det i kvart tilfelle vurderast om EDB-baserte avrenningsmodellar (SVMM, MOUSE etc.) bør nyttast på grunn av spesielle forhold, kompliserte nedbørsfelt eller der konsekvensane ved feildimensjonering kan vere store. For nedbørsfelt (A >50 ha) skal hydrauliske EDB-baserte avrenningsmodellar (SWMM, MOUSE etc.) nyttast. Dimensjoneringsmetode må avklarast i tidleg planfase gjennom kontakt med kommunen tenester i samband med planhandsaming/førehandskonferanse. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 7 av 9
5. Godkjenning av overvassløysing Det blir generelt vist til punkta 3.6, 3,7, 3,8 og 3,9 i VA Norma. Dersom det skulle vere krav i denne overvassnorma som er i strid med VA Norma, må dette takast opp med VA ansvarleg i kommunen for avklaring. 5.1 VA-rammeplan i tilknyting til reguleringsplan VA-rammeplan for reguleringsområdet skal vere godkjent av kommunen før reguleringsplanen kan sendast inn til 2. gongs handsaming. VA-rammeplanen skal vere ei skriftleg utgreiing for eksisterande og planlagt situasjon. Som vedlegg til den skriftlege utgreiinga skal følgjande dokument leggast ved: 1. Situasjonsplan 2. Planlagt belastning avløp i personekvivalentar (pe berekna etter NS9426) 3. Berekning for overvasshandtering Følgjande punkt må vere dokumentert i ein VA- rammeplan: 1. Eksisterande og planlagde VA-system, inkl. tilknytingspunkt til eksisterande anlegg. Ved større planområder med fleire delfelt skal planen også vise tilknytingspunkt til planlagt nytt hovudleidningsanlegg, samt planlagt overvasshandtering for det enkelte delfelt. 2. Nedbørfeltet, eksisterande avrenningsmønster og planlagde endringar, lokalisering av areal for overvasstiltak, flaumsoner og flaumvegar, vurdering av forureiningsnivået i overvatn, vurdering av resipient og krav til vasskvalitet, vurdering av moglegheit for reetablering/opning av lukka vassvegar (naturlege vassvegar som bekkar etc.) og skildring av konsekvensane for nedanforliggande område. 3. Vass- og avløpssituasjon for eksisterande bygningar innanfor planområdet, inkl. private system. 4. Lokalisering av planlagde tekniske VA- anlegg som til dømes; hovudleidningsnett, pumpestasjonar, trykkaukeanlegg, reinseanlegg, uttak for sløkkevatn, høgdebasseng, reinsedammar, infiltrasjonsareal, fordrøyingssystem, etc. 5. Skildring av både eksisterande og planlagde tekniske løysingar, inkl. trong til sløkkevatn. 6. Dimensjoneringsgrunnlag og planlagt belastning (pe). 7. Dimensjonering av systemet for overvatn. VA-rammeplanen skal leggast til grunn for vidare detaljprosjektering. 5.2 Godkjenning av VA-planar i tilknyting til rammesøknad når VA-rammeplan ikkje ligg føre i reguleringsplan I eldre reguleringsplanar er det ikkje alltid stilt krav til VA-rammeplan. Dersom utbygging skal skje som følgje av slike planar eller i uregulert område, skal det ved rammesøknad for tiltak leggast ved følgande dokumentasjon: 1. Berekningar (på heile nedbørsfeltet) som viser av avrenninga ikkje auka etter tiltaket og at tiltaket ikkje fører til negative konsekvensar i nedbørsfeltet, samt naudsynte fordrøyingsvolum (m³). Klimafaktor på 30 % skal inngå i berekninga. 2. Detaljplanar for overvasshandtering og fordrøyingsmagasin (plan og snitt). 3. Høgder, dimensjonar og fall etc. skal framgå av planane. 4. Flaumvegar skal framgå av planen. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 8 av 9
5. Vurdering av moglegheit for opning av bekkar. 6. For større private overvassanlegg (fordrøyingsmagasin) skal det utarbeidast ein drift- og vedlikehaldsinstruks som skal leggjast ved sluttdokumentasjonen. 5.3 Godkjenning av planar i samband med løyve til igongsetjing 1. Situasjonsplan (M=1:250 / 1:500) med innteikna leidningstrasé frå tilknytingspunkt på offentleg leidning heilt fram til veggliv. 2. Eksisterande fellesleidningar fram til offentleg VA-nett. 3. Eksisterande leidningar som må leggast om. 4. Leidningar som vert satt ut av drift. 5. Plassering av stakekummar og stoppekran. 6. Lengdeprofil for fellesleidningar. Naudsynte erklæringar (signert av alle rettmessige eigarar) for: 1. Rett til tilknyting til privat VA-anlegg 2. Felles drift- og vedlikehaldsplikt for private leidningar 3. Rett til å legge / ha liggande leidningar over annan eigedom 5.4 Krav til sluttdokumentasjon for VA-anlegg Utførande føretak skal sørgje for å sende inn sluttdokumentasjon som viser plasseringa av tiltaket, så snart tiltaket er ferdig. Sluttdokumentasjonen frå utførande skal omfatte følgjande; 1. Opplysning om saksnummer for byggesaka 2. Opplysningar om tilknytingsdato 3. Underretning om plassering av tiltaket og tilknytingspunkt til offentleg overvassnett. Dette kan skje på to måtar: a) Innmålte koordinatverdiar eller b) Korrekt innteikning (kryssmålt med måleband) på VA-leidningskart. Ved koordinatinnmåling skal data leverast i digitalt SOSI-format, saman med planog profilteikning (som bygd) og koordinatliste. Skriv gjerne utfyllande kommentarar. 4. Drift- og vedlikehaldsinstruks for større private overvassanlegg (fordrøyingsmagasin) NB! Ein kan ikkje rekne med å få midlertidig bruksløyve /ferdigattest frå bygningsmynde før komplett sluttdokumentasjon for VA-anlegget er godkjent. Overvassnorm juni 2014 Feil! Fant ikke referansekilden. Side 9 av 9